Fossen kro Torsdag 1.april kl 19.00. Kåseri ved Helge Albrecht Larsen. Vanlege årsmøtesaker: Årsmelding, regnskap, valg



Like dokumenter
KONTAKTBLAD FOR Nr.39 Mai årg.

KONTAKTBLAD FOR Nr.38 Mai årg.

Til deg som bur i fosterheim år

Kontaktbladet er i gang igjen

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN


BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Vil du lage logo for Hjartdal historielag? Sjå side 3. KONTAKTBLAD FOR Nr.20 Okt årg.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

DB


Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

INNKJØPT AV HISTORIELAGET

Samansette tekster og Sjanger og stil

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Brukarrettleiing E-post lesar

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Sommartur til Sverige,

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

IKT-kompetanse for øvingsskular

Informasjon til pasientar og pårørande

Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Finansiering av søknaden

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Åpne historielagskveldar vinter og vår 2011:

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Rådgjevarkonferanse 2009

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

Valdres vidaregåande skule

Kva er økologisk matproduksjon?

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Lotteri- og stiftingstilsynet

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Brukarrettleiing. epolitiker

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Rådgjevarkonferanse 2010

Metodiske verktøy ved kursleiing

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Vurderingsrettleiing 2011

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Transkript:

KONTAKTBLAD FOR Nr.36 Mars 2004 15.årg. Fossen kro Torsdag 1.april kl 19.00 Kåseri ved Helge Albrecht Larsen Vanlege årsmøtesaker: Årsmelding, regnskap, valg Kaffe mv. Ta gjerne med idear til ting du kan tenke deg å arbeide med innanfor historielaget

Nytt i samlinga Sjølv om vi er langt på etterskudd med rydding og organise-ring i samlinga til historielaget, sett vi stor pris på nye bidrag. I denne omgang rettar vi stor takk til Tor Olav Fidjeland som etter opprydding i foreldras dødsbo har lagt ned ein god jobb i å plukke ut materiale som har sin rette plass hos Hjartdal historielag. Far til Tor Olav var Torkel Fidjeland, mangeårig lærar i Sauland, først og fremst på Landsverk skule. Han hadde både fotografi og smalfilm og anna oppsamla stoff som særleg handlar om skuleliv i Subygda i Sauland i 1960-åra. Mellom anna har han samla Hjartdal Lærarlags historie. 1879-1979. Eit av bilda frå T.Fidjeland er dette frå ein busstur rundt i Telemark. Storskuleelevane frå Landsverk og Tuddal reiste saman, med Christiansens turistbuss frå Notodden. Her er dei truleg komne til Rjukan. Vi ser både Fidjeland, gamlelærar Nils Sønstebø og sjåføren på bildet. Dette må vere våren 1962 Side 2 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 36 Mars 2004

Teknisk utstyr - ei oppdatering At ting er forgjengeleg er ein av grunnane til at ein treng historielag og folk med interesse for å ta vare på fortida. Mange nyare produkt har på ingen måte den tidlause og varige kvaliteten som mange av dei gamle kvalitetstinga vi er oppteknbe av innan vårt interesseområde. Det eg vil fram til nå, er bare ei oppdatering til medlemene når det gjeld HHL s tekniske utstyrssamling. Den bærbare datamaskinen som blei kjøpt inn tidleg på 1990-talet, sa takk for seg i 2003. Det same gjorde bildescanneren (Det var bare ei lampe som hadde gått, men reparasjonen ville koste meir enn ein rimeleg ny) Førebels kjøper vi ikkje ny scanner. Redaktøren av dette bladet har sin private lett tilgjengeleg for dei oppgåvene der ein slik trengst. Når det gjeld datamaskinen er dette løyst på ein ganske praktisk ny måte. I motsetning til i tidlegare tider er det nå datamaskinar tilgjengeleg både her og der - dvs i dei fleste heimar og på alle kontor. Desse blir også fornya etterkvart som standarden krev det. Derfor er Maxtor ekstern harddisk det ikkje noko stort behov for at HHL skal følge med på dette. I staden for datamskin, har vi derfor kjøpt inn ein sjølvståande harddisk. Dette er sjølve hovudlageret til ein datamaskin, og i denne har vi lagt inn alt av innskrevne tekster, bilde, lydopptak (og etterkvart video) som laget eig. Denne harddisken kan til kvar tid koblast mot den datamaskinen som er tilgjengeleg, anten på eit kontor eller ein heimemaskin. Elles minner vi igjen medlemmene på at vi har utstyr til låns: Til lydopptak har vi ein kassett-bandopptaker, fullt brukbar, sjølv om andre medium nok bør foretrekkast til slikt bruk idag. Vi har også eit digitalt fotoapparat som medlemmene kan låne og prøve for dei oppgåvene som måtte vere aktuelle. Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 36 Mars 2004 Side 3

Brother s Keeper - Slekta di på datamaskin Vi har i tidlegare blad skrive litt om dataprogram for slektstavler og slektsopplysningar. Nå vil vi gjere alvor av å sjå nærmare på dette. Dersom du har aldri så lite erfaring med datamaskin (tekstbehandling og lagring i mapper), så kan du møte på Sauland skule mandag 19.april kl.19.00. Leif Skoje vil vise programmet Brother s Keeper og instruere i bruk av dette frå grunnen av. Programmet er gratis frå starten av. Så ein kan prøve det ut utan kostnad. Dersom det viser seg å vere interesse for dette, kan vi der og da bli enige om å halde fram med kurs eit par kveldar til. Kostnad for dette får vi eventuelt komme attende til. Vil nokon prøve på eiga hand, så sjå på denne sida: http://home.online.no/~otjoerge/bk/ Digitaliserte lydopptak Mange timar med lydopptak er nå kopierte frå gammaldagse kassettar til digitalt format. Det meste er intervju med eldre tuddølar - gjort av Alf Mostue og Jon O.Bøen, men det finst også andre ting, f.eks. radioprogram og nors k- amerikanske musikk-opptak. Digitalt format betyr at opptaka ligg trygt på historielagets nye data-harddisk og kan lett kopierast derifrå til CD-plater eller andre format for den som måtte vere interessert. Lyden blir på denne måten også litt forbetra - redusert susing mv. Dessutan kan ein lett redigere - ta ut det ein treng i ulike samanhengar - digitalt eller på andre måtar. Bondalsfilmen går unna Bondalsfilmen har selt jamnt og bra etter at han var klar i fjor sommar. Avis-oppslag og andre gode omtaler har gitt gratis reklame, så mange i Hjartdal og elles har skaffa seg dette «oppslagsverket». Nye opplag er kopiert og filmen skal vere lett å få tak i framover. La oss igjen anbefale folk å skaffe seg filmen på DVD-plate sjølv om han finst på vanleg videokassett. Det er tidkrevande å spole videoband og leite seg fram gjennom ein 4 timars film. Side 4 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 36 Mars 2004

Helge Albrecht Larsen Helge Albrecht Larsen er pensjonert lektor frå den vidaregåande skulen på Notodden. Han har stor kunnskap om lokalhistoriske emne, mellom anna om dialekten i Heddal (og dermed Sauland som er nokså identisk) Vi har fått han som gjest på årsmøtet. Der vil han fortelje om litt av kvart av det han har vore opptatt av - og først og fremst om forfattarinna Ingebjørg Mælandsmo, som hadde sin familiebakgrunn frå Mælandsmo i Hjartdal, sjølv om ho levde livet sitt i Heddal. Treverk frå stavkyrkja i Sauland? Vi har fått i hus ein gammal, litt morken og gjennomhola bordbit. - tilsynelatande mogen for søppelbrenning. Nå er det bare det at sjansen er nesten 100% for at dette er ein av dei siste kjende restane av Sauland stavkyrkje. Da kyrkja blei reven etter bygginga av den nyen saulandkyrkja i 1860 blei noko av materialene brukte til den nye prestegardsbygningen som blei sett opp i dei same åra. Da denne bygningen blei riven i sekstiåra, kom dette for ein dag igjen, og noko av materialene blei tekne vare på, mellom anna hos Kåsa hyttepark i Hjartdal. Noko vart nytta til vøling av gamle hus, medan denne biten har blitt liggande unytta. Vi er opne for idear om korleis denne plankebiten ev. skal tas vare på. Årsmøtet Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 36 Mars 2004 Side 5

Villblomane sin dag Frå Odd Vevle i Bø har vi blitt førebudde på at eit større arrangement er på trappene i Hjartdal til våren. Det er kalla Villblomane sin dag og datoen er 13.6.2004. Her er utdrag frå eit førebels program. Meir vil truleg komme i media seinare. Messe, mosjon, markblomster i hjarta av Telemark... Vandringa i kulturlandskapet kring Hjartdal kyrkje er eitt av mange arrangement for å feira Villblomane sin dag. Det er Norsk botanisk forening (NBF) som har oppmoda sine medlemmer om å tilby sine kunnskapar for andre som vil høyra om og læra å kjenna villblomane. Det vert arrangera turar rundt om i heile landet. Meir om desse turane finn ein på nettadressa http://www.toyen.uio./botanisk/nbf/villblomstdag. I Telemark vert arrangert fleire andre turar. Alle er velkomne til å vera med og spørja om planter. Både dei vanlege og eventuelt dei meir sjeldne. Flora og lupe kan vera kjekt å ha med. Turane er ikkje krevande og dei skal vara berre nokre få timar, det skal vera pause(r) undervegs, og turane er gratis. I Hjartdal vert Villblomane sin dag feira med vandring i kulturlandskap med utgangspunkt ved Hjartdal kyrkje. Det er Telemark kyrkjeakademi sin semesteravslutning som er lagt til Villblomstenes dag i samarbeid med turlaga på Notodden, Gvarv? og Bø. Turen i Hjartdal går på grusveg og litt asfalt gjennom tradisjonsrikt kulturlandskap med frodige bekkedrag og blomsterrike bakkar, kransa av hagemarkskog og edellauvskog. Vi kan nyta blomsterprakt på bakkar og vegkantar. Det vil også bli orientert om geologi, landskapsutvikling og lokalhistorie. På kyrkjebakken etter gudstenesta vert det matøkt (medbrakt mat). Vandringa startar ca kl. 1230. Dei som ønskjer det kan få skyss på ein del av vegen. Turen går mest på grusveg, litt sti og litt asfalt. Side 6 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 36 Mars 2004

Årsmelding 2002-2003 Historielaget har hatt bare eitt styremøte denne perioden, men ved hjelp av telefonkontakt og praktiske småmøte mellom styremedlemmer og andre impliserte i ulike prosjekt, har aktiviteten vore omtrent som vanleg. Historielaget har hatt ei rolle også i innspurten ved utgjevinga av filmen om Bondal bygdetun, sjølv om stiftelsen sjølvsagt står for hovud-innsatsen. Ein må seie seg svært godt fornøgd med resultatet. Ei noko mindre rolle har HHL hatt i utgjevinga av Ivar T.Dahls bok, Bygdeliv - Før i verden, men litt «konsulentarbeid» har det vore. Begge desse prosjekta - og boka til Halvor Sisjord, er støtta økonomisk av laget. Eit vellukka kombinert arrangement blei gjennomført i desember 2002. Her arrangerte vi ei bokmesse på Fossen kro, der folk kunne sjå og kjøpe omlag all den lokalhistoriske litteraturen som er utgjeven i bygdene her. I tillegg hadde vi besøk av Hillborg Romtveit og Trygve Vågen som framførde programmet «My Mother s Tears» Fotoutstillinga frå sommaren 2001 er nå utstilt på Tuddal bygdetun, og kjem bra til sin rett der inntil vidare. På den tekniske sida skjer det også litt av kvart. Mykje av lydopptaka som vi har på kassettband er nå digitaliserte. Aktuell litteratur blir kjøpt inn til samlinga, og vi tek imot og lagrar stoff som blir gitt til Historielaget. I tillegg foregår det eit jamnt arbeid med å legge Hjartdalshistorie ut på internettsidene. Og vi får stadig tilbakemeldingar frå folk som oppdagar ting på desse sidene. Regnskapssammandrag 2002-2003 Saldo 1.1.2002... kr 20 161,00 Kontingentar...... kr 2 880,00 Kontor adm....... kr 4 639,00 tilskot publisering...... kr 18 000,00 Teknisk utstyr...... kr 4 798,00 Kjøp/salg av litteratur... kr 180,00... kr 100,00 Skrive/tolkearbeid...... kr 1 400,00 Rest fotoutstilling...... kr 1 599,00 Tilskot... kr 2 000,00 ukj... kr 300,00 Medlemspengar... kr 9 000,00 Renter... kr 170,00 Sum... kr 41 811,00... kr 33 416,00 Saldo 31.12.03... kr 8 395,00 Kontaktblad for Hjartdal historielag Nr. 36 Mars 2004 Side 7

Eit bilde treng ikkje vere så veldig gammalt for å vere historisk. Dette prospektkortet er truleg frå ca 1960 og viser, særleg til venstre i bildet, eit heilt anna Sauland sentrum enn idag. Saulandunet kom i 1988. Før det var dette dei sentrale bygningane i Sauland. Bygningen i forgrunnen, heiter eigentleg Hagen nedre, og står omlag likeeins idag. Da bildet blei tatt var det kafè i første og telefonstasjon i andre etasje der. Det mørke huset til venstre heiter Lyngstad. Der budde Mari Melby som dreiv Løvheim Hotell tidlegare. Her hadde også ho kafè ein periode. Til venstre for kommunehuset, som her er ganske nytt, er butikken til Harald Moen. Og til venstre deretter er Sauland ungdomslags hus. Dette er nå flytta og er klubbhuset til Sauland idrettslag. Oppover langs Tuddalsvegen ser ein det er mykje mindre bygd enn idag. HJARTDAL HISTORIELAG Formann: Torkel Hytta, 3692 SAULAND Tlf.: 350 23 150 to-hy@online.no Kontaktblad- og web-redaktør: Leif Skoje, 3692 SAULAND Tlf.: 350 23 011 llskoje@hotmail.com Internett/web-adresse: http://www.hjartdalhistorielag.no Bank: Hjartdal og Gransherad sparebank: Kontonr.: 2699 07 04332 Bladet blir sendt alle medlemmer. Bruk gjerne stoff frå bladet, men oppgje kjelde. Vi vil gjerne at medlemmene skriv i bladet. Side 8 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 36 Mars 2004