2014 Hardangerkonferansen Næringsutvikling i Hardanger. Rammevilkår og framtid
2014 Hardangerkonferansen 12.-13. november 2014 Brakanes Hotel Ulvik i Hardanger NHO sitt NæringsNM for 2013 viser at Hardanger no er på 55 plass av landet sine 83 regionar. Dette vert karakterisert som nest svakast næringsgrunnlag bygd på nyetablering, lønsemd, storleik og vekstpotensiale. Lågt befolkingsgrunnlag og svakt næringsgrunnlag har plassert Hardanger siste 10 åra på ein gjennomsnittleg 67 plass. Hardanger har mange gode næringsbein å stå på: Landbruk, Industri, Reiseliv, Offentlege tenester og Kulturutfalding. Denne varierte næringstrukturen vil vera regionen sine største føremoner i arbeidet for eit attraktivt Hardanger. Gründerånd og satsingsvilje treng gode vilkår for vidare vekst i Hardanger. Hardangerkonferansen 2014 har slik målsetjing: Framtidige arbeidsplassar er grunnlag for vekst og utvikling i Hardanger. Kva skal me leva av? Kva skal me tilby ungdomane våre? Hardangerkonferansen 2014 vil ha fokus på næringsstrategiar, regionutvikling og samferdsel Levedyktige og nye arbeidsplassar er avhengig av medviten satsing og systematisk næringsutvikling. Har framtida tru på jobb i Hardanger? Oppgåva vår i Hardanger er å syta for auke både i folketalet og i arbeidsplassane i regionen. Dette krev at politikarane, næringslivet og innbyggjarane samhandlar i eit regionalt perspektiv. Funksjonelle attraktive arbeids-bu-service og fritidsområde må sjåast i ein heilskap på tvers av synlege og usynlege grenser. Målet med Hardangerkonferansen står fast: Alle gode krefter som vil utvikling for Hardanger rettar energien same vegen og gjer kvarandre sterke. Motsetningar må på bordet og avklarast. Hardanger er inne i ei optimistisk tid med betre kommunikasjonar, ny industrisatsing, auka folketal og gode fellesprosjekt. Her vil me bu og leva gode liv. Konferansen rettar seg mot alle med samfunnsinteresse og samfunnsansvar som vil bidra til eit livskraftig Hardanger. Hardangerrådet saman med Hordaland Fylkeskommune, Sparebanken Vest, BKK, Reisemål Hardanger Fjord, Hardanger Næringsråd, Hordaland Bondelag og vertsheradet Ulvik inviterer med dette alle framtidsinteresserte hardingar, næringslivsaktørar, lokale/regionale/sentrale politikarar, offentlege tilsette og andre til ein ny og viktig konferanse for Hardanger.
Program Møteleiar: Halgeir Isdal. Sparebanken Vest Onsdag 12. november 11.00 Registrering 11.30 Lunsj 12.30 Kulturelt innslag Velkomen til Ulvik ved Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen Opning ved Rådsordførar John Opdal Næringslivet avhengig av samferdsel og samarbeid 13.00 Transportårer mellom Vestlandet og Austlandet. Status og framdrift. Kjell Kvåle - Seniorrådgjevar Statens Vegvesen sekretær for utgreiing transportårer 13.30 Næringsutvikling kring Jondalstunnelen Jon Larsgard - Ordførar i Jondal kommune 13.50 Bergen utviklar seg no endeleg austover Geir Dale - Bystyremedlem og Fraksjonsleiar for Arbeiderpartiet i Bergen, i Komite for Miljø og Byutvikling. Hardanger treng gründerar 14.20 Verksemder frå etablering til vekst Hilde Indresøvde - Dagleg leiar i Nyskapingsparken i Bergen 14.40 Frå gründerverksemd til fabrikk Nils Lekve - dagleg leiar og gründer i Hardanger Saft og Siderfabrikk 15.00 Oppstart Gründercamp Hardanger ved Signe Sandvik, Ungt Entreprenørskap Hardanger 15.10 Pause og innsjekk Næringslivet har ordet 16.00 Business Region Bergen Ole Hope - Dagleg leiar 16.20 Korleis er framtida for landbruket i Hardanger Nils Bjørke 16.40 Næringsvennleg offentleg sektor Lars Audun Torvik - Banksjef Sparebanken Vest 17.00 Møteslutt 18.30 Hardangerrådet markerer 25 år Aperitiff og velkommen ved Styreleiar Toralv Mikkelsen Glimt frå Hardangerrådssoga ved redaktør Jørn Lekve Hardangerhyllest ved Arne Kristian Teigland Helsingar til jubilanten 20.00 Middag og sosialt samvær
Næringspolitikk 09.10 Regjeringa sine satsingsområde på Næringsutvikling Ove Trellevik - Stortingsrepresentant for Høgre i Næringskomiteen 09.40 Næringspolitikk i Hordaland Mette Nora Sætre - Næringssjef i Hordaland fylkeskommune 10.00 Levande lokalsamfunn - nyskapning og bærekraftig samfunnsutvikling Pause Næringsråd 11.20 Næringshagen i Hardanger Bjørn Christensen - konsulent 11.40 Kompetansemekling og traineeordning i Hardanger Marie Opheim - Dagleg leiar i Næringshagen i Odda 12.00 Kaizen-rapporten. Ny reiselivsorganisering i Hardanger Hans Jørgen Andersen - Reiselivsdirektør i Reisemål Hardanger Fjord 12.20 Gründercamp Hardanger presenterer sine konklusjonar 12.50 Oppsummering og avslutning ved Rådsordførar John Opdal 13.00 Lunsj FOTO: Fotograf Øygarden Næringsutvikling i Hardanger 11.00 Regional Næringsstrategi Hardanger Liv Eirill Evensen - Prosjektleiar i Hardanger 10.30 Natalia Golis - Næringsutviklar i Ulvik herad FOTO: Fotograf Øygarden Torsdag 13.november 09.00 Oppstart - Kulturelt innslag
STAD: Brakanes Hotel TID: 12.-13. november 2014 Lunsj til Lunsj konferanse Konferansepakker: Konferanse med overnatting og middag: Konferanse uten overnatting med middag Dagpakke pr dag: 1.800 kr 1.430 kr 485 kr Påmelding: E-post: post@hardangerraadet.no Telefon: 53 67 14 50 Påmelding innan 31. oktober 2014. Påmelding! www.hardangerraadet.no FOTO: Brakanes Hotel
www.creato.no FOTO: Reinhold Kager Hardangerkonferansen 2014 er eit samarbeid mellom Ulvik herad www.hardangerraadet.no