www. vossajazz.no 11.- 13. APRIL 2014 27.- 29. mars 2015 www.vossajazz.no



Like dokumenter
Steve Dobrogosz (piano) & Anna Christoffersson (vokal)

Helge Lien Sigurd Hole. Lyden av Prøysen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

august 2013 NESETDAGANE.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

mmm...med SMAK på timeplanen

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

MEDLEMSINFO. august 2009

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Vi jubilerer med Kristofer Uppdal: «NARREN SYNG» Med John Pål Inderberg og Ragnhild Vannebo, musikk og dikt Ellrun Ystad med tonesette dikt

Vågå kulturskule. Skuleåret

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Velkommen til kulturskulen.

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

6. trinn. Veke 24 Navn:

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Jon Fosse. For seint. Libretto

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Til deg som bur i fosterheim år

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

/

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Samansette tekster og Sjanger og stil

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

«Ny Giv» med gjetarhund

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

7.-8. august 2015 NESETDAGANE.

Finnøy SKULEPENGAR. musikk- og kulturskule Skuleåret Søknadsfrist 20. mai Lær deg noko nytt og sett farge på kvardagen ;0)

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Månadsplan for Hare November

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

No sprett knuppane og sevja stig

MEDLEMSINFO. april 09

Psykologisk førstehjelp i skulen

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Årsplan i Musikk for 2.årssteg Faglærar Linda Longva Veke Kompetansemål Delmål Metode Læremiddel Konkretisering av lærestoff Musisere:

Våg å tenk stort, våg å tenk enkelt

Informasjon Mangerfestivalen

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A


Hei alle sjøstjerneforeldre

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

OK, seier Hilde og låser.

ANDREAS FLIFLET / FØRSTEAMANUENSIS ELBASS

Frevo. gitarheltar. Konsert for årstrinn

Månadsbrev for Rosa september 2014

Stemnehandboka for NKSF

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Frå novelle til teikneserie

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE. MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet

De ufrivillige Regi: Ruben Östlund (Sverige 2008) 1t 38min

A R E N D A L H Ø S T E N J A Z Z K L U B B

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

TIL DELTAKANDE KORPS:

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Referat frå MINTA møte

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Valdres vidaregåande skule

Kultur og dens betydning for psykisk helse. Rapport frå den planlagte kulturveka i 2014 Bjørgvin DPS

Transkript:

www. vossajazz.no 11.- 13. APRIL 2014 27.- 29. mars 2015 www.vossajazz.no

Vyrde Vossa Jazz- ven Atter ser me palmehelga blenkja i lysinga, og me gler oss som ungar til den 42. festivalen! Live Maria Roggen har alt vore i arbeid lenge for å skriva det 34. Tingingsverket. Erlend Skomsvoll har me, saman med Riksscena, utfordra til å laga ny musikk i krysninga mellom jazz og folkemusikk. Denne urframføringa skal opna festivalen. For det er det Vossa Jazz handlar om: å skapa ny musikk og presentera kvalitet for folk i alle aldrar. Me tek i bruk ulike scenar, inne og ute. Det vert annonserte konsertar, det vert stunt, det vert norske, svenske, franske, danske, finske, engelske, amerikanske og portugisiske musikarar. Publikum plar vera lika variert. Hjarteleg velkomen frå Bygdøy til Bordalen, frå innland til utland, frå småtass til gamal krok - og samstundes: takk for at du er med på å skapa Vossa Jazz! Trude Storheim dagleg leiar Kathrine Løno Lahlum styreleiar Torsdag 26. mars kl 16:00 Gamlekinoen Vossakveik presenterer VOSSAREBELL Kva hadde Voss vore utan rebellar? Voss er ei heldig bygd - me har folk som vil noko. Hjå oss går galskap og sunn fornuft stadig vekk hand i hand. Det er i alle fall slik omverda ofte ser oss. Er dette rett og slett nøkkelen til suksess? Ofte er det rebellen som går i front - galskap har rett og slett ført oss langt. Høyr Putte Svensson, svensken som har gått frå rebelsk festivalsjef til megasuksess i næringslivet, og vossarebell Linda Eide om det å vera nærsynt i eiga stova. Publikum får òg høyra musikalske smakebitar frå Tingingsverkkomponist Live Maria Roggen. Sal av lokal mat og drykk. Sjå www.vossajazz.no for meir informasjon Velkomen til Voss Norsk kulturråd - Hordaland fylkeskommune - Voss kommune Fredag kl 19:00 Park, Vossasalen Erlend Skomsvoll Folkemusikk og jazz - begge har alltid vore viktige for Vossa Jazz, og kva er betre enn å kombinera dei to? Det har tidlegare vore gjort med stor suksess. No har Vossa Jazz og Riksscenen utfordra jazzpianist, komponist og arrangør Erlend Skomsvoll til å samla eit stjernelag frå begge sjangrane og urframføra dette under årets festival. Det kan nærast kallast eit folkejazz-allstars band. Skomsvoll er ikkje uvand med å jobba med dyktige musikarar etter eigne prosjekt med Come Shine, som dirigent og arrangør for Trondheim Jazzorkester og samarbeid med internasjonale toppnamn som Pat Metheny og Chick Corea, samt rockesuksessar som Kaizers Orchestra sitt «Violeta 3»-album. Velkomen, mangfald! Erlend Skomsvoll piano, orkesterleiar Wenche Losnegård vokal Erlend Apneseth fele Anders Røine gitar Ole Morten Vågan bass Birger Mistereggen melodisk slagverk Hans Hulbækmo trommer. Karl Ove Knausgard opnar Vossa Jazz! Få bøker i Noreg har fått meir merksemd og vunne fleire prisar dei siste åra enn «Min kamp»-bøkene. Den skriveføre mannen bak desse og dei andre kritikarroste bøkene «Ute av verden» og «En tid for alt» står for den offisielle opninga av den 42. Vossa Jazz. buddyprisen 2014 tinga av vossa jazz foto: helge nordbakken

Fredag kl 21:oo gamlekinoen DEN ANDRE MANNEN I MEG Nationaltheatret kjem til Voss! Henrik Mestad i den applauderte og bejubla tolkinga av stykket «Den andre mannen i meg» basert på Olav H. Hauge sine dagbøker inntek Gamlekinoen. Stykket gjekk for fulle hus og fulle ekstraførestillingar i Oslo og Aftenposten trilla seks på terningen. Saksofonist Trygve Seim står for musikken i denne vakre førestillinga om Hauge og dei indre kampane hans mot sinnsliding og schizofreni. Henrik Mestad resitasjon Trygve Seim saksofonar Fredag kl 21:oo - 02:30 In The Country & Frida annevik. Det måtte ein kjent og kjær lyrikar, Hans Børli, til for å setja i gang draume-samarbeidet mellom eitt av dei dyktigaste jazzbanda i Noreg og tilsvarande dyktige vokalist. Plata «Skogenes sang» vert rost opp i skyene av kritikarar såvel som publikum. Pianist og komponist Morten Qvenild står bak alle tonesetjingane på plata. Hedmarkingen Frida Ånnevik var opplagt val til å tolka Børli. Nyskapende pianotrio og avslepen popvokalist tolker skogspoet med stoisk hedmarksmål og cutting edge musikkteknologi skreiv Morgenbladet. Foto: Andreas Ulvo Fredag kl 21:oo - 02:30 se och hor Er du ein av dei som fekk hakaslepp under konserten med Anna Högbergs Attack i fjor? Se och Hör syter for gjensyn med henne og eit tilsvarande hardtslåande, leikande og energisk band. Stockholmsbandet spelar eigenkomponert musikk med stor fridom og speleglede. Högberg, utnemnt til Årets Jazzkatt 2013 i Sverige, seier dette om sin innfallsvinkel til jazz: Jazz er punk, jazz er revolusjon - musikk som berre verkar flink og førebudd, rører meg overhovudet ikkje. Køyr jazzpunkrevolusjon på Voss! Anna Högberg saksofon Niklas Barnö trompet Emil Skogh bass Dennis Egberth trommer Fredag kl 21:oo - 02:30 Ida Jenshus Nokre har sikkert fått med seg EPen «Let it go» som hausta terningkast seks i Dagbladet. Om du kjenner henne frå før, så går nok tankane til country & western, og sjølv om ho ikkje har forlete denne bakgrunnen heilt, så nærmar ho seg eit særeige uttrykk som ikkje så lett let seg kategorisera. Materialet har vorte skrive kontinuerleg medan ho har turnert - bli inspirert av Jenshus slik ho har lete seg inspirera på vegen. : Frida Ånnevik vokal Morten Qvenild piano Roger Arntzen bass Pål Hausken trommer Ida Jenshus vokal, gitar, piano Alexander Pettersen gitar Pål Brekkås bass Pål Hausken trommer

Fredag kl 21:oo - 02:30 Fluxed markings Denne kvartetten er eitt av Dag Magnus Narvesen (Kitchen Orchestra, Gunhild Seim & Time Jungle, Sasquatch) sine ynskjeprosjekt. Ideen var å handplukke improvisatørar frå den pulserande europeiske scena som strekte seg over fleire generasjonar. Musikken speglar fire sterke stemmer frå tre generasjonar kor mange av referansane og røtene er felles, samstundes som alle stemmene i bandet er born av si eiga tid. Med denne tysksvensk-polsk-australsk-norske besetninga av frijazzstjerner er det berre å setja seg tilbake og la alt fara. Alexander von Schlippenbach piano Fredrik Ljungkvist treblås Mike Majkowski kontrabass Dag Magnus Narvesen trommer Fredag kl 21:oo - 02:30 the Young Mothers Ingebrigt Håker Flaten har sidan starten på 90-talet prega musikken kring seg med sin opne, energiske og lyttande stil gjennom band som The Source, Close Erase og Element - vanskeleg å skildra og vanskeleg å imitera, sjølv om fleire blir sagt å kopiera stilen hans. Denne stilen kjem fram til fulle i den rike og boblande musikken han spelar med The Young Mothers. Flaten har budd i Austin, Texas sidan 2009 og musikarane er henta frå dei kreative, eksperiementelle undergrunnsmiljøa her. Denne konserten bør du få med deg! Ingebrigt Håker Flaten bass, elektronika Jason Jackson alt-, tenor-, baritonsaksofon Jawwaad Taylor vokal, trompet, elektronika, trommeprogrammering Jonathan F. Horne gitar Stefan Gonzales vibrafon, trommer, vokal Frank Rosaly trommer, perkusjon Fredag kl 21:oo - 02:30 Ellen Andrea Wang Ellen Andrea Wang vert omtala som eitt av norsk musikk sine største talent, og debuterer som soloartist med albumet Diving. Ho vert fyrst og fremst forbunde med jazz, og med nyeplata hoppar ho inn i rolla som bassist, vokalist, låtskrivar og produsent på ein gong. Med eine beinet i jazzen og det andre i pop-verda, klarar musikken å balansera det lyriske med det røffe, det akustiske med det elektriske, og skapa ein urban sound utav det tradisjonelle trio-formatet. Ellen Andrea Wang vokal, kontrabass Andreas Ulvo tangentar Gard Nilssen trommer Fredag kl 23:3o gamlekinoen Mikko Innanen 1o+ Den finske saksofonisten og komponisten Mikko Innanen vitjar Vossa Jazz igjen! I 2012 fekk han realisert draumen om eit større ensemble då han og 10+ debuterte i Helsinki. Det tolv- mannsterke bandet består av vener, kollegaer og Mikko sine favorittmusikarar frå den finske jazzscena. All musikken er ført i pennen av Innanen og viser breidden i repertoaret hans, frå sprelsk frijazz til ettertenksame parti og songar ved namn The Coda of Ornette Coleman s Blues Connotation and Other Sources of Inspiration. Mikko Innanen alt- og barytonsaksofon Pauli Lyytinen tenor- og sopransaksofon Jussi Kannaste tenorsaksofon Verneri Pohjola trompet Teemu Mattsson trompet Jari Hongisto trombone Juho Viljanen basstrombone Seppo Kantonen piano Ville Herrala kontrabass Eero Tikkanen kontrabass Mika Kallio trommer foto: Maarit Kytoḧarju

Foto: Skjalg Ekeland laurdag kl 14:oo taket på voss kulturhus Foto: Jan Granlie laurdag kl 12:00 sundag kl 13:00 Kulturtur med Linda Eide og Bjorn Tomren -- Vossa Jazz presenterer: ein tradisjon! Kulturturen med Linda Eide som guide vert no avgått for tredje gong, som alltid med eit avgrensa tal billettar. På denne vandringa vert publikum stegvis innført i sanningar som at Munchs «Skrik» ikkje ville sett dagens ljos utan Voss, ei heller Vigelandsparken. Gjennom historiske anekdotar og audmjuke fløytetonar, syner Eide at absolutt all norsk kunst og kultur eigentleg stammar frå Voss. I år vert turen ytterlegare kulturell med praktjodlar Bjørn Tomren som gjest! Artisten og vokalisten frå Tomrefjord reiser verda rundt og opptrer med jodling og strupesong og har tidlegare vitja Vossa Jazz med duoen Polkabjørn & Kleine Heine som nokon kanskje hugsar om dei fekk med seg den fabelaktige konserten på Hanguren i 2009. Fyrstemann til mølla - berre 40 plassar per dag. Prisen inkluderer kaffi og nybakte bollar! Ein helt splitter ny trio ser dagens lys under årets Ekstremjazz! Vår mangeårige Ekstremjazz-komponist, sjølvaste Jon Balke, tek med seg den eminente folkemusikkvokalisten Åshild Vetrhus og tangent-magikar Andreas Ulvo. Dermed er det duka for ein saftig dose elektro-folk gjallande over Vangsvatnet: store lydbilete, sugande rytmar og krystallklar vokal i energisk samspel og med ein himmel full av flygande folk. Ekstremjazz er Vossa Jazz si spektakulære gåve til publikum. Her er det berre å møta opp i varmfinstasen og nyta musikken og galskapen under open himmel. Nykkelpersonar i ekstremsportmiljøet er som før Even Rokne og Franz Midttun. Taket på kulturhuset må vera ein av dei finaste scenane på heile Voss! Samansmeltinga av jazz og ekstremsport, to fyrtårn på Voss, gjev tilskodarar og musikarar ei unik oppleving av både lydmessig og visuell karakter. Jon Balke elektronikk, perkusjon Andreas Ulvo elektronikk Åshild Vetrhus vokal Ekstremsportutøvarar Linda Eide kultursjef Bjørn Tomren kulturkonsulent laurdag kl 13:00 VELFERDSENTRALEN Eldrejazz Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar og musikkmakar med trekkspel som hovudinstrument og med lang fartstid innan ulike former for folkemusikk. Fliflet har saman med mellom andre Jørgen Sandvik frå Real Ones turnert land og strand med sin konsert Valseria, som er ei varm hylling til valsen! Og det vert både vals, viser og kraftfull song når desse to karane kjem til Velferdsentralen: nye hav-valsar, taterviser, finsk tango, Ivar Medaas og meir til. Gabriel Fliflet vokal, trekkspel, minipiano Jørgen Sandvik vokal, gitar laurdag kl 14:00 nain Superjazz Det blir musikk utan hemningar når Vossa Jazz samlar eit solid knippe produsentar av grensesprengstoff på same scene. Supergruppo og herrane Hamre, Nystrøm og Dahlstrøm har det til felles at dei leverer originalitet utan atterhald. Med folkofon og saksofon, slik du neppe har høyrt nokre av delane før, vert konserten ramma inn og løfta fram som ei påminning til oss alle om fordelane som ligg i å tora vera seg sjølv. Ole Hamre slagverk Rolf-Erik Nystrøm saksofon Harald Dahlstrøm tangentar Supergruppo vert leia av Solfrid Himle

foto: helge lien Foto: Agnete brun laurdag kl 10:15 Tre brør café plop Denne troikaen har eksistert i skjønn foreining i Helsinki sidan 2007. Medlemane i trioen er like kjende kvar for seg som saman, men kva er vel betre enn salig blanding? Og det er det du får med denne spontane, gripande, frie, kompakte, ville, underhaldande, djupe, triste, morosame, stygge og vakre musikken dei saman driv fram. Mikko Innanen alt- og barytonsaksofon Ville Herrala kontrabass Joonas Riippa trommer laurdag kl 13:oo osasalen foto:hannu Huhtala Spacemonkey Morten Qvenhild og Gard Nilssen fann tonen saman då dei spela på Mathias Eick sitt Tingingsverk, «Voss», i 2011. Denne tonen har gjort sitt til at spacemonkey har hausta strålande kritikkar i både inn- og utland med platedebuten «The Karman Line» frå 2014 og ikkje minst live. Musikken er improvisert, dynamisk, klangleg, energisk, distinkt, blanda med ein gje-blaffen-i-sjanger -haldning. Stikkorda er tøff og skjør i skjøn foreining. Få med deg fenomenet spacemonkey! Morten Qvenild hyperpiano, elektronika, programmering Gard Nilssen trommer, klokker, bjøller, vibrafon, elektronika laurdag kl 15:oo gamlekinoen Harr & Hartberg Skodespelar Thorbjørn Harr og komponist og bassist Aslak Hartberg (kjent som vokalist i Klovner i kamp) deler trass ulik bakgrunn ei glødande jazzinteresse. Thorbjørn Harr har drive med musikk heile livet, både som vokalist og saksofonist. Aslak Hartberg er hovudfagsutdanna jazzbassist og spela i mange år fast med Jon Eberson samt starta opp Shining, der han spelte på dei tre fyrste platene. No har dei samla eit knallkomp til å framføra Lars Saabye Christensen sine tekstar som er skrivne spesielt for Hartberg sin musikk. Thorbjørn Harr vokal Aslak Hartberg bass Trygve Seim saksofon Sjur Miljeteig trompet Jørn Øien piano Per Oddvar Johnasen trommer laurdag kl 18:00 park, vossasalen Tingingsverket Live Maria Roggen Apokaluptein - The Uncovering Ein av Noregs mest verdsette vokalistar skriv årets Tingingsverk til Vossa Jazz! Roggen har gått musikkgradene frå ho spelte fiolin og song alt mogleg på Foss vidaregåande skule til dagens stilling som professor i jazzsong ved Norges Musikkhøgskole. Karriera til Roggen som musikar er ikkje mindre imponerande: i 1997 var ho med og starta opp Wibutee, og året etter tok ein av dei store jazzsuksessane til med danninga av Come Shine. Etter Spellemannpris i 2002 tok bandet ein lengre pause og oppstod i fjor mellom anna her på Vossa Jazz til fullsett Vossasal og stormande jubel. Som soloartist tok Roggen i mot nok ein Spellemannpris i 2007 for plata «Circuit Songs», som var både eigenkomponert og -produsert. Til Tingingsverket har Roggen valt ut eit ensemble av musikarar som ho tenkjer kan verta ei kraftfull rytmisk eining, men som òg kan skapa både djupe og eteriske lydrom. Tekstane er assosiasjonar rundt ei historie rotfesta i vår urolege tid. Velkomen! Live Maria Roggen vokal Eivind Lønning trompet Lene Grenager cello Hilmar Jensson gitar Sondre Meisfjord bass, vokal Audun Kleive trommer, perkusjon, prog Asle Karstad lyddesign sjølvaste!

laurdag kl 15:30 osasalen Eriksen & Halle: PSALM Etter stor suksess med sin særeigne jolamusikk i prosjektet «Meditations On Christmas» er Espen Eriksen og Gunnar Halle no aktuelle med konserten og plata Psalm. Oppskrifta er den same som før: leiken musisering og improvisasjon over salmar og folketonar. Ei slik tilnærming til salmeskatten opplevest som ny, spennande og inkluderande. Nettstaden Salt Peanuts seier det slik: Psalm passer like godt for en kirkegjenger på Karmøy som en hedning fra Oslo. Dette er kort og godt vakker musikk! Espen Eriksen piano Gunnar Halle trompet laurdag kl 20:00 gamlekinoen Carsten Dahl På denne konserten tek Dahl med seg eit improvisert repertoar med utgangspunkt i dei kritikarroste verka som «Dream Child», «Papillon», «The Myth and the Moth» og «Goldberg Varitions - prepared piano». Det er gjennom improvisasjon han vert opplevd som sterkast og mest intens og har vorte kjent som ein av Skandinavia sine mest sentrale pianistar. Her i landet er han kanskje mest kjent for samarbeidet sitt med Arild Andersen og Jon Christensen, komboen som vitja Vossa Jazz i 2012. Å få han på eiga hand er ei gåve. Foto: svend withfeldt Cartsen Dahl piano foto: freddy aukdal vike laurdag kl 21:oo - 02:30 Julia Biel Det er freistande å trekkja inn samanlikningar sjølv om stilen til britiske Julia Biel er unik - tenk deg ein miks av Nina SImone og Amy Winehouse som trakterer både piano og gitar med naturleg eleganse. No får den kritikarroste debutplata «Not Alone» endeleg ein oppfølgjar, så det er mykje nytt stoff ho tek med seg til Vossa Jazz. Soul-baring songs of great beauty from the best British vocalist to emerge in an age skreiv The Independent om henne. Godt sagt! Julia Biel vokal, piano, gitar Idris Rahman bass Saleem Raman trommer laurdag kl 21:oo - 02:30 - Manu Katche Foto: jenna foxton Legendarisk trommis møter legendarisk saksofonist! Som trommis treng Katché nokon som følgjer melodien i slagverket og i Tore Brunborg har han funne sin main man. Sjølv om Katché er fødd og oppvaksen i Frankrike, så fann han fort tilbake til røtene i Vest-Afrika musikalsk sett, og den drivande, lette stilen har gjort han til ynda trommeslagar for folk som Jan Garbarek, Peter Gabriel, Sting og Joni Mitchell, i tillegg til sine mange eigne utgjevingar. Tore Brunborg tenor- og sopransaksofon Luca Aquino trompet Jim Watson Hammond B3-orgel, piano Manu Katché trommer laurdag kl 21:oo - 02:30 Vossajam Jamvert Mads Berven er ein av dei mest etterspurde sessiongitaristane i landet. Han er kjend frå ei rekkje prosjekt innanfor jazz og konsertar for born, og han har i det siste jobba med eit nytt jazzprosjekt og plateinnspeling. Med omsyn til Bervens breie palett av musikalsk erfaring, er det duka for ein jam med rom for eit kvart uttrykk. Vel møtt med og utan instrument. (Berven seier at han låner villig vekk gitaren sin i løpet av kvelden.)

KOnsertoversikt 2015 Torsdag 16:00 Gamlekinoen Vossakveik TBA 20:00 Banksmidja Opning Vossa Jazz-utstilling: v/ Kristin Austreid gratis Fredag 13:00 Park, festsalen UNGjaJAZZja: Jazzlinja i Trondheim Gratis 15:30 TBA Verkstad gratis 17:00 Gamlekinoen Førfest: RIM med studentar frå Nordic Master in Folk Music gratis 17:30 Park, festsalen Badnajazz: Catapluf 65 19:00 Park, Vossasalen Opningskonsert: Erlend Skomsvoll 380 21:00 Gamlekinoen Henrik Mestad & Trygve Seim: Den andre mannen i meg 300 21:00 Park: Huskort In The Country & Frida Ånnevik, Ida Jenshus, Ellen Andrea Wang, Fluxed Markings, The Young Mothers, Se och hör 510 23:30 Gamlekinoen Mikko Innanen 10+ 300 KONTAKTINFO Telefon: 56 52 99 11 Heimeside: www.vossajazz.no Besøksadresse: Hålandshuset, Vangsgata 28 E-post: post@vossajazz.no Følg oss gjerne også på Facebook og Instagram! BILLETTAR Billettar til Vossa Jazz 2015 kjøper du hjå TicketCo, ticketco.no/vossajazz. I døra scannar me QR-koden som du får tilsendt (papirutskrift/smarttelefon). Kjøp billetter hos www.ticketco.no OBS! Dersom du har kjøpt dagskort eller festivalpass må dette bytast i armband på billettkontoret vårt på Park under festivalen. Nytt i år: Festivalpass Badnajazz. For 200,- (+ gebyr) får du billett til alle Badnajazz-konsertane! Laurdag 10:15 Tre Brør Café PLOP 100 11:00 Torget Stuntkonsert 11:30 Torget Jazzparade 12:00 Voss sentrum KULTURTUR med Linda Eide 200 12:00 Voss kulturhus Badnajazz: Maria Parr gratis 13:00 Voss kulturhus Badnajazz: Meg og kammeraten min 65 13:00 Velferdsentralen Eldrejazz: Gabriel Fliflet og Jørgen Sandvik 200 13:00 OBA, Osasalen spacemonkey 260 14:00 Nain Superjazz: Ole Hamre, Supergruppo, m.fl. 250 14:00 Taket på kulturhuset Ekstremjazz: Jon Balke m.fl. gratis 15:00 Voss kulturhus Badnajazz: Jazzoo 65 15:00 Gamlekinoen Harr & Hartberg 330 15:30 Osasalen Eriksen/Halle: PSALM 260 18:00 Park, Vossasalen Tingingsverket: Live Maria Roggen 380 20:00 Gamlekinoen Carsten Dahl 200 21:00 02:30 Park: Huskort Manu Katché, The Savage Rose, Julia Biel, Rodrigo Amado Motion Trio & Peter Evans, Vossajam 510 22:30 Gamlekinoen Thea Hjelmeland 330 Sundag 12:00 OBA, Osasalen Nils Økland Band 260 13:00 Voss sentrum KULTURTUR med Linda Eide 200 13:00 Gamlekinoen Filflet/Hamre & Bergen Big Band 330 13:00 Park, Vossasalen Badnajazz: Supersonics med Badnajazzkoret 100 15:00 Park, Vossasalen UNGjaJAZZja; Peace, Love and Swing 100 15:00 OBA, Osasalen Peter Evans 200 16:00 Gamlekinoen Sinikka Langeland Quartet 330 17:00 OBA, Osasalen Svein Olav Herstad Trio 260 17:00 Vangskyrkja Real Ones & Sigbjørn Apeland 350 19:00 Park, Vossasalen Anneli Drecker 330 Festivalpass Gjeld alle konsertane på festivalen dersom ledig kapasitet. Du må i tillegg kjøpa plassbillett til nokre av konsertane (sjå under). Kulturturen er ikkje inkludert i denne billetten. Dagskort Gjeld alle konsertane den aktuelle dagen dersom ledig kapasitet. Du må i tillegg kjøpa plassbillett til nokre av konsertane (sjå under). Kulturturen er ikkje inkludert i denne billetten. Huskort Gjeld alle konsertane på Park frå kl. 21:00, fredag eller laurdag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til desse konsertane. Ver merksam på at det er avgrensa kapasitet i kvart konsertlokale. Enkeltbillett Med enkeltbillett er du sikra plass fram til 10 min. før konsertstart. Enkeltbillett gjeld òg som plassbillett. Plassbillettar Til opningskonserten, Tingingsverket og konsertane i Osasalen, Sævelid og kyrkja må gjester med festival-pass og dagskort kjøpa plassbillett for å vera sikra plass. Plassbilletten garanterer plass fram til 10 min. før konsertstart. overnatting For informasjon sjå www.visitvoss.no Jazzmesse i Vangskyrja sundag klokka 11:00. Ungdomstilbodet Er du ung og vil sjekka ut Vossa Jazz? Fram til 13. mars kan ungdom t.o.m. 25 år få billettar til sterkt redusert pris! Festivalpass 1050,- + gebyr Huskort (Park, fredag / laurdag) 200,- + gebyr Hugs legitimasjon når du kjem til festivalen! Aldersgrense 18 år etter 21:00. er du under 25 år? Festivalpass kr. 1850 Dagskort kr. 700/ 770/ 650 Plassbillettar kl 30/55 Gebyr til TicketCo kjem i tillegg. Med atterhald om trykkfeil og endringar i programmet. Hald deg oppdatert på www.vossajazz.no

Foto: vegard fimland laurdag kl 21:oo - 02:30 park, HUSKORT the Savage Rose Det er rett og slett dansk musikk-adel som kjem til Vossa Jazz! Viserockgruppa vart danna på sekstitalet med plenty politisk bagasje som dei har teke med seg gjennom stadig nye utgjevingar, og frontfigur Annisette Koppel har halde koken gjennom fem tiår no. Dei har spelt over heile verda og turnerte Noreg seinast i haust. Siste plata, «The roots of the wasteland», kom i 2013, og Dagsavisen skreiv Lyden av Savage Rose imponerer enormt. Annisette Koppel vokal Palle Hjorth Hammondorgel, piano, synth, mm. Rune Kjeldsen gitar, mandolin Frank Hasselstrøm trombone, trompet, keyboard Jakob Falgre bass, moog Anders Holm trommer, perkusjon torsdag Opning kl 20:00 utstilling, banksmidja Kristin austreid årets vossa jazzkunstnar Kristin Austreid jobbar med måleri, skulptur og grafikk som ein metode for å utforska tilstander, fornemmingar og dei mentale rørslemønstra. Dette vert analysert og omsett til strategiar for å byggja komposisjon og motiv. Arbeida vert motiverte av ei interesse for organisk form, der figurative element vert sett opp mot abstrakte komposisjonar. Kristin Austreid (f. 1985) er oppvaksen på Karmøy og utdanna ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Innan ho fullførte mastergrada våren 2014, har ho delteke på Vestlandsutstillinga fleire gongar, vist arbeid på m.a. Galleri Milieu i Bern, Haugesund Billedgalleri, Vevringutstillinga, Galleri S.E., samt vorte innkjøpt av Statoil, Haugesund Billedgalleri og The city of Burgdorf i Sveits. laurdag kl 21:oo - 02:30 park, HUSKORT Rodrigo Amado motion trio & peter evans Lisboa og Portugal er kanskje mest kjent for fadoen sin, men dei siste åra har musikkmiljøet fått ein seriøs oppsving innan samtidsjazzen. Rodrigo Amado Motion Trio består av tre sterke individualistar i ein spennande kombinasjon av saksofon, cello og trommer. Trioen vert ytterlegare forsterka av den amerikanske trompetisten Peter Evans. Teknikken og visjonane dei alle deler gjer at ein får utfordra grensene for kva som går an. Konserten på Vossa Jazz er fyrste teiknet på at utlandet kallar, då dette er livedebuten utanlands! Rodrigo Amado tenorsaksofon Peter Evans trompet Miguel Mira cello Gabriel Ferrandini trommer laurdag kl 22:30 gamlekinoen Thea Hjelmeland spellemann 2014 Få norske artistar har hausta så mykje lovord frå pressa og plasseringar på ymse 2014-kåringar over beste plater som det Thea Hjelmeland har for Solar Plexus. Det er pop, og så er det popkunst. Hjelmeland tilhører den siste kategorien, skreiv Dagbladet. Sunnfjordingen blandar pop, elektronika, folkeog verdsmusikk og på scena har ho med seg tallause gamle, skjøre instrument frå alle verdas krikar og krokar og ein energi som publikum får kjenna til gagns! Thea Hjelmeland vokal, strengeinstrument Peter Baden slagverk, perkusjon, lydar Morten Skage bass Matias Tellez synth, gitar, vokal

foto: Ellen Ane Eggen -- sundag kl 12:00 osasalen Nils / okland band I sitt virke som profesjonell fiolinist dei siste 30 åra, har Nils Økland bevega seg mellom eit breitt spekter av sjangerar: frå klassisk fiolinspel til balkansk folkemusikk, frå rocka fri-improvisasjon til norsk folkemusikk. Komposisjonane kallar han sjølv ein hybrid mellom poesien i folkemusikken og energien i punken. Han knyter alltid til seg musikarar som òg vil utfordra grensene mellom nedskrivne notar og improvisasjon, musikken vert til gjennom samarbeidet og dei ulike impulsane frå kvar enkelt musikar. Nils Økland fiolin,hardingfele, viola d amore Rolf-Erik Nystrøm saksofon Sigbjørn Apeland trøorgel Håkon Mørch Stene slagverk Mats Eilertsen kontrabass sundag kl 13:00 GAMLEKINOEN Fliflet/Hamre & Bergen Big Band Ole Hamre og Gabriel Fliflet har samla folk rundt den usannsynlege samansetjinga trekkspel/ trommer/balkan i over 20 år. Dei fleste steinar er snudde når det gjeld musikalsk eksperimentering, men dette gjenstår: no slår dei seg saman med dyktige Bergen Big Band. Bandet har eksistert sidan 1991, men har røter heilt tilbake til 70-talet. For å oppsummera med Fliflet sine ord: Blåserekker skal gjalle, belger skal briste og slagverk velte. Velkomen! Gabriel Fliflet trekkspel, vokal Ole Hamre slagverk, vokal Bergen Big Band Bandleiarar: Dag Arnesen og Magne Tormodsæther sundag kl 16:00 GAMLEKINOEN Sinikka Langeland Quartet Sinikka Langeland kjem til Vossa Jazz med splitter nytt materiale! Det er duka for nydeleg sleppefest i Gamlekinoen når Sinikka, hennar dyktige musikarar og vakre videoinstallasjonar inntek scena. Sinikka sin nye musikk for kantele, bratsj, saksofon og perkusjon er inspirert av Tomas Tranströmers dikt «Den halvfärdiga himlen» og naturen i Finnskogane der ho bur. Det er fjerde utgjeving på det tyske kredselskapet ECM, på direkte oppmoding av direktør Manfred Eicher. Gled deg til ein mektig og magisk konsert på Voss. Sinikka Langeland vokal, kantele Lars Anders Tomter bratsj Trygve Seim saksofon Markku Ounaskari trommer Dag Alveng og Per Maning foto/video sundag kl 17:00 osasalen Svein Olav Herstad TRIO Etter Jazzlinja i Trondheim og no tretti års erfaring som forskande og hardtarbeidande jazz-pianist, har Herstad utvikla eit eige uttrykk basert på brei kunnskap, teknisk briljans, kombinert med nyskapande og innovativt fokus. Dette, saman med Magne Thormodsæter og Håkon Mjåset Johansen, legg grunnlaget for like fantastiske Svein Olav Herstad Trio. Dei gav ut sist plate saman i 2007 og held i desse dagar på med tredjealbumet «The ballad book». Altså er det både konsert og plate å gle seg til! Svein Olav Herstad piano Magne Thormodsæter bass Håkon Mjåset Johansen trommer Foto: Dag Alveng drosjebua urframføring Musikk handlar om å skapa kjensler. Vossa Jazz vil engasjera og overraska! I løpet av festivalen vil det poppa opp musikalske stunt rundt om. Sjå særskilt opp for aktivitet i Voss sin søtaste bygning: Drosjebua!

sundag kl 15:00 osasalen Peter Evans Evans trivst innan mange greiner av moderne musikk og jobbar stadig med korleis han kan variera uttrykket gjennom instrumentet sitt. Trompetisten jobbar mot det avantgarde og vert rekna som ei leiande stemme på sitt område. Han har laga fleire oppdragsverk for festivalar og var i 2014 Artist-in- Residence på The Issue Project Room i Brooklyn. Du såg han kanskje i Mostly Other People Do The Killing på Nattjazz i 2010? På Voss har du sjansen til å sjå han både solo og saman med Rodrigo Amado Motion Trio! Peter Evans trompet foto: tuva a serud sundag kl 19:00 PARK, VOSSASALEN Anneli Drecker Etter suksessen med Bel Canto har Drecker gitt ut to soloalbum, turnert med Röyksopp og laga tre bestillingsverk. Gjennom all reisinga fekk ho det endå tydelegare for seg kor ho har røtene sine. Den nye plata «Rocks and straws» oppheld seg i eit nordisk, arktisk-akustisk landskap med musikalske påverkingar frå heile verda. Drecker tek for seg naturen og menneska med innslag av naturmystikk og urfolkvokal. Anneli Drecker vokal, piano Jane Kelly vokal Eivind Aarset gitar Sindre Hotvedt tangentar Ole Vegard Skauge bass Rune Arnesen trommer sundag kl 17:00 VANGSKYRJA Real Ones & Sigbjorn Apeland: -- MISA CRIOLLA Halve bandet stifta kjennskap med korstykket «Misa Criolla» då dei var med i Steinarskulen sitt ungdomskor, og no - omlag tjue år seinare - framfører dei det på nytt! Konsertane i Domkirken i Bergen og Kulturkirken Jacob i Oslo og vart knallsuksessar, ikkje minst takka vera orgelvirtuos Sigbjørn Apeland på kyrkjeorgel og trøorgel. Og sjølv om Real Ones må kallast eit rockeband, så er folkemusikk frå heile verda alltid tydeleg til stades og vokalharmoniane finare enn nokon gong. Det kan verta trongt om plassen i Vangskyrkja på denne konserten! David Chelsom Vogt fele, vokal, keyboards Ivar ChelsomVogt gitar, vokal, keyboards Jørgen Sandvik gitar, vokal, sitar Øystein Skjælaaen bass, vokal Kåre Opheim trommer, vokal Sigbjørn Apeland trøorgel, kyrkjeorgel Foto: MAGNE SANDNES I Gamlekinoen vert det servert lokal mat og drykk! Gå på SKATTEJAKT på Du finn oss i Hardangervegen 276 MÅNDAG - FREDAG kl. 10.00-17.00 LAURDAG kl. 10.00-15.00 VELKOMEN TIL BÆREKRAFTIG HANDEL! www.bruktnvoss.no

UNG ja JAZZ ja FREDAG kl 13:00 PARK, FESTSALEN Jazzlinja. i Trondheim BAnntrOkkofon -- Under den gråe og kalde hausten 2014 samlar tolv ivrige musikarar fra Sverige og Noreg seg. Alle er fylte med tusenvis av musikalske idear. No har dei eit felles mål: dei skal laga ein musikalsk organisme! Dei set saman eit energisk maskineri av eige materiale som skal treffa publikum med ei enorm kraft. Resultatet: BÅNNTRØKKOFON, eit monster med tjuefire armar, tolv hjernar og ein enorm intensitet! Alf Hulbækmo piano Ivan Blomqvist piano Karl H. Bjorå gitar Rohey Taalah vokal Emilie Wilhelmine Smestad vokal Karl Hjalmar Nyberg saksofonar Andreas Winther trommer Axel Skalstad trommer Henrik Lødøen trommer Kristian B. Jacobsen bass Bjørn Marius Hegge bass Aaron Mandelmann bass sundag kl 15:00 PARK, vossasalen Peace, Love and Swing Trass sin unge alder har denne trioen allereie spelt med mange store jazznamn som Joshua Redman, Arild Andersen, Mathias Eick og Andy Sheppard. Dei har òg vunne UNGjaJAZZja- prisen og i fjor hadde Signe Førre ein flott debutkonsert som bandleiar. Her er det energi, stil og trøkk med eit variert repertoar inkludert eigne komposisjonar som gjeld! Sindre Medhus piano Signe Førre bass, vokal Sigurd Steinkopf trommer FREDAG kl 15:30 verkstad Bli med på musikkverkstad! Studentane frå Jazzlinja i Trondheim tilbyr sin kunnskap og erfaring! Har du lyst å vera med? Du må ta med eige instrument om det er gitar eller vokal, trommer og piano er det i lokalet. Her kan det bli individuell undervisning, men garantert samspel! Verkstaden er gratis, men du må melda deg på til trude@vossajazz.no innan 19. mars FREDAG kl 17:00 GAMLEKINOEN -- FORFEST MED RIM Me gjentek suksessen frå i fjor - gratis konsert med dyktige studentar frå Nordic Master in Folk Music-studiet. Denne gongen er det vokal- og instrumentalkvartetten Rim som opptrer, eit firkløver med innslag frå heile Norden. Hilde Fjerdingøy torader, vokal Sunniva Abelli nøkkelharpe, vokal Elin Jonsson fele, bratsj, vokal Jo Einar Jansen fele, vokal Vel Vossa Jazz som mottakar av din grasrotandel! Gå inn på www.grasrotandelen.no for å lesa meir og registrera deg.

laurdag kl 12:00 voss kulturhus FALTURILTU presenterer MARIA PARR Foto: Andrew Amorim Maria Parr blir ofte kalla norsk barnelitteraturs nye superstjerne med bøker som Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. Ho skal vera festivalforfattar på barnebokfestivalen Falturiltu på Stord. Du kan få ein smakebit her på Voss - kom og få med deg stjerna! Maria Parr opplesing fredag kl 17:30 park, FESTSALEN Cataplufs musikalske reise Bli med Catapluf på tur rundt i verda! Multi-instrumentalisten Adriano Adewale har med seg sine medmusikantar og dei raraste instrumenta du aldri hadde tenkt på som instrument ein gong - gryter, vatn og kvifor ikkje kroppen? Cataplufs musikalske reise var ein braksuksess på London Jazz Festival i 2013 og selte ut fleire konsertar til begeistra ungar og vaksne. Ungane lo og dansa og frontmann Adriano vart ein umiddelbar yndling! Adriano Adewale alle moglege instrument! Jenny Adejayan cello Marcelo Andrade saksofon, fløyte, gitar Giuliano Pereira saksofon, fløyte, gitar Andres Ticino perkusjon Laurdag kl 11:30 torget jazzparade Det vert parade på Vangen med musikk og moro! I front dreg Paradebandet med elevar frå Bjørgum skule i gang Badnajazzsongen, du heng deg på med eller utan instrument. Me lagar eit heidundrande orkester og det er lov å ta med mor, bror, nabo eller andre du vil syna fram. laurdag kl 13:00 voss kulturhus MEG OG KAMMERATEN MIN Gjer deg klar for skikkeleg rocke-badnajazz! Brørne Martin Hagfors og Håkon Gebhardt, for mange kjent frå Motorpsycho, Home Groan og HGH, har køyrd eit hardare sideløp dei siste åra med barnehageturnear der mottoet er det er ikkje bra før det er dårleg. Ein ny barneklassikar, kalla Aftenposten debutplata som kom i 2012, og drog samanlikningar til Knutsen & Ludvigsen. Martin Hagfors gitar og ymse instrument Håkon Gebhardt gitar og ymse instrument

Foto: Monica Santor Herberg laurdag kl 15:00 Voss kulturhus Jazzoo Bakom namnet Jazzoo hoppar det fram fem svenskar som kallar seg Oddjob. Dei er knallflinke å spela og med instrumenta sine lagar dei melodiar om kenguruar og elefantar. Og på lerretet bak dei kan du følgja med på teiknefilmen om dyra. Dei skal læra seg å hoppa akkurat som kenguruen. Oddjob syr saman musikken, og treng mellom songane kanskje litt hjelp og tips frå ungane i salen. Dette blir kjempetøft! Goran Kajfes trompet Daniel Karlsson piano Per Ruskträsk Johansson altsaksofon Peter Forss bass Janne Robertson trommer sundag kl 13:00 osasalen -- tinga av vossa jazz SUPERSONICS MOTER BADNAJAZZ Har du tenkt på korleis musikk vert laga? Har du nokon gong spurt deg sjølv om trafikkstøy eller lyden av vaskemaskina kan vera musikalsk? Nokon seier at alle lydar kan vera vakre så lenge du lyttar. Faktisk seier nokon at lyd berre er bråkete om du ikkje lyttar og at lyden vert musikk i det du bestemmer at det skal vera musikk. Ganske vakkert, ikkje sant? I årets Tingingsverk til Badnajazz er det Supersonics som skal få jobba med vårt eige Badnajazzkor! Saman skal dei laga ein fantastisk konsert der det vert rare lydar, vakre melodiar, heftige rytmar, ulike stemningar og sjangrar! Prosjektet er eit samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter og Den Musikalske stamvegen Petter Frost Fadnes saksofon Chris Sharkey gitar Ståle Birkeland trommer Badnajazzkoret: Songglade vossaborn under leiing av Olav Undeland og Anne Siri Undeland Bauthus. Internasjonal Badnajazzkonferanse under Vossa Jazz! I samarbeid med Europe Jazz Network (EJN) og Vestnorsk Jazzsenter skipar Vossa Jazz til ein internasjonal konferanse der Children and jazz jazz for young people er tema, og der Badnajazz-programmet som ein god konsekvens er sterkt utvida. Konferansen er støtta av EU sitt Creative Europe-program.

Årets Vossa Jazz kunstnar: Kristin Austreid Grafisk: Alberte Fonneland Accountor Amfi Voss HMV Voss Hordaland Bladdrift Indre Hordaland Miljøverk Kveik MidgardGruppen Myrkdalen Fjellandsby NSB Park Hotel Vossevangen Revisjon Voss Sparebanken Vest Sylvsmidja Vangen Elektriske Visma Services Norge avd. Voss Voss Energi Voss Møbel & Tre Voss Resort Voss Sparebank Voss Veksel- og Landmandsbank