Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Formannskapet Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Dato: 03.02.2014 Tid: 16:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet snarast råd. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling. Hilde Alice Vågslid Leiar Marit Seltveit Konsulent Side1
Side2
Saksliste Utvalssaksnr Innhald Politiske saker til behandling PS 14/3 Frigjering av pant i utskilte festetomter gnr 123, bnr 56 - Hallbjønnsekken Lukka Side3
Politiskesakertilbehandling Side4
Politiskesakertilbehandling Side5
Tokke kommune Arkiv: 611 Saksnr.: 2012/2090-29 Sakshands.: Olav Bjørn Bakken Direkte tlf.: 35075669 Dato: 27.01.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 14/3 03.02.2014 Kommunestyret Frigjering av pant i utskilte tomter gnr 123, bnr 56 - Hallbjønnsekken Vedlegg: 1 Pantedok, skjøte og avtale gnr 123, bnr 56 - Hallbjønnsekken 2 Fråsegn i saka frå leiar av Takstutvalet Saksutgreiing: Tokke kommune selde i 2013 gnr 123, bnr 56 til Hallbjønn Eiendom AS jf kommunestyresak 13/007 av 12.feb 2013. Kommunen sikra seg pant i heile eigedomen for kjøpesummen på 2 mill kr. Det har heile tida vore meininga at Hallbjønn Eiendom AS skulle gje hytteeigarane med festetomt tilbod om å løyse inn tomta. Inntektene frå desse innløysingane skal så gå til mellom anna å vidareutvikle anlegget jf kravet i pkt 10 i avtala om investering på minimum 3 mill kr i løpet av 5 år. Tilbod om innløysing er no sendt ut til hytteeigarane, og det er 43 tomter som i fyrste omgang er aktuelle for innløysing. For å koma vidare i salsprosessen så treng Hallbjønn Eigedom as å få frigjort pantet på 2 mill kr som hefter på kvar einaste tomt som vert skilt ut frå gnr 123, bnr 56. Det er innhenta råd frå advokatfirmaet Løitegaard, frå fylkesmannen ved Stein Elseth og frå leiar av takstutvalet. Oppsummert er råda som fylgjer: - Leiar av takstutvalet stadfestar at det heile tida har vore meininga at kjøparane skulle få selje tomter for å finansiere vidare satsing på Hallbjønnsekken, og kommunen vert tilrådd å frigje pantet på festetomter som vert innløyst sjå vedlegg. - Adv. Holløkken hjå Løitegaard understrekar at kommunen etter avtala sin ordlyd ikkje er pliktig til å frigje pantekravet, ev kan setje vilkår om delvis nedbetaling av kjøpesummen, men at det er opp til kommunen å avgjere dette. For eksisterande festetomter så utløyser ikkje innløysing av desse betalingsplikt til kommunen jf pkt 5 i avtala. Det er festetomtene som representerer dei viktigaste økonomiske realverdiane i eigedomen (bnr 56), slik at å frigje pantet på desse vil innebere ein klar svekking av pantetryggleiken. Side6
- Kommunerådgjevar Stein Elseth hjå fylkesmannen støttar ordførar si vurdering om at det bør ligge eit politisk vedtak bak kommunen sin ev frigjeving av pantet på eigedomen. Sidan avtala er vedteken av kommunestyret er det i prinsippet kommunestyret som også bør frigje pantet, men det er kurant at formannskapet trer inn i kommunestyret sin stad i medhald av kommunelova 13. Rådmannen si vurdering er at det er naudsynt for vidare framdrift på Hallbjønnsekken at kommunen som minimum frigjev pantet i dei eksisterande festetomter som skal løysast inn. Men også nye tomter der kommunen skal motta 50 % av salssummen for kvar slik tomt som nedbetaling på kjøpesummen på 2 mill kr, må få frigjeve pantekravet om tomta skal vera mogleg å selje. Alternativt kunne kjøparane betala heile kjøpesummen no og såleis få sletta pantet i det heile, men dette er økonomisk sett ikkje realistisk og i strid med intensjonane i avtala. Dei 43 festetomtene som pr i dag er søkt frådela eigedomen 123/56 har gnr/bnr frå 123/250 til 123/293. Rådmannen si tilråding: 1. Tokke kommune frigjev pantekrav stort kr 2 000 000,- tinglyst på gnr 123, bnr 56 i Tokke ref dokument nr 450206/2013 Statens kartverk, for alle festetomter godkjent i reguleringsplan av 21.mai 1999. 2. For nye tomter (tilleggstomter i reguleringsplan av 23.april 2013) frigjev også kommunen pantekrav som i pkt 1 ovanfor, men på vilkår av at kommunen tilkjem 50 % av salssummen i tråd med pkt 5 i avtala (dokumentnummer 450012/2013 i Statens kartverk). 3. Vedtaket vert gjort i medhald av kommunelova 13. Side7
Side8
Side9
Side10
Side11
Side12
Side13
Side14
Side15
Side16