BREMANGER KRISTELEG FOLKEPARTI Program 2015 2019 OVERORDNA MÅL OG GRUNNSYN Bremanger KrF vil arbeide for eit trygt, inkluderande og varmare samfunn, der innbyggjarane trivst og kjenner seg heime. Verdigrunnlaget vårt byggjer på dei kristne grunnverdiane og eit demokratisk samfunnsstyre. Vi har som mål å oppretthalde eit godt servicetilbod, samstundes som vi må finne gode løysingar på nye utfordringar. OPPVEKSTMILJØ HEIM, SKULE OG BARNEHAGE Gode og trygge heimar er den beste garanti for eit godt oppvekstmiljø. Barn og ungdom har rett til tryggleik og god vaksenkontakt i heim, barnehage, skule og fritid. I ei krevjande tid å vekse opp er haldningsskapande arbeid ei sentral oppgåve både i heim, barnehage og skule. Bremanger KrF vil arbeide for: at skule og barnehage formidlar den kristne kulturarven i den grad fagplanen i RLE gjev høve til det. tiltak som er til vern om heimen å oppretthalde eit godt barnehagetilbod til alle som ønskjer barnehageplass å oppretthalde rammetimemodellen og skulestrukturen i kommunen at flyktningar eller asylsøkjarar må få seg bustad og tilrettelegging ut frå sine behov sikring av skulevegane, gang- og sykkelvegar, oppsetjing av autovern og rassikring å vidareføre handlingsplan mot mobbing og vektleggje det arbeidet å støtte familierådgjevingskontora i fylket gode rusfrie møteplassar og tiltak for barn og unge 1
KULTUR, KYRKJE OG TRUSSAMFUNN Bremanger KrF vil arbeide for å ta vare på den rike kulturarven vår, som har djupe røter i kristendomen. Den norske kyrkja er ein viktig del av samfunnet, både som trussamfunn og kulturberar. Kyrkja, dei frie kristne organisasjonane og andre trussamfunn må få gode vilkår. Bremanger KrF vil gå inn for : å verne om helgedagsfreden, og at det framleis blir søndagsstengde butikkar å støtte Fellesrådet og sokneråda sine trusopplæringsplanar at bedehus, grendahus og andre kulturbygg kan få årleg kommunal stønad til vedlikehald at skule- og folkeboksamlingane må gje eit godt tilbod å støtte og oppmuntre det kulturarbeidet som vert drive av frivillige organisasjonar å oppretthalde og vidareutvikle kulturskulen at Fellesrådet får tilført midlar til vedlikehald av kyrkjene, kyrkjegardane og utviding av parkeringsplassar. BUSTAD OG NÆRMILJØ Gode bustadtilhøve gjev godt grunnlag for gode heimar og eit godt nærmiljø. Det må leggast til rette for bygging av bustader også utanfor regulerte byggefelt. Bremanger KrF vil arbeide for: ein aktiv bustadpolitikk, og at kommunen planlegg og opprettar bustadområde der det er trong for det, slik at det blir lettare for unge å etablere seg ei effektiv løysing av tomtespørsmål i distrikta auka stønadsordning til nybygg og restaurering at kommunen hjelper til med å skaffe husvære for innflyttarar å få etablert ein frivilligsentral i Bremanger kommune midlar til sikring av ras-utsette område og mest mogleg samla geologiske undersøkingar om reell rasfare. at det ikkje blir innført privat eigedomsskatt. 2
HELSE OG OMSORG Forsking syner at det er ein klår samanheng mellom livsstil og mange helseproblem. Bremanger Krf vil leggje til rette for gode treningstilhøve for born og unge. Ei fundamental oppgåve er å verne om menneskeverdet og dei svake sin rett i samfunnet. Vi ønskjer ein førebyggjande rusmiddelpolitikk. Ei god eldreomsorg gjev trivsel og tryggleik. at born og ungdom får grundige helsekontrollar for å førebyggje fysisk eller psykisk sjukdom som unge eller seinare i livet stimuleringstiltak for å få kvalifisert helsepersonell ei desentralisert legevaktordning, då dei geografiske tilhøva i Bremanger gjer at reiseavstandane kan bli for lange at vanskelegstilte gravide må få støtte til å fullføre svangerskapet og ta omsorg for barnet at funksjonshemma må få ta del i samfunnslivet ut frå sine føresetnader at eldre og sjuke, i den grad det er mogleg, må takast med på råd i saker som vedkjem dei å støtte tiltak som gjev gode tilhøve i open omsorg, og å oppretthalde dag- og servicetilbod for eldre slik at dei som ønskjer det, kan få bu heime så lenge som mogleg å støtte aktivitetssenter for eldre å vidareutvikle Aktiv Jobb at den ruspolitiske handlingsplanen for kommunen blir følgd opp at offentlege bygg vert tilrettelagde for funksjonshemma å arbeide for at Nordfjord sjukehus kan utviklast vidare til eit godt distriktssjukehus, Framtidas lokalsjukehus, og at ein kan få utført polikliniske sjukehustenester i Florø som no 3
KOMMUNAL STYRING OG UTVIKLING Bremanger kommune må organisere si verksemd på ein slik måte at ein sikrar effektiv og rasjonell bruk av dei samla ressursane kommunen rår over. Bremanger er per i dag best tent med å vere eigen kommune. Ei eventuell kommunesamanslåing må føre til betre bu- og livskvalitet. Det vil m.a. krevje store infrastruktur-tiltak på samferdslesektoren. Næringspolitikken må ha som mål å skape trygge arbeidsplassar. Bremanger KrF vil støtte opp om lokale tiltak rundt i bygdene, og vi ønskjer eit godt og konstruktivt samarbeid med dei andre politiske partia om saker som kan gjere Bremanger til ein god kommune å bu i. at det kommunale serviceapparatet må fungere slik at dei som ønskjer det, får god informasjon, hjelp og rettleiing, og at alle som vender seg til kommunen skal få svar innafor gjeldande fristar å halde kontakt med ungdom under utdanning med tanke på å få dei attende til kommunen at næringspolitikken må ha som mål å skape trygge arbeidsplassar i kommunen at tilhøva må leggast til rette for små og mellomstore verksemder, så vel som for store, særleg med tanke på kvinnelege arbeidsplassar å prioritere små og mellomstore verksemder ved løyvingar frå Næringsfondet at fiskeri, fiskerelatert verksemd og oppdrett, jordbruk og skogbruk, som er viktige delar av næringslivet i kommunen, må få så gode kår som mogleg å synleggjere Bremanger til eit attraktivt reisemål at dei store bedriftene får redusert nettleige 4
SAMFERDSLE I ein vid kystkommune med fleire øyar, fjellovergangar, store avstandar og til tider tøffe vêrtilhøve er det særs viktig med gode kommunikasjonstilbod, slik at busetnaden kan haldast oppe. arbeide for rask realisering av 45 minutts-regionen og heile kystvegen bru over Nordfjorden i ytre å oppretthalde ferja Stårheim Isane Vidareføring av kystvegen mellom Svelgen og Florø, vurdering av ytre trase som ei heilskapsløysing. å utbetre fylkesveg 577 på Myklebust. utbetring av vegstrekningane Kalvåg Hunskår og Rugsund - Isane leggje til rette for meir bestillingsruter for dei som ikkje kan bruke eigen bil hurtigbåt Smørhamn Florø, auka frekvens med bilførande båt samordne avgangstidene for ferjene i Nordfjord ha same takstregime på snøggbåtane i lokalfart som ferjene. Styrking av tilkomst til og avgangar ved flyplassen i Flora. NATUR OG MILJØVERN Miljøpolitikken må ta utgangspunkt i forvaltaransvaret. Naturvern er vern om livet no og i framtida Det gjeld oss sjølve, medmenneska og etterkomarane våre. Utviklinga har ført til at samspelet i naturen er i fare. Bremanger KrF vil gå inn for at næringane og industrien driv miljøvennleg å halde god vasskvalitet i alle kommunale vassverk å ta vare på viktige område for dyre-, fugle- og planteliv å ta vare på viktige friluftsområde som badeplassar og familievennlege skogsområde som er viktige for borna sin oppvekst. Arbeide for miljøvennleg kraftproduksjon, som t.d. utbygging av småkraftverk og vindmøller, men at ein viser omsyn ved plassering av vindmøller. 5