Eksamensoppgåve for følgjande fylke: Akershus, Oslo, Buskerud, Vestfold, Østfold, Oppland, Hedmark, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane Eksamen hausten 2013 Fag: MAT1001 Matematikk Vg1 1P-Y Eksamensdato: 13. november 2013 Kunnskapsløftet Vidaregående trinn 1 Yrkesfag Privatistar/ elevar
Eksamensinformasjon Eksamenstid: 4 timar Del 1 skal leverast inn etter 1,5 timar Del 2 skal leverast inn etter 2,5 timar Hjelpemiddel Del 1 Hjelpemiddel Del 2 Vanlege skrivesaker, passar, linjal og vinkelmålar Alle hjelpemiddel er tillatne. Unnatak er Internett og andre verktøy som tillèt kommunikasjon Talet på sider 10 Talet på vedlegg Andre opplysningar Ingen Der oppgåveteksten ikkje seier noko anna, kan du fritt velje framgangsmåte. Om oppgåva krev ein bestemt løysingsmetode, vil også ein alternativ metode kunne gi noko utteljing. Rettleiing om vurderinga Karakteren blir fastsett etter ei samla vurdering. Det tyder at sensor vurderer i kva for grad du viser rekneferdigheiter og matematisk forståing gjennomfører logiske resonnement ser samanhengar i faget, er oppfinnsam og kan gjere bruk av fagkunnskapar i nye situasjonar kan bruke føremålstenlege hjelpemiddel vurderer om svar er rimelege forklarer framgangsmåtar og gir grunn for svar skriv oversiktleg og er nøyaktig med utrekningar, nemningar, tabellar og grafiske framstillingar Eksamen privatistar. MAT 1001 Vg1 P-Y, hausten 2013 Side 2 av 10
DEL 1 Utan hjelpemiddel Oppgåve 1 Skriv desse tala i rekkjefølgje frå minst til størst. 2 1,9 1,19 6 % 0,99 3 Oppgåve 2 Kari har eit termometer som viser høgaste og lågaste temperatur. Eit døgn var den høgaste temperaturen 6 C og den lågaste 5 C. a) Kor mange grader var skilnaden mellom den høgaste og den lågaste temperaturen dette døgnet? På nettstaden Storm.no les Kari: Sol opp søndag 06. okt: 07.43 ned: 18.47 Sol opp torsdag 10. okt: 07.52 ned: 18.36 b) Kor mange minutt kortare er sola oppe torsdag 10. oktober enn søndag 6. oktober? Kari søv gjennomsnittleg 8 timar i døgnet. c) Kor mye av døgnet er ho vaken? Oppgi svaret i brøk og i prosent. Når Kari kjører til hytta si, held ho ein gjennomsnittsfart på 60 km/t. Ho bruker 2,5 timar på å komme fram. d) Omtrent kor mange mil er det til hytta? Eksamen privatistar. MAT 1001 Vg1 P-Y, hausten 2013 Side 3 av 10
Oppgåve 3 l Martin tener 120 kroner per time. Han arbeider 60 timar. a) Kor mye tener Martin? Martin betaler 20 % skatt av det han tener. b) Kor mye får han utbetalt? Knut har same timelønn som Martin. Han tener 9600 kroner før skatt. c) Kor mange timar arbeider Knut? Eksamen privatistar. MAT 1001 Vg1 P-Y, hausten 2013 Side 4 av 10
Oppgåve 4 I den rettvinkla trekanten er måla gitt opp i meter. a) Rekn ut lengda av den ukjende kateten. b) Mål lengda av hypotenusen, og finn ut kva for ein målestokk figuren er teikna i. Oppgåve 5 Finn ut om det er sirkelen, kvadratet eller trekanten som har størst areal. Eksamen privatistar. MAT 1001 Vg1 P-Y, hausten 2013 Side 5 av 10
DEL 2 Med hjelpemiddel Oppgåve 6 Tore går sitt siste år i lære. Han tener ordinært 130 kroner i timen og får 50 % tillegg ved overtidsarbeid. Ein månad arbeider Tore 150 timar med ordinær lønn og 12 timar med overtidslønn. a) Kor mye tener Tore denne månaden? Tore betaler 18 % i skatt av ordinær lønn og 36 % av overtidslønn. b) Kor mye får han utbetalt? Tore får tilbod om fast stilling etter læretida. Han kan velje mellom to ulike lønnstilbod. Tilbod A: Timelønn 180 kroner. Timelønna aukar med 15 kroner kvart år. Tilbod B: Timelønn 160 kroner. Timelønna aukar med 10 % kvart år. c) Kor mange år vil det går før Tilbod B vil gi høgare timelønn enn Tilbod A? Eksamen privatistar. MAT 1001 Vg1 P-Y, hausten 2013 Side 6 av 10
Oppgåve 7 Ein bensinbil slepper ut karbondioksid (CO 2 ) når han køyrer. Grafen viser kor mye karbondioksid, målt i gram per km, bilen slepper ut når han held ein fart mellom 10 km/t og 130 km/t. a) Kor mange gram karbondioksid per km slepper bilen ut når han held ein fart på 30 km/t? b) Kor stor fart har bilen når han slepper ut 150 gram per km? c) Kva for ein fart må bilen ha dersom utsleppet skal vere minst mogleg? Kva er utsleppet då? Bilen held ein fart på 50 km/t i 15 minutt. d) Kor mange gram karbondioksid slepper han ut på denne turen? Eksamen privatistar. MAT 1001 Vg1 P-Y, hausten 2013 Side 7 av 10
Oppgåve 8 Stein set opp følgjande rekneark for sine faste utgifter og si faste inntekt. a) Rekn ut kor mange kroner Stein har igjen av lønna si kvar månad når alle faste utgifter er betalte. b) Kor mange prosent av inntektene hans går til husleige? Av inntekta bruker Stein 1 7 til mat og 10 % til lommepengar. Når utgiftene er betalte, set han av resten til sparing. c) Kor mye kan han spare på eitt år, når inntekta og utgiftene er dei same kvar månad? I 1982 hadde Per ei månadslønn på 3 950 kroner. d) Kven hadde høgast månadslønn av Per og Stein når du tar omsyn til konsumprisindeksen? Tabellen under viser konsumprisindeksen for dei aktuelle åra. Årstal 1982 2013 Konsumprisindeks 50,2 134,2 Eksamen privatistar. MAT 1001 Vg1 P-Y, hausten 2013 Side 8 av 10
Oppgåve 9 Trekant ABC er formlik med trekant DEF. A 57 og E 37. a) Finn dei ukjende vinklane i trekantane. b) Rekn ut lengda av DF og BC. Eksamen privatistar. MAT 1001 Vg1 P-Y, hausten 2013 Side 9 av 10
Oppgåve 10 Eit akvarium har lengd 135,0 cm, breidd 32,0 cm og høgd 36,0 cm. Akvariet har lokk. a) Kor mange kvadratmeter glas går det med til å lage akvariet? b) Rekn ut volumet av akvariet og vis at det rommar om lag 150 liter. Det tar 25 sekund å fylle 5 dl vatn i akvariet. c) Kor høgt står vatnet i akvariet etter 3 minutt? Eksamen privatistar. MAT 1001 Vg1 P-Y, hausten 2013 Side 10 av 10