VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL UTVAL: Driftsutvalet Møtestad: Kommunalsjefens kontor - Rådhuset, Fiskå Dato: 27.11.2017 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 10:00. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 20.11.2017 Randulf Lillebø leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Randulf Lillebø Leiar SP Vidar Solheim Nestleiar V Idar Brekke Medlem H Roger Alf Eikeset Medlem AP Lilli Ann Bakkebø Medlem AP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Svein Arnulf Nordal Medlem FRP Jens Erling Ekroll Lillebø Medlem KRF Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Svein Sandvik Jens Erling Ekroll Lillebø V Hallvard Hånes Svein Arnulf Nordal KRF 7 av 7 medlemar møtte.
Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Andreas Chr. Nørve Rådmann Terje Kolstad Kommunalsjef teknisk sektor Kåre Kvangarsnes Møtesekretær Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. Sakstittel PS 30/2017 Godkjenning av innkalling PS 31/2017 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte PS 32/2017 Skriv og meldingar PS 33/2017 Økonomiplan 2018-2021 med budsjett for 2018 PS 34/2017 Driftsutvalet - møteplan 2018 Eventuelt. Referatsaker RS 160/2017 Vanylven kommune - gnr. 88 bnr. 135 frådeling av parsell til tilleggsjord. RS 161/2017 Anders Storeide -søknad om motorferdsel i utmark - Brandalsosen - Kvandalen RS 162/2017 Inger Anne Bjørneseth - søknad om motorferdsel i utmark - Brandalsosen - Kvandalen. RS 163/2017 Roald Storeide - søknad om motorferdsel i utmark - Brandalsosen - Kvandalen. RS 164/2017 Ingeborg Haugen Sundnes - søknad om motorferdsel i utmark - Kvanndalsvegen RS 165/2017 Endre Håberg - søknad om motorferdsel i utmark. RS 166/2017 Tryggve Sundsbakk -Søknad om motorferdsel i utmark - Sandnesfjellet RS 167/2017 Per Kåre Aaland søknad om motorferdsel i utmark - Brandalsosen - Kvandalen. RS 168/2017 Jon Fiskaa - Søknad om motorferdsel i utmark - Kvandalsvegen
RS 169/2017 Paul Kåre Røys - frådeling av hus nr. 2 - gnr. 89 bnr. 10 Søknad om deling og ev rekvisisjon av oppmålingsforretning RS 170/2017 Torill Aud Hovden - Søknad om motorferdsel i utmark - Kvanndalsvegen RS 171/2017 Elling Strand Overaa - Søknad om konsesjon gnr. 9 bnr. 6 RS 172/2017 Svar: Kommunale avgifter - Gbnr. 46/37 RS 173/2017 Thor Johan Rusten - frådeling av ein tilleggsparsell til landbrukseigedom - gnr. 12 bnr. 11 RS 174/2017 Einar Vik Arset - søknad om deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning - gnr. 148 Bnr. 3 RS 175/2017 Einar Vik Arset -søknad om deling og ev. rekvisisjon av oppmålingsforretning - gnr. 148 bnr. 3 RS 176/2017 Svar: Kommunale avgifter - gbnr. 11/81 RS 177/2017 Einar Vik Arset - søknad om deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning - gnr. 148 bnr. 3 RS 178/2017 Svar: Kommunale avgifter - Gbnr. 21/11(21/3) RS 179/2017 Karstein Velle -søknad om motorferdsel i utmark - Kvandalsvegen RS 180/2017 Knut Buvik Sandnes - frådeling av ein tilleggsparsell til fritidbustad - gnr. 98 bnr. 6 RS 181/2017 Anders Svein Eidsaa - Søknad om bygging av landbruksveg - gnr. 100 bnr. 7 RS 182/2017 Svar: Kommunale avgifter - gbnr. 101/4 RS 183/2017 Atle Kåre Arnesen - Bustad og garasje - Gnr 89 Bnr 24 RS 184/2017 Søknad om endring - Murar langs tomtegrense - Gnr 89 Bnr 247 RS 185/2017 Johnny Kragset - Bruksendring frå lager til fritidsbustad - Gnr 142 Bnr 50 RS 186/2017 Margrethe Berge -søknad om motorferdsel i utmark - Kvandalsvegen RS 187/2017 Marine Harvest Vanylven - Etablering av flytekai - Gnr 5 Bnr 1
PS 30/2017 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend. PS 31/2017 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 32/2017 Skriv og meldingar Handsaming: Viser til referatsakene 160/2017 187/2017. Kommunalsjef Terje Kolstad opplyste at det har vore tilsyn på beredskapen i kommunen ingen avvik i mellombels rapport. Framlagde referatsaker og orientering vart teke til vitande. PS 33/2017 Økonomiplan 2018-2021 med budsjett for 2018 Handsaming: Det vart gjort slik samrøystes Driftsutvalet rår til at økonomiplan 2018 2021 med budsjett for 2018 vert tilrådd med slikt tillegg: Nytt inngangsparti på baksida av rådhuset med kr. 230.000,-, finansiert ved at del av brannstasjon vert utsett til 2019 med kr. 230.000,-. PS 34/2017 Driftsutvalet - møteplan 2018 Handsaming: Samrøystes vedtak som framlegget. Driftsutvalet har møte desse dagane i 2018: 25. januar, 8. mars, 31. mai, 30. august, 4. oktober, 22. november. Møta skal normalt starte kl. 09.00.
Eventuelt: Roger Eikeset tok opp følgjande: Spurde om status for utskifting av gatelys, meinte at lysa i Åheim sentrum ikkje er skifta ut. Kommunalsjefen informerte om at ein har skifta ut lys som ikkje er godkjende, og at ein vurderer å innhente lokale anbod for vedlikehald av gatelys. Ynskje om parkeringsplass på Åheim, ovanfor tidlegare Mindorgården. Kan den også nytttast til busshaldeplass? Rådmannen opplyste at arbeidet med reguleringsplan for Åheim sentrum vert starta på nyåret 2018. Vidar Solheim spurde om status og vidare framdrift i gruppa som skal utarbeide den framtidige strategien for Vanylven brannvern. Kommunalsjefen opplyste at arbeidet har stogga grunne usemje. Viste elles til oppstartsmøte 6. og 7. desember vedkomande mogleg samarbeid med Herøy kommune. Idar Brekke tok opp spørsmål om det vert tvungen tilknyting til utvida kommunal vassforsyning. Det vart opplyst at det vert tvungen tilknyting. Ein vil sjekke nærare med kommuneadvokaten at det er lovleg. Rett utskrift 04.12.2017 Kåre Kvangarsnes