Retningsliner for tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018

Like dokumenter
Retningsliner for tilskot til Utvald kulturlandskap (UKL) Fjellgardane i Øvre Sunndal

Rettleiing for utfylling av søknadsskjema for Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018

DEL 1: Rettleiing til søknad om tilskot til særskilde kulturlandskapstiltak og

Ny forskrift fra Erfaringer med regelverket så langt Spørsmål og diskusjon

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift.

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap

Eid kommune Strategiplan for spesielle miljøtiltak i landbruket

Søknaden sendes kommunen der foretakets driftssenter

Retningsliner for handsaming av søknader om tilskot til. Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) Stranda kommune

Gode mål for UKL-områda naturmangfald kulturminne - jordbruk

GLOPPEN KOMMUNE STRATEGIPLAN FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET

SAKSFRAMLEGG SAK: UTVALGTE KULTURLANDSKAP HØRING FORKRIFT TILSKUDD TIL TILTAK I UTVALGTE KULTURLANDSKAP OG VERDENSARVOMRÅDET

STRATEGIPLAN FOR ØKONOMISKE VERKEMIDDEL I JORDBRUKET FOR KOMMUNANE FOR HERØY, ULSTEIN OG HAREID.

SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL)

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2016 Hjartdal kommune

SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE Foto: Hilde Kristin Honnemyr

Forskrift om miljøtilskudd til jordbruket i Nordland

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

FORSKRIFT OM TILSKOT TIL REGIONALE MILJØTILTAK I HORDALAND

Stranda kommune Næring og teknisk

Kap. 225 post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap kva no?

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

REGLAR FOR INVESTERINGSTILSKOT I LANDBRUKET Godkjent av kommunestyret

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) I VANYLVEN KOMMUNE

Offentlege tilskotsordningar med vekt på gjerding

Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Rapport for Hoddevik Liset. Grinde Engjasete

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

Tilskuddsordningen. Utsiktsrydding i tilknytning til landbruket sitt kulturlandskap

Kulturavdelinga RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KULTURMIDLAR I HERØY KOMMUNE. 1 Desse kan søkje om tilskot:

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar for perioden

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK

Nordland: Nødvendige tilpasninger til den nye forskriften for UKL og verdensarv. v/ Arne Farup landbruks- og reindriftsavdelinga

Nytt elektronisk søknadssystem for om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2018 Hjartdal kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

Landbrukskontoret i Lillehammer-regionen. Velkomen. Fagkveld om miljøspørsmål i jordbruket. 8. November 2016

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Lokale retningsliner for barnehagar i Fjell kommune Gjeld frå Godkjent i kommunestyremøte

Virkemiddel knytt til forvaltning av biologisk og. Øystein Jorde Rådgjevar, Statens landbruksforvaltning

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

VERDSARVRÅDET FOR VESTNORSK FJORDLANDSKAP SAMARBEIDSORGAN FOR VERDSARVOMRÅDET VESTNORSK FJORDLANDSKAP RETNINGSLINER FOR ARBEIDET

Håvard Tveit Mona Elnes (på deler av kontrollen) Rådmann: Reidun Halland (opningsmøte) Einingsleiar: Kjell Eide (opnings- og sluttmøte)

Fagsamling tilskotsforvaltning. 4 - jordbruksareal

INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET 4/17. Landbrukskontoret for Sel og Vågå Tlf Edvard Storms veg VÅGÅ,

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet:

Vassdrag og ureining frå jordbruket aktuelle tiltak og støtteordningar

Sender vedlagt saksprotokoll med saksframlegg for Nærøyfjorden verneområdestyre sak 16/14.

Drift av beitelag - organisert beitebruk Søknad i Altinn

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Regionalt miljøprogram

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Søk regionalt miljøtilskot elektronisk

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Samanlikning av arealtal frå Analycen og gardskart

RMP i fjellbygdene. Bjørg Torsteinsrud, Ål kommune. Utviklingsavdelinga

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Nytt elektronisk søknadssystem for produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Næring og miljøutvalet var kalla inn i samsvar med kommunelova 32, pkt.2 og reglementet til Hareid kommune.

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE

QC \Z/74/()6 //1:»/5/4 :/Ba//K0/47 rkfflé

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Langs åpne grøfter og kanaler: Tilskudd kan gis for årlig skjøtsel av kantarealer langs åpne grøfter og kanaler knyttet til innmark.

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

ERSTATNING VED KLIMABETINGA SKADE GEIR SKADBERG

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

KONTROLLRAPPORT. Kommune: Vinje Kontrolleiar: Bob Gottschal Saksnummer.: 2017/127 Kontrolldato: 26. og 27. juni 2017

Transkript:

Retningsliner for tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018 for å ivareta og fremje eit aktivt, ope og opplevingsrikt kulturlandskap: Regelverket er utarbeidd på grunnlag av Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, FOR-2016-08-10-966 og Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan. 1. Føremål Føremålet med tilskot til tiltak i verdsarvområda er å styrke landbruket i verdsarvområda, jf. 1 i forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Ordninga skal og medverke til å oppretthalde eit aktivt og levande kulturlandskap, ta vare på kultur- og kulturlandskapsverdiar og hindre attgroing, jf. Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan. 2. Verkeområde Forskrifta gjeld innanfor grensene for verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap - Geirangerfjorden, i Stranda kommune og Norddal kommune. 3. Kven kan søkje? Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan vere: Grunneigarar og drivarar Landbruksføretak Organisasjonar, foreiningar eller lag Andre som bidreg til å fremje føremålet med ordninga Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar. 4. Kva kan du søkje om tilskot til? Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan vere: Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet. Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne Planlegging av tiltak Tilrettelegging for ferdsel og formidling Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga Tiltaka må også vere i samsvar med gjeldande planar for området. Side - 1 - av 5

4.1. Arealtilskot og beitedyrtilskot Fylkesmannen kan gje tilskot til drift og skjøtsel av areal i tråd med kapittel 6.1.1. i Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområdet. Drifta må vere slik at arealtilstanden vert oppretthalden over tid. For å få tilskot til skjøtsel av areal, må arealet haustast minst ein gong i året ved slått eller beiting. Kantar må vere slått/skjøtta til rett tid saman med resten av areala. Hovudregelen er at all avling skal fjernast frå arealet og nyttast som fôr. Dersom dette ikkje kan oppfyllast, kan avlinga samlast opp og leggast til kompostering. Dette må gjerast på ein slik måte at det ikkje oppstår forureining eller vert til sjenanse for miljøet på annan måte ved t.d. lukt eller avrenning. I dei fleste høve vil det ikkje vere nok å slå berre ein gong. Det vil heller ikkje gje tilfredsstillande resultat med berre vår og haustbeiting utan at hovudavlinga vert hausta i juni/juli/august. Areal med eigen skjøtselsplan, som t.d. artsrike slåtteenger, kan ha særskilte reglar om skjøtsel som må følgjast for at arealtilskotet skal kunne utbetalast. Ved styrt beiting på dyrka jord må beitetrykket vere så stort at graset blir beita ned. Slike areal må som regel pussast, slik at ein unngår oppslag av tuegras, høge urter og kratt. Det høyrer elles med til det årlege vedlikehaldet å rydde i kantskogen slik at den ikkje tek overhand og trengjer seg inn over dyrka mark. Sviing av gammalt gras om hausten kan ikkje godkjennast som tilstrekkeleg skjøtsel. Ved utrekning av tilskot til skjøtsel, vil omsøkt areal bli sett opp mot arealtal i søknad om produksjonstilskot og arealtal i frå innsynsløysingar på internett, t.d. gardskart.no, naturbase.no og gislink.no. Tilskotet vil bli gradert etter markslag (dyrka jord eller innmarksbeite), skjøtselsmetode (slått, beting, eller kun beitepussing) og areala si hellingsgrad (som bereknast ut frå kartverkets terrengmodell). Kategoriar arealtilskot Kr/daa* Slått av svært tungdriven dyrka jord, brattare enn 1:3 Slått av tungdriven dyrka jord, mellom 1:3 og 1:5 2000 800 Slått av lettdriven dyrka jord, flatare enn 1:5 400 Beiting av svært tungdriven dyrka jord, brattare enn 1:3 Beiting av tungdriven dyrka jord ; brattare enn 1:5 1200 480 Beiting av lettdriven dyrka jord, flatare enn 1:5 240 Innmarksbeite 240 Kun beitepussing av dyrka jord eller innmarksbeite 200 NB: Dyrka jord er fellesnemning på fulldyrka og overflatedyrka jord. * Satsane er førebelse og kan bli justerte dersom omsøkt areal blir vesentleg større eller mindre enn forutsett. Fylkesmannen kan gje tilskot til beitedyr på utmarksbeite i tråd med kapittel 6.1.2 i Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområdet. Beitinga skal bidra til at kulturlandskapet og arealtilstanden vert oppretthalden på lang sikt. Ved utrekning av tilskot vert det nytta same gruppering av dyr og same dyretal som i søknad om produksjonstilskot. Det er ulike satsar for dei som har driftssenter innanfor og dei som har driftssenter utanfor verdsarvområdet. Kategoriar beitetilskot Kr/dyr for driftssenter innanfor* Kr/dyr for driftssenter utanfor* Sau/geit 300 100 Storfe/hest 1800 600 * Satsane er førebelse og kan bli justerte dersom talet på beitedyr blir vesentleg større eller mindre enn forutsett Side - 2 - av 5

4.2 Andre kulturlandskapstiltak Fylkesmannen vurderer og fastset tilskotsandel i kvar enkelt sak. Det gjevast normalt tilskot med inntil 70 % av godkjent kostnadsoverslag for tiltaket. For større fellestiltak kan Fylkesmannen vurdere å gje inntil 100 % av godkjent kostnadsoverslag. Tilskotsandel blir angitt i vedtaksbrevet om tilskot. Rettleiande satsar for eige arbeid er: Manuelt arbeid 200,-/time Person med motorsag e.l. 300,-/time Traktor med fører 500,-/time 5. Korleis søkjer du? Det er to ulike søknadsskjema: Eitt for arealtilskot og beitedyrtilskot Eitt for andre kulturlandskapstiltak Begge desse søknadsskjema finn du på nettsidene til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Stranda kommune og Norddal kommune. Søknadsfrist er 20. oktober 2018. 6. Kva må søknaden innehalde? 6.1. Arealtilskot og beitedyrtilskot Søknad om arealtilskot og/eller beitetilskot skal innehalde: Grunnopplysningar om søkjar Opplysningar om areal som er slått/beita inneverande sesong og/eller tal på beitedyr på utmarksbeite inneverande sesong Obligatoriske vedlegg Sjå «Søknadsskjema arealtilskot og beitetilskot Geirangerfjorden» og «Rettleiing til søknadsskjema for Geirangerfjorden» 6.2 Andre kulturlandskapstiltak Søknaden om andre kulturlandskapstiltak skal innehalde: Grunnopplysningar om søkjar Beskriving av tiltaket/prosjektet Gjennomføringsplan Kostnadsoverslag og finansiering Obligatoriske vedlegg Sjå «Søknadsskjema andre kulturlandskapstiltak Geirangerfjorden» og «Rettleiing til søknadsskjema for Geirangerfjorden» 7. Tildeling av tilskot Fylkesmannen i Møre og Romsdal handsamar søknadane, fattar vedtak og føretek utbetalingar av tilskot. For tiltak som gjeld utbetring av bygningar og andre kulturminne, skal søknaden godkjennast av Møre og Romsdal fylkeskommune si kulturavdeling før det kan løyvast tilskot. For tiltak som gjeld biologisk mangfald, skal søknaden godkjennast av Fylkesmannen i Møre og Romsdal si miljøvernavdeling før det kan løyvast tilskot. Side - 3 - av 5

8. Arbeidsfrist 8.1. Arealtilskot og beitedyrtilskot Arealtilskot og beitetilskot blir utbetalt etter søknad kvart år. Det må sendast ny oppdatert søknad kvart år. 8.2 Andre kulturlandskapstiltak For andre tiltak er fristen for gjennomføring av tiltaket 3 år frå det blir løyvd tilskot, med mindre Fylkesmannen har satt ein kortare frist ved innvilging av søknaden. Fylkesmannen kan etter søknad forlengje arbeidsfristen, men ikkje ut over 5 år frå tilskotet vart løyvd. Arbeidsfrist blir angitt i vedtaksbrevet om tilskot. 9. Utbetaling av tilskot og krav om rapportering 9.1. Arealtilskot og beitedyrtilskot Arealtilskot og beitetilskot blir utbetalt etter søknad kvart år. 9.2 Andre kulturlandskapstiltak For andre kulturlandskapstiltak må mottakar av tilskot må sende ei skriftleg oppmoding til Fylkesmannen for å få utbetalt tilskotet. Oppmodinga skal sendast innan fristen angitt i vedtaksbrevet om tilskot. Ved oppmodinga skal det leggjast ved: Skriftleg rapport: Rapporten skal innehalde ei beskriving av det gjennomførte tiltaket/prosjektet, og foto frå før-,under- og etter at tiltaket/prosjektet er gjennomført. Sluttrekneskap: Rekneskapen skal følgje same oppsett som søknadens kostnadsoverslag/budsjett, og vere så oversynleg som mogleg. Utlegg som ikkje kan dokumenterast med kvittering/bilag og/eller timelister kan ikkje utbetalast. Timelister for leigd arbeid skal attesterast av den/dei som har utført timane. Fylkesmannen kan gje nærare krav om rapportering i vedtaksbrevet om tilskot. Fylkesmannen betalar ut det løyvde tilskotet etter at tiltaket/prosjektet er dokumentert gjennomført, og etter at Fylkesmannen har godkjent sluttrapport, sluttrekneskap og sett til at vilkåra for løyvinga er oppfylt. For tiltak som gjeld utbetring av bygningar og andre kulturminne, skal Møre og Romsdal fylkeskommune si kulturavdeling godkjenne arbeidet før tilskotet utbetalast. For tiltak som gjeld biologisk mangfald, skal Fylkesmannen si miljøvernavdeling godkjenne arbeidet før tilskotet utbetalast. Det kan også betalast ut tilskot etter kvart som deler av tiltaket vert utført, på bakgrunn av godkjent dokumentasjon. Men minst 25 % av tilskotet skal haldast attende til tiltaket/prosjektet er sluttført. 10. Klage Vedtak som er fatta av Fylkesmannen kan klagast inn til Landbruksdirektoratet etter reglane i Lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) kap. VI. Eventuell klage stilast til Landbruksdirektoratet, men vert sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Side - 4 - av 5

11. Opplysningsplikt og kontroll Søkjar av tilskot plikter å gje alle opplysningar som Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet finn nødvendig for å kunne forvalte ordninga. Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet kan kontrollere at bruken og utbetaling av tilskot er i tråd med forutsetningane. Søkjar plikter å utlevere all bokføring, korrespondanse og oppteikningar som vedkjem tilskotet. Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet kan foreta stadleg kontroll. 12. Omgjering og attendebetaling Tilskot som ikkje er brukt i samsvar med tildelingsvedtaket kan krevjast betalt attende. Fylkesmannen kan gjere om vedtak om løyvde tilskot, og utbetalt tilskot kan krevjast betalt attende dersom det blir avdekka forhold som er i strid med det som er forutsett ved løyving av tilskotet. For krav om attendebetaling av tilskot kan det krevjast renter etter Lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. 13.Rullering av retningslinene Retningslinene vil bli rullert ein gong i året på bakgrunn av fullmaktsbrev frå Landbruksdirektoratet og innspel frå kommunen og grunneigarar/brukarar i området. 14. For meir informasjon Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, (FOR-2016-08-10-966), sjå: https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2016-08-10-966 Landbruksdirektoratet si side om verdsarvområda, sjå: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-ogokologisk/kulturlandskap/verdensarvomr%c3%a5dene 15. Kontaktpersonar Ragnhild Naug Aas, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Landbruksavdelinga. Tlf: 71 25 85 19 og e- post: fmmrraaa@fylkesmannen.no Side - 5 - av 5