MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtedato 16.02.2018 Møtestad Formannskapsalen, Rådhuset Møtetid 10:15 13:00 Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Bodil Våge Medlem SP Malena Aasen Nestleiar Vidar Ask Medlem Øyvind Skogseth Medlem Sverre Vevelstad Leiar Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Solveig Hus Hansen Møtesekretær Bjørg Wangensten sektorleiar MERKNADER: Orienteringar: Førespurnad frå sektorleiar Bjørg Wangensten om Eldrerådet ynskjer vere referansegruppe for prosjekt Kvardagsrehabilitering. Det ynskjer Eldrerådet å vere. Permisjonar: Inhabile:
Evt. endring på saksrekkefølgje: Tilleggssaker: SAKLISTE Saksnr 2018/1 2018/2 2018/3 2018/4 2018/5 2018/6 2018/7 2018/8 2018/9 Innhald Referat og meldingar sidan sist møte Årsmelding 2017 Eldreombod ( følgje opp sak frå førre Eldreråd) Tannhelsetenesta for eldre. Felleslokale på Kvadraten. Kommunikasjon / informasjon innad/utad. Takkebrev til frivillig arbeid Pårørandeutval. Etterlyse svar på brev av 30/10-2017. Ymse - Prisen på annonsar under Lag og org. i Kvinnheringen auka frå 50.- kr. til 150 kr. Kva gjer vi med det? 2018/1 Referat og meldingar sidan sist Drosjetransport: det vart teke til etterretning, og ordninga er no lik for alle. Aktive eldre: status her er at Eldrerådet har ordna til Husnestunet og Halsnøytunet. Vil no høyre med Rosendalstunet om behov. Invitasjon til Nyttig lærdom: tilbod om dataopplæring på biblioteket. Trafikksikring Husnes: skriv til rådmannen frå Seniorgruppa på Frivilligsentralen. Vil sende ei uttale om trafikksikring for Eldre. 2018/2 Årsmelding 2017 Seksjon stab - Informasjonsavdelinga Vår ref: 2016/584-32 Dato: 09.01.2018 Til: Frå: Eldrerådet Solveig Hus Hansen Notat gjeld: Årsmelding for Eldrerådet 2017
Eldrerådet består av: Sverre Vevelstad, leiar Malena Aasen, nestleiar Øyvind Skogseth Vidar Ask Bodil Vaage, politisk representant Vara: Svein I. Opdal Otto Blokhus Sigmund Nordfonn Arny Vårdal Oddbjørg Heimark, politisk representant Møtesekretær: Solveig Hus Hansen Møter: Dato: Orienteringar: Handsama saker: 20.02.2017 Omvising på Rosendalstunet, Årsmelding 2016, Livsgledesjukeheimar, Aktivitetskalendar, Framtida til Varaldsøy Sjukeheim, Handlingsplan 2017, Uttale i sak om Bustadpakken, Valkrinsar i Kvinnherad kommune, 20.03.2017 Sektorleiar Bjørg Wangensten orienterte og svara på Budsjett 2017 - konsekvensar spørsmål. 24.04.2017 Omvising og orientering ved Halsnøytunet 15.05.2017 Møtet vart avlyst. 19.06.2017 Per Inge Naterstad orienterte om Ny Opsangerveg, Anne Uttale i sak om forskrift for langtidsopphald i institusjon eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester i Kvinnherad kommune, Uttale til sak om Lokal matproduksjon ved institusjonane i kommunen, Høyringsuttale til ein meir effektiv og framtidsretta hjelpemiddelordning, Revisjon av budsjett 2017, Økonomiplan 2018-2021, brev
Tangen Rørdal orienterte om Husnestunet og rådet fekk omvising, Eldrerådet fekk servert middag på Husnestunet. 28.08.2017 Omvising og orientering ved Ølve Alderspensjonat. 25.09.2017 Møte med sektorleiar Bjørg Wangensten om Velferdsteknologi mm. 23.10.2017 Orientering om Borjo Bufellesskap v/ leiar Rune Jakobsen og Den kulturelle spaserstokken v/ Linda Øen. 27.11.2017 Orientering frå Eldrerådskonferansen og Regionsenter Husnes. 18.12.2017 Møtet vart avlyst frå Statens Eldreråd om Folkebiblioteket og eldre si digitale deltaking, «Eg vil se slippen min», møteplan hausten 2017, Aktive Eldre. Eldrerådet har skaffa økonomiske midlar til innkjøp av 5 kassar utstyr til Halsnøytunet og Husnestunet. Handlingsplan for haust/vinter 2018, økonomiplan 2018-2021. Sak om sjuketransport, oppfølging av matsaka Sak om oppretting av pårørandeutval ved sjukeheimane i kommunen med utgangspunkt i «Utan pårørande stoppar Noreg» og Bustadplan 2017-2030. Budsjett 2018 og val av leiar. Møteplan for 1. halvår 2018. Møtedeltaking/representasjon: På Eldrerådssamlinga for Eldreråda i Sunnhordland på Bømlo 14. juni deltok heile styret. På Eldrerådskonferansen i Bergen 7. og 8. nov. i regi av Fylkeseldrerådet, deltok Vidar Ask og leiar frå Kvinnherad eldreråd, Sverre Vevelstad. Leiar orienterte om eldrerådet sitt arbeid på middagsstund for eldre på Husnes som Husnes helselag står som arrangør av 1 gong i mnd. ( dette var i nov. mnd.) I referansegruppa til Regionsenter Husnes sit Eldrerådet sin representant, Øyvind Skogseth. 2018/3 Eldreombud Kvinnherad eldreråd i perioden 2012 2015 v/leiar Kristian Hus hadde ein grundig debatt om denne saka i tidsrommet frå 22/1 13 til konkret søknad vart sendt kommunen 12/5 2014. I vedtak i Formannskapet 11/9 2014 vart det gjort vedtak om oppretting av slikt kommunalt eldreombod, i første omgang som ei prøveordning for 2015. Kompetansekrava som vart stilte for stillinga var nok ei medverkande årsak til at ingen søkjar meldte seg, i tillegg til at dette var forventa å vere gratisarbeid.
Utgangspunktet for søknaden frå forrige eldreråd var at i prosjektet «Om å bu lengst mogleg i eigen heim» kunne dei eldre trenge hjelp/støtte i ulike spørsmål som vedkom deira livssituasjon, kontakt med offentlege kontor, opplysningar om rettar i samband med offentlege tenester m.m. Relevante oppgåver for eit eldreombod kunne til dømes vere: - Ringjekontakt ein å snakke med. - Oppsøkjande verksemd besøk i heimen (der dette var ønskjeleg). - Ein bindelekk mellom dei eldre og kommunen. - Informasjon om kvar ein kan vende seg til i ulike situasjonar. - Informasjon om kriterier for tildeling av plass i institusjon eller omsorgsbustad. - Informasjon om retningslinjene for å få sjukeheimsplass. - Informasjon om praktisk hjelp til daglege gjeremål. Noverande eldreråd vil støtte desse tankane frå eldrerådet 2012 2014 og be kommunen vurdere ordninga på nytt med tanke på å opprette ei prøveordning med eldreombod i Kvinnherad. Det er i dag auka forventning om at eldre skal bu lengst mogleg heime, noko dei eldre også sjølv ønskjer. Og det vert stadig fleire eldre over 80 år i kommunen ( ei meir enn fordobling frå i dag til 2040) og ikkje alle har nære pårørande som kan hjelpe dei med ulike spørsmål som måtte dukke opp. Å ha ein konkret person å venda seg til i slike høve, vil derfor kunne letta deira livssituasjon. Ynskjer frå Eldrerådet er at dette vert ein løna 20 % stilling, i kombinasjon med ein anna stilling i f.eks i kommunen. 2018/4 Tannhelsetenesta for eldre Forrige gong Kvinnherad eldreråd uttala seg mot forslaget om nedlegging av tannklinikken i Rosendal, var i 2015. No kjem forslaget opp på nytt, og vi ønskjer derfor å støtte Rosendal helselag sin protest mot nedleggingsforslaget. Det er med stor glede vi registrerer at ordføraren vil ta saka opp med fylkestannlegen i håp om å få omgjort forslaget. Har for øvrig og registrert at den gamle klinikken ifølgje fylkestannlegen ikkje er eigna for ny drift. Då bør ein etter eldrerådet si meining flytte tannklinikken til Rosendalstunet, og på sikt og ta med helsesenteret over hit frå rådhuset. Det kan ikkje vere meining verken menneskeleg eller økonomisk å køyre 60 pasientar frå Rosendalstunet til tannklinikken på Husnes. Det vert både dyrt, arbeidskrevjande og vil utsetje dårlege sjukeheimspasientar for umenneskelege påkjenningar istadenfor å kunne oppsøkje tannklinikken på Rosendalstunet. Då vil det og kunne formaliserast eit nært samarbeid mellom tannhelsetenesta og pleie- og omsorgs-personalet. 2018/5 Felleslokale på Kvardraten Eldrerådet har frå eldre på Husnes vorte kontakta i høve mangel på fellesareale for bebuarane på Kvadraten. Då bufellesskapet / omsorgsbustadane her vart teke i bruk, hadde bebuarane tilgang til eiga kafè i 1. etasje, som dei betente sjølv. Då REMA 1000 utvida arealet sitt, forsvann dette og sidan har bebuarane ikkje tilgang til fellesareal i bufellesskapet.
Ved utbygging av nye bufellesskap/omsorgsbustader har kommunen uttalt at desse skal kombinerast med fellesrom. Vi ber derfor kommunen sjå på saka og vurdere å finne ei løysing også her når det vert ledig bustad i bygget. 2018/6 Kommunikasjon / informasjon innad/utad. Bakgrunn: Eldrerådet får færre og færre saker til uttale, og må i stadig større grad basere sine aktivitetar på sjølvoppfunne saker. I Kp 3 3 i Eldrerådslova er oppgåvene for kommunale eldreråd opplista: - Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen. - Alle saksdokument skal leggjast fram for rådet i god tid før komm.styret handsamar sakene ( og helst før rådmannen gjer si innstilling i saka). - Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra til eldre. - Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen. Utgongspunkt /mål: Sikre eldrerådet godt innsyn i dei eldre sine levekår i kommunen og få korrekt informasjon og kunnskap om tenestene, slik at uttaler og vedtak i eldrerådet kan gjerast på best mogleg grunnlag. Forslag til aktivitetar framover: Innta ei meir aktiv rolle overfor brukargrupper og lag og foreiningar. Tilby seg å møte på medlemsmøte i lag/org. for å informere og innhente tips om saker som kan vere aktuelle. Systematisk vitje kommunen sine eldreinstitusjonar og møte brukarar, tilsette, leiing og pårørande. Jamnlege møte med sektorleiar for pleie- omsorg og helse. 1 gong i året møte gruppeleiarane i dei pol. parti der ein set fokus på problemstillingar og utfordringar i eldreomsorga, og der levekåra for eldre i Kvinnherad vert drøfta. (alt. Møte i kommunestyret 1 gong i året). Ynskjer å invitere ordføraren i eit møte, eventuelt 20.04.2018. 2018/7 Takkebrev til frivillig arbeid Til ungdomsskuleelevar i Kvinnherad og elevar ved KVV, lag og organisasjonar i kommunen. Ved ymse høve har vi i Kvinnherad eldreråd lese i lokalavisene at de har utført/framleis utfører mykje og godt frivillig arbeid for eldre menneske i kommunen. Dette set vi umåteleg stor pris på og vil uttrykkje stor takk for den samfunnsnyttige jobben de utfører; enten det dreier seg om datahjelp, direkte praktisk hjelp i heimen eller besøksteneste Syng med oss m.m. Håpar de også får positiv tilbakemelding på arbeidet de utfører frå dei de yter teneste til og sit att med positive røynsler frå samkvemet med dei eldre. Eldrerådet vil be avisene om å trykke dette.
2018/8 Pårørandeutval Sektorleiar Bjørg Wangensten orienterte om arbeidet med dette. Det vil blir skrive ei politisk sak til Levekårskomitèen, men ho ynskjer innspel frå Eldrerådet på kva dei tenker. Kven skal sitje i eit slikt utval, kva skal vere mandatet mm? Innspel på at Førde kommune har gode erfaringar med dette. Ynskjer eit utval med representantar frå pårørande, tilsette og leiar på institusjonen., hovudfokuset skal vere dei eldre sitt ve og vel. Eit slikt utval på kvar institusjon er ynskjeleg. 2018/9 Ymse - Prisen på annonsar under Lag og org. i Kvinnheringen auka frå 50.- kr. til 150 kr. Kva gjer vi med det? - Eldrerådet er kontakta av medlemmar frå lag/org. i kommunen som er avhengige av å avertere sine møte/tilstellingar i lokalavisene. Eldrerådet vil sende fylgjande til avvisene: Det er ei grei ordning med Grendatorget i Grenda og Lag og org. i Kvinnheringen. Men representantar frå lag/org. som har teke kontakt med oss, reagerer på prisauken frå kr. 50,- til kr. 150.- på ein gang Dette vert mykje ekstrakostnad for laga som heller kunne sett å bruke meir pengar på medlemmane av både den yngre og eldre garde. Alt arbeid som desse lag/org. utfører, er frivillig arbeid, og ein lurer derfor om det er mogleg å redusere prisane ein del, slik at ein ikkje også må bruke mykje tid på å skaffe nok annonsemidlar. Ein liten reduksjon i prisen kunne t.d. vere avisene sine bidrag til det frivillige arbeidet lag / org. driver i kommunen. 2018/10: Vedr. «Mjuke» trafikantar sin ferdsel i sentrum av Husnes. Viser til Eldrerådet sin uttale i saka om Trafikksikker kommune i sak 2016/48,. Eldrerådet støttar elles uttale frå Seniorgruppa til frivilligsentralen.