Den løynde smilekulpen GRATISAVIS

Like dokumenter
2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Til deg som bur i fosterheim år

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Brukarrettleiing E-post lesar

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jon Fosse. For seint. Libretto

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

mmm...med SMAK på timeplanen

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

6-åringar på skuleveg

Ute mat Korleis laga god mat UTE

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

OK, seier Hilde og låser.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

6. trinn. Veke 24 Navn:

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Kva er økologisk matproduksjon?

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Kom skal vi klippe sauen

FANTASTISK FORTELJING

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.


26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Brukarrettleiing. epolitiker

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

DEN GODE HARDANGERKJENSLA

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

«Ny Giv» med gjetarhund

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019


GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Informasjon til elevane

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

5 stk flotte bustadtomter til sals

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!


Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Sommartur til Sverige,

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Transkript:

GRATISAVIS Den løynde smilekulpen Ned eit juv, over eit gjerde og bakom ein stein finn Julia Herault og Siri Tronerud Andersen ei skjult badeperle. Badeguide side 18 & 19 FOTO: VIDAR HERRE

2 Det våte element Kva skal me finna på medan me ventar på at regnet skal gje seg? Dei beste somm Sommarmagasinet har oppsøkt Øvstedal, som har ein ståande nedbørsrekord frå 2011 på 158 mm regn på eit døger. Me kan lova at det er vått nok! Men i Øvstedal lever folk som folk flest. Dei yngste i bygda hoppar gladeleg i vasspyttar, vasstrukne sauer søkjer stundom ly mot dei verste bygene, men bonden Kåre Vassenden har lært seg å takla vatnet: Ein vert jo van med vêret, seier han turt. Me har òg teke turen ut til dei som boltrar seg i det våte element! Og me vil oppmoda både til reisande turistar og vossingar flest, til å testa skjulte badeperler. Hopp i det! Det er «deilig og vått, deilig og rått», for å sitera det våte diktet til Zinken Hopp. Ho tenkte nok på regnet, men me er visse på at våre badeplass-testararar kan skrive under på at også det å hoppa uti reint badevat n kan gje den gode kjensla av behag og lukke. Vil du endå djupare i det våte element, er det berre å gjera som hobbydykkarane i Hardangerfjorden. Dei går til botnars og nyt det! Du kjem ned i ei anna verd. Alt anna kan du kobla ut, fortel Martin Hamre frå sin fantastiske undervassommar. I vasskanten kan ein elles treffa meir og mindre frelste hobbyfiskarar, både i saltvatn og i ferskvatn. Sommarmagasinet prøver å få svar på kva det er som får folk til å stå i time etter time, mens myggen bit, å venta på napp. Men om du føretrekkjer å halda deg på turt land kan me anbefala ein sykkeltur på den nedlagde jernbanelina mellom Voss og Granvin. Ein tur du kan sykla nesten utan å møta bilar. Me kan elles anbefala gode oppskrifter på lett sommarmat, og vår eigen oversikt over lette og tyngre sommaraktivitetar. Her er det tips som kan gje deg sterke opplevingar i Voss og bygdene rundt. For oss vestlendingar som lever ved, i periodar på, og på lune sommar dagar i det våte element er det berre ein ting å gjera: Hopp i det! Ansvarleg redaktør: Elin Madsen Voss er bygda for sterke opplevingar. Sjå sjølv om det er ei sanning utan modi fikasjonar. Opplevingane står i kø, frå havnivå og fjelltoppar på nær 1900 meter. Sjekk våre 10 beste forslag til ei god sommaroppleving. 1. FOTBALLTURNERING AV DEI STORE Helga 13.-15. juni går Voss Cup av stabelen for 24. gong. Med meir enn 700 lag og 7000-8000 spelarar i alderen 7-12 år, er dette den største fotballturneringa i landet for denne aldersgruppa, og berre slått av Norway Cup i storleik. Voss Cup tek heile Vangen i bruk. Med 10.000-11.000 tilreisande, er det eit yrande folkeliv både på og rundt banene. NB! Dette er ikkje helga å vera bilturist på Voss! Arrangørane og politiet oppmodar alle som kan om å la bilen stå. Tog og buss er tingen! 2. TIL TOPPS I ULVIK Skulle du kjenna trong til å leggja inn ei hardøkt i ferien kan motbakkeløpet Kvasshovden Opp 19. juli vera noko for deg. Det 7500 meter lange løpet startar ved fjorden i Ulvik sentrum og har målgang på toppen av fjellet Kvasshovden 1030 meter over havet. Det er ein del av Necon Motbakkecup og Ultrahardingen 2014. Om du ikkje er av sprekingane som skal opp raskast råd er, er det fullt mogleg å ta dette som ein strålande fjelltur. Du finn informasjon om påmelding på løpet sine nettsider. 3. EKSTREMSPORT OG KONSERTAR Ekstremsportveko, frå 22. juni til 29. juni, er det største ekstremsportarrangementet i verda, målt i talet på deltakarar. Kvart år kjem godt over tusen ekstremsportarar frå heile verda for å delta i konkurransar i ekstreme greiner som utfor på sykkel, swooping med fallskjerm, rafting, utfor i elvekajakk, triatlonen Horgi ned (ski, sykkel, elvepadling) og mykje meir. Mange kjem berre for å ha det moro saman med likesinna. Publikum kan prøva ut dei fleste øvingane i eit program kalla Try it, men rifta om plassane er stor. Ekstremsportveko er også ein musikkfestival. I eit digert sirkustelt på Prestegardslandet kan du i år oppleva norske og internasjonale artistar, med Carpe Diem, reggaeveteranen Lee Scrach Perry og hiphoparen Store P i spissen. 4. SKIFERDRIFT OG KULTURSTI Voss er rik på kvartsskifer, særleg i området langs E16 nord for Vangen. På 1800-talet var her ei storstila skiferdrift, som på det meste sysselsette 400 mann. På Norheim og Kyte har dei rusta opp ein kultursti gjennom det svære området. Bygningar, reiskapar og verktøy er sette i stand. Med utgangspunkt i gamlebutikken på Norheim (Voss Bryggeri), kan ein vandra tre-fire kilometer gjennom fantastisk natur, med informasjonstavler som formidlar historia. Grupper kan også få omvising med guide. 5. AURLANDSDALEN PÅ LANGS Er du oppteken av vakker natur er fotturen gjennom Aurlandsdalen ei sterk oppleving. Sterk bør du vera sjølv òg, for den 19 kilometer lange turen frå Østerbø Turisthytte (på vegen Aurland- Hol) og 800 høgdemeter ned til Vassbygdi og sjøen, er rekna til fem-seks timar. 27. juli går Aurlandsmarsjen, dersom du vil ha ei stadfesting på at du har vandra denne klassiske turen. Då er det påmelding ved start. Undervegs passerer du stader som den nedlagde buplassen Almen, der stovehuset bokstavleg talt ligg under ein stein! 6. SJÅ VILLAKSEN PÅ NÆRT HALD Før storbrannen i januar var Lærdal kanskje mest kjend for si eineståande lakseelv. Her ligg òg Norsk Villakssenter, opna av laksefiskaren kong Harald V 1. juni 1996. På senteret kjem du så nært villaksen det er råd å koma, så lenge du ikkje stuper i elva sjølv. Berre ei glasrute skil deg frå store ruggar som sakte sig forbi. Senteret er fylt med informasjon om elva, historia rundt laksefiske, og gjenstandar knytt til dette fisket kan du studera på nært hald. 7. SVEV PÅ STERKE VINDAR Du er kanskje ein av dei som drøymer om å sveva gjennom lufta i fritt fall, men ikkje heilt vågar spranget ut frå eit fly? I eit 36 meter høgt bygg på Tvildemoen, i gåavstand frå Vangen, kan du få oppfylt draumen. Voss vind let deg prøva kjensla av å flyta vektlaus i lufta, i ein vindtunnel og med trygge instruktørar rundt deg. Kraftige vifter held deg svevande. Einaste krava er at du er over 5 år og under 120 kilo, ikkje er gravid og ikkje

3 arturane! STERKE OPPLEVINGAR: Ulvik IL arrangerar motbakkeløpet Kvasshovden Opp (t.v.) 19. juli. Ekstremsportveko (øverst) opnar for sterke opplevingar over alt. I Lærdal (over t.v.) kan du læra alt om villaksen. I Voss Cup (over t.v.), 13.-15. juni, deltek innpå 8000 fotballspelarar. Turen «Norway in a nutshell» (t.h.) byr på landskapsvernområde, fjord, høgfjell og ei totaloppleving av Noreg. har skulderproblem. Ei oppleving du nok ikkje kjem til å gløyma så lett. 8. VOSS SITT EIGE GRAND CANYON Vil du halda beina trygt på jorda, men likevel få ei sterk naturoppleving, er Bordalsgjelet eit nærliggjande alternativ. Dette dramatiske elvegjelet ligg berre 10-15 minuttar gange frå Vangen, på stien gjennom Prestegardsmoen. Stien fram til elvegjelet sør for austenden av Vangsvatnet. Informasjonstavler syner korleis is og stein har grave ut gjelet. Stien inn i det djupe og dunkle gjelet er sikra med rekkverk. På grunn av det bratte og rasfarlege terrenget, er det viktig at ingen tek seg utanfor dei oppsette sperringane. Dette er ein kort og lett tur for dei aller fleste. 9. MORO PÅ OG UNDER VATNET Voss Rafting har sitt senter ved brua over Dugstadfossen, i Skulestadmo rett nord for Vangen. Senteret byr på ei lang rekkje aktivitetar, frå rafting av ulike typar og vanskegrader til rappellering med og utan foss, juvvandring, fisketur i kano, fjellturar, elvebrett og klatring i klatrepark. Aktivitetane er tilpassa alder og nivå, og du kan trygt ta heile familien med på rafting til dømes. Og når de kjem på land att, eller ned att frå fosserappelleringa, ventar eit varmt måltid i trivelege omgjevnader. 10. DEN KLASSISKE RUNDTUREN Norway in a nutshell vert kalla Noregs mest populære rundtur. Er du ute etter ein komfortabel dag der du stort sett flyttar deg rundt i det vakre landskapet med buss, tog og båt, er «Norway in a nutshell» noko for deg. Dette er sjølve klassikaren av guida turar. Turen startar i Bergen, med tog til Voss. Der stig du på bussen, som i sommarhalvåret tek deg ned gjennom Stalheimskleiva til Gudvangen. Derfrå er det båttur til Flåm på verdsarven Nærøyfjorden, Flåmsbana opp dei 20 spektakulære kilometrane til Myrdal stasjon på Bergens banen, der det er togbyte og tur attende til Bergen. NILS KVAMSDAL tekst BRYNHILD STEINE, VIDAR HERRE, SJUR HERRE, ØRJAN BRATTETVEIT foto nk@avisa-hordaland.no S ommarnytt Uttrågt. 35, 5700 Voss. Tlf. 56 51 13 30

4 DITT LOKALE HAGESENTER I BOGRØNT HAGESENTERET FINN DU ALT DU TRENG TIL HAGEN DIN. DET ME IKKJE HAR SKAFFAR ME! E16 Stort utval av frø og løk, såutstyr, staudar, frukt- og prydtre, vintergrønt, roser, rhododendron, blomekrukker både til inne- og utebruk. Me har Bogrønt sine jord og barkprodukt med høg kvalitet som plantane veks i. Også alle typar gjødsel. Hagereiskap frå Gardena, Fiskars og Svensk Stål industri med meir. Eigenproduserte blomar og plantar, med høg kvalitet og som er tilpassa lokale tilhøve. Service og fagkunnskap er høgt prioritert. Hjå oss møter du alltid ein gartnar som kan koma med gode råd for hagen din. Du fi nn oss på Rykke og på Torget gjennom sesongen. Me har òg no blomebutikk i Voss Sentrum Blome hjørna Voss. MOT MYRKDALEN Du finn oss i gartneriet på Rykke heile året og på Torget gjennom FARGERIKE heile sesongen. TVILDE No har me stor, ny parkeringsplass! STRANDAVEGEN TVILDESVEGEN STRANDAVEGEN E16 FARGERIKE TVILDE HARDANGERVEGEN TJUKKEBYGDVEGEN PALMAFOSSEN SKULE MOT GRANVIN Plantejord med naturgjødsel 3x50 liter kr 149,- OPE: MÅN-FRE 10-19 LAUR 10-16 SUN 12-17 PINSE: 8. JUNI STENGT 9. JUNI 12-17 Rykkesvegen 81, 5705 Voss Telefon 917 80 418

5 FINN HUSET DU DRØYMER OM I VÅR HUSKATALOG! HYTTEDRAUM PÅ VOSS? 4 STORE SOVEROM IDÉRIK HYTTEKATALOG! FOR SAL! 32 ULIKE OG SPENNANDE HUS Me ynskjer at denne katalogen skal inspirera deg til å realisera din eigen husdraum. Med vår trygge og oversiktlege byggeprosess som grunnmur, kan du bruka tida på alle dei spennande detaljane som skapar bustaden du drøymer om. Sjå meir på www.vossbyggsenter.no MANGE ULIKE HYTTE- TYPAR Me Me hjelper deg deg å å realisera draumen om eiga hytte. Me Me har har lokal erfaring om hyttebygging.i I over 25 år har har me me bygt bygd hytter tilpassa snøtilhøva i i vossafjella. Me Me brukar berre lokale underleverandørar og og gjev tett tett oppfylgjing gjennom heile byggetida. byggjetida. Me Me har har også hyttetomter for for sal. Sivlevegen 45c 2 moderne prosjekterte einebustader m/garasje i Sivlevegen Nydeleg panoramautsikt til Vangsvatnet, Voss Sentrum og Gråsida. Solrikt. Bruttoareal for ein bustad er 147 m 2 med eigande tomt + deleigd fellesareal. Ta kontakt med Øystein Måkestad på tlf. 911 11 255 / oystein@vossbyggsenter.no for nærare detaljar. PRIS FRÅ 4.550.000,- Tlf. Tlf. 911 56 51 11 15 255 55 brynalii 101 5705 Voss Brynalii 101 www.vossbyggsenter.no www.vossbyggsenter.no Hjå dei lokale forhandlarane finn du bilen som passar til deg og din bruk! Me forhandlar nye bilar frå heile 14 ulike bilprodusentar. I tillegg finn du til ei kvar tid eit stort og variert utval av brukte bilar. VOSS MOTOR SERVICE SENTER A S www.msbil.no

6 VÅTAST: Øvstedalen er den våtaste staden i Hordaland sitt distrikt. Her gjer Kåre Vassenden måling av siste timars nedbø: 7,2 millimeter. Det kom 72 i løpet av natta, seier han. Det fine ved å leva på ein stad som Øvstedal, der det fell nesten tre meter nedbør i året, er at du set skikkeleg pris på finversdagane. Ein vert jo van med vêret, seier Kåre Vassenden turt. Regn med å verta våt Ingenting er som litt regn om du skulle verta lei knuskturre, glovarme dagar med altfor sterkt ljos. Då kan du dra til Øvstedal, ei mil nord for Bolstad. Denne staden har gleda av å halda på nedbørsrekorden når det gjeld regn. I løpet av eit døger i mars 2011 plaska det ned heile 158,2 millimeter regn i denne klissvåte dalen som hyser tolv sjeler og omtrent 15 gonger så mange sauer. MÅ SLEPPA VATNET. 158,2 millimeter tilsvarer 16 10-liters-bøtter med vatn per kvadratmeter. Det er bibelske mengder. Også årsnormalen i Øvstedal slår grannane ned i støvlane. Medan Voss må ta til takke med ynkelege 1280 millimeter i året, og Bergen noko meir imponerande 2250 millimeter, kan Øvstedal klaska i bordet 2840 millimeter med klissvåt frontnedbør av beste klasse. Dalen er rett og slett ein søkkvåt stad, og forklaringa ligg i topografien. Her møter frontane som vert pumpa inn frå Nordsjøen bokstavleg tala veggen i form av fjell. Dermed må lufta stiga, og då vert ho kjølt ned og kondenserer. For å koma vidare må ho sleppa vatnet, og det gjer ho rett over hovuda på folk og fe i Øvstedal ei bygd godt plassert for regn. TAKLAR VÊRET. I dette vassriket er Kåre Vassenden fødd og oppvaksen, og her trivst han som fisken i vatnet. Nokon gonger kjenner han seg som ein fisk i vatnet også, men han har lært seg å takla det. Den sindige saue bonden asar seg ikkje så lett opp om det går nokre veker med samanhangande duskreng og skodde. Nei, det er ikkje gagn i å hissa seg opp over veret. Det kan ingen gjera noko med, heldigvis. Då ville alltid nokon vorte misnøgde, seier han frå benken utanfor huset. På andre sida av vegen høyrer me breking frå floren. Eit par kattar leikar på løebrua, men dei held seg under tak. Skodda heng i lia, og i lufta er det yr. Korleis er det å bu her som det regnar så mykje? Nei, det er no fint når det er sol då. Dessutan så vert ein jo vane med vêret, seier han roleg. SJEKKAR KVAR DAG. På bøen mellom tunet og elva står ein enkel nedbørsmålar. Kvar morgon sjekkar Kåre kor mykje nedbør som har kome siste døger, og kvar veke melder han inn tala til Meteorologisk institutt. Før han, var det mor hans som tok seg av dette arbeidet, og dalen har hatt målestasjon sidan 1944. Nja, 7,2 millimeter, seier han og sjekkar kolben ein gong til. I går kom det 72 millimeter, legg han til. Har de hatt nokre skybrot i det siste? Ja, det skjer rett som det er, men i juli i fjor kom det 29 millimeter på eit kvarter. Det var voldsamt. Flaumelva Galnagroa var ikkje vettig då. Ho var heilt svart då ho kom veltande fram over bakkane. Men det var verre i mars 2011, då det kom 158,2 millimeter på eit døger. Då var det isgang i elva også. Alt hopa seg opp ved brua på Mæland, lenger nede i dalen. Me var isolerte i fleire dagar her oppe, fortel han. SAUENE VIL INN. Når vêrvarslinga melder om sørvest i vente, veit Kåre at det går mot utvida sofatid. Kva gjer de når det høljar ned? Tja, det er no greitt å halda seg inne når det står på som verst. Elles vert det å kle seg godt. Sauene då, korleis taklar dei væta? Nei, dei likte seg no i går då dei fekk koma inn, seier Kåre, med ein smil. Me forstår at det ikkje er slik at Øvstedal alltid er like kliss våt, men statistikken som Kåre sjølv står bak, lyg ikkje, og verre ser det ut til å verta. MEIR REGN I VENTE. Dei som studerer klimaendringane seier at det skal regna 20 prosent meir på Vestlandet i framtida. Kva tenkjer de om det? Hm, må vel kjøpa meir regnklede då. Eg veit no ikkje om eg har så mykje tru på det, men det har regna noko meir

7 FINST IKKJE DÅLEG VER: Borna i Øvstedal taklar regnet godt. Det må dei. Madelen, Andreas og Madli Øvstedal leikar mykje saman ute, og bryr seg ikkje om vêret. FAKTA FINE TING VED REGNVÊR Det lærer deg å setja pris på finvêr. Du kan demma opp ein liten bekk, gjerne saman med born. Du kan sitja inne og kosa deg med fotball-vm, utan dårleg samvit. Det er bra for fisken. Det luktar godt ute etterpå, spesielt dersom det ikkje har regna på lenge. Viss du nyleg har mala huset, kan du oppleva ei meistringkjensle. Regnbogar kan dukka opp. siste åra, det merkar me, seier han, og tømer målebegeret. Kåre kastar eit raskt blikk på paraplyen vår. Kva er det som gjeld av uteklede då. Oljehyre eller Gore-Tex? Det einaste som er brukande er oljehyre og støvlar. Gore-Tex held i nokre dagar, men så lek det som ein sil. Og paraply er kanskje ikkje så mykje i bruk her i dalen? Nei. LEIKAR MED VATN. Borna i Øvstedal, Madelen (19), Andreas (7) og Madli Øvste dal (11), bryr seg ikkje så mykje om vêret. Dei fortel at dei likar å leika ute, ikkje minst med vatnet. Om vinteren står dei masse på ski. Med rundt tre meter snø burde skiføret vera sikra, og brøytearbeidet vert for dei vaksne å ottast for. Kva tykkjer de om at grenda dykkar har nedbørsrekord? Det er... kult, seier dei. BRA FISKEVÊR. Like før me skal dra, vert det opphald, og fjella over dalen kjem til syne. Ein del snø fortel at det kan verta vårflaum i år også. Me spør Kåre om det er noko bra med alt regnet? Det er no bra for fisket då, kjem det turt. Kva med regnturisme? Hadde det vore noko for deg? Nei, trur ikkje det. Eg held meg til sau, seier Kåre Vassenden. KARL YSTANES tekst INGERID JORDAL foto ky@avisa-hordaland.no OPPLEV REGNET: Ved Øykholmane øvst i Øvstedal er det ikkje godt å seia om det er mest vatn eller mest land. Stemningsfullt er det uansett.

8 Best under vatn Martin Hamre finn både sint fisk og stor sinnsro når han utforskar fjordar og sund på Vestlandet.

9 med krystallklårt vatn og mengder av fisk, i alle regnbogens fargar. Dykkarklubben dei tre er medlemer i har gjort undervasslandskapet litt meir tilgjengeleg for oss andre, gjennom webkameraet dei har ståande på 18 meters djup utfor kaien i Folkedal. Kameraet har i sju-åtte år vist tilhaldsstaden til ein steinbit, som går under namnet Gamle Gangdalen. Steinbiten er stadbunden, men er ikkje så ofte å sjå på vinterstid. Men han vart sett tidleg på nyåret, ifylgje Martin Hamre. Tre sparepærer skaffar lys, kamera og straumforsyning er rigga på Reodor Felgen-vis. Interessa for steinbit i klubben har i mange år gjeve seg utslag i ein steinbitfestival, kvar vår. Det starta som ein fest som 15-20 dykkarar med fylgje fekk i stand. Om dagen vart det dykka etter steinbit, som hamna på grillen om kvelden. Deltakinga auka, og menyen vart endra til fiskesuppe. OPP I DAGEN: Martin Hamre til venstre og Odd Hamre har sjekka ut ferjekaien i Kvanndal frå undersida. Ferja nærmar seg kaien i Kvanndal. Rett før har det vore tydelege luftbobler å sjå på overflata i kaiområdet. To av dei lokale dykkarentusiastane dukkar deretter opp bak piren, i trygg avstand frå «Hardingen». Nok eit dykk kan loggførast. Hobbydykkarane Odd Hamre, Martin Hamre og Bjarne Gåsøy er del av den harde kjerne i Triton Hardanger og Voss dykkarklubb. Odd og Martin har utforska kaiområdet under overflata. Bjarne oppdaga ein feil på drakta si, og måtte halda seg på land. Klubben har vore meir aktiv tidlegare, men er framleis i live og tek med glede mot nye med interesse for dykking. Kurs kan kjapt ordnast, om mange nok vil vera med. Aktiviteten i slike klubbar går litt i bylgjer, seier Odd Hamre, klubbleiaren. Oppvaksne i fjøresteinane er det ikkje rart at fjorden har lokka dei til utforsking. Dei tre har alt mange år bak seg med dykking som hobby. I vindtunnel og som fallskjermhoppar kan du oppleva sekundar eller minuttar som vektlaus. Som dykkar kan du ha denne kjensla i bortimot ein time, lokkar dei. HEILT UTKOBLA. Du kjem ned i ei heilt anna verd. Alt anna kan du kopla ut, hevdar Martin Hamre. Odd Hamre har den same kjensla av å verta fri frå alt anna som forstyrrar, når ferda går nedover i vatnet. Kanskje er ikkje kvart dykk og kvar dag like eineståande. Men så dukkar det opp noko uventa og spennande. Her ute pilte det ut ein stor fisk rett under magen på meg, det er ikkje heilt daglegdags! Bjarne Gåsøy dykkar no oftast fordi han har ein grunn, ein liten jobb å gjera. Fortøyingar til ein båt skal sjekkast, eller anna som ein må under vatn for å få tilgang til. Her i fjorden er det ikkje så mykje fisk å sjå, du skjønar kvifor det ikkje er lett å få noko på snøret. Dei fyrste åra var aller mest spennande, med opplevinga av å vera vektlaus og utforskinga av eit nytt område. HEILÅRSHOBBY. Dykking som hobby kan drivast heile året, og har ført dei tre til farvatn som er endå meir varierte og innhaldsrike enn Granvinsfjorden. Det har vorte hausta kamskjell ved Bømlo, og Martin såg både krabbe og skate på sine påskedykk ved Sæbøvik. Dei har kikka på vrak både i Gulen, i Ulvik og for ikkje å snakka om Fjordbuen, som sokk ved Stamnes for ein del år sidan. Sjølve dykkarhimmelen er Rødehavet, SUPPEKOKING. 30 liter suppe går med, utover natta. Har de oppskrifta? Njaa, det er kokkene som steller med dette, vedgår dykkarane. Men utgangspunktet er ei vanleg god fiskesuppe der ein har oppi mest mogeleg grønsaker, mykje fløyte, og så steinbit, så klart! Steinbiten er lett å hausta, for dykkarar med harpun og slynge. Lett og lett, forresten. Fisken er lett å koma innpå, men han er seigliva og sint! Det er ikkje alltid dykkarane er like høge i hatten, dvs dykkarmaska, viss fangsten mislukkast. Steinbit bit frå seg. Me tek dei ikkje mindre enn på firefem kilo. Den største me har hatt er på nesten 11 kilo. Martin Hamre har også sett steinbit i Granvinsfjorden som kunne vera på 20-25 kilo. Det var omtrent som ei ku som låg der! Dykking er sterkt anbefalt for nesten kven som helst, slik Odd Hamre ser det. Er du over 16 år og normalt frisk, kan du byrja med dykking. Det er mogeleg å leiga utstyr, men eige utstyr er greiast i lengda. Det kan vera dyrt i starten, men andre hobbyar kostar også mykje, meiner dei. Og så bør ein vera to når ein dykkar, om det skulle oppstå problem. SIGRID SEIM tekst og foto VIDAR HERRE foto ss@avisa-hordaland.no FOTO: BENT RAANES OG SARAH CAMERON SØRENSEN/NORWEGIAN SEAFOOD COUNCIL Havets skattkiste med steinbit Havets skattkiste er ein favoritt på grillen, og dette er oppskrifta på ein spennande variant med steinbit, eple og graskar. Du toppar det heile med heimelaga urtesmør. Denne porsjonen (nok til fire) krev 20-40 minuttars koketid og er enkel å laga. INGREDIENSAR 600 g steinbitfilet, utan skinn og bein 2 stk eple 200 g graskar 1 stk gulrot 4 stk potet, liten type 8 stk cherrytomat 20 stk sukkererter 1 ts salt 0,5 ts pepper 4 ark grillfolie solsikkeolje URTESMØR 1 ss persille, frisk 1 ts kjørvel, frisk 1 ss basilikum, frisk 1 ss graslauk, frisk 1 stk lime 100 g smør salt og pepper FRAMGANGSMÅTE Skjær steinbit i terningar, og skjer eple, graskar, gulrot og potet i bitar. Cherrytomater og sukkererter kan du behalda heile. Smør olje på grillfolie og legg på steinbit, eple og grønnsaker. Dryss salt og pepper på kvar pakke. URTESMØR Finhakk persille, kjørvel, basilikum og graslauk. Press saften av lime. Pisk saman urter, saften av lime og smør til det blir luftig. Smak til med salt og pepper. Legg ei spiseskjei urtesmør på toppen av kvar pakke. Pakk foliene saman som ein pose med opninga opp, og legg pakkene på grillen ca. 15 minutt. Server skattkistene med det tilbehøret du ynskjer.

10 TELEFON 926 11 029 Me tilbyr dagens meny av heimelaga mat, påsmurde baguettar, kaffi og kaker, fast food, take away og utkøyring av overtidsmat OPE: MÅN-TOR, SUN 10-20 FRE/LAUR 10-24* *03.30, OM DET ER GOD STEMNING I LOKALET. Me ønskjer velkomen til god mat og drikke i våre koselege lokale på Stanghelle! ME TREFFAST HJÅ NABOEN! FIN TIL KVARDAG OG FEST? FRISERING MAKE UP PARYKK Me har ryggmassasje i vaskestolane! TIMETINGING: 56 51 61 11 ELLER WWW.SVEISENFRISOR.NO Sveis n FRISØR AS Uttrågt 26, 2 etg. Tlf. 56 51 61 11 ARTIC CAT og YAMAHA-ATV Sjå og prøvekøyr Førsteklasses produkt til yrkes- og fritidsbruk YAMAHA og ARTIC CAT-snøscooter www.hardangerviddanatursenter.no Snøskjer - Snøfresar Alt i ATV-utstyr Moped Scooter lett MC Me utfører service og vedlikehald YAMAHA-kvalitet Godt utval i påhengsmotorar Rongve, 5700 Voss - Mob. 415 52 762 E-post: post@yamahatunet.no BK-hengar Alt i vare- og båthengarar Båtar i glasfiber, plast og aluminium: Yamarin - Pioner - Micore - Steady Alufish - Kimple - Viking www.yamahatunet.no Vi skreddersyr for deg! Sigdal har laget norskprodusert kvalitetskjøkken siden 50-tallet. Godt håndverk, grundighet og bred kompetanse har vært bærende for et av Norges mest tradisjonsrike kjøkkenmerker. Vi har opparbeidet oss stor kunnskap om hva kjøkkenet betyr i hverdagslivet for folk flest. VOSS KJØKKENSENTER AS BRYNALII Forhandlerens 101, navn, 5700 Forhandlerens VOSS TELEFON: adresse 56 og 51 telefon-nummer 15 55 E-POST: MARIT@VOSSKJOKKENSENTER.NO OPNINGSTIDER: Man- ons 00-00. Tors MÅN-FRE 00-00. 09.00-16.30, Fre 00-00. TOR Lør 09.00-18.00, 00-00 LØR 10.00-14.00.

11 Stort utval i barnekle og utstyr BARNEKLE I STR 0 14 ÅR T-skjorte Shorts Badetøy Solhattar Sommarhuer Genser Bukser Sokkar Strømpebukser Tights Undertøy Babykle Regnkle Parkdressar UTSTYR TIL DEI MINSTE Triller Barnevogner Bilstolar Babycall Reisesenger Senger Barnestolar Barnesikring Trappegrinder Leikegrinder Leiketeppe Stellebord Stelleutstyr Me er klare for friluftsliv i all slags vêr! OPNINGSTIDER: Mån ons, fre 9 17. Tor 9 19. Laur 10 15 Velkomen til ein hyggeleg handel! Du finn oss i sentrum, like ved Torget! FABRIKKUTSALGET Sandliveien 1 5721 Dalekvam KAJAKKAR FRÅ 4.400,- ME HAR DET! Telefon: 56 59 54 70 E-post: shop@dale.no God tur! Sommar med vossakraft! Velkomen til ei bygd full av energi. Velkomen til Voss!

12 FOR LIVET: Journalisten Karl Ystanes vart i ung alder stygt råka av fiskefeber. Etter det har han feber for livet. I denne teksten prøver han å fortelja korleis sykja artar seg. FOTO: PRIVAT Frå Sogn/Myrkdalen Hotel Jarl Vosso Esso Frå Hardanger S mmar på AMFI Voss 26 butikkar Voss Togstasjon Frå Bergen Park Hotel Vossevangen Vangskyrkja Vangsvatnet LIK OSS PÅ OPNINGSTIDER 10 19 (10 17) MENY 8 21 (8 20) AMFI.NO/VOSS

13 Kvifor står du med fiske stonga i timevis ved ei masete elv, eller trakkar rundt eit daudt fjellvatn medan du vert eten opp av mygg, for kanskje ikkje å sitja att med noko som helst? Feber for alltid Du fiskar fordi du er eit omsutsfullt og godt menneskje. Heilt sidan me som gutungar fanga småfisk frå brygga, eller sat roleg i lyngen ved ein liten høl i stølselva og fiska med mark og dupp, har eg tykt svært monn i fisketuren. Freden ved han. Spenninga og rusen frå nappet som ein sjeldan gong kjem. LUKKA som liten var å kasta duppen midt i elvehølen over skuggane eg såg på botnen. Å få til eit perfekt kast, sjå han dansa i straumkanten. Med eitt skar han ned i djupet, og eg viste noko levande drog han ned. Eg hadde lurt auren til å bita på. Sjølv vart eg hekta for livet. Seinare har det blitt meir utstyr, større fiskar, større elvar og lengre turar. Tonen i hugen er den same, om enn med eit påteke vakse ferniss av fornuftig snikksnakk. Men kvifor? Kvar kjem det frå? Kva er greia for ein fiskar? Kvifor berre må du til fjells i august? Kva er det som gjer at ei viss ætt i juli kan få deg heilt ut av fatning om du ikkje får dra i elva? Fjellvatnet har vore stein daudt i to timar, og du er svimmel av blodtapet frå stikka av tusen mygg. Men du held på. Kva driv eit menneske til slikt? ER DET NAPPET? Vulkanen i magen når fisken høgg? Tidlegare, då eg var blant dei absolutt ivrigaste, var det nok det. Då spela det inga rolle kvar eg var, om det var seint eller tidleg, varmt eller kaldt, ein fin kveld, eller ein vill kveld. Det var som eit tunnelsyn, som ei skodde. Alt eg såg var det som kanskje var nede i djupet, og stonga. Det handla berre om å få fisk, punktum. Eg var umetteleg på å kjenna dei same draga i snøret, utrasa frå snella og sjå stonga stå i boge. Seinare har det roa seg litt rundt sjølve nappinga. «Turen» har skore seg inn som ein større del. Hobbyen er no ein kombinasjon av tur og fisking, men dette må ikkje koma ut av kontroll. Difor ironiserer me ofte etter fiskelause turar. «Ja-ja, det vart ikkje noko, men me har no naturopplevinga», seier me og ler kjempeanstrengt. For turen åleine kan berre få avgrensa verdi. Eg budde ei tid i Oslo, og der var turen heilt sentralt i rekreasjonsarbeidet åt folk. Dei dreiv stadig og gjekk rundt. Men å dra på tur utan å ta livet av noko, og å få det med heim? Berre slengja rundt, liksom? Nei, det mettar ikkje på noko vis. DET ESTETISKE har likevel blitt ein sentral del av fisketuren etter kvart som eg har blitt eldre. Det går på kostnad av stongsvingaren, men intellektet tener på det totalt sett. Vinsten er at sjel LITE FISK: Frå han var liten gut har Karl Ystanes fiska. Men trass i at han brukar mykje tid på fiske, må han vedgå at han ikkje er nokon særleg god fiskar. FOTO: PRIVAT og sinn vert påverka av fuglesongen, det vesle glimtet av ein nyfiken mink, ein strandkrabbe som tøffar seg i tangen, ei ørn som sirklar eller ei vakker kvartsåre i skifergrunnen der du går på veg mot eit nytt nes der det kan stå ein fisk. Kulissane har blitt viktigare. Fisketuren er i senter. Naturopplevingane kjem som hyggelege bonusar. For ein fiskar er det viktig at det aldri vert omvendt. Du må ikkje dra på tur, og nett ta med stonga, sånn i tilfelle. Turfiske kan vera starten på å mista alt. KRIBLINGA. Ein fangst stiller suget ei stund. Men det går ikkje lang tid før du kjenner den same kriblinga etter å få fiskane på kroken, få dei i båten eller på land, få dei heim, få dei i frysen, få dei i panna eller i saltbakken og få dei på bordet. Handlar det om å skaffa mat? Ja, det gjer det faktisk. For mange av oss. Men kan du ikkje berre gå på butikken då? (Haha, der sette me deg fast.) Nei, for det handlar om måten maten vert skaffa på. Å bruka tid, slita litt, verta utolmodig og trøytt, kanskje svolten og lei, for så å fanga ein fisk, koplar deg til noko menneske har gjort i tusen år. Det gjev ei god kjensle å koma heim med mat som ikkje er kjøpt, men fanga. Så enkelt er det. BERGA LIVET. Sjølvsagt kan røynda knusa illusjonen, som i at familien heller vil ha taco, eller at hungersnauden ville vore langt framkomen før du endeleg greier å berga fyrste laksen i sesongen. Det er også strategisk uklokt å dra omsutsargumentet for langt, som at fisking er eit offer for familien sin del, noko du må gjera. Du fiskar ikkje for å berga familien, det må du vera ærleg om. Men kompetansen kan sjølvsagt koma godt med dersom alt går til helvete, og me på alvor treng evna til å lura ein fisk. I så fall vil det vera nok å leggja øvingsfrekvensen på heimevernsnivå, altså eit par gonger i året. Det er sjølvsagt langt frå tilfredsstillande for ein sann fiskar. Nei, ein får vera så ærleg å innsjå at fisking handlar mest om eigen glede. SPENNING. I tillegg er det noko som opphøgar fisking til ein tilstand av spenning og ro på same tid. Spenning i at kvart kast kan gje den store opplevinga, spelar saman med dei gjentakande kasta og skaper ei flytkjensle eg ikkje kan finna andre stader. Fisketuren står som ei motvekt til vår tids konstante avbrot og avleiingar, e-postar, SMS, linkar hit og dit, MMS, telefonar og Facebook-beskjedar. Fisking gjev deg ro, spenning og glede samstundes. Ja, eg vil gå så langt som å seia at fisking gjer deg godt, og det gjer deg betre. Å FÅ NOK. Er det råd å få nok? Dette ville me testa ein gong, fiskekamerat Sverre Jåstad og eg. Det var ein sommardag midt på 1990-talet. Alle økter under tre timar vart aldri tekne på alvor, og denne dagen hadde me nett gått på fri frå skiftarbeid ved sinksmelteverket i Odda. Me eigde tida åleine. Tidleg om morgonen gjekk me ut frå hamna i Kinsarvik. Derfrå dorga me til Eidfjord, tanka og åt is, dorga gjennom Simafjorden, ut til Osa, rundt heile Oksen og tok to rundar i Granvinsfjorden før det vart for mørkt. Då la me oss på ei strand nær Hamre, og vakna til ny dyst klokka 05.00 og 2 plussgrader. Så var det to nye rundar i Granvinsfjorden og deretter dorga me til Lussand. Her tok det til å verta litt einsformig. Som mottiltak køyrde me over fjorden, til Hesthamar, og tok for oss nytt og spennande land mot Utne og vidare inn Sørfjorden. Då me kom til Jåstad nådde me metninga. To knuskturre sjøaurar låg i båten og korsryggen knirka. Me gjekk i land og kjende at kjensla som alltid er der, av ikkje å få fiska nok, nett i dette belet var borte. I eit par dagar. Så kom ho att. Ho kjem alltid att. Kokt sjøaure KARL YSTANES Fang ein sjøaure (dette er den vanskelege delen av oppskrifta). Gjer opp fisken og kutt han deretter i langfingertjukke stykke. Kok opp salta vatn. Saltmengda skil seg frå person til person, men det er greitt med eit par spiseskeier salt til 1 liter vatn. Kjenner du deg fri og lett til sinns: kast i eit laurbærblad eller to. Nokon verdset litt dill i vatnet, men ikkje overdriv, då han kan ta over fiskesmaken. Fisken kan trekkast i 10-12 minutt, eller til kjøtet løyser beinet. TILBEHØR Godt attåt er poteter, smelta smør, agurksalat, flat brød, rømme og sitron.