Tingvoll, 16. mai 2012 Tingvoll kommune NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24.10.2008 blei gitt løyve til å bygge ein traktorveg inn i naturtypelokaliteten/nøkkelbiotopen i Kjøllia. I saksopplysningane frå den gongen fann vi mellom anna utsegn som tyder på at det er lagt opp til ein viss hogst innafor dette avgrensa arealet: Det er viktig at hogsten skjer på en fornuftig og stedstilpasset måte, slik at kvaliteten på furuområdet (les nøkkelbiotopen) i stor grad bevares. Vi kan vanskeleg sjå for oss ein hogst i ein gamalskogslokalitet som ikkje går utover dei biologiske verdiane knytt til lokaliteten. Difor har det vore viktig for oss å sjå nærare på området slik at vi kunne vurdere dette meir nøye. Vi har oppsøkt denne lokaliteten, først 1. januar 2012, og så 5. mai 2012. Ved besøket 1.1.2012 var det snødekke, men ikkje meir enn at det var råd å få eit visst inntrykk av området. Vi registrerte då at gamalskogsverdiane dekka eit betydeleg større område enn det som var registrert tidlegare. Vidare registrerte vi at det sto mykje furu som venteleg var langt over 100 år, og det var uvanleg jamnt med furutre som truleg er mellom 200 og 300 år her. Det var dessutan ein del ståande gadd. Vidare var det ein del læger, noko truleg frå nyttårsorkan 1992, men også mange eldre. Fleire stader var det også overgrodde læger som godt kan vere meir enn 100 år gamle. Når ein dessutan legg til at mange av desse trea er seintveksande, så er dette ein lokalitet som etter måten er langt på veg komplett i inventar sjølv om det er små mengde av ein del av elementa. Ved besøk 5.5.2012 var det betre høve til å underske nærare ein del av det som var snødekt tidlegare. Inntrykket blei då forsterka om at lokaliteten er vesentleg større enn avmerka, og at verdiane er større. Vidare blei det gjort fleire artsfunn. Mest interessant var funn av taiganål, ein sjeldsynt, nordleg knappenålslav, som vart funnen på ein morken gadd nede i dalen i vestre del av lokaliteten, heilt inntil traktorvegen der. Arten er i fylket berre funnen ved Verma og i Eikesdalen tidlegare, og står på den norske raudlista som sårbar (noko den også gjer på den svenske raudlista). Arten er ganske sterkt knytt til gammal skog og veks på gammal gadd og gamle levande tre. Elles vart det gjort spreidde funn av gubbeskjegg (NT), ein relativt utbreidd gammalskogsart i regionen, samt einskilde funn av dverggullnål og skrukkelav på bjørk, to mindre vanlege gammalskogsartar. Det vart også sett nokre Adresse: v/øystein Folden, Rasta 4, 6630 Tingvoll
vedbuande sopp på furulæger og potensialet for kravfulle og raudlista slike artar i området må vurderast som høg (men slike finn ein lettast seint på hausten). Langs traktorvegen som det blei gitt løyve til i 2008 fann vi fleire døme på at det var felt gaddar, delvis innhole, også utanom det som verka å vere direkte påverka område. Dette er ikkje i samsvar med retningslinene om skånsam framføring av traktorvegen og ikkje i samsvar med skogbruket sine sertifiseringsreglar og miljøforskrifta til skoglova. Det er nettopp dette ein vil hindre med ein registrert naturtypelokalitet/nøkkelbiotop, men det skal seiast at noko av dette var utanfor naturtypelokaliteten/nøkkelbiotopen slik han var registrert. På biletet ser vi ein delvis hol furugadd som er felt i samband med traktorvegen. Det vi også såg var at det har vore hogst i området, og hogsten har også tatt mykje av den registrerte naturtypelokaliteten/nøkkelbiotopen. Trea som hadde vorte felt såg jamt ut til å vere 120-160 år, men det vart også telt årringar i store tre som var på minst 200 år. I tillegg låg det spreidd med daudt trevirke på hogstflata, til dels gamle og morkne læger.
Uthogd lokalitet sett frå nord. Uthogd lokalitet sett frå sørvest.
Vi har teikna inn området på kart: Blått er naturtypelokaliteten slik han er innlagt i naturbase. Ytre raude omriss er slik naturtypen etter vår meining skulle ha vore lagt inn. Gul (og grøn) del er no hogd. Verdisettinga av lokaliteten kan ikkje lenger vere C lokalt viktig, men ein klar B viktig. Utan hogsten ville verdien sannsynlegvis vore ein A Svært viktig. Dette har vore ein av dei eldste furuskogane på produktiv mark i Tingvoll kommune. Berre nokre få andre stader, som under Durmålhaugen og i nordvestre del av Rottåsberga, er like gammal skog funne. Skog som dette, som kan reknast å vere over 160 år gammal, er svært sjeldsynt i Noreg, og landsskogstakseringa syner at ikkje meir enn 2% av skogarealet kjem inn under denne kategorien. I kystfuruskogen er den helst endå meir sjeldsynt, og gammal kystfuruskog er ein av dei naturtypane Noreg har størst internasjonalt forvaltningsansvar for, sidan slik skog knapt finst andre stader i verda. Slik Naturvernforbundet ser denne saka kan vi oppsummere - Vurderingane knytt til traktorvegsøknaden er bygd på manglande kunnskap om naturverdiane i området. - Hogst, også forsiktig hogst, vil øydelegge naturverdiane i naturtypelokaliteten/ nøkkelbiotopen. - Behovet for traktorvegen var vel difor ikkje til stades, i alle fall ikkje for øvre delen.
- Ved anlegg av traktorvegen er det også felt furugadd som var utanom vegtraseen. - Traktorvegen er lagt nokså hardhendt i terrenget, sjølv om framføringslina er grei nok. - I samband med hogsten no har ein hogd skog som openbert har vore gamal, og i tillegg har det vore ein del av ein nøkkelbiotop. Naturvernforbundet reknar med at skogbruksmynde - Syter for at rådgjevinga knytt til nøkkelbiotopen i samband med traktorvegvedtaket blir retta opp. Verdiane blir meir og mindre øydelagd om det blir hogd i denne lokaliteten, og det gjeld også plukkhogst i eit par generasjonar framover. Rådgjevinga frå skogbruksmynde må difor vere at det ikkje skal hoggast innafor lokaliteten, og gjerne at ein hogger forsiktig rett på utsida av lokaliteten. - Kjem med en passande reaksjon som følgje av at det er hogd innafor grensene for nøkkelbiotopen. - Går gjennom rutinane sine og grunneigar/skogeigarlag sine, slik at hogst som dette ikkje kan skje igjen. Truleg er det denne hogsten som er omtala i Aura Avis 9.2.2012 og Tidens Krav 14.2.2012, som eit undervisningsopplegg. I så fall bør desse elevane få litt meir undervisning, om skog og biologisk mangfald, slik at dei ikkje er uvitande om denne samanhengen. Naturvernforbundet i Tingvoll ber om å bli halde orientert om saka si utvikling. Med helsing Øystein Folden Leiar Kopi: Gustav Gjørsvik Tingvoll vidaregåande skule
Naturtypelokaliteten, skildring frå naturbase: