Tørvikbygd Bladet 1.



Like dokumenter
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Til deg som bur i fosterheim år

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Ulvik Arbeiderparti Program

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Til veljarane i Tysnes

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Plassebakken Barnehage

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

6. trinn. Veke 24 Navn:

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Spørjeundersøking om sentrumsområde



TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Informasjon til elevane

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

«Ny Giv» med gjetarhund

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkivsaksnr.: 05/1534. Reguleringsplan Hafslo sentrum - 3. gongs handsaming. Godkjenning.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

5. Soknerådsmøte mai Referat

Sandeid skule SFO Årsplan

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Gruppe 1. Kva er bra med Kvinnherad i dag? Kva er ikkje bra med Kvinnherad i dag? Kva gjer Kvinnherad attraktivt i framtida?

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Tørvikbygd Tørvikbygd 2020 Tørvikbygd Grendautval 2010

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Kvam herad. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

ELVASTIEN I ØRSKOG. Jon Per Rødseth

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Plassebakken Barnehage

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Stemnehandboka for NKSF

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Søknadsinfo:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Transkript:

Tørvikbygd Bladet 1. utgåve: April 2011 NYTT BLAD FOR TØRVIKBYGD! No er 1.utgåva av Tørvikbygd bladet klar! Størst plass denne fyrste gongen har årsmelding og grendamøtet fått. I årsmeldinga får de innblikk i grendautvalet sitt arbeid siste året. Innspela frå grendamøtet er grunnlaget for arbeidet vårt framover og som de ser i bladet er arbeidsgruppa for friluftsliv med merking av turstiar allereie i sving. Ambisjonen er 2 utgåver i året og me ynskjer at avisa skal bidra til at fleire engasjerer seg meir. Skulen vil ha fast spalte og me ynskjer unge journalistar velkomne! Fyrste utgåva er i utgangspunktet gratis, men me har lagt ved ein giro og håpar de set pris på tiltaket og betalar eit lite bidrag. I framtida vil det sannsynlegvis vera behov for ein eigen bladkomite, så er du ein av dei som ivrar for dette så ta kontakt!!! Så til slutt eit dikt av Olav H. Hauge som kan vera eit motto for det framtidige arbeidet og samhaldet i bygda vår. GJER EIN ANNAN MANN EI BEINE Han kom or fjellet skulde heim, fekk føring ifrå Osa Men Osamannen ut til Øydvinstò. var ikkje fal. Og han var raust Eg vil betala; Og baud betal. eg kan ikkje nå deg med ei beine att. So gjer ein annan mann ei beine då, sa Osamannen og skauv ifrå. Tørvikastølen. Foto: Inger Karin Sivertsen Årsmelding s. 2-5 Nye rektoren s. 5 Lag og organisasjonar s. 6-7 Tørvikbygd barnehage s. 10-11 Merking av turvegar s. 12-14 www.torvikbygd.no

Årsmelding 2010 status pr. mars 2011 Møteaktivitet i 2010 Styret i Tørvikbygd grendautval har hatt eit aktivt og innhaldsrikt år. I løpet av 2010 har me hatt 13 styremøter og 2 opne møter; Bygdamøte Tørvikbygd 2020 den 24.08.10 og orienteringsmøte 2.12.10 vedr. ferjeleie. I styret har me brukt ein del tid på visjonsarbeidet Tørvikbygd 2020 korleis ser Tørvikbygd ut i 2020? og engasjerte Sidsel Haugen som prosessrettleiar. Ho leia òg bygdamøtet med same tema. I tillegg til Sidsel Haugen, har me hatt følgjande gjester på styremøta: Lars Endre Tholo (27.4.) og Atle Kjosås frå Kvam bustad- og tomteselskap (25.10.), Geir Sigurd Handegård (7.9.), rektor Per Røberg (23.9.) og SU v/tørvikbygd barnehage (22.11.). Sidsel Haugen - romforvekst.no Sidsel Haugen arbeider som prosessrettleiar, kurshaldar, foredragshaldar, coach og livsrettleiing. Ho bur i Herand, og har vore involvert i bl.a. Herand Bygdelag og Folgefonnslandsbyen Jondal. Styret i grendautvalet Det er val på grendutvalsmedlemmer kvart 2. år. 2010 var ikkje eit valår, og grendautvalet har hatt følgjande styre: Anita Hesthamar, leiar Johannes Øverland, nestleiar - Anne Grete Berge, skrivar Randi Økland, kasserar Ingvard Teigland, styremedlem. Lars R. Djupevåg er vår politiske kontaktperson og har forslags- og talerett på grendautvalet sine møter. Informasjonsarbeid Det største løftet i informasjonsarbeidet i 2010, var oppretting av www.torvikbygd.no. Sidene er oppretta i samarbeid med Kvam herad, og me vil nytta høvet til å retta ein stor takk til Frank Tangen og Hans Christian Berstad. Kjekt er det òg at skulen brukar nettsidene våre. Me oppfordrar andre til å ta kontakt med oss for evt. samarbeid. Grendautvalet ynskjer å få til nettsider med god og lett tilgjengeleg informasjon om bygda vår, både av nytt og gamalt. I 2010 oppretta me òg Tørvikbygd grendautval som profil på Facebook, og har no 128 medlemmer. Me vil gjerne ha fleire! Forutan informasjon og kommunikasjon på nettet, har me i løpet av året levert ut informasjonsskriv til alle husstandar i bygda, hatt annonser, lesarinnlegg og artiklar i lokalavisa og oppslag ulike stader i bygda. På slutten av 2010 starta me arbeidet med å laga eit eige bygdablad for Tørvikbygd for å nå betre ut til dei som ikkje nyttar internett i like stor grad. Dette har òg vore arbeidskrevande for grendautvalet i 2011, særleg for Anne Grete Berge. Me er svært spente på resultat og mottaking av bladet i 2011, og for interessa med å ta dette arbeidet vidare. Me vil òg nytta høvet til å takka Norheimsund Trykkeri AS v/anne Berit Lysen Tjosås som har gjort dette mogeleg for oss. Me er veldig glad for at ho vil halda fram som støttespelar i arbeidet med bladet. Bladnamn og logo Me vil lysa ut ein namne- og logokonkurranse for det nye bygdabladet. Så langt har me nytta logoen du finn øverst til høgre på sida. I tillegg har me òg nytta eika i ein del høve, då me synest denne er eit godt symbol for å ivareta både utvikling og vern, Eika - teikna av Niklas Øye og treet midt i vegen er spesielt for Tørvikbygd. Men no vil me stilla med blanke ark, og oppfordrar til å koma med forslag til namn og/eller logo. Tørvikbygd 2020 Korleis ser Tørvikbygd ut i 2020? spurde grendautvalet, og over 70 personar stilte opp for å svara. Me er overvelda, takksame og glade for interessa og engasjementet. Me vil vil òg nytta høvet til å takka Sidsel Haugen for innsatsen som møteleiar og som coach i styrearbeidet. 2 Tørvikbygd Bladet

med fleire av måla lista opp i visjonsutkastet ovanfor. Grendautvalet ser at det kan vera nyttig å danna nokre prosjektgrupper som arbeider på tvers av og MED desse laga. Den fyrste prosjektgruppa me har laga etter bygdamøte er ei arbeidsgruppa for Jakt, fiske og friluftsliv med fyrste delprosjektet: Merking av turstiar i Tørvikbygd. Nye prosjektgrupper som grendautvalet vurderer er Kulturarv og Fritid/miljø. Foto: Johannes Øverland Oversikt over alle innspela og gruppearbeida er å finna på nettsidene våre (www.torvikbygd.no). Etter fyrste møte i arbeidet med korleis bygda vår kan sjå ut i 2020, oppsummerer grendautvalet som fylgjer: Tørvikbygd er i 2020 ei bygd med godt samhald og samarbeid. Nye innbyggjarar vert ynskt velkomne av ei eigen velkomstkomitè. Bygda har barnehage og barneskule med god kvalitet i gode, vedlikehaldne bygg. Folketalet har utvikla seg slik at skulen har reine klassar. Tørvikbygd har eit variert og godt butilbod, arbeidsplassar og næringsklynge der fleire verksemder er samla. Bygda tek vare på kulturarven si, og arbeider med estetikk og sentrumsutvikling, der blant anna lokalbutikken er sentral. Det er busstilbod til Norheimsund og Strandebarm på kveldstid og i helgar, og gang- og sykkelveg frå den lysrike Vangdalsbergstunellen til Ljones. Det er gode, trafikksikre vegløysingar, og rullatorvenlege fartsdumpar i sentrum. Bygda har båthavn, eit rikt utval i godt merka turløyper i fjell- og stølsheimen, og langs fjorden. Bygda har fått tilnavnet Turvikbygd på grunn av dette. Det er fleire fine badeplassar, med sanitæranlegg. Tørvikbygd har ei rekkje fritidstilbod til innbyggjarar i alle aldrar, og eit felles hus for kulturog idrettaktivitetar. Bygda har ei rekkje tilbod som sandvolleyballbane, basseng, grasbane, skyte- og leirduebane, motorcrossbane. I bygda er det òg mange aktive lag og organisasjonar. Av fritidsarrangement kan nevnast: 100 på Nuten, 7- stølstur, Tørvikbygdløpet og Gøyparade. Noko du saknar i visjonen, eller har du andre innspel til oss? Me har eit stykke veg å gå endå, både med vegen og måla, og tek gjerne imot! Mange av laga i bygda og grendautvalet har arbeidd og arbeider aktivt Barnehage Grendautvalet er svært opptekne av at me får behalda barnehagetilbodet i bygda, og har i 2010 og 2011 arbeid med dette målet. For utvalet har det å oppretthalda og utvida tilbodet i bygda vore viktigare enn lokaliseringa. Me har hatt fleire diskusjonar rundt dette temaet, og fått innspel både frå og til politikarar, grunneigarar og SU. Me er glade for at det er framdrift i reguleringsplanen for Fredsvik, og meiner det er viktig å få ei avklaring vedr. plassering av barnehagebygget. Grendautvalet er oppteken av at det hausten 2012 ikkje skal stå 40 ungar utan barnehageplass i Kvam, og meiner at det er svært viktig at me snarast mogeleg får eit bygg som ivaretek ungane og dei tilsette sine behov på ein god måte. Grendautvalet har òg arbeidd for at Tørvikbygd skal vera eiga barnehagesona, men lukkast ikkje med dette arbeidet då tema var opp i heradsstyret i haust. Skule Grendautvalet ynskjer ny rektor velkomen, og er svært glad for å ha fått på plass ein god dialog vedr. lag og organisasjonar sin bruk av skulen sine lokale. I møte med rektor kom det òg fram ynskje om eit samarbeid for å utforma og nytta skuleplassen betre. Så langt har grendautvalet skaffa skulen to nye benker, sidan plassen òg har funksjon som offentleg møteplass utanom skuletida. Bustad- og tomtetilbod I 2010 hadde me to gode og interessante møter med dagleg leiar i Kvam bustad- og tomteselskap. Det fyrste møtet var med Lars Endre Tholo, men arbeidet kom dessverre ikkje i gang før han slutta i jobben. Så hadde me eit nytt møte med ny dagleg leiar Atle Kjosås. Han fekk starta eit kartleggingsarbeid og hadde eit par samtalar med grunneigarar før selskapet vart vedteke å leggjast ned. Hans undersøkingar viste at det var ca 20 tomter i sentrum Tørvikbygd Bladet 3

av bygda, plassert øvst i Dragshovden, mellom Dragshovden og Dalheim, i Dalheim, Skutevik og Lund. Kvam herad hadde 3 av desse, og dei vart lagt ut for sal igjen i haust via Advokatane Kvåle og Skeie. Dei resterande ligg ikkje ute for sal, og det finnest i praksis lite av tilbod for interesserte. Variasjon i tilbodet i form av leilighet, rekkjehus, UngBo og for eksempel gjennomgangsbustader, manglar òg. På etterspurnadsida har grendautvalet arbeidd med å få på plass ei kartlegging av ynskje om bustad i bygda via nettsidene, men dette har drege ut i tid. Korleis grendautvalet skal arbeida vidare med dette, er for tida litt uvisst, men me oppmodar grunneigarar og dei som treng bustader å ta kontakt med oss for å sjå kva me kan få til av løysingar. Infrastruktur og trafikksikring Tema samferdsel/infrastruktur/trafikksikring har grendautvalet arbeidd mykje med dei siste åra. Det har vore eit vanskeleg og krevande arbeid, men det ser no ut til at me kan få eit gjennombrot i samband med utviding av ferjeleie. Måndag 2. mai er grendautvalet invitert på møte med Statens vegvesen, kommunen og Multiconsult AS til ein gjennomgang av dei fyrste detaljskissene for nytt ferjeleie. Grendautvalet ser det ikkje som realistisk å få flytta ferjeleie no, eller å få bygd ei bru før erfaringane etter opning av Jondalstunnelen viser at det trafikkgrunnlag for det. forringar bukvaliteten. I tillegg til redusert støy frå batteriferjer, meiner me at batteriferjer òg har potensiale som turistattraksjon i Hardanger, og er i tillegg viktig for nærings- og arbeidsliv i kommunen. - God trafikksikring i sentrum. - God trafikksikring i tilkomstvegane. Grendautvalet har så langt oppnådd å få med Røystakrysset i planarbeidet, men det står mykje dårleg veg og trafikksikring att i bygda, som ikkje tåler auka trafikk. Dette gjeld særleg frå Dragsbrua og utover til Ljones. Her er planarbeidet utført for mange år sidan, men pengane til å gjennomføra dei manglar. Grendautvalet har i ei årrekkja arbeidd for å få lys i tunnelen. Me har vorte lova dette før, men pengane har forsvunne gong på gong. No trur me endeleg at me kjem til å sjå lys i tunnelen i løpet av 2011, og denne gongen heilt bokstaveleg. På telefon 16. mars opplyser Gunhild Beate Nes Vangsnes v/vegseksjon Nord-, Midt- og Sunnhordaland at lysprosjektet har fått tileigna ekstraordinære midlar til formålet. Statens vegvesen er prosjekteigar, og er trygge på å få gjennomført prosjektet. Pengane må nyttast i løpet av 2011. Det som står for tur no, er å få lagt ut arbeidet på anbud. Grendautvalet opplever såleis at arbeidet med samferdsel og trafikksikring endeleg byrjar å gje resultat. Men på to felt får me inga tilbakemelding: etterlysing av busskur på høgre sida av vegen på strekninga Vangdal Åse, og veglys Tørvikjå-Røysta, dette til trass for fleire etterlysingar. Foto: Nils Kjetil Torvik Grendautvalet vil arbeida for: - Å gjera utvida av ferjeleie så liten som mogeleg - To ferjer. Det siste som ein konsekvens av føregåande punkt, og for å auka driftstryggleik samt at grendautvalet trur trafikkgrunnlaget raskt vil auka. - Batteriferjer frå Fjellstrand. I dag ligg ferjeleia midt i sentrum av Tørvikbygd og Jondal, og tett på bustadfelt. Med auka trafikk vert det auka støy som Næringsareal Grendautvalet har hatt noko kontakt med næringsdrivande som treng næringsareal i bygda. Dei har så langt funne eigne løysingar, men me vil ha fokus på å finna eigna og variert areal når ny kommunal arealplan skal handsamast. Trivselstiltak Grendautvalet fekk i 2010 tildelt kr 14.500 i midlar frå Kvam herad til trivselstiltak. Det største prosjek-tet er Ståvikjå, der tidlegare grendautvals-medlem Rune Aarekol har stått i spissen for ein god dugnadsgjeng dei siste åra. Me vil nytta høvet til å retta ei stor takk 4 Tørvikbygd Bladet

Høyringsplan Vangdalsåsen Ny reguleringsplan for Vangdalsåsen føreligg no, og grendautvalet har kome med ein uttale der me ber om at området for reguleringsplanen òg må omfatta Heradstveitvegen, og betre løysingar i høve støy. Foto: Anita Hesthamar for arbeidet dei legg ned. Grendautvalet har òg kjøpt benker til ulike møteplassar i bygda og sponsa 25- årsjubileumsfesten for Tørvikbygd barnehage med kr 2.000. Tv-aksjon Grendautvala er lokal arrangør av tv-aksjonane. Sidan me er få medlemmer (sjølv med velvillige familiemedlemmer), må me fri til eit av dei mange andre laga i bygda for å få gjennomført aksjonen. I år var det med nokre representantar frå ungdomslaget + familiemedlemmer av desse som hjelpte oss stor takk til bøssebærarar! Anita Hesthamar 7. klasse har intervjua: Nye rektoren ved Tørvikbygd skule Kva heiter du? - Per Røberg ( uten,d, mange skriv Rødberg) Kvar er du vokst opp? - Født i Askøy, men oppvokst i Steinsdalen ( daling). Kor gamal er du? - 49 år blir 50 no i år.. Kvar bur du? - Aksnes, Brenno.. Har du familie? - Eg har kona og 5 ungar, minste 9, eldste 24 år.. Trivest du som rektor her i Tørvikbygd? - Trivest kjempe masse.. Kvifor? - Det er ein utfordrane jobb med flinke lærarar og elevar. Kva jobba du med før du vart rektor? - Eg var avløysar og jobba på gartneri.. Var det kjekkare i Steinsdalen enn i Tørvikbygd? - Lika kjekt og nokså likt. Kva fekk deg til og begynna som rektor? - Nokon som spurde meg. Kor lenge trur du at du kjem til å fortsetje? - So lenge eg kan, til eg er 150 kanskje. Er du fornøgd med elevane her på skulen? - Svært fornøgd, men det er ei utfordring. Kor mange elevar er det dette året? - Det er 48 elever, 2010-2011.. Kor mange blir det til neste år? - Det blir 54 stk. til neste år. Synest du det er dumt eller bra med så få elevar? - Eg synest det er ein bra skule, men det er dumt om han blir mindre. Kvifor? - Du har oversikt og kjenner alle elevane her. Kva er kjekkast av kontorarbeid og undervisning? - Undervisning er kjekt, men kontorarbeid er jobben som ikkje er fullt so kjekk. Synest du dette intervjue var kjekt? - Ja, intervju er alltid kjekt. Likar du syltetøy eller ost best? -Egenlig 50:50, men syltetøy er bedre om morningen og ost på nisto.. Av: Siri Drage og Kjetil Magnussen.. Tørvikbygd Bladet 5

Lag og organisasjonar i Tørvikbygd Me har bedt nokre lag i bygda fortelja litt om kva dei driv med, og det kjem me til å fortsetja med i framtidige utgåver for det er mange å ta av! Mange driv med mykje kjekt og her er nokre av dei. TØRVIKBYGD PENSJONISTLAG Laget vart stifta 26.02.2008 og vart styrt av eit interimstyre fram til fyrste ordinære val som var 24.02. i 2009. Me er medlemer av Pensjonistforbundet. Det er ein partipolitisk uavhengig og nøytral landsomfattande organisasjon, oppretta med formål å samla alle pensjonistar i eit forbund. Der dei i fellesskap, gjennom forbundet, skal ivareta medlemene sine sosiale, økonomiske, kulturelle og helsemessige interesser. Laget har no 67 medlemer. Foto: Nils Lysen Me har medlemsmøte siste tysdag i kvar månad i Bygdatun kl. 17.30. På programmet er det ymse underhaldning med song og musikk, kåsseri, utlodning, spørjekonkurranse og lagsaker, kaffi og smørbrød. Alt dette fører til eit godt sosialt samvær. Junimøtet vert ofte avslutta med grillfest. Me startar opp med første møte etter ferie i august. Desembermøte går me ut og et julemat på forskjellige stader, me har vore på Strandebarm Fjordhotel, Hardangerfjord Hotell i Øystese og i fjor var me i Gamlastova på Fykse. Me har ein komité som arrangerar ein tur som går over to-tre dagar. Har og ein turkomite som lagar fotturar kvar tysdag på forskjellige plasser i Kvam, turen varer i to-tre timar. Nokre månader om sommaren og vinteren er det ikkje oppsett turar. Styret i Tørvikbygd Pensjonistlag TØRVIKBYGD INDREMISJON Tørvikbygd Indremisjon skriv si historie tilbake til 1921 då indremisjonslaget vart stifta. Misjonsarbeid har det nok vore i bygda lenge før den tid. Historiebøkene fortel om fleire vekkingar opp gjennom tidene og spesielt frå 1909 som resulterte i at det vart bestemt å byggja bedehus. Dette huset stod i nesten 75 år til det i 1984 vart rive for å gje plass til utviding av vegen gjennom Skutevik. Etter 2 år utan eige hus vart det nye vigsla og teke i bruk i 1987. Tider og folk har skifta gjennom alle desse åra, men det har vore samanhengjande virksomheit i Tørvikbygd Indremisjon heile tida. I tillegg til møter, festar, gudstenester og gravferder har det vore eit aktivt arbeid for borna og dei unge. Mange hugsar nok festar med juletregong og mat, sundagsskulen med "Bakar Trygve" eller yngresmøta med Hilda Måge. I dag er også Yngres i full aktivitet. Annankvar mandagskveld samlast 5. og 6. klasse. Nesten alle frå desse klassane møter og har det kjempekjekt! Me har hatt mellom anna filmkveld, karneval, akekveld og quiz-kveld. No er me i full sving med å laga påskeframsyning. Indremisjonen 6 Tørvikbygd Bladet

TØRVIKBYGD KVINNE- OG FAMILIELAG TAKK! Takk er eit lite ord me gjerne burde vore flinkare å nytta! Å rosa kvarandre er ikkje alltid like lett, men eit lite takk krev ikkje så mykje Me i Tørvikbygd Kvinne- og familielag har mange me skulle takka, alle som stiller opp for oss: eller arbeidsstova. Dette vert ein rekneskap som går i pluss mange gonger det me betalar inn. Takk til dykk som endå betalar medlemsskapet! Me håpar at de merker at me gjer ein jobb, og at de også får glede av medlemsskapet. Me arrangerer ein del arrangement som er opne for alle uansett om du er medlem eller ikkje, ikkje nøl med å delta og ver med. Kva med strikkekafe igjen mot jul 2011? Vinsmaking og sushilaging er også nokre idear me har, har du fleire?! Me har kafevertinner som skal takkast, fordi dei stiller opp onsdagar gjennom heile året! Mange trufaste kundar har me også som skal takkast, spesielt en god gjeng pensjonistar som er trufaste kafegjester! Me i laget tener ikkje store summen på denne aktiviteten, men viss me opplever at det er eit tilbod de ynskjer og vil ha, så gje gode tilbakemeldingar til vertinnene våre! Som takk arrangerer me ein fredagskveld i november som me kallar velverekveld. Dette har me hatt dei to siste åra med godt frammøte. No er arbeidsstova over for denne gongen, og så godt som alle elevane frå 2. -6. klasse har nytta dette tilbodet! Det trur eg er litt unikt, at me får med så mange elevar! Viss du er ein føresett som har hatt din gut eller jente på arbeidsstova i år, vil eg gjerne oppfordra deg til: Neste gong du treff på ein av dei som var der i år, så sei takk til ho! Neste år satsar me på at fedre også stiller opp, det er mange gutar som vil forma i tre og ulike material! I år har 4. - 6. klasseelavane vore hos Asbjørn på snikkarverkstaden ein onsdag kvar, og nokon har vore hos Torbjørn Djupevåg og smidd seg knivar, TAKK til dei! Slike bidrag set me stor pris på! Me er eit lag knytt til ein landsdekkande organisasjon Norges Kvinneog familielag, og har difor ei betydeleg høgare kontingent enn mange andre lag, for 2011 er den på 455,- kr. Dette er ein betydeleg sum, men viss me ikkje var tilknytt dette leddet ville me heller ikkje fått dei stønadene me får for studiekurs Foto: Siri Øverland Foto: Siri Øverland Jonsokfeiringa vår har vore ein suksess dei siste åra, ikkje minst pga at veret har stått oss bi. Me har fått oss eit lite partytelt, så kakene vert ikkje våte uansett. Takk til alle som vel å feire denne kvelden ilag med oss i Ståvika. Denne tradisjonen vil me behalda. Me har innleia eit samarbeid med Bedehuset om felles julatrefest. Dette samarbeidet har i seg sjølv gått knirkefritt, og me vil takka dykk for god leiing og godt innhald i juletrefesten dei to siste åra! Samarbeid mellom laga våre i Tørvikbygd trur me gjerne er ein nøkkel til suksess! Kva med eit samarbeid om swingkurs, stølsvandring eller ein dag med 100 frå Tørvikbygd på toppen av Nuten!? På vegne av styret i Tørvikbygd Kvinne- og familielag Siri Moripen Øverland Kva skal barnet heita? Det nye bladet vårt treng nytt namn og logo. Grendautvalet oppfordrar difor til å senda inn eit forslag på namn og/eller logo innan 15. august til torvikbygd.grendautval@lag.kvam.no. Om du er gamal eller ung, ein eller mange, i skule eller i arbeid, inn- eller utflytt, set kreativiteten i sving og sender forlaget inn! Noko premie kan me ikkje lova, men namn på trykk og takk vil koma! Tørvikbygd Bladet 7

GRENDAMØTET VA Gruppe 1 skule og barnehage med god kvalitet trygg skuleveg i heile bygda attraktive boligar/tomter for ungdom og familiar næringsareal Tørvikbygd skal vera ein estetisk fin og triveleg stad å bu friluftsområde tilgjengeleg for Alle - arbeidsplassar - turområde lett tilgjengeleg for alle. Bord og benker, felles grill - estetikk - barne- og ungdomsråd - jobbe med aktvitet for denne gruppa - miljøbygg - ladestasjon for elbil og ferje - felles fleirbrukshus for kultur og overnatting - omdømme miljøbygda Gruppe 4 Ståvika/strandlinje strandpromendade brygge i ståvikja småbåthavn toalettanlegg informasjonsskilt (kulturelle/ naturfaglege) turløyper informasjon merka turløype leirplassar/gapahauk/lavo turlag sikkerheit langs veien lys i tunellen/kvitmaling gang- og sykkelveg gangfelt samleplass - - kvalitet på tenestetilbodet - musikklag - Tørvikbygd ungdomslag - Aldersbustadlag - samlingsstad - et familieområde m/akt. For ungane - fjordpromenade - lage en visjon - trivselstiltak - grasbane -alt mulig butikk -trim/gym-grupper for barn under skulealder -turgrupper kalla Barnas turlag -bustadfelt mellom Hovden og Dalheim -eitt felles kulturhus for alle i bygda Gruppe 2 -utedansar -båtplassar til dagparkering i Ståvikjå -seil-/robåtar i Ståvikjå -kyststi -strandpromenade -verne sentrum ved utbygd -ferjekai -flytta ferjekai -7-stølstur -rasteplass -busstider (helg og kveldstid) -innflytter - etablerte familiar, hvordan bli kjent? -familiedag m/grilling i Ståvikjå Vel 70 personar møtte fram på grenda Stor takk til all Temaet for visjonsmøtet var Korleis ser Tørvikbygd Herand som har vore involvert i liknande prosessar med eit innlegg om bakgrunnen for møtet. Sidsel fo presenterte det dei meinte var viktig at var på pla trafikksikring (Dalheim og Vangdalstunellen (lys, maling på veggen, gang og sykkelsti frå skulen til Åseveien)) barnehage oppgradering av sentrum (estetisk, praktisk og trafikk + aktivitetar barn/ungdom) utvikling på boligfronten (+ gjennomgangsboliger ) fokus på friluftsliv (unge, oppmerking + kart, 100 på Nuten) vi som bur her er ein ressurs (for kvarandre), unge, eldre, innflyttarar - velkomstkomite for nye innbyggjarar - utvida RV49 Tørvikbygd - Strandebarm - Svømmehall (Badeland) - utvikling på skulen - grasbane - offentleg toalett i Ståvikjå/ Eidesvågen - rassikring ved Vangdalsberg - rydding skog mot sjøen - tursti i bygda - bruke dei eldre som ressurs (handtverk, tid, historie) - samlingsstad - skilting på skuleveg - busskur for skuleunger som nå reiser ut til Strandebarm - riva/vøla gamle hus (aktivitetshus/ungdomshus) - trafikklys for skolebarn i Eidesvågen - laga det mykje finare i Ståvikjå Gruppe 3 attraktive bustadtomter barnehage trygg og gode vegar, gangfelt, inkl. ferje/bru fysiske aktivitetar/turområde (for alle, merking) kulturløypa/turløypa båthavn industriområde skule (nok elevar til reine klassar) butikk eldsjelpris i bygda Gøyparade/Fest utvida fritidsaktivitetar: - sandvolleyballbane - tennisbane - leirduebane - ungdomsklubb - møteplassar - konsertar/musikkopplevelsar Gruppe 5 - open gymsal - alternativ til fotball (for gamle og unge) - bussamband Str.barm - Nhs (aktiviteter kveld) nye tomter/byggefelt båthavn/gjestehavn ferjekai flytta sikker skuleveg (sykkel-/gangveg, betre bussforbindelse Nhsd, busskur på begge sider av veg) kunstgrasbane + behalda skulen + barnehagen areal til industri (behalda landbruket) betre merka turløyper + fleire løyper + generell rydding av kratt + bygningsvern - byggja fleire småhus - barnehage - grannehjelp, besøksordning - felles arrangement og samarb. mellom lag

R STOR SUKSESS!!! møtet 24. aug. i gymsalen på skulen. e som møtte! ut i 2020 og vart leia av Sidsel Haugen frå fleire andre stader. Johannes Øverland starta rsette, me vart delte i grupper og kvar gruppe ss i Tørvikbygd 2020. Det såg slik ut: Gruppe 6 tomter og boliger barnehage trygg veg frå Vangdal til Ljones småbåthamn næringsareal natur og frilutftsområde - sandvolleyballbane - kunstgrasbane - Tørvikbygd inn i Jondal kommune - Nuten opp (motbakkeløp) - varde på nuten Gruppe 7 ungdomsbuss!! (frå Nhs eller Str.barm) tomter til industri boligar til einslege, eldre, familiar gang- og sykkelveg gjennom heile bygda næringsutvikling og arb.plassar velfungerande lokal butikk møteplass for ungdom (kaibua, opplegg for ungdom) triveleg sentrum sentrumsfornying med rullatorvennelege fartsdumpar skule og barnehage, på stell betre kollektive tilbod kveldssol til kl 23 Gruppe 8 byggjefelt (auke folketalet i bygda) næringsområde (samarbeid med fleire arb.plassar i bygda) barnehage infrastruktur (lys, busskur, gangog sykkelsti) båthavn (fellespark) naturstiar (merka løyper, felles turar) fritidstilbod til ungdom (crossbane, Bygdedag, kulturarv, samlingsplass) Gruppe 10 Identitet - bygging trafikk og miljø merka turløype variert bumiljø - Tørvikbygd jegar og fiskarlag/ friluftslivsklubb - hagleskyting for alle interesserte - tunnellys Som de ser kom det fantastisk mange flotte innspel. Gruppe 9 tomter for bustad/næring trafikksikring ny barnehage/skule båthavn kunstgrasbane (fleirbruksbane) visjonar: flytta ferjekai handelssenter overnatting 100 stk på Nuten - inftrastrukturen til vei, kai, osb - fotballgrasbane - betre skulevei - bassengtilbud - fjellstiar - betre samarbeid mellom laga (rasjonalisering) - næringsklynge - trim/gå/sykkelstiar på flis - turløype på godt underlag, litt lengre enn rundt vatnet - næringsklynge - folketalsutvekst :-) - ny barnehage - historien til Tørvikbygd - sikra skuleveg (Dalheim spesielt) - gode oppvekstforhold (barnehage, skule, fritidstilbod) - merka turløyper m/ kart i fjellet (for lokale folk og turistar) oversikt, heilheit, f.d. denne vettsida som vart nemnd, visa kva som finnest

TØRVIKBYGD BARNEHAGE Pr. dags dato er det 8 årsverk i barnehagen fordelt på 10 personar i del ogheiltidstillingar. På loftet har vår nye styrar fått kontor. Ho heiter Lillian Auganes, og pendlar frå Ålvik kvar dag. Uteområdet i Fredsvik var og er heilt fantastisk og motorisk utfordrande. Det var ikkje asfaltplassen framom Bedehuset. Derfor snudde me utearealet andre vegen, og fekk ein del av bakkane til Lars Småbrekke. Der har me fått opp leikeapparat og sklie, me fekk også ein overbygd sandkasse og tak til å settja vognene under når borna skal sova ute. Me har også fått oss ein Lavvu. Den fekk me for å ha ein plass å vera når det er gravferd i Bedehuset. Då må me ut frå avdelingane. Lavvuen har me endå ikkje fått opp, så i haust var me i gymsalen og på SFO på skulen i dette høvet. Foto: Anne Karin Djupevåg Tørvikbygd barnehage er ein barnehage med to avdelingar. Fram til hausten 2010 var småbarnsavdelinga lokalisert i Bedehuset, og dei større borna heldt til i Fredsvik. Mattilsynet fann det naudsynt å nekta vidare drift av barnehage i Fredsvik. Kor skulle me gjera av oss??? Mange alternativ vart drøfta, men det aller besta alternativet vart sjølvsagt å få også denne avdelinga inn i bedehuset. Mykje enklare å driva barnehage i eit hus og ikkje på to. Eigar av bedehuset var heldigvis positive til dette, so her er me altså no. Tusen takk!! Kunst, kultur og kreativitet er eit av satsningsområda til barnehagane i Kvam. Og kreativ og fleksibel er vel ein av dei viktigaste eigenskapane ein kan ha når ein jobbar i barnehage i midlertidige lokaler som ikkje eg bygd til formålet. Dette gjer at arbeidsmiljøet ikkje er optimalt, og kan til tider vera slitande, både på personalet, borna og foreldra, og sjølvsagt også eigarane av huset. Då barnehagen vart starta i Fredsvik for snart 26 år sidan var det heller ikkje i eit bygg som var egna for denne bruken, så so lenge har Tørvikbygd funne seg i å ikkje komma fyrst i køen...men i staden for å sjå svart på situasjonen, ser me lyset i tunnelen og har håpet og truå på at da ein dag står ein flonkande ny barnehage her i bygdå vår!! Tillitsvald og tilsett-representant i samarbeidsutvalet Anne Karin Djupevåg POLITIKARANE OM SAKA Det har vore ein lang kamp for å få ny barnehage i bygda og dette er bakgrunnen for at me stilte fylgjande spørsmål til alle partia: Spørsmålet om nytt barnehagebygg med betre byggkvalitet og utvida kapasitet har vore ei viktig sak for Tørvikbygd. Det har tidlegare vore brei politisk velvilje for å få til dette. Kva er ditt parti sitt standpunkt no? SENTERPARTIET Kvam Sp har støtta barnehageplanen og det innebere barnehage i Tørvikbygd. Det vi hadde som tekstdel i budsjettet for 2011 var viktig for å få ein vurdering om raskare/tidligare bygging enn 2014. Men først må me ha eit tomt, og det ser no ut til å løysa seg med Fredsvik. Då får vi ei sak om bygging og den kjem Kvam Sp til å vere positiv til. Herleif Tveit, Kvam Senterparti 10 Tørvikbygd Bladet

VENSTRE Me i Kvam Venstre har heile tida meint at borna i Tørvikbygd fortener ein god og trygg barnehage. Slik me ser det, er dette ikkje eit påbygg til bygninga i Fredsvik. Me ser at ved Tørvikbygd skule skal det vera plass til eit tilbygg/nabobygg for barnehage. Dette meiner me vil vera ei god og framtidsretta løysing, der ein kan ha godt samarbeid om bruk av både nye og eksisterande bygningar. Oppvekstsenter er ein trygg og god måte for born å forhalda seg til kvarandre. Skulen har god gymsal, som i desse dagar lyt utbetrast. Elevtalet er såpass lite at både gymsal og kjøkkenavdeling til tider vil vera ledige for barnehageborna. Samstundes vil dette kunne gje ei ny og god løysing på SFO-situasjonen. Vegen fram til barnehagen i Fredsvik er elendig slik den er i dag. Den skal eventuelt utbetrast, men vil likevel aldri verta noka perfekt løysing bortover det smale partiet mellom bustadhus og fjellvegg. Opp til skulen er det uansett bra veg, og det fungerer med trafikken i dag, bort til bedehus-barnehagen. Me er klar over at mange av dykk vil halda fram i Fredsvik, men trur likevel at de kunne fått eit mykje betre tilbod ved skulen. Når me no ser på kalkylane for ombygging/ påbygg av Ålvik barnehage, ser me at dette vert betrakteleg dyrare enn planlagd. Gamle bygg er gamle, dei er dyre å rehabilitera, og dei er dyre å riva. På Oma føreslo me riving av gamleskulen for å bygge nytt, men fekk til svar at riving var så dyrt at totale byggekostnader vart altfor dyre. Me i Kvam Venstre vil heller nytte midlane me set av til eit godt, praktisk og nytt bygg ved skulen, der borna kan trivast, enn å rive/bygge til / bygge nytt i Fredsvik. Men, gløym for all del ikkje at alle politiske parti har fleire saker me arbeider med, som også angår innbyggjarar såvel i Tørvikbygd som i resten av heradet. Seinast sist veke var eg på vitjing i Tørvikbygd barnehage. De har ein fantastisk gjeng med glade og nyfikne born, varme, trivelege og gode vaksenpersonar, ver stolte av det, og unn dei berre det beste! Men venleg helsing Merethe Gauden, Kvam Venstre KRISTELEG FOLKEPARTI KrF sitt standpunkt i saka er at det skal byggjast Barnehage i Tørvikbygd. Me har samtidig vore med på budsjettvedtak der 2014 er året den skal realiserast. Dersom økonomien tillet at dette kan framskundast er me sjølvsagt med på det. Og det må finnast løysing på barnehagen når tida i Bedehuset er over dersom det ikkje er bygd ny innan den tid. Tomta har vore utfordrande, og det er vel orsak til at det har teke lengre tid enn me skulle ynskja. No nærmar det seg vel ei avklaring slik at tomtespørsmålet er løyst. Gode barnehagar er vel det viktigaste me kan tilby tilflyttarar og barnefamiliar i Kvam. Difor er dette ei viktig sak for KrF. Med helsing KrF, Harald Kjosås gruppeleiar HØGRE Kvam Høgre går inn for å etablera ny barnehage i Tørvikbygd. Ny barnehage ligg i investeringsbudsjettet for 2014. Det er pr. dags dato uavklart om barnehage kan realiserast før den tid. Ved rullering av investeringsbudsjettet vil det verta tema om mogleg forsering av byggjestart. mvh.bjarne Mo, heradsstyre rep. Kvam Høgre KVAM AP vil ha Barnehage i Tørvikbygd. Den skal sjølvsagt være godkjent etter dagens lovverk. Ny barnehage må være framtidsretta, og godt tilpassa brukarane og dei som skal ha sin arbeidsplass i barnehagen. Den må tilpassast det potensiale for vekst og utvikling ein ser føre seg at Tørvikbygd har. Kvam Ap meiner at det er stor grunn til og tru på yttarleg vekst og utvikling i Tørvikbygd og at ein ny framtidsretta barnehage er med på og bidra til nettopp det. Det viktigaste for Kvam Ap har heile tida vore å få på plass ein god barnehage, og at den ligg i Tørvikbygd. Me har ikkje hatt fokus på plassering men har støtta utarbeiding av reg.plan for Fredsvik for å sjå kva moglegheiter som finst der. Mvh Nils Drage, Gruppeleiar AP Tørvikbygd Bladet 11

Store moglegheiter for Tørvikbygd ved merking av turvegane Invitert Tørvikbygd Grendautval har teke initiativet til å etablera ei ny arbeidsgruppe for Jakt, Fiske og Friluftsliv som får si første arbeidsoppgåve å organisera merking av turvegar i Tørvikbygd. Etter idedugnaden på grendamøte i august, som alle snakkar om, kom det fram fleire gode forslag om friluftsaktivitetar. En gjengangar var rydding og merking av turvegar langs fjorden, mellom stølane og i fjellet. Det kom derfor som bestilt då me i Tørvikbygd vart invitert av Kvam Herad til å delta på ein dugnad for å få skilta turvegane våre. Me er no med i eit prosjekt med Øystese, Norheimsund og Vikøy - Aksnes for å kartlegge og settje ut skilt, etter ein standard nasjonal skiltmal, med eit førebels startbeløp på 100.000 kr. Bakgrunn Bakgrunnen for invitasjonen er at det skal rullast ut merking av alle turvegar i nærmiljøet som ikkje inngår i det tradisjonelle DNT- nettverket. Innovativ Fjellturisme har utvikla ein mal for merking og gradering av turløyper. Med støtte frå Innovasjon Noreg skal dei no bidra til at malen vert teken i bruk i heile Noreg. Vestlandet står øvst på lista, ikkje minst etter at Gjensidigestiftinga sette av 10 millionar kroner til dette arbeidet i dei fire vestlandsfylka. Sjå nettsida www.fjellturisme.no. Kvam har no foreløpig eit beløp på kr. 100.000,- som står på konto for skilt og festemateriell. Andre tilskottsordningar er lokale nærmiljøtiltak (årleg søknadsrunde) og folkehelsemidlar i fylket. Fram til no har Kvamsskogen teke i bruk 11 sommarturar og 7 turar for vinterbruk som er maskinpreparerte. Fyksesund landskapspark har merka 2 ruter frå Botnen og 4 ruter frå Steinstø/ Bjørke/Telestø. Alle disse turane nyttar denne merkemalen. Merkinga går ut på å utforma skilt med namn, avstand (km), type tur (vandring, sykling, langrenn, fiske, riding osv.) og gradering av ruta. Graderinga er å merka med fargekode etter ein vanskegrad (enkel, middels, krevjande, ekspert). Vidare skal det lagast kart og kort beskriving av rutene. Det kan også lagast skilt om lokale stadnamn, historiar til oppgangssagene og stølane osb. Alle turane kan digitaliserast og lastast ned frå nettet. Sjå eksempel frå Forsand Kommune. www.forsand.kommune.no/ turkart Kart og informasjon kan settjast opp på avtalte plasser med skiltkiosk og informasjonstavler. Grunngjeving Kvifor skal me merka turvegane? Det er brei einigheit i eit folkehelseperspektiv om at tilrettelegging av tur og friluftsaktivitetar i nærmiljøet er førebyggande for helse og trivsel. Det å gjera området meir tilgjengeleg for brukargrupper som ikkje er lokalkjente med tilrettelagt parkering og informasjon senker terskelen for folk flest for å koma seg ut på tur/skitur. Innbyggjarane i Kvam vert meir kjende i eige lokalmiljø. Ein einsarta merkemal gjer det lettare å kjenna seg igjen og planleggje turmål for alle 12 12 Tørvikbygd Bladet

brukarnivå. Merking legg også til rette for styrt ferdsel i nærområda som bidreg til å ta vare på miljøet med tanke på slitasje og brukarkonfliktar. Vidare vil merking, informasjon og kart gje auka mogelgheiter for reiseliv og næringsutvikling. Foto: Johannes Øverland Etterspurnad Det er aukande etterspurnad etter gode turkart i 3D og med vegbeskriving som kan fyljast med GPS som er meir og meir vanlig turutrustning. Det at kart vert gjort tilgjengelege på nettet vil gje Tørvikbygd ei god marknadsføring som ei attraktiv bygd å dra til. Eg har sjølv treft på dagsturistar frå Bergen i fjellet som spør etter vegen og parkering. I vår postmoderne tid er det ei rekkje tilstandar / sjukdommar som er assosiert til fysisk inaktivitet. I storsamfunnet er det fokus og ressursar på å førebygge fysisk innaktivitet med tiltak i nærmiljøet. Omfang I Tørvikbygd har me eit veldig rikt omfang av ulike turvegar både sommar og vinter. Mange har turmål som Skårsete, Finnhiller, Tørvikenuten 1028 m.o.h. og Vesoldo 1046 m.o.h. Stølane er også eit populært turmål der dei ligg som perler på ei snor. Dei siste åra har vegen mellom stølane vorte oppgradert med flott preparert vinterløype som fleire har sett pris på. Her har eldskjeler gjort ein fantastisk jobb. Turvegar langs fjorden og rundt vatna er også populære som turar både i kvardagen og som sundagstur. Om sommaren går turen til badeplassane i Stekka, Ståvika, Solstrand og Eidesvågen. Ein samanhengande fjordpromenade frå Autsmannaholmen til Straumstein er også ein framtidsdraum. Kyrkjevegen frå Heradstveit til Vikøy er også teken i bruk som turmål. Her finnst det sikkert mykje historiske fakta og kulturarv som er viktig å ta vare på. I Bygdejol 2010 les eg om ei pilegrimsrute via Eidesvågen til Røldal som kan vera interessant å finna meir ut om. Arbeidet er starta opp Fase 1 i prosjektet med merking av løyper vert å prioritera dei mest brukte løypene. Vidare må det avtalast med grunneigarar om å settje opp skilt. Det må utarbeidast ein skiltplan med kor mange skilt, type skilt, gradering og kor dei skal plasserast. Vidare må det også rydding av vegar i samarbeid med grunneigar. Fase 2 vert å utarbeida informasjon om turane med P- plasser, rasteplassar og beskriving av turen ol. Arbeidet er starta opp under prosjektnamnet Turvikbygd. Organiseringa er prosjektleiar og tre gruppeleiarar for fjorden, stølane og fjellheimen. Vidare har vi sekretær og informasjon/kontakt til Kvam herad sin folkehelsekoordinator. Foto: Nils Kjetil Torvik Tørvikbygd Bladet 13

Foto: Johannes Øverland Arbeidet er kome godt i gang med å laga ein grov plan med kart for kvar gruppe kor dei mest brukte vegane er merka med tusj. Oppgåve med å samla inn lokale namn frå tidligare prosjekt er starta opp. Eksisterande merkeprosjekt skal supplerast med graderingsskilt og avstandar. Planen er nå å møtast ein gong i månaden framover. Alle er velkomne til å være med på dette arbeidet. Me treng engasjerte, kritiske og innovative personer til ulike arbeidsoppgåver. Me har og nye prosjekt på gang som treng prosjektleiarar så som 100 på nuten og 7 stølsturen. Naturlege samarbeidspartar: Kvam herad med folkehelsekoordinator og planavdelinga Grunneigarlaget Lions, Norheimsund Hardanger Fartøyvernsenter Skilt- arbeidsgruppe Vikøy Aksnes og Norheimsund Museet, historielag Pensjonistlaget Veglag: Tveita, Augastad, andre. Idrettslaget Kvam Turlag Kvinne & Familielaget Aktivitetar: Organisering Samtykkeerklæring med grunneigarar Innhenting av fakta Beskriving av turane, historie Rydding av turvegar Gå turane opp med GPS Fotografering Andre støttefunksjonar Dugnad med montering av skilt og skilkioskar Tørvikbygd Grendautval Johannes Øverland ENDELEG VÅR! Me opnar butikken etter påske og har godt utval av vårplanter, amplar og plantejord. VELKOMMEN INNOM TIL OSS! 14 Tørvikbygd Bladet

Tlf. 56 55 84 00 Trenger du elektriker? Tlf. 56 55 13 33 Mandag - fredag 9-19 Laurdag 9-15 Treng du graving, eller kanskje noko som skal heisast og transporterast? Ring til Atle Tjosås Tlf. 99 55 12 32 Leidulv Brattli Mobil 951 18 434 LOKALBANKEN Me støttar kultur og idrett i ditt nærmiljø. Les meir på hardingbanken.no Kontakt oss idag for et uforpliktende tilbud. www.hardingbanken.no elfag.no - når du trenger elektriker Maritim Elektro AS Hovedkontor: 56 55 05 60 Avd. landinst.: 56 55 05 70 Ynskjer du annonseplass i neste utgåva av bladet? Ta kontakt med oss på torvikbygd.grendautval@lag.kvam.no for informasjon og pristilbod! HEI! Har du/de tenkt å få laga nokre trykksaker eller kanskje ein fin reklame på ein bil? Eg kan hjelpa med ALT I TRYKKSAKER BILDEKOR - GLASDEKOR SKILT M.M. Kom innom for ein prat (held til ved sida av Rema 1000) eller ring 56 55 27 88 mvh Anne Berit Lysen Tjosås NORHEIMSUND TRYKKERI as Hardangerfjordvegen 95 5600 Norheimsund Mobil: 97 59 24 88 - E-mail: nortrykk@online.no 15 Tørvikbygd Bladet 13