Statleg sikring av friluftsområde i Møre og Romsdal - søknader for tilråding

Like dokumenter
Tilskot til friluftsliv

Prioritering av to ekstra søknader om tilskot til statleg sikring av friluftsområder i Hordaland 2015 (kap post 30)

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Fordeling av tilskot til tiltak i statleg sikra friluftsområde, Statsbudsjettet kap. 1420, post 78

Statleg sikring og tilrettelegging av friluftslivsområde. Kvam i Hordaland 20. oktober 2017 Heidi G. Betten

Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2016

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

2 Generelt om tiltaket: Namn på tiltaket:... Kommune:..Fylke: Søknadsskjema A-09 Tilskotsmidlar over Miljøverndepartementet sitt budsjett

Tilskuddsordninger for friluftsliv: - Turskiltprosjektet. -Tilskudd til friluftsaktivitet (kap post 78)

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2017

Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2019

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Etne kommune. Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder. Fakta om kommunen (pr ) DEL 1:

Gjemnes for

Alternativ tilrettelegging for syklistar ved innføring av sykkelforbod gjennom fv. 62 Øksendalstunnelen

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

[kommunenavn] for [planperiode]

Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond i 2016

Sulakommune for

Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder i Aurland kommune

Idrett og fysisk aktivitet

Revidert utviklingsplan Gjermundnes vidaregåande skule

Særutskrift - 189/66 - flytebrygger med landgang - Lykelsøyvågen - Oddvin Øvernes

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

LEIRVÅGEN - TILKOMST PARKERINGSAREAL - FRILUFTSOMRÅDE

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

Bømlopakken - Gang- og sykkelveg langs Fv 542 Stokkabekken/Siggjarvåg - ny løysing treng godkjenning

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Møteinnkalling. Utval: Stølsheimen verneområdestyre Møtestad: Blix Hotell, VIk Dato: Tidspunkt: 10:30 13:00

RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV. Handlingsprogram Revidert Saksnr.

Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder Fakta om kommunen (pr )

SØKNADER FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE OM STATLEGE TILSKOTSMIDLAR FOR 2013 FOR AUKA TILGJENGE TIL KOLLEKTIVTRANSPORTEN

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

Sluttrapport fjordstien i Sogndal sentrum

Vedlegg 2, Høringsinnspill - forskrifter knyttet til tilskuddsordninger under friluftsliv, fisk og vilt. Friluftsliv

Sveio kommune for

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Stordal kommune - oppføring av tilbygg til fritidsbustad - gbnr 158/1, Kvitlestølen - klage på vedtak om dispensasjon frå kommunedelplan

Bevaringsprogram for utvalgte arkeologiske kulturminne (BARK) - Prioritering av søknader til Riksantikvaren 2016

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

OPPFØLGING AV SYKKELSTRATEGI FOR BERGEN - HANDLINGSPLAN

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

3.1 Friluftslivet sin posisjon skal bli teken vare på og utvikla vidare gjennom ivaretaking av

Skodjekommune

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 2/

Guri Bugge Tlf: Saksnr Utval Møtedato Miljøutvalet

TS midlar - mindre tiltak - status, korrigering og tiltak for 2018

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen AS - søknad om tilskot til pilotprosjekt

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

AUKRA for Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder. Fakta om kommunen pr DEL 1:

Austevoll kommune TILEGGSINNKALLING SAKLISTE

Utsnitt av komuneplanen med trasealternativ frå RAPPORT. Fjordstien Damskipskaia / Straumen. Datert

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Prosjektplan Oppgradering av stisystemet i Brandsøyåsen Utkast pr. 29 oktober 2013.

Klage over tildeling av drosjeløyve i Naustdal kommune

Fjordkysten Friluftsråd

Behandling i Samferdselsutvalet Det legges fram vedtak med 3 nye pkt. ang. etterslep, ferje og rassikring.

Omklassifisering av eksisterande strekningar på E134 i samband med bygging av Stordalstunnelen i Etne kommune - ny høyring

Fylkesvegane i Hordaland - Plan- og byggeprogram 2017

Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet Godkjenning av prosjektrekneskap Stend vgs Ombygging for tilrettelagt opplæring

KARTLEGGING OG VERDSETTING AV FRILUFTSLIVSOMRÅDE

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Arbeid med sikring av friluftsområde i Stranda kommune

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Utvalg Utvalgssak Møtedato. Formannskapet 41/ Reguleringsplan for Grødalen, endring av parkeringsplasser langs Grødalsvegen

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Kvinnherad kommune. Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder. Fakta om kommunen pr DEL 1:

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komité for kultur, miljø og /15

Saksnr. Utval Møtedato 050/17 Skule- og kulturutval /17 Formannskapet Kommunestyret

Skjøtselsplan for Trollholmsund 2017

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

Fylkesvegane - Plan- og byggeprogram 2016

Møteinnkalling. Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre

SØKNAD OM TILSKOTSMIDLAR TIL KOMMUNESEKTOREN (BRA- MIDLAR) FOR 2010 OG PRIORITERING AV SØKNADER FRÅ HORDALAND

1 Søker Navn på søker (kommune/friluftsråd)... Kontaktperson: Telefon:... E-postadresse til kontaktperson..

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

EIDSVÅGLEIRA BADEPLASS

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 15.03.2017 36408/2017 Anders Røynstrand Mari Anne Bjørkmann Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 03.04.2017 Statleg sikring av friluftsområde i Møre og Romsdal - søknader for 2017 - tilråding Bakgrunn Kommunar og interkommunale friluftsråd kan søkje om statleg økonomisk medverknad til sikring av område for friluftsliv. Det er Miljødirektoratet som lyser ut statlege midlar som kan nyttast til erverv av areal eller vederlag for avtalar om langvarig bruksrett (servituttavtale). Tilskotsordninga er omtalt i Rundskriv T-1/15 Tilskotsordningar for 2016 frå Klima- og miljødepartementet (under post 30). Det viktigaste føremålet med ordninga er at «friluftslivet skal styrkast som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg aktivitet.» Fylkeskommunen skal sende søknader frå Møre og Romsdal til Miljødirektoratet med ei tilråding innan 1. april 2017. Med bakgrunn i årets møtekalender for fylkesutvalet har fylkeskommunen fått utsett frist for å sende slik tilråding. Direktoratet prioriterer område som kjem store befolkningsgrupper til gode, som allment tilgjengeleg grønstruktur i byar og tettstader, samt nærområde til bustadområde som kan nåast utan bruk av bil eller båt. Også landfaste område i kystsona har høg prioritet. Det vert vidare lagt vekt på om søknadene er handsama og prioriterte i ein kommunal prosess etter plan- og bygningslova. Ordninga rettar seg særleg mot areal som blir/vil bli intensivt nytta, og som bør leggjast til rette for friluftslivsføremål. Vurdering Søknadsfrist til fylkeskommunen vart i år sett til 1. februar, og innan fristen kom det inn 10 søknader, frå Midsund, Rindal, Sunndal, Sykkylven, og Ålesund kommunar. Søknadene er kort omtalt under, og ei skjematisk oversikt over dei aktuelle områda ligg som vedlegg til saka. Fullstendige søknadsskjema med vedlegg (kart, bilete, kostnadsoverslag m.m.) kan sendast ut ved førespurnad til saksbehandlarar. Midsund kommune Sandan friluftsområde Sandan-området med Hamnaneset er eit populært utfartsområde i strandsona på Midøya, med fine tur- og bademoglegheiter. Området har fått ein sterk regional bruk dei siste åra gjennom å ha vore Stikk UT - mål fleire år. Det er behov for tilrettelagt parkering ved startpunkt for tursti ved fylkesvegen. Søknaden omfattar kostnader til grunnkjøp og til opparbeiding av parkeringsplassen.

Rindal kommune Igltjønna friluftsområde Igltjønna er eit av kommunens mest nytta område for friluftsliv, fysisk aktivitet og rekreasjon. Området er lett tilgjengeleg for ei større brukargruppe da det har ein geografisk nærleik til skule, helse- og omsorgssenter, Rindalhus og bustadområde. Området er mykje besøkt av eigne innbyggarar og tilreisande. Igltjønna er eit område med høg lokal- og regionalverdi. Det er underteikna ein intensjonsavtale med ein del forbehold ift kjøp av området mellom kommunen og eigar. Det er i søknaden søkt om 50 prosent medverknad til grunnkjøp og utarbeiding av informasjonstavle. Sunndal kommune Nerdalen - parkeringsplass Området er innfallsporten til Innerdalen landskapsvernområde og Trollheimen nasjonalpark, området er eit reiselivsfyrtårn for regionen og landet med si plassering og utgangspunkt for fine turar i fjellheimen. Det har vore stor auke av besøkande frå heile fylket i forbindelse med at området fikk Stikk UT- post. Parkeringsplassen i Nerdalen ligg 19 kilometer frå sentrum av Sunndalsøra, på vegen frå sentrum må ein gjennom ein tunell kor det ikkje er lov til å sykle eller gå. Det er behov for å opparbeide ein parkeringsplass ved startpunkt for turane. Kommunen har kjøpt arealet. Søknaden omfattar kostnader til grunnkjøp og til opparbeiding av parkeringsplassen. Sunndal kommune Brandstad - parkeringsplass Området er startpunkt for fleire turar inn til Sunndalsfjella og Dovrefjell nasjonalpark. Om vinteren er området av nasjonal verdi når det gjeld skiturar til kjente fjelltopper. Området blir då nytta av turfolk frå heile Skandinavia. Området manglar stor nok parkeringsplass både for sommar- og vinterbruk. Kommunen har kjøpt arealet. Det er søkt om medverknad til grunnkjøp og opparbeiding av parkeringsplass, bygging av toalettbygg med vatn- og avløpsanlegg, og etablering av bålplass med gapahuk. Sunndal kommune Trolltind - parkeringsplass Området blir nytta som turområde for omliggande kommunar og tilreisande turistar, særleg vinterstid med toppturar og familieturar i snøsikkert område. Området har behov for ein parkeringsplass. Området er svært mykje nytta og har behov for ein parkeringsplass. Sist vinter blei det talt opp 100 bilar som var parkert i området. Kommunen har kjøpt arealet. Det er søkt om medverknad til grunnkjøp og opparbeiding av parkeringsplass, bygging av toalettbygg med vatn- og avløpsanlegg. Sykkylven kommune Dravlausstølskiftet Området ligg i sørenden av Sætrevatnet, nær Fjellsætra og Nysætervatnet. Området er eit av dei viktigaste utfartsområda for Nordre Sunnmøre og Ålesund, med varierte moglegheiter for tur og friluftsaktivitet sommar og vinter. Dravlausstølskiftet er ein innfallsport frå Velledalen og eit startpunkt for skiløyper og toppturar. Området har betydelege parkeringsutfordringar på utfartsdagar, og det er behov for tilrettelegging. Søknaden omfattar sikring av parkeringsareal og eit tilliggande utmarksareal med urørt strandsone ved Sætrevatnet og start på skiløypetrasé rundt Sætrevatnet og Nysetervatnet. Det er inngått avtale om

grunnkjøp med grunneigar. Det blir søkt om tilskot til å dekke grunnkjøp og til opparbeiding av parkeringsplass. Sykkylven kommune Fausaskiftet - parkeringsplass Fausaskiftet er knutepunkt for køyrevegar og løyper i nordenden av Nysætervatnet, og eit oppmarsjområde for populære toppturar, m.a. populære Auskjeret (Ausekaret). Også her er parkeringsmoglegheitene svært avgrensa, og det er behov for tilrettelegging. Det er inngått avtale med grunneigar om kjøp av areal til parkering, og søknader omfattar kostnader til grunnkjøp og opparbeiding av parkeringsplass. Sykkylven kommune Straumen friområde Området er eit regulert friområde ved Straumen mellom Fitjavatnet og Sykkylvsfjorden, og eit nærfriluftsområde for busetnaden på Straumgjerde. Området er først og fremst eit viktig lokalt friluftsområde for bading og friluftsaktivitet ved ferskvatn, men tiltrekk seg også fiskarar frå heile fylket sommarstid. Det er tidlegare sikra eit strandsoneareal nedstraums brua over Straumen, og sikring av det aktuelle arealet ovanfor brua vil sikre eit heilskapleg friluftsområde langs Straumen. Det er søkt om 50 prosent medverknad til grunnkjøp. Ålesund kommune Hundsvær-Tyskholmen brygge Området ligg i Borgundfjorden mellom Ålesund og Sula kommunar. Friområdet inngår i eit skjærgårdsnettverk saman med Langevågholmane, og med Svinøya og Vikholmen i Ellingsøyfjorden. Tyskholmen er ein populær badeplass og utfartsområde for Ålesunds befolkning. Området kan i hovudsak brukas til strand- og vassbaserte aktiviteter, men også for korte turar for å oppdage kulturhistoriske spor og samanhengar. Området kan berre nåast med båt. Tyskholmen og det meste av Hundsvær er eigd av Ålesund kommune, og det et søkt om vederlagsfri omgjering til statleg sikra område. Det er vidare søkt tilretteleggingsmidlar til å oppgradere enkel flytebrygge til ei universelt utforma brygge med landgang. Ålesund kommune Vikholmen-Lauvholmen brygge Området ligg i Ellingsøyfjorden som med sine mange øyer og holmar er svært attraktiv for sjøbasert friluftsliv. Friluftsområdet inngår i eit skjærgårdsnettverk saman med Svinøya, og med Hundsvær-Tyskholmen og Langevågholmane i Borgundfjorden. Området kan brukast til bading og strandbaserte aktivitetar i saltvatn, leik og allsidige aktivterter, telting og anna friluftsaktivitet. Området kan bare nås med båt. Det er søkt om vederlagsfri omgjering til statleg sikra område og tilskot til å tilrettelegge området med ny gjestebrygge, betre bål- og grillplass, og rydding og merking av stiar.

Samla vurdering Fylkesrådmannen registrerer at eit fleirtal av søknadene om sikring gjeld område med ein regional bruk, der det er behov for tilrettelegging for parkering på innfallsportar til regionalt, og til dels nasjonalt, verdifulle friluftslivområde. Søknadene frå Rindal og Ålesund og for Straumen friområde i Sykkylven gjeld lokalt viktige nærfriluftsområde. Av desse merkar Igltjønna friluftsområde seg ut som eit velfungerande friluftsområde sentralt i kommunesenteret i Rindal, med god tilkomst og god eksisterande tilrettelegging, og der sikring er viktig for å sikre ei heilskapleg utvikling av området. Samla kostnader til sikring ved erverv av areal til friluftsformål er for dei 10 søknadene på knapt 1,4 mill. kroner og totalt søknadsbeløp er på vel 1 mill. kroner. Dette er lågare enn tidlegare års samla løyvingar til Møre og Romsdal. Samstundes er det i fleire av søknadene søkt om større beløp til opparbeiding av parkeringsplassar, og det er totalt søkt om tilskot på nærare 6,3 mill. kroner til «grunnleggende istandsetting» av friluftsområda (sjå vedlegg 2). Miljødirektoratet vil neppe kunne imøtekome dette søknadsbeløpet, men vil i utgangspunktet fordele tilgjengelege midlar skjønnsmessig ut frå budsjettramme. Fylkeskommunen kan gi tilråding om kor midlar til Møre og Romsdal bør prioriterast. Blant søknadene om tilrettelegging av friluftsparkering finn fylkesrådmannen at det kan vere særlege grunnar for å tilrå at Miljødirektoratet prioriterer midlar til opparbeiding av utvida parkering i Nerdalen, sidan området er innfallsport til dei nasjonalt verdifulle friluftsområda i Innerdalen landskapsvernområde og Trollheimen nasjonalpark. Dette området skil seg også ut i reiselivssamanheng. Ut over dette stiller dei ulike parkeringsområda seg nokså likt m.o.t. behov for grunnleggande istandsetting. For dei to områda i Ålesund er opparbeidingsmidlar knytt til etablering/ oppgradering av brygger for betre tilkomst med båt til dei aktuelle holmane. Søknadsbeløpa er moderate samanlikna med parkeringsanlegga. Tilrettelegginga vil nå ei avgrensa gruppe som har tilgang på båt, men områda ligg geografisk svært nær store befolkningsgrupper i Ålesund og omegn. Det kan difor vere grunn til å prioritere også desse områda. Fylkesrådmannen legg til grunn at Miljødirektoratet prioriterer tilskot til å gjennomføre sikring for alle områda før det blir fordelt midlar til grunnleggande istandsetting. Fylkesrådmannen minner elles om at for alle område som blir statleg sikra kan det seinare årleg søkast om tilskot til tiltak, der fylkeskommunen får ei årleg ramme til fordeling (post 78).

Forslag til vedtak: Fylkesutvalet viser til innsendte søknader frå Møre og Romsdal for 2017, og rår til at dei ti aktuelle områda blir sikra som statleg sikra friluftsområde. Fylkesutvalet ser det som særleg viktig at Igltjønna friluftsområde og parkeringsplass i Nerdalen blir sikra og tilrettelagt. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Ole Helge Haugen fylkesplansjef Vedlegg 1 Statleg sikring av friluftsområde i Møre og Romsdal - søknader for 2017 - oversiktsliste 2 Statleg sikring av friluftsområde i Møre og Romsdal - søknader for 2017 - kostnadsoversikt