Kristin Lavransdatter

Like dokumenter
Kristin Lavransdatter

Amalie Skram ( ) ein ekte naturalist

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

2016 Det Norske Samlaget

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Last ned Mysteriet i trua - Eskil Skjeldal. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Mysteriet i trua Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Kva vil det seie å vere buddhist?

Den katolske kyrkja. Katolsk tyder «for alle menneske» Kva kjenneteiknar det største kyrkjesamfunnet i verda?

Til deg som bur i fosterheim år

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Last ned Tarjei Vesaas - Olav Vesaas. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tarjei Vesaas Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Sverre Bjåstad. Utflyttarboka for HAREID OG ULSTEIN. med REGISTER. til BYGDEBØKENE. for. Ulstein og Hareid

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

DEN ORTODOKSE KYRKJA. Kap. 2

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Refleksjon og skriving

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. Barns rettar og foreldrerolla. Demokrati og verdiar

Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Kommunikasjonsplattform. for Den norske kyrkja. DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Sandnes kommune Kjennetegn på måloppnåelse ved utgangen av 10.trinn. Fag: Samfunnsfag. Hovedområde: Historie. Kompetansemål

Helgatun / Danielsen

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Nyrealismen og den historiske romanen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm.

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Bibeltimar over Nehemja 1-4

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

DEI HISTORISKE BØKER Av Kristian og Peter Alf

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

BARNEVERNET. Til beste for barnet

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Vel nynorsk for barnet ditt!

Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd. Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra og

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Amalie Skram ( ) en ekte naturalist

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik)

Velkomen som konfirmant

Å bli gamal i eigen heim

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Biskop Herborg Finnset, visitasgudstjeneste Bratsberg, 7. oktober 2018:

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Bjellandsvegen 51. Tlf Me er også å finna på Facebook.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Kåffår ha Skåbu-dialekta forandra sê?

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Last ned Tilbake til fremtiden ; Lykkelige dager - Sigrid Undset. Last ned

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Last ned Bernt Tunold - Jan H. Landro. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Bernt Tunold Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Velkomen som konfirmant!

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Ircere alle saman! Tusen takk for invitasjonen til å halde stemnetalen. Eg er både stolt og glad for at eg fekk. dette høve å kome hit.

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Last ned Politisk kompetanse. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Politisk kompetanse Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

På skolen til Tatiana har historiedagar. Elevane på heile ungdomsskolen. samarbeide og lage historieprosjekt på tvers trinn og klassar.

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Rike investerer grønt når dei tener på det

Olav Fykse Tveit, generalsekretær Kirkenes Verdensråd

Eksamen SAM3002 Historie og filosofi 2. Nynorsk/Bokmål

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Last ned Vendepunktet - Einar Landmark. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Vendepunktet Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Transkript:

Kristin Lavransdatter

Nyrealismen og den historiske romanen Nyrealismen og den historisk orienterte romanen utgjorde eit tidsskifte i norsk litteratur i 1920-åra. Det var fleire hendingar i første del av hundreåret som la til rette for eit skifte: Unionsoppløysinga i 1905 var ei historisk hending som frigjorde krefter og inspirasjon til å sjå nærare på norsk mellomalderhistorie. Revolusjonen i Russland i 1917 motiverte ein ny forfattargenerasjon til å sjå på framtida med ein annan innfallsvinkel enn den nyromantikarane hadde lagt til grunn. Den første verdskrigen var over, og det medverka til ny optimisme. Krigen skapte også eit behov for å sjå på moralske spørsmål og for å drøfte kva slags verdiar og retningslinjer ein skulle leve livet sitt etter. Nobelprisvinnaren Sigrid Undset Sigrid Undset var fødd i Danmark av dansk mor og norsk far, men ho voks opp i Kristiania. Det nære forholdet til Danmark heldt ho likevel oppe gjennom heile livet. I 1907 debuterte Undset med samtidsromanen Fru Martha Oulie. To år seinare fekk ho eit forfattarstipend og kunne reise til Italia. Undsets gjennombrot som forfattar kom i 1911, med kunstnarromanen Jenny. Sigrid Undset Barndomsminner

I Italia møtte Undset målaren Anders Svarstad. Forholdet mellom dei to måtte lenge haldast hemmeleg fordi han allereie var gift og hadde tre barn. Undset og Svarstad vart gifte i 1912 og fekk i alt tre barn saman. I 1919 flytte Sigrid Undset og mannen frå kvarandre. Ho kjøpte eigedomen Bjerkebæk ved Lillehammer og budde der med barna. Da ho konverterte til katolisismen i 1924, tok ho ut formell separasjon frå mannen sin. Dei to vart skilde i 1927. Tyskland allereie i 1933, året da nazistane kom til makta. Da tyskarane okkuperte Noreg i 1940, måtte ho flykte til USA, der ho haldt fram med innsatsen mot nazismen. Etter krigen reiste ho tilbake til Noreg. Helsa hennar var svekt, og ho døydde på Lillehammer i 1949. Sigrid Undset mottok nobelprisen i litteratur i 1928 for trilogien om Kristin Lavransdatter og for dei to bøkene om Olav Audunssøn. Ho var også ein aktiv samfunnsdebattant med sterke synspunkt i religiøse, politiske og etiske spørsmål. Mellom anna tok ho klart avstand frå nazismen og frå dei nazistiske raseteoriane. Bøkene hennar vart forbodne i

Stor kunnskap om mellomalderen For dei nyrealistiske forfattarane var det eit krav at røyndommen skulle skildrast så nøyaktig som råd. Dei historiske detaljane skulle vere sanne og pålitelege. Samstundes skulle personane framstillast truverdig, noko som kravde psykologisk innsikt. Sigrid Undset var ikkje historikar av fag, men ho hadde lese mykje og hadde evna til å leve seg inn i menneske som få andre. Ho fekk mange lovord for kunnskapen om norsk mellomalder. Framstillingane hennar er fulle av små detaljar som vitnar om grundig kjennskap til klede, reiskapar, skikkar, bygningar og daglegliv i mellomalderen.

Verdikonservativt grunnsyn Sigrid Undset var kritisk til normoppløysinga i samtida. Individualismen og kapitalismen var øydeleggjande og nedbrytande prosessar, hevda ho. Ho meinte dei førte til framandgjering. Som ein kontrast til denne utviklinga såg ho den katolske mellomalderen, der det ikkje fanst nokon sjølvhevdande individualisme. Det verdikonservative menneskesynet kjem til uttrykk i storparten av det ho skreiv. Etter at ho hadde konvertert til katolisismen, vart ho òg ein viktig debattant for den katolske kyrkja i trusspørsmål og i polemikk med lutherske prestar og biskopar. Tordis Ørjasæter snakkar om Undset i 1993 Undset kasta seg ut i avisdebattar, ho skreiv artiklar om ulike emne og var heile tida i opposisjon til dei som stod for moderniseringsprosjektet. Ho såg på kvinnesaksforkjemparane som fiendar av familien og fellesskapstanken. Plikta mot andre menneske og mot Gud var viktigare enn lysta til å gå eigne vegar, meinte ho. Rett nok forstod ho og argumenterte for at det var viktig for kvinnene å frigjere seg både økonomisk og sosialt, men ho meinte den viktigaste oppgåva likevel var å vere mor og verne om familien.

Jenny ein kunstnarroman I 1911 skreiv Sigrid Undset romanen Jenny, som vart gjennombrotet hennar som forfattar. Hovudpersonen Jenny er ein ung biletkunstnar som er fri for alle sosiale band og kan leve eit fritt kunstnarliv. Undset budde i Roma da ho skreiv romanen, og ho fann nok mykje inspirasjon til romanen i kunstnarmiljøet ho møtte der. Jenny får ikkje brukt kunstnartalentet sitt, men ho er nær ved å finne kjærleiken. Boka vekte både oppsikt og forarging på grunn av den opne skildringa av kvinneleg erotisk lyst. Det endar dårleg for Jenny, og det er livsførselen hennar og mangelen på normer som er årsak til undergangen. Grunntanken hos Sigrid Undset er at mennesket ikkje kan leve ut sine lyster og gjere som det sjølv vil, utan at det får konsekvensar. Vi har alle ansvar og plikter å ta vare på, og familien er fundamentet, meinte ho. Sigrid Undset i arbeidsrommet på Bjerkebæk ved Lillehammer Om filmversjonen av romanen Jenny og forfattarens oppvekst

Trilogien Kristin Lavransdatter Med mellomalderromanane om Kristin Lavransdatter oppnådde Sigrid Undset ein suksess som ingen andre hadde hatt før henne. Trilogien er det fremste verket hennar og blir også omtalt som den største kjærleiksromanen i norsk litteratur. Bøkene gjorde henne til ein av dei mest framståande norske forfattarane på 1900-talet. Handlinga er lagd til første halvdel av 1300-talet, og vi følgjer Kristin gjennom dei tre bøkene Kransen (1920), Husfrue (1921) og Korset (1922). I Kransen møter vi Kristin som ung jente når ho veks opp på garden Jørundgård i Sel i Gudbrandsdalen. Foreldra, Lavrans og Ragnfrid, er gudfryktige menneske, og trua er ein viktig del av oppveksten. Femten år gammal Foto: Geir Olsen / VG / Scanpix

blir Kristin forlova med Simon Darre, slik fedrane har avgjort. Skikken den gongen var at ei ungjente frå ein velsituert familie skulle gå eit år i kloster, og Kristin blir send til Nonnesæter. Under ei utflukt ved klosteret møter ho Erlend Nikulaussøn. Han er tolv år eldre enn Kristin og har ei tvilsam fortid, men er rik slik det høver seg, og står fram som ein storsjarmør. Kristin forelskar seg hovudstups. Ho bryt med Simon Darre etter drama tiske hendingar og kjem i ein sår konflikt med sin eigen far. Vegen er lang, men etter mange og vanskelege intrigar får Kristin og Erlend kvarandre. Lavrans held bryllaupsfest på Jørundgård. I den neste boka, Husfrue, møter vi Kristin som ektefelle og mor. Ho strevar i eit vanskeleg ekteskap med ein upåliteleg mann, og ho utviklar eit stadig sterkare gudsliv. Ho dreg på pilegrimsferd til Nidaros for å be Heilag-Olav om å tale saka hennar for Gud. I den siste boka i trilogien, Korset, har ekteskapet mellom Kristin og Erlend havarert, men dei greier å kome til ei slags forsoning. Kristin ofrar seg for dei sjuke under svartedauden i 1349 og døyr sjølv av pesten. Eit hovudemne i bøkene er konflikten mellom eigenviljen og gudsviljen. Skal Kristin følgje sitt eige hjarte, eller skal ho følgje Gud? Det får konsekvensar både for henne sjølv og for andre når ho bryt norm ene som fellesskapen byggjer på. Om Kristin Lavransdatter, Kransen

To bøker om Olav Audunssøn Suksessen med bøkene om Kristin Lavransdatter vart følgd opp med Olav Audunssøn i Hestviken (1925) og Olav Audunssøn og hans børn (1927). Vi møter på nytt konflikten mellom det å rå over eige liv og plikta ein har mot Gud og medmenneske. Olav har gjort eit brotsverk som han aldri tilstår, enda han veit at det berre er tilståing og soning som kan berge han. Heile livet er han plaga av dette sviket mot seg sjølv, og han står fram som ein inneslutta og ulykkeleg mann. Å skrive om menneska som levde i mellomalderen, var for Sigrid Undset ein måte å orientere seg på i samtida. Somme sider ved menneskelivet ligg fast, jamvel om tidene endrar seg, meinte ho. Det er berre dei ytre vilkåra, vanane og miljøet som endrar seg, ikkje kjenslene og draumane, ikkje kjærleiken og håpet, plikta og ansvaret. Sjølv uttrykte ho det slik: Ti sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres og de tænker anderledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.

Eigenviljen og gudsviljen Er det ei motsetning mellom det å følgje sitt eige hjarte og det å følgje Gud? For å forstå kva som ligg i denne problematikken, eigenviljen mot gudsviljen, er det nødvendig å setje seg inn i korleis mellomaldermennesket levde og tenkte, og sjå på kva rolle kyrkja spela. I trilogien Kristin Lavransdatter har kyrkja og kyrkjelege handlingar ein sentral plass. Kristin er døypt, ho har ei viktig oppleving i Hamar domkyrkje som åtteåring, ho går i kloster som ung jente, går til messe og dreg på pilegrimsferd til Nidaros. Kort sagt lever ho eit liv som ein god kristen. I mellomalderen var kyrkja langt meir integrert i kvardagen til folk, og det var derfor naturleg å leve livet som ein god kristen. Mennesket skulle vere ein tenar for Gud og kyrkja, og for Kristin var det utenkjeleg med eit liv utan denne forankringa. I vår tid opplever vi ei sterk sekularisering, det vil seie ei verdsleggjering eller avkristning, som har sett spor etter seg både i menneska og i samfunnet. På same tid ser vi at fleire og fleire søkjer seg attende til dei verdiane som kyrkja alltid har stått for.