Tilsynsutvalet i Hordaland Møteprotokoll Møtedato: 11.06.2013 Møtetid: Kl. 17:00 18:30 Møtestad: Heradshuset i Kinsarvik Saksnr.: 010/13-015/13 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Linda Haugland Jondahl Vara kunne ikkje møta Møteleiar: Frå adm. møtte: Diverse: Leiar Trygve Sæbø Sekr. Eir Sandstå Stigsutv turisthytte: har søkt om motorisert ferdsel i samband med byggjeløyve dei har på riving av gammal flor og oppsetting av ny. Vedtak: Dei får løyve til: 4 t/r traktortransport frå Byen til Stigstuv med utstyr/material. Antall etter behov med betongbil mellom Tinnhølen og Byen. Antall landingar etter behov med helikoptertransport med betong frå Byen til Stigstuv. 1 t/r med gravemaskin 3,5t frå Byen til Stigstuv. Vidare har dei søkt om å få utføra noko vedlikehald på slepa inn til Stigstuv, me ber dei ta kontakt med Fylkesmannen i Hordaland. Eidfjord fjellstyre: har søkt om løyve til motorisert ferdsel i samband med reparasjon av oppgangssperrene som må gjerast i forkant av planlagt rotenonbehandling. Vedtak: Dei får løyve til: 1 t/r traktortransport med hengar og 15 t gravemaskin frå Byen til Stigstuv. Fylkesmannen i Hordaland: har søkt om løyve til motorisert ferdsel i samband med rotenonbehandling ved Stigstuv. Tilsynsutvalet ser dette som eit viktig tiltak for å hindre spreiing av aurekyte og er derfor positive til omsøkt transport. Tilsynsutvalet vil likevel påpeika at me har vore svært restriktive med å gje løyve til bruk av ATV og at løyve vert gitt ut frå den særskilte situasjonen. Tilsynsutvalet ber om at ATV vert brukt så lite og skånsomt som mogeleg. Vedtak: Dei får løyve til : 2 landingar med helikopter, frå Dyranut til Hætjørn. 1 dags bruk av båt<10hk på Hætjørn. 2 landingar med helikopter frå Dyranut til Stigstuv. 1 t/r med ATV frå Byen til Stigstuv og området rundt Stigstuv. All transport skal gå føre seg i tidsrommet 14.-24. august 2013 DNT ung Drammens og Oplands turistforening: har søkt om løyve til motorisert ferdsel i samband med Base camp for 13-16 aringar på Rauhelleren. Dei ynskjer løyve til 1 buss og 2 privatbilar frå Tinnhølen til Byen, med ungdomar og utstyr. Vedtak: Søknaden vert ikkje imøtekomen.
Fjellfly AS: har sendt førespurnad om dialog vedk. luftbåren transport på Hardangervidda. Samson Hamre og sekretær tek dette opp som tema på fellesmøte på Skinnarbu, og gjev ei tilbakemelding til Fjellfly etter møtet. Underskrifter: Trygve Sæbø Samson Hamre Håkon Kvammen Hallvard Herland Solveig H. Uppheim Håkon Sandal Else Marie Sandal Bergljot maria Veivåg
Sakliste Sak nr. Saktittel 010/13 Godkjenning av møtebok 25.04.2013 011/13 Meldingar 012/13 Kostnadar ved drift av Tilsynsutvalet i Hordaland 2012 013/13 Årsrapport for Tilsynsutvalet i Hordaland 2012-2015 014/13 Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark under villreinjakta 2013 015/13 Søknad om løyve til oppføring av tilbygg på sikringshytte ved Besso Turisthytte gnr. 33 bnr. 2, feste nr 2 Eidfjord statsallmenning.
010/13: Godkjenning av møtebok 25.04.2013 Møteboka for 25.04.2013 vert godkjent slik ho ligg føre. TUV-010/13 VEDTAK: Møteboka for 25.04.2013 vart godkjent slik ho låg føre. 011/13: Meldingar Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. TUV-011/13 VEDTAK: Meldingane vart tekne til orientering slik dei låg føre. 012/13: Kostnadar ved drift av Tilsynsutvalet i Hordaland 2012 Rekneskapen for 2011 vert godkjent slik den ligg føre.
Røysting: Sekretæren sitt framlegg vart samrøystes vedteke. TUV-012/13 VEDTAK: Rekneskapen for 2011 vert godkjent slik den ligg føre. 013/13: Årsrapport for Tilsynsutvalet i Hordaland 2012-2015 Årsrapporten for Tilsynsutvalet i Hordaland vert godkjent slik den ligg føre. Røysting: Sekretæren sitt framlegg vart samrøystes vedteke TUV-013/13 VEDTAK: Årsrapporten for Tilsynsutvalet i Hordaland vert godkjent slik den ligg føre. 014/13: Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark under villreinjakta 2013 Tilsynsutvalet i Hordaland gjev med dette Ullensvang Fjellstyre inntil 10 turar/retur med traktor på slepa Sandhaug Hansbu i tidsrommet 3 dagar før under og 3 dagar etter villreinjakta 2013. Eidfjord Fjellstyre får inntil 5 turar med traktor på slepa Fossane- Høgahæ- Eitro- Låghelleren i tidsrommet 3 dagar før under og 3 dagar etter villreinjakta 2013. Fjellstyra står ansvarleg for å fordela turane mellom sine brukarar, og har ansvar for fullstendig rapport vert sendt Tilsynsutvalet i Hordaland snarast etter avslutta villreinjakt. Traktorturane bør spreiast mest mogeleg i heile perioden for villreinjakta, slik at traktortilbodet vert gjeldande for alle jegerane. Oversikt over kven som køyrer kor tid må leggjast ut på heimesidene til fjellstyra i Ullensvang og Eidfjord og Tilsynsutvalet i Hordaland.
Tilsynsutvalet gjev løyve til fly/helikopterselskap, som er registrert med luftfart som næring og som er interessert i dette, løyve til inntransport av jegerar med gyldig jaktkort til dei vatna i Hordaland sin del av nasjonalparken som er opplista i forvaltningsplanen. Dette gjeld Nordmannslågen v/ Besso, Vatnalivatn, Veivatn, Bersavikvatn, Litlosvatn, Nedste Krokavatn, Øvste Krokavatn, Nedste Bjørnavatn, Øvste Bjørnavatn, Vasslivatn, Langavatn, Kvennsjøen, Midtre Grøndalsvatn, Vetle og Store Valgardsvatn, Holmavatn og Hellevatn, Bismarvatnet og Dimmedalsvatn. Inntransporten kan gå føre seg 3 dagar før, og under villreinjakta 2013. Sjøfly og helikopter er likestilte, helikopter kan landa innanfor ein avstand på hundre meter frå dei opplista vatna. Det er ein føresetnad at fly/helikopterselskapa prøver å fylla opp flya/helikoptera, og ikkje flyg inn ein og ein jeger. Det skal skrivast logg på alle turane, og rapporterast attende til Tilsynsutvalet i Hordaland seinast 10 dagar etter jaktslutt. Rapporten skal innehalda dato, ant. jegerar og landingsstad. Uttransport av felt villrein frå dei overnemnde vatn gjeld fram til og med 3 dagar etter at villreinjakta er slutt, jfr. pkt. 4.6.2.c i verneforskrifta. Jegerar som skal til andre stadar enn dei overnemnde, må ha særleg løyve i høve til pkt. 4.6.2.1.a i verneforskrifta. Røysting: Sekretæren sitt framlegg vart samrøystes vedteke. TUV-014/13 VEDTAK: Tilsynsutvalet i Hordaland gjev med dette Ullensvang Fjellstyre inntil 10 turar/retur med traktor på slepa Sandhaug Hansbu i tidsrommet 3 dagar før under og 3 dagar etter villreinjakta 2013. Eidfjord Fjellstyre får inntil 5 turar med traktor på slepa Fossane- Høgahæ- Eitro- Låghelleren i tidsrommet 3 dagar før under og 3 dagar etter villreinjakta 2013. Fjellstyra står ansvarleg for å fordela turane mellom sine brukarar, og har ansvar for fullstendig rapport vert sendt Tilsynsutvalet i Hordaland snarast etter avslutta villreinjakt. Traktorturane bør spreiast mest mogeleg i heile perioden for villreinjakta, slik at traktortilbodet vert gjeldande for alle jegerane. Oversikt over kven som køyrer kor tid må leggjast ut på heimesidene til fjellstyra i Ullensvang og Eidfjord og Tilsynsutvalet i Hordaland. Tilsynsutvalet gjev løyve til fly/helikopterselskap, som er registrert med luftfart som næring og som er interessert i dette, løyve til inntransport av jegerar med gyldig jaktkort til dei vatna i Hordaland sin del av nasjonalparken som er opplista i forvaltningsplanen. Dette gjeld Nordmannslågen v/ Besso, Vatnalivatn, Veivatn, Bersavikvatn, Litlosvatn, Nedste Krokavatn, Øvste Krokavatn, Nedste Bjørnavatn, Øvste Bjørnavatn, Vasslivatn, Langavatn, Kvennsjøen, Midtre Grøndalsvatn, Vetle og Store Valgardsvatn, Holmavatn og Hellevatn, Bismarvatnet og Dimmedalsvatn.
Inntransporten kan gå føre seg 3 dagar før, og under villreinjakta 2013. Sjøfly og helikopter er likestilte, helikopter kan landa innanfor ein avstand på hundre meter frå dei opplista vatna. Det er ein føresetnad at fly/helikopterselskapa prøver å fylla opp flya/helikoptera, og ikkje flyg inn ein og ein jeger. Det skal skrivast logg på alle turane, og rapporterast attende til Tilsynsutvalet i Hordaland seinast 10 dagar etter jaktslutt. Rapporten skal innehalda dato, ant. jegerar og landingsstad. Uttransport av felt villrein frå dei overnemnde vatn gjeld fram til og med 3 dagar etter at villreinjakta er slutt, jfr. pkt. 4.6.2.c i verneforskrifta. Jegerar som skal til andre stadar enn dei overnemnde, må ha særleg løyve i høve til pkt. 4.6.2.1.a i verneforskrifta. 015/13: Søknad om løyve til oppføring av tilbygg på sikringshytte ved Besso Turisthytte gnr. 33 bnr. 2, feste nr 2 Eidfjord statsallmenning. FRAMLEGG TIL TILRÅDING TIL FYLKESMANNEN I HORDALAND: Med bakgrunn i saksutgreiinga og nye endra teikningar datert 22.05.2013, rår Tilsynsutvalet i Hordaland til at Besso AS får løyve til utbetring/tilbygg på eksisterande sikringshytte. Røysting: Sekretæren sitt framlegg til tilråding vart samrøystes tilrådd TUV-015/13 SAMRØYSTES TILRÅDING TIL FYLKESMANNEN I HORDALAND: Med bakgrunn i saksutgreiinga og nye endra teikningar datert 22.05.2013, rår Tilsynsutvalet i Hordaland til at Besso AS får løyve til utbetring/tilbygg på eksisterande sikringshytte.
8