mmm...med SMAK på timeplanen

Like dokumenter
mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen

Hva er Smakens uke? FOR LÆREREN

Hva er Smakens uke? FOR LÆREREN

Hva er Smakens uke? FOR LÆREREN

Hva er Smakens uke? FOR LÆREREN

Undervisningsopplegg for 6. trinnet. Lær elevene å glede seg over smak og mat

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Gjennomføringsveiledning for lærere med innholdsoversikt for forsøkene og handleliste

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Informasjon til elevane

Til deg som bur i fosterheim år

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

AKTIVITET: SFO SANSELØYPE

Tidsbruk: 60 minutter

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

N Ø K K E L H U L L E T

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Brukarrettleiing E-post lesar


Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Kom skal vi klippe sauen

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

KOR Klient og resultatstyrt praksis

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Fakta Framtidas skulebrød. 5. Framtidas skulebrød

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Lærarrettleiing 4. Måltida

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

FESTMAT I BARNEHAGEN. Holane 12, 6770 Nordfjordeid tlf

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kva er økologisk matproduksjon?

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Valdres vidaregåande skule

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Årsplan mat og helse 6. trinn

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Fakta Grove kornprodukt. Innhald. Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt

ETIOPIA. Hovedrett, del 1: Injera Etiopisk brød. Stekes som pannekaker Antall porsjoner: Nok til injera


Om å høyre meir enn dei fleste

Fakta Måltida. Innhald. brød og korn til alle måltider blodsukker frukost og skulemat. leiken kvardag

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Frå novelle til teikneserie

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Brukarrettleiing. epolitiker

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Mat til. Eit samarbeid med Fiskeriket UB frå Måløy VGS

Psykologisk førstehjelp i skulen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Ukesmeny med 1900 kcal daglig

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Årsplan mat og helse 7. trinn

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Brødsbrytelsen - Nattverden

Alfabetisk ordliste 55 Kort grammatikk 60

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Opplysningskontoret for frukt og grønt ønsker å inspirere og motivere til økt forbruk av frukt og grønt. Myndighetenes kostholdsanbefalinger lyder

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Stryn Bedriftsbarnehage AS Retningslinjer for mat og måltider i barnehagen

oppskrifter Grove kornprodukt Innhald havrerundstykke eplerundstykke gulrotrundstykke myslirundstykke glutenfrie eplerundstykke

Refleksjon og skriving

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Introduksjon til undervisningsmateriellet

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Transkript:

mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet

Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2 Forsøk 3 Forsøk 4 Forsøk 5 Kjære elev på 6. trinn! No skal du få vere med på eit morosamt og spanande skuleprosjekt: Med smak på timeplanen. Snart skal du få oppleve ulike smakar. På same måte som du trener opp musklane dine i gymtimen, kan du lære å trene opp smakssansen din. Kanskje blir du ein skikkeleg supersmakar? Supersmakarar er flinke til å forklare kva maten smakar. Å beskrive smak, kallast det. 1

Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2 Forsøk 3 Forsøk 4 Forsøk 5 Når vi skal ete noko, byrjar vi å tenkje på kva maten smakar allereie før vi har den i munnen. Kvifor det? Jo, om maten ser god ut, og vi veit at vi snart får noko vi likar, da er synet med på å smake. Før vi et, kjenner vi lukta av mat. Lukt vi likar, gjer at vi gleder oss ekstra mykje til å ete og smake. 80 % av smaken kjennest gjennom nasen. Men, kva om vi ikkje likar lukta? Om vi høyrer lyden frå noko som vert steikt i steikepanna, eller noko som lagast i miksmasteren, da veit vi at vi snart skal få smake på noko. Og når vi høyrer at nokon tygg på eit sprøtt eple da forstår vi at hørsla også tyder noko for smaken. Når vi gleder oss til middag, da er det kjenslene våre som forbereder oss på smaken av god mat. Men vi kan også bruke kjenslene til å kjenne på maten med fingrane og vi kan kjenne den i munnen. Til dømes når vi skal sjekke om ein halv kveitebolle er mjuk, eller om det er ein hard kavring. Det er først når maten er inni munnen av vi verkeleg smakar! Vi nyttar tunga og innsida av munnen (munnhola) til å smake med. 2

På heile tunga og i munnhola sit det nokre ørsmå sanseceller som vi kallar for smaksløkar. No skal vi utforske smaksløkane! Du skal bli din eigen smaksdommar. Kanskje kjem du til å tenkje at mat du har smakt på hundrevis av gongar før, smakar heilt ulikt no Smaksløkane i munnen kan kjenne skilnad på fem ulike smakar. Desse kallast for grunnsmakane. Grunnsmakane er: søtt, salt, surt, bittert og umami. 3

Vi trudde tunga fungerte slik... Nyare forsking viserat det er slik... 4

Oppsummering for supersmakarar Vi har lært at: Vi smakar med smaksløkane på heile tunga, men vi har også smaksløkar andre stader i munnhola. Lukta er viktig, for den blandar seg med grunnsmakane og gjev oss den spesielle smaken av ein matvare, til dømes smaken av eit eple. Og så har vi lært at både synet, hørsla og kjenslesansen også påverkar smakssansen vår. Det løner seg å vere modig! Om du er litt modig, og vågar å smake på mange nye matvarer, gjer du noko lurt! For da trur vi du kjem til å ete meir variert. Med det meiner vi at du likar mange ulike ting. Å ete variert er viktig for å ha eit sunt kosthald! 5

Kva smakar dette? No skal vi smake på fem av grunnsmakane vi har: Søtt, salt, surt, bittert og umami. Læraren har på førehand blanda smakane ut i vatn. Berre læraren har fasiten. Så no blir det spennande å sjå om du treffer! Det gjeld å konsentrere seg for kanskje smaken er så svak at den nesten blir borte? Utstyr til smaksforsøk 1: Eingongskopp glas med vatn til å skylje munnen mellom smakingane Slik gjer de det: 1. Lærar deler ut ein og ein av dei fem grunnsmakane. 2. Smak på blandinga du får, og fyll ut skjema på neste side. 3. Skyl koppen og munnen med reint vatn mellom kvar smak. 6

Mitt skjema til smaksforsøk 1. Namn: Første forsøk tynna ut med litt vatn Kopp 1. Kopp 2. Kopp 3. Kopp 4. Kopp 5. Når du får vite fasiten, kan du fargeleggje dei rutene du har riktig, med den fargen du meiner passar best til smaken. 7

Korleis smakar det når vi ikkje kan lukte? Smakssansen heng saman med luktesansen. Så kva skjer med smaken om vi ikkje kan lukte? Det skal vi forske litt på no! Utstyr til smaksforsøk 2: 2 eplebitar Slik gjer de det: 1. Lærar deler ut eplebitar. 2. Lukk auga og hald deg for nasen. Legg ein bit frå det eine eplet på tunga. Tygg godt og bruk god tid på å kjenne på smaken. Fyll ut skjemaet på neste side. 3. Gjer forsøket ein gong til og gje tilbake luktesansen. Smakar det meir no? Er det lettare å smake skilnad på de to eplebitane no? 4. Skriv inn i skjemaet på neste side. 8

Mitt skjema til smaksforsøk 2. Namn: Fyll ut kva du smakte. Nytt dine eigne ord for å beskrive smaken! Smakte du ingenting, set du strek i den tomme ruta. Utan å sjå eller lukte Med syn og luktesans Eple: Annan mat: Eple: Annan mat: EKSTRA Om det er tid, kan de gjere dette forsøket med andre matvarer enn eple også. Dette bestemmer læraren. Da kan de prøve med bitar av kokt skinke og kvitost, eller eple og pære. Utan å sjå eller lukte Med syn og luktesans Annan mat: Annan mat: Annan mat: Annan mat: Om de samanliknar kokt skinke og mild kvitost, greidde de å smake forskjell utan syn og luktesans? Skriv litt om dette i skjemaet, og fyll ut kva Annan mat var. Er det ikkje rart kor viktig luktesansen er for smaken? 9

Synet kan bedra! Mange matvarer ser like ut, men smakar heilt ulikt. Det skal vi sjå nærare på! Når vi lagar mat, er det viktig å vite og ikkje berre tru kva det er vi puttar i maten! Det er ganske stor skilnad på ei kake bakt med salt og ei kake bakt med sukker! Trur du ikkje? Læraren har vald ut kva matvarer og krydder de skal smake på. To og to ser temmeleg like ut men smakar dei likt? Utstyr til smaksforsøk 3: teskeier/smakepinnar glas med vatn til å skylje munnen Slik gjer de det: 1. Samarbeid to og to. 2. Bruk skaftet av ei teskei og ta litt frå ei og ei skål på tunga til den som skal smake. La han/ho få god tid til å kjenne på smaken. Fortsett så med resten av smakane. 3. Det er lurt å ta ein slurk vatn og skylje munnen mellom kvar nye smak. 4. Skriv ned kva du smakar i Smaksskjema 3 på side 12. 5. Bytt på å smake. 10

Like matvarer de kan smake på (læraren avgjer dette): 1. Salt og sukker 2. Bakepulver og vaniljesukker 3. Kanel og karri 4. Kardemomme og malt peppar 5. Melis og maisenna (eller potetmjøl) 6. Riven eple og riven rå potet 7. Riven kålrot og riven rå potet 8. Riven pepparrot og riven sellerirot 9. Paprikapulver og chilipulver (!) 10. Grøn oliven og grøne druer 11. Rød paprika og rød chili (OBS! Chili er sterkt!) 12. Paprikafrø og chilifrø (OBS! Chilifrø er sterke!) 13. Grøn te og eplejuice 14. Riven kvit sjokolade og riven parmesan 15. Eggerøre med litt salt og eggerøre utan salt 16. Heile byggkorn og heile kveitekorn (eller rug) 11

Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2 Forsøk 3 Forsøk 4 Forsøk 5 Mitt skjema til smaksforsøk 3. Namn: Fyll ut eit skjema for to og to matvarer som ser like ut. Beskriv kva du smakte med eigne ord og kryss av for kva du likte best/dårlegast! Dette trur eg var: Slik smakte det: Kryss av for: Best Dårlegast Test 1 Smak 1 Smak 2 Test 2 Smak 1 Smak 2 Test 3 Smak 1 Smak 2 Test 4 Smak 1 Smak 2 TIPS: Kan de lage ei ordliste over alt mat kan smake? 12

Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2 Forsøk 3 Forsøk 4 Forsøk 5 Same namn, men ulik smak! Vi drikk melk, et ost, brød og sjokolade, men klarar vi å kjenne skilnad på ulike typar av desse matvarene? Til dømes heilmjølk og skumma mjølk, mjølkesjokolade og mørk sjokolade. (Fleire forslag er på s. 14). Læraren har plukka ut nokre av matvarene frå lista på neste side. Desse skal de smake på med bind for auga. Du smakar nok lett at det er brunost, til dømes. Men klarer du å kjenne kva slags brunost det er? Utstyr til smaksforsøk 4: teskei glas til å skylje munnen Slik gjer de det: 1. Samarbeid to og to. 2. Den som skal smake først, får bind for auga eller lukk att auga hardt. 3. Den andre legg ein liten bit av matvara på tunga. Smak grundig. 4. Ta ein slurk vatn mellom smakane 5. Legg deretter den andre matvara med same namn på tunga og smak grundig. 6. Den andre skriv kva du trur/synes du smakar i ditt smaksskjema 4 på side 15. 13

Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2 Forsøk 3 Forsøk 4 Forsøk 5 Forslag til to ulike typar av matvarer ein kan smake på: 1. Mjølk (skumma mjølk og H-mjølk). 2. Sjokolademjølk (skulemjølk med kakaosmak og annan sjokolademjølk). 3. Syrna meieriprodukt (yoghurt naturell og lettrømme). 4. Sjokolade (mjølkesjokolade og mørk kokesjokolade). 5. Brød (fint brød og fullkornsbrød). 6. Kvit/gul ost (ein mild og ein kraftig). 7. Brun ost (ein mild og ein sterk, t.d. fløtemysost og geitost). 8. Skinke (kalkunskinke og vanleg skinke). 9. Speika kjøtt (spekeskinke og fenalår). 10. Steikt kjøttdeig (kyllingkjøttdeig og vanleg kjøttdeig). 14

Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2 Forsøk 3 Forsøk 4 Forsøk 5 Mitt skjema til smaksforsøk 4. Namn: * Her fyller du ut mjølk, sjokolade, brød eller kva det var. Matgruppe*: Dette trur eg var: Slik smakte det: Kryss av for: Best Dårlegast Skål nr 1. Skål nr 2. Skål nr 1. Skål nr 2. Skål nr 1. Skål nr 2. Skål nr 1. Skål nr 2. 15

Kaldt og varmt Smaken er ofte ulik i varm og kald mat eller drikke. Har du tenkt på det nokon gong? Ei kald matvare smakar ofte mykje meir når den får ligge på kjøkkenbenken ei stund. Sjekk om dette er rett! Vi skal forske litt på kva temperatur har å seie for smaken! Råvarer de kan smake på når dei er varme og kalde (læraren har plukka ut nokre av dei): 1. Solbærsaft 2. Sjokolademjølk (bruk gjerne skolemjølka) 3. Vatn 4. Eple eller annan frukt 5. Ost 6. Kokt egg 7. Steikte kjøttbitar Slik gjer de det: 1. Smak først på den kalde maten. Kjenn godt etter kva den smakar. 2. Gjer det same med den varme maten. Kan du smake noen skilnad? 3. Fyll ut i Smaksskjema 5 på neste side. 16

Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2 Forsøk 3 Forsøk 4 Forsøk 5 Mitt skjema til smaksforsøk 5. Namn: Fyll ut mat / drikke, kva som smakte mest og kva du likte best. Mat/drikke: Sånn smakte det: Kryss av for det du likte: Best Dårlegast KALD VARM KALD VARM KALD VARM KALD VARM 17

Vi lager smaksstjerne Det meste av matvarer og krydder smakar av meir enn berre ein grunnsmak, men ofte er det ein eller to grunnsmakar som dominerer smaken i ei matvare. Da er det morosamt å lage ei Smaksstjerne for ei matvare! Her skal vi undersøke matvara og finne ut kor mange smakar dei har, og kor sterke dei er. Her jobbar alle kvar for seg. Matvarer du kan smake på (læraren har plukka ut nokre av dei): 1. Persille 9. Soltørka tomat 2. Kål 10. Tunfisk 3. Mørk sjokolade 11. Eple 4. Grovbrød 12. Druer 5. Steikt kylling 13. Hardkokt egg 6. Agurk 14. Oliven 7. Fersk parmesan 15. Banan 8. Tomat Slik gjer du det: 1. Kopier opp så mange smaksstjerner som du treng, og skriv namnet på matvara i midten av stjerna. 2. Smak på ei og ei matvare frå dei læraren har satt fram og vurder smaken nøye. 3. Kven av de fem grunnsmakane kan du smake? Om du kan smake søtsmak så skal du fylle ut det søte feltet i smaksstjerna. Fargelegg ei stripe om den er litt søt, to striper om den er ganske søt og tre striper om den er veldig søt. 4. Fargelegg dei andre felta i smaksstjerna på same måte. 18

Smaksstjerne Kven av de fem grunnsmakane kan du smake, og kor sterk er smaken? Salt Surt Søtt Namn på matvare Bittert Umami 19