KONTROLLERAST MOT FRAMFØRING.



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Frå Fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Til Samferdsledepartementet v/statsråden Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?


BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Sosialdemokratiet i dag?

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Program for Masfjorden Venstre

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

ehandel og lokalt næringsliv

Brukarrettleiing. epolitiker

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

6. trinn. Veke 24 Navn:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Psykologisk førstehjelp i skulen

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Med god informasjon i bagasjen

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Avdeling for regional planlegging

Informasjon til elevane

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Synspunkter på Bygningsmeldinga

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Samferdsle og universell utforming i Sogn og Fjordane

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Lønnsundersøkinga for 2014

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Nordleg dimensjon Partnarskap for transport og logistikk (NDPTL) er ei nyvinning for landa våre.

mmm...med SMAK på timeplanen

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Brukarrettleiing E-post lesar

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Minnebok. Minnebok NYNORSK

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Transkript:

KONTROLLERAST MOT FRAMFØRING. Gode årsmøte. I to dagar skal me vera samla her på Skei for å diskutera politikk, setja politiske mål som me vil arbeida for og samstundes ha to trivelege dagar i lag. Samfunnet er i utvikling, både på godt og vondt. Me blir utfordra frå ulikt hald, både på ting som skjer utanlands og innanlands. Eg kan nemne terroraksjon mot Statoil, bombetrussel mot Stortinget, hestekjøtskandale, osv.. Her i fylket er me vel akkurat no mest opptekne av vedtaket om nedlegging av Alarmsentralen i Sogn og Fjordane og skulebruksplanen. Ulike saker, men store og viktige saker der konsekvensane av endringar er nokså store. Det er uråd å forstå at Alarmsentralen, bygd opp gjennom mange år, har heile tida tilpassa seg krav frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap i høve bemanning, utstyr, kompetansekrav og føringar om felles naudsentralar/naudnummer skal leggjast ned. Alarmsentralen Sogn og Fjordane utfører og andre tenester for eigarane, og er samlokalisert med politisentralen i fylket, og er godt rigga for framtida. Eg ser og at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skriv på sine sider at det er med undring og uro ein no registrerer at det går føre seg sektorvise prosessar som kan gje ei bit-for-bit-sentralisering av beredskapen i Norge. Eg fryktar me står over for ein sentraliseringstendens innanfor justissektoren i landet vårt. Først ut var 110- sentralen, kva blir neste steg? Er det politidistrikta, redningshelikopter eller domstol? Me ser føringane - og det er gale at me får dårlegare tenester, men like alvorleg er det at sentraliseringskreftene sler til og øydelegg kompetansemiljø og utvikling. DSB har gjort vedtak om å flytte alarmsentralen i Sogn og Fjordane frå Florø til Bergen. Varselet vart sendt med kortast mogleg høyringsfrist til eigarkommunane. Dette finn me oss rett og slett ikkje i, og eg håpar eg har heile årsmøte med meg i at det blir laga ein uttale frå møte vårt der me i klar tale seier kva me meiner i denne saka.

Skulebruksplanen er av ein anna karakter. Med nedgang i elevtal og økonomiutfordringar i fylkeskommunen er det for enkelt å seia at alt skal vere som det har vore. Det vert ei krevjande øving å finna ei løysing som er til beste for ungdommane i fylke og som gir eit godt utdanningstilbod i heile fylket. Me får ei god orientering om denne saka seinare i årsmøte. Senterpartiet set tydelege spor etter seg i mange kommunar i fylket, me set spor etter oss i fylkespolitikken og i regjering. Senterpartiet har sett veldig tydelege spor etter seg i regjering. Sju-åtte års innsats med vel seks prosent av veljarane i ryggen, har gitt mange gode resultat. Ikkje minst gjeld dette heilt avgjerande og vesentlege politikkområde for eit distriktsfylke som vårt i Sogn og Fjordane. Ofte klagar me over kor lite Sp viser att, men eg spør: korleis hadde resultatet vore når det gjeld kommunepolitikk, samferdsle og ikkje minst landbruket og distriktspolitikken om ikkje Sp hadde hatt ei sterk hand på rattet. Kommuneøkonomi Regjeringa og Sp har sytt for ein vekst i kommuneøkonomien på 60 milliardar kroner. Dette har gitt over 70 000 fleire tilsette i kommunane og dermed og, etter mi forståing, eit betre velferdstilbod for innbyggjarane. Gode resultat og tenestetilbod i skule og omsorg krev at ein har kommunar med økonomi som taklar dei utfordringane desse arbeidskrevjande sektorane har. Eg er i alle fall ikkje i tvil om at kommunane er betre i stand til å løysa oppgåver i dag enn dei var i 2005, og me har ein fordeling av kommuneøkonomien som er rimeleg rettferdig. Høgre har vel og merke dei siste åra hatt like store kommunebudsjett som regjeringa. Men dei snakkar lite om er korleis pengesekken skal fordelast. Dei vil omfordele gjennom endringar i selskapsskatten. Deira kommunepolitikk resulterer i at 373 kommunar i heile landet taper og 55 kommunar tener. Med Høgre sitt skatteopplegg blir rike kommunar rikare, og fattige kommunar fattigare. Dei tek og meir enn 2 milliardar frå kommunane som er dårlegast stilte og gir til dei som allereie har mest frå før. Korleis vil så Høgre sin politikk slå ut for vårt fylke. For i følgje deira mal i høve skatteopplegg (med å redusere skatteandelen til 40%, redusere den symmetriske skatteutjamninga til 55% og gjeninnføra selskapsskatten som kommunal skatt) så vil tjue kommunar tape, medan kun seks vil gå i pluss i Sogn

og Fjordane. Flora -8,0 mill, Stryn -5,3 mill, Eid -4,9 mill, Hornindal -1,3 mill., og kommunar som går i pluss er kraftkommunar som mange vil meine har ein rimeleg grei økonomi i dagens system og. Med Hørge sitt opplegg blir det for kommunane i Sogn og Fjordane ein totalt reduksjon i skatteinngangen på 45 millionar kroner. Senterpartiet har eit kommuneopplegg me må kjempe for. Det og yta gode tilbod for innbyggjarane og ei rimeleg geografisk utstrekning må vera malen for om kommunen er stor nok. Me ser og at interkommunale ordningar fungerar godt for å fylle ut tenestetilbod der det er behov for å styrke kompetanse, finne kostnadseffektive løysingar og sikra kvalitet i tilbod. Det må og vera innbyggjarane sjølve som tek stilling til samanslåing og ikkje noko som blir tredd nedover hovudet på oss. Lødemel lyt snart kome på bana og fortelje folk i Sogn og Fjordane korleis hans og Høgre sin politikk vil fungere i praksis for kommunane og innbyggjarane i fylket vårt. Samferdsle Med Senterpartiet i regjering har og samferdslesektoren fått eit kraftig løft. Aldri har det vorte gitt så mykje pengar til samferdsle enn no, og aldri har byggjeaktiviteten vore større. Me har fylgt opp Nasjonal transportplan, auka potten med 15 milliardar kroner. Regjeringa har levert. Resultatet kjenner me, perioden 2005-2009 blei oppfylt og noverande periode auka endå meir. Sjå berre på Sogn og Fjordane, her har me frå 2005-2012 sett i gang/opna mange vegprosjekt. For å nemne nokon, Bremanger 2, Dalsfjordbrua, Rv 55 Fatlaberget, Rv 5 Kjøsnesfjorden/ Loftesnesbrua, E 39 Torvund Teigen/ Lavik ferjekai/ Kvivsvegen/ Dregebø-Sande N, E 16 Borlaug Voldum/ Smedalsosen- Borlaug. Men framleis står samferdsle-utfordringane i kø, betre vegsamband på kysten, oppgradering av E 39, Vikafjellsvegen, Sognefjellstunnel, berre for å nemne nokre heilt sentrale og store vegprosjekt. Høgre snakkar mykje om vegsatsing og om storstila satsing på jernbane. Men Høgre sitt budsjettframlegg syner vel realitetane. Me brukar 50 milliardar kroner på veg i Norge. Påplussinga frå Høgre på veg var 0.8 milliardar. Kva betyr det: ca. 3 km ekstra med fylkesveg, eller 8 km med to-feltsveg. På jernbane vil dei løfte 0,015 milliardar ut over regjeringa sitt forslag. Samferdslesatsing er ingen grunn til å stemme Høgre til hausten. Nei, no ventar me på den neste satsinga; Nasjonal transportplan, og eg er trygg på Sp og Regjeringa syter for at auken held fram. Breiband

Når eg først er innom kommunikasjon så kan eg ikkje la vere å snakke om breiband/fiber dekninga i fylket vårt. Sjølv om me på fylkesplan prioritetar breiband høgt, så er eg likevel uroa om me klarar å halde følgje med den rivande utviklinga som skjer på dette området. Endringar i bruksmønster gjer at både næringslivet, offentleg forvaltning og innbyggjarane har bruk for vesentleg meir breibandkapasitet. På fylkesplan har me vedteke ein breibandstrategi, me løyver midlar til utbyggingsprosjekt. Me har eit aktivt Breibandforum og er deltakarar i eit Nasjonalt breibandråd som har som mål og jobbe inn mot sentrale myndigheiter. Dette tykkjer eg er veldig bra. Takka vere gode spleiselag mellom fylke, kommunane og næringslivet så har ein i heile fylke fått på plass første generasjons breiband, med det har diverre pr. i dag altfor liten kapasitet. Behovet for høgare kapasitet er stort. Det forstår me og når me veit at Sogn og Fjordane ligg på botnen når det gjeld andre generasjons breiband der berre 26% av innbyggjarane har tilgang mot 95% har tilgang i Oslo. Eg meiner at breiband er ein så viktig aktivitetsfaktor både for busetnad, for nye etablerarar og for det etablerte næringslivet, beredskap og for verdiskaping at dette er eit av dei viktigaste infrastrukturtiltaka me står overfor. Me veit at dette er ei kapitalkrevjande utbygging, og at me er i eit område der tilbydarane ikkje står i kø for å få desse utbyggingsprosjekta. Eg er uroa for om ein sentralt har eit godt nok grep om denne viktige innfrastrukturen, og meiner at Senterpartiet må her ha ei god hand på rattet slik at me er med og sikrar like vilkår uansett kvar i landet me bur. Dette vil vere ei sak der ei statleg satsing i regi av Senterpartiet vil vere ei viktig sak, ei distriktspolitisk rettferdig sak, og ei vinnarsak. Landbruk Matproduksjon og matnæringane betyr mykje for utviklinga i Sogn og Fjordane og vestlandet. Slår prognosane for folketalsutvikling til med 1 million fleire menneske innan 2040, så blir det viktigare og viktigare og sikra norsk matproduksjon og auka denne. Inntektene for landbruket har auka med 110 000 kroner per årsverk, eller 70 %, i perioden 2006-2012. Den sitjande regjeringa har også utnytta handlingsrommet når det gjeld overgang frå kronetoll til prosenttoll på norske standardostar, storfekjøt og lam. Importvernet er ein berebjelke i landbrukspolitikken. Dette var eit nødvendig og viktig grep for å sikre at forbrukaren framleis får variasjon og mangfald i matvaretilbodet, framleis høve til å velje norskprodusert ost og

kjøt i butikken, samstundes som det og er med å gi bonden ein leveleg pris for sine produkt. Utan tvil, det blei eit tydeleg skifte i retninga i 2005 med den raudgrøne regjeringa. Det er lenge sidan landbruket opplevde å få ei kronemessig lik inntektsutvikling som andre. Me har også fått ei ny landbruksmelding med mål om å auke produksjonen i tråd med folketalsveksten. Eg meiner at Sp absolutt ikkje bør gå ut av regjering og opne døra for at høgrepartia tek over styringa av landbrukspolitikken. Målingar viser at H og Frp etter valet kan få fleirtal åleine. Høgre vil kutte 1,8 milliardar i overføringane til landbruk, Frp 5,5 milliardar, og dette er utan effekten av eit svakare tollvern. Begge partia seier og nei til prosenttoll. Og begge partia vil ha strukturendringar i landbruket som langt på veg vil avskilte landbruket i distriktsnorge som ei framtidsnæring. Me er på rett veg sjølv om mange av oss meiner det går for sakte. Nokon meiner til og med me bør gå ut av regjering når me har fått til så lite. Men kva er det me treng? Er det mindre Senterpartipolitikk, eller er det meir? Oppskrifta mi er klar: betre landbrukspolitikk -større Senterparti! Får me fleire stemmer, får me meir til!! Energi Innføringa av grøne sertifikat i Norge og Sverige var svært viktig ordning for å få til meir småkraftproduksjon og fornybar energi. Denne ordninga vil gi milliardbeløp i støtte til utbyggjarar av vind-, vatn- og biokraft (fornybar energi) innan 2020. I følgje olje- og energiministaren så har dette gitt eit taktskifte i utbygginga. Tala frå departementet viser at det er godkjent 44 vind- og vassdragsprosjekt i 2012, mot kun 5 året før. Det er verd å merke seg at berre utbygginga som er godkjent i 2012( til saman 2.350 GWh/år) tilsvarar rein, miljøvenleg straum som kan dekke forbruket til om lag 94.000 bustadhus. I Sogn og Fjordane ser me tydelege resultat. Det gler meg å sjå prosjekt etter prosjekt kjem i boks, både vindmølleparkar og småkraftutbyggingar. Å utnytte våre naturgjevne fortrinn i eit fornybarperspektiv er eit suksesskriterium, avgjerande viktig for vekst og utvikling i fylket. Bygginga av den nye kraftlinja Fardal-Ørskog er i full gang. Dette vil og vere med å gi ny framdrift i småkraftutbygginga i fylket, og heilt avgjerande for å få den fornybare energien inn på marknaden. Det var eit kritisk behov for eit nett

med større kapasitet, både med tanke på forsyningstryggleik, produksjon av fornybar energi, og framtidige industrielle behov. Med el-sertifikata og fornybardirektivet er det lagt eit godt grunnlag for meir grøn energi. Utfordinga framover er nok tempoet på konsesjonshandsaminga. Olje- og energiministar, Ola Borten Moe har lova oss fart på konsesjons- og klagehandsaminga, at dette står først på prioriteringslista. Det vil vere viktig at utbyggingsprosjekta som har lege på vent her i Sogn og Fjordane får si behandling no og kan få ta del i den gunstige sertifikatordninga. Sp i Sogn og Fjordane kjem til å følgje opp dette. EØS EØS og EU spørsmålet er ei sak som opptek mange. Det kunne me og lese i ein leiarartikkel i BT for nokre veker sidan. Der blei det stilt spørsmål om kvifor ikkje småpartia i Norge hadde større oppslutnad enn 4-5% når spørjeundesøkingar viser at i EØS spørsmålet er 70-80% av innbyggjarane einige med oss. Eg tenkjer vel at folk også er opptekne av fleire saker når dei skal røyste på eit parti. Men undersøkingane viser vel at Senterpartiet sitt standpunkt i denne saka er viktig og rett Eg meiner at EØS utfordrar oss på mange viktige samfunnsområde og påverkar utviklinga av det norske samfunnet. Her kan nemnast heimfallsretten, den differensierte arbeidsgivaravgifta, EØS-reglar for innkjøp og prosenttoll. Senterpartiet har vore, er og skal vera garantisten for at Norge framleis har sjølvråderett i eige land. Med Senterpartiet i regjering har me og vist at det er handlingsrom i EØS avtalen til å bruke vetoretten, og vårt NEI i -72 og -94 er framleis med og sikrar oss styring i eige hus. Dette såg me tydeleg då finanskrisa slo inn over landet vårt. Å kunne rydde opp når det" brenn i eige hus", vere trygge på at me sjølve hadde både musklar og reiskap som skal til for å kunne sløkkja «brannen» sjølv er godt. Og eg meiner at me som senterpartistar kan rette ryggen og vera stolte av det partiet har stått for og oppnådd for både landet og folket vårt. For første gong i historia

Første stortingsmelding i fylket, og kven kunne vel tenkje seg at den kom frå nokon anna statsråd enn Liv Signe! Ei historisk hending! Ja, rett og slett litt «tøft» at me skulle få oppleva dette. Moro var det at dette skulle skje her, men viktigast av alt er sjølvsagt innhaldet i meldinga. Det viser at Senterpartiet har hatt ei god hand på rattet. Handlekraftig regjering eller ikkje Kvifor står eg her snakkar så mykje om kva Sp og regjeringa har levert, kvifor ikkje sjå framover? Og sjølvsagt skal eg det. Men når den blå-blåe vinden bles så kraftig rundt meg, og folk eg møter på gata meiner at regjeringa og Sp ikkje leverar, Sp bør helst gå ut av regjering osv.. Då blir eg i kamphumør! Kan det vera nokon som meiner at me ikkje har ei handlekraftig regjering? Ja-ja, om folk vil at småkommunetilskotet skal fjernast og småkommunane skal misse ca. 900 millionar, då må dei berre stemme H. Vil ein at den differensierte arbeidsgivaravgifta skal fjernast, heimfallsretten som sikrar evigvarande kraftproduksjon skal bort, då må ein stemme H. Dersom ein meiner at matvaresikkerheit ikkje er viktig, når me endå til veit at folketalet vil auke i landet vårt med ein million menneske innan 2040. Om ein ikkje vil vere med å sikre folk trygg og rein mat gjennom gode vilkår for landbruket, då må ein og stemme H. Me er klar for valkamp Men eg er klar, klar til å vere med Senterpatiet ut i valkampen. Årsmøte her sparkar det heile i gang. Stortingsvalet blir eit svært viktig val for den politiske kursen for landet framover, og i følgje media så har dei allereie svaret. Men valet blir ikkje avgjort i media, valet blir avgjort i dei gode samtalane mellom folk i lokalsamfunna. Difor er det viktig at me i lokallaga i Sogn og Fjordane snakkar politikk, og verdival med folk flest. Prat om kva Senterpartiet har gjort i din kommune, i fylket, og ikkje minst i Storting og Regjering. Utfordre dei gjerne på kva er best for dei? Eg trur ikkje at vår politikk har stått i vegen for eit blomstrande næringsliv, god tenesteproduksjon, attraktive lokalsamfunn anten ein bur i Sogn og Fjordane, Oslo eller Finmark. Eg kan heller ikkje sjå det skulle vere noko gale i å forsvara norsk matproduksjon slik me forsvarar norsk oljeproduksjon eller vegbygging i heile Norge der industrien og næringslivet er.

2013 blir i allefall eit spennande år med viktige avgjersler i rikspolitikken som kan få stor påverknad i valet. På ein telefonkonferanse med alle lokallaga i Sogn og Fjordane kom det tydeleg fram at denne våren kom til å bli ekstra spennande. Alle var tydelege på tre saker. Det var Nasjonal Transportplan og samferdsle, det var kommuneøkonomi/lokal velferd/k-propp., Og ikkje minst eit landbruksoppgjer som gir både gnist og tydeleg signal om kva ein vil med landbruket framover. Eg er heilt sikker på at greier Sp og Regjeringa og levere på desse tre viktige områda no i vår, så vil det vera den beste start på valkampen me kan tenkje oss. Det nye Stortingsvalprogram blir grundig drøfta både i Sogn og Fjordane og i alle fylker rundt om i landet vårt akkurat no. Programkomiteen har denne gangen lagt fram eit meir ideologisk og verdiretta program enn tidlegare. Det betyr at samfunnet må styrast og forvaltast til det beste for kommande generasjonar. Dei har lagt vekt på at kortsiktige løysingar kan få langvarige konsekvensar, der og nokon kan vere vanskeleg å ta tilbake, som t.d. heimfall og jordvern. Dei føreslår langsiktig og fornuftig forvaltning, desentralisering, folkestyre, geografisk og sosial fordeling og ta heile Norge i bruk. Dette kjem også til syne i partiet sine tre hovudsaker for stortingsvalet 2013 som er SAMFERDSLE; ELDRE OG MILJØ. Å røysta Senterpartiet er eit godt val uansett status eller inntekt. Verdiar som bærekraftig forvaltning og hausting av overskotet er nedarva i generasjonar i Senterpartiet. Gode nærmiljø som er passeleg store til å kjenne både tryggleik og fridom for den enkelte er viktig enten ein er i byen- eller på bygda. Eg er så glad for at me i Sogn og Fjordane har aktive Senterkvinner, Senterungdomar og lokallag med «stå på vilje» når me no er på veg ut i valkampen. Gjer me jobben vår, så stemmer folk Senterpartiet, og me får gleda av å ha Liv Signe sitt lag i regjering i fire nye år! Senterpartiet har den beste lista, me har den beste politikken for Sogn og Fjordane!! Og målet vårt er «største partiet i Sogn og Fjordane»!! Takk for merksemda