Orientering Sør- Aurdalshallen KOMMUNESTYRET 21. FEBRUAR 2019
Resyme Sør-Aurdal Kommune har skrive totalentreprisekontrakt med Sanne Hauglid AS om bygging av Sør-Aurdalshallen. Bygget skal innehalde ein 25 m svømmehall med garderobe, ein 25 x 45 idrettshall med dobbelt garderobesett og ein skule- og kulturskuledel. Etter avtalen skal kommunen overta bygget 12. desember 2018. Kommunestyret fekk ei orientering om status for bygginga 18. desember i fjor, og med bilder av bygginga og befaring utanfor gjerdet på byggeplassen. Før nyttår var veggene i kjellaren i svømmehallen støypt, samt dekke rundt svømmebassenget, fundament for søyler og sålar for ein del vegger. LOE elementmontasje hadde montert nokre veggelement i svømmehallen og holdekkeelement i golv 2. etasje i foaje.
Sør-Aurdalshallen frå nordvest Sør-Aurdalshallen fra nordvest
Sør-Aurdalshallen frå sørvest
Byggeprosess januar februar 2019 LOE elementmontasje heiste på plass resten av veggelementene i svømmehalldelen. Etterpå heiste dei på plass takelementene på svømmehallen. Desse er 42 cm høye holdekker, som spenner på tvers av svømmehallen, ca. 14,7 m Sanne-Hauglid AS har forskala, armert og støypt gavlveggene i idrettshallen eit stykke opp, med mykje utsparingar til vindauge, dører og diverse røyr. Dei har støypt langveggen i idrettshallen mot Dalagata, 45 m lang og ca. 3,9 m høg i fleire etapper. Denne er 30 cm tjukk og godt armert, sidan det skal fyllast inntil denne. Dei har også støypt to troppesjakter og ytterveggen i kjellaren under skuledelen. LOE har heist på plass stålsøyler, dragarar og holdekke under kulturskuledel, samt ein del betongvegger og tribunelement for den faste tribunen på langsida av idrettshallen.
Forts. byggeprosess januar og februar 19 Br. Dokken har lagt drensledning rundt bygget, fylt inntil veggene, grave noko meir overvass- og avløpsledningar, trekkerøyr for straum, samt montert ny kloakkpumpestasjon. Vidare framover skal resten av holdekkene heisast på plass, gavlveggene støypast heilt opp og etter kvart gitterdragarane og taket over idrettshallen. No prioriterar Sanne Hauglid å få støypt golv under svømmehallen, slik at tekniske fag kan starte med montering av ventilasjon og vassbehandlingsutstyret. Utvendig på svømmehallen skal det monterast asfaltmembran som fuktsperre, så isolasjon og sementbaserte plater. På idrettshallen skal det brukast Royalimpregnert trepanel. For det meste har det vore fine verforhold, slik at arbeidet har kunne gå utan store forsinkelsar.
Andre opplysningar Byggemøter saman med underentreprenørar annankvar veke på byggeplass, prosjekteringsmøter saman med prosjekteringsfolka frå Sweco annankvar veke på Gjøvik. God kontroll og framdrift, mange detaljer omkring materialer, overflater, konstruksjonsdetaljer og utstyr løysest etter kvart. Fakturerte endringsmeldingar på prosjektet hittil ca 1 mill kr, vert teke av uforutsett-potten. Kommunen har hjelp frå Norconsult til prosjektledelse, byggherreombud og uavhengig kontroll. Kommunen har starta med avklaringar i fbm trafikksikkerheitsplan for Dalagata, med von om å gjennomføre den fysiske tilrettelegginga samtidig med utearbeidet for Sør-Aurdalshallen.