MØTEPROTOKOLL Utval Levekårskomiteen Møtedato 05.11.2018 Møtestad Halsnøytunet Møterom1, Halsnøytunet Møtetid 17:00 19:30 Følgjande medlemer møtte: Namn Funksjon Repr Stein Olav Ølvestveit Leiar SP Erlingur Nielsson Medlem H Lise Rørvik Medlem AP Clara Hveem Medlem SP Kent Are Kjørsvik Petterson Medlem V Arne Bjørnevik Medlem H Følgjande medlemer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Geir Dolonen-Marthinussen MEDL AP Hanne Kristensen MEDL H Eli Hårklau MEDL MDG Følgjande varamedlemer møtte: Namn Vara for Repr Marit Bakke Hanne Kristensen H Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Torstein Aarthun Rådmann Anne Sofie Bjelland Kjeka Sektorleiar oppvekst Bjørg Wangensten Sektorleiar helse Lise Lilleåsen Møtesekretær MERKNADER: Orienteringar: Omvising og informasjon om Halsnøytunet ved Einingsleiar Tove Omdal o Viste oss rundt på dei ulike avdelingane o Bemanning o Økonomi
o Kompetanse o Bedriftshelsetenesta informerer o Registrerer mange avvik i Compilo. o Behov for fleire årsverk. o Har to utlyste stillingar ute no, men har vanskar med rekruttering p.g.a. bompengar gjennom Halsnøytunellen. Informasjon om Kommunedelplan for omsorg, helse og sosial frå Bjørg Wangensten o Lagt ut på høyring o Fristen for å gje høyringssvar var 26.oktober 2018 o Det har kome inn fem svar på planprogrammet eit om lovverk o Sendt Formannskapet for vidare behandling Informasjon frå Rådmann, Torstein Aarthun: o Deltatt på årsmøte med gruppa for samarbeid med vennskapskommunen vår i Guatemala. o Drøfting med kommunen Kva vi ynskjer vi med samarbeidet. o Samarbeidet starta for 20 år sidan politisk vedtak, med ein representant frå styret og ein representant frå administrasjonen. o Ynskjer å koma på besøk til Levekårskomiteen til neste år. o Samarbeidet er politisk/religiøst nøytralt. o Gruppa har gitt ungdomar i Guatemala stipend 34 stk. har fått utdanning. o Gruppa ynskjer: Ny representant i styre for Linda Øen. I.Handeland er i Kina - ny vara vert oppnemnt i kommunestyret. Ny kontakt inn mot det politiske for tilbakemelding/korrigering av handlingar. Permisjonar: Inhabile: Evt. endring på saksrekkefølgje: Tilleggssaker: SAKLISTE Saksnr Innhald PS 2018/30 Tildeling Kommunalt kulturverntilskot PS 2018/31 MOT - Oppseiing og avslutning av avtale
PS 2018/32 Forslag til endring av skulekrinsgrense mellom Omvikdalen og Malmanger skular. PS 2018/33 Høyringsnotat- Leirskule PS 2018/34 Kommunal museumsstrategi - høyringssvar PS 2018/35 Rullering av kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv - Handlingsprogram 2019-2022 Refererte skriv RS 2018/4 Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulen i Kvinnherad PS 2018/30 Tildeling Kommunalt kulturverntilskot Tilskot til kulturvernoppgåver vert tildelt som følgjer: Seimsfoss grendalag kulturminnevandring og filmdokumentasjon kr. 5000,- Høylandsbygd grendalag Radiohola kr. 10 000,- Venelaget for Halsnøy kloster Restaurering av Haugastova kr. 20 000,- Tor Bringedal Bokutgjeving kr. 10 000,- PS 2018/31 MOT - Oppseiing og avslutning av avtale Levekårskomiteen støttar rådmannen sitt forslag om å seia opp og avslutta samarbeidsavtalen mellom MOT og Kvinnherad kommune. hps 2018/32 Forslag til endring av skulekrinsgrense mellom Omvikdalen og Malmanger skular. i Levekårskomiteen tek vedlagt forslag til høyringsnotat for endring av skulekrinsgrense mellom Omvikdalen og Malmanger skule til orientering, og sender den til aktuelle partar i dei to skulekrinsane til uttale. PS 2018/33 Høyringsnotat- Leirskule
Rådmannen innstiller på at skuleeigar sender følgjande uttale til høyringa om leirskule: «Kvinnherad kommune støttar Kunnskapsdepartementet sitt forslag til endring i opplæringsloven og friskoleloven når det gjeld kommunen si plikt til å tilby leirskuleopphald eller anna annan skuletur med overnatting for elevar i grunnskulen (Forslag til ny opplæringslov 13 7b). Dette under føresetnad av at staten overfører ekstra økonomiske løyvingar til kommunane» PS 2018/34 Kommunal museumsstrategi - høyringssvar Nytt framsett forslag frå Clara Hveem (SP): Nytt punkt 4: Kvinnherad kommune oppmodar Sunnhordland Museum om å sjå på inntektspotensialet i eiga drift for å eventuelt avgrensa kommunane sitt bidrag. Røysting: Rådmannens og nytt framsett punkt vart samrøystes. Innstilling frå Levekårskomiteen den 05.11.2018 1. Kvinnherad kommune er svært positiv til initiativet om å få til ein sams museumspolitikk for kommunane i Sunnhordland. Sunnhordland museum er det regionale ansvarsmuseet som skal yta tenester innan museumsfeltet til innbyggjarane i Sunnhordland og ein sams politikk på korleis kommunane saman skal stø dette arbeidet vert ynskt velkommen. 2. Kvinnherad kommune stør dei føreslegne strategiane. 3. Kvinnherad kommune er positiv til opptrapping av økonomiske bidrag til Sunnhordland museum føresett at dette gir ei lette i kommunal drift av verneverdige bygningar, lokale museum og samlingar. 4. Kvinnherad kommune oppmodar Sunnhordland Museum om å sjå på inntektspotensialet i eiga drift for å eventuelt avgrensa kommunane sitt bidrag. PS 2018/35 Rullering av kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv - Handlingsprogram 2019-2022 Innstilling frå Levekårskomiteen den 05.11.2018 Kvinnherad kommunestyre vedtar rullert handlingsprogram for Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2019-2022 slik den ligg føre ved denne saka.
Refererte skriv RS 2018/4 Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulen i Kvinnherad Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulen i Kvinnherad