ARBEIDERPARTIET GJER DET SOM ER NØDVENDIG FOR AT ALLE SKAL HA DET BRA



Like dokumenter
Politisk program for Jølster KrF

Os Arbeidarparti engasjert i Os! Program for kommunestyreperioden

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Til deg som bur i fosterheim år

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Program for Masfjorden Venstre

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Hemsedal KRF Program

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR


Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Kommunedelplan for oppvekst

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Ei god framtid for alle!

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Program for. Sykkylven Venstre

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Utkast til program Meland Høgre 2015

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?


Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

Til veljarane i Tysnes

Med god informasjon i bagasjen

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Informasjonshefte Tuv barnehage

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Ulvik Arbeiderparti Program

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Informasjon til elevane

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Program OSTERØY HØGRE

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Program for. Årdal Venstre

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Team Hareid Trygg Heime

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

ETNE VENSTRE

Mål for arbeidet denne kvelden

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

Program for. Seljord Venstre

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Transkript:

Ein ny start for Os! VALPROGRAM Os Arbeiderparti Kommunestyreperioden 2011-2015 ARBEIDERPARTIET GJER DET SOM ER NØDVENDIG FOR AT ALLE SKAL HA DET BRA

DEN NYE OS-AVTALEN VALPROGRAM 2011-2015 VALPROGRAM 2011-2015 Kjære veljar i Os Denne avtalen er i dag inngått mellom Os Arbeidarparti og [ ditt namn ] Av alt som er viktig i Os kommune, er skule og eldreomsorg det viktigaste. Uansett kor du er i livet ditt, vil ein god skule og ei god eldreomsorg vera viktig for deg, eller for nokon du er glad i og bryr deg om. Stemmer du på Os Arbeidarparti stemmer du for å prioritera skule og eldreomsorg i svært stor grad i åra som kjem. I tillegg skal vi styrka vilkåra for frivillige lag og organisasjonar radikalt. Status i dag, er at vi i Os kommune, på desse områda, i beste fall leverer gjennomsnittlege tenester og resultat. Det er ikkje godt nok! Kva for eit ambisjonsnivå synest du det er riktig å ha for desse områda? Halda fram som no, ved å vera gjennomsnittleg, når vi samanliknar oss med andre kommunar? 10 % betring til neste val? På 50. plass, 10. plass eller 2. plass i landet? Best i Noreg på skule, eldreomsorg og vilkår for frivillige lag og organisasjonar er ambisjonen til Os Arbeidarparti. Den ambisjonen er vi stolte av, dette kan du stola på, for det lovar vi. Å gi deg den beste skulen, eldreomsorga og dei beste vilkåra for frivillige lag og organisasjonar skal vi starta med den same kvelden vi blir valde inn i eit nytt fl eirtal i Os. Endringane til det betre startar med ein gong. Du vil raskt merka forskjell. Men etter 12 år med fl eirtal av FrP/H er det så langt igjen til toppen av desse tre listene, at det ikkje vil vera mogleg å koma dit med ein gong. Avstanden frå der vi er no, til der dei verkeleg gode kommunane ligg, er så lang, krevjande og kostbar, at noko tid vil det ta. Vi veit du forstår det. I 12 år har FrP/H hatt reint fl eirtal i kommunestyret i Os. Skule, eldreomsorg og vilkår for frivillige lag og organisasjonar var under eller rundt eit gjennomsnittleg nivå då dei fekk all makt i 1999. Etter 12 år er statusen den same, framleis gjennomsnittleg nivå. I 12 år kunne FrP/H valt å prioritera slik at skule, eldreomsorg og vilkår for frivillige lag og organisasjonar skulle bli betre og betre. Det er ikkje gjort. Er det truverdig om dei seier dei skal gjera det no? Os Arbeidarparti har større ambisjonar og vi er så sikre på å få det til, gitt at du stemmer på oss, at vi ønskjer å inngå ein avtale med deg om dette forholdet, Den NYE Os-avtalen. Den NYE Osavtalen seier at Os Arbeidarparti, i byte mot din røyst ved dei komande kommunevala, garanterer at vi i Os kommune skal ha landets beste skule, beste eldreomsorg og beste vilkår for frivillige lag og organisasjonar. Dette skal skje på kortere tid enn dei 12 åra FrP/H har regjert med reint fl eirtal, og kome særs kort på disse viktige områda. Avtale? Slik prioriterer Os Arbeidarparti det viktigaste først. I tillegg har kommunen mange andre oppgåver. Du kan kjenna deg heilt trygg på at også desse vil bli ivaretekne. Vi skal vera gode nok på alt, men best på skule, eldreomsorg og vilkår for frivillige lag og organisasjonar. Os er ein fl ott kommune som vi alle er stolte av. Det er ein god kommune å bu i for dei fl este av oss. Men mykje kan bli betre og utfordringane er mange. Folketalet har vore sterkt aukande dei siste ti åra. Likevel har vi truleg ikkje sett den største veksten i Os enno. Når ny E39 til Bergen står ferdig, kan vi venta oss auka press på utbyggingsområda i kommunen. Mange vil bu i fl otte omgjevnader med trygge og gode bumiljø. Mange vil bu i Os. Os Arbeidarparti er utålmodig i arbeidet med å skapa ein betre kvardag for innbyggjarane i Os. Vi vil ha ein kommune der alle er med. Vi vil ha ein kommune der dei som treng hjelp får det. Vi vil ha ein kommune der vi løyser dei viktigaste oppgåvene saman. Vi skal arbeida hardt kvar einaste dag for å styrka fellesskapet og gjere kommunen betre. Du kan lesa meir om kva vi vil gjera i dette programmet. Viss du er einig i mykje, håpar vi du røystar på oss ved valet i 2011. Med venleg helsing 1. DET VIKTIGASTE FØRST Os Arbeidarparti lovar, gitt at vi kjem i fl eirtal i kommunestyret, å gjennomføra ein politikk som fører til at vi i Os kommune skal ha dei beste tenestene i landet innanfor: SKULE ELDREOMSORG VILKÅR FOR FRIVILLIGE LAG OG ORGANISASJONAR 2. SKULE Os Arbeidarparti lover at skuleelevar, lærarar og foreldre skal oppleva at alt blir gjort, som praktisk er mogleg, for å gi kvar einskild elev ei grunnutdanning som sikrar vedkomande den beste plattforma for vegen vidare i livet, basert på eleven sine evner, interesser og ambisjonar. 3. ELDREOMSORG Os Arbeidarparti lovar at seniorar, deira pårørande og tilsette i sektoren skal oppleva at alt blir gjort som er praktisk mogleg, for å gi den einskilde senior den omsorga ein opplever at ein treng, basert på ei fagleg og individuell vurdering som sikrar den einskilde den beste alderdomen. 4. FRIVILLIGE LAG OG ORGANISASJONAR Os Arbeidarparti lovar at alle som deltar i frivillig arbeid, barn, unge, vaksne og eldre, enten dei deltek som deltakarar, utøvarar eller leiarar og tillitsvalde, skal oppleva at alt blir gjort som praktisk er mogleg, for å gi landets beste vilkår for frivillige lag og organisasjonar. 5. GJENNOMSNITTLEG ER IKKJE GODT NOK Samanlikna med andre kommunar i Noreg er tilhøva innanfor skule, eldreomsorg og frivillig sektor relativt gjennomsnittlege i Os. Det er ikkje godt nok! Nei, det betyr at det er svært mange kommunar i Noreg som evner å gi sine unge og eldre fl eire og betre tenester, av høgare kvalitet, enn vi har i Os i dag. Det skal Os Arbeidarparti gjere noko med, og vi skal starta no, med di hjelp. 6. VI SKAL BLI BEST Kva er ein naturleg ambisjon? Å bli litt betre enn i dag? Å bli nest best? Os Arbeidarparti meiner unge og eldre i Os fortener å vera på toppen av listene, på førsteplass, når samanlikningane blir gjort. 7. KVA SKJEDDE DEI SISTE 12 ÅRA? I 12 år har FrP/H hatt reint fleirtal i styret av Os kommune. Skule og eldreomsorg var gjennomsnittleg då dei fekk fl eirtal for 12 år sidan. Skule og eldreomsorg er gjennomsnittleg no. FrP/H har i 12 år hatt reint fl eirtal. Dei har hatt fl eirtal til å vedta kva dei vil. Kva har dei eigentleg brukt dei 12 åra til på desse viktige områda? 8. KOR LENGE SKAL AVTALEN VARA? På mindre enn 12 år, om Os Arbeidarparti får like lang tid i et nytt fl eirtal som FrP/H no har hatt, lovar vi at skule, eldreomsorg og vilkår for frivillige lag og organisasjonar i Os, skal stå på førsteplass på nasjonale lister, vurdert etter dei kvalitetsmål og normer som gjeld. Den beste skulen, den beste eldreomsorga og dei beste vilkåra for alle som vil gjera ein frivillig innsats i Noreg skal du fi nna i Os. Det har du, familien din og alle dine sambygdingar fortent. Det er mogleg å få det til, men det krev at vi verkeleg vil satsa det som krevst. Det vil Os Arbeidarparti. 9. OS ARBEIDARPARTI KAN DU STOLA PÅ Den NYE Os-avtalen er ein avtale mellom deg som veljar og oss i Os Arbeidarparti. Stemmer du på oss, og valresultata gir oss til ein del av eit fl eirtal framover, lovar vi deg Noregs beste skule, eldreomsorg og vilkår for frivillige lag og organisasjonar. Det er langt fram, frå ståstaden no, til å bli best i landet. Derfor vil jobben ta noko tid, men vi vil starta arbeidet alt same kvelden vi har fått fl eirtal. 10. PÅ TIDE MED EIT BYTE? Det har tatt FrP/H dei siste 12 år å koma frå gjennomsnittlege nivå til gjennomsnittlege nivå. Då er det ikkje unaturleg at vi ber om like lang tid for å gå frå gjennomsnittleg til best? 11. VI LYTTAR MED RESPEKT OG GJENNOMFØRER DET VI LOVAR Dette trur vi på, dette står vi for og dette er vi stolte av. Os Arbeiderparti gjer det som er nødvendig for at alle skal ha det bra, Lars Atle Skorpen ORDFØRARKANDIDAT Os, i valkampen 2011 Kristin E Haukeland VARAORDFØRARKANDIDAT Kristian Helland Lothe Lars Atle Skorpen ORDFØRARKANDIDAT, OS ARBEIDERPARTI [ ditt namn ] 2 UNGDOMSKANDIDAT 3

Når du stemmer på Os Arbeidarparti stemmer du mellom anna for: - Noregs beste eldreomsorg - Noregs beste skule - Norges beste vilkår for frivillige lag og organisasjonar - Velferd og tryggleik for alle - Eit rausare lokalsamfunn - Alle kommunale kjerneoppgåver i kommunal regi, ingen privatisering av desse - Gode etablerings-, vekst- og driftsvilkår for næringslivet - det er dette som gir arbeid for alle - At vi skaper framtida saman, personar, bedrifter og offentleg sektor deretter deler vi på det vi har, på ein klok måte - Ein bustad du har råd til - Klok bruk av areal og miljø - At vi evner å tenkja på globalt medansvar når vi lever i, og utviklar lokalsamfunnet vårt - Velfungerande basistenester som veg, vatn, straum, breiband og avlaup - At vi evner å tenkja i hundreårsperspektivet når vi planlegg kommunal infrastruktur (OHARA, BYBANE, andre store løft) - At vi legg til rette for gode kollektivløysingar som er rimelege og lette å bruka - At vi fi nn den kloke balansen mellom bygging av hus og anlegg og kvaliteten på tenestene som skal drivast der - Orden i økonomien - Vera open og ærleg, òg når det er krevjande - At vi tek vare på investeringane vi alle har vore med å betala for, ved å ta vedlikehald på alvor - Leiarar du kan stola på, med evne til å prioritera det viktigaste først - Smarte løysingar, evne til å tenkja utradisjonelt - Sjå forskjell på kva som er viktig å ha, og kva som er kjekt å ha, og velja riktig mellom desse - Ei sunn og realistisk forståing av røyndomen - Vilje til å seia nei når det er klokt, òg når det er upopulært - Meir direkte folkevald styring - Eit raust og inkluderande fellesskap, alle skal med - At vi tek imot eit rett tal fl yktningar, folk med vedtak og behov - At vi utviklar ein mykje meir sjølvbetjent kommune med brukarvenlege løysingar for alle behov - At vi prioriterer innkjøp og leveransar frå bedrifter med tariffavtale og lærlingordning. - Vi lover å gjera så godt vi kan, slik at Os blir ein endå betre plass å bu - Vi tenker langsiktig, men startar jobben med endring alt same kveld vi får fl eirtal - Vi står for berekraftige løysingar over tid, kortsiktige løysingar er alltid dyre og ofte dumme Oppvekst BARNEHAGE Oppretthalda full barnehagedekning. Auke talet på kommunale barnehagar. Fleire mindre barnehagar. Auka kompetansen til tilsette i barnehagane slik at barna si læring og modning blir styrka. Setja av areal i Os til ein spanande og utviklande barnehagekvardag for alle. Bidra til at fl eire menn blir tilsette i barnehagane i Os. GRUNNSKULE Satsa vesentleg meir på elev, lærar og foreldre for ein optimal og skreddarsydd skulekvardag for kvar einskild elev. Omsorg ELDREOMSORG Den einskilde senior skal få den omsorga som vedkomande sjølv meiner er riktig for seg. Å bu heime så lenge det er fagleg forsvarleg skal vera eit reelt alternativ for alle. Os Arbeidarparti garanterer alle eldre plass på sjukeheim eller i omsorgsbustad dersom dei treng dette. Plass til alle skal koma raskt og seinast i 2015. Os Arbeidarparti skal auke talet på plassar for avlasting slik at alle som treng dette, også med omsyn til/ inkludert pårørande sitt behov, skal bli ivaretekne på ein fagleg god måte. Tydeleg fokus på lærelyst, motivasjon, meistring og læreteknikk (å læra korleis ein lærer). Betydeleg og kontinuerleg kompetanseløft for lærarane. Setja i gong skulelyst prosjekt for å førebyggja drop out på høgare skuletrinn. Bidra til at mobbing forsvinn frå skulane i Os. Gi rektorar og lærarar rom for å vera pedagogar og bidra til meir frigjering frå dokumentasjon og administrasjon. Oppretthalda og vidareutvikla ein skulestruktur som gir alle barn gunstigast mogleg læremiljø. Utvikla elevane sine evner og interesser på mangfaldige område, til dømes med auka fokus på idrett, friluftsliv, praktiske fag og skuleteater / musikalteater. Særlege tiltak skal gjennomførast for å gi demente fl eire plassar og en betre kvardag. Eldreomsorg er ei kommunal kjerneoppgåve som ikkje skal konkurranseutsetjast, men stillast strenge faglege krav til. Os Arbeidarparti skal få vedteke bygging av eit stort tal omsorgs bustader og seniorbustader sentralt plassert i forhold til Lurane. Bustadene skal organiserast slik at det er faglege behov som avgjer kven som bur der, ikkje storleiken på lommeboka, slik som prosjekt i privat regi ofte gir som resultat. Innfri løfta i skulebruksplanen. Ta store og viktige steg mot heildagsskulen, inkludert SFO, leksehjelp, fysisk trening, kunst/ kultur i tillegg til utvida timetal i norsk, matematikk og engelsk. Skulemåltid. Leksehjelp til alle elevar som ønskjer dette, uavhengig av klassetrinn. Tenlege lærebøker og læremateriell (også innan IT, kunst og handverk, mat og helse). Søskenmoderasjon og redusert betaling på SFO. Styrka PPT-tenesta. Variert og godt tilbod til alle barn med særlege behov fysisk og/eller psykisk hemming. For å ha plassar nok, må det byggjast nytt. For å byggja nytt trengst tomteland. Os Arbeidarparti vil bandleggja store nok areal i tilknyting til Lurane / Gamleheimshagen for framtidige offentlege føremål innan eldreomsorg. Det skal tilsetjast fl eire medarbeidarar innan eldreomsorga. Dette gir betre pleie, betre stimulering og næringsopptak, meir aktivitet og ein kvardag prega av meir verdigheit. Måltida, særleg middag, skal få auka merksemd, både som sosial arena og det å gi nok næring, både for heimebuande og alle på sjukeheim eller i omsorgsbustad. 4 5

Legetilgongen for alle eldre skal vera særs god, ikkje berre tilstrekkeleg. Fellesfunksjonar som frisør, kroppspleie, småbutikk, fysisk aktivitet, turar og kulturtilbod skal etablerast i større omfang på Lurane. Utarbeide eiga Omsorgsmelding for Os, i samarbeid med Eldreråd, pensjonistforeiningar og andre relevante grupper. Leggja til rette for husdyr som sosialt tiltak i institusjonane, til dømes kattar. Tiltak av stort omfang for å førebyggja einsemd, gjerne i samarbeid med frivillige. Vurdera beste praksis i val av turnussystem for tilsette, fl eksibilitet innanfor lovverket. Rehabilitera og utvida Os sjukeheim på Luranetunet. HEIMESJUKEPLEIE Auka satsing på førebygging, folk blir raskare friske og seinare gamal. Oppretthalda og vidareutvikla tryggleikssjukepleiarfunksjonen. Satsa på aktiv ernæringsomsorg og oppgradera middagsmåltidet, også sosialt. REHABILITERING Samhandlingsreforma vil førebyggja og rehabilitera vi skal følgja opp dette. Dette er livskvalitet både for pasienten og familien. HELSE Helsestasjon og helsesøsterteneste med nok og god fagleg bemanning som er lett tilgjengeleg for småbarnsfamiliar og elevar i grunnskule og på vidaregåande (skulehelsetenesta), samt eldre. Kommunepsykolog med førebyggande og behandlande fokus. Fleire fastlegar, det skal vera lett å koma til og lett å byta frå ein lege til ein annan. Bemanna legevakt heile døgeret, på sikt lokalisert til Kysthospitalet for auka fagleg og medisinsk teknisk kapasitet, som tilgang til laboratorium, røntgen, osv. Fleire og betre tilbod innan fysioterapi, rask og god rehabilitering aukar livskvaliteten. Utarbeida plan, i samarbeid med Helse Bergen for etablering av lokalsjukehus i Os, lokalisert til Kysthospitalet for å tilby tenester til Os, deler av Bjørnefjordsregionen og delar av Fana. Samhandlingsreforma skal gjennomførast til det beste for alle innbyggjarane i Os. Vidareføra Trivselsreiser til varmare strøk for alle grupper som kan ha nytte av dette. Tilrettelagte bustader for unge vaksne med særlege behov. Sikra tilstrekkeleg med barnebustader. RUS Vekt på lavterskeltilbod og rehabilitering, og det som forsking viser har verknad. Tverrfagleg innsats for å gje eit individuelt tilpassa tilbod med eit rusfritt tilvere som føremål. Byggja opp respekt gjennom arbeid. Førebygging gjennom skule i samarbeid med fagfelt, frivillige lag og organisasjonar og føresette. PSYKISK UTVIKLINGSHEMMA Vidareutvikla meiningsfullt tilbod på dagtid og fritid, basert på individuelle behov. Sjå på arbeidsturnus, fi nna beste praksis, fl eksibel innanfor lovverket. Vidareutvikling av kompetanse hos tilsette. Lytta til føresette. Nytt bufellesskap på Kuhnle. PSYKIATRI Ikkje selja gamle Os barnehagetomta. Stegen bufellesskap kan ha behov for utviding. Halda fram med gode arbeidsturnusar. Styrka kompetanse der det trengst. Samarbeid med føresette. Frivillig arbeid, idrett og kultur Utvikla landets beste vilkår for frivillige lag og organisasjonar, i tett dialog og langvarig samarbeid med desse. Gratis bruk av kommunale bygg og anlegg for dei organiserte frivillige. Tilstrekkelig vedlikehald av alle idrettsanlegg, slik at vi tek vare på verdiane. Oppretthalda Kuventræ som sentralidrettsanlegg og utvikla dette etter behov. Aktivt leggja til rette for eksisterande friluftsområde og oppretta fl eire, også ved oppkjøp i marknaden av særleg fl otte eigedommar som vil ha ein stor nytte for publikum, særleg i strandsona. Medverka til at tilbodet i Oseana blir folkeleg og populært, slik at mange ønskjer å bruka tilbodet ofte. Medverka til å oppretthalda og vidareutvikle eksisterande festivalar, idrettsarrangement og anna folkeleg aktivitet, som Osøren Blues & Jazzfestival, fi lmfestivalen 60 N, Søfteland Rock n LoL og andre. Dei verkelege gode, nye prosjekta skal få sjå dagens lys ved at kommunen er med og deler på risikoen. I samarbeid med lag og organisasjonar, næringsliv, overnattings- og serveringsbransjen utvikla eit nytt, stort og suksessrikt folkefestarrangement med eit innhald som skal vera attraktivt for gjesta frå fjern og nær. Oppretthalda og vidareutvikla idretts- og kulturtilbod til grupper med særlege behov. Utvikla idretts- og kulturtilbod til seniorar og dei eldste eldre, i samarbeid med frivillige. Vidareutvikla Os folkebibliotek til ein arena for kunnskap og kultur, for alle aldersgrupper. Vidareutvikla kulturskulen, plass til alle som vil, til gunstigast mogleg pris. Kulturplan skal utviklast i tett samarbeid med alle som er aktive innan området. Politikk for det frivillige arbeidet i Os kommune skal etablerast. Ta vare på lokal handverkstradisjon, til dømes Oselvarbygging, bunadsaum og rosemåling. I samarbeid med eigar, delta i vedlikehald av Lysekloster kapell. I samarbeid med grunneigar, utvikla planer for historisk senter med museum og amfi /arena for framvising av historiske spel og konsertar i tilknyting til Lyse kloster. Aktivitet fremjar folkehelse. Tilrettelegging for aktivitet og opplevingar ute i naturen i Os vil bli prioritert. Turstig / lysløype rundt Ulvenvatnet, i samarbeid med Forsvaret og grunneigarar. Turstigar / lysløype i krinsane (til dømes på Strøno, på Lepsøy, i Lysefjorden, Osmarka, Søfteland og Hegglandsdalen). Opplevingsturstigar. Sykkelstigar i terrenget / naturen. 6 7

Barn og Ungdom i Os Næringsliv og næringsutvikling Etablera nye og gode dialogmønster med barn og ungdom i Os, slik at alle folkevalde forstår kva barn og ungdom i Os ønskjer og vil. Eit godt og variert aktivitets/ kulturtilbod for barn og unge, til ein fornuftig kostnad. Vidareutvikla Osbadet. Vurdera bygging av skøytehall på Kuventræ, varmeveksling med Osbadet. Medverka til å gjera Oseana til ein folkeleg suksess. Os folkebibliotek som ein viktig arena for barn og unges interesser innan kunst og kultur. Bustad Os Arbeidarparti vil ha tomter og bustader i ulike storleikar og prisklassar, slik at alle skal fi nna ein bustad dei har råd til og kan vera tente med. Os Arbeidarparti vil ha særleg fokus på tilbod til førstegongsetablerarar, bustadalternativ for unge, seniorbustader og bustader for folk med særlege behov. Os Bygg og Eigedom AS skal avviklast som selskap og inngå i vanleg kommunal forvaltning med fokus på å realisera ein klok og sosial bustadpolitikk. Os kommune skal bli endå betre på planarbeid for arealforvaltning, inkludert bustad. Når planane er endeleg vedtekne, skal dei gjelda og dispensasjonar skal berre vera unntaksvis. Os kommune skal vera ein aktiv og operativ aktør i bustadmarknaden Medverka til gode tilbod i krinsane, og gode transporttilbod til/frå sentrum. Musikkbingar i alle krinsane. Stø opp om førebyggjande arbeid for unge, f.eks. MOT, Natteramnane og andre tiltak. Etablera ein stad å få råd og rettleiing når livet kjennast vanskeleg. Gode oppvekstvilkår. Eit trygt miljø å ferdast i. Eit godt miljø å etablera seg i. Høve til rimleg førstegongsbustad. Grøne areal i alle buområde. i Os, for å sikra alle innbyggjarane bustader dei har råd til i ein utviklingstakt som er tenleg. Os kommune skal kjøpa og utvikla tomteland i eigen regi, eller i samarbeid med bustadbyggjelag og andre, for sal til innbyggjarane til gunstige prisar. Os kommune skal ha ein aktiv, rask og positiv haldning til alle søknader om bustadutvikling innanfor område som i planverket er sette av til slike føremål. Os kommune skal setja krav til at det i alle nye bustadområder følgjer med detaljerte føresegner som greier ut gang- og sykkelvegar, leikeplassar, parkering, høgdeavgrensingar, osb. Os kommune skal auka kontrollen med at regelverket for byggjing av bustad og utvikling av buområde blir følgde og sanksjonera overfor alle som bryt reglane. Fleirkultur Os kommune skal ta imot fl yktningar, med vedtak om varig opphald i Noreg, med eit tal som tilsvarar vår del av folketalet i landet. Det er eit solidarisk og rettferdig nivå. Os kommune skal, i samarbeid med andre offentlege etatar, næringsliv og frivillige medverka til at alle som kjem hit raskt vert integrerte til aktive og deltakande medborgarar gjennom utdanning, arbeid og tilbod innanfor organisert fritid. Os kommune skal vera ein aktiv bidragsytar til at bedrifter som alt fi nnast i Os vert verande trygge arbeidsplassar og at det blir tilrettelagt for vidareutvikling og utvidingar. Os kommune skal vera særleg aktiv for etablering av mange nye, og varierte arbeidsplassar i kommunen. Os kommune skal vera ein aktiv medverkar til å redusera ufrivillig pendling monaleg. Os kommune skal, gjennom gode og kloke arealplanar, alltid ha eit variert, godt og rikeleg tilbod på tomter til bedrifter som ønskjer å etablera seg i Os. Os kommune skal sikra overordna og klok utvikling av området Endelausmarka, med balanse mellom næring, bustad og rekreasjon. Os kommune skal leggja til rette for gode rammevilkår for lokale aktørar innan landbruk og fi skeri. Næringslivet i Os skal oppleva Os kommune som sin næraste og beste medspelar. Et vitalt og livskraftig sentrum er viktig, både av praktiske og identitetsmessige grunnar. Os Arbeidarparti vil leggja til rette for at det blir ein god balanse mellom handels-, opplevings- og parkeringstilbod for både publikum og næringsliv. Os kommune skal medverka til at sentrum blir meir attraktiv for etablering og drift av næring, servering og underhaldning. Det skal utviklast tilstrekkeleg med pendlerparkeringsplassar på sentrale stader i ein ny park & ride plan. Tilretteleggja for bubilar, campingvogner, campingplass, tømestasjonar. Sentrumsutvikling Etablera ei dør inn til offentlege ordningar for etablerarar, ei onestop-shop for alle med gode idear, etableringsrådgiving og fødselshjelp. I samarbeid med alle involverte utvikla destinasjon Os med planar for utviding av overnattings- kapasitet, serveringskapasitet og opplevingskapasitet både ute og inne, for alle årstider. Medverka til at Os Næringsforening vert etablert og utvikla. Utgreia stort sentralt parkeringsanlegg under grusbanen ved Os ungdomsskule. Eit attraktivt sentrum er eit felles ansvar for næringsliv, publikum og kommune, her må alle ta sin del av ansvaret på alvor, potensialet for betring er stort. Auka moglegheita til å byggja fl eire bustader i sentrumsområdet, for alle aldersgrupper. Os kommune skal ha ei aktiv, rask og positiv haldning til alle søknader om nybyggjing / utviding av næringsbygg og næringsareal innanfor område som er sette av til slike føremål Medverka til meir lokal nyskaping og mindre utpendling Fleire statlege og fylkeskommunale verksemder må etablerast i Os, til dømes vidaregåande skular, høgskuler og ny statleg verksemd. Vi opprettar direkte dialog med Regjeringa og Stortinget for å få dette til Stoppa sal av Fjellheim, Mobergslio, Brannstasjonen og Os barnehage fram til det er endeleg avklara om eigedomane har verdi for fellesskapet i framtida Starta arbeidet med å leggja areal for framtidig bybane inn i kommunen sitt planverk Lidl- lageret må bli tatt i bruk, arbeidsplassar må skapast der, Os kommune skal vera katalysatoren som får dette til å skje. Serverings- og skjenkeløyve skal vere lette å få og lette å mista. I samarbeid med Esso, redusere omfang av bensinstasjon/verksted ved sjøfronten i sentrum, mot alternativ god lokalisering annan stad i kommunen i tillegg. Leikeareal i sentrum. 8 9

Våre Kandidatar Arealforvaltning, samferdsel, infrastruktur og miljø ORDFØRARKANDIDAT Lars Atle Skorpen VARAORDFØRARKANDIDAT Kristin Eikeland Haukeland Arild Mads Nilsen Torill Keys UNGDOMSKANDIDAT Kristian Helland Lothe Gunn Cecilie Omre Os Arbeidarparti skal bruka alle middel, inkludert kontakt med regjeringsmiljøet, for å sikra at E39 vert begynt på og ferdigstilt så snart som praktisk mogleg. Vi har alle venta lenge nok, det må skje noko no. Os Arbeidarparti vil vekst og vil sei JA, innanfor gode og vedtekne planar. Allemannsretten er ein unik verdi som gir alle fri tilgong til det vakraste vi har av natur og miljø. Saman med grunneigarane skal Os kommune tilretteleggja for endå meir og betre bruk av slikt areal. Os blir i endå større grad et pressområde i framtida. For at utviklinga skal bli god for alle som bur her, og alle som ønskjer å fl ytta hit, må den planleggjast og regulerast. Os Arbeidarparti skal syta for gode planprosessar, der alle som vil får vera med. Når planane er vedtekne, skal dei følgjast, til nye planar erstattar dei gamle. Dispensasjonar skal vera særlege unnatak. Os kommune skal kjøpa eigedomar som no eller i framtida kan bli attraktive som friluftsområde for publikum, og tilrettelegga desse aleine eller i samarbeid med andre Sikra at alle i Os har eit godt og tenleg tilbod innan vatn, avlaup, straum og breidband. Utvikla endå betre kollektivtransport, både internt i kommunen og til nabokommunar. Medverka til at naturen i Os blir tatt betre vare på, med mindre ureining og konsekvensar for alle som ikkje ryddar opp etter seg. Etablera viltnemnd for betre forvaltning. Oppretthalda og videreutvikla systema for kjeldesortering og retur, det skal etablerast fl eire returpunkt. Fokus på omsynet til natur og miljø i alle plansaker. Klok strandsoneforvaltning, utbygging der dette er planlagt, tilgang for alle på resten. Ny veg Drange-Hildershavn. Følgja opp trafi kksikringsplan og få på plass meir gang- og sykkelvegnett. Asfaltera ein veg nær deg, når behovet er der. Lage langsiktig plan for eller strandveg frå Hatvik til Lysefjorden, og inkludera dette langsiktige ønsket i alt planarbeid. Klok og bærekraftig utvikling av Bjånes-området. Leggja plana for å leida trafi kken på Hatvikveien utanfor sentrum. I samarbeid med Esso, redusera omfang av bensinstasjon/verkstad ved sjøfronten i sentrum, mot alternativ god lokalisering annan stad i kommunen i tillegg. Sikra tilstrekkelig areal til gravplassar. Fleire småbåthamnar, gjerne i regi av båtklubbar. Gi bøndene i Os gode og langsiktige vilkår. Fleksibelt og pragmatisk syn på krav til parkeringsplassar ved nybygg, basert på vurdering av lokalisering og bruk. Vidareutvikla krav til ferdigstilling av fellestenester og infrastruktur i alle felt som vert bygde ut. Arbeida for å få tilbake villaksen i Oselvvassdraget til naturleg omfang. Fleire båtutsettingsrampar, godt fordelte i kommunen. Medverka til at kø-fri system vert etablert for betaling på fergene, slik at trafi kkproblema på Halhjemsvegen forsvinn. Bompengefritak for folk busette i områda Søfteland-Kalandseid og Nordvik. Anne Kristine Tøsdal Jorunn H. Øystese Paal Moberg Nga Thi Ngyen Ingeborg Halsne Tore Nielsen Solfrid Hjelle Nilsen Harald Døsen Grethe Skorpen Hansen Erlend Moberg Birgit Winsents Eli Skåla Odd Tøsdal Gina Oma Helge Steinum Dan-Jarle K. Raustein Olav Søfteland Jane-Gro Audestad Nøss Åse V. Sælensminde Wiggo Thornquist Magnar Simensen Øyvind Tøsdal Nils Gunnar Drange Kjell Jarle Aadland I tillegg er disse kandidatar for Os Arbeiderparti: Trond Solholm, Geir Ove Lunde, Grete Frantzen, Sigvaldi G. Torlaksson og Ingeborg E. Sørstrønen. Veljarane sitt høve til å endra på stemmesetlane Ved kommunestyreval og fylkestingsval kan veljarane påverka kven av kandidatane som blir valde, gjennom å gi personstemme til kandidatane på lista. Dei kan gi personstemme til så mange av kandidatane dei vil. Det vert gjort ved å setja eit merke (kryss, hake eller liknande) i ei rute ved namnet til kandidaten(ane). Ved kommunestyreval er det også høve til å føra opp kandidatar frå andre lister. Dette blir gjort ved å føra desse kandidatnamna opp i eit eige felt på stemmesetelen. Når veljaren gir personstemmer til kandidatar på andre lister, blir ein tilsvarande del av stemma overførd til den/dei lista/listene desse kandidatane står oppførde på. 10 11

Lars Atle Skorpen ORDFØRARKANDIDAT Kristin Eikeland Haukeland VARAORDFØRARKANDIDAT Kristian Helland Lothe UNGDOMSKANDIDAT Lars Atle er 51 år, oppvaksen i Troppabakken og Nordmarka og bur no i Vågshaugen. Utdanning frå Sjøkrigsskolen, Forsvarets Stabskole, vidaregåande utdanning i utlandet over fl eire år og kurs på Handelshøgskolen i Bergen. Etter mange år som offi ser i operativ teneste i Marinen, jobba Lars Atle som forhandlingsleiar i YS, deretter mange år i den første leiinga i TV2, før leiarjobbar i utlandet tok over i fl eire år. I 2001 vart Lars Atle tilsett som rådmann i Os kommune, der han dei neste 5 åra medverka sterkt til å få orden på ein skakkjørt økonomi, og utvikling av eit breidt og godt tilbod av tenester til alle innbyggjarane. Lars Atle kjenner Os kommune. Han veit kva som skal til for å nå nye og realistiske mål. Lars Atle er generalisten som lyttar til spesialistar og ekspertar og bruker så innspel frå andre og sunn fornuft i avgjerdsprosessen. Lars Atle liker seg best i god prat med innbyggjarar og tilsette, for å forvissa seg om at alle sider av ei sak er vurdert før vedtak blir fatta. Lars Atle har heile livet brukt mye fritid til frivillig arbeid, med særleg fokus på sårbare grupper som treng hjelp, innanfor humanitær sektor. Han er eit aktivt friluftsmenneske både vinter og sommar, og kosar seg godt i lystig lag. Lars Atle jobbar no for Norges Røde Kors. Med Lars Atle får vi ein Ordførar vi kan stola på i eitt og alt, ein som bryr seg om både stort og smått, ein som blir Ordførar eine og åleine for å medverka til at Os blir ein betre stad å leva og bu for deg og meg. Kristin er 46 år, oppvaksen i Eikelandsosen, men fl ytta tidleg til Os for å gå på gymnaset. Gifta seg med en osing i 1993 og har heile tida budd med mann og to barn på Søfteland. Kristin er utdanna sjukepleiar og har tatt mykje etterutdanning innan faget. Variert erfaring frå ulike jobbar i helsevesenet gjer at Kristin kan mykje om omsorg og særleg mykje om eldreomsorg. Dette får vi i Os god nytte av, sidan Kristin er leiar for heimesjukepleien i Os. Kristin er ein fagleg svært dyktig leiar og kjenner Os kommune fra innsida, både som mor og sjukepleiar. Ho er ein energisk person med store ambisjonr om korleis Os skal bli ein endå bedre stad å bu -for alle aldersgrupper. Kristin er ei sprek dame som trivst godt i skog, mark og på fjellet, saman med familie og gode venner. Ho er ein sosial person, som gir av seg sjølv og som i lange periodar har hatt verv i frivillige lag og organisasjonar. I politikken vil du sjå at Kristin er god på alt, men best på eldreomsorg. Med Kristin som varaordførar får du ein fagleg dyktig, effektiv og dedikert talsperson for mykje av det som er viktig i vår verd, her på Os. Kristian Helland Lothe er 23 år og oppvaksen på Os. Han har sluttført 3 årig bachelor i Sportsleiing ved Høgskolen i Molde og er nyleg ferdig med førstegangstenesta ved idrettsavdelinga på Haakonsvern. Der var Kristian også tillitsvald for mange av soldatane. Kristian planlegg å ta meir skulegang på BI denne hausten,og jobbar elles som servitør på restaurant. Kristian har stor interesse på politiske felt som opptar ungdom og unge vaksne. Han har mykje kunnskap om det frivillige arbeidet generelt og organisering av idrett spesielt. Kristian vil bruka dette til å gjere Os kommune endå betre på dette feltet. Kristian oppmodar alle unge og unge vaksne til å engasjera seg. Det er mykje spennande som kan skje i Os framover, og meir skjer fortare med eit nytt politisk fl eirtal. Med Kristian i eit nytt politisk fl eirtal, får unge og unge vaksne i Os ein uredd og offensiv representant som vil syta for at det som er viktig blir tatt omsyn til. Har du spørsmål eller kommentarar til programmet? Kontakt oss gjerne på osarbeiderparti@gmail.com Ønsker du samandrag av programmet på polsk eller vietnamesisk? Send epost til osarbeiderparti@gmail.com