LMU møte 04/15 Arkivreferanse 15/073399-1 Ettersendelse av dokumenter til sak 21/15: SAK: Revisjon av Studentcharter Etter oppdrag frå LMU kjem her føreslag til ny utgåve av Studentcharteret. Arbeidsgruppa har bestått av Hege Mari Lassemo Støfring (leiar), Torbjørn Smith (student ved AIØ), Tuva Maria Åserud (student ved AL) og Marlene Larsen (student ved AHS). Gruppa har hatt fire koordineringsmøter der vi har fordelt nye arbeidsoppgåver, og har ellers arbeidd individuelt. Struktur: Vi valgte å omstrukturere kapittelinndelingane så det skulle samsvare med dei sentrale utvala vi har på høgskulen dette for å tydeleggjere kven som har hovudansvar for å følgje opp serviceerklæringa. Vi har prøvd å forenkle og forkorte ein del punkt, for å gjere dokumentet meir lettleseleg og konsist. Vi har fokusert på å unngå opplistingar og presiseringar som kan føre til at noko blir utelete. Vi ynskjer at dokumentet skal heite «Rettar og plikter ved Høgskolen i Bergen». Radikale endringar: 2. Rettstryggleik og høve til klage Vi har lagt til eit punkt om studentane sine rettar og plikter i praksis, og høgskulen sitt ansvar i høve til dette. På puntket om sensurfristar har vi lagt til at høgskulen skal sanksjonere i tilfeller der sensurfrista ikkje blir overhaldt, og rapportere om graden av forsinka sensur til Studentparlamentet. 3. Studentdemokrati Vi har lagt inn handheving av demokratitid som ei forplikting frå høgskulen si side, og at studentar ventast å gjennomføre undersøkjingar og evalueringar. 4. Administrasjon og informasjon Vi ynskte å samle punkta om informasjon på ein stad, sidan dette er noko høgskulen har utfordringar med. Vi har presisert at nettsidene skal vere universelt utforma, informasjon om utveksling og kva studentane skal få informasjon om før og ved semesterstart. 5. Utdanning og studiekvalitet Her har forkorta ein del punkt, og omstrukutrert. Vi har lagt inn at alle underviserar skal ha høgskulepedagogisk kompetanse og tilretteleggjing av utveksling. 6. Læringsmiljø Vi har presisert punktet om beredskapsplanar, og lagt til at undervisninga skal vere universelt utforma, pensum skal vere tilgjengeleg for studentane ved semesterstart, høgskulen skal tilby nok studentarbeidsplassar og SiB skal få moglegheit til å tilby sine tenester på campus. 7. Forsking og utvikling Sidan det er eit auka fokus på at studentane skal utvikle forskingskompetanse i laupet av studiet, ynskte vi å leggje til eit kapittel som omhandla dette. Alle punkta her er nye.
Rettar og plikter ved Høgskolen i Bergen Innhald Rettar og plikter ved Høgskolen i Bergen... 1 1. Føremål... 3 2. Rettstryggleik og høve til klage... 3 3. Studentdemokrati... 3 4. Administrasjon og informasjon... 4 5. Utdanning og studiekvalitet... 5 6. Læringsmiljø... 6 7. Forsking og utvikling... 7
1. Føremål Denne serviceerklæringa inneheld retningslinjer for korleis Høgskolen i Bergen vil følge opp sentrale dokument som Strategisk plan, Kvalitetsmanifestet og Etiske retningslinjer for Høgskolen i Bergen, i forhold til den enkelte studenten. Serviceerklæringa gir informasjon om rettar og pliktar studentane har tenester og service studentane kan vente seg på ulike område kva studentar og tilsette kan kreve og vente av kvarandre korleis studentane kan fremje eigne interesser og ta opp saker 2. Rettstryggleik og høve til klage Høgskolen i Bergen vil sikre at dei rettane studentane har ved lover, forskrifter og reglement vert reelle. Det er viktig at studentane har kjennskap til eigne rettar og plikter, og får den informasjonen dei treng for å søke om tilrettelegging eller sende ei klage. syte for at studentane er representerte i forum der vedtak fattast som gjeld obligatorisk studiedeltaking, obligatoriske oppgåver, eksamensordningar m.m. gjere lover, forskrifter og reglement for eksamen enkelt tilgjengeleg for studentane på nettsidene, og syte for at studentane gjer seg kjende med desse synleggjere og følgje opp studentane sine rettar og plikter i praksis gjere studentane kjende med vurderinga som blir gjeven av praksisrettleiar/øvingslærar overhalde sensurfristar, sanksjonere i tilfelle der desse ikkje overhaldast og rapportere årleg til Studentparlamentet om graden av forsinka sensur gi studentane informasjon om ankerett til høgskolen si klagenemnd eller overordna styringsorgan set seg inn i lover, forskrift og reglement som gjeld eksamen og klagevilkår sjølve syter for å halde fristar for oppmelding, tilrettelegging og klage i samband med eksamen følgjer etiske retningslinjer for sitt yrke i praksis 3. Studentdemokrati Eit sterkt studentdemokrati gagnar alle studentar. Høg studentaktivitet er viktig for Høgskolen i Bergen, og tilrettelegging av studentdemokratiet er eit ansvar som må takast på fleire nivå i organisasjonen - både på seksjons/instituttnivå, avdelingsnivå, sentralt og hjå studentdemokratiet sjølv.
syte for at det gjennomførast val av tillitsvalde og fagutvalde i kvar klasse ved semesterstart gi studentane eigen representasjon i alle råd, grupper og utval som påverkar studentane gi studentane rett til å vere med på viktige vedtak om fag- og studieplanar, pensum, undervisning og ressursbruk, gjennom valde representantar til eit fagutval legge til rette for studentpolitisk verksemd gjennom økonomiske løyvingar, tenleg infrastruktur og handheving av demokratitid ta studentar på alvor, og lytte til argument og synspunkt frå studentar følgje opp tilbakemeldingar og klagar frå studentar så raskt og konstruktivt som mogleg Høgskolen ynskjer at studentane engasjerer seg aktivt i studentpolitisk arbeid held seg oppdatert på studentpolitisk informasjon tek aktivt del i nominasjon og val av representantar til styringsorgan og utval ved høgskolen deltek aktivt for å finne fram til felles løysingar når det trengs tek kontakt med relevante studentpolitiske organ med saker og problem tek del i samarbeid om å finne fram til felles løysingar tek del i evalueringar og undersøkingar gitt av høgskolen 4. Administrasjon og informasjon Høgskolen skal syte for at studentane får ei studietid som er organisert slik at studentane alltid veit kva dei har krav på og rett til. Det er viktig for Høgskolen at informasjon når ut til studentane i rett tid. ha ei oppdatert, universelt tilgjengeleg og oversiktleg nettside som gjev studentane all relevant informasjon om studiesituasjonen og om høgskolen organisere studiestart på ein slik måte at studentane får ei innføring i studieteknikk og bruk av bibliotek, nettsider, læringsplattform og e-post gi alle studentar tilgang på timeplan, litteraturliste og eksamenstidspunkt innan utgangen av føregåande semester gi alle studentar tilgang på undervisningsplan med spesifikasjon av obligatorisk undervisning, obligatoriske forprøvekrav og tidsfristar, seinast ved semesterstart
synleggjere utvekslingstilbod, og informere om desse i god tid før søknadsfristen gjennom allmøte som er opne for alle studentar tilby rettleiing og informasjon gjennom Studenttorget, som skal vere lett tilgjengeleg for alle studentar gi alle nye studentar informasjon om studieorganisering, arbeidsformer og velferdstilbod ved semesteropning tilby ein funksjonell læringsplattform nytte relevante informasjonskanalar for å syte for at viktig informasjon når studentane aktivt søker informasjon og held seg orienterte om studiesituasjonen ved å lese e-post, fagplan/studieplan, og oppslag på nettsider og læringsplattforma 5. Utdanning og studiekvalitet Studia ved Høgskolen i Bergen skal vere prega av høg kvalitet og fokus på forbetring. Studentar er viktige å høyre i arbeidet med å bli betre. Det sentrale Utdanningsutvalet og dei avdelingsvise Studiekvalitetsutvala har eit overordna ansvar for å løfte saker innan dette området. gi studentane moglegheit til å semestervis evaluere kvart emne, og oppmode til at undervisarane skal følge opp emneevalueringane, og rapportere til fagutvalet oppmode undervisarar til å vere opne for dialog om studiekvalitet, og til å arbeide målmedvite for å betre undervisninga ha klare retningslinjer for fagutval, og formidle desse tydeleg til tilsette og studentar gjennomføre jamlege undersøkingar av studentane si oppleving av studiekvaliteten, og følgje opp resultata av desse legge til rette for eit utviklande samarbeid mellom Høgskolen i Bergen, studentane og arbeidslivet syte for at undervisarar utan pedagogisk utdanning gjennomfører kurs i høgskolepedagogikk (Alternativt punkt: - ha godt fagleg og pedagogisk kvalifiserte underviserar) oppmode til og legge til rette for auka bruk av studentaktive læringsformer og IKTstøtta undervisning tilby studentane individuell rettleiing under studiet syte for at bibliotek og fagrom er fagleg oppdaterte gi studentane fagleg kompetent rettleiing om litteraturval og informasjonssøk legge til rette for fagleg utanlandsopphald ved å skape rom i fagplanen for eit semester i utlandet, både på bachelor- og masternivå
set seg inn i studie-/fagplanen stiller førebudd til undervisningsaktivitetar, og deltek aktiv i undervisninga deltek på faglege aktivitetar, òg utanom undervisningstida deltek i samarbeid mellom HiB og arbeidslivet deltek i evalueringar av undervisning og pedagogiske opplegg og gjer framlegg om betringar i samarbeid med lærarane set seg inn i tilboda biblioteket gjev set seg inn i informasjonskjelder og -verktøy dei einskilde faga nyttar held dei reglane som er fastsette for bruk av materiale bibliotektenesta stiller til rådvelde 6. Læringsmiljø Eit godt læringsmiljø er ein føresetnad for at studentar skal lære og vekse i studiet sitt. Studentane ved Høgskolen i Bergen skal oppleve tilgjengelegheit både i den fysiske og akademiske sfæra, eit godt psykososialt miljø og godt utforma undervisning. Læringsmiljøutvalget har eit særskild ansvar for å følge opp læringsmiljøet ved Høgskolen. legge til rette for universelt utforma undervisning og eit fysisk læringsmiljø som er inkluderande og tilgjengeleg for alle arbeide aktivt for eit trygt og inkluderande læringsmiljø på alle studiestadene og i alle utdanningane møte studentane med respekt og omtanke gjennomføre årlege undersøkingar om studentane si oppfatning av læringsmiljøet ha oppdaterte beredskapsplanar for situasjonar som kan oppstå både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Desse skal vere tilgjengelege på HiB sine nettsider sikre tilgang til pensum ved semesterstart, enten gjennom bibliotek eller i samarbeid med Akademika gi studentane tilgang til nødvendig IKT-utstyr syte for tilstrekkeleg mange studentarbeidsplasser stille lokale på studiestadane til rådigheit for SiB sine tenestar set seg inn i beredskapsplanar og følger desse set seg inn i ordensreglar, og respekterer retningslinjer som er gitt for bruk av ulike areal behandlar lokal og inventar aktsamt melder frå til Studentparlamentet viss dei opplever manglar ved det fysiske læringsmiljøet som kan føre til fare eller ubehag for studentar og tilsette set seg inn i og held gjeldande IKT-reglement behandlar tilsette og kvarandre med respekt og omtanke er aktivt med på å etablere sosiale studiemiljø som fremjer god fysisk og psykisk helse
7. Forsking og utvikling Høgskolen i Bergen opplever eit auka fokus på forsking i undervisninga. Studentar skal forske sjølv, halde seg oppdatert på forsking som skjer innan sitt fagfelt og oppleve å få undervisning og litteratur som er fagleg oppdatert. Det er viktig å leggje til rette for at studentane skal få ta del i forskinga som skjer ved Høgskolen. Forsknings- og utviklingsutvalget har eit overordna ansvar for denne tilretteleggjinga. gi studentane kunnskap om og ferdigheiter i forskingsmetodar som er relevante for studiet tidleg i undervisningsløpet utvikle og tilby forskingsbasert undervisning informere studentane om kva FoU-arbeid som gjerast innan fagfeltet dei studerer, og kva moglegheiter studentane har for å delta i FoU-arbeid synleggjere studentane si eiga forsking arrangere ein årleg FoU-konferanse med innhald som er relevant for studentar, og promotere denne i kanalar som når studentane oppmode vitskapelege tilsette til å involvere studentar i forskingsarbeidet sitt, og legge til rette for dette legge til rette for at studentane kan delta på forskingsseminar, konferansar o.l. ved å syte for undervisningsfri held seg oppdatert på relevant forsking som skjer på HiB innan utdanninga si deltek på seminar og framlegg av forsking som er relevante for deira studieprogram