OS KOMMUNE Os kommune MØTEINNKALLING Utval: OS VALSTYRE Møtestad: Nore Neset Aktivitetshus NB. MERK STADEN! Møtedato: 13.05.03 Tid: 09.00 SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0008/03 03/00236 PARTISERVICE VED KOMMUNE- OG FYLKESTINGSVALET 03 16 0009/03 03/00233 LISTEFORSLAG K-VAL 03 21 0010/03 03/01751 RØYSTESTYRET VED KOMMUNE- OG FYLKESSTYREVALET 2003 40 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 06.05.03 Ordførar Rådmann
Sak 0008/03 MØTEBOK PARTISERVICE VED KOMMUNE- OG FYLKESTINGSVALET 03 Saksbehandler: Birgit Winsents Arkiv: 014 Arkivsaksnr.: 03/00236 Saksnr.: Utval Møtedato 0002/03 Os valstyre 21.01.03 0006/03 Os valstyre 29.04.03 0008/03 Os valstyre 13.05.03 Framlegg til vedtak: Os Valstyre sender vidare skriv frå IBM til dei politiske partia som har stilt liste ved Kommunestyre- og Fylkestingsvalet 2003. Lars Atle Skorpen Hansen rådmann
Sak 0008/03 Vedlegg: 1. Skriv med tingingsblankett frå IBM 2. Til registrerte politiske partier, KOMMUNESTYRE- OG FYLKESTINGSVALET 2003 Saksopplysningar: IBM har tilbod til registrerte politiske parti ved Kommunestyre- og Fylkestingsvalet 2003,. om bestilling av utvalg av kommunen sitt manntal for utsendelse av valgmateriell. Det gjeld sjøvklebande navn og adresselappar, datalister over røysteføre og CD med semikolon separat adresseinformasjon. Materialet kan leverast for førstegongs vegjarar, pensjonistar, øvrige røysteføre eller for alle, jfr. vedlegg. Dette materialet må partia sjølv kosta og før det vert sendt evt. tingingsordre til IBM, skal den til valgstyret for godkjenning. IBM ber om at vedlagte brev, vert sendt vidare til dei parti som stiller liste i kommunen. Birgit Winsents Side 3 av 8
Sak 0009/03 MØTEBOK LISTEFORSLAG K-VAL 03 Saksbehandler: Birgit Winsents Arkiv: 014 Arkivsaksnr.: 03/00233 Saksnr.: Utval Møtedato 0001/03 Os valstyre 21.01.03 0009/03 Os valstyre 13.05.03 Framlegg til vedtak: Os Valstyre godkjenner listeforslaget til Arbeiderpartiet, Framstegspartiet, Høyre, Kristeleg Folkeparti, Raud Valallianse, Senterpartiet, Sosialistisk venstreparti, Tverrpolitisk Samlingsliste og Venstre til Kommunevalet 2003 Lars Atle Skorpen Hansen rådmann
Sak 0009/03 Vedlegg: 1. Listeforslag frå dei 9 partia som har stilt liste ved Kommunevalet 2003 2. 9 søknader (1 søknad har to navn)om fritak for å stå på liste til valet 3. Fax frå Raud Valallianse om å stryka kandidatar som ikkje er valbare / meldt flytting på lista. Saksopplysningar: Følgjande 9 parti har levert inn liste til Kommunevalet 2003 innan fristen 31. mars 2003 kl.17.00: Arbeiderpartiet, Framskrittspartiet, Høyre, Kristeleg Folkeparti, Raud Valallianse, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Tverrpolitisk Samlingsliste og Venstre. Listeforslaga vart lagt ut i Kommunetorget og gjort kjend i Os og Fusa posten, onsdag 2.april. Alle kandidatane på listene, er kontrollert mot Folkeregisteret. Ein kandidat på Krf. si liste har skriftleg meldt om flytting til Os før 01.04.03, dette kan gjerast slik ifølge Vallova. To kandidatar på RV si liste har oppgitt adresse i Os, men er ikkje registrert i Folkeregisteret her. Den eine var i tillegg tillitsvald og hadde underteikna lista. Vi har bedt både muntleg og skriftleg om at dette ekteparet, melder flytting til Os der dei oppgir adresse, dette har dei så langt ikkje gjort. I samråd med Marte Mjøs Persen, leiar i Hordaland RV, er dei to stroke på lista og Tarjei Lyssand har underteikna som tillitsvald på RV si liste, jfr.vedlegg, fax datert 5.mai 2003. Alle kandidatane på listene har fått brev om at dei står på lista og orientering om Vallova 3-4 om fritak for valg. Følgjande 9 kandidatane har søkt om fritak fra valget 2003, jfr. vedlegg: Framskrittspartiet kandidat nr. 37, Nina Kvåle Kristeleg Folkeparti kandidat nr. 07, Sonja Elisabeth Eskeland, nr. 23, Reidun Drange og nr. 8 Arne Herstad Senterpartiet kandidat nr. 11, Terje Johan Bakke Tverrpolitisk Samlingsliste kandidat nr. 04, Marthe Johnsen, nr.16, Marit Lund og nr. 33, Jan Lund Venstre kandidat nr. 07, Liv Kristiansen Birgit Winsents Side 5 av 8
Sak 0010/03 MØTEBOK RØYSTESTYRET VED KOMMUNE- OG FYLKESSTYREVALET 2003 Saksbehandler: Birgit Winsents Arkiv: 010 Arkivsaksnr.: 03/01751 Saksnr.: Utval Møtedato 0010/03 Os valstyre 13.05.03 Framlegg til vedtak: Os Valstyre oppnevner nye medlem i røystestyret i følgjande krinsar: Krins nr.1 Søfteland Som nytt medlem i røystestyret for Søfteland krins vert vald 1.. 2.. 3.. 4.. Som ny nestleiar i røystestyret i Søfteland krins vert vald Krins nr.2 Lysekloster Som nytt medlem i røystestyret for Lysekloster krins vert vald Krins nr.5 Nore Neset Som nytt medlem i røystestyret for Nore Neset krins vert vald. Krins nr.6 Søre Neset Som nytt medlem i røystestyret for Søre Neset krins vert vald 1... 2.. Krins nr.7 Os Vest Som medlem i nytt røystestyret for Os Vest krins vert vald 1... 2... 3... Som nestleiar i røystestyret i Os Vest krins vert vald. Krins nr.8 Os Aust Som nytt medlem i røystestyret for OS Aust krins vert vald 1.. 2..
Sak 0010/03 Krins nr.9 Hegglandsdalen Som nytt medlem i røystestyret for Hegglandsdalen krins vert vald 1.. 2.. Krins nr.10 Os Nord Som nytt medlem i røystestyret for Os Nord krins vert vald. Som leiar i røystestyret for Os Nord krins vert vald.. Lars Atle Skorpen Hansen rådmann Side 7 av 8
Sak 0010/03 Vedlegg: Namnelister for røystestyret i Os. Saksopplysningar: Ein del av medlemene i røystestyret frå Stortingsvalet i 2001, har kome med tilbakemelding om at dei vil takka nei til å vera med i røystestyret vidare. Det må difor veljast nye medlemer i fleire av valkrinsane. Spørsmålet er om det trengs like mange personar i røystestyret i år som før. I høve ny vallov skal det ikkje lenger nyttast konvoluttar til røystesetlane på valdagen. Røyste-setlane skal brettast og påførast eit stempel. Dette vil truleg letta arbeidet med oppteljinga ute i krinsane. På den andre sida vil dette kreva større trong for kontroll, slik at ingen får levera røystesetel fleire gongar. Dersom ein skal følgja gamal rutine med å kryssa i manntalet når veljaren kjem inn i lokalet (ingen konvolutt), vil det kreva at røystelokala må ha ei kontrollert utslusing. Stempling av røystesetlar kan skje to gonger når ein ikkje har noko å kontrollera det mot. For å sikra at ingen røyster meir enn ein gong, kan den som skal røysta bli vist direkte til avlukket, bretta røystesetelen, gå til bordet for å bli kryssa av i manntalet. Dette vert gjort samtidig som røystesetelen vert stempla og lagt i valurna. Dersom tal medlemer i røystestyret skal vera som før, må det veljast nye medlemer i følgjande krinsar: I Søfteland krins 4 nye medlemer i staden for Lars Søfteland, Britt Karin Grytøyr og Kjetil Ølnes som går ut. Kari Askeland har flytta til Gudriflaten og ønskjer å bli overflytta til Os Nord krins. Det må veljast ny nestleiar i staden for Lars Søfteland som går ut. I Lysekloster krins 1 nytt medlem i staden for Nina Sørdal som går ut. I Nore Neset krins 1 nytt medlem i staden for Norvald Storum som går ut. I Søre Neset krins 2 nye medlem i staden for Eva Lunde og Einar Haugland som går ut. I Os Vestre krins 3 nye medlemer i staden for Paul Martin Sælen, Helga Skorpen Hansen som går ut og Per Harald Haugen som er flytta til Bergen. Det må veljast ny nestleiar etter Paul Martin Sælen som går ut. I Os Austre krins 2 nye medlemer i staden for Inger Hauge og Solveig Ognøy som går ut. I Hegglandsdalen krins 2 nye medlemer i staden for Lars A Hjemdal som er død og for Jimmy Øvredal som går ut. I Os Nord krins 1nytt medlem i staden for Jacob Hetleflåten som går ut. Han har vert leiar av røystestyret og det må difor veljast ny. Kari Askeland ønskjer å bli overflytta fra Søfteland krins. Harald Døsen har meldt forfall 15.09.03, men ønskjer å vera med seinare. Birgit Winsents Side 8 av 8