Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift



Like dokumenter
OPPLÆRINGSBOK Opplæring i reiselivsfaget Tilhører:...

Læreplan i resepsjonsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Vurderingskriterier i reiselivsfaget

Programområde for reiseliv - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for hudpleiar - Læreplan i felles programfag Vg3

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i rørleggjarfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i sjømathandlarfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Programområde for fotterapi - Læreplan i felles programfag Vg3

Læreplan i trebåtbyggerfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i veg- og anleggsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i hestefaget Vg3 / opplæring i bedrift

Programområde for hudpleiar - Læreplan i felles programfag Vg3

Programområde for overflateteknikk - Læreplan felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Kandidaten viser god evne til å tilrettelegge og utnytte brukerens ressurser. Kandidaten har gode holdninger, samarbeidsevner og. ne.

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i resepsjonsfaget Tilhører:...

Det er svakheter ved en eller flere deler av planleggingen. HMS er ivaretatt. Planleggingen er mangelfull og uklar.

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i tømrerfaget Tilhører:...

Læreplan i industritekstilfaget, fiskereiskapar Vg3 / opplæring i bedrift

Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles programfag Vg3

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Pilotprosjekt på Voss - nye lærlingar i reiselivsfaget nytt fagområde som reiselivsmedarbeidar i Hordaland

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

TEORIKURS TREBÅT- BYGGERFAGET

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for studieførebuande Vg3 innan naturbruk - Læreplan i felles programfag naturforvaltning

Programområde for matfag - Læreplan i felles programfag Vg2

Vurderingskriterier i resepsjonsfaget

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i rørleggerfaget Tilhører:...

Vurderingskriterier i BUNADTILVIRKERFAGET

OPPLÆRINGSBOK. Opplæring i veg- og anleggsfaget. Tilhører:... Utarbeidet 2012 Hallgeir Larsen

Programområde for helsesekretær - læreplan i felles programfag Vg3

PROGRAMOMRÅDE FOR BLOMSTERDEKORATØR LÆREPLAN I FELLES PROGRAMFAG VG2

VURDERING ASFALT FAGET Utlegging og produksjon

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i chassispåbyggjarfaget Vg3 / opplæring i bedrift

VURDERINGSSKJEMA FOR TØMRERFAGET

Programområde for landbruk - Læreplan i økologisk landbruk 1 og 2 - valgfrie programfag Vg3

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL ASFALTFAGET.

Programområde for børsemakar - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i butikkslaktarfaget Vg3 / opplæring i bedrift

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL VEG- OG ANLEGGSFAGET.

Læreplan i sjømatproduksjon Vg3 / opplæring i bedrift

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i yrkessjåførfaget Vg3 / opplæring i bedrift

OPPLÆRINGSBOK. Opplæring i dataelektronikerfaget. Tilhører:... Utarbeidet 2012 Hallgeir Larsen

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i sjømatproduksjon Tilhører:...

Programområde for fiske og fangst - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for brønnteknikk - Læreplan i felles programfag Vg2

Vurderingskriterier i Rørleggerfaget for kandidat: Område Bestått meget godt Bestått Ikke bestått Planlegging

Læreplan i IKT-servicefaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL TØMRERFAGET.

Fagprøve i Elektroreperatørfaget

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL DATAELEKTRONIKERFAGET.

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i salgsfaget Tilhører:...

Vurderingskriteriar for TØMRARFAGET

Læreplan i visuelle kunstfag - felles programfag i studieførebuande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i yrkessjåførfaget Tilhører:...

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR LÆREPLAN I ØKOLOGISK LANDBRUK 1 OG ØKOLOGISK LANDBRUK 2 VALFRIE PROGRAMFAG VG3.

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR BEDRIFTSDEL RØRLEGGERFAGET.

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Fylkeskommunane sitt landssamarbeid. Eksamensrettleiing. - om vurdering av eksamenssvar. LOKALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN SSA1006 Marknadsføring og sal

LOKAL LÆREPLAN FOR PROSJEKT TIL FORDYPNING ved Gjøvik videregående skole, for utdanningsprogrammet Service og samferdsel

Læreplan i reiseliv og språk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

RESEPSJONSFAGET Formål Formålet med faget Prosjekt til fordypning er å stimulere til samarbeid mellom skole og næringsliv.

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Eksamensveiledning. LOKALT GITT SKRIFTLIG EKSAMEN RLV Vertskapsrollen. Sist redigert 13/02/19. Gjelder frå eksamen 2019.

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i anleggsmaskinførerfaget Tilhører:...

Årsplan 2014/2015. Fag: Kroppsøving. Faglærer: Rayner Nygård og Lars Gytre. Klasse: 10.trinn. Føremål. Grunnleggjande ferdigheiter

Læreplan i servitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Eksamen YRK3102 Yrkessjåførfaget. Nynorsk/Bokmål

LÆREPLANAR FOR PROGRAMOMRÅDE FORMGJEVINGSFAG I STUDIESPESIALISERANDE UTDANNINGSPROGRAM

Design og berekraft valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Fylkeskommunane sitt landssamarbeid. Eksamensrettleiing. - om vurdering av eksamenssvar. LOKALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN SSA1007 Tryggleik og transport

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Resepsjonsfaget Vertskapsrollen

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

VURDERINGSKRITERIER KOMPETANSEMÅL BUNADSTILVERKARFAGET GRUNNLAG FOR GJENNOMFØRING OG VURDERING AV FAG- OG SVEINEPRØVE

Læreplan i institusjonskokkfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i barne- og ungdomsarbeiderfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Vurderingskriterium resepsjonsfaget Våren 2017

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

MFG2003 Bransje, fag og miljø

Læreplan i helsearbeiderfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Læreplan i design og arkitektur felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Programområde for salg, service og sikkerhet - Læreplan i felles programfag Vg2

LOKAL FAGPLAN KROPPSØVING TRINN

Vurderingskriterier i Resepsjonsfaget

Vurdering i renholdsoperatørfaget Hoverområder Bestått meget godt Bestått Ikke bestått

VURDERING I IKT-Servicefaget

Ungdomsbedrift i Kunnskapsløftet Helse og sosialfag, Vg1. Copyright UE Forlag

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i logistikkfaget Tilhører:...

Transkript:

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) 3-4 første ledd. Gjelder fra 01.08.2008 http://www.udir.no/kl06/rlv3-01

Føremål Reiselivsfaget skal leggje grunnlaget for yrkesutøving knytt til det heilskapelege reiselivsprodukt. Det inkluderer kundebehandling, service, sal, marknadsføring, utvikling av reiselivsprodukt, transport og transportformidling. Faget skal medverke til å utvikle kompetanse til å møte behova til ulike kundegrupper i ein marknad med høge krav til kvalitet og opplevingar. Dette krev kunnskap om samanhengar mellom eiga verksemd og eigen destinasjon og andre destinasjonar som verksemda må ta omsyn til for at kunden skal få ei god reiselivsoppleving. Opplæringa skal medverke til å utvikle kompetanse som kan bidra til ei berekraftig utvikling i verksemda og på destinasjonen. Vidare skal opplæringa leggje grunnlag for yrkeskompetanse knytt til reiselivsverksemder. Opplæringa skal fremme kompetanse om kvalitetssikring, produktutvikling og økonomiske samanhengar som er avgjerande for lønnsemda i verksemda. Opplæringa skal medverke til å gi lærlingen kompetanse til å utarbeide rapportar for vurdering av produktiviteten i verksemda. Vidare skal opplæringa fremme kunnskap om helse, miljø og tryggleik. Opplæringa skal leggje vekt på kompetanse i kommunikasjon og samhandling med kundar og gjester, kollegaer og samarbeidspartnarar med forskjellig kulturell bakgrunn. Opplæringa skal leggje til rette for at lærlingen kan utvikle kompetanse i service- og vertskapsrolla i kontakt med både kundar, gjester og kollegaer. Vidare skal opplæringa leggje til rette for at lærlingen kan vere med på å utvikle produkta til verksemda og marknadsføringstiltak. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er reiselivsmedarbeidar. Struktur Reiselivsfaget er samansett av trehovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng. Oversikt over hovudområda: Årssteg Hovudområde Vg3 / opplæring i bedrift Service- og vertskapsrolla Sal og marknadsføring Hovudområder Service- og vertskapsrolla Hovudområdet omfattar det å ta vare på kunden i det heilskaplege reiselivsproduktet. Gjeste- og kundeorientering, produktkunnskap, etikk og samarbeid med andre reiselivsverksemder er sentrale delar av hovudområdet. Tverrkulturell kommunikasjon inngår også. Vidare dreiar det seg om formidling av produkt og tenester frå eiga verksemd og samarbeidande verksemder. Side 2 av 5

Sal og marknadsføring Hovudområdet omfattar sal, meirsal og gjensal av produkt og tenester og vidareutvikling av desse. Vidare dekkjer hovudområdet skriftleg og munnleg kommunikasjon med kundar og samarbeidspartnarar ved formidling, presentasjonar og utarbeiding av marknadsføringsmateriell og heimeside. Hovudområdet omfattar organisering av verksemda, samarbeidspartnarar og kjerneprodukta til verksemda. Vidare inngår daglege arbeidsoppgåver knytte til økonomi og rutinar og gjeldande regelverk. Grunnleggjande ferdigheiter Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I reiselivsfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik: Å kunne uttrykkje seg munnleg i reiselivsfaget inneber å kommunisere med kollegaer, samarbeidspartnarar kundar og gjester. Bruk av forteljekunst i formidlinga av produkt og tenester er ein del av det å uttrykkje seg munnleg. Å kunne uttrykkje seg skriftleg i reiselivsfaget inneber å kommunisere med kundar, gjester, samarbeidspartnarar og offentlege styresmakter. Å kunne lese i reiselivsfaget inneber å hente informasjon frå litteratur som grunnlag for kommunikasjon mellom gjest og vertskap. Å kunne rekne i reiselivsfaget inneber å kunne utføre utrekningar og hovudrekning, handtere valuta og gjennomføre kassaoppgjer. Å kunne bruke digitale verktøy i reiselivsfaget inneber å hente inn, handsame, produsere, vidareformidle og lagre informasjon. Det vil også seie å bruke digitale verktøy til profilering, distribusjon og sal på Internett. Kompetansemål Etter Vg3 Service- og vertskapsrolla kommunisere munnleg og skriftleg med kundar og gjester, også på engelsk bruke enkle formuleringar på eit anna framandspråk enn engelsk i møte med kundar og gjester formidle produkt og tenester frå eiga verksemd og samarbeidande verksemder ut frå dei behova kunden har yte service og tilpasse kommunikasjon, åtferd og klesdrakt i møte med kundar og gjester med ulik kulturbakgrunn og nasjonalitet Side 3 av 5

bruke ulike verkemiddel og hjelpemiddel ved formidling av aktivitetar og opplevingar i eiga verksemd og på destinasjonen planleggje og gjennomføre aktivitetar og opplevingar i det heilskaplege reiselivsproduktet formidle informasjon om turistattraksjonar og hovudtrekka i lokal og nasjonal kultur og historie bruke ulike informasjonskjelder og kvalitetssikre informasjon til bruk i service- og vertskapsrolla planleggje og gjennomføre reiselivsopplevingar etter gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik og ut frå omsyn til miljøet og kulturelle verdiar formidle hovudtrekka i det heilskaplege reiselivsproduktet som verksemda inngår i Sal og marknadsføring identifisere og skildre dei viktigaste målgruppene for verksemda og deira behov gjere greie for faktorar som kan påverke produktutviklinga i verksemda gjere greie for hovudtrekka i marknadsplanane til verksemda planleggje, utføre og dokumentere oppgåver i samsvar med aktivitetsplanane til verksemda vurdere, velje og bruke verkemiddel i marknadsføringa av dei produkta bedrifta har, i samsvar med behova i marknaden, profilen til bedrifta og gjeldande regelverk byggje, dokumentere og nytte kunderelasjonar i marknadsføringsarbeidet initiere, gjennomføre og avslutte sal og meirsal gjere greie for digitale tenester i verksemda og for utvikling av heimesida til verksemda opptre i samsvar med etiske normer for sal og marknadsføring bruke digitale hjelpemiddel ved sal og marknadsføring utforme salsbrev og anna kommunikasjonsmateriell fortelje om historia til verksemda, og gjere greie for mål, kjerneverksemd, satsingsområde, økonomi og organisering av verksemda gjere greie for sin eigen arbeidsplass og si eiga rolle i verksemda planleggje arbeidsdagen og utføre og vidareutvikle daglege rutinar i verksemda samarbeide med andre aktørar for å sikre at kunden får ei heilskapleg reiselivsoppleving vurdere korleis ulike faktorar kan påverke dei økonomiske resultata i verksemda bruke kasse og betalingsterminalar, handtere kontantsummar, utføre oppgjersrutinar og gjere enkle valutaoverslag og kalkulasjonar bruke kundehandteringssystema i verksemda ved bestillingar, endringar og avbestillingar føre statistikkar og utarbeide rapportar i samsvar med dei behova verksemda har, og med gjeldande lovverk bestille varer og tenester til verksemda vurdere korleis den tilsette og verksemda kan medverke til ei berekraftig utvikling i eiga verksemd og i samfunnet gjere greie for og arbeide i tråd gjeldande regelverk for reiselivsnæringa vurdere samanhengar mellom eige arbeid, internt arbeidsmiljø, lønnsemd i avdelinga og kvalitet på reiselivsproduktet gjere greie for og arbeide i tråd med rutinar i verksemda som skal sikre tryggleiken til dei tilsette og verdiane i verksemda arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforhold i reiselivsfaget, og gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har Side 4 av 5

Vurdering Vg3 reiselivsfaget Føresegner for sluttvurdering: Hovudområde Service- og vertskapsrolla Sal og marknadsføring Ordning Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på tre vyrkedagar. Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova. Side 5 av 5