Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:



Like dokumenter
SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

G A M A L E N G K U L T U R

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Til deg som bur i fosterheim år

FOLKEMEDISIN. 1. Kan De seie at innstillinga til sjukdom og synet på det å vere hardfør har skiftet i manns minne?

Hei alle sjøstjerneforeldre

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

MAKE MAKE Arkitekter AS Maridalsveien Oslo Tlf Org.nr

Vi lærer om respekt og likestilling

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i mars 1962 KRISTELEG MØTEVERKSEMD OG MØTEFORM

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Fra Forskrift til Opplæringslova:

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Månadsbrev for ROSA mars 2015

KJØTMAT. Norsk etnologisk gransking. Emne nr. 34 Mars 1952

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Jon Fosse. For seint. Libretto

6. trinn. Veke 24 Navn:

Norsk etnologisk gransking November Emne nr. 124 MARKNADEN

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Informasjonshefte Tuv barnehage

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Informasjon til elevane

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

HOL KOMMUNE. Politivedtekter

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Lønnsundersøkinga for 2014

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i september 1959 TURKEINNRETNINGAR FOR KORN OG MALT


Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Les for livet - del 2 (Ref # )

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

mmm...med SMAK på timeplanen

Brukarrettleiing E-post lesar

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Stemnehandboka for NKSF

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Saksbehandling kva er no det?

Brødsbrytelsen - Nattverden

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015


BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

2/12 Søknad om motorferdsel på og vedlikehald av vegar i Traudalen Rygg og Grov sameige

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Plan for overgangar. for barn og unge

Transkript:

Norsk etnologisk gransking November 1947 Emne nr. 6 FOLKELIGE MUSIKKINSTRUMENT Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar: A. Vanlege musikkinstrument, der det er sett opp 13 ålmenne spørsmål som skal svarast på for kvart einskild instrument. Dessutan er det sett opp nokre serskilde spørsmål fra a b c d o.s.b. under sume av dei einskilde instrumenta. Desse spørsmåla høver det då best å svar på i samband med spm. 4. B Byinstrument C. Larmeinstrument og andre primitive instrument D. Mellomalderlege musikkinstrument. Svara vil stundom verta klårare dersom De kan setja opp små riss eller teikningar. Fotografi er òg av stort verde. 1

BOLK A Ålmenne spørsmål som det skal svarast på for alle instrument i bok A. 1) Har instrumentet vore kjend i Dykkar bygd? Kva namn har ein på instrumentet? Kva namn har dei einskilde delene av instrumentet? Dersom det finst lause deler som høyrer til instrumentet (t.d. boge, fjørøpinne, felestokk, harpehus o. l.), kva kallar ein då slike? 2) Veit ein når instrumentet kom i bruk? Kvarifrå kom det? Har det gått or bruk? Når hende det? Vart det fortrengd av eit anna instrument? Kva for eit? 3) Vart det ferdige instrumentet ført inn frå andre bygder eller landsluter? Kvarifrå, og av kven? Eller vart det laga i Dykkar bygd? Kjenner De i så fall namn på folk som var serleg flinke til dette arbeidet? Kva tid levde dei? Lever dei enno? Det er av interesse å få kjenneskap til så vel eldre som yngre instrumentmakarar i distriktet. 4)Skildra instrumentet i form og spesielle detaljar. (Sjå òg dei serlege spørsmål under kvart einskild instrument og svar på dei i samband med dette spørsmålet) Nemn òg dei viktigaste mål: lengd (1) bredd (b) høgd (h) (der desse måla er størst) og andre mål som kan ha interesse. Likeeins kor mange strenger eller fingerhol instrumentet vanleg har. 5) Kva slag materiale vart instrumentet laga av? Vart materialet ført inn, eller var det heimleg vyrke? 6) Korleis vart det laga? (Ei stutt framstelling av arbeidsmåten og reiskap som vart nytta.) 2

7) Med omsyn til strengeinstrumenta vil vi gjerne få vita a) Kva slag strenger vart brukt (tarmstrenger, tagelstrenger, metallstrenger e. l. )? b) Korleis fekk ein tak i strengene? Vart dei laga av spelemennene? Vart dei laga av serskilde strengemakarar? Eller vart dei ført inn? c) Korleis vart dei laga? 8) Har instrumentet vorte brigda frå det fyrst kom i bruk i bygda? Korleis? 9) Korleis vart instrumentet brukt? Fortel korleis ein spela på det, og korleis det vart halde under spelinga. Er det skilnad i gamal og ny tid? Vart det brukt ved serlege høve t.d. til å kalla saman folk, til å skræma dyr, til å lokka på feet, til dans eller liknande o.s.b.? 10) Kjenner De ymse variantar av instrumentet (same instrument med avvik i form, materialet, strengetal, fingerholtal avstemning e. l.)? Har slike variantar nådd større utbreiing? 11) Vart instrumentet prydd på spesiell vis? Korleis? 12) Finst det ovtru eller segner i samband med: a) Opphavet til instrumentet? b) Framstellinga av instrumentet? c) bruken av instrumentet? Var det sett på spesielle teikn? Korleis var dei? Var det vanleg med bumerke på instrumentet? 13) Kjenner De nokon i Dykkar bygd som har vore (eller er) serleg flink til å spela på instrumentet? Kva tid levde han (ho)? Lever han (ho) ennå? Det er av interesse å få kjennskap til så vel eldre som yngre spelemenn som har kunna spela på instrumentet. 3

Instrument som det er spørsmål etter I. Fele. (Vanleg fele, flatfele, dusingfele, tysk fele ) II. Hardingfele. (Haringfele, hord-gigje?. ) III. Nykkelharpe. (Løkkelje, tangentfele ) IV. Vanleg harpe. (Bondeharpe, krokharpe..) V. Langeleik. (Langspel, langhorpe..) a) Vart langeleiken spela med boge eller plekter (fjørøpinne)? ) VI. Humle. (Hummel.) VII. Salmodikon, også bassalmodikon. (Monokord ) VIII. Ropar. a) Vart han nokon gong brukt til å syngja i) IX. Lur. (Langelur, gjætarlur.) a) Fanst det lurar laga av berre never? Kva slag? Korleis var dei rulla i hop? Hadde dei noko munnstykke? b) Var det lurar av berre tre? Korleis var dei samansette? Med lim, vidjetog, jarnband eller liknande? c) Kjenner De lurar med fingerhol? Kor mange hol? d) Var det lurar som krøkte eller av ein annan form enn den vanlege rette? Korleis var dei? e) Vart det brukt noko laust munnstykke? X. Prillarhorn. (Pillarhorn, stut, tutarhorn, bukkehorn ) a) Korleis var blåseopninga, var det som på ein lur, der leppene lagar tonen, eller var det ei tre- (metall-) flis over opninga som laga tonen? b) Bruker ein berre fingerhola til å variera tonen, eller vert han variert ogso ved å dekkja av ein del av lydopninga med den frie handa? 4

XI. Vanleg fløyte. (Tussefløyte, tyskfløyte, tysfløyte.) XII. Andre fløyter. (Seljefløyte, halmfløyte, sjøfløyte, tverrpipe ) XIII. Sekkepipe. XIV. Munnhorpe. XV. Spikarfele. XVI. Tromme. XVII. Dersom De skulle ha kjennskap til noko anna folkeleg musikkinstrument enn dei her nemnde, vil vi be om å få det òg med. BOLK B 1) I kor stor mon har byinstrument (klaver, spinett, klavikord, hakeharpe, spissharpe, bratsch, cello, marintrompet, citer, guitar, lut, mandolin, klarinett, oboe, tverrefløyte, nessinginstrumenter, positiv, trekkspill, o.s.b.) vore i bruk i Dykkar bygd? 2) Vart dei berre brukt innan eit visst stand, (mellom embetsmenn o. l. ) eller var det òg bygdefolk som spela på sovorne instrument? 3) Førde desse instrumenta med seg ny musikk til bygda? Vart dei gamle slåttane òg spela på dei? Veit De om den nye musikken i nokon mon vart teken opp på dei gamle instrumenta? 5

BOLK C Larmeinstrument og andre primitive instrument Det finst òg ein viss type instrument, som har til føremål å bråka, anten for skræma vekk udyr, eller for å halda husdyr borte frå innmarka (hesteskramle, kråkesmelle o. l. ). Like eins har vi enkle reiskap eller leikar til å laga lyd eller ulyd med, t.d. ved å halda strå mellom tommelfingrane og blåse på det, blåse i never, neverspel o. l. Og vi har sjølvklingande instrument, som vert sette til å spela med hjelp av ver og vind, t.d. eolsharpa. Og så har vi ymse slag klokkespel, triangel, avstemde treplater, o. l. Alt dette ville det òg vera av interesse å kjenna nærare. Om det er, eller har vore kjent noko slikt instrument i Dykkar bygd, vil vi be om å få vita dette. 1) Kva namn har instrumentet hatt? 2) Korleis såg det ut, gjerne nokre skisser og mål? 3) Korleis har det vore brukt? 4) I kva høve har det vore brukt? BOLK D Mellomalderlege musikkinstrument Det er ein del instrument som vi no berre kjenner frå den gamalnorske litteraturen og einskilde biletframstellingar: giga, fidla, harpespel, o. fl., både strenge- og blåseinstrument. Spørsmål vedkomande desse instrumenta kan vi vanskeleg venta å få svar på, men vi vil i alle høve røkja etter om nokon skulle ha høyrt om slike instrument innan bygda. Det kan vera segner eller soger som enno lever att. Vi ville òg gjerne vita om nokon skulle ha kjennskap til at noko slikt instrument, eller deler av slike, enno eksisterer. (Vi har døme på at det kan ha vore teke vare på eit slikt instrument like til vår tid: rundlyra frå Kravik i Numedal. Og i grannelanda våre har slike instrument vore brukt heilt til i dag, t.d. talharpan i Svensk-Estland, og kantelen i Finland.) Dersom De kunne gjeva oss opplysning om slikt, ville vi vera sers takksame for det. 6