HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201204252-5 Arkivnr. 713 Saksh. Skaar, Ronny B., Ørnholt, Ruth, Spjeld, Britt Karen, Ekerhovd, Per Morten, Dahl, Solveig Roti Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 13.11.2012 ØYGARDEN KOMMUNE. KOMMUNEDELPLAN FOR KULTUR OG IDRETT 2013-2023. FRÅSEGN FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE SAMANDRAG Øygarden kommunestyre vedtok 28. mars 2012 oppstart for ein heilskapleg og ny kulturplan for perioden 2013-2023. Kommunedelplanen for kultur omfattar heile kultur- og idrettsfeltet og inkluderer det statlege kravet om kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. Den er, slik plan- og bygningsloven krev, forankra i Kommuneplanen 2012-2020, og vil vera eit styringsdokument for årleg arbeid med handlingsprogram og budsjett, samt for kommunen sine prioriteringar og satsingar i planperioden. I denne saka legg eg fram forslag til fråsegn frå Hordaland fylkeskommune. FORSLAG TIL VEDTAK Kultur- og ressursutvalet vedtek fråsegn til Kommunedelplan for kultur og idrett 2013 2023 for Øygarden kommune. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Anna Elisa Tryti fylkeskultursjef
FYLKESRÅDMANNEN, 07.11.2012: Øygarden kommunestyre vedtok 28. mars 2012 oppstart for ein heilskapleg og ny kulturplan for perioden 2013-2023. Kommunedelplanen for kultur omfattar heile kultur- og idrettsfeltet og inkluderer det statlege kravet om kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. Den er, slik plan- og bygningsloven krev, forankra i Kommuneplanen 2012-2020, og vil vera eit styringsdokument for årleg arbeid med handlingsprogram og budsjett, samt for kommunen sine prioriteringar og satsingar i planperioden. Øygarden kommune har hatt ein god prosess i arbeidet i samsvar med plan- og bygningslova sine krav til medverknad, offentleggjering og planprogram. Planprogrammet vart lagt ut til fråsegn i mai, og endeleg planprogram vart vedteke i september 2012. Planen uttrykkar visjonar, mål og tiltak på kulturområdet fram mot 2023, og er inndelt i 17 tema (A-Q) som kvart har definerte tiltak sett i eit tiårig perspektiv. Det er ikkje sett opp konkrete fristar for gjennomføring eller økonomiske konsekvensar for tiltaka. Det er ei målsetting at planen vert godt forankra i lag og foreiningar og hjå kulturaktørar og vil danna grunnlaget for årlege handlingsprogram som vert lagt frem saman med økonomiplanen. Generelt Hordaland fylkeskommune meiner at Øygarden kommune med denne planen har gjort eit særs godt og viktig arbeid. Planen vil kunna legga eit godt grunnlag for ein solid og positiv utvikling av kultur og idrettsfeltet spesielt, og, gjennom dette, samfunnslivet generelt. Hordaland fylkeskommune er glad for at planen innleiingsvis legg stor vekt på kulturens eigenverd som uvurderleg. Dette er grunnlaget også for kulturlova. Planen trekk, på ein balansert og veloverveid måte, dette grunnlaget vidare inn som fundamentet for ein positiv samfunnsutvikling i kommunen, til beste for alle. Tema A) Bibliotek Planen slår fast at biblioteket er ein sentral institusjon, som skal nå alle innbyggjarane i kommunen, og det blir lagt vekt på biblioteket både som ein arena for kunnskap, kultur og opplevingar. Dette er i tråd framlegg til endringar i Biblioteklova, som var på høyring våren 2012. Den reviderte formålsparagraf tar også med biblioteka sitt ansvar for formidling, funksjon som møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. Framlegget er teknologinøytralt for å synleggjere at informasjon og kultur i alle format skal vere del av bibliotektenestene. Endringane i lovteksten er med på å styrke folkebiblioteka sitt samfunnsoppdrag. Det bør kome fram at biblioteka står ovanfor store utfordringar og nye moglegheiter, når stadig meir av innhaldet i biblioteket blir digitalt, t.d. e-bøker. Tema B) Kulturskulen Hordaland fylkeskommune støttar initiativa i forhold til å utvikla kulturskulen, mellom anna som lokalt ressurssenter som ser samanhengen mellom kulturskulen, grunnopplæringa og kulturlivet. Vidare er det og positivt å etablera eit senter for musikk og glede som kan tilby tilrettelagt undervisning for så vel små born som eldre. Likeeins er det positivt med kultursatsing for ungdom. 2
Hordaland fylkeskommune har merka seg at fleire kommunar no tenkjer i retning av etablering av eit kulturskulesenter. Dette styrkar fagmiljøet og dei pedagogiske muligheitene. Det er positivt at kommunen vil vurdera om til dømes Alvheim skule kan takast i bruk til dette føremålet. Hordaland fylkeskommune har merka seg at Øygarden kulturskule har eit godt samarbeid med Fjell kulturskule, og trur dette er fornuftig når det gjeld å komplettera undervisningstilbod og samordna ressursar. Hordaland fylkeskommune vil i regional kulturplan drøfta spørsmålet om trong for regional kulturpolitisk medverknad på kulturskulesektoren i Hordaland. Hordaland fylkeskommune ønskjer Øygarden kommune velkomen i eit styrka samarbeid innanfor Den kulturelle skulesekken og Ungdommens kulturmønstring (UKM). Tema C) Born og unge Fritida Planen syner vilje til å ta tak i dei utfordringane som er knytt til å skapa meiningsfull fritid for born og unge. Dette er eit særs viktig politikkområde, og planen skisserar ei rad gode og viktige tiltak. Det er viktig at Øygarden kommune er budd på å stilla til rådvelde dei naudsynte økonomiske ressursane dersom planen sine ambisjonar skal verta innfridde. Tema D) Kultursekkane For store og små Planen har mange gode tiltak på desse felta. Hordaland fylkeskommune støttar at ein også her søkjer å utvikla tilbod gjennom det interkommunale kultursamarbeidet IKKUS: Likevel saknar Hordaland fylkeskommune ei klårare drøfting av tilhøvet mellom det lokale tilbodet og Hordaland fylkeskommune sitt tilbod når det gjeld kunst- og kulturformidling til skulen. Det er viktig at kommunen forheld seg aktivt til kulturtilbodet som kjem frå fylkeskommunen gjennom DKS og Rikskonsertane. Dette vil kunna løysa ut mogelege kombinasjonsopplegg knytt til konsertar og workshops på kulturskulen. Det bør såleis formulerast som ei målsetting å gjera seg aktivt nytte av Hordaland fylkeskommune si kulturformidling. Tema F) Mangfald og det internasjonale Planen har mange gode tiltak og gode målsettingar når det gjeld å legga grunnlaget for eit rikt og mangfaldig kulturliv i kommunen. Hordaland fylkeskommune vil minna om dei tiltaksmidlane fylkeskommunen disponerer på feltet «Tilskot til frivilleg verksemd i lokalsamfunn som bidreg til deltaking, dialog og samhandling» (IMDI-midlar). Kommunen bør ha som målsetting at aktuelle brukargrupper fremmar søknader om desse midlane, særleg med tanke på felleskulturelle tiltak. Tema H) Kultur og reiseliv - I samband med kultur og reiseliv bør kommunen sjå på kulturminne som ressursar som kan brukast både i regional og nasjonal turistverksemd, og til lokal formidling. Kommunen kan og sjå på moglegheitar for ny næring i gamle bygg som ein del av både utvikling i næring og vedlikehald av kulturminne. Tema I) Idrett, friluftsliv og anlegg. Tema J) Folkehelse og kultur Hordaland fylkeskommune vil minna om følgjande sentrale dokument: 3
- Statlege føringar - St.meld 26 (2011-2012) Den norske idrettsmodellen (lagt fram i juni 2012) - Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (V-0732) - St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv ein veg til høgare livskvalitet - St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge - St.meld. nr. 20 (2006-2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller - Nasjonal transportplan 2010-2019 med sykkelstrategi - Lov om friluftsliv (Friluftslova) Regionale: Kartlegging og verdsetting av regionale friluftsområde i Hordaland" (2008) Kultur og idrettsplanen vil vere styrande i høve til samarbeidet mellom kommune og dei frivillige organisasjonane. Utfordringar i mange kommunale delplanar er mellom anna å få fram samanheng med andre planar i kommunen og økonomiplan knytt til drift og vedlikehald av eksisterande og planlagde anlegg. Det er positivt at det er lagt inn eige tema knytta til folkehelsearbeid og kultur. Med den nye folkehelselova bør kultur og idrettsfeltet ha ei sentral rolle i arbeidet med samhandlingsreforma. I kultur- og idrettsplanen er det gjort greie for status på kommunale anlegg knytta til idrett/fysisk aktivitet som var skissert i forge plan (2006-2012), og eit handlingsprogram for aktivitets- og anleggsutviklinga i komande planperiode. Hordaland fylkeskommune gjer merksam på at definisjonane på type anlegg og tilskotsrammene kan endre seg framover (truleg frå 2014) på basis av føreslegne endringar i den nye idrettsmeldinga (St.meld 26 (2011-2012) Den norske idrettsmodellen). Kommunar i Hordaland som ikkje har idrettshall skal prioriterast ved tildeling av spelemidlar (fylkesdelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv (2008-2012). Det at Øygarden kommune opprettheld prinsippet om gratis bruk av kommunale anlegg for frivillig sektor er veldig positivt. Ein tilstandsrapport for alle leikeplassane i kommunen gir eit godt grunnlag for å sikre gode og allsidige aktivitetsområder i nærmiljøa. Det må tilretteleggjast for gåande og syklande i nærmiljøet. Universell utforming gir plass til alle i alle livsfasar. Eit mogleg tiltak kan vere å etablere ein felles utstyrsbank med idrett og friluftslivsutstyr t.d. i samarbeid med skule. (sjå link fra Friluftsrådet Vest; http://www.friluftsradetvest.no/dsp_artikkel.cfm?level1_id=335724&type=1&type=1) Direktoratet for naturforvalting vil dei neste 10 åra satse på nærfriluftsliv gjennom ein eigen nasjonal handlingsplan for friluftsliv. Det er veldig positivt at Øygarden kommune ønskjer å få kartlagt og verdsett lokale friluftsområder, og lage ein plan for sikring av desse områda. Sikring kan gjerast ved å søke om støtte frå statlege midlar (100% om eit område er regionalt viktig eller 50% om lokalt viktig område) eller omgjerast til statleg sikra område. Kartlegging og verdsetting av regionale friluftsområde i Hordaland" (2008) hadde som siktemål å skaffa eit betre kunnskapsgrunnlag for arealplanlegging og arealforvaltning i fylket. I Øygarden vart 11 område kartlagt, og ni av områda vart kategorisert som viktig eller særs viktig regional verdi for friluftsliv. Denne kartlegginga er eit viktig dokument for planen og bør med som ein del av grunnlaget for arealdisponering for friluftsliv. Meir informasjon om dette prosjektet finn ein på fylkeskommunen sin nettstad: www.hordaland.no Det kan vere nyttig å involvere Bergen og Omland Friluftsråd i dette arbeidet, og i prosessen med å lage gode forvaltingsplanar i høve til drift, vedlikehald og nyinvesteringar på sikra friluftsområder. I planen vert 4
det også peika på trong for parkeringsplassar og lys knytta til turløyper. Fokus på universell utforming av turløyper er bra. Dette er viktige bidrag for å kunne få fleire til å bruke dei tilrettelagte areala. Friluftsområda i Øygarden er også viktige for innbyggjarar frå nabokommunane og Bergen. Klatring er ikkje nemnd i planen. Øygarden har nokon av dei mest brukte klatrefelta i regionen (http://www.bergenklatreklubb.no/forere/cragdatabase/geo.php?geo_id=8) Tilrettelegging for økt bruk av sykkel er eit viktig middel for å betre den daglege aktiviteten, dette gjeld spesielt i tettbygde strok og i nærleiken av skuler, idrettshallar, butikkar mm. som kan nåast med sykkel. Her bør ein spesielt sørgja for samanhengjande tilrettelegging for sykkel med høg kvalitet. Til grunn bør ein leggja statens vegvesen sin handbok for sykkeltilrettelegging ( sjå: http://www.slf.no/trafikk_sikkerhet/tilrettelegging/9447) Lokale innspel frå sykkelklubbar og aktive transportsyklistar kan og vere nyttig ved planlegging og gjennomføring. Tilrettelegging i form av gode parkeringstilhøve for sykkel på idrettsanlegg, skular, butikkar, kollektivknutepunkt osb er og viktig. Enkel tilrettelegging for terrengsykkelløypar i kystnær natur i form av merka singeltracks kan og vere ein moglegheit til å trekkje til seg tilreisande som ynskjer å bruke terrengsykkel som aktivitet. Øygarden har eit fantastisk undervasslandskap som ikkje berre har lokal verdi, men som står sterkt både regionalt, nasjonalt og med internasjonalt potensiale. I tillegg til at det her ligg eit reislivspoteniale, bør kommunen utvikla dette, til dømes i samarbeid med Sotra Sportsdykkerklubb. Andre aktuelle samarbeidspartnar kan vere: - Turlag i Øygarden - Sotra og Øygarden JFF - Bergen klatreklubb - Øygarden havkajakk klubb - Sotra Sportsdykkerklubb Under tema tilrettelagte fritidstilbod vert det understreka at Øygarden har eit ønskje om å legge til rette for aktivitetar for menneske med alle typar funksjonshemmingar. Dette er veldig positivt og minnar om ulike regionale arrangement i regi av Hordaland fylkeskommune for personar innan psykisk helsevern og personar med funksjonshemmingar. Hordaland fylkeskommune stiller seg positiv til det breie interkommunale samarbeidet knytta til kultur gjennom IKKUS, og at det vert vurdert interkommunalt samarbeid for realisering og drifting av enkelte idrettsanlegg. Hordaland fylkeskommune har støtta samarbeidsprosjektet knytta til merking og gradering av turløyper i region vest ekstra støtte. I høve til padleløyper er dette eit pilotarbeid for Hordaland. Det bør vurderast å tilretteleggje for telting og kajaknaust (sjå døme: http://padlefolket.wordpress.com/naustet/) i tilknytning til desse padleløypene. Tema K) Lokalarv og kulturhistorie Hordaland fylkeskommune sett pris på at Øygarden kommune er medviten om sitt ansvar som lokal kulturminnevernmynde. Kommunen har eit sjølvstendig ansvar for å følgje opp den nasjonale politikken og for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø av lokal eller regional verdi. Hordaland fylkeskommune ser det som svært positivt at arbeid med kulturminneplan skal prioriterast. Ein god kulturminneplan er eit godt verkty i kommuneplanlegging. Ein kulturminneplan kan vere med å framheve områder som kan brukast i formidling og turistverksemd, eller områder som bør takast vare på på grunn av lokal, regional eller nasjonal verdi. I kulturplanen bør det framhevast at kommunen som lokal planstyremakt har eit viktig ansvar for kulturminne, og skal ta omsyn til kulturminne i all kommunal planlegging. Ein kulturminneplan vil vere eit viktig tiltak. 5
Kulturminneplan og formidling både gjennom den kulturelle skulesekken, lokale historielag og turisme er gode verkemiddel for å gjere folk kjende med kulturminna i Øygarden. Ei av dei nasjonale føringane for arbeidet bak kulturplanen er St. meld. nr. 16 (2004-2005): Leve med kulturminner og denne stortingsmeldinga må sjølvsagt òg leggje føringar for arbeidet med ein kulturminneplan. I samarbeid med dette kunne kulturplanen for Øygarden kommune 2013-2023, eksplisitt ha kome litt innpå nokre av dei nasjonale måla for kulturminnepolitikken og dei forslag til justeringar som vart presentert i St. meld. nr. 16. Dette for å gje ein slags forsmak på kva ein kan ha i vente i den komande kulturminneplanen, men òg for å styrkje det lokale medvitet omkring viktige kulturminne og kulturmiljø. I denne stortingsmeldinga, med tall frå 2004, kom det blant anna fram at det på nasjonalt plan årleg forsvann rundt 0,7 prosent av viktige kulturminne og kulturmiljø. Og eit forslag for nytt mål var at det årlege tapet av denne type kulturminne og kulturmiljø ikkje skal overstige 0,5 prosent innan 2020. I samband med dette kunne kulturplanen òg ha tatt med forholdet til Øygarden si rike historie og fortid, og at kulturminne og kulturmiljø har eit stort potensiale til å gje kommunen konkurransekraft og grunnlag for næringsutvikling. Elles kunne ein òg ha presisert at det er viktig at dei lokale kulturhistoriske kvalitetane og mogelegheitene i Øygarden vart tekne vare på, og at dei bør aktiviserast som fellesgode i den vidare utviklinga av kommunen, og at dei utgjer kjelder til kunnskap, oppleving og verdiskaping. Tema N) Kulturlokale og arenaer Hordaland fylkeskommune merkar seg at planen slår fast at det ikkje finst kommunale fasilitetar som oppfyller krav til moderne kulturhus i Øygarden i dag. I arbeidet med lokale og anlegg for kultur er det viktig å gjennomgå behov og bruksområde, og å kartlegge eksisterande tilfang. Dette bør og sjåast i samanheng med regionale tilbod. Innanfor det interkommunale samarbeidsområdet IKKUS ligg det føre fleire tankar om større kulturhussatsingar. Det er viktig at slike planar vert utvikla på eit godt fundament av behovsanalyse og realisme. Hordaland fylkeskommune kan vera ein medspelar i dette. I tillegg til oppstart av regional plan for attraktive senter, har fylkeskommunen verkemiddel til så vel lokale kulturhus som til kulturhus med regionale funksjonar. Tema O) Interkommunalt kultursamarbeid (IKKUS) Hordaland fylkeskommune er svært positiv til dette interkommunale samarbeidet. Det er likevel viktig å sondra mellom kulturpolitiske felt som ligg til den einskilde kommune og kulturpolitiske felt som er særleg eigna til interkommunalt samarbeid. Ein må unngå at kulturpolitikk vert løfta vekk frå dei einskilde kommunestyra, som i samsvar med kulturlova har klåre ansvar på dette feltet. Det bør derfor formulerast klåre mandat for samarbeidet, med vedtak i dei respektive kommunestyra. Nytta målmedvete, kan interkommunalt kultursamarbeid medverka til gode fellesløysingar, arbeidsdeling og ressursutnytting til beste for innbyggarane. Tema Q) Tilrettelagt fritidstilbod Det er positivt at planen tek opp dette temaet. Når det gjeld universell utforming er likevel tanken at dette omsynet skal gjennomsyra alle samfunnsområde. Såleis må dette omsynet takast med innanfor alle plantema. Hordaland fylkeskommune vil minna om fylkesdelplanen Universell utforming. Deltaking for alle. 6