Fjell kommune Arkiv: 404 Saksmappe: 2005/4143-24920/2010 Sakshandsamar: Svein Fjelland Dato: 28.12.2010 SAKSDOKUMENT



Like dokumenter
Frå visjon til realitet November 2012

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Samhandling i praksis

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad. Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Saksnr Utval Møtedato

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Sogn lokalmedisinske senter

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

STYRESAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF GÅR TIL: FØRETAK:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristine Breivik SAKA GJELD: Mellombels særavtale om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald for Vaksdal kommune

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

1. Mål med samhandlingsreforma

Forum for regionsenterkommunar Helsesjef i Fjell, Terje Handal

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

«SAMHANDLINGSREFORMA» STATUS OG PLANAR. LUSTER; Lokale forhold og føresetnader for reforma; - Geografi og avstandar. - Struktur og økonomi.

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Fjell kommune Arkiv: 404 Saksmappe: 2005/ /2011 Sakshandsamar: Svein Fjelland Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Samhandlingsreforma Samhandling er vedtatt, vi er igang! Men mykje gjenstår Bakteppe/status/utfordringar framover. Tor Arne Gangsø,

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Med god informasjon i bagasjen

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Helse Førde. Nytt frå Helse Førde. Nettverkssamling helse og omsorg Samhandlingssjef Vidar Roseth

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: Tid: kl

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Skildring av kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp etter 3-5, 3.ledd (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 6-2 nr.

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Interkommunalt samhandlingsprosjekt Sunnfjord og Ytre Sogn

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Lønnsundersøkinga for 2014

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Forvaltningsrevisjonsrapport - "Samhandlingsreforma i Vestnes kommune" Utval Møtedato Utvalssak Kommunestyret

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkivsaksnr.: 08/2829. Helse- og omsorgsplan for Luster kommune Rådmannen si tilråding:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT

Samarbeid om førebyggjing

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Transkript:

Fjell kommune Arkiv: 404 Saksmappe: 2005/4143-24920/2010 Sakshandsamar: Svein Fjelland Dato: 28.12.2010 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Komite for drift Samhandlingsreforma - synspunkt på høyringsnotat Samandrag av saka: I denne saka vert det gjort greie for Fjell kommune sine synspunkt på dokument Helse og omsorgsdepartementet har sendt ut på høyring som ei oppfølging av samhandlingsreforma. Som bakgrunnsinformasjon for saka vert det vist til vedlegg. Rådmannen har i sine merknader konsentrert seg mest om saksområde der kommunen har røynsler å trekkja på etter omfattande samhandling med nabokommunar og Helse Bergen. Innstilling: Komiteen sluttar seg til rådmannen sitt framlegg til uttale. Straume, den 28.12.2010 Steinar Nesse Rådmann Dokument vedlagt saka: KS sitt saksframlegg til hovudstyret av 25.11.2010 Rapport frå prosjektet Betre saman - Oppsumering

Saksopplysningar: Regjeringa sende 18.10.2010 desse helsedokumenta ut på høyring med svarfrist 18.01.2011: Ny lov om kommunale helse og omsorgstenester (tidlegare Lov om sosiale tjenester, Lov om kommunehelsetjenester og Lov om folkehelse) Ny lov om folkehelse Grunnlaget for ny nasjonal helse og omsorgsplan Dei 2 nye lovene og arbeidet med den nye nasjonale helse og omsorgsplanen er ei oppfølging av Stortingsmelding 47 Samhandlingsreformen Rett behandling - på rett sted - til rett tid. Siktemålet er å utvikla helsetenester som heng betre saman. Det vert eit auka fokus på å førebyggja sjukdom å gi betre helsetenester der folk bur å hindra unødig bruk av sjukehus Regjeringa ber om synspunkt på dei nemnde dokumenta. I ei pressemelding av 18.10.2010 vert det framheva at ein særleg ønskjer tilbakemelding på tre viktige tiltak: 1) Kommunene skal få penger til å betale for pasienter som er ferdig behandlet på sykehus, slik at de kan komme hjem til kommunen i stedet for å ta opp plasser på sykehuset. 2) Kommunene får penger til å betale en andel av kostnadene for enkelte pasientgrupper som legges inn på sykehus. Slik vil kommunene få mulighet til å forebygge eller gi tilbud i kommunehelsetjenesten fremfor at pasienter legges inn på sykehus. 3) Kommunene og sykehusene får plikt til å inngå avtaler, blant annet for å vurdere om det vil være lønnsomt å gå sammen om å etablere nye behandlingstilbud i kommunene. KS har gjort ein god innsats med å leggja til rettes for kommunane sitt arbeid med høyringa. Det er laga eit omfattande notat som følgjer vedlagt. Døme på tema frå notatet er ansvarsfordeling, oppgåver og plikter, finansiering og gjennomføring av reforma. Vurdering: Høyringsmaterialet er ganske omfattande. Rådmannen har funne det rett i størst mogeleg grad å avgrensa uttalen frå Fjell kommune til område der vi har kompetanse bygd på røynsler med gjennomførte samhandlingsprosjekt det siste tiåret. Uttalen er organisert slik at vi først kommenterer synspunkt på samhandling mellom helseføretak og kommunar for så å ta opp nokre få andre element i reforma. Fjell kommune har lenge sett behovet for ei samhandlingsreform og helsar henne meir enn velkomen. Altfor lenge har dei ulike deler av helsetenesta fått høve til å leva sine eigne isolerte liv innanfor sine rammer. Den politiske erkjenninga av at denne tidsepoken no er over banar veg for ei ny framtid til gagn for både pasient og samfunn. Vi går interessante helsetider i møte! I 2009 laga Helse Bergen og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden ein rapport som sette rammene for skiping av eit sams lokalmedisinsk senter. Rapporten vart kalla Betre saman og det er det deler av samhandlingsreforma handlar om.. om å gjennomføra tiltak saman med andre partnarar som er betre for pasienten og til ein lågare samfunnskostnad.

1. Synspunkt på samhandlingstiltak helseføretak kommunar Dei nemnde partnarane og Fjell kommune har røynsle a) knytt til utgreiingsarbeid ( prosjekt Betre saman, prosjekt lindrande behandlingseining på Askøy, prosjekt JordmorHeim i Fjell), b) til drift av ei intermediær avdeling i eitt år, c) nært samarbeid med Helse Bergen innan psykiatri og ambulansedrift m.v. samt samarbeid med private avtalespesialistar. Nedanfor prøver vi å oppsummera røynslene våre og samanstilla dei med høyringsnotatet. Eit samandrag av rapporten Betre saman følgjer vedlagt som bakgrunnsinformasjon. Samhandling: Den mest viktige hendinga var at 4 kommunar og Helse Bergen sette seg ned ved same bord for saman å drøfta seg fram til kva tiltak som vil gagna pasientar/innbyggjarar mest. Ein sterk vilje til å finna ei sams løysing må vera til stades; det er det fundamentale. Avtalar: Utgreiingsarbeidet enda opp med ein signert avtale mellom partane slik regjeringa no legg opp til. Det er viktig at ein slik avtale sikrar tiltaket stabile rammevilkår over tid uavhengig av økonomiske bråttsjøar. Ein annan form for avtale som også bør nemnast er den Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 opptakskommunane har gjort om samarbeid. Kommunane har så gruppert seg i 4 samarbeidsutval med regelmessige møte med helseføretaket. Kommunane og Helse Bergen har også sett ned ei sams gruppe som skal laga eit strategidokument i høve samhandlingsreforma. Fordelingsnøkkel: Økonomisk fordeling av utgifter var det siste temaet vi tok opp i utgreiingsarbeidet. Her søkte vi i prosjekt Betre saman ekstern hjelp for å få ei mest mogeleg uavhengig rettesnor for fordelinga. Vi enda opp med ei god hestehandlar løysing 50% på kommunane og 50% på helseføretaket. Mellom kommunane vert utgiftene fordelte etter folketalet. Når det gjeld utgiftsfordelinga for den planlagde lindrande behandlingseininga er det førebels ikkje konkludert. Her har det vist seg at medisinsk statistikk ikkje er utfyllande nok til å gi ei rettesnor for fordeling. Fordelingsnøkkelen som er nemnd i høyringsnotatet er ganske vagt formulert: En vanlig modell er at partene (kommunene, helseforetak og regionale helseforetak) betaler en 1/3 hver.... Fjell kommune vil tilrå ei tydelegare formulering enn dette og at partane så gjennom forhandlingar har høve til å avvika frå den tilrådde fordelingsnøkkelen utifrå lokale tilhøve. Ein slik tydeleg tilrådd nøkkel vil avstemma partane sine forventningar og skapa eit godt grunnlag for vidare samhandling. Betalingsformer: I det intermediære pilotprosjektet som ein del av prosjekt Betre saman har vi gjort det val at Helse Bergen og kvar kommune kan betala utgifter på to måtar: a) ved å låna ut ein sjukepleiar (hospitering) til prosjektet i ein tidsavgrensa periode og b) i form av kontantar. Alternativ a kan gjennomførast ved omprioritering i eigen organisasjon og samstundes sikrar det kompetanseoverføring på ein tenleg måte. Vi har så god røynsle med denne ordninga at andre bør kopiera ho!! Investering: Vi har gjort det val at Fjell kommune som vertskommune for det lokalmedisinske senteret skal vera byggherre og ta opp lån. Askøy får same rolle for den lindrande behandlingseininga. Kapitalkostnaden vert så fordelt mellom partane i samsvar med fordelingsnøkkelen. Dette er ein enkel modell med tydeleg ansvarsplassering. Vi finn det mindre aktuelt at helseføretaket skal stå for investeringa. Unntaket vil vera i dei høve samhandlingstiltak vert lagt til lokalsjukehus. Kva så med statlege støtteordningar til investeringa? Det finst støttetiltak for omsorgsbustader og sjukeheimar, men lokalmedisinske senter står ikkje på husbanken si liste over støtteverdige tiltak. Her har staten ei utfordring.

Drift: Driftskonseptet er også enkelt: Fjell kommune er ansvarleg for drifta, men det er etablert ei driftsgruppe der alle partar tek del. Prinsipielle saker vert løfta opp til ei administrativ og fagleg styringsgruppa som stod for utgreiingsarbeidet. Slik sikrar vi god forankring og kontinuitet. Ein annan viktig fordel med denne organisasjonsforma er at drift på natt og helg på enkelt vis kan kombinerast med nærliggjande kommunal driftseining. Dette er overlag viktig for å kunna halda kostnadene på eit akseptabelt nivå. Høyringsnotatet understrekar at kommunane bør ha stor fridom til sjølv å velja organisasjonsform. Fjell kommune støttar dette. Samstundes er det grunn til å åtvara mot ei byråkratisering t.d. ved val av selskapsløysingar. Vi meiner at samhandlingsprosjekt i hovudsak er ei fagleg utfordring for å sikra høg kvalitet i tiltaket. Selskapsløysingar kan lett føra til eit skifte i fokus samstundes som vaktsamarbeid med nærliggjande tenester vil kunna føra til ei byråkratisering med skriftlege avtalar, pengeoverføring etc. Observasjonssenger: Vi har til no ikkje etablert observasjonssenger dei 4 sengene kjem først når det nye lokalmedisinske sentret står ferdig. Vi trur for vår del at desse sengene vil verta ein viktig faktor for å hindra innlegging på sjukehus. Ein viktig føresetnad vil vera å få legevakta og fastlegane aktivt med i prosjektutviklinga i forkant. Kanskje vil det i så måte vera ein god ide å etablera eit lokalt prosjekt om betre samhandling mellom sjukehus og legevakt/fastlegar i høve til innlegging. Lokalisering: Spørsmål om lokalisering kan ofte føra til lokal usemje. Det vil vera viktig at aktørane har pasienten sine behov mest i fokus ved særleg å leggja vekt på reiseveg og fagleg kompetase. I tillegg må ein søkja løysingar der ein samlokaliserer tenester til gjensidig nytte både for å utnytta lokalitetar og fagmiljø. Førebygging og meistringssenter: Vi planlegg å etablera eit lokalt lærings og meistingssenter og kanskje vert det omdøypt til eit førebygging- og meistringssenter. Vi har tru på å samla kompetanse innan folkehelsearbeid i eit nettverk og at senteret skal fungera som ei kraftkjelde. Røntgen: Pasienttryggleik vert eit viktig element for å få det lokalmedisinske senteret til å bli fullt ut akseptert mellom folk flest. Slik tryggleik vert skapt av dugande fagfolk og godt diagnostisk verktøy m.a. røntgen. Ei løysing som Helse Bergen med økonomisk støtte frå Helse Vest no utgreier, er å etablera eit røntgenlaboratorium som kan gi polikliniske tenester til ein større befolkningskonsentrasjon samstundes som det lokalmedisinske sentret sine behov vert dekka. Folketalet: Dei 4 kommunane har totalt snart 60.000 innbyggjarar. Dette er eit høgt tal i norsk samanheng. Likevel har vi i periodar strevd med å fylla dei 6 intermediære sengene det første driftsåret. Sengekapasiteten er rett nok avgrensa til etterbehandling av ortopediske og nevrologiske pasientar. I planlegginga av den lindrande behandlingseininga har vi enda opp med 4 senger som etter ei tid kan utvidast til 6. Vi trur at folketalet må vera bra stort for å utvikla eit lokalmedisinsk senter med høg fagkompetanse på å hindra sjukehusinnlegging og til etterbehandling av sjukehuspasientar. Di mindre folketal di meir kommunale pasientar vil få plass i tiltaket, trur vi. Utfordringa for mange kommunar og helseføretak vert difor å finna smarte kombinasjonsløysingar. Desentraliserte tiltak: Høyringsnotatet handlar også om desentraliserte spesialistpoliklinikkar. Vi har positiv røynsle med å lokalisera fleire avtalespesialistar til det kommunale helsesenteret. Her held også BUP Fjell til og det er utvikla eit nært

fagleg samarbeid med kommune-psykologane. Det er i særleg grad bygd på sams fagleg plattform der begge nyttar dei same anerkjente internasjonale behandlingsprogramma. Dette har ført til utvikling av eit særs positivt samarbeidsklima med gode pasientresultat. Nyleg har dessutan Helse Bergen etablert ei avdeling for dialyse på dagtid lokalisert til Straume bu og servicesenter. Her får pasientar frå Fjell og nabokommunane tilbod om dialyse i flotte og rolege omgivnader. Innsparingar i pasienttransport finansierer faktisk det meste! Dette er eit godt døme på kva som kan flyttast ut frå sjukehus. Tilbakemeldingane frå pasientane er også svært positive. Vi er difor samde i det som står å lesa i høyringsnotatet om at deler av det som vert utført på sjukehus i dag med fordel kan flyttast ut. For det må gjerast for å skapa nok kapasitet til å ta imot ein veksande pasientpopulasjonen. Men tiltaka må ha høg fagleg kvalitet slik at pasienten kjenner seg trygg og vel ivareteken. Nytte: Vi vonar å kunna koma i gang med ei evaluering av den intermediære avdelinga neste år med vekt på samfunnsnytten. Men alt no ser vi døme på den konkrete nytten pasienten har av opphaldet og at sjukehuset får frigjort kapasitet. Vi ser også at kommunane får ein nytteeffekt i form av auka kompetanse og det faktum at ca 90% av pasientane vert skrivne ut etter 7 dagar på avdelinga til eigen heim og ikkje til vidare institusjonsopphald. Mange av desse pasientane ville utan dette tilbodet blitt sendt frå sjukehus til 3 vekers korttidsopphald på sjukeheim eller alternativt vorte verande lenger på sjukehus. Dette har overtydd oss om at vi er på rett spor. Effektivitet i avgjerder: I høyringsnotatet går det fram at dei regionale helseføretaka saman med kommunane skal kartleggja mogelege kostnadseffektive samarbeidsprosjekt til erstatning for dagens sjukehusbehandling. Konklusjonane skal innarbeidast i eit plan og meldingssystem. Fjell kommune legg til grunn at kartlegginga skal gjerast saman med det lokale helseføretaket og ikkje med det meir fjerne regionale helseføretaket. Vi vil også åtvara mot byråkratisering av avgjerder knytt til samhandlingsprosjekt i helseføretaka. Fjell kommune har vore imponert over kor kjapt Helse Bergen har teke standpunkt til prosjekt slik må det også verta i framtida! 2. Synspunkt på andre tilhøve Fjell kommune er samd i at kommunane bør få eit finansielt ansvar for utskrivingsklare, somatiske pasientar med verknad frå 01.01.2012. Samfunnsmessig er det viktig å nytta sjukehusressursar på behandling og ikkje til på unødvendige opphald. Men gjennomføringa må gjerast i tett dialog mellom føretak og kommunar. Eitt tiltak som i så måte bør vurderast er å laga ei sjekkliste over kva ein ferdigbehandla pasient er. Staten føreset ei økonomisk overføring til kommunane for å sikra gjennomføringa. I høyringsnotatet vurderer staten to modellar a) øyremerking av midlar til dei kommunar som har utskrivingsklare pasientar og b) overføring via inntektssystemet. Fjell kommune meiner at inntektssystemet må nyttast og at øyremerking vil vera ei uheldig favorisering av dei som ikkje har prioritert rett. Fjell kommune er samd i at kommunal medfinansiering på avgrensa område kan påverka etterspurnaden etter spesialisttenester. Men å knyta avgrensinga opp til alder over 80 år finn vi for vår del å vera ei dårleg løysing. For ein kommune å driva t.d. førebyggjande helsearbeid for berre dei over 80, er noko vi ikkje kan tenkja oss. Førebygging er eit langsiktig arbeid, ikkje kortsiktig. Vi har langt meir tru på den andre løysinga i notatet;

nemleg ei avgrensing knytt til medisinske diagnosar uavhengig av alder. Ei medfinansiering kan lett enda opp som ei unødig byråkratisering. Dette faremomentet må vera i høgsetet når ordninga vert meisla ut i detalj.