Møteprotokoll Nasjonalparkstyret for Reinheimen Utvalg: Møtested: Juvet Landskapshotell Dato: 19.09.2016 Tidspunkt: 14:30 17:00 Følgende faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Per Magnus Berdal LEIAR Bjarne Eiolf Holø NESTLEIAR Marit Nauste Magnhild Vik Aud Hove Kari Ramen Mariann Skotte Følgende medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Elias Sperstad Svein Blankenborg Merknader Vara for Elias Sperstad, Heidi Banken Fallingen, meldte forfall. Det vart ikkje kalla inn vara for Svein Blankenborg p.g.a. stutt varsel. Fellestransporten i minibuss vart avbestilt, p.g.a. forfall, og behovet for å køyre eigen bil. Møtet starta med synfaringar kl. 10:00-14:30, i Trollstigen landskapsvernområde: - Trollstigen Gjestegård: gapahuk i Isterdalen, v/edmund Meyer - Tilretteleggingstiltak Trollstigplatået: Kløvstien, stigstart Bispevatnet, steintrapp, parkering ved Strupen, turstig til Mannen, v/solveig Brøste Sletta - Slettvikane: stopp ved informasjonspunkt, info. om tidlegare planer om toalett. - Valldøla ved Langdal: søknad om minikraftverk, v/per Kåre Skudal og Stig Falling i Tafjord Kraft Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling Kristine Sørlie Nasjonalparkforvaltar Thomas Rødstøl SNO Underskrift: Vi bekrefter med underskriftene våre at det som er ført på de sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som ble vedtatt på møtet. Per Magnus Berdal Marit Nauste Sign. Sign.
Saksliste Utvalgssaksnr ST 34/16 ST 35/16 Innhold Lukket Arkivsaksnr Godkjenning av protokoll og innkalling - Val av ein representant til å skrive under protokoll saman med styreleiar Referatsak Lokalisering av ny nasjonalparkforvalter i Reinheimen Finndalen lvo - referat frå synfaring tysdag 6.sept. 2016 2014/5525 2015/2988 Hytte i Børrebotn 2014/2296 Søknad - Finndalen landskapsvernområde - Ekstra parkeringsplasser på Vangen - Finndalen fjellstyre Skarvedalseggen ROL100, Hurrungen ROL089, Skarfjellenden RMR057 - Reinheimen nasjonalpark Referatsaker DS 60/16 Reinheimen NP - Ottadalen LVO - Dispensasjon - Motorferdsel 2016 og 2017 - Bruk av ATV og elgtrekk for utkøyring av felt elg og hjort - Skjåk Almenning - Jo Trygve Lyngved DS 61/16 Trollstigen LVO - Dispensasjon - 2016 - Restaurering av Kløvstien, uttak stein til muring, helikoptertransport - Rauma kommune 2016/5387 2016/5519 2016/5824 2016/4716 DS 62/16 Skarvedalseggen ROL100 2014/3899 DS 63/16 Trollstigen LVO - Dispensasjon - 2016 - utbetring av stigstart til Bispevatnet - Nordveggen AS DS 64/16 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2016 - Bruk av motorbåt på Leirungsvannet - Arne Berger DS 65/16 Ottadalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2016-2020 - Rypetaksering - Skjåk Almenning DS 66/16 Søknad om fleirårig dispensasjon til bruk av motorbåt på Torsvatnet og Leirungsvatnet i samband med fisking DS 67/16 Reinheimen NP - Dispensasjon - 2016-2018 - Etablering av teltleir i samband med villreinjakt - Odd Arne Kroken ST 36/16 Delegerte saker ST 37/16 Tafjorden - Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon - fasadeendring hytte - 2016/5527 2016/5719 2016/4875 2016/5473 2016/5401 2016/908
Reindalsetra i Tafjord - Jan Erik Dale ST 38/16 Tafjorden - Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2016 - Vedlikehold og ombygging av sel på Reindalen - Olav Melchior ST 39/16 ST 40/16 Trollstigen landskapsvernområde - Dispensasjon - Oppsetting av enkel gapahuk i Isterdalen - Trollstigen Drift AS Romsdalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2016 - Oppsetting av bod på hytte ved Tunga sameie i Brøstdalen - Arild H. Seyffarth ST 41/16 Ottadalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2016 - Utsetting av settefisk i Glassteintjønn - Finndalen fjellstyre ST 42/16 ST 43/16 Finndalen lvo - Søknad - restaurering av gammelt seterhus på Breidstulen 159/1/47 - Odd Joar Ramstad Eventuelt 2015/7263 2016/2419 2016/1411 2016/5388 2016/4685 ST 34/16 Godkjenning av protokoll og innkalling - Val av ein representant til å skrive under protokoll saman med styreleiar Ingen merknader til innkalling. Marit Nauste vart vald til å skrive under protokoll saman med styreleiar.
Referatsak Lokalisering av ny nasjonalparkforvalter i Reinheimen Finndalen lvo - referat frå synfaring tysdag 6.sept. 2016 Hytte i Børrebotn Søknad - Finndalen landskapsvernområde - Ekstra parkeringsplasser på Vangen - Finndalen fjellstyre Skarvedalseggen ROL100, Hurrungen ROL089, Skarfjellenden RMR057 - Reinheimen nasjonalpark ST 35/16 Referatsaker Referatsakene vert teke til orientering.
DS 60/16 Reinheimen NP - Ottadalen LVO - Dispensasjon - Motorferdsel 2016 og 2017 - Bruk av ATV og elgtrekk for utkøyring av felt elg og hjort - Skjåk Almenning - Jo Trygve Lyngved 2016/5824 DS 61/16 Trollstigen LVO - Dispensasjon - 2016 - Restaurering av Kløvstien, uttak stein til muring, helikoptertransport - Rauma kommune 2016/4716 DS 62/16 Skarvedalseggen ROL100 2014/3899 DS 63/16 Trollstigen LVO - Dispensasjon - 2016 - utbetring av stigstart til Bispevatnet - Nordveggen AS 2016/5527 DS 64/16 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2016 - Bruk av motorbåt på Leirungsvannet - Arne Berger 2016/5719 DS 65/16 Ottadalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2016-2020 - Rypetaksering - Skjåk Almenning 2016/4875 DS 66/16 Søknad om fleirårig dispensasjon til bruk av motorbåt på Torsvatnet og Leirungsvatnet i samband med fisking 2016/5473 DS 67/16 Reinheimen NP - Dispensasjon - 2016-2018 - Etablering av teltleir i samband med villreinjakt - Odd Arne Kroken 2016/5401 ST 36/16 Delegerte saker Delegerte saker vert teke til etterretning. ST 37/16 Tafjorden - Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon - fasadeendring hytte - Reindalsetra i Tafjord - Jan Erik Dale 2016/908 Samrøystes som innstillinga. Med heimel i verneforskrift for Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde 3, pkt. 1.3, c) får Jan Erik Dale dispensasjon til fasadeendring på si hytte på Reindalsseter, gnr. 40 bnr.1. Tiltaket vil ikkje føre til auka bruk, eller ha nemneverdig negativ innverknad på verneverdiane. Dispensasjon er gjeve med følgjande vilkår: Det nye vindauge på gavlveggen mot nordvest skal plasserast i det sørvestre hjørnet, som vist på skisse frå arkitekt i Møre og Romsdal fylkeskommune, av 26.07.2016. Vindauga skal ha same høgde, form og storleik på glasruter som eksisterande vindauga i nordvestre hjørne på gavlveggen, jf. skisse.
Hytta kan påførast ein mørk raudbrun farge som gjer bygget minst mogeleg synleg, slik at den ikkje dannar ein sterk kontrast til det eksisterande eller verkar skjemmande i landskapet. Statens naturoppsyn (SNO Reinheimen) vil kontrollere at tiltaket er gjennomført i samsvar med vedtaket. Motorisert transport av byggematerialar skal avklarast nærare med nasjonalparkforvaltar, slik at transporten blir tilrettelagt utan at det oppstår unødig ulemper og uro av dyreliv og ferdsel. Transporten skal om mogleg samordnast med med DNT-ÅST sin årlege varetransport med helikopter til Reindalsseter. Før motorisert transport skal lokalt SNO varslast seinast dagen før; Thomas Rødstøl, mob: 915 47 617. ST 38/16 Tafjorden - Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2016 - Vedlikehold og ombygging av sel på Reindalen - Olav Melchior 2015/7263 Forslag frå styret om følgjande endring i vilkåra: - stryke pkt. 5 - Nytt punkt: Tiltaket skal vera ferdig innan 30.09.2019 Innstillinga frå forvaltar, og endring i vilkår vart samrøystes vedtatt. Med heimel verneforskrift for Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde 3, pkt. 1.2. b) og 1.3, c), får Olav Melchior dispensasjon til ombygging/tilbygg/restaurering av eksisterande sel, på Reindalssætra. Tiltaket vil ikkje føre til endra bruk, eller påverke verneverdiane nemneverdig. Dispensasjon er gjeve med følgjande vilkår: Selet skal ha ein storleik på ca. 21 m 2, som skissert i søknaden. Takmateriale skal vera torv frå stadeigen vegetasjon for å passe inn i bygningsmiljøet. Vindauge i sør-vestre hjørnet på vestveggen, skal skitfast ut til 2x2 ruter, same storleik som det gamle vindauge i nord-vestre hjørnet. Ny kledning på selet skal vera ubehandla for naturleg gråning, eller kan påførast ein grå eller brun farge for å passe inn i bygningsmiljøet. Tiltaket skal vera ferdig innan 30.09.2019. Statens naturoppsyn (SNO Reinheimen) vil kontrollere at tiltaket er gjennomført i samsvar med vedtaket. Behandling av søknaden som gjeld restaureringstiltak på seterfjøset vert utsett. Tiltaka er ikkje godt nok dokumentert i søknaden, og nasjonalparkstyret ber om at søkjaren skaffar ein tilstandsrapport og plan for nødvendig restaureringstiltak av seterfjøset frå ein kyndig handverkar/bygningsrådgjevar. Ein slik bygningsfagleg vurdering vil vera eit godt grunnlag for ei endeleg behandling av søknaden.
ST 39/16 Trollstigen landskapsvernområde - Dispensasjon - Oppsetting av enkel gapahuk i Isterdalen - Trollstigen Drift AS 2016/2419 Forslag frå styret om følgjande endring i vilkåra: - stryke pkt. 3 - Nytt punkt: Motorisert transport av byggjematerialar skal avklarast med nasjonalparkforvaltar, og til retteleggjast slik at det ikkje oppstår unødig slitasje på terrenget og i naturen. Innstillinga frå forvaltar, og endring i vilkåra vart samrøystes vedtatt. Med heimel i naturmangfaldlova 48 får Trollstigen Drift AS dispensasjon frå verneforskrifta for Trollstigen landskapsvernområde, for å byggje gapahuk ved Kløvstigen og elva Istra, i Isterdalen i Trollstigen landskapsvernområde. Vilkår: Arealet på gapahuken skal ikkje overstige 15 m 2, og høgda i opning framme skal ikkje overstige 3 meter. Det skal ikkje støypast grunnmur. Gapahuken skal om nødvendig plasserast på naturstein, og vera lett å fjerne om det vert aktuelt. Ved bygging og bruk skal det ikkje hoggast gamle tre med rik lavflora. Gapahuken skal ha ei farge og fasade som ikkje verkar skjemmande i landskapet. Treverket skal vera ubehandla for å få ei naturleg gråning, eller påførast ei mørk bruk eller grå farge. Trollstigen Drift AS er ansvarleg for forsvarleg drift av gapahuken, herunder søppelhandtering, og nødvendig vedlikehald. Nasjonalparkforvaltar skal varslast når bygging tar til. Motorisert transport av byggjematerialar skal avklarast med nasjonalparkforvaltar, og tilretteleggjast slik at det ikkje oppstår unødig slitasje på terrenget og i naturen. Etter bygging skal eventuelle bygningsmaterialar som er til overs ryddast og fjernast frå landskapsvernområdet. Nasjonalparkstyret kan påleggje Trollstigen Drift AS om å fjerne gapahuken, dersom plassering og bruk fører til ulempe for verneverdiane i området, eller behovet vert borte. Dersom tiltaket ikkje er sett i gang seinast 3 år etter at dispensasjon er gjeve fell dispensasjon bort. Statens naturoppsyn (SNO-Reinheimen) vil kontrollere at tiltaket er gjennomført i samsvar med vedtaket. Bygging av gapahuk må avklarast med Rauma kommune og grunneigar. ST 40/16 Romsdalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2016 - Oppsetting av bod på hytte ved Tunga sameie i Brøstdalen - Arild H. Seyffarth 2016/1411 Samrøystes som innstillinga frå forvaltar. Med heimel naturmangfaldlova 48 får Arild H. Seyffarth avslag på sin søknad om oppsetting av ny bod ved hytte på Tunga Sameie i Romsdalen landskapsvernområde.
Nasjonalparkstyret viser til reglane om fritidsbygg i Romsdalen lvo, der forvaltningsstyresmakta kan tillate ei utviding slik at samla areal ikkje overstig 75 m 2. Det totale bygningsarealet på hytta er i dag på 75 m 2. Tiltaket er isolert sett ikkje særleg problematisk, men dispensasjon frå verneforskrifta etter naturmangfaldlova 48, vil kunne skape ein uheldig presedens, der fleire tilsvarande tiltak fører til ei utholing av dispensasjonspraksisen i verneområdet. På sikt vil dette redusere verneverdiane i området. ST 41/16 Ottadalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2016 - Utsetting av settefisk i Glassteintjønn - Finndalen fjellstyre 2016/5388 Kari Ramen stilte spørsmål om sin habilitet som styremedlem i Finndalen fjellstyre. Nasjonalparkstyret drøfta Kari Ramen sin habilitet, og fann ho habil til å vera med å behandle saka. Innstillinga frå forvaltar vart samrøystes vedteke. Med heimel i verneforskrift for Ottadalen verneområde 3, pkt. 3.1, får Finndalen fjellstyre løyve til å sette ut fisk, aure frå AS Vågåfisk, i Glassteintjønn (1161 moh). Vilkår Løyvet gjeld for 4 år, f.o.m. 2016 t.o.m. 2019. Løyve skal følgje Oppland fylkeskommune sitt vedtak med vilkår og instrukser gjeve i brev datert 06.07.2016. Nasjonalparkstyret for Reinheimen skal ha tilsendt ein årleg rapport om fiskeutsettinga innan 31.12. ST 42/16 Finndalen lvo - Søknad - restaurering av gammelt seterhus på Breidstulen 159/1/47 - Odd Joar Ramstad 2016/4685 Forslag frå styret om følgjande tilleggspunkt i vilkår: - Restaurering og oppsetting av seterhuset skal vera ferdig innan 30.09.2019. Innstilling frå forvaltar og tilleggspunkt i vilkår, vart samrøystes vedteke. Med heimel i verneforskrift for Finndalen landskapsvernområde 3 pkt. 1.2. b) og 1.3. b), får Odd Joar Ramstad dispensasjon til å restaurere og setja opp att seterhuset på Breidstulen i Finndalen landskapsvernområde. Dispensasjon er gjeve med følgjande vilkår: - Seterhuset kan demonterast for reparasjon og restaurering etter antikvariske prinsipp.
- Seterhuset skal setjast opp på same tomt og med same orientering i landskapet som opphavleg. - Seterhuset skal ha sitt opphavlege preg som seterhus, med same vindaugsopningar. - Det skal leggjast torvtak eller anna naturvennleg materiale - Tømmerveggane på bygningen skal vera ubehandla for å få ei naturleg gråning. - Bygging av terrasse, platting eller veranda er ikkje tillate. - Restaurering og oppsetting av seterhuset skal vera ferdig innan 30.09.2019. - Statens naturoppsyn (SNO Reinheimen) vil kontrollere at tiltaket er gjennomført i samsvar med vedtaket. Tiltaket må og avklarast med Lom kommune. ST 43/16 Eventuelt Orientering om nye saker til styret, status på forbruk av tiltaksmidlar og driftsmidlar for nasjonalparkstyre. SNO vil legge opp til ein presentasjon om sitt arbeid i 2016 til neste møte og møte med fagleg rådgjevande arbeid. Neste styremøte 15.nov. og møte med fagleg rådgjevande utval 14.nov., vert gjennomført som planlagd. Det var lagt fram forslag om at Per Magnus, Marit og Magnhild, i samarbeid med forvaltar, får eit ansvar for å planleggje ei markering av Reinheimen 10 år, til møte på Åndalsnes 14. og 15. november. Saker under eventuelt, vert teke til orientering. Nasjonalparkforvaltar skal kalle inn Per Magnus, Marit og Magnhild inn til telefonmøte så snart som mogeleg, for å planlegge eit opplegg for å markere at Reinheimen nasjonalpark er 10 år!