Buer-Garmannsvik 2 Referanse: Langmo S. H. 2015. Naturverdier for lokalitet Buer-Garmannsvik, registrert i forbindelse med prosjekt Kystfuruskog Rogaland/Hordaland 2014. NaRIN faktaark. BioFokus, NINA, Miljøfaglig utredning. (Weblink: http://borchbio.no/narin/?nid=5656) Referansedata Fylke: Rogaland Prosjekttilhørighet: Kystfuruskog Rogaland/Hordaland 2014 Kommune: Hjelmeland Inventør: SHL Kartblad: Dato feltreg.: 07.10.2014 H.o.h.: 0-300moh Vegetasjonsone: boreonemoral 100% Areal: 145 daa Vegetasjonseksjon: O2-Klart oseanisk Sammendrag Området mellom Buer og Garmannsvik nord på Ombo er eit skogsområde med for det meste ung til middelaldrande skog. I dei nedste delane av liene er denne dominert av bjørk saman med mykje svartor i fuktige parti. Det finst også innslag av alm og ask. Lenger oppe er det furu som dominerer. Området er lite prega av nyare menneskelege aktivitetar, med unntak av nokre granplantingar nede ved sjøen. Tidlegare var heile lia beita, samt at det har vore drive vedhogst her. Det vart registrert ein del råmekrevjande artar her, men desse fanst berre spreidd. Potensialet er likevel til stades for fleire slike artar, samt for ein del basekrevjande artar. Det er ikkje registrert kjerneområder i området. Området representerer berre enkelte element med svakt utvikla boreonemoral regnskog, men bør sjåast i samanheng med Bandåsen nord, naturtypelokaliteten som er registrert på motsett side av kommunegrensa. Denne er registrert som gamal boreal lauvskog, men er skildra som ein svært viktig regnskogslokalitet med innslag av temperert regnskog, samt fleire raudlista lavartar. Området oppnår difor isolert sett 2 poeng, men om ein vurderer heile Bandåsen som eit område, er det klart at verdien vil verte styrka. Feltarbeid Undersøkingsområdet vart første gong oppsøkt 07.10.2014. Det vart berre raskt undersøkt, men likevel vart vari-asjonar i naturkvalitetar og potensialet for sjeldne og raudlista artar innan ulik artsgrupper svært truleg fanga opp gjennom undersøkingane. Dette gjeld for alle relevante artsgrupper. Tidspunkt og værets betydning Ein vurderer det slik at verken tidspunktet for undersøkinga eller veret hadde innverknad på resultatet av under-søkingane. Området er undersøkt sumar og haust slik at alle relevante artsgrupper har vore moglege å fange opp. Utvelgelse og undersøkelsesområde Lokaliteten er valt ut til kartlegging i samband med et kystfuruskog i regi av Miljødirektoratet i 2014. Området er valt ut av fylkesmannen i Rogaland, og dette baserer seg på tidlegare kartlegging på Ombo som indikerer at området har viktige kystfuruskog-/regnskogkvalitetar. Tidligere undersøkelser Området er ikkje tidlegare undersøkt, men det er registrert eit område med gamal boreal lauvskog lenger vest på Ombo, i Finnøy kommune. Dette sluttar ved kommunegrensa til Hjelmeland. Beliggenhet Undersøkingsområdet utgjer ei bratt nordaustvend li på den nordaustlegaste delen av øya Ombo heilt nord i Hjelmeland kommune, på grensa til Finnøy kommune. Naturgrunnlag Topografi Området for det meste bratt, med fleire loddrette bergveggar samt rasmark med finkorna og noko grovare materiale. Det finst elles nokre mindre kløfter. Geologi Berggrunnen består av kvartsitt, fylitt og sandstein i dei nedre delane av liene og gneis øvst. Medan lausmassane i dei øvre delane er svært sparsame, består dei lenger ned i liene av finkorna til noko grovare rasmaterialar. Klima Mindre parti innanfor området er prega av stabilt høg luftråme der topografien legg til rette for det.
Vegetasjon og treslagsfordeling Mange stader er jordsmonnet skrint slik at vegetasjonen kan skildrast som kanusskog (A6). Elles består området for det meste av blåbærskog (A4) og småbregneskog (A5). Enkelte stader finst også innslag av lågurtskog (B1). I dei nedre delane av området er det for det meste rasmark (F1). Denne er for det aller meste fullstendig attgrodd med skog. Her finst mange basekrevjande artar. Skogstruktur og påvirkning Nordaustsida av Ombo utgjer eit stort samanhengsjande skogsområde i som kryssar kommunegrensa mellom Finnøy og Hjelmeland. Innanfor det undersøkte skogsområdet, latar skogen til å vere relativt einsaldra, noko som kan tyde på tidlegare vedhogst og beiting. I dei høgareliggjande delane der furu og bjørk dominerer, finst det innslag av eldre skog. Dødved finst berre spreidd, og dette er for det meste bjørk. Kontinuiteten er såleis ikkje særleg god. Kjerneområder Det ble ikke avgrenset kjerneområder på lokaliteten Buer-Garmannsvik Artsmangfold Treslagsmessig er det furu som dominerer i dei høgareliggjande områda saman med bjørk, og boreale lauvtre som dominerer lenger ned i liene der det ikkje er planta gran. I fuktigare parti er det stadvis mykje svartor. Det er også innslag av alm (NT) og ask (NT), samt spreidde førekomstar av hasselkratt, lind og krossved like nedanfor dei brattaste bergveggane, der temperaturen er høgast. Vegetasjonen i heile området ber preg av høg luftråme, med nokre mindre område som skil seg klart ut. Desse er knytt til dei små bekkane som renn nedover liene. Langs desse finst artar som dronningmose, hinnebregne, storstylte, kysttvibladmose, raudmuslingmose, pelssåtemose, trådfloke og gullhårmose. Her vart det også registrert vanleg rurlav og kattefotlav. Elles i bergveggane finst mange andre mindre råmekrevjande mosar, samt mange basekrevjande artar som mellom anna raudfotmose, spindelmose og skjerfmose. Ut over dette er trestammane i dei nedre delane av området heilt dekka av matteflette og andre vanlege mosar. I dei nedre delane er rasmarka prega av vanlege storbregner og ein del lågurt som mellom anna skogburkne, sauetelg, geittelg, myske og kranskonvall. I bergveggane veks svarttburken og gulsildre spreidd. På motsett side av kommunegrensa er det tidlegare registrert mellom anna piggtrollskjegg (VU), sprikeskjegg(nt), kort trollskjegg (NT), gubbeskjegg (NT) og fleire andre vanlegare råmekrevjande mose- og lavartar Tabell: Artsfunn i Buer-Garmannsvik. Kolonnen Totalt antall av art summerer opp antall funn innenfor området. 0 betyr at artsfunnet ikke er tallfestet, men begreper som mye, en del, sparsomt, spredt o.l. er brukt. Det store tallet i kolonnen Funnet i kjerneområde henviser til hvilke kjerneområder arten er funnet. Det lille tallet angir hvor mange funn som er gjort i hvert kjerneområde. 0 betyr tekstlig kvantifisering. Små tall uten kjerneområdenummer angir funn utenfor kjerneområder. Gruppe Vitenskapelig navn Norsk navn Rødlistestatus Karplanter Ulmus glabra alm NT Fraxinus excelsior ask NT Moser Apometzgeria pubescens skjerfmose Totalt antall av art Funnet i kjerne-område (nr) Avgrensing og arrondering Avgrensing av biologisk viktige areal innanfor undersøkingsområdet, omfattar eit mindre, nord til nordaustvendt område som strekkjer seg frå kommunegrensa mellom Hjelmeland og Finnøy kommunar, til Nibbå. Det strekkjer seg i vest heilt frå sjøen og opp til Brurastien. Lenger aust går avgrensinga noko lenger opp i lia grunna menneskeleg påverkand. Skogen verkar ikkje meir enn unntaksvis å vere særleg gamal, med det finst ein stadvis spanande mirotopografi, som gjer at området potensielt kan husa både sjeldane og raudlista råmekrevjande artar. Også meir sjeldane og raudlista basekrevjande artar kan førekoma. Den føreslegne avgrensinga er på om lag 0,15 km2. Dette inneheld også nokre svært bratte bergveggar som ikkje er undersøkt. Arronderinga til området er noko svak då den inneheld område med spor av ein del hogst nedst og øvst i liene. Andre inngrep Heilt nede ved sjøen finst enkelte mindre område tilplanta med gran. Denne verkar å spreie seg oppover liene. Vurdering og verdisetting Nordaustsida av Ombo er eit større skogområde med enkelte innslag av fattig og rik boreonemoral regnskog i dei brattaste partia, og innslag av fleire råmekrevjande artar. Den viktigaste delen av området er dei brattaste skogkledde partia ved Nibbå, Robenut og Brurastien, samt andre stader der det renn mindre bekkar. Området ligg elles i eit viktig kjerneområde
for fattig boreonemoral regnskog i Noreg som også har velutvikla førekomstar i nabokommunane Forsand, Sandnes og Gjesdal. Særleg områda nede ved sjøen og nedanfor dei brattaste hamrane er påverka av gamle og nyare inngrep. Her er det spor etter hogst og beite, samt fleire granplantingar. I dei høgareliggjande delane finst enkelte innslag av noko eldre skog, og truleg også enkelte biologisk gamle tre sjølv om desse verkar å stå spreidd. Kontinuiteten er såleis vurdert som svak. Skogen er for det meste sterkt dominert av lauvtre i dei nedre delane og ei blanding av bjørk og furu lenger opp. Det finst også innslag av fleire edellauvtre, og variasjonen er såleis middels god. Området scorer også noko høgare på topografisk variasjon, eit viktig parameter for å danna dei små mikrohabitata som artane er avhengig av. Unntaket finst i nokre små område knytt til ein del mindre bekkar og nordvende bergveggar og blokker med potensiale for raudlista og sjeldane råmekrevjande artar. I dei nedre delane av liene finst likande små miljø der porensialet i tillegg er til stades for sjaldane basekrevjande artar. Også arronderinga er rimeleg god, mens storleik ikkje tilseier særleg høg verdi. Området representerer berre enkelte element med svakt utvikla boreonemoral regnskog, men bør sjåast i samanheng med Bandåsen nord, naturtypelokaliteten som er registrert på motsett side av kommunegrensa. Denne er registrert som gamal boreal lauvskog, men er skildra som ein svært viktig regnskogslokalitet med innslag av temperert regnskog, samt fleire raudlista lavartar. Området oppnår difor isolert sett 2 poeng, men om ein vurderer heile Bandåsen som eit område, er det klart at verdien vil verte styrka. Tabell: Kriterier og verdisetting for kjerneområder og totalt for Buer-Garmannsvik. Ingen stjerner (0) betyr at verdien for kriteriet er fraværende/ ubetydelig. Strek (-) betyr ikke relevant. Se ellers kriterier for for verdisetting i metodekapittelet. Kjerneområde Samlet vurdering Urørthet Død ved mengde Død ved kontin. bartrær løvtrær Treslagsfordeling Topografiskvariasjon Vegetasjonsvariasjon Rikhet Arter edelløvtrær Størrelse Arrondering ** * * * * *** ** ** ** * * ** 2 Samlet verdi
Buer-Garmannsvik (Hjelmeland, Rogaland). Areal 263daa, verdi 2 andåsen 76 Kjeahola ædet 296 Helgaland Buer 6575000mN Brakahola tølvatnet Naturfaglige registreringer av kystfuruskog 2014 Avgrensningsforslag Rødlistet NIN Alternativ Tidligere avgrensning registreringer Pri. naturtype Omr. for vurdering (Mdir/FM 2014) Målestokk 1:8 000 Ekvidistanse 20m Rutenett 1km Verneområder WGS84, sonebelte 32 Kartgrunnlag N50 Produsert 21.04.2015 333000mE
Bilder fra området Buer-Garmannsvik Rike, fuktige bergvegger Foto: Solfrid Helene L. Langmo Typisk interiør fra frå lokalieten. Foto: Solfrid Helene L. Langmo Biletet er teke rett nedanfor Nibbå og vestover mot kommunegrensa til Finnøy. Som ein ser er det svært bratt her. Mykje av bergveggane var for eksponerte til å ha nokon verdi, men innimellom fanst små område med skuggefulle berg. Foto: Solfrid Helene L. Langmo Rett nedanfor Nibbå finst ei lita kløft. Sjølv om skogen ikkje er gamal, veks det hinnebrenge inne mellom blokkene her Foto: Solfrid Helene L. Langmo