LEIAR 2 ÅRSMELDING 2008

Like dokumenter
Årsmelding og regnskap 2011

LNUs interessepolitiske arbeid

Mer og bedre frivillighet LNU som kompetansebank Nasjonalt Internasjonalt... 5

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Til deg som bur i fosterheim år

Støtteordningar og søknader

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Forvaltningsstatistikken

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

I 2009 hadde TROBUR 28 medlemsorganisasjoner, som totalt hadde medlemmer. Troms barne- og ungdomsråd (TROBUR) Post: Postboks 590

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Kven er vi, og kva gjer vi? Statleg økonomistyring

Protokoll fra ekstra styremøte i LNU 1. mars 2011 i Øvre Slottsgate 2b

Protokoll fra styremøte i LNU Øvre Slottsgate 2b

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Protokoll fra styremøte i LNU 15. juni 2011 i Øvre Slottsgate 2b

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Lotteri- og stiftingstilsynet

Protokoll fra styremøte i LNU 8. mai 2010 på Soria Moria

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Protokoll fra styremøte i LNU 21. april 2010 i Øvre Slottsgate 2b

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Strategisk internasjonalt arbeid

INTERNASJONAL STRATEGI

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

SAIH sin strategi for inkludering av akademikarar. SAIH sin strategi for inkludering av akademikarar

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Strategiplan for Apoteka Vest HF

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Møteprotokoll for møte i

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

I løpet av året 2008 har aktiviteten tatt seg i opp i forhold til 2007.

Årsmelding og regnskap

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Styresak. Forslag til vedtak. Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Rektorforum 15. april

TROBUR hadde i medlemsorganisasjoner med totalt enkeltmedlemmer.

Lønnsundersøkinga for 2014

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

- Offentleg planarbeid

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

TROBUR har tre hovedarbeidsområder: Forvaltning, interessepolitikk og kompetanseheving.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

ARBEIDSPLAN

Ungdomsrådet sine tre politikarkontaktar har møtt når dei har hatt høve til det.

Transkript:

Årsmelding og rekneskap 2008

2 ÅRSMELDING 2008 LEIAR Det har alltid vore gode grunnar for internasjonalt samarbeid. Sjeldan har samarbeid på tvers av landegrensene vore så viktig som no, og aldri før har me samstundes hatt så stor moglegheit til å påverke. Tusen takk for innsatsen til styremedlemer, til sekretariatet og til arbeidsgruppene. Og takk til deg for at du er med på å skape ei betre fritid for barn og unge. Beste helsing Bjarne Å jobbe nasjonalt og internasjonalt er to sider av den same mynten: Det er dei same kjerneverdiane, dei same visjonane og dei same profilområda me jobbar for. Det internasjonale programmet fortel kva for internasjonale tema LNU skal ha fokus på dei neste tre åra. Det fortel kor LNU kan og bør utgjere ein skilnad, som eit samarbeidsorgan og som talerøyr for barne- og ungdomsorganisasjonane. Klimapanelet i FN har gjeve verda ein frist fram til 2015 på å snu utslippskurvene. Det er stor semje om at menneskeskape klimaendringar forandrar kloden: Frå LNU vart skipa i 1980 og fram til i dag, er tjukkleiken på isen i Arktis redusert med 15-20 prosent. Eit område seks gonger så stort som Noreg har vorte isfritt. Det er sikre observasjonar på meir tørke, meir drivhuseffekt som følgje av vassdamp, varmare vatn og dermed utrydding av tang, som er næringsgrunnlag for fiskeyngel, for å nemne noko. Arbeidsgruppa for Nord-Sør har i løpet av året gjennomført ein klimakampanje for å gjere barn og unge medvitne på kor urettferdig klimaendringane råkar. I juni arrangerer me Ungdomens klimatoppmøte med krav og innspel til norske styresmakter før klimatoppmøtet i København i desember. Barn og unge bryr seg om klimaendringane, og me er utålmodige etter å få bærekraftige og rettvise løysingar. LNU og arbeidsgruppa for Europa-spørsmål jobbar for demokrati og organisasjonsfridom i Kviterussland. Vilkårleg arrest av journalistar, fengsling av opposisjonskandidatar og undertrykking av fredelege markeringar har vore røynda sidan presidenten har stramma grepet om makta sidan 1994. I nært samarbeid med det tvangsoppløyste landsrådet RADA gjennomfører me grunnleggjande organisasjonstrening for leiarar og tillitsvalde i Kviterussland. Gjennom dei internasjonale støtteordningane til LNU gjev me din organisasjon høve til å utvikle seg gjennom internasjonalt samarbeid. Samstundes deltek me, det vil seie medlemsorganisasjonane, på ei rekke internasjonale aktivitetar gjennom året. Her møter me andre barn og unge, organisasjonar, politikarar og dei som tek avgjerder i mellom anna FN og Europarådet. Politikken me har med oss, er det du som bestemmer, og me ynskjer deg velkomen til debatten. Tusen takk for godt samarbeid og alle gode innspel i året som har gått. Det har vore morosamt å få lov til å vitje mange av dykk. Kvar organisasjon har gjeve ny inspirasjon og innsikt i det mangfaldet av barne- og ungdomsorganisasjonar som me jobbar for.

ÅRSMELDING 2008 3 1. LNU som kompetansebank LNU sin langtidsplan, vedteke på Barne- og ungdomstinget i 2005, slår fast at LNU skal ha kompetanse på sakar som vedkjem barn og unge, og vere premissleverandør for ein heilskapeleg barne- og ungdomspolitikk. LNU skal vidareføre kompetanse til organisasjonane og yte service for organisasjonane. Til grunn for dette arbeidet ligg mellom anna FNs barnekonvensjon. LNU sin kompetansestrategi vart revidert i 2008. Her går det fram at LNU ynskjer å fortsette satsinga på kompetanse, både i LNU sitt styre og sekretariat, og i LNU sine medlemsorganisasjonar. Som ein del av dette har styret gjennomført ein styreturnè, der representantar frå styret har presentert LNU for dei ulike medlemsorganisasjonane. Organisasjonar utan representasjon i styret har vorte prioriterte. Til saman har rundt 50 organisasjonar fått vitjing frå eitt eller fleire styremedlemer i LNU, og 9 av styremedlemene har vore involvert i turneen. LNUs organisasjonsskule gjekk i 2008 inn i sitt tredje år, og kurskatalogen vart lansert på Barne- og ungdomstinget. Arbeidet med kursa har stått sentralt i LNUs kompetansearbeid også i 2008, og spesielt må ein trekkje fram samarbeidet med HiO om ei kursrekke i Prosjektleiing i frivillige organisasjonar, som ga 10 studiepoeng. Alle LNUs tilbud om kurs og seminar har blitt fremma på LNUs heimesider, lnu.no og på andre høvelege plassar. 1.1 Nasjonalt Mangfald LNU sitt førre profilområde Åpen og inkluderende (2005-2008) dannar bakgrunnen for mykje av det vidare inkluderingsarbeidet og satsinga på mangfald i LNU. Heftet Startpakke for Åpne og inkluderende organisasjoner, som er eit metodehefte for inkludering, er òg grunnlaget for LNU sine kurs om emnet, og LNU har òg gjeve organisasjonane tilbod om å leie kurs om inkludering både sentralt og lokalt. Støtteordninga Mangfold og inkludering med tre søknadsfrister i året legg til rette for at organisasjonane kan utvikle seg ved å jobbe breitt med rekruttering og inkludering. Ordninga er ei vidareføring av den tidlegare støtteordninga Idébanken og den europeiske ungdomskampanjen All different All Equal (2006-2007). Det har vore stor interesse og mange søknader på støtteordninga i 2008. LNU har i samarbeid med Ungdom og fritid og Unge Funksjonshemmede starta prosjektet Mangfoldsguide, som skal utvikle eit breitt metodehefte for korleis lokallag i organisasjonar kan jobbe praktisk med holdningar, tilrettelegging og inkludering av ulike mangfoldsgrunnlag. Vi ser at det særleg manglar metodemateriell som gjeld inkludering av funksjonshemma. Det er òg lagt inn som ein sentral aktivitet i prosjektet å kunne reise ut på konsulentbesøk til lokallag og gå gjennom moglege tiltak som lokallaga skal kunne gjennomføre og rapportere på innn ei gitt tidsramme. Dette liknar på satsinga med miljøfyrtårnsertifisering for bedriftar, verksemder og organisasjoner. LNU har i 2008 vidareført prosjektet EtNorden for å utvikle eit nordisk nettverk av minoritetsungdom, og arrangerte ein konferanse i Helsinki 13-16 juni med 57 deltakere og arrangørar frå Danmark, Sverige, Island, Finland og Noreg. Informasjon om den nordiske støtteordninga under Nordisk barne- og ungdomskomité (Nordbuk) og kurs i prosjektledelse var sentrale tema på konferansen. LNU mottok over 90 søknader om deltakelse på EtNorden 08 frå organisasjonar for minoritetsungdom i heile Norden. LNU har i 2008 oppretta medlemskategorien Etableringsmedlemskap, som skal gjere vegen inn til organisasjonsfellesskapet enklare for organisasjonar som ynskjer å utvikle seg til fullt medlemskap i LNU. Bakgrunnen for den nye medlemskategorien er å få fleire minoritetsorganisasjonar inn i LNU slik at vi kan få eit større mangfald i sekretariat, styre, arbeidsgrupper og fordelingsutval. Samstundes opnar det for å kunne vegleie organisasjonane og utvikle sterke og stabile strukturar som kan nyte godt av både nasjonale støtteordninger og LNU som organisasjonsfellesskap. LNU har i 2008 hatt eit tett og godt samarbeid med mellom anna Frivilligheit Norge og Barne- og ungdomsrådet i Oslo og deira satsing på inkludering. Her kan vi særleg nemne samarbeid om ei kursrekke for små og nystarta organisasjonar og utvikling av ei workshoppakke for inkludering i frivillige organisasjonar. LNU har gjennom introduksjonsprogrammet for nytilkomne flyktningar hatt ein person, Aye Chan Maung, på språkpraksis i LNU i 2006, 2007 og 2008. Dette gjev gode erfaringar i å kunne stimulere medlemsorganisasjonane til å opprette praksisplassar. Arbeidet i 2008 gjev eit godt utgongspunkt for det vidare arbeidet LNU gjer for å fremje organisasjonane som opne og inkluderande møteplasser for alle. Det er likevel viktig å vere merksamme på at inkludering skjer ute i lokallaga. Medlemsorganisasjonane må jobbe aktivt for å bruke støtteordninga og metodemateriellet som er/blir utvikla og omsetje dette i konkrete aktivitetar og tiltak som gjev resultat. LNU sin organisasjonsskule LNU tilbyr kompetansefremmande tiltak av ulike slag innafor nasjonale og internasjonale tema. LNUs kurs har i 2008 omfatta tema som til dømes valkomitéarbeid, lobbyarbeid, retorikk og argumentasjon, nettkommunikasjon, prosjektleiing, økonomistyring, personalleiing og HMS. Det er god deltaking på dei fleste kursa, men ein kunne kanskje ynskje seg at det var fleire organisasjonar som var representert.

4 ÅRSMELDING 2008 Høgskolestudiet Prosjektleiing i frivillige organisasjonar, som var eit samarbeid med Høgskolen i Oslo, hadde 30 studentar, og var i så måte særs vellukka. Studiet hadde fem samlingar, ei arbeidsoppgåve, samt eksamen og gav 10 studiepoeng. Samarbeidet vil bli evaluert, og ei vidareføring vil bli vurdert. LNUs kompetanseteam jobbar gjennom store deler av året for å sette saman eit bredt og spanande kurstilbod, som blir presentert i kurskatalogen på BUT. Innspel og ynskjer om kurs frå organisasjonane er alltid velkomne, og eit viktig bidrag i utviklinga av organisasjonsskulen. 1.2 Internasjonalt LNU søkjer å heve kompetansen i barne- og ungdomsorganisasjonane om blant anna De sameinte nasjonane, Europa, Norden, Nord/Sør og Aust- og Sentral-Europa. Dette gjer LNU gjennom arbeidsgrupper for spesifikke arbeidsfelt, kurs og seminar og forvalting av støtteordningar som medverkar til utvekslingsarbeid og kontakt mellom organisasjonar i Noreg og partnarorganisasjonar i andre land. Lån ein LNU-konsulent Tilbodet Lån ein LNU-konsulent blir stadig meir populært. Dette er eit tilbod der organisasjonane kan låne ein LNU-konsulent til å delta som innleiar eller kursleiar på kurs og seminar ute hos organisasjonane. Organisasjonane dekker reise, diett og eventuelt overnatting, men betaler ikkje for arbeidstida. LNU har i stor grad klart å ivareta organisasjonanes ynskjer, men har diverre måtte avslå enkelte førespurnadar grunna kapasitetsmangel. Ordninga ble nytta ei rekke gonger i 2008, i tillegg kjem vitjing hos organisasjonar i samband med oppfylging av ulike prosjekter. Samarbeid med dei fylkesvise barne- og ungdomsråda (BURa) LNU har i 2008 vidareført sekretariats- og rådgjevarfunksjonen for dei fylkesvise barne- og ungdomsråda (BURa). BURau har hatt to møte, og dei tilsette har møttest til to samlinger, ei i LNU sine lokale i Oslo og ei hos NTBUR i Steinkjer. Vårkonferansen skulle ha vore arrangert i Kristiansand, men vart avlyst grunna manglande påmeldingar frå BURa. Året har vore prega av eit ynskje om endring i samarbeidsstrukturen, noko som har vore tema både på møter i LNU, i BURau og på samlingar dei tilsette har hatt gjennom året. I samband med Landskonferansen for BURa i Bergen i oktober vart det vedteke å leggje ned BUR-samarbeidet slik det er no, og BURa nytta helga på å kome fram til ein ny plattform for samarbeid mellom LNU og BURa. Det skal i framtida særleg satsast på kompetanseheving, og de to konferansane (vår- og haustkonferansen) vert slege saman til ei storsamling der dei tilsette møtast til erfaringsutveksling, og der alle BURa diskuterer aktuelle BUR-tema. Også BURO, som ikkje har vore med i samarbeidet dei siste åra, var med på å utarbeide den nye plattformen. Arbeidsgrupper I arbeidsgruppene sit representantar frå LNU sitt styre og nominerte representantar frå medlemsorganisasjonane. Gruppene arbeider saman om tema på eit gitt felt. Arbeidsgruppa for frivilligheitspolitikk Arbeidsgruppa for frivilligheitspolitikk har i 2008 mellom anna jobba med momskompensasjon/momsfritak, nytt regelverk for grunnstøtta og frivilligheitsregister og grasrotandelen. Arbeidet i denne gruppa har lagt grunnlag for LNUs høringsfråsegner om frivillighetspolitiske saker. Oppmøtet har vore bra, med møter med gode debattar og eksterne innleiarar. Arbeidsgrupper Arbeidsgruppa for europaspørsmål (AGES) Arbeidsgruppa for Øst-Europa og Balkan og Arbeidsgruppa for internasjonal politikk vart etter BUT 2007 slått sammen til Arbeidsgruppa for europaspørsmål. Målet med sammenslåinga var å knyte LNUs arbeid i europeiske strukturer og institusjoner nærare til det arbeidet LNU og LNUs medlemsorganisasjoner held på med i Øst-Europa og på Balkan. Arbeidsgruppa Nord/Sør (AGNS) I 2008 har det vore stor aktivitet i AGNS. AGNS starta 2008 med å utarbeide og ferdigstille kampanjen: Klimatoget går! Gjennom denne informasjonskampanjen vert det vist korleis klimaendringane er urettferdige. Dei rike landa står for dei største klimagassutsleppa, medan det er fattige land i Sør som vert hardast ramma av klimaendringane.

ÅRSMELDING 2008 5 Arbeidsgruppa utarbeida eit informasjonsopplegg som vart tilbode barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg. Dette vart gjort i form av ein DVD. DVDen inneheldt bakgrunnsinformasjon om klimaendringane, ein ferdig utarbeid presentasjonar om klimaendringane på norsk og engelsk, samt ulike forslag til rollespel og andre klimaaktivitetar. DVDen inneheldt òg fire filmar og musikkvideoar om klimaendringane frå ungdom i Colombia, Bangladesh, Sør-Afrika og Kenya. Arbeidsgruppa besøkte nokre og tjue organisasjonar i løpet av sumaren, i tillegg har fleire organisasjonar fått tilsendt DVDen. Kampanjen hadde òg ein underskriftskampanje med krav om mindre bil- og flytrafikk, auka satsinga på miljøvennleg, tilgjengeleg og billeg kollektivtransport, samt utbygging av lyntog mellom dei store norske byane. Krava vart retta til norske myndigheite. Klimatoget går!-kampanjen vart avslutta i september med verdas raskaste demontrasjonstog med Stortinget som mål, her vart fleire hundre underskrifte på dei overnemnte krava overrekt Samferdselsdepartementet ved Erik Lahnstein. Hausten 2008 kom det ei ny arbeidsgruppa på plass, klima vert vidareført som tema for arbeidet i 2009. Hausten 2008 var brukt på skulering av arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa har bestemt seg for å arrangere eit eige klimatoppmøte for born og unge i mai/juni 2009. Det er eit mål for dette møte å skape ein arena der barn og unge vert høyrd i klimaspørsmålet og påverkar klimapolitikken fram mot Klimatoppmøte i København i desember 2009. AGNS har òg behandla søknadar til Informasjonsstøtta Nord/Sør. Arbeidsgruppa sitt arbeid vert finansiert med støtte frå Norad. 2. LNU som interesseorganisasjon LNU sitt langtidsprogram slår fast at LNU skal vere ein interesseorganisasjon for medlemsorganisasjonane og fremje organisasjonane sine felles interesser og eigenart overfor styresmakter og viktige samfunnsaktørar. LNU skal synleggjere medlemsorganisasjonane sitt arbeid nasjonalt og internasjonalt, og vere ein møteplass og ein diskusjonsarena for tillitsvalde og andre i organisasjonane. Det interessepolitiske arbeidet byggjer på interessepolitisk strategi som vert vedteke av styret kvar haust. I tillegg diskuterer og vedtek styret viktige saker fortlaupande. Statsbudsjettprioriteringar vert vedteke på fyrste møte etter jul kvart år. LNUs representantskapsmøte vedtok og i 2008 at profilområdane Ung makt og demokrati og Organisert ungdomskultur skal liggje til grunn for LNUs interessepolitiske arbeid. Dei viktigaste sakene i år har vore arbeid med statsbudsjettet, oppfølging av den nye forskrifta for driftsstøtte, røysterett for 16-åringar, etableringa av Frivillighetsregisteret, momsfritak og Frifond. 2.1 Nasjonalt Statsbudsjettet I tråd med vedtekne prioriteringar sendte LNU sine innspel til regjeringa i februar, og følgde desse opp gjennom året gjennom lobbyarbeid mot både regjeringa og stortingsrepresentantar. Då statsbudsjettet vart lagt fram, vart det halde statsbudsjettfrukost i LNU sine lokale, der medlemsorganisasjonane kom for å dele reaksjonar og tankar kring det nye budsjettet, og der nokon også koordinerte statsbudsjettarbeidet sitt. Dette arrangementet har blitt etablert som ei fast del av organisasjonanes statsbudsjettarbeid. Dette er svært gledeleg, og vitnar om eit auka medvett kring dei interessepolitiske sakene som har vore oppe på dagsordenen det siste året. LNU la også i år ut utdrag frå budsjettet og reaksjonar frå medlemsorganisasjonane på nettsidene. Dette er samla på lnu.no/statsbudsjettet09. Ny forskrift for grunnstøtta LNU har følgt opp implementeringa av den nye forskrifta for driftstøtte til barne- og ungdomsorganisasjonane, og har blant anna gitt organisasjonane informasjon om korleis endringane i støtta vil slå ut. LNU har kommentert overfor departementet at innføringane av dei ulike delane av forskrifta bør tre i kraft samstundes.

6 ÅRSMELDING 2008 Røysterett for 16-åringar Som eit ledd i arbeidet med profilområdet Ung makt og demokrati har LNU hatt sterkt fokus på røysterett for 16-åringar i 2008. Vi har hatt eit godt samarbeide med Barneombodet i denne saken og representantar frå LNU besøkte det britiske initiativet Vote@16 for å hente erfaringar frå deira arbeid. I februar vart det opna for ei prøveordning med røysterett for 16-åringar i kommunevalet i 2011, og LNU har i etterkant av dette jobba for å få kommunar til å søke om å gjennomføre prøveordninga. I forarbeidet til stortingsmeldinga 2008:33 Eit sterkt lokaldemokrati som vart lagt fram juni 2008, vart det sett ned ei ungdomsgruppe for lokaldemokrati, leda av LNU og Elevorganisasjonen, som presenterte 120 tiltak for å auke den demokratiske deltakinga blant unge. Frivillighetsregisteret Frivillighetsregisteret vart vedteke innført frå 1. januar 2009, og LNU har jobba saman med Frivillighet Norge for å påverke utforminga av dette. Sjølv om mange av LNU sine innspel har blitt tatt med i utforminga, har vi påpekt at det er store manglar med det planlagde registeret. LNU har mellom anna understreka overfor Kulturdepartementet at det manglar funksjonar for å lenka alle ledda i ein organisasjon og har kravd at organisasjonane må kunne få registrere alle lokallaga sine samla for å sleppe å betale registrering for kvart enkelt lag. For å unngå at barne- og ungdomsorganisasjonane sit igjen med regninga har LNU fremja eit krav om at det skal være gratis å registrere seg i Frivillighetsregisteret. Moms Frivillighet Norge har jobba for å utvide momskompenasjonsordninga til å gjelde all moms, og LNU har deltatt i dette arbeidet gjennom deltaking i arbeidsgrupper og Generalsekretærs arbeid i styret til Frivillighet Norge. LNU har her fremja løysingar som gjer det mogleg for lokallag å nyte godt av momsfritaket, mellom anna gjennom vidareføring av sjablongordninga for momskompensasjon. Hyperion fekk i haust gjennomslag for at datasamlingar og andre spilltreff skal fritakas for moms på deltakaravgift, etter at dei klaga på at The Gathering ble kravd nesten to millionar i moms for 2006, 2007 og 2008. LNU har bedt Finansdepartementet utvida dette fritaket til å gjelde for alle medlemsarrangement i regi av frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar der ein krev deltakaravgift. Dette kravet har Finansdepartementet støtta og oversendte saken til Skattedirektoratet for iversetting like før jul. Frifond Våren 2008 la Løken-utvalet fram ei delinnstilling frå sin gjennomgang av det rytmiske musikkfeltet, og foreslo at Frifond berre skulle kunne nyttast av organisasjonar som driv med kultur i snever forstand. LNU samla støtte frå alle ungdomspartia og kravde at Frifond skulle bevarast som ei ordning for å styrke lokal ungdomskultur gjennom barneog ungdomsorganisasjonar og lag, og vi fekk gjennomslag for dette synet hos departementet. 2.2 Internasjonalt Dei Sameinte Nasjonane (FN) I 2008 var LNU representert i tre ulike FN-fora. FN arrangerar annakvart år ein spesialsesjon med fokus på hiv/aids. LNU har dei siste åra opparbeidd seg kompetanse på området, både gjennom det nasjonale hiv/aids rådet, men og ved at mange av medlemsorganisasjonane har prosjekt med fokus på hiv/aids. Ungdomsdelegaten i den norske delegasjonen til spesialsesjonen om hiv/aids fekk ei sterk rolle i den norske delegasjonen. UN-Habitat arrangerer annakvart år World Urban Forum, eit møte som samlar politikarar, byråkratar, frivillige organisasjonar og forskarar som arbeider med urbane spørsmål, slum, busetjing, vann og sanitær osv. LNU får høve til å stille med ein ungdomsrepresentant i den norske delegasjonen, i tillegg blei ein konsulent i LNU spurt om å halde ei fagleg innleiing på Forumet. I forkant av sjølve World Urban Forum arrangerte UN-Habitat eit eige forum for ungdom (World Urban Youth Forum), som samla ca 500 ungdommar frå heile verda. World Urban Forum 2008 blei arrangert i Nanjing Kina. Ungdomsspørsmål stod høgt på dagsorden, særleg på grunn av lanseringa av eit fond initiert av Noreg retta mot ungdomsleia utviklingsprosjekt i urbane strøk. Kristoffer Sundøy frå LNU-styret ble vald inn som europeisk representant i et rådgivande organ (Youth Advisory Board) til UN-Habitat på ungdomsspørsmål. FNs Generalforsamling dekker eit mangfald av saker, deri blant ungdomsspørsmål. Dei norske ungdomsdelegatane heldt eit innlegg om retten til utdanning, med spesielt fokus på utdanning i post-konflikt situasjonar. Ungdomsdelegatane haldt møte med fleire FN-organisasjonar og arbeida aktivt internt i den norske delegasjonen. Europasamarbeid LNU er aktive i Det Europeiske Ungdomsforumet (YFJ) og i arbeidet opp mot Europarådet og EU. Arbeidet i Det europeiske ungdomsrådet (YFJ) er i stor grad prega av eit godt Nordisk/Baltisk samarbeid. Christoffer Grønstad blei i november 2008 vald som visepresident i YFJ som representant for LNU, og er ein viktig premissleverandør for våre synspunkt. I 2007 starta eit viktig arbeid med å omstrukturere arbeidet til YFJ, som skal være med å legge til rette for ein slagkraftig europeisk paraplyorganisasjon. LNU var aktive gjennom heile 2008 saman med våre nordiske og baltiske søsterorganisasjonar for å få gjennomslag for vårt syn og våre idear i dette arbeidet. LNU arrangerte saman med Framfylkingen eit styremøte for YFJ i Oslo i juni 2008.

ÅRSMELDING 2008 7 Europarådet er ein viktig møteplass mellom ungdomsorganisasjonar og statar tilknytt den Europeiske Kulturkonvensjonen. I ein co-management struktur jobbar representantar for myndigheiter og ungdomsorganisasjonar seg frem til ein heilskapleg og god ungdomspolitikk. I 2008 har arbeidet med ein ny ungdomsstrategi i Europarådet stått i fokus, i tillegg til gjennomføringa av eit ministermøte i Ukraina og oppussing av eit europeisk ungdomssenter i Strasbourg. LNU er også aktive med å rekruttere, førebu og følgje opp kandidatar til kurs og seminar i regi av Europarådet, EU og YFJ. Norden og Baltikum LNU deltek kvart år på eit møte med dei andre nordiske og baltiske ungdomsråda, i år var møtet lagt til København. Dette er ein viktig møteplass for å diskutere felles prioriteringar for vårt europeiske og globale arbeid. LNU deltek også i ein co-mangement-struktur på nordisk plan. Nordisk barne- og ungdomskomité er ein komité under Nordisk Ministerråd, der LNU og dei andre nordiske landsråda samarbeider med myndigheitene om ein nordisk profil for barne- og ungdomsarbeidet. Mangfald og etniske minoritetar har vore ein satsing dei siste åra. LNU vidareførte arbeidet med seminaret Et Norden, som samla etniske minoritetar frå alle dei nordiske landa for å diskutere dei moglegheita som finnes for å søke midlar for å drive organisasjonssamarbeid i Norden, og auke kompetansen på prosjektarbeid og prosjektstyring. I tillegg har LNU sendt representantar til ulike konferansar og møter i nordisk samanheng. Aust-Europa Vinteren 2008 starta LNU og det kviterussiske barne- og ungdomsrådet Rada eit prosjektsamarbeid. Målet med samarbeidet har fyrst og fremst vore å gi Rada sine medlemsorganisasjonar eit godt leiartreningsprogram. På grunn av den politiske situasjonen i Kviterussland er det svært vanskeleg for organisasjonar som er i opposisjon til styresmaktene å få gjennomført sine aktivitetar. Leiartreningsprogrammet Rada og LNU samarbeider om gir eit unikt tilbod til kviterussiske organisasjonar i Kviterussland. I løpet av perioden ein deltek i programmet lærer ein mellom anna om organisasjonsstyring, prosjektstyring og europeisk ungdomspolitikk. Som eksamen må studentane gjennomføre eit prosjekt i sitt nærmiljø. Utviklingspolitiske spørsmål LNU har jobba i fleire fora med å påverke Noreg si satsing på barn og ungdom i Sør. For LNU er det viktig at Noreg aktivt bidreg til å sikre retten, og styrke mulegheita, for ungdom i Sør til å organisere seg og jobbe for sake dei brenn for. På høring i Utanrikskomiteen påpeika LNU at det er ynskjeleg med ei prioritering i Statsbudsjetttet (kap. 160/post 70) knytt til arbeid som fremmar barn og ungdom sine rettar og deira aktive deltaking i utviklinga av eige samfunn, då med særskilt fokus på styrking av demokratiske barne- og ungdomsorganisasjonar. Barn og ungdom sine rettar bør vere ei prioriter målgruppe innan dei sentrale måla for norsk utviklingspolitikk. Dei same innspela vart sendt i samband med ny Utviklingsmelding. Samstemt for utvikling LNU kom med innspel i høyringsprosessen rundt NOU 2008:14 Samstemt for utvikling? LNUs innspel var retta mot situasjonen til barn og unge i krig og konfliktsituasjonar, at barn og unge på ingen måte skal ta del i krigshandlingar og at barn og unge må vere involvert som aktørarar i fredsprosessar. LNU viste òg til at Noreg bør ta ei leiande rolle i arbeidet med ein ny internasjonal våpenhandelsavtale, og at ei satsing på barn og unge må vere eit sentralt element i norsk utviklingsarbeid. Mange av desse innspela finn me att i den ferdige NOUen. I løpet av 2008 har LNU halde fram med møta i ungdomsnettverket på hiv og aids for å sikre barne- og ungdomsorganisasjonane sine innspel til det nasjonale hiv- og aidsrådet der LNU er representert. Ein har jobba tett opp mot Utanriksdepartementet for i enda støre grad å verte involvert, og på møtet i det nasjonale hiv- og aidsrådet hausten 2008 var ungt leiarskap eit sentralt tema. Wergelandskonferansen 2-5 juni 2008 vart Wergelandskonferansen 2008 skipa til på Eidsvoll/Oslo. 36 deltakarar frå organisasjonsmiljø i 17 land i Midt-Østen og Europa møttest for å diskutere Kunsten si rolle som brubyggjar mellom Europa og Midt- Østen. Wergelandskonferansen var ein del av LNU sitt aukande arbeid med barne- og ungdomsorganisasjonar i Midt-Østen. LNU vil etter konferansen sjå på høve for andre aktivitetar knytta til regionen, og på sikt arbeide for ei støtteordning for prosjektsamarbeid mellom barne- og ungdomsorganisasjonar i Midt-Østen og Noreg. Samarbeidet med Rada er planlagt vidareført i 2009, der LNU mellom anna skal sjå på kva vi kan lære av Rada sin måte å jobbe med leiarutvikling på.

8 ÅRSMELDING 2008 3. LNU som forvaltingsorgan Ein viktig del av verksemda til LNU er å vere eit forvaltingsorgan med støtteordningar for barne- og ungdomsorganisasjonane. I 2008 har LNU jobba særleg med å spisse målsetjinga for forvaltingsarbeidet mot at støtteordningane som LNU forvaltar skal bidra til styrking og utvikling av organisasjonane både i Norge og internasjonalt. I 2008 forvalta LNU 9 støtteordninger med finansiering frå forskjellige departement. 3.1 Nasjonalt Frifond LNU forvaltar Frifond-ordninga saman med dei to andre paraplyorganisasjonane Norsk Teaterråd og Norsk Musikkråd på vegner av Kultur- og kyrkjedepartementet. Ordninga, som skal stø aktivitet av og for barn og unge i deira lokalmiljø, er finansiert gjennom overskotet frå Norsk Tipping, dels direkte via Kongen, dels omveges via Stortinget (over statsbudsjettet). I 2008 var den totale Frifond-løyvinga som blei fordelt via LNU på i overkant av 106,6 millionar kroner, medrekna uvanleg høge renteinntekter. 89% av desse midla er fordelte til lokallag i dei nasjonale organisasjonane via sentralledda, medan 11% er fordelte direkte til uavhengige lag, foreiningar og ad hoc-grupper lokalt. Nettsida frifond.no hadde i 2008 framleis ein gamaldags utsjånad og var lite brukarvenleg. Hausten 2008 starta ein arbeidet med ei nødvendig fornying av nettsida innanfor eksisterande tekniske løysing, parallellt med arbeidet med ny grafisk profil for Frifond. Begge delar vil vere på plass vinteren 2009. I 2008 var det 10 år sidan dei såkalla Flax-midla, forløparen til Frifond, blei introduserte. Dei tre paraplyane markerte dette med eit miniseminar på Litteraturhuset i Oslo 28. november. May-Helen Molvær-Grimstad, leiar i Famile- og kulturkomiteen i Stortinget, var til stades saman med ei rad representantar for brukarane og forvaltarane. Kultur- og kyrkjedepartementet varsla hausten 2008 at ein ville setje i gang ei evaluering av Frifond-ordninga, med særleg vekt på effektane av ordninga lokalt, og forvaltinga ute i organisasjonane. Frifond Organisasjon Sentralledda i dei nasjonale barne- og ungdomsorganisasjonane søkjer støtte frå denne ordninga på vegner av lokallaga sine. I 2008 fordelte LNU i overkant av 93,9 millionar til lokallagsarbeid via Frifond Organisasjon. Talet på organisasjonar i ordninga har halde seg svært stabilt. Retningslinene for støtteordninga blei reviderte i januar 2008, og dei nye retningslinjene blei gjort gjeldande for tilskotsåret. LNU gjennomfører kontrollbesøk for tilskotsåret 2008 i løpet av vinteren 2009. Tidlegare har kontrollbesøka synt særs ulik forvaltingspraksis i organisasjonane. Tendensen er at fleire går over frå ei flat fordeling av midla til meir utstrekt bruk av prosjektsøknader. Frifond barn og unge I 2008 mottok LNU 1917 søknader til Frifond barn og unge. Det er ein nedgang på 190 søknader frå 2007. LNU fordelte i løpet av året 12,3 millionar kroner til lokal aktivitet gjennom Frifond Barn og unge, Frifond Film og Frifond TV medrekna. Som tidlegare er det eit enormt mangfald av aktivitet som får støtte. For første gang på lang tid har ein makta å ikkje berre dele ut heile årets tildeling (10,5 millionar), men også bruke av restmidla (1,8 millionar). I tillegg fekk ein løyve frå Kultur- og kyrkjedepartementet til å bruke 1,5 millionar av restmidla på eit prosjekt for å få fleire Frifond-søkjarar frå minoritetsgrupper. Ved utgangen av 2008 stod det likevel att 9,3 millionar kroner i restmiddel frå tidlegare år, men av desse har ein fått løyve til å bruke 2 millionar til nytt sakshandsamingssystem. I 2008 har ein prioritert rask og effektiv sakshandsaming, utan at dette har gått utover kvaliteten på sakshandsaminga. Ein har redusert sakshandsamingstida på Frifond barn og unge kraftig, samstundes som ein har lagd vekt på grundigare rettleiing av dei som får tildelt støtte. Samtidig har ein prioritert den økonomiske oppfølginga av søkjarar, og talet på uoppgjorde krav er lægre enn på lang tid. Talet på søkjarar som ikkje rapporterer innan fristen har også gått ned i 2008. Retningslinene for Frifond barn og unge blei reviderte med verknad frå 31. mai 2008. Mellom endringane var eit tydelegare skilje mot idretten, på bakgrunn av at Frifond er finansiert av kulturdelen av tippemidla. Innanfor Frifond Barn og unge har ein i 2008 halde fram med prosjektet Frifond Film, og starta opp systerprosjektet Frifond TV. Her har lokale grupper etter eigne retningslinjer hatt moglegheit til å søkje på inntil 75 000 kroner til filmog TV-prosjekt. Frifond Film og Frifond TV hadde felles søknadsfrist våren 2008, men kvar sine fordelingsutval. Ein såg at ein del søknader kunne høve inn under begge prosjekta. Hausten 2008 gjennomførde ein ei ny søknadsrunde der ein fordelte restmiddel på Frifond Film. Totalt mottok LNU i 2008 fleire søknader enn ein har fått til Frifond Film tidlegare år. Dette tyder på at Frifond er godt kjend mellom barn og unge som driv med film, og at det finst god kompetanse i ungdomsmiljø mange stader. Det blei i alt delt ut i overkant av 2,1 millionar kroner fordelt på 34 ulike prosjekt i heile landet. Prosjektet Frifond for alle er finansiert av restmiddel frå Frifond barn og unge frå tidlegare år. Koordinator for prosjektet vart tilsett i juni 2008, og prosjektet skal gå ut 2009. Første halvåret av prosjekttida vart i stor grad brukt til informasjonsbesøk og rettleiing og oppfølging av søkarar. Frifond for alle har hausten og vinteren 2008 vore på informasjonsbesøk på skular, fritidsklubbar, ungdomshus og trussamfunn i Austlandsområdet. Ein har utvikla eit leiartreningsprosjekt for ungdom i samarbeid med bydel Alna, der innføring i Frifond er ein del av opplæringa.

ÅRSMELDING 2008 9 Vinteren 2008 starta ein også arbeidet med ungdomsmagasinet Lixom. På seinhausten kom arbeidet med ny grafisk profil, inkludert nytt informasjonsmateriell, i gong. Frå 1.1. 2009 er Frifond-konsulentane organiserte i eit eige team, FRIT, med ein eigen koordinator i LNU-sekretariatet. Mangfald og inkludering 2008 var det første tilskuddsåret for støtteordninga Mangfald og inkludering. Ordninga er finansiert av Barne- og likestillingsdepartementet. I 2008 var det 945 000 + 100 098 attendebetalte kroner til fordeling.mangfald og inkludering tok imot 166 søknader, 50 prosjekt fekk støtte. Gjennomsnittlig støttebeløp er om lag 19 630. Mangfold og inkludering har eit eige fordelingsutval. Kulturmidlane Kulturmidlane er ei prosjektstøtteordning til kulturaktivitetar i regi av landsomfattande barne- og ungdomsorganisasjonar. Ordninga er finansiert av Kultur- og kyrkjedepartementet. I 2008 ble det delt ut 891 000 kroner fordelt på 9 kulturprosjekt. Det låge talet skyldast blant anna at 7 prosjekt fekk tildela midlar frå 2007, på til saman 775 000 kroner. 3.2 Internasjonalt Balkanmidla Balkanmidla har vore LNU si støtteordning for barne- og ungdomsorganisasjonane sitt prosjektsamarbeid med partnarar på Balkan. Målet med støtteordninga har vore å styrkje barne- og ungdomsorganisasjonane si rolle i oppbygginga av bærekraftige sivile samfunn, demokratiske strukturar og dialog mellom religiøse og etniske grupper. Støtteordninga er finansiert av Utanriksdepartementet. I 2008 vart det fordelt 1 080 000,- kroner til 9 prosjekt. I LNU sin forvaltingsstratgi vedtatt hausten 2008, vart det vedtatt å slå Balkanmidla saman med støtteordninga Demokratimidla. Målet er at det skal vere enklare for organisasjonane å halde seg til ei støtteordning i staden for to. Ungdomsbevilgninga Nord/Sør LNU har i 2008 delt ut i underkant av 1,5 millionar kroner til 19 norske barne- og ungdomsorganisasjonar, for å gjennomføre i alt 21 samarbeidsprosjekter med barne- og ungdomsorganisasjoner i Sør. Målsettinga med Ungdomsbevilgninga Nord/Sør er å stimulere og styrke samarbeid mellom barne- og ungdomsorganisasjonar i Norge og i Sør. Samarbeidsprosjekta skal leie til organisasjonsutvikling og kunnskap om Nord/Sør-spørsmål i organisasjonane i Noreg og i Sør. LNU ser ein stadig større bredde i organisasjonar som søkjer støtte frå ordninga. Støtteordninga vert finansiert av Norad. Frå og med 2008 har LNU hatt ein treårig avtale med Norad, det gjer at organisasjonar òg kan søkje om ein treårig avtale med LNU. Ein slik treårig avtale sikrar føreseielegheit for organisasjonane og meir langsiktige prosjekt. Informasjonsstøtta Nord/Sør LNU har delt ut 270.000 kroner til 15 barne- og ungdomsorganisasjonar sine informasjonstiltak om sentrale og aktuelle Nord/Sør-spørsmål. Midlane delast ut gjennom støtteordninga Informasjonsstøtta Nord/Sør, totalt mottok LNU 20 søknadar til ordninga i 2008. Formålet med informasjonsstøtta er å auke kompetanse, kunnskap og engasjement om Nord/Sør-spørsmål spesielt i barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg, men óg i befolkninga generelt. Tema for dei forskjellige informasjonstiltaka i 2008 var mellom anna: klimaendringane, barnearbeid, økonomisk utbyting og bistandsavhenging, biologisk mangfald og vern av regnskogen, miljøvenleg matproduksjon, rettane til lesbiske, homofile, bifile og transseksuelle (LHBT rettar), hiv og aids, gjeldsproblematikk, fredsarbeid og rolla til det internasjonale samfunnet, internasjonal handelspolitikk, akademisk fridom og retten til å organisere seg, demokrati og rettar for ungdom i Palestina, samt forskjellege formar for skuleringstiltak i Nord/Sør-spørsmål gjennom til dømes seminarar, filframsyning, deltakande metodar og debattar. Støtteordninga vert finansiert av Norad. Demokratimidla Demokratimidla for Aust-Europa og Kaukasus gav i 2008 støtte til organisasjonsutviklingsprosjekt i Russland, Kviterussland, Ukraina, Moldova og Sør-Kaukasus.. Støtteordninga er finansiert av Utanriksdepartementet. I 2008 vart det fordelt 1 637 000 kroner til 11 prosjekt. Trass at støtteordninga har eksistert sidan 1994 har det aldri vore gjort ei ekstern evaluering av ho. Hausten 2007 vart det bestemt at det skal gjennomførast ei ekstern evaluering skulle sjå på både på effekten av dei tiltaka som fekk støtte og LNU si forvalting av midla. Evalueringen vart gjennomførd i 2008 av Fridtjof Nansens Institutt. Evalueringa er positiv og konkluderer med at LNU forvaltar ordninga på ein god måte og at prosjekta som får støtte medverker til støtteordninga si måloppnåing.

10 ÅRSMELDING 2008 LNU Utveksling LNU Utveksling er eit utvekslingsprogram for barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg og deira partnarorganisasjonar i Sør og Aust. Programmet er finansiert av Fredskorpset. Det vart fordelt 1 450 600 på tre prosjekt med til saman seks involverte organisasjonar. Dei byrja sine utvekslingar i 9.runde av LNU Utveksling august 2008. Utvekslingane gjekk føre seg i Noreg, Colombia og Malawi. Etter endringane som vart gjort med utvekslingsprogrammet i 2007 har LNU i 2008 opplevd ei auka interesse frå organisasjonane for programmet. Hausten 2008 fekk tre nye prosjekt med til saman 7 involverte organisasjonar tilsegn om støtte til utveksling som vil starte i 2009. Våren 2008 vart det vedteke frå Utanriksdepartementet si side at dei partipolitiske ungdomsorganisasjonane ikkje lenger kunne få støtte gjennom Fredskorpset og gjennom det heller ikkje gjennom LNU Utveksling. LNU påklaga vedtaket til Utanriksdepartementet og i oktober vart vedtaket omgjort slik at dei partipolitiske igjen skulle kunne få støtte gjennom LNU Utveksling. 4. Mediearbeid og kommunikasjon LNU sitt informasjonsarbeid kjem til syne i LNUs roller som interessepolitisk organ, forvaltningsorgan og kompetansebank. Informasjonsarbeidet er forankra i dei tre strategiane. 4.1 Intern kommunikasjon Internettet er LNUs viktigaste kommunikasjonskanal. Eit viktig fokus i 2008 har vore å utvikle og forbetre kommunikasjonen på nettet. LNU.no og dei elektroniske nyhendebreva er framleis dei viktigaste sambandslinene for LNU. Men i tillegg har vi satsa breiare med nærvære på fleire sosiale nettstadar, til dømes Facebook, Twitter, Friendfeed og Youtube. Hausten 2008 starta vi og testing av ein eigen blogg, som skal vere LNUs meir uformelle kommunikasjonskanal. Ynskje er at dette skal bli ein tovegs kommunikasjonskanal for informasjon- og meiningsutveksling internt i LNU mellom sekretariatet, styret og medlemsorganisasjonane (i tillegg til at me og vonar og nå andre interesserte). LNU bloggen blei offisielt lansert i januar i år, og hadde registrert ca 2000 unike besøkjande i løpet av den fyrste månaden. Til samanlikning har hovudsida vår LNU.no eit gjennomsnitt på nærare 7000 unike besøkjande pr månad. Dette er ei lita auke i forhold til føregåande år. I 2008 starta vi og arbeidet med å utvikle ei ny løysing for å setje i verk elektroniske behovsundersøkingar blant medlemsorganisasjonane, evaluering av kurs og liknande spørjingar i tida som kjem. 4.2 Mediearbeid LNU har i løpet av 2008 vidareført rutinane frå i fjor, og mellom anna tatt del i interessepolitiske debattar og fått merksemd rundt saker som mellom anna grunnstøtta og ungdomsdelegatane til generalforsamlinga i FN. 4.3 Politisk informasjon Politisk informasjonsarbeid skjer i all hovudsak gjennom formelle og uformelle møte, høringsuttalelser og gjennom LNU sitt politiske nyhendebrev, i tillegg til informasjon på nettsidene. Grunna mange saker under utvikling, som til dømes frivilligheitsregisteret og momssaka, har antallet politiske nyhendebrev i 2008 vore lågare enn ynskjeleg. Dette vil rettast opp att i 2009.

ÅRSMELDING 2008 11 5. Representasjonar 5.1 Nasjonale representasjonar Nasjonale representasjonar Nasjonal konsulent Kirsten Helene Teige heldt foredrag på Landslaget for Lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Tromsø 26-27. april Nasjonal konsulent Kirsten Helene Teige heldt foredrag og presenterte paper på den nordiske ungdomsforskningskonferansen NYRIS på Lillehammer 14-15. juni. Nasjonale konsulentar Kirsten Helene Teige, Runa Brandal Myklebust og Lars Rottem Krangnes deltok på LO sin kulturkonferanse i Oslo 14. oktober. Leiar Bjarne Dæhli heldt foredrag og nasjonale konsulenter Kirsten Helene Teige og Runa Brandal Myklebust, deltok på barne- og ungdomskonferansen (BLD) i Kristiansand 16-17. Oktober Styreleiar Bjarne Dæhli og nasjonal konsulent Kirsten Helene Teige deltok frå LNU på barnas spørretime 20. November Nasjonale konsulentar Haldis Gjømle og Kirsten Helene Teige (frå september) har delteke på møte i Forum for Barnekonvensjonen. Haldis Gjømle og Kirsten Helene Teige (frå september) har delteke i Forum for Barnekonvensjonen si skrivegruppe i arbeidet med supplerande rapport til Norges fjerde rapportering til FNs barnekomité. Internasjonal konsulent Kjersti Koffeld har representert LNU i det Nasjonale hiv og aidsrådet. Bjarne Dæhli representerte LNU i dialogforum om integrering og inkludering i AID (14. november) Ragnar Eggesvik og Julie Lødrup har representert LNU i referansegruppa for diskrimineringslovutvalget som skal utrede ny og heilskapeleg diskrimineringslovgiving i Norge (juni 2009). Sekretariatet for dette ligg under BLD. Christine Øverli Eriksen og Ragnar Eggesvik representerte LNU i arbeidsgruppe i AID om Frivillige organisasjonar og integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga Christine Øverli Eriksen og Ragnar Eggesvik representerte LNU på dialogforum om rasisme og diskriminering i AID (8. april) Offentlige oppnemningar Rabia Ahmad vart oppnemnt etter forslag fra LNU til en jury i BLD for Innvandrerprisen 2008. Leder Bjarne Dæhli ble oppnevnt etter forslag fra LNU til leder for en jury i BLD for årets barne- og ungdomskommune. Terje Winther (De Unges Orkesterforbund), Sunniva Pettersen Eidsvoll (Natur og Ungdom), Jarle Skullerud (Frikirkens barn og unge) og Gro Tvedt Andersen (Framfylkningen) ble oppnevnt etter forslag fra LNU til et utvalg i BLD som skulle gi råd om et aktivitetskriterium i ny forskrift for driftstøtta. Generalsekretær Trond Enger representerte LNU i en arbeidsgruppe i Kultur- og Kirkedepartementet om ny forskrift for Frivillighetsregisteret. Styremedlem Marte Haabeth Grindaker representerte LNU i en arbeidsgruppe i Kommunal- og regionaldepartementet om ungdom og demokrati fra september til desember. Styremedlem Martin Østerdal vart oppnemnt til BLD si referansegruppe for barn og unges fritid Høyringar Leiar Bjarne Dæhli og generalsekretær Trond Enger representerte LNU på høyring om statsbudsjettet i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Generalsekretær Trond Enger, internasjonal konsulent Monica Sydgård og Kasper Landmark (Norges KFUK- KFUM) representerte LNU på høyring om klimameldinga i Energi og miljøkomiteen på Stortinget. Leiar Bjarne Dæhli og generalsekretær Trond Enger representerte LNU på høyring om frivilligheitsmeldinga i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Leiarr Bjarne Dæhli, styremedlem Martin Vonstad Østerdal og internasjonal konsulent Karianne Bergset Austnes deltok på høyring i Utanrikskomiteen om statsbudsjettet. Styremedlem Martin Vonstad Østerdal og samfunnskontakt Julie Lødrup deltok fra LNU på høyringsmøte i Stortingets kommunal- og regionalkomité om ny innvandringslov. Frivillighet Norge Styremedlem Lene Haus heldt innlegg og nasjonal konsulent Kirsten Helene Teige og ass. gensek Synnøve Seljeflot deltok på Frivillighet Norge sin toppleiarkonferanse i Oslo den 10. januar Nasjonal konsulent Kirsten Helene Teige representerte LNU i nettverksgruppa Forskning om frivilligheit. 5.2 Internasjonale representasjoner Dei forente nasjonane (FN) Petter Hojem (Skeiv Ungdom) og Ingrid Grov Mannsverk (Sosialistisk Ungdom) var LNU sine delegater til FNs generalforsamling Kristoffer Sundøy (Norges Musikkorps Forbund) var LNU sin delegat til World Urban Forum Internasjonal konsulent Rune Arctander deltok på World Urban Forum. Siri Luthen (SAIH) deltok for LNU på FN sin spesialsesjon om hiv/aids i New York i juni 2008 Europarådet Styremedlem Christine Øverli Eriksen deltok som medlem av Advisory Council on youth i Europarådet Petter Hojem fra Skeiv Ungdom deltok på eit møte i Advisory Council on Youth i Europarådet. Internasjonal konsulent Rune Arctander deltok som observatør i Barne- og likestillingsdepartementet sin delegasjon på møte i European Steering Committee for Youth (CDEJ) våren og høsten 2008. Styreleiar Bjarne Dæhli deltok på Europarådets ministerkonferanse i Kiev i oktober 2008

12 ÅRSMELDING 2008 EU Isak Ljønes (KFUK/M), Christine Volden (Unge Funksjonshemmede) og May Britt Stene (Unge Funksjonshemmede) deltok på det slovenske formannskapet sin ungdomskonferanse i april 2008 Andreas Berger (Europeisk Ungdom) og Åge Mathias Bjørnsen (Europeisk Ungdom) deltok for LNU på det franske formannskapets ungdomskonferanse i juli 2008 YFJ Styreleiar Bjarne Dæhli og internasjonal konsulent Rune Arctander deltok på YFJ sitt medlemsmøte 02.-04 mai 2008 Styremedlemmar Signhild Stave Samuelsen og Martin Vonstad Østerdal, generalsekretær Trond Enger og internasjonal konsulent Rune Arctander deltok på YFJ si generalforsamling 13. til 15. november Christoffer Grønstad blei vald som visepresident i det Europeiske Ungdomsforumet (YFJ) i november 2008 som LNUs representant, i perioden før har Christoffer vore styremedlem i YFJ. Styremedlem Martin Østerdal har delteke i arbeidet med ny arbeidsplan for det Europeiske Ungdomsforumet (YFJ) Styremedlem Martin Østerdal og internasjonal konsulent Rune Arctander deltok på COMEM YFJ i Barcelona. Styremedlem Christine Øverli Eriksen har vore LNUs representant i YFJs arbeidsgruppe: Council of Europe Affairs Commission. Nordisk/Baltisk Styreleiar Bjarne Dæhli og generalsekretær Trond Enger deltok på Nordisk-Baltisk kontaktmøte i april 2008. Stian Amadeus Antonsen (Skeiv Ungdom) deltok frå LNU på LSU sin globalkonferanse mai 2008. Styremedlem Martin Vonstad Østerdal representerte LNU på årsmøtet til Dansk ungdoms fellesråd (DUF). Styreleiar Bjarne Dæhli representerte LNU på årsmøtet til Landsforeningen for sveriges ungdomsorganisasjoner (LSU). Martin Dahlin og Rune Arctander har vore LNUs representantar i Nordisk Barne og Ungdoms Komité (NORD- BUK). Andre Julia Loge (Skeiv Ungdom) deltok for LNU på Euro-Arab Coordination meeting of youth organizations i Amman i november 2008 Generalsekretær Trond Enger deltok på lansering av EØS midlenes NGO-fond på Kypros. Styremedlemmene Benjamin Rønsen og Inge Carlén representerte LNU på RORG-samarbeidet sitt årsmøte. Styremedlem Benjamin Rønsen representerte LNU i styret til Rorg-samarbeidet. Styremedlem Christine Øverli Eriksen reresenterte LNU i styret til Fredskorpset. Internasjonal konsulent Kjersti Koffeld representerte LNU på møter i det nasjonale hiv og aidsrådet Internasjonal konsulent Monica Sydgård representerte LNU i styret til Bistandstorget. Styremedlem Martin Østerdal og internasjonal konsulent Marius Seljedal deltok på samarbeidsmøte med det kviterussiske barne- og ungdomsrådet Rada i Minsk Styremedlemene Martin Østerdal og Anne Bjerke, nasjonal konsulent Lasse Narjord Thue, assisterande generalsekretær Synnøve Seljeflot og generalsekretær Trond Enger deltok på studietur om europeisk frivilligheitspolitikk til Tallinn Styremedlem Signhild Stave Samuelsen deltok på kontaktseminar med Eastern European Youth Forum i Moldova 5.3 Faste representasjonar Fordelingsutvalet for driftsstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane: Styremedlem Inge Carlén, tidl. generalsekretær Eli M. Ulvestad, Nils Hidle (vara). YFJs Council of Europe Affairs Commision: Styremedlem Christine Øverli Eriksen. YFJs European Union Affairs Commision: Christoffer Grønstad. Europarådets Advisory Council on Youth: Styremedlem Christine Øverli Eriksen. Styret i FN-sambandet: Christoffer Grønstad (fra mai). Nordisk Barne- og Ungdomskomité: Styremedlem Martin Dalin, internasjonal konsulent Rune Arctander (vara). UNESCO-kommisjonen: Styremedlem Morten Edvardsen, internasjonal konsulent Rune Arctander (vara). Forbrukerpolitisk Forum: Ragnhild Bjørlykkhaug og nasjonal konsulent Haldis Gjømle (vara). Nasjonalt utvalg for Aktiv Ungdom: Generalsekretær Trond Enger og internasjonal konsulent Rune Arctander (vara). Forum for barnekonvensjonen: Nasjonal konsulent Haldis Gjømle. Nasjonale kampanjekomiteen til All Different All Equal: Styremedlem Martin Dalin og nestleder Mari Markman. NGO-forum for menneskerettigheite: internasjonale konsulentar Monica Sydgård (januar-juni), Karianne Bergset Austnes (juli-desember) RORG-samarbeidet: internasjonale konsulentar Monica Sydgård (januar-juni), Karianne Bergset Austnes (julidesember) Bistandstorget: internasjonale konsulentar Monica Sydgård (januar-juni), Karianne Bergset Austnes (juli-desember)

ÅRSMELDING 2008 13 6. Styringsstruktur 6.1 Medlems- og observatørorganisasjonar I alt 76 barne- og ungdomsorganisasjoner har vore tilknytta LNU i 2008. 62 av desse har fullt medlemskap, medan 14 organisasjoner har observatørmedlemskap. LNUs medlemsorganisasjoner er organisert i fem medlemsgrupper. Observatørar er merka med stjerne. Barn og friluft 4H Norge CISV Norge Internasjonale Barneleire Den Norske Turistforenings Ungdom * Framfylkingen Noregs Ungdomslag * Norges Bygdeungdomslag Norges KFUK-KFUM-speidere Norges speiderforbund Norsk Frilynt Ungdomsforbund * Kultur og fritid AKKS- Norge * Annai Poopathi Tamilsk Kultursenter De Unges Orkesterforbund Doajmma Siebrre Julev-sábme * Hyperion - Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser Norges Barne- og ungdomskorforbund Norges Musikkorps Forbund Norges Tyrkiske Ungdomsforening Tamil Youth Organisation Ung Kirkesang Ungdom og Fritid * Ungdommens Sjakkforbund Livssynsbaserte ACTA, Barn og unge i Normisjon De Frie Evangeliske Forsamlingers B- og U-råd Det Norske Misjonselskaps B.- og U. -organisasjon Det Norske Misjonsforbunds Ungdom Frelsesarmeens Barn og Ungdom Frikirkens Barn og Unge Humanistisk Ungdom * Indremisjonsforbundets Barne- og Ungdomsavdeling Kristen Idrettskontakt Metodistkirkens Ungdomsforbund Norges KFUK-KFUM Norges Kristelige Student- og skoleungdomslag Norges Kristelige Studentforbund Norges Unge Katolikker Norsk Søndagsskoleforbund Norske Baptisters Barne- og Ungdomsforbund Ny Generasjon Elev- og Studentunion Pinsevennenes barne- og ungdomsutvalg Samfunnspolitiske Arbeidernes Ungdomsfylking Blå Kors Ungdomsforbund Changemaker * Europeisk Ungdom IOGTs Juniorforbund * Juvente Kristelig Folkepartis Ungdom LAWAN - Det Kurdiske Ungdomsforbundet i Norge Mental Helse Ungdom * Motorførernes Avholdsforbund Ungdomsforbund Natur og Ungdom Norges Blindeforbunds Ungdom Norges Handikapforbunds Ungdom Norges Unge Venstre Norsk Folkehjelp Ungdom * Norsk Målungdom PRESS - Redd Barna Ungdom Raud Ungdom Røde Kors Ungdom * Senterungdomen Skeiv Ungdom Sosialistisk Ungdom SOS-Rasisme Ungdom mot EU Ungdom Mot Narkotika Unge funksjonshemmede * Unge Høyres Landsforbund Student og elev AFS Norge Internasjonal Utveksling ANSA-Sambandet for Norske Studenter i Utlandet Elevorganisasjonen i Norge Høyres Studentforbund * IFMSA - Norge International Students Union of Norway Norsk Studentunion Studentenes Landsforbund Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond Youth for Understanding Barne- og ungdomstinget og representantskapsmøtet LNUs representantskapsmøte og Barne- og ungdomstinget 2008 vart skipa til 25. og 26. april på Sørmarka kurs og konferansesenter. På representantskapsmøtet var 41 medlemsorganisasjonar og 6 observatørorganisasjonar representert, med til sammen 70 delegatar og 12 observatørar. I førekant av representantskapsmøtet blei det arrangert seminar med ulike faglige tema: Ta ordet! Grønt organisasjonsliv Organisasjonsutvikling: Større, sterkere, flinkere! Barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt og kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa deltok på åpninga av representantskapsmøtet, og innleia til debatt. Vidare deltok mellom anna arbeidsutvalet til de regionale barne- og ungdomsråda, Norsk teaterråd, Venstre, Landsrådet for Sveriges Ungdomsorganisationer, Dansk Ungdoms Fællesråd og Barne- og likestillingsdepartementet.