KLAGE - VEDTAK OM KONSESJON GITT STRANDA ENERGI AS FOR BYGGING AV LANGEDALSELVA KRAFTVERK.

Like dokumenter
FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Ørsta kommune. Søknad om løyve til å byggje Nøvedalselva kraftverk. Fråsegn til søknad om konsesjon.

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

Arbeidsverkstad fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging

Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

KONGELIG RESOLUSJON. Olje- og energidepartementet Statsråd: Terje Søviknes Saksnr.: 16/376 Dato:

Uttalelse til søknad fra Småkraft A/S innsigelse til 5 prosjekt i Valldalen, Odda kommune.

Drukner naturmangfoldet i småkraftverk? Øystein Grundt Norges vassdrags- og energidirektorat Seksjon for småkraftverk

Krav til kartlegging av biologisk mangfald i plansaker. Tore Larsen Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Hauge kraftverk i Stranda kommune i Møre og Romsdal - klagesak

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

Norges vassdrags- og energidirektorat

Bordalselva kraftverk i Molde kommune i Møre og Romsdal - klagesak

KLAGE HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Kjørstadelva kraftverk i Kongsberg kommune - klagesak

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

Blåfall AS Søknad om planendring for bygging av småkraftverk i Bergselvi i Luster kommune, Sogn og Fjordane - NVEs vedtak

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo. Bergen,

OPPRUSTING AV VERMA KRAFTVERK I RAUMA: STOPP UNDERGRAVINGA AV VERNEPLANEN FOR VASSDRAG!

Norges Småkraftverk AS - Søknad om tillatelse til bygging av Kroken I og Kroken II kraftverk i Luster kommune - NVEs vedtak

FRÅSEGN SØKNAD OM KONSESJON FOR SKALLELVA KRAFTVERK HALSA KOMMUNE

Tilleggsuttale til 4 søknadar om småkraftutbygging i Fjaler, Sogn og Fjordane.

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Jarle Lunde K2 - S11, K3 - &13 19/254

Solheimsdalen kraftverk i Tysnes kommune. Administrative merknader til endringssøknad.

Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

FRÅSEGN - NORDDALS-PAKKEN.

Vik kommune Plan/forvaltning

Møteinnkalling. Utval : Stølsheimen verneområdesty re Møtesta d: Kulturhuset, Voss Dato: Tidspunkt : 11:00

Høringsuttalelse til søknad om etablering av Sørfjord pumpe i Tysfjord kommune

Miljøbasert vannføring - Etterundersøkelser ved små kraftverk Småkraft - undersøkelser av moser og lav. Per G. Ihlen

Uttalelse til søknad fra Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk AS om bygging av Terråk kraftverk i Terråkvassdraget, Bindal i Nordland

Tålegrensa er nådd. Sei nei til 6 småkraftverk i Masfjorden.

Øysteseelva er svært viktig for biologisk mangfold Torbjørn Høitomt Biolog i Stiftelsen BioFokus

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Småkraft AS - Vedtak i forbindelse med klage på løyve til bygging av Øvre Alsåker kraftverk i Ullensvang herad i Hordaland

Forum for natur og friluftsliv Oppland er et samarbeidsforum for åtte frivillige organisasjoner innen natur og friluftsliv.

Reipkrokelva kraftverk i Tromsø kommune i Troms - klage- og innsigelsessak

Kvinesdal kommune Rådmannen

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

R A P P O R Vassdekt areal og vassføring i Jølstra Grunnlag for konsekvensutgreiingane

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

FRÅSEGN AREALDELEN TIL KOMMUNEPLANEN

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 021/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

é_)or.{ J05: O4 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref.

Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015

SØKNAD OM BYGGJING AV TESGJOLO SMÅKRAFTVERK, VOSS - SUPPLERANDE BIOLOGISK UTGREIING. FRÅSEGN

Småkraftverk virkninger for miljø og samfunn biologisk mangfold

Melefallet AS Søknad om tillatelse til Melefallet II småkraftverk i Bygland kommune i Aust-Agder oversendelse av NVEs vedtak

DET KONGELIGE OLIE- OG ENERGIDEPARTEMENT. Vår ref I4/1306. Moelv, Våtvoll og Lysåelvakraftverki Kvæfjordkommunei Troms fylke - klage på vedtak

,ZC)WILI73- L1,5 Cr g Gv%

Alta kraftlag all - Søknad om tillatelse til bygging av Storelva kraftverk i Talvik, Alta kommune, Finnmark - oversendelse av NVEs vedtak

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Biologisk mangfold. Evaluering av dokumentasjonen. Geir Gaarder, Miljøfaglig Utredning

Høringsuttalelse Dagslått kraftverk og Ådalen kraftverk i Brønnøy kommune, Nordland fylke.

Oversendelse av en innsigelse og en klage på vedtak om Gjuvåa kraftverk i Hjartdal kommune i Telemark av

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 007/16 Areal- og forvaltningsutvalet PS

Langedalselva kraftverk i Stranda kommune i Møre og Romsdal klageog motsegnssak

VEDLEGG 4. Grøno kraftverk (konsesjonssøknaden s. 18):

Korleis sikra berekraftig flaumsikring på Voss? Synnøve Kvamme Leiar av Naturvernforbundet Hordaland

Deres ref: Vår ref. NVE saksnummer Dato:

Fråsegn til høyring av søknad om konsesjon til bygging av Øvre og Nedre Lanes kraftverk, Bjerkreim kommune

Høringsuttalelse om Kastdalselvi kraftverk i Kvam herad, Hordaland

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

BREMANGER KOMMUNE Sakspapir

Stryn kommune Servicekontoret

Høringsuttalelse Godfarfoss

Einar Kleiven har leita etter elvemusling i Vest-Agder, nærare bestemt i nokre bekkar i Mandalselva og i Nesheimvassdraget på Lista.

Viktige miljøfaktorer som påvirker konsesjon for småkraftverk. Ingrid Haug Seksjon for småkraftverk og vassdragsinngrep NVE

Småkraftsaker i Sunndal kommune - høringsuttale til NVE.

Retningslinjer for små vannkraftverk (OSLO -JUNI 2007)

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

Uttale om alternativ inntaksløysing i Onarheim kraftverk

Utgreiing av inntak i Tennevatnet for Tenneelva Kraftverk.

Konsesjonsbehandling av små kraftverk

Konsesjonsbehandling av små kraftverk

Oversendelse av klage på vedtak om avslag på søknad om Rørvika kraftverk i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane

Planlagt vannkraftutbygging av Grøslandselva, Gyltebekken og Nørståe i Buskerud høringsuttalelse

FNF Hordaland. Norges Vassdrag- og Energidirektorat Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Bergen, 20. mars 2013

Kroken Kraftverk SUS Oversender klage på avslag på søknad om Kroken kraftverk i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal

Fråsegn om Lussand kraftverk i Granvin kommune

Uttale til søknad om utbygging av Songesand kraftverk - Rogaland

Motsegn til reguleringsplan for Rv. 49 Vikøy Nordheimsund Vikøyevjo i Kvam Herad

Høyringsfråsegn sju småkraftverk i Jølster og Gloppen

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

FRÅSEGN KONSESJONSSØKNAD VENGÅA I RAUMA

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag Postboks 4710 Sluppen, 7468 Trondheim Sentralbord: , Telefaks Besøksadresse: E. C. Dahls g.

Fleire søkjarar - Søknader om løyve til å byggje fire småkraftverk i Rissa, Åfjord og Verran - høyring

Helgeland Kraft sine kommentarer til høringsuttalelser knyttet til Blakkåga kraftverk i Rana kommune

Transkript:

Tingvoll, 28. mai 2017 Olje- og energidepartementet v/nve KLAGE - VEDTAK OM KONSESJON GITT STRANDA ENERGI AS FOR BYGGING AV LANGEDALSELVA KRAFTVERK. Viser til dykkar ref. 201208238-27 Det er få småkraftsaker i Møre og Romsdal dei seinare åra som vi har vore så overtydd om at NVE ville avslå som søknaden for Langedalselva kraftverk. Denne elvestubben har så mange kvalitetar som gjer han alt for verdifull til at ein kan bruke elva til kraftproduksjon. Vi krev at vedtaket blir omgjort og at søknaden blir avslått. Naturvernforbundet har si merksemd spesielt på biologisk mangfald, naturverdiar og friluftsliv. Vi kan gjere nærare greie for grunnlaget for vår klagerett om det er nødvendig. For Naturvernforbundet har desse søknadene kunne delast i tre gruppe: Ei gruppe der vi ikkje har vesentlege innvendingar mot at det skjer ei utbygging. I denne pakka var Røyrhuselva ein slik søknad. Den andre gruppa er dei klare avslaga, der inngrepa blir så store at utbygging er heilt uakseptabelt. Søknaden om Langedalselva kraftverk er eit døme på denne typen. Den tredje gruppa er dei prosjekta der flytting av kraftstasjon og inntak, val av veglaus inntaksløysing og andre avbøtande tiltak i ein del tilfelle gjer dei negative verknadene såpass mykje mindre at i alle fall ein del av søknadene kan få løyve. I denne pakka er Hauge kraftverk mellom dei, viss det kan byggast utan regulering av Haugedalsvatnet og ein del andre justeringar. Vi har hatt inntrykk av at NVE har hatt ei liknande vurdering. I fleire av pakkene dei siste åra har vi hatt eit inntrykk av at vurderingane hos oss og hos NVE ikkje har vore så heilt ulike. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/øystein Folden, Rasta 4, 6630 TINGVOLL Telefon 918 12 542 epost moreogromsdal@naturvernforbundet.no internett www.naturvernforbundet.no/mr

Side 2 Spesielt på desse tre saksfelta er NVE sin dokumentasjon for svak, - og konklusjonen vert feil: 1. Opplevingskvalitetar, og elva som landskapselement. 2. Biologisk kartlegging. 3. Samla belastning på vassdragsnaturen i området. Opplevingskvalitetar, og elva som landskapselement Stranda kommune er mellom dei kommunane som har ein betydeleg reiselivsfaktor, der naturgrunnlaget er ein vesentleg del av det som blir seld. Det som turistane er viljuge å betale for, det har lokalt busette tilgang til, som ein spesiell kvalitet knytt til det å bu i Stranda. Den eine søknaden (Storfossen) i denne pakka er delvis vurdert ut frå eit slikt grunnlag. Men det er fleire vassdrag i Stranda kommune som har noko å seie i så måte. For nokre er det nok å høyre elva, vite at ho er der. For andre er t.d. opplevinga på nært hald noko som gir mektige inntrykk som dei vil huske til dei døyr. Andre igjen har stor glede av å boltre seg i vassdraget, i form av padling og liknande. For nokre vil fisking vere ei avkopling med ein verdi som ikkje kan erstattast av noko ein kan få på apoteket. Ei slik oppleving blir ikkje den same når det renn for lite vatn mellom steinane. Litlebø kraftverk med inntak i Langedalen og Nibbedalen er bygd ut. Ringdal er bygd ut. Stadheim er bygd ut. Embla er bygd ut. Rødset er bygd ut. Juvsfossen er bygd ut. Det er snart berre små bekkar og ganske stilleflytande parti som ikkje ligg i røyr igjen. Brusinga av elva er stillare og padleårene treff oftare botn. Opplevinga er fattigare. Ovanfor planlagd inntak, mellom Litlebø og Karbø er elva stort sett vid og roleg. Nedanfor planlagd kraftstasjon er elva rolegare og fiskehølane er færre og grunnare, heilt til ein kjem til Hellesyltjuvet som er utilgjengeleg for folk flest. Strekninga som no har fått utbyggingsløyve har mykje uroleg vatn, kombinert med djupe fiskehøler som er tilgjengelege, sjølv om dei ligg i juv som elles er mykje mektigare enn tilgjengelege. Det er den samla opplevinga av eit vilt og inngrepsfritt parti av vassdraget som er den største verdien. Her er eit rikt viltområde med potensiale for å spore hubro, kongeørn, hønsehauk, spettartar, ugler, fossekall, vintererle, oter og hjort (iflg. Biologisk rapport og eigne observasjonar). For dei som padlar, fiskar etter bekkauren, badar, juvar eller berre går til vassdraget for opplevinga si skuld, er kjensla av det uregulerte og «ville» ved dette landskapet av stor verdi. Den forsterkar eit intenst naturmøte. Juva, fossane og dei stille kulpane er lett tilgjengelege, og unike. Desse kvalitetane er ikkje vurdert i konsesjonsdokumentet. Landskapsmessig er det tragisk at NVE har tilrådd det mest drastiske alternativet for inntaksplassering,- med dam og demning «på best eigna stad i elva med overløp mellom på kote +188,6». Her vil inntaket vere maksimalt eksponert frå Karbø, frå Karbøbrua og hovudvegen mot Hellesylt og Geiranger.

Side 3 Biologisk kartlegging I samband med vedtaket ser vi ikkje noko om arten Trechispora candidissima snømykkjuke som er skildra i bekkekløftlokaliteten, og i raudlista for 2015 er vurdert som (DD): Vurdering Utført av ekspertkomité for sopper Arten finnes i gran- og blandingsskog, der den er nedbryter (saprotrof) på sterkt nedbrutt ved av ulike treslag (mest funnet på gran og osp). Ser ut til å være en sjelden art, ca. 20 angitte funn i Norge, men vanskelig å skille fra nærstående arter (T. hymenocystis, T. mollusca). Kunnskapsgrunnlaget om habitattilknytning, populasjonsstørrelse, mørketall og populasjonsutvikling er mangelfull, og arten klassifiseres til DD. Når vi samanliknar Artskart med kart som syner kraftstasjonsplassering, ser det ut til at funnstaden ligg omtrent der kraftstasjonen er tenkt plassert. Det er ein alvorleg mangel med vedtaket når ein art med verdi DD ikkje blir vurdert som om han står på raudlista, og at lokaliteten vil gå tapt ved utbygging. Artskart: Oransje symbol = Trechispora candidissima snømykkjuke Vidare må ein ta omsyn til at det i 2002 er påvist taigaspissmus langs elva på utbyggingsstrekninga. Arten er ført opp med DD i siste raudlista. Sorex isodon Turov, 1924 taigaspissmus Kategori - datamangel DD Vurdering Utført av ekspertkomité for pattedyr (Norge) Taigaspissmus har en nordlig palearktisk utbredelse. I Norge er den kun kjent fra 12-15 enkeltfunn, for det meste fra Hedmark, men også Troms og Vestlandet (Isaksen m. fl. 1998, van der Kooij & Solheim 2002, NZFs Prosjekt Pattedyratlas upubl.). Arten synes å kreve særlig produktive skogsmiljøer. Det er uklart om den tilsynelatende svært spredte forekomsten er reell, eller om arten har en mer sammenhengende utbredelse. Også i Sverige er arten kun kjent fra et fåtall lokaliteter og

Side 4 funn. I Finland er den mer utbredt, men ikke tallrik. For Norges del er det foreløpig uråd å avgjøre om arten er oversett i stor grad eller om de spredte funnene representerer en reell oppsplitting i lokale forekomster. Det er svært vanskelig å anslå noe mørketall, og vi klassifiserer den derfor som DD. Elles er vi samd i at dei delane av området som er kartlagd ser ut til å vere relativt godt kartlagd. Problemet er knytt til den delen av bekkekløfta som er vanskeleg tilgjengeleg. Her er det klart at kartlegginga stort sett manglar, det er eit klarlagt potensial for at det kan vere raudlista artar der, og det er alminneleg aksept for at området sin fuktigheit vil bli påverka av endra vassføring ved ei kraftutbygging. Frå NVE sitt KSK-notat 10/2017, side 16 «Mellom kote 160 og 170 er det et relativt bratt og smalt parti av elva der det blir danna fosserøyk. Her er naturtypen fosseberg og fosse-eng registrert. Dette er en naturtype som er nær truet (NT). Plassen er utilgjengelig og beskyttet mot uttørking i perioder med lav vannføring. Lokaliteten er ikke verdisatt på grunn av utilgjengelighet, men vurderes til å ha et høyt potensiale i forhold til spesialiserte arter av lav og mose.» «Bekkekløfta i Langedalselva er undersøkt ved flere anledninger og den er gjentatte ganger verdisatt til kategori B. I forbindelse med utarbeidelse av søknadens miljørapport er det også gjort søk etter rødlisteartet av moser og lav som er knyttet til høy fuktighet og flom uten at det er gjort noen funn. NVE mener på bakgrunn av dette at kunnskapsgrunnlaget er generelt godt og at det er satt fokus på arter som har spesielle krav til fuktighet. Det er derimot knyttet usikkerhet til de områdene som er vanskelig tilgjengelig og det kan ikke utelukkes at det vokser sjeldne arter på disse stedene. De vanskelig tilgjengelige områdene i Langedalselva som ikke er undersøkt og som har et potensiale for truede fuktighetskrevende arter vil bli påvirket negativt at elven blir fraført vann. Dette gjelder mellom annet det registrerte fosseberget/fosse-enga.» «Avbøtende tiltak som minstevannføring vil til en viss grad bøte på de negative konsekvensene, men man må anta at arter med krav til spesielt høy luftfuktighet med høy sannsynlighet vil forsvinne ved en eventuell utbygging.» NVE konkluderer med at kunnskapen er generelt god om det biologiske mangfaldet, og aksepterer at det er eit betydeleg kunnskapshol knytt til fossesprøytsoner. Det går ikkje an å undersøke områda rundt ekstra nøye og så konkludere at då treng ein ikkje å kartlegge eit område som er lite tilgjengeleg. Både biolog som har kartlagd og andre peiker på at det er eit ukjent, men klart potensial for funn av raudlisteartar i området som ikkje er undersøkt. Det skal gi ein betydeleg faktor av føre var-kompensasjon. Når det er bygd ut såpass mykje elles i dette området også, så kan ikkje dette gi anna resultat enn at ein må la vere å bygge ut denne delen av vassdraget. Verdien av ein art er ikkje avhengig av om den er tilgjengeleg for biologar eller andre.

Side 5 Samla belastning på vassdragsnaturen i området For nokre få år sidan var Langedalselva eit vassdrag utan småkraftverk. I tur og orden har det eine småkraftverksprosjektet etter det andre fått konsesjon, og det er vist til at det berre er ein del av elva og vatnet som har gått med i utbyggingane. Den strekninga som no har fått konsesjon er langt på veg brukt som attverande urørt strekning, for at andre strekningar kunne leggast i røyr. Bekkekløftlokalitetar, i følgje Naturbase, i Stranda kommune (6): Flydalsjuvet A Langdalselva B Holedalselva C Synnylvsdalen; Holedalselva ovenfor Frøysa B Hellesylt Ringdalelva nedenfor Ringdal B Liabygda; Ringsetelva nedenfor Ringset C Naturbase om lokalitet Langdalselva: «Styrken ligger i en lengre, relativt upåvirket elvestrekning som har klart karakter av et topografisk godt utformet juv, med en nokså intakt gammelskog i bakkant.» Fossesprøytsoner, i følgje Naturbase, i Stranda kommune (4): Geirangerfjorden; Friaren A Geiranger. Storfossen C Sunnylvdalen; Danefossen ved Frøysa B Synnylvdalen; Kvisla ved Frøysa B Det er ikkje større område enn det må vere igjen. Det er heller ikkje slik at dei er einsarta slik at ein har noko liknande igjen om noko blir borte. Den samla belastninga på vassdragsnaturen i området er stor som det er i dag. Og tyngre vert belastninga etter at Røyrhus Kraftverk og Hauge Kraftverk har fått konsesjon. Oppsummering Det er ein vesentleg mangel at ein del av fossesprøytsona ikkje er biologisk kartlagd, og at ein ikkje har lagt inn føre var- kompensasjon for dette. Vidare manglar det ei vurdering av to DD-artar, den eine ved kraftstasjonsplasseringa. Elvestrekninga har vesentlege kvalitetar knytt til landskap, oppleving og reiseliv, og strekninga er ekstra viktig ettersom så mange andre liknande strekningar er fråført vatn dei seinare åra. Med vennleg helsing Øystein Folden leiar Kopi: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Side 6

Side 7 Elva eit lite stykke ned for omsøkt inntak. Vegen kan skimtast i bakgrunnen. 6.10.2015. Ein padlefilm frå det aktuelle området: https://www.youtube.com/watch?v=wqaph-1a6fc