Ivar Teigum: Embetsmenn og allmuge i Sundeskrivaren Henrik Jacobsen Smidt si tid i Nord- Gudbrandsdalen ei skisse



Like dokumenter
Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Setring ved Håbakkselet Hareid

Forslag frå fylkesrådmannen

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Samansette tekster og Sjanger og stil

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Brødsbrytelsen - Nattverden

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Velkomen til Mork barnehage

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til deg som bur i fosterheim år

Kva er økologisk matproduksjon?

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

14/2011. Embetsfolk og allmuge i Vågå NOTAT. Ivar Teigum

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Notat om historie og kulturlandskap

Tilgangskontroll i arbeidslivet

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

«Ny Giv» med gjetarhund

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

G A M A L E N G K U L T U R

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Brukarrettleiing E-post lesar

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Vurdering av allianse og alternativ

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kvalitetsplan mot mobbing

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Kulturhistoriske registreringar

Andel i sameige/sams jakt

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Teknikk og konsentrasjon viktigast

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Krav om tiltak til jervforvaltninga i Oppland 2015 fram til ny beitesesong

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Transkript:

SHP, Høgskulen i Volda: Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn. Prosjektseminar 3. 4. september 2008 Ivar Teigum: Embetsmenn og allmuge i Sundeskrivaren Henrik Jacobsen Smidt si tid i Nord- Gudbrandsdalen ei skisse Innleiing Området i austenden av det lange Vågåvatnet utgjorde fram til slutten av 1800-talet den sentrale delen av Vågå prestegjeld med anneksa Sel og Heidal. Sundbrua som kryssar elva Otta på denne staden skriv seg truleg frå mellomalderen. I 1627 var alle gardane i hovudsoknet kalla saman for å reparere kvar sine av dei 22 bolkane som utgjorde brua på denne tida. På nordsida av dalen ligg gamle gardar i rekkje og rad med Sandbu, tidlegare Sundbu, Blessom og Håkåstad som dei mest kjende. Frå nord kjem også elva Finna frå Finndalen og har danna ei stor vifte framunder berget som i eldre tid vart kalla Jutulberget og seinare Prestberget på grunn av prestgarden Ullinsvin som breier seg på moane nedunder. Vestover bak berget ligg Nordherad der Kvarberg, Valbjør og Viste er sentrale gardnamn. Ved vestenden av Sundbrua ligg garden Sunde som i to generasjonar omkring 1700 var sete for sorenskrivaren i Nord-Gudbrandsdalen. Kommunikasjonsmessig var dette også eit sentrum i distriktet. Eitt var Vågåvatnet og elva vidare nedover Ottadalen. Vassdraget batt saman bygdene Vågå, Lom og Skjåk. På nordsida av dalen gjekk vegar om Rustdalen til Sel, over Jettfjellet til Dovre, og om Slådalen til Lesja og Romsdalen. Dei beste områda for jakt, fiske og setring låg på sørsida av dalen mot Sjodalen og Valdres. Der hadde dei fleste av dei større gardane setrene sine på 1600-talet. Gardane i Nordherad og i Finntryu hadde med det ærend til å halde ved like Sundbrua til kvar tid. På moen under prestgarden låg ein marknadsplass der det mellom anna vart omsett fjordingshestar. Etter reformasjonen var det tre kyrkjer i prestegjeldet, hovudkyrkja ved prestgarden, kyrkja på Sel, og kyrkja i Heidal. Vågåpresten var elles ein stor jordeigar. Med unntak for tjue år frå 1700 var sokneprestane bundne saman gjennom slektskap og giftarmål ca 1660-1730-åra. Skrivaren, som budde på Sunde i tidsromet 1665-1719, hadde som sitt embetsområde Vågå med anneksa, Lom med annekset Nordherad (Skjåk), Lesja med anneksa Dovre og Folldal, og Fron. Det waageske Compagnie var etablert omkring 1660. Fleire gardar var nytta som offisersgardar, som alle låg sentralt til i det same området som dei andre embetsgardane. Lokal historie og lokal tradisjonsformidling Som forfattar av bygdeboka for Vågå og Sel har eg vore oppteken med kulturhistoria i dette landskapsromet gjennom tidbolkane frå den faste busetnaden vart etablert og framover mot vår eiga tid. Gjennom arbeidet med kjelder av ulike slag har eg prøvd å setja meg inn i skiftande fysiske og sosiale vilkår i dette romet. I kvar tidbolk har det vore utkrystallisert grupper og namngjevne einskildpersonar. Mange av dei har vore heimehøyrande i ulike sosiale lag, andre har vore nykomarar. Gjennom sin skriftkultur har embetsmennene skilt seg ut. Men stundom har jamvel husmenn og eigedomslause kome til orde gjennom skrift. Svært viktig under arbeidet mitt ar vore relasjonane mellom dei ulike gruppene, samspel og motsetnader 1

Det store verket Gudbrandsdalens kulturhistorie var skrive av vagværen og folkeminnegranskaren Ivar Kleiven i åra 1912-32. Best kjend er likevel boka I gamle daagaa frå 1908. Etter mønster frå den økonomisk-topografiske tradisjonen legg han der fram historiske emne og folkeminne i hovudsak samla i det gamle Vågå prestegjeld. Ivar Kleiven var forteljar. Slik det gjerne har vore med lokalhistoriske skrifter og årbøker også framover mot vår eiga tid, var han mest oppteken av einskildpersonar i ein slektssamanheng og hendingar i folkeminnet. I mindre grad finn lesaren referansar og drøfting av skriftleg og dokumentert kjeldemateriale. I framstillinga veg omsynet til sosial konsensus i ettertid tungt. Konfliktdrøftingar er merkte av omsynet til sambygdingar sitt gode namn og rykte. I skriftstykket som følgjer, skal vi møte ein bygselmann og ein husmann omkring 1700, ein nytilsett sokneprest, ein andre generasjons sorenskrivar, og indirekte, representantar for ein veletablert embetsmannsfamilie. Saka vi skal gå inn på, gjeld juridiske forhold i ein tidleg fase av husmannstida sett opp imot presteskapet sine embetsrettar. I den lokalhistoriske tradisjonen frå Ivar Kleiven har den styrtrike sorenskrivaren vore omfamna medan den nytilsette presten som sat i kallet dei same tjue åra og var mykje upopulær i samtida, har vorte heilt gløymd. Den krye prestefruga til forgjengaren i tre år, og som var ei medverkande årsak til prestebytet, derimot, har fleire interessert seg for. Gjennom saka til dei to bygslarane får vi eit innblikk ikkje berre i forholdet mellom prest og skrivar innanfor ein lokal kontekst, men også i konfliktliner vidare oppover i det dansk-norske byråkratiet. Framstilinga om presten, skrivaren og dei to bygslarane er identisk med ein liten artikkel skriven for ei jubileumsbok som Statsarkivet i Hamar er i ferd med å gje ut. Primærkjelder så langt hat vore tingboka for Gudbrandsdalen og ein del dokument i statthaldararkivet. Til ein viss grad har eg nytta referansar i Norske kongebrev. Førebels har eg ikkje hatt høve til å gå inn i nokre aktuelle originaldokument som det blir vist til der. Eg har også eit sekundært forhold til fleire skifte som kan kaste lys over økonomiske relasjonar. Den siste delen av dette stykket skisserer eit vidare emne som gjeld forholdet mellom bøndene og dei same embetsmennene der det er ein god del kjelder å studere. Jakop Helgesson og Eiliv Einarssons saker Jakop Helgesson og Eiliv Einarsson leigde kvar sin plass under prestgarden i Vågå. Ein laurdag sommaren 1705 kom prestens tenestekarar med fem plogar og øydela åkeren på det eine bruket. Måndagen over helga kom dei til det andre bruket og gjorde det same der. Dette var ei utkasting. Eiliv hadde kone og fem mindreårige barn, Jakop hadde også familie og hadde gjeve rom for leigebuarar utan å spørja jorddrotten. Den same hausten sende dei to mennene klagebrev til kongen for handlinga til presten, og det var ikkje første gongen. Men kva hadde hendt som gjorde dei huslause på ein slik drastisk måte? Av klagemålet som Jakop og Eiliv sende til statthaldaren i oktober 1705, låg det ei historie om motgang og strev. 1 Far til Jakop hadde fått lov til å rydde ein plass i utmarka av presten Fredrik Glostrup, som tente i kallet i åra 1643-67. 2 Tømmer til husbygging hadde han henta i allmenninga. Da faren var død, hadde mora teke ein annan mann inn i huset. 3 Dermed måtte ho betale ny bygselavgift til den neste presten. Jakop hadde ein eldre bror, som var soldat. Etter mora hadde broren teke over plassen, men han døydde etter stutt tid. Jakop tok da over, og hadde betalt bygselpengar til Frederik Grüner, prest i Vågå 1697-1700. Til saman var det betalt 47 riksdaler i bygselavgift og 1 riksdalar i årleg leige sidan på 1660-talet. Som brukar på plassen hadde Jakop ansvaret for den gamle og sjuke mor si og ei helselaus søster. Frå den tida far til Jakop Helgesson fekk bygsle plassen Kvea på 1660-talet, var prestekallet i Vågå prestegjeld forvalta av fem ulike prestar. Problemet for bygselmennene kom med den 2

siste, Wilhelm Dop. Om førstegongsavgifta var dryg for kvar brukar, levde dei i alle fall i den trua at dei kunne sitja trygt på plassen livet ut. Men da Herr Wilhelm kom i kallet i året 1700, ville han ha alle dei sju eller åtte plassane under prestgarden rydda og husmennene, som han kalla dei, fjerna. Det første klagebrevet frå Jakop Helgesson vart behandla av visestatthaldaren alt den 25. januar 1701. Derifrå vart saka vist attende til futen i Gudbrandsdalen for å få bygselvilkåra og krava frå presten utgreidde. Det gjekk ikkje ein månad før eit langt brev frå Wilhelm Dop var visestatthaldaren i hende. Eit hovudargument for å få igjennom viljen sin fann presten i lovboka. Der heitte det at dersom ein prest hadde lidd skade med omsyn til bruksrettar eller på grunn av urett frå soknefolket, da var det ei plikt for kongens befalingsmann å koma han til forsvar. 4 Han såg på kvar frådelt rydningsplass som ei forringing av prestebolet, og meinte at kvar ny prest skulle stå fritt i forhold til disponeringa av eigedomen. Saka mot fem av husmennene til presten kom opp på bygdetinget i Vågå den 9. juli 1701. Dei hadde alle trudd at dei sat trygt, men var villige til å gje opp plassane sine ettersom presten hadde lova at dei skulle få bu og drive ut året. 5 Saka mot Jakop Helgesson derimot vart fastsett til den 16. august med synfaring på staden. Etter pålegget frå visestatthaldaren skulle futen vera til stades. Men han var oppteken i anna ærend, og dermed ville ikkje sorenskrivaren og lagretten sjølve seia dom i saka. I mellomtida hadde Eiliv Einarsson gjort felles sak med Jakop, og sende også eit klageskriv til visestatthaldaren. 6 Av presten Henning Munch hadde Eiliv fått tilvist ein unytta stad utanfor hagfella i 1692, som han sidan hadde rydda og bygt, og som han meinte at han hadde ei avtale for på levetida. Eiliv si sak kom opp på bygdetinget den 10. november. Nå var heller ikkje futen til stades, og det var det heller ikkje kome krav om. På tinget førde Eiliv fleire vitne som gjekk god for innsatsen hans i ti år med rydjing og bygging i utmarka under prestgarden. I ein freistnad på eit kompromiss gjorde sorenskrivaren framlegg om at Eiliv skulle gje opp plassen, men at han måtte få erstatning for arbeidet han hadde lagt ned, og for husa han hadde bygt. Men Herr Wilhelm var ubøyeleg, og stemnde saka inn for lagmannen i Christiania, Peter Blichfeldt, der han etter det som går fram, oppnådde støtte for synet sitt. Med tiggarstaven i hand denne vinteren gav Jakop Helgesson og Eiliv Einarsson seg i veg, først til Christiania, og dernest heilt til København. Med seg på attendeturen frå kongens by fekk dei eit brev til visestatthaldaren og biskopen dagsett den 29. april 1702. I hovudsak gav brevet støtte til domen på bygdetinget om erstatning for innsatsen på plassane. Dei to vagværane oppnådde ikkje å få møte visestatthaldaren i Christiania, men vart viste til lagmann Blichfeldt. Og han stod fast på vurderinga si til støtte for soknepresten. Det einaste dei oppnådde, var at Herr Wilhelm vart pålagd å møte i Christiania. Med dette bodet drog dei på heimveg. I klagebrevet hausten 1705 fortel dei om dette, og om presten som slett ikkje ville følgje med til Christiania, slik at dei på eiga hand enda ein gong måtte fara dit sommaren 1702. Presten let dei sidan bu på plassane sine medan han på si side gjorde eigne førebuingar. I april 1705 kunne presten vise til eit brev frå styresmaktene som han sa støtta hans syn, men som dei ikkje fekk framlagt. Dei to oppsitjarane under prestgarden prøvde da straks å få saka om plassane sine appellert til overhoffretten, og dermed sette presten i verk utkasting og fysisk øydelegging av åkrane. Den vidare lagnaden til Jakop Helgesson, Eiliv Einarsson og familiane deira kjenner vi ikkje. Presten Wilhelm Dop derimot vart verande i kallet til året 1721. Historia om desse utkastingane reiser fleire spørsmål. Eitt gjeld statusen til oppsitjarane under prestgarden som leiglendingar, bygslarar eller husmenn. Eit anna spørsmål gjeld forhold i embetsmannsmiljøet i Nord-Gudbrandsdalen, mellom nykomlingen og dei tidlegare prestane i Vågå, og mellom presten og sorenskrivaren. Desse spørsmåla vil vi sjå nærare på. Dei ulike 3

vurderingan hos visestatthaldaren og lagmannen, som faktisk sende to fattige vagværar først på den lange ferda til København og sidan ein ekstra tur til Christiania, let vi liggje her. Saka til Jakop Helgesson galdt eit bruk som var rydda og bygt i utmarka på 1660-talet, på den tida som den første lovfesta matrikkelen var i ferd med å bli utarbeidd. Bruket Kvea er ikkje med i matrikkelen frå 1666, men i svaret frå visestatthaldaren til Jakop i 1701 der futen blir beden om å gjera ei vurdering, kan det sjå ut som at skyldsetjing var eit mogleg utfall. I så fall ville Jakop ha status som leiglending under prestebolet med bygselpengar som ei einskildavgift og sidan ei årleg leige. Herr Wilhelm kalla alle oppsitjarane under prestebolet for husmenn, ein utrygg status på jorddrottens premissar, og utan eit sterkt rettsvern. Dette bøygde dei fleste seg for på tinget i juli 1701. Dei kan ha brukt jord på moane under hovudbølet. I Eiliv Einarsson sitt tilfelle var det tale om ei minneleg løysing med erstatning for utført innsats i på eit nyrydda bruk i utmarka. Men det var ikkje ei trygging på levetida tufta på den eingongsavgifta som bygselpengane frå 1692 representerte. Presten Wilhelm Dop Kven var så den hardhjerta nykomlingen til Vågå, Wilhelm Dop, og kva slag elite var det han møtte i det nye prestekallet? I Norske kongebrev møter vi Wilhelm Dop første gongen i 1666. 7 Som son av biskopen Olav Boeson hadde han studert teologi i utlandet i fem år, og hadde dei siste fem åra vore huskapellan hos soknepresten i Christiania. I fleire omgangar møter vi Dop ved ekspektansar der han blir forbigådd heilt til han dukkar opp som sokneprest i Løten i 1671. Der var han blant embetsmennene som klaga over ei forordning som hadde til føremål å hindre overgrep mot allmugen. Seinare kom han til prestekallet Hedrum i Larvik. I ein artikkel frå 1969 i Årbok for Gudbrandsdalen har bygdehistorikaren Martinus Høgåsen interessert seg for forgjengaren til Dop i Vågå, Fredrik Grüner, som forvalta kallet frå 1697. 8 Høgåsen har funne at kona til Grüner, Anna Hedvig Hausmann, var dotter til ein halvbror av Ulrik Fredrik Gyldenløve, generalen Kaspar Herman Hausmann. 9 Gyldenløve var mellom anna eigar av koparverket Fredriksgave, som låg i Vågå prestegjeld. Etter berre tre år kunne Grüner og familien hans flytte til prestekallet Hedrum, som låg nær Larvik der Gyldenløve hadde hovudresidensen sin i Norge. Den som måtte vike plassen ved dette høvet, var nettopp Wilhelm Dop, som slik vart vist frå det frodige greivskapet Larvik til ei fjellbygd langt inne i landet. 10 I så måte var han ein mann med årsak til forbitring. Embetseliten i Vågå I tiåra kring 1700 var Vågå sentrum for ein embetsmannselite med sterke lokale band gjennom gardoppkjøp, næringsverksemd og ekteskapsalliansar. Slik var det med prestane, offiserane og sorenskrivaren. Sentralt i denne krinsen stod Anna Glostrup, prestedotter, to gonger prestekone, og svigermor til ein prest. 11 Bestefaren var biskopen i Akershus stift, Niels Glostrup, faren var prest i Vågå i åra 1643-67. 12 Det var han som begynte med å utparsellere jord av prestebolet. Anna var gift med båe dei neste prestane i åra 1667-96, Eggert Stockfleth og Henning Munch, og ho var svigermor til presten som følgde etter Wilhelm Dopp i 1722. Ei dotterdotter var gift med bror til Henrik Smidt, sorenskrivar i Nord-Gudbrandsdalen og assessor i overhoffretten. Ein son til Anna Glostrup dekorerte delar av Vågåkyrkja på 1690- talet. Sjølv fekk ho bygt seg eit galleri så høgt oppe på kyrkjeveggen at ho sat jamnhøgt med presten når han stod på preikestolen. Som åttiåring i 1730 uttala ho seg med autoritet om forhold som galdt prestegarden og skrivargarden. Det var dette familiære byggverket som møtte den utstøytte presten frå Hedrum da han kom til Vågå i året 1700. Oppseiinga hans av oppsitjarane under prestebolet kan ein sjå på som eit åtak på den svakaste lekken under den lokalforankra sosiale pyramiden. 4

Henrik Jacobsen Smidt var sorenskrivar i Nord-Gudbrandsdalen i andre generasjon. Faren kom til Vågå på 1660-talet og slo seg til på garden Sunde. 13 Da Henrik Smidt døydde i 1719, var han ein av dei rikaste menn i Gudbrandsdalen med mange gardar og stor hestavl. Skiftet etter han omfattar seks sider i skifteprotokollen. 14 Bygdehistorikaren Ivar Kleiven kallar Henrik Smidt for Sund-skrivaren og framstiller han som ein legende i det lokale minnet. Bildet han teiknar av skrivaren ser ut til å vera tufta på opplysningane i skifteprotokollen. Breva frå Jakop Helgesson og Eiliv Einarsson er utforma av ein som både var skrivekyndig og kjend med dei ulike offentlege forvaltningsnivåa. Det går fram at skrivaren har hjelpt dei liksom det var han som formulerte kompromisset som Wilhelm Dop nekta å godta i 1701. 15 Ikkje lenge etter at sakene til Jacob Helgeson og Eiliv Einarson hadde vore oppe på bygdetinget i Vågå, sende sorenskrivaren eit brev til visestatthaldaren der han klaga på framferda til presten. Og her var det ikkje berre eit spørsmål om å hjelpe to fattige stakkarar, kanskje ikkje eingong først og fremst. Det handla like gjerne om å forsvara handlingane og statusen til forgjengarane i prestekallet, grannar og etter kvart nær familie. At skrivaren slapp unna offentleg skrifte i ei leiermålssak på den tida som Wilhelm Dop kom i prestekallet, tente kanskje heller ikkje til å fremje vennskap mellom dei. 16 Fiskeplassar hadde likevel presten og skrivaren felles i tjue år. Bøndene i Vågå Ei meir omfattande drøfting av perioden under embetstida til Smidt og Dopp kan gjelde forholdet mellom dei same lokale embetsmannsfamiliane og bøndene i Vågå framover mot 1730. Mellom anna kan det gjelde fiske og fiskerettar. Ivar Kleppe levde samtidig med Sunde-skrivaren. Han åtte garden Nordgard Kleppe og var gift med søstera til Tosten Hjelle på Dovre, ein mann som er kjend for store skogsdrifter over heile Nord-Gudbrandsdalen framover mot 1740-talet. Ivar dreiv sjølv med handel mellom Kristiania og bygdene nordafjells. 17 På 1670- og 80-talet hadde Kleppe, truleg på vegner av allmugen i Vågå, fått kjøpt retten til fisket mellom anna på det bygdenære fjellvatnet Flatningen så langt vestover som til Tuvstulbekken. 18 Seljaren var ein assessor Anders Simensen. Vidare vestover låg fiskeretten til Sunde, som sorenskrivaren åtte, og prestebolet som eigar av Søre Sunde. Frå Kleppe ligg Flatningen lagleg til på den andre sida av Bringsfjellet. Ikkje alt kan ha gått rett for seg ettersom tida leid. 1705 møtte ein delegasjon av bønder opp på Nordgard Kleppe og pressa Ivar til å stadfeste allmugen sin felles rett til fisket. 19 Ivar klaga si naud i rettsapparatet, men oppnådde einast å få alle imot seg for å ha skrive skøytet til allmugen på ustempla papir. Rettane i vestenden av vatnet der Sunde-skrivaren og presten rådde, vart det det også stilt spørsmål ved. I ei rettssak ti år etter at sorenskrivaren var død, forsvara broren og sonen hans rettane sine på bygdetinget mot nokre større bønder som hadde sett opp naust og bu innanfor området deira. 20 Det var der at den nå åtti år gamle Anna Glostrup steig fram og gjorde sin autoritet gjeldande. Eit stykke mikrohistorie? I den engelske utgåva av Wikipedia blir mikrohistorie definert på følgjande vis: First developed in the 1970s microhistory is the study of the past on a very small scale. The most common type of microhistory is the study of a small town or village. Other common studies include looking at individuals of minor importance, or analysing a single painting. Og vidare: It is usually done in close collaboration with the social sciences, such as anthropology and sociology. Eg vil også leggje til at personane vi møter først og fremst er interessante ikkje som individ, men som typiske og representative aktørar som i visse situasjonar handlar likt. 21 5

Det som har interessert meg mest I teksten ovanfor, er komponenten small town or village og individuals of minor importance. Vågå-samfunnet kring 1700 er avgrensa og samstundes komplekst. Der er ein embetsstand som har utvikla lokale band som gjer at enkelte bygslarar og husmenn kan koma til syne gjennom skriftlege kjelder. For meg som forfattar av bygdeboka for desse bygdene har det dessutan vore viktig å møte ein produktiv nedskriven lokaltradisjon med ei kjeldebasert og kjeldekritisk tilnærming. Litteratur Fritsvold, Rolv: Langmorkje Almenning: Glimt fra historien. Utgitt i anledning 50 år forvaltet som bygdealmenning 1949-1999. Vågå 1999. Høgåsen, O. M. 1969: Litt om presten Grüner i Vågå og kona hans som var så fin. Årbok for Gudbrandsdalen. Dølaringen boklag. Kleiven, Ivar 1977: I gamle Daagaa. Aschehoug. Tredje opplaget ved Vågå historielag.. Langholm, Sivert 1974: Historie på individnivå. Omkring Ullensaker-undersøkelsen mikrohistorisk eksperiment. Historisk tidsskrift 4/1974. Oslo. Norske kongebrev. Rian, Øystein 1980: Vestfolds historie: Grevskapstiden1671-1821. Vestfold fylkeskommune. Skrede, Anders 1964: Vågåkyrkja og kyrkjegarden. Vågå historielag. Andre utgåva.. Teigum, Ivar 2004: Bygdebok for Vågå og Sel. Band 2. Kommunane Sel og Vågå. 1 RA. Statthaldararkivet, B IV 1, supplikasjons og resolusjonsprotokoll 1704-10, den 22. oktober 1705, fol 129-130b. 2 Skrede 1964, s. 37. 3 RA. Statthaldararkivet, B II, 6, Autorisert supplikasjons og resresolusjonsprotokoll 1699-1701, nr. 169, fol. 184a-186a. 4 Chr. V.s Norske Lov, bok 2, kap. 12, art. 11. 5 SAIH. Gudbrandsdalen sorenskrivarembete -1731, Nord-Gudbrandsdal tingbok nr. 29, 1701, 9. juli, fol, 18-19; 16. august, fol. 26b-28; 10. november, fol. 39-42b. 6 RA. Stattholderarkivet, B II 6, autorisert supplikasjons og resolusjonsprotokoll 1699-1701, Christiania den 16. august 1701, fol. 224-225. 7 Norske kongebrev, 1666, nr. 116; 1667, nr.22, 72, 103, 144; 1671, nr. 27. 8 Høgåsen 1969, s. 200f; Norske kongebrev, 1696, nr. 38. 9 Sjå Rian 1980, s. 70. 10 Norske kongebrev, 1699, nr. 119. 11 Sjå Teigum 2004, s. 33. 12 Norske kongebrev, 1670, 400, 57; 1673, 41. 13 Norske kongebrev, 1662, nr. 41. 14 SAIH. Gudbrandsdalens sorenskrivarembeter, Nord-Gudbrandsdal skifteprotokoll 1719-26, fol. 1-6b; Kleiven 1977, ss. 88-92. 15 Norske kongebrev, 1702, nr. 209. 16 Norske kongebrev, 1701, nr. 92. 17 Trygve Håkenstad, utrykt gardshistorie, s. 29f. 18 Saker som gjeld Flatningen og Nedre Sjodalsvatnet er behandla over ei lang tid: I Opplandsarkivet, avd. Vågå, under gardskortet "Kleppe" finst ein referanse til futerekneskapen for 1671; SAIH. Gudbrandsdalen: Tingbok nr. 10 (1673), fol. 21b og RA-KA: Randi Bjørkvik, 1706 [skal vera 1786] om vestenden av Flatningen; Ivar Kleppes brev finst i RA. Statthaldararkivet, B II, 7, Autorisert supp. og res. prot. 1706-12, nr. 16, fol. 9a-10a; i Dovre Data Arkiv, i arkivet etter Per Berg, finst eit fyldig avskrift frå tingboka i 1729; Ola Skogstad har laga eit samandrag som finst i arkivet "Bygdebok for Vågå og Sel". Sjå også Fritsvold 1999, s. 154. 19 RA. Statthaldararkivet, B II 7, autorisert supp. og res.protokoll 1706-12, nr. 16, fol. 9a-10a. 20 Tingbok for Gudbrandsdalen nr 34, 29.-30.09.1729, avskrift etter Per Berg, Opplandsarkivet, avd. Dovre. 21 Langholm 1974, s. 1. 6