Kjøp av person- og godsrutetenester 2012

Like dokumenter
Kjøp av personog godsrutetenester. Fylkesdirektøren si tilråding

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Vedlegg 2 Rutereduksjonar 20. juni Nordfjord

Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

Helgebrigder mai, pinse og jul 2015 og påske og mai 2016 for lokalruter.

Ruteendringar frå 19. juni 2016

Søknad om nye ruteløyve for Nordfjordekspressen og Møreekspressen : : : Sett inn innstillingen under denne linja

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Dersom honnøreisande skal innrømmast høgare rabatt på fylkeskryssande ruter må det etablerast avtalar med andre fylke.

Hovudutval for samferdsle si prioritering på nivå 1-3. Uprioritert på kvart enkelt nivå

Kostnadsreduksjonar innan samferdsle

1. Opsjonen på ferjesambandet bør ikkje nyttast. Ny kontraktsperiode bør vere frå januar 2017.

Dialogmøte Nordfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Sogn. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Innspel til Regional transportplan

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Konsekvensar av hovudutval for samferdsle sitt vedtak i HS-sak 41/16

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Merknader til Widerøe sitt ruteprogram - ruteområde 13 FRO

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Rute Ekspressbåt Sogn - Bergen

Regional transportplan for Sogn og Fjordane Høyring av framlegg til planprogram

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Samferdsle og universell utforming i Sogn og Fjordane

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Kommunereform i Sunnfjord, Gloppen og Hafs

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Ny rutestruktur i Sogn og Fjordane

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Saman for framtida (Ref # )

Serviceskyssen i Gaular

Kommunesamarbeid - status og planar i Sogn og Fjordane Kommunal- og regionalkomiteen i Sogn og Fjordane, mars 2010 Olav Lunden, styreleiar i

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Samhandlingsreforma i Sogn

Dialogmøte i regionane

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

Kommune BARNEBØKER Tilvekst Avgang Totalbestand - barnebøker Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Magne Svåi Arkiv: N30 Arkivsaksnr.: 13/565

Saman for framtida (Ref # )

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Ny GIV Overgangsprosjektet

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Ekspressbuss som lokalt og regionalt transportmiddel. Fakta om rutene Lokalrutefunksjonar Regionale funksjonar Frå bygd til by Framtid

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Fylkeshuset Leikanger. Møtedato Kl. 10:00 15:00

Oppfølging etter forvaltningsrevisjon - Innkjøp og oppfølging av kollektivtransport

REDUKSIONI RUTEKM- UTKASTTILTILTAKI NETTBUSSM-N, REGIONMØRESØR

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Status prosjekt prehospitale tenester. Administrerande direktør Arve Varden

Barnehage og grunnopplæring. sentrale mål og føringar

12/100 SPESIALTRANSPORT

MØTEBOK. Hovudutval for samferdsle. Møtedato Kl. Kl 15:00 19:30

Delrapport 2 Modell 2

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Hovudutval for samferdsle si prioritering pä nivä 1-3. Uprioritert pä kvart enkelt nivä

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

12/100 SPESIALTRANSPORT

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

DIS- Sogn og Fjordane

Presentasjon av anlegg og tiltak i i kommunane i Sogn og Fjordane kva har vi lukkast med og kva er utfordrande?

VILKÅR FOR REISER MED BUSS OG BÅT I SOGN OG FJORDANE

Regionalt kjøp av kollektivtransport på veg, sjø og skinner. Mona Haugland Hellesnes, fylkesvaraordfører i Hordaland

Dialogmøte med kommunane i Nordfjord

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Hovudutval for samferdsle si prioritering pä nivä 1-3. Uprioritert pä kvart enkelt nivä

1 Hovudutvalet for samferdsle rår til ei slik prioritering mellom programområda (i mill. kr)

Vegliste /65 MOBILKRAN M.M. Fylkes- og kommunale vegar Oktober Sogn og Fjordane. Foto: Steinar Svensbakken

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Ruteinnspel frå kommunar og andre gjeldande frå 20. juni Vedlegg 1 Innspel som vert tilrådd imøtekomne: Innspel nr.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Dialogmøte med kommunane i Sogn

Landbruk og jordvern i plansaker

Utviklingsprosjekt kollektivtrafikk på Søre Sunnmøre -

Skyssreglement for grunnskulen i Eid kommune

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Storehagen Atrium, Førde. Møtedato Kl. 10:00 15:00

Vegliste April S ogn og Fjo rd ane. w w w.ve gve s e n.no/ve gl is ter. Foto: Knut Opeide

Spelemidlar til idrettsanlegg fordeling av restmidlar og inndregne midlar

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Omklassifisering av delstrekningar fv 4 i Gulen kommune

Utvikling og verdiskaping rundt Sognebåten

Kulturdepartementet har stilt følgjande krav til anlegg som skal styrast tildeling styrt av fylkeskommunen etter regional plan;

Transkript:

Kjøp av person- og godsrutetenester 2012 Fylkesdirektøren si tilråding www.sfj.no

Innholdsfortegnelse SAMANDRAG... 1 1 INNLEIANDE MERKNADER... 1 2 RAMMEFØRESETNADER OG TINGINGSRESULTAT... 2 2.1 Det vedtekne budsjettet for 2012... 2 2.2 Ruteplanarbeidet... 3 2.3 Tingingar med rutebilselskapa... 3 2.4 Båtrutene... 3 2.5 Takstauke... 3 2.6 Arbeidsgjevaravgift... 3 2.7 Finansiering av kjøp av person- og godsrutetenester... 4 3 KJØP AV RUTEBILTENESTER GENERELT... 5 3.1 Sentrale omgrep og samanhengar... 5 4 KJØP AV RUTEBILTENESTER FIRDA BILLAG BUSS... 6 4.1 Omfang av tenestekjøpet... 6 4.2 Resultat frå tingingane... 6 4.3 Oversyn... 6 5 KJØP AV RUTEBILTENESTER NETTBUSS SOGN BILLAG... 7 5.1 Omfang av tenestekjøpet... 7 5.2 Resultat frå tingingane... 7 5.3 Sognebussen... 7 5.4 Oversyn... 8 6 KJØP AV RUTEBILTENESTER NETTBUSS NORDFJORD-OTTADALEN... 8 6.1 Omfang av tenestekjøpet... 8 6.2 Nettbuss Nordfjord-Ottadalen resultat frå tingingane... 8 6.3 Oversyn... 9 7 KJØP AV RUTEBILTENESTER RUTEBILANE I BREMANGER... 9 7.1 Omfang av tenestekjøpet... 9 7.2 Rutebilane i Bremanger resultat frå tingingane... 9 7.3 Oversyn... 9 8 KJØP AV RUTEBILTENESTER OPPSUMMERING OG SAMLEOVERSYN... 10 9 KJØP AV GODSBILRUTETENESTER... 11 9.1 Innleiande... 11 9.2 Rutebilane i Bremanger... 11 9.3 Nettbuss Nordfjord-Ottadalen... 11 9.4 Oversyn... 11 10 KJØP AV PASSASJERBÅTTENESTER AV FJORD1 FYLKESBAATANE... 12 10.1 Innleiande... 12 10.2 Prising av dagens tilbod til Fjord1 Fylkesbaatane... 12 10.3 Prising av ekspressbåtrutene til Norled... 13 10.4 Oversyn... 13 11 KJØP AV GODSBÅTTENESTER... 14 11.1 Innleiande... 14 11.2 Vurderingar... 14 11.3 Oversyn... 14 12 BYGDERUTER MED BÅT... 15 12.1 Innleiande... 15 12.2 Gjennomgang av dei einskilde bygderutene... 15

12.3 Båt-tilbod til veglause grender... 16 12.4 Oversyn... 16 13 SAMLEOVERSYN TENESTEKJØP... 17 14 TIDSPUNKT FOR RUTESKIFTE I 2012... 17 15 INNKOMNE INNSPEL OVERSIKT OG VURDERINGAR... 18 15.1 Innleiande... 18 15.2 Firda Billag Buss... 18 15.2.1 Fjaler kommune... 18 15.2.2 Askvoll kommune/førdefjorden Vel/Holmedal Vel... 18 15.2.3 Balestrand kommune... 19 15.2.4 Gaular kommune... 19 15.2.5 Høyanger kommune... 20 15.2.6 Jølster kommune... 20 15.2.7 Sogndal vidaregåande skule m/fleire... 22 15.2.8 Privatperson... 22 15.3 Nettbuss Sogn Billag... 22 15.3.1 Gulen kommune... 22 15.3.2 Luster kommune/ungdommens kommunestyre... 22 15.3.3 Solund kommune, med fleire... 23 15.3.4 Årdal kommune... 24 15.3.5 Sogndal kommune... 24 15.3.6 Reisemål Sogndal og Luster... 24 15.3.7 Privatperson Luster... 24 15.3.8 Eivindvik og Omegn Bygdeutvikling... 25 15.3.9 Arnafjord Bygdeutviklingslag... 25 15.4 Nettbus Nordfjord-Ottadalen... 25 15.4.1 Vågsøy kommune... 25 15.4.2 Hornindal kommune... 26 15.4.3 Selje kommune... 27 15.5 Båt- og ferjeruter... 27 15.5.1 Gulen kommune... 27 15.5.2 Bremanger kommune... 27 15.5.3 Fjaler kommune... 28 15.5.4 Askvoll kommune/atløy Vel/Joker Atløy... 28 15.5.5 Solund kommune m/fleire... 28 15.5.6 Vik kommune... 29 16 TILRÅDING... 30 VEDLEGG 1 HOVUDOVERSYN SELSKAPSVISE TINGINGAR 2012... 32 SELSKAP: FIRDA BILLAG BUSS... 32 SELSKAP: NETTBUSS SOGN BILLAG... 33 SELSKAP: NETTBUSS NORDFJORD OTTADALEN... 34 SELSKAP: RUTEBILANE I BREMANGER... 35 VEDLEGG 2 INNSPEL FRÅ KOMMUNAR OG ANDRE... 36

SAMANDRAG Innleiande Saka tek føre seg fylkeskommunen sitt kjøp i 2012 av personrutetenester på buss og passasjerbåt i tillegg til kjøp av godsrutetenester med bil og båt. Det fylkeskommunale rutetilbodet frå 1. mai 2012 vert fastsett i samsvar med tenestekjøpet. Ruteperioden vil gjelde frå 01.05.2012 til 30.04.2013. Rammeføresetnader og tingingsresultat Utgangspunktet er budsjettet vedteke av fylkestinget i sak 64/11. Rutebilselskapa sin reduksjon i kostnader med arbeidsgjevaravgift er trekt ifrå godtgjersla for 2012 til selskapa. Til grunn for saka ligg ruteplanarbeidet og tingingar med ruteselskapa, pluss ny avtale frå oktober 2009. Ruteselskapa og fylkeskommunen er samde om godtgjersla for 2012. Fjord1 Fylkesbaatane har vunne anbod på drift av lokalbåtrutene i perioden 01.05.12 30.04.20. Norled skal utføre ekspressbåtrutene mellom Sogn og Fjordane og Bergen i same periode. Kjøp av rutebiltenester Rutetilbodet godkjent i 2011 vert vidareført frå 01.05 2012. I den nye avtalen med buss-selskapa som vart sett i verk frå 01.01.2010 er det tatt utgangspunkt i dei faktiske trafikkinntektene, frå føregåande år. Dess lågare trafikkinntekter, dess høgare trong for godtgjersle. I den gamle avtalen godtgjorde fylkeskommunen ikkje den såkalla bussbransjeavtala, som mellom anna regulerer løn og kompetanseløft for sjåførane. I den nye avtalen vert buss-selskapa kompensert for kompetansetiltaka. Fylkesdirektøren rår til at rutebilselskapa i 2012 får ei godtgjersle på 213,523 mill. kr. Kjøp av godsrutetenester Fylkesdirektøren rår til at Rutebilane i Bremanger får ei godtgjersle på kr 300 000 for drift av godsbilruta. For 2012 får Nor Lines AS 1,066 mill. kr og Kyst1 får 2,062 mill.kr i tilskot til drift av godsbåten i Gulen, Solund og Askvoll. Kjøp av passasjerbåttenester og bygderuter med båt Fylkesdirektøren rår til at Fjord1 Fylkesbaatane får ei godtgjersle på 94,652 mill. kr til passasjerbåttenester dei skal utføre i 2012. Fylkesdirektøren rår til at Norled(Tide) får 14,453 mill. kr i godtgjersle for å drifte ekspressbåtrutene frå 01.05.12. Fylkeskommunen har avtale gjeldande fram til 30.04.12 med Flora kommune om rutedrifta i Florabassenget. Vi har òg avtale med Luster og Selje kommunar om kommunale ferjesamband og båtruter. Vidare har fylkeskommunen avtale med Solund kommune om refusjon av kostnader i samband med nedlegging av båtrute når det vart bygt veg til Sandvik. Fylkesdirektøren rår til at bygderutene får eit samla tilskot på 7,419 mill. kr i 2012. I tillegg er det avsett 1,5 mill. kr i 2012 til båt-tilbod for veglause grender.

1 INNLEIANDE MERKNADER Sogn og Fjordane fylkeskommune sin visjon er at vi skal ha eit fylke der det er trygt og enkelt å ferdast. Fylkeskommunen har mellom anna sett seg som mål å vere ein brukarorientert organisasjon ved å dekkje viktige delar av innbyggjarane sine tenestebehov, og medverke til ei god samfunnsutvikling. Fylkeskommunen sitt engasjement innanfor samferdsle er svært viktig for å medverke til ei god samfunnsutvikling i fylket. Frå 2006 er balansert målstyring teke inn i fylkeskommunen sitt styringssystem. I målekart for samferdsle er mellom anna å tilby eit kollektivtilbod innan gjevne budsjettrammer, god publikumsinformasjon om kollektivtilbodet og tilfredsstillande skuleskyss sett som nokre kritiske suksessfaktorar for samferdsle sine tenester. Fylkeskommunen prøver å nytte tilgjengelege midlar slik at fylket får eit kollektivtilbod som tilfredsstiller dei fleste innbyggjarane. I tillegg yter fylkeskommunen årlege tilskot for at informasjon om kollektivtilbodet skal nå dei reisande. Fylkeskommunen kjøper også tenester hjå ruteselskapa for å utføre skuleskyss, som er ei lovpålagt oppgåve. Fylkeskommunen fastset omfanget av person- og godsrutetilbodet for komande ruteperiode. Godtgjersle til busselskapa for person- og godsrutetenester vert avtalt på grunnlag av årlege tingingar og fleirårige avtalar. På båtsida er det gjennomført anbodskonkurranse på rutene. Nytt av året er at Norled (Tide) kjem inn som ny transportør på ekspressbåtane til Bergen. Fylkeskommunen fastset også billettaksten som dei reisande betalar når dei nyttar seg av kollektivtilbodet i fylket. I saka vert følgjande greidd ut: fylkeskommunen sitt kjøp i 2012 av personrutetenester, det vil seie bussruter og passasjerbåtruter fylkeskommunen sitt kjøp i 2012 av godsrutetenester Fylkesdirektøren kjem i saka med tilråding om godtgjersle for det fylkeskommunale rutetilbodet frå 01.05.12. 1

2 RAMMEFØRESETNADER OG TINGINGSRESULTAT 2.1 Det vedtekne budsjettet for 2012 Fylkestinget vedtok i sak 64/11 følgjande fordeling av samferdsle si budsjettramme for 2012 (tal i heile tusen): Passasjerbåtruter, bygderuter med båt kr 118,472 Bussruter; Skuleskyss og ordinære ruter kr 213,523 Kollektivtilbod; buss med godt trafikkgrunnlag kr 3,000 Skuleskyss med båt og utanfor rute, og tilskot til Aurland kr 4,700 Serviceskyss kr 2,000 Refusjon Flora og Gulen kommune kr 1,900 Kompensasjon til Solund kommune kr 0,500 Godsruter med bil og båt kr 3,450 Tilrettelagt transport og følgjekupongar kr 5,560 Planlegging og andre driftsutgifter kr 0,300 Ungdomskort kr 8,000 Trygt heim for ein 50-lapp kr 1,200 Lokale transporttilbod for ungdom kr 1,000 Felle ruteopplysningsteneste 177 kr 0,900 Fylkesdekkande ruteinformasjon TL kr 0,669 Passasjerterminalar kr 2,000 Elektronisk billettering (EMV) kr 2,000 Norled, elektronisk billettering kr 1,100 Kontingentar kr 0,346 KID-prosjekt, Serviceskyss i samarbeid med heleseteneste kr 0,150 Ufordelt/uføresette utgifter kr 0,400 Samla kostnader kr 371,170 2

2.2 Ruteplanarbeidet Fylkeskommunen har hatt eit nært samarbeid med ruteselskapa i arbeidet fram mot saka. Til grunn for saka ligg følgjande aktivitetar: produksjonsregistrering på kvar einskild bussrute frå rutebilselskapa budsjettbidrag frå ruteselskapa tingingar med alle ruteselskapa skriv til kommunane med fleire, der fylkeskommunen bad om innspel til rutetilbodet eit fylkesdekkande rutemøte 19. januar utgreiing av innkomne innspel Fylkeskommunen inviterte kommunane med skriv av 26. oktober 2011 til å kome med innspel til rutetilbodet frå 01.05.12. Innspela fylkeskommunen har motteke er nærmare omtalt i kapittel 15. 2.3 Tingingar med rutebilselskapa Det har vore gjennomført fellestingingar med selskapa denne vinteren. I tillegg har vi hatt selskapsvise tingingar med alle fire rutebilselskapa. Rutebilselskapa og fylkeskommunen er samde om godtgjersla for 2012. Konkurransetilsynet har ikkje kome med ny forskrift for maksimalpris for køyring med drosjebil for 2012. Det er likevel føresett ein prisauke på 3 prosent for undertransportørar i skuleskyssen frå og med hausten 2012. 2.4 Båtrutene Det har vore gjennomført anbodskonkurranse på båtrutene. Fjord1 Fylkesbaatane har vunne lokalbåtane i fylket. Norled (Tide) har vunne ekspressbåtane mellom fylket og Bergen frå 01.05.12. 2.5 Takstauke Takstane for buss vart ikkje auka frå 01.01.12, medan på båt auka dei med 3 prosent. Takstauken er lagt inn med full verknad i dei budsjetterte inntektene for båtselskapa. Prisen på ungdomskortet er den same i 2012 som i 2009, 2010 og 2011 - kr 350 pr. månad. 2.6 Arbeidsgjevaravgift Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vart lagt om frå 01.01.07. Kommunane i fylket, med unntak av Flora, Førde og Sogndal, har ein sats på 10,6 prosent for arbeidsgjevaravgift. Omlegginga medfører ein reduksjon i kostnadane for rutebilselskapa i fylket. Rutebilselskapa sin reduksjon i kostnader med arbeidsgjevaravgift som gjeld det fylkeskommunale tenestekjøpet, er trekt i frå godtgjersla for 2012 til selskapa. 3

2.7 Finansiering av kjøp av person- og godsrutetenester Tenestekjøpet i denne saka vert vanlegvis finansiert med midlar frå postane personruter bil og båt medrekna skuleskyss og godsruter bil og båt. Totalt er det 371,171 mill. kr til fordeling i denne saka. Det vart i FT sak 75/09 tildelt 3 mill. kr til betre kollektivtilbod med godt trafikkgrunnlag. Fylkeskommunen har tildelt midlar til mellom anna auka frekvens mellom Sogndal Leikanger og billigare billettar på Bybussen i Førde og Florø. Desse midlane er ein del av den totale ramma. 4

3 KJØP AV RUTEBILTENESTER GENERELT 3.1 Sentrale omgrep og samanhengar I dei følgjande kapitla vert det fylkeskommunale tenestekjøpet frå kvart av rutebilselskapa greidd ut. Det fylkeskommunale tenestekjøpet femnar om skuleskyss, ordinære personruter og nokre kombinerte gods- og personruter. I praksis er det ikkje noko skilje mellom skuleruter og vanlege bussruter. Rutebilselskapa må for kvart skuleår utarbeide eit skuleruteoversyn som mellom anna femnar om tal elevar og kommunal skysskostnad for den einskilde ruta. I tillegg til køyring med eigne bussar leiger rutebilselskapa også inn andre, her kalla undertransportørar, til å utføre transport for seg. Undertransportørar utgjer først og fremst drosje og private transportørar til køyring av skuleskyss. Fleire regionale bussruter og bussruter til/frå andre fylke er del av det fylkeskommunale tenestekjøpet. Døme er rutene Lillehammer Bergen (Øst-VestXpressen), Sogndal Bergen (Sognebussen), Årdalstangen Oslo (Valdresekspressen), Førde Nordfjordeid Ålesund, Stadlandet Ålesund og Måløy Sogndal. Det fylkeskommunale tenestekjøpet gjeld lokalruter og langruter samla. Dette er hovudgrunnen til at fylkeskommunen har fått forhandla fram ein «god pris» med rutebilselskapa. Dei lange rutene har god utnytting av mannskap og materiell og dreg såleis ned gjennomsnittsprisen. 5

4 KJØP AV RUTEBILTENESTER FIRDA BILLAG BUSS 4.1 Omfang av tenestekjøpet Det fylkeskommunale tenestekjøpet av personruter for 2012 femnar om 5,146 mill. vognkilometer med eigne bussar. I tillegg vert det leigd inn undertransportørar til skuleskyss for til saman 14,429 mill. kr. Følgjande fylkeskryssande langrute inngår i det fylkeskommunale tenestekjøpet: Førde Nordfjordeid Ålesund (Fjordekspressen) Firda Billag Buss samarbeider med Nettbuss Møre om denne fylkeskryssande ruta. Rutene Førde Oslo (Sogn og Fjordane Ekspressen), Bergen Trondheim (Fjordekspressen) og rutene Førde Bergen (Fjordekspressen) inngår ikkje i det fylkeskommunale tenestekjøpet på nokon del av strekningane. 4.2 Resultat frå tingingane Resultat frå tingingane syner følgjande prising av ruteproduksjonen i 2012 tal i heile tusen: kostnader eigne vogner kr 127 118 + undertransportørar kr 14 429 = sum kostnader buss kr 141 547 passasjerinntekter utan skule kr 26 581 + kommunal del skuleskyss kr 16 400 + godsinntekter kr 1 126 + andre inntekter kr 412 = sum inntekter buss kr 44 519 + skyss av vidaregåande elevar ekspressbuss kr 0 - reduksjon tilskot langruter kr 71 - reduksjon kostnader arbeidsgjevaravgift kr 775 = total trong for fylkeskommunal godtgjersle kr 96 182 (kostnader inntekter) 4.3 Oversyn Fylkesdirektøren rår til at Firda Billag Buss for 2012 vert tildelt ei godtgjersle på 96,182 mill. kr til drift av personruter. 6

5 KJØP AV RUTEBILTENESTER NETTBUSS SOGN BILLAG 5.1 Omfang av tenestekjøpet Det fylkeskommunale tenestekjøpet av personruter for 2012 femner om 3,715 mill. vognkilometer med eigne bussar. I tillegg vert det leigd inn undertransportørar til nokre få ordinære ruter, tilkallingsruter og til skuleskyss, for til saman 12,043 mill. kr. Følgjande fylkeskryssande langruter inngår i det fylkeskommunale tenestekjøpet: Årdalstangen Oslo (Valdresekspressen) Lillehammer Bergen (Øst-VestXpressen) Sogndal Lom (sommarrute) i samarbeid med Oppland fylkeskommune Sogndal Bergen (Sognebussen) Nettbuss Sogn Billag samarbeider med JVB om desse fylkeskryssande rutene. Rutene Førde Oslo (Sogn og Fjordane Ekspressen) og Bergen Ålesund (Fjordekspressen) inngår ikkje i det fylkeskommunale tenestekjøpet på nokon del av strekningane. 5.2 Resultat frå tingingane Resultat frå tingingane syner følgjande prising av ruteproduksjonen i 2012 tal i heile tusen: kostnader eigne vogner kr 91 770 + undertransportørar kr 12 043 = sum kostnader kr 103 813 passasjerinntekter utanom skule kr 25 530 + kommunal del skuleskyss kr 7 777 + godsinntekter kr 900 + andre inntekter kr 297 = sum inntekter buss kr 34 504 + skyss vidaregåande elevar ekspressbuss kr 229 - reduksjon tilskot langruter kr 1 043 - reduksjon kostnader arbeidsgjevaravgift kr 601 = trong for fylkeskommunal godtgjersle kr 67 894 (kostnader - inntekter) 5.3 Sognebussen Skyss la ned alle avgangane sine på Sognebussen frå 15.08.11. Ruta frå Sogndal kl. 1610 inneheld skuleskyss til Lærdal. Ruta frå Bergen kl. 0640 utfører lokalruter frå Lærdal sjukehus mot Sogndal. Nettbuss Sogn Billag ønskjer å køyre ruta frå Bergen kl. 0640 til Sogndal og frå Sogndal kl. 1610 til Bergen, mot at fylkeskommunen yter eit tilskot tilsvarande det dei «nødvendige» rutene ville ha kosta. 7

5.4 Oversyn Fylkesdirektøren rår til at Nettbuss Sogn Billag for 2012 vert tildelt ei godtgjersle på 67,894 mill. kr til drift av personruter.. 6 KJØP AV RUTEBILTENESTER NETTBUSS NORDFJORD-OTTADALEN 6.1 Omfang av tenestekjøpet Det fylkeskommunale tenestekjøpet av personruter for 2012 femner om 1,930 mill. vognkilometer med eigne bussar. I tillegg vert det leigd inn undertransportørar til skuleskyss for til saman 4,650 mill. kr. Følgjande fylkeskryssande langruter inngår i det fylkeskommunale tenestekjøpet: Stryn kl. 0615 Ålesund (Fjordekspressen) Stryn kl.1530 Ålesund (Fjordekspressen) Stadlandet kl. 0730 Ålesund Nettbuss Nordfjord - Ottadalen samarbeider med Nettbuss Møre om desse fylkeskryssande rutene. Rutene Bergen Trondheim (Fjordekspressen) og Måløy Oslo (Nordfjordekspressen) inngår ikkje i det fylkeskommunale tenestekjøpet på nokon del av strekningane. 6.2 Nettbuss Nordfjord-Ottadalen resultat frå tingingane Resultat frå tingingane syner følgjande prising av ruteproduksjonen i 2012 tal i heile tusen: kostnader eigne vogner kr 47 677 + undertransportørar kr 4 650 = sum kostnader kr 52 327 passasjerinntekter utan skule kr 8 059 + kommunal del skuleskyss kr 7 649 + godsinntekter kr 824 + andre inntekter kr 154 = sum inntekter buss kr 16 686 + skyss vidaregåande elevar ekspressbuss kr 595 - reduksjon tilskot langruter kr 72 - reduksjon kostnader arbeidsgjevaravgift kr 480 = trong for fylkeskommunal godtgjersle kr 35 684 (kostnader inntekter) 8

6.3 Oversyn Fylkesdirektøren rår til at Nettbuss Nordfjord-Ottadalen for 2012 vert tildelt ei godtgjersle på 35,684 mill. kr for drift av personruter. 7 KJØP AV RUTEBILTENESTER RUTEBILANE I BREMANGER 7.1 Omfang av tenestekjøpet Det fylkeskommunale tenestekjøpet av personruter for 2012 femner om 217 400 vognkilometer med eigne bussar. I tillegg vert det leigd inn undertransportørar til skuleskyss for til saman kr 235 600. 7.2 Rutebilane i Bremanger resultat frå tingingane Resultat frå tingingane syner følgjande ruteproduksjon i 2012: kostnader eigne vogner kr 5 369 600 + undertransportørar kr 235 600 = sum kostnader buss kr 5 605 200 passasjerinntekter utan skule kr 800 000 + kommunal del skuleskyss kr 555 600 + godsinntekter kr 150 000 + andre inntekter kr 17 400 = sum inntekter buss kr 1 523 000 + tillegg for korte ruter kr 154 400 - reduksjon kostnader arbeidsgjevaravgift kr 75 000 = trong for fylkeskommunal godtgjersle kr 4 161 600 (kostnader inntekter) 7.3 Oversyn Fylkesdirektøren rår til at Rutebilane i Bremanger for 2012 vert tildelt ei godtgjersle på 4,162 mill. kr til drift av personruter. 9

8 KJØP AV RUTEBILTENESTER OPPSUMMERING OG SAMLEOVERSYN Dei fire føregåande kapitla gjev følgjande oversyn over prisinga av tilbodet før ruteendringar tal i heile tusen: kostnader eigne vogner kr 271 935 + undertransportørar kr 31 358 = sum kostnader kr 303 293 passasjerinntekter utan skule kr 60 970 + kommunal del skuleskyss kr 32 382 + godsinntekter kr 3 000 + andre inntekter kr 880 = sum inntekter buss kr 97 232 + skyss vidaregåande elevar ekspressbuss kr 824 + tillegg for korte ruter kr 154 - reduksjon tilskot lange ruter kr 1 186 - reduksjon kostnader arbeidsgjevaravgift kr 1 931 + Endring i tilbodet og vidareføring kr 133 = Total kostnader for fylkeskommunen kr 204 421 + Kostnader kompetanseløftet kr 9 468 = trong for fylkeskommunal godtgjersle kr 213 523 (kostnader inntekter) 10

9 KJØP AV GODSBILRUTETENESTER 9.1 Innleiande I det følgjande vert det fylkeskommunale kjøpet av godsbilruter i 2012 greidd ut. Kombinerte passasjer- og godsruter som er ein del av det fylkeskommunale kjøpet er omtalt under kjøp av rutebiltenester. Fylkeskommunen kjøpte i 2011 tenester i samband med følgjande ruter: Bremangerlandet Florø Klubben Skatestraumen Haukedalen Berle Berleneset Stryn Hopland 9.2 Rutebilane i Bremanger Tenestekjøp 2011 I tenestekjøpet for 2011 inngjekk ruta Bremangerlandet-Florø-Bremangerlandet fem dagar for veka, samt spreiing av godset på Bremangerlandet. Samla kjøp i 2011 var kr 301 000. Grunnlag for godtgjersle og kjøp 2012 I budsjettprosessen for 2012 la administrasjonen fram eit forslag om å ikkje vidareføre ordninga med tilskot til godsbilrutene. Fylkestinget gjekk likevel inn for å oppretthalde tilskotet til Rutebilane i Bremanger fram til Bremanger II opnar i 2013. Rutebilane i Bremanger køyrer godsruta Bremangerlandet tur/retur Florø, som i fjor. Godsruta distribuerer varene rett til kunden og er einaste distribusjonstilbodet på Bremangerlandet. Ruta er basert på transport av mellom anna stykkgods, mjøl, matvarer og plastvarer. I tillegg kjem godsrutene Klubben-Skatestraumen-Haukedalen og Berle-Berleneset. Det vert lagt til grunn kjøp av godsrutetenester frå Rutebilane i Bremanger i 2012 på kr 300 000, jf. vedtaket til fylkestinget i sak 64/11. 9.3 Nettbuss Nordfjord-Ottadalen Tenestekjøp 2011 Godsbilruta Stryn-Hopland vart tildelt ei godtgjersle på kr 70 000 for 2011. Grunnlag for godtgjersle og kjøp 2012 Fylkestinget gjorde i sak 64/11 vedtak om å ikkje føre vidare ordninga med tilskot til godsbilruta Stryn Hopland i 2012. 9.4 Oversyn Fylkesdirektøren rår til at det vert gjort følgjande tenestekjøp for godsbilruter i 2012: Rutebilane i Bremanger kr 300 000 11

10 KJØP AV PASSASJERBÅTTENESTER AV FJORD1 FYLKESBAATANE 10.1 Innleiande Fylkeskommune har avtale med Fjord1 Fylkesbaatane om drift av båtruter fram til 30.april 2012. Frå 1. mai 2012 vil der vere 4 nye rutebåtavtalar som tek til å gjelde etter å ha vore konkurranseutsett. Norled (tidlegare Tide) har vunne avtale på: Nordfjord Bergen (hovudruta på kysten) Sogndal Bergen Sogndal (Sognebåten) Bergen Flåm Bergen (Sommarrute) Fjord1 Fylkesbaatane har vunne avtale på: Gulen Ytre Solund Hardbakke Nåra Mjømna Kolgrov Husøy Utvær Gåsvær Midtre Solund Hardbakke Nord-Solund Bulandet Sandøy Bulandet Kaupanger kai Frønningen (ferje) Vik Ortnevik Ortnevik Måren Nordeide Flåm Balestrand Florabassenget Kystvegekspressen Måløy Florø Måløy Måløy Silda/Hennøystranda Kabelferje på Hisarøy er ute på anbod med planlagt oppstart 1. mai 2013. Det er også ute anbod på mellombels avtale (vidareføring av dagens rute) inntil kabelferja kjem i drift. Det er sett av eit beløp til denne avtalen i budsjettet. Av omsyn til den pågåande konkurransen kan vi ikkje opplyse om forventa kostnad. 10.2 Prising av dagens tilbod til Fjord1 Fylkesbaatane For perioden fram til og med 30.04.2012 er endring i inntekter og kostnader regulert i avtalane. For perioden 01.01.2012 30.04.2012 er tilskotsbehovet 29,141 mill.kr. For perioden etter 01.05.2012 gjeld avtaler som vart inngått i 2010 og 2011. Fjord1 Fylkesbaatane har tre kontraktar på lokalbåtruter i Sogn og Fjordane og får fylgjande godtgjersle for i perioden 01.5.2012 31.12.2012: 12

Gulen, Solund og Askvoll: Lærdal, Vik og Høyanger: Flora, Bremanger og Vågsøy: Sum godtgjersle Fjord1 Billett inntekter: 16 206 mill. kr 11 333 mill. kr 37 972 mill. kr 65 511 mill. kr 3 333 mill. kr Fylkeskommunen skal kjøpe brutto båtruter i 2012 hjå Fjord1 Fylkesbaatane for 65,511 mill. kr, billett inntekter er 3,333 mill. kr. 10.3 Prising av ekspressbåtrutene til Norled Norled AS har kontrakt på ekspressbåtane mellom Sogn og Fjordane og Bergen og får ei godtgjersle på 14,453 mill. kr i perioden 01.05.2012 31.12.2012. 10.4 Oversyn Fylkesdirektøren rår til at: Fjord1 Fylkesbaatane får ei godtgjersle på 29,141 mill. kr til passasjerbåttenester i perioden 01.01.2012 30.04.2012. Fjord1 Fylkesbaatane får ei godtgjersle på kr 65,511mill.kr til passasjerbåttenester i perioden 01.5.2012 31.12.2012 Norled får ei godtgjersle på 14,453 mill. kr til passasjerbåttenester i perioden 01.05.2012 31.12.2012. 13

11 KJØP AV GODSBÅTTENESTER 11.1 Innleiande Ruta frå Bergen til Gulen, Solund, Hyllestad og Bulandet/Værlandet er den einaste godsbåtruta fylkeskommunen involverer seg i. Ruteopplegget er basert på avgang måndag, onsdag og fredag kvar veke frå Bergen. Ein gong for veka er ruta forlenga til Bulandet/Værlandet. I Gulen kommune har ruta anløp av Ånneland, Mjømna, Eivindvik, Sollibotn, Nyhamar og Dingja. I indre delar av Solund har ruta anløp på Losna, Nesøy, Nesefjorden og Hardbakke. I ytre deler av Solund har ruta anløp av Nåra, Kolgrov, Husøy, Hjønnevåg, Ytrøy, Tangenes, Lågøy, Hersvikbygda, Færøy og Buskøy. I Hyllestad har ruta anløp i Storakersund. I tillegg kan stadar som ligg i nærleiken av rutetraseen få anløp inntil 2 gongar pr. veke ved behov. 11.2 Vurderingar Nor Lines AS har drifta godsbåtruta i sidan 01.10.09. Drift av godsbåten i 2011 var på 2,911 mill. kr. For perioden 01.01.12-30.04.12 vert tilskotet til Nor Lines 1,066 mill. kr. I 2011 vart godsbåtruta anbodsutsett for perioden 01.05.2012 30.04.2020 (22). Reiarlaget Kyst1vann anbodet med anbodssummen 2,9 mill. kr. Etter reguleringar av kostnader for 2012 er tilskotbehovet pr. år 3,093 mill. kr. For perioden 01.05.2012 31.12.2012 vert tilskotet til Kyst1 2,062 mill. kr. 11.3 Oversyn Fylkesdirektøren rår til at Nor Lines AS får ei godtgjersle i 2012 på 1,066 mil. kr og Kyst1 AS ei godtgjersle på 2,062 mill. kr til drift av godsbåtruta frå Bergen til Gulen, Solund og Askvoll. 14

12 BYGDERUTER MED BÅT 12.1 Innleiande Bygderuter med båt er lokale båtruter der kommunane er ansvarleg for drifta, medan fylkeskommunen yter ei godtgjersle. Kommunane er sjølve som regel inne med ei mindre godtgjersle. Ein del av desse båtrutene har ein blanda funksjon ved at einskilde turar er lokalrute, medan andre turar først og fremst er skuleskyss. Fylkeskommunen yter i fleire høve såleis både bygderutetilskot og skuleskyssgodtgjersle til det same rutesystemet. 12.2 Gjennomgang av dei einskilde bygderutene Selje kommune Ruta Barmen Barmsund blir utført av ferja Barmøy med plass til 12 bilar og 58 passasjerar. Ruta har inntil 13 daglege avgangar i kvar retning og knyter øya Barmen til fastlandet. Ruta dekkjer også behovet for skuleskyss. Det vart i 2004 skrive ei 5-årig avtale med Selje kommune. I 2009 vart avtala forlenga med 5 år og gjeld no til 2014. Fylkesdirektøren rår til at det i samsvar med gjeldande avtale vert løyvd 2,257 mill. kr til drift av ruta mellom Barmen og Barmsund i 2012. Ruta Selje Seljeøya blir utført av Sunniva og tek 8 passasjerar. Det er opptil 5 daglege avgangar, inkludert tingingsruter. Ruta vert brukt av fastbuande og personar med feriehus. I tillegg gjer restaureringa av Selje Kloster at det er behov for fleire tingingsruter. Selje kommune er ansvarleg for drifta av båtruta og yter eit tilskott som er omlag like stort som det fylkeskommunen gir. I 2009 vart det inngått avtale mellom fylkeskommunen og Selje kommune om tilskot til drifta av denne ruta i perioden 2009 2014. Fylkesdirektøren rår til at det i samsvar med gjeldande avtale vert løyvd kr 124 000 til drift av ruta mellom Selje og Seljeøya i 2012. Flora kommune Flora kommune har den mest omfattande bygderutetenesta i fylket. Rutene fungerer både som bygderuter/arbeidsruter og skuleruter til/frå øyane i kommunen. Fylkeskommunen har ei avtale fram til 1. mai 2012 om rutedrifta med kommunen. Fylkesdirektøren rår til at det vert løyvd 4,037 mill. kr i 2012 i samsvar med avtalen. Alden Innbyggjarane på øya kan nytte ambulansebåten 14 gonger i månaden for reiser til Askvoll. For 2012 er det avtale med Helse Førde om bruk av ambulansebåten til denne ruta fram til 30. april. Kostnaden i 2012 vil bli om lag kr 230 000. Frå 1. mai 2012 vert denne ruta erstatta av ny båtrute mellom Alden og Værlandet. Den nye ruta er ein del av anbodet til Fjord1 Fylkesbaatane. Luster kommune Ruta Solvorn - Ornes blir utført av ferja Urnes. Det vart i 2008 teikna ny avtale med Luster kommune. Sogn og Fjordane fylkeskommune betaler Luster kommune eit tilskot kr 450 000 pr. år for drifta av ferjesambandet Solvorn Urnes. Skuleskyss på ferjesambandet er inkludert i godtgjersla. 15

Refusjon Austrefjordvegen Fylkeskommunen har tidlegare avtala med Solund kommune at innsparingar i båtrutene som ein følgje av vegutløysing til Sandvik/Grønevik skulle delfinansiere vegprosjektet. Vegen opna hausten 2006. Årleg refusjon er avtalt til kr 321 000. 12.3 Båt-tilbod til veglause grender Fylkestinget vedtok i april 2010 kva som skulle vere fylkeskommunalt rutetilbod med båt. Det var i denne saka lista opp veglause stadar i fylket utan båtrutetilbod. Det vart antyda ein kostnad knytt til å etablere slikt tilbod til 1,250 mill. kr. Marknadssituasjonen gjer at vi har auka denne til 2,250 mill. kr. Med verknad frå 1. mai 2012 rår fylkesdirektøren til å sette av 1,5 mill. kr til dette føremålet. 12.4 Oversyn Fylkesdirektøren rår til at fylkeskommunen yter følgjande bygderutetilskot i 2012(tal i heile tusen kr): Ruta Barmen Barmsund kr 2 257 v/selje kommune Ruta Selje Seljeøya kr 124 v/selje kommune Bygderutene i Flora kommune kr 4 037 v/flora kommune Ruta Askvoll Alden kr 230 v/helse Førde HF Bygderuta Solvorn Ornes kr 450 v/luster kommune Refusjon Austrefjordvegen kr 321 v/solund kommune Sum fylkeskommunale tenestekjøp kr 7 419 Samla kjøp bygderuter med båt vert 7,419 mill. kr for heile 2012. Båt-tilbod til veglause grender kr 1 500 16

13 SAMLEOVERSYN TENESTEKJØP Med det rutetilbodet som er tilrådd i denne saka ligg det føre følgjande trong for fylkeskommunalt tenestekjøp i 2012 alle tal i tusen: Ruteselskap: Firda Billag Buss kr 96 182 Nettbuss Sogn Billag kr 67 894 Nettbuss Nordfjord-Ottadalen kr 35 684 Rutebilane i Bremanger kr 4 161 Båt: Fjord1 Fylkesbaatane, 01.01-30.04 kr 29 141 Fjord1 Fylkesbaatane, 01.05-31.12 kr 65 511 Bygderute med båt kr 7 419 Norled kr 14 453 Godsbilruter: Rutebilane i Bremanger kr 300 Godsbåtrute: Nor Lines AS, kr 1 066 Kyst1 kr 2 062 Samla avtalt tenestekjøp i denne saka vert 323,873 mill. kr. Det er i tillegg avsett 9,468 mill. kr til ruteselskapa i samband med kompetanseløftet og 1,5 mill. kr til båt-tilbod til/frå veglause grender. 14 TIDSPUNKT FOR RUTESKIFTE I 2012 Ruteskifte i 2012 vert 01.05 for ruteperioden 01.05.12 til 30.04.13. 17

15 INNKOMNE INNSPEL OVERSIKT OG VURDERINGAR 15.1 Innleiande Vi sende ut eit brev 24. oktober 2011 til kommunane, der vi informerte om ruteplanarbeidet for 2012. Kommunane kan kome med ønske om endringar i allereie eksisterande rutetilbod. Det kan gjerast mindre justeringar, som ta vekk dårlege ruter og opprette nye ruter, eller utvide eit eksisterande tilbod. Det var fylkesdekkande rutemøte på Skei 19. januar 2012. Under kjem ei oversikt med vurderingar på dei innspela fylkeskommunen har fått inn. Dei inngåande breva er i vedlegg 2. 15.2 Firda Billag Buss 15.2.1 Fjaler kommune a) Innbyggjarane opplever mangelen på korrespondanse på ruta frå Rysjedalsvika via Dale til Førde med ekspressbussane som eit problem. Vurdering: a) Det har tidlegare år vore manglande korrespondanse i Rysjedalsvika mellom buss og båt. Dersom båtane var seine, måtte bussen gå for å nå korrespondansen med nattbussane i Førde. Firda Billag endra avgangstida 01.05.11 frå Rysjedalsvika slik at bussane går først når alle båtane er komne. Bussen går Rysjedalsvika Dale. For å oppretthalde rutetilbodet frå Dale til Førde i korrespondanse med nattbussane, sette Firda Billag opp ein ny buss frå Dale kl. 1930. Denne endringa gjer at det ikkje er samband frå Rysjedalsvika Dale Førde lenger. Dei fleste reisande på bussen frå Rysjedalsvika er lokalreisande mot Dale. Fylkesdirektøren rår til at bussruta ikkje vert endra. 15.2.2 Askvoll kommune/førdefjorden Vel/Holmedal Vel a) Ønskjer at avgangen søndagane vert flytta frå kl. 1745 til kl. 1905 for at bussen skal korrespondere med ekspressbåten frå Bergen. b) Ønskjer arbeidsrute frå Askvoll til ferja som er på Eikenes kl. 0715 og kl. 1615. c) Ønskjer ein bussavgang frå Askvoll kl. 1905 til Eikenes i korrespondanse med ekspressbåten. d) Kva når Dalsfjordbrua kjem? e) Ber om at morgonruta som gjekk frå Gjelsvik kl. 0630 til Førde og retur med ankomst Askvoll kl. 0900 vert starta opp att. f) Ber om at bussruta som går frå Førde kl. 2030 tysdag og fredag går heilt til Vågesvingen i staden for å stoppe på Høgda slik den gjer i dag. Vurdering: a) Å utsette avgangen frå Askvoll frå kl. 1745 til 1905 til Førde vil medføre stor ulempe for elevar som går på vidaregåande skule i Førde som kjem frå Værlandet/Bulandet. Ein vil også miste samband i Førde mellom anna til Høyanger/Balestrand. Fylkesdirektøren rår til at bussruta ikkje vert endra søndags ettermiddag. 18

b) Det går buss frå Askvoll kl. 0745 til Eikenes. Dersom det skal opprettast arbeidsruter frå Askvoll til Eikenes to gonger for dag, vil dette ha ein kostnad på kr 249 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert oppretta nye ruter mellom Askvoll og Eikenes. c) Siste buss frå Askvoll til Eikenes går kl. 1420. Å opprette ein ny bussavgang kl. 1905 frå Askvoll til Eikenes vil koste kr 149 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert oppretta ny bussrute frå Askvoll kl. 1905 til Eikenes. d) Ruter over Dalsfjordbrua vert å kome attende til. e) Ruta vart lagt ned i 2011 grunna lite bruk. I dag er det ikkje sjåførar i området, slik at bussen må starte i Førde. Kostnader på å starte opp att ruta vert kr 247 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at ruta ikkje startar opp att. f) Ruta har tidlegare gått til Vågesvingen, men har vorte korta inn sidan det er få reisande. Det er mogleg å sette ein «x» i ruteheftet som seier at ruta går til Vågesvingen dersom passasjerar. Dette vil utgjere kring 20 km ekstra dei gongane ruta går lenger enn til Kvammen. Fylkesdirektøren rår til at ruta vert forlenga til Vågesvingen dersom passasjerar. 15.2.3 Balestrand kommune a) Ber om at det vert tilrettelagt for å oppretthalde båtrute på Fjærlandsfjorden også for sommaren 2012. Det same gjeld for sommarruta over Gaularfjellet, Balestrand- Gaularfjellet-Førde-Bygstad. b) Generelt vil kommunen påpeika at tilrettelegginga for pendling med kollektivtransport til og frå Balestrand kan bli betre. Desse tilboda er ikkje alltid tilpassa arbeidstida for dei pendlande. Kommunen vil kome attende med innspel på dette ved seinare høve. Utviklinga av felles bu- og arbeidsmarknad er viktig for midtre Sogn og då er det avgjerande at kollektivtransporten i regionen legg til rette for dette. Vurdering: a) Dette er sommartilbod/turistrute som ikkje samferdslebudsjettet har midlar til. 15.2.4 Gaular kommune a) Ønskjer at siste buss frå Førde mot Sande og vidare sørover, som går kl.20.15 fredag og søndag, skal gå kvar dag. b) Vil gjere fylkeskommunen merksam på at timetalet for ungdomssteget etter planen skal aukast frå hausten 2012.. Utvidinga er på ½ klokketime og skal gjennomførast for 8. klasse frå hausten 2012. Kommunen meiner at for deira del kan det truleg samordnast ein del skuleskyss med skyss frå vidaregåande skule. Dersom dette ikkje kan gjerast, vil ein få to ruter med ein halv times mellomrom på dei same strekningane. 19

Vurdering: a) Ruta er ein del av Fjordekspressen. Ruta går kun fredag og søndag pga lite trafikk dei andre dagane. Det går rute frå Førde dagleg kl. 1815. Kostnaden ved å opprette rutetilbod for heile veka er kr 223 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert oppretta rute frå Førde kl. 2015 til Sande måndagtorsdag og laurdag. b) Kunnskapsdepartementet har i budsjettet for 2012 løyvd pengar til ei utviding av skuletida for ungdomssteget, og ein ventar eit skriv frå utdanningsdirektoratet om korleis dette er tenkt gjennomført. Fylkeskommune skal i dialog med kvar enkelt kommune i tida framover for å få til best mogleg skyssløysingar. 15.2.5 Høyanger kommune a) Ber fylkeskommunen legge betre til rette for at elevar heimehøyrande i Lavik regionen kan gå på vidaregåande skule i Høyanger og samstundes bu heime, ev. at skuleruta frå Vadheim kl. 0745 startar kl. 0800. b) Ber fylkeskommunen om å endre ruta om morgonen kl. 0650 til å gå via Førde sentralsjukehus slik at ein slepp bussbyte og venting i Førde. c) Ber fylkeskommunen om å gå gjennom rutetilbodet i kommunen med mål om å legge til rette for betre korrespondanse mellom rutene frå ytre strok av kommunen mot kommunesenteret. Vurdering: a) Dersom ruta frå Vadheim skal forlengast til å starte frå Lavik, utgjer dette ein kostnad på kr 187 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Det er mogleg å endre skuleruta frå Vadheim kl. 0745 til å starte kl. 0800 utan ekstra kostnader. Fylkesdirektøren rår til at skuleruta til Høyanger ikkje startar i Lavik. Fylkesdirektøren rår til at ruta frå Vadheim vert endra til kl. 0800. b) Bussen som går ruta frå Høyanger kl. 0650 er også ei skulerute for elevar på vidaregåande skule i Førde, og kan såleis ikkje køyre om sjukehuset. Fylkesdirektøren tilrår ikkje endringar i køyremønsteret ruta frå Høyanger kl. 0650. c) Fjordekspressen har rutetid i Vadheim kl. 1530. Det er ikkje mogleg å endre denne rutetida pga ferja frå Lavik kl. 1600. Dersom det skal verte korrespondanse i Vadheim med bussen som går frå Høyanger kl. 1515 til ytre deler av Høyanger, må det settast opp ein ny buss frå Vadheim kl. 1545 til Lavik. Kostnaden for denne ruta utgjer kr 187 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren tilrår at det ikkje vert sett opp ny rute frå Vadheim kl. 1545 til Lavik. 15.2.6 Jølster kommune Oppmoding frå kommunen om å utvide rutetilbodet slik: a) Ny rute frå Førde kl. 2200 til Skei onsdag og fredag. 20

b) Ny rute frå Skei kl. 2000 til Førde måndag, onsdag og fredag for å «spare» opp tid til fagutviklingsdagar. c) Vassenden skule ønskjer å starte skuledagen kl. 0850 måndag-fredag. d) Skulerute til Sandane og Sogndal til/frå Vassenden morgon og ettermiddag slik at elevar på vidaregåande skule kan bu heime. e) Ønskjer at det vert høve å reise med Sogn og Fjordane Ekspressen frå Skei kl. 2255 mot Førde laurdag. f) Utviding med ein ½ klokketime for veka for 8. klasse frå hausten 2012. Ut i frå det som gjeld i høve til skuleskyss, er fylkeskommunen pliktig til å ta dette med i planlegginga av rutetilbodet og å drøfte ei samordning med kommunane. Vurdering: a) Siste rute frå Førde mot Skei går kl. 2030. Å opprette ei ny rute frå Førde kl. 2200 kostar kr 160 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert oppretta ny rute frå Førde kl. 2200 til Skei. b) I dag går det rute frå Skei kl. 1905 dagleg. Å opprette ei ny rute frå Skei kl. 2000 til Førde tre dagar i veka kostar kr 241 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert oppretta ny rute frå Skei kl. 2000. c) Dette innspelet har vore greitt ut tidlegare, og det er ikkje nye moment i saka. Å framskunde skulestart på Vassenden skule med 10 min vil medføre at mykje av samordninga som er i dag på skuleskyssen mellom vidaregåande i Førde/Mo og grunnskulen på Vassenden ikkje kan gjennomførast lenger. Firda Billag Buss må investere i ein ny buss for å kunne greie skuleskyssen. Fylkesdirektøren rår til at Vassenden skule ikkje får starte skuledagen 10 minutt tidlegare. d) I dag går det skulebuss frå Fjærland til Sogndal. Dersom denne bussruta skal forlengast til å starte på Skei vil det koste kr 350 000 i 2012. Dersom skuleruta som går frå Årdalen til Sandane i dag skal forlengast til å gå frå Førde, vil de koste kr 216 000 i 2012. Fylkesdirektøren rår til at skuleruta Fjærland Sogndal og Årdalen Sandane ikkje vert forlenga. e) Denne ruta vart stengt for påstigning grunna svært mykje fyll. Ruta vart nytta som ei «festrute», og andre langtreisande passasjerar vart skadelidande og ruta mista kundar. Sogn og Fjordane ekspressen er ei kommersiell rute. Alternativet vert å sette opp ei lokalrute til ein kostnad på kr 80 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert sett opp lokalrute frå Skei kl. 2255 laurdag til Førde. f) Sjå vurdering pkt. 15.2.4, b). 21

15.2.7 Sogndal vidaregåande skule m/fleire a) Ønskjer at det startar opp ei rute Skei til Sogndal for elevar på vidaregåande skule. Student på Høgskulen ønskjer at det går ein buss frå Førde til Sogndal, gjerne med retur kl. 1200. Vurdering: a) Det går rute frå Sogndal kl. 1215 til Sandane med korrespondanse på Skei til Førde. Sjå pkt. 15.2.6 d). 15.2.8 Privatperson a) Kvifor går det ein halv time lenger frå Florø Sogndal enn Sogndal Florø? b) Burde vore hyppigare avgangar mellom Florø Sogndal, vise versa. c) Det er ikkje korrespondanse i Sogndal til Leikanger om kvelden. Vurdering: a) Reisetida kan vere ulik frå rute til rute. Dette skuldast mellom anna korrespondansar under vegs og eventuell ventetid. b) Det er mange avgangar mellom Florø og Førde. Frå Førde går det buss til Sogndal kl. 0815, kl. 0930, kl. 1230, kl. 1510, kl. 1645 og kl. 2030. Til desse rutene er det korrespondanse med buss frå Florø, men det kan vere litt ventetid i Førde på nokre avgangar. Frå Sogndal til Førde går det buss kl. 0510, kl. 0750, kl. 0910, kl. 1215, kl. 1625 og kl. 2020. Også her er det samband vidare til Florø, men det kan vere litt ventetid. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert sett opp fleire avgangar mellom Sogndal og Førde/Florø. c) Det er ikkje korrespondanse mellom buss frå fjordane i Sogndal kl. 2220 med buss til Leikanger. Bussen går frå Sogndal kl. 2205 til Vadheim i korrespondanse med buss frå Oslo og Bergen. Bussen må gå kl. 2205 pga ferja på Hella. Alternativt kan det settast opp ei ny bussrute frå Sogndal kl. 2220 til Leikanger til ein kostand på kr 237 000 i 2012. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert oppretta ny rute frå Sogndal kl. 2220 til Leikanger. 15.3 Nettbuss Sogn Billag 15.3.1 Gulen kommune Brandangersund brua opna i november 2010 og rutetilbodet har gått uendra sidan det. I samråd med fylkeskommunen skal Nettbuss Sogn Billag og Gulen kommune evaluere rutetilbodet og sjå på om det er endringar som vil vere fornuftige å gjennomføre. 15.3.2 Luster kommune/ungdommens kommunestyre a) Ønskjer ei rute som går frå Fortun ca. kl. 1600 til Sogndal måndag-laurdag med retur frå Sogndal ca. kl. 2000. b) Ber om at det vert vurdert pendlarbuss frå Gaupne til Sogndal/Leikanger. c) Det er viktig at det vert etablert eit fast rutetilbod frå Sogndal til Nigardsbreen i sommarsesongen, med gode forbindelsar vidare mot Balestrand og Flåm. d) Vidareføring av ordninga med lokal transporttilbod for ungdom. 22

Vurdering: a) I dag går det rute frå Fortun kl. 1820 Dx6 til Sogndal. Frå Sogndal går det ei drosjerute kl. 2115 til Gaupne. Fredag og søndag går det rute kl. 2230 frå Sogndal til Fortun. Ei ny rute på ettermiddagen tur/retur Fortun-Sogndal utgjer ein kostnaden på kr 563 000 i skuleåret i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert sett opp ny rute mellom Fortun og Sogndal på ettermiddag/kveld. b) I dag går det buss frå Gaupne kl. 0610 Dx67 i skuleåret til Sogndal. Buss vidare til Leikanger kl. 0705. Neste buss frå Gaupne går kl. 0655 og buss vidare frå Sogndal kl. 0745 til Leikanger. På begge rutene er det omstiging i Sogndal. Nettbuss Sogn Billag vil sjå på om det kan seg la seg gjere å la bussar gå gjennomgåande Gaupne Leikanger. Dersom ein skal auke tal avgangar mellom Gaupne Sogndal/Leikanger i tidsrommet kl. 0600-0900 vil dette vere svært kostbart fordi alle bussane er opptekne i skuleskyss. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert auke i tal avgangar mellom Gaupne og Sogndal/Leikanger. c) Nettbuss Sogn Billag skal utarbeide eit forslag og diskutere dette med Luster kommune med det første. Billaget vil omdisponere kapasitet og gjere endringar av rutetider for betre å møte det som vert etterspurt. d) Ordninga med Lokalt transporttilbod for ungdom vert vidareført i 2012. 15.3.3 Solund kommune, med fleire a) Skuleruta frå Hersvik kl. 0755 kan gå Hersvik Leknessund Hagelv og retur i omvendt rekkefølgje. b) Buss til ekspressbåtane i Krakhella må få direkte retur til Hersvik/Leknessund i samband med korrespondansen på Hagelv for å få raskare interntransport innan kommunen. c) Ynskjer busskur ved snuplassen i Leknessund. d) Ynskjer at minibussen på Hersvik-ruta vert skifta ut, ny buss må vere utstyrt med bilbelte. Vurdering: a) Billaget er usikre på kva som er meint her. Vil ta kontakt med kommunen. b) Det er direkte korrespondanse på Hersvik vegkryss i dag både til og frå ekspressbåtane morgon og kveld for dei som kjem frå Leknessund/Hersvik. Dersom det er reisande frå Daløy/Hardbakke som skal mot Leknessund må dei vente på Hersvik vegkryss kring 45 minutt. Dersom det skal settast opp ei ny rute frå Hersvik vegkryss mot Leknessund i mellomtida vil dette ha ein kostnad på kr 50 000 i 2012. Då er det lagt til grunn at ruta vert køyrt tre dagar i veka. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert sett opp ekstra avgang mellom Hersvik vegkryss mot Leknessund. c) Dette må takast opp med statens vegvesen. d) Det vart bytt buss like før jul, denne har bilbelte. 23

15.3.4 Årdal kommune Ny rute frå Øvre Årdal kl. 0845 til Årdalstangen tysdag og torsdag, med retur frå Årdalstangen kl. 1330 til Øvre Årdal. Vurdering: Det går ei rute kl. 0705 og ei rute kl. 1010 frå Øvre til Tangen. På ettermiddagen går det ei rute kl. 1325. Ei betring av tilbodet mellom Øvre Årdal og Tangen medfører ein auka kostnaden på kr 104 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert sett opp ny rute mellom Øvre Årdal og Tangen. 15.3.5 Sogndal kommune Ber om at prøveordninga med ekstra avgang frå Sogndal til Kaupanger natt til torsdag kl. 0030 og natt til laurdag kl. 0230 vert gjort til fast rute. Vurdering: Det er vanskeleg å få hybel i Sogndal, så mange studentar bur på Vesterland/Kaupanger. Fylkeskommunen vart kontakta hausten 2011 med førespurnad om å vere med i eit spleiselag mellom Sogndal kommune, fylkeskommunen og studentsamskipnaden. Spleiselaget vart inngått og turane har ein bruttokostnad på kr 2 650. Nettokostnaden vert så delt likt mellom dei tre partane. Fylkesdirektøren rår til at ordninga vert vidareført som ei permanent ordning og med kostnadsfordeling mellom Sogndal kommune, fylkeskommunen og studentsamskipnaden. 15.3.6 Reisemål Sogndal og Luster a) Ber om at Jostedalsbrebussen som køyrer frå Sogndal til aktivitetstilboda i Jostedalen tur/retur vert oppretthalden. b) Kvar ferjeavgang frå Kaupanger til Gudvangen og retur bør ha korrespondanse buss frå/til Sogndal. Vurdering: a) Sjå 15.3.2. b) Det er ofte lang tid mellom avgang og ankomst. Til dømes kan ankomst vere kl. 1410, medan avgang er først kl. 1600. Eit tilbod utover det vi har i dag vil auke produksjonen i tida 01.05-30.09 og kostnadane vert kr 200 000. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert gjort endringar i bussruta til Kaupanger kai. 15.3.7 Privatperson Luster Er det mogleg å forlenge ruta som går frå Luster kl. 0730 måndag-torsdag med retur kl.1610 til å starte frå Skjolden kl. 0715 og køyre til Skjolden om ettermiddagen? 24

Vurdering: Å forlenge ruta som startar frå Luster til å starte frå Fortun vil medføre ein auke i produksjonen og kostnadane vert kr 207 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at ruta frå/til Luster ikkje skal starte/slutte i Skjolden. 15.3.8 Eivindvik og Omegn Bygdeutvikling a) Ønskjer ei rute som kan køyre rundt i byggjefeltet i Eivindvik, Øvre Stølen, Midtunvågen, Tveita ved Nordgulen, gamle vegen på Haveland til/frå Sollibotn i korrespondanse med ekspressbåten. b) Rute til Dingja fredags- og søndagskveldane i korrespondanse med ekspressbåten. Vurdering: a) Ei utviding til å inkludere ulike sidevegar og byggefelt på eksisterande rute vil føre til svært lang framføringstid for dei passasjerane som bur langs det som i dag er traseen for ruta, Nordgulen, Leversund samt Dalsøyra. Dersom ein skal ta omsyn til desse må det settast opp ei ny bussrute Grinde-Sollibotn-Eivindvik/div-Grinde. Kostnaden vert kr 514 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert gjort endringar i køyremønsteret til bussen i Eivindvik som går i korrespondanse med ekspressbåten. b) Ei bussrute til Dingja fredag og søndag medfører ein auka kostnaden på kr 124 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert sett opp rute til Dingja fredag og søndag. 15.3.9 Arnafjord Bygdeutviklingslag Ønskjer at skulebussen frå Arnafjord til Vik for ungdomsskuleelevane startar seinare frå Arnafjord. Vurdering: I dag går skulebussen frå Arnafjord kl. 0730 til Vik kl. 0805. Skulen byrjar kl. 0830. Grunnen til at bussen er i Vik kl. 0805 er for å vere i korrespondanse med båten til Bergen. Det er ikkje så mange reisande med skulebussen som skal med båten, og dei reiser som regel kun til Nordeide for å ta buss til Førde. Reisande som skal til Bergen tek bussen kl. 0900 frå Vik. Fylkesdirektøren rår til at det vert endra avgangstid på skulebussen frå Arnafjord tilpassa skulestart i Vik. 15.4 Nettbus Nordfjord-Ottadalen 15.4.1 Vågsøy kommune a) Ber om at noko vert gjort med skuleruta til Måløy vidaregåande skule om ettermiddagen slik at elevane ikkje får ventetid. I tillegg har ikkje bussen som går frå Måløy kl. 1605 korrespondanse med bussar på Eid slik at elevar som bur lenger vekke enn Eid ikkje kan reise dagleg til Måløy vidaregåande skule. Elevar som sluttar kl. 1400 ventar til kl. 1430 og dei som sluttar kl. 1545 ventar til kl. 1605. b) Viktig for kommunen og næringslivet å ha gode tilførselsruter til dei lokale flyplassane. 25

c) Ungdomsrådet etterlyser eit betre kollektivtilbod på ettermiddag og kveld slik at ungdomar lettare skal kunne kome seg til og frå fritidsaktiviteter innan kommunen. d) Etterlyse også eit betre kollektivtilbod mellom bygdene og Måløy på dagtid i helgane, då spesielt med tanke på dei eldre i bygdene som er avhengig av kollektivtransport. Vurdering: a) Bussruta i dag frå Måløy vidaregåande skule mot Selje fungerer også som skulerute for Flatraket barneskule. For å redusere ventetida til elevane på Måløy vidaregåande skule som skal mot Selje, må det settast opp ny bussrute frå Måløy vidaregåande skule kl. 1405 til Selje og tomkøyring i retur. Dette vil auke produksjonen og kostnaden vert kr 276 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Dersom vi skal korte ned ventetida etter skuleslutt og til bussen går frå Måløy til Eid, må det settast opp ei ny bussrute. Ruta kan starte kl. 1355 frå Måløy, men då misser ein korrespondanse frå Oppedal. Ruta vert heller ikkje ei «samkøyringsrute» for vidaregåande og ungdomsskulen. Å framskunde rutestart vil føre til auka ventetid på Eid for dei som bur lenger vekke. Kostnaden vert kr 135 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Dersom vi skal framskunde rutetida når det er skuleslutt kl. 1545 på Måløy vidaregåande skule mot Selje, vil ein misse korrespondansen med ferja frå Oldeide og lokalbussen frå Nord Vågsøy. Ruta som går til Eid kan ikkje endrast. Bussen kjem frå Eid og har korrespondanse med ekspressbåten i Måløy til Bergen. Alternativet her er å sette opp ny bussrute kl. 1545. Kostnaden vert kr 327 000 i 2012. Til fråtrekk kjem inntektene. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert endra rutetider på skuleskyssen ved Måløy vidaregåande skule. b), c) og d) Sidan det ikkje er nokon konkrete framlegg til ruter, er det vanskeleg å rekne kostnader på dette. 15.4.2 Hornindal kommune a) Støttar forslaget om å starte opp rundturar med buss mellom Stryn og Volda når Kvivsvegen opnar 22. september. Må i ein prøveperiode ha minst tre rundturar pr. dag. Neste år bør ein vurdere å utvide lengda på ruta ev. til Byrkjelo. b) Fjordekspressen Stryn Ålesund må oppretthalde dei ruteavgangane som er i dag, også etter at Kvivsvegen opnar. I staden for å redusere tal avgangar for denne fylkeskryssande ruta bør fylkeskommunen vurdere kostnadsfordeling meir etter tal reisande internt i desse to fylka. c) For å sikre bu- og arbeidsmarknad ute i distrikta treng vi for framtida gode kollektive transportmiddel. Vurdering: a) Det er lagt opp til at det skal vere tre rundturar når Kvivsvegen opnar. Fylkesdirektøren rår til at det vert omdisponert innanfor samferdslebudsjettet i tertialrapport 1/12 eller 2/12 til nye ruter over Kvivsvegen. 26

b) Det er per i dag ikkje planar om å endre tal avgangar mellom Stryn og Ålesund etter at Kvivsvegen opnar. Det vil likevel vere naturleg å evaluere rutene i området etter ei tid. 15.4.3 Selje kommune Viser til innspel frå Vågsøy kommune om ventetida til elevane ved Måløy vidaregåande skule. Kommunen er positiv til at denne transporten vert gjennomgått på nytt, og at naudsynt materiell vert sett inn, men ventetida må ikkje førast over på elevane i grunnskulen. Vurdering: Sjå punkt 15.4.1 a). 15.5 Båt- og ferjeruter 15.5.1 Gulen kommune a) Sognebåten må ha stogg på Mjømna dersom passasjerar. b) Det er ei svakheit at diverse korrespondansar mellom båt og buss i Lavik ikkje lenger er på plass. Vurdering: a) Eit stogg på Mjømna vil innebere minst 5 minutt ekstra rutetid. Dette medfører endra rutetabell i båtruta og tilhøyrande korresponderande ruter, noko som er vanskeleg å få til utan negative konsekvensar. Fylkesdirektøren rår til at Sognebåten ikkje har stogg på Mjømna. b) Mange av bussrutene over Lavik er gjennomgåande ekspressruter som må ta omsyn til korrespondansar også andre stadar, både bussar og ferjer. 15.5.2 Bremanger kommune a) Ønskje om å endre ei ferjerute på strekninga Kjelkenes Smørhamn midt på dagen, til kveldstid kl. 2145. Ønskjeleg med denne endringa kvar dag, men viktigast på fredag og søndag i korrespondanse med buss. b) Ynskje om betre koordinering mellom rutetidene på ferjestrekninga Isane Stårheim og Anda Lote. Vurdering: a) Å endre ei ferjerute midt på dagen til kveldstid kl. 2145 er å endre rutetabellen tilbake til slik den var tidlegare. Endringa som vart gjort i fjor, var etter innspel frå Bremanger kommune. Det vil medføre noko komplikasjonar å endre ruta tilbake (avisdistribusjon laurdag 0645). Ruta midt på dag vert ein del brukt. Fylkesdirektøren rår til at ruteopplegget bør gå eit år til etter same opplegg som i dag. b) Anda Lote er eit ferjesamband med stiv frekvens og vil vere svært vanskeleg å endre på. Det ligg og på E39 som har ferjetider som korresponderer med dei andre ferjesambanda på E39. Isane Stårheim har korrespondanse med buss/skule både morgon, middag og kveld. Dersom ein skal endre på nokon av avgangane kan dette fort få innverknad på korrespondansane. 27

15.5.3 Fjaler kommune a) Ber om at skuleskyssordninga for elevar frå Atløy til Dale vidaregåande skule vert vidareført etter at kontrakten med skyssbåten går ut når inneverande skuleår er slutt. b) Framtidig stopp for ekspressbåten på Lutelandet. Vurdering a) Ruta har blitt brukt av 5-7 elevar kvart år. Båten har kapasitet på 7 pax. Ruta har fungert som tiltenkt. Vidareføring av skuleskyssordninga med båt ligg inne i budsjettet til fylkestinget, sak 64/11. Det er teke høgde for ei vidareføring av dagens kostnadsnivå. b) Lutelandet står framfor ei spennande utvikling. Reisetilbodet må vurderast opp mot utviklinga i reisebehovet i åra framover. 15.5.4 Askvoll kommune/atløy Vel/Joker Atløy a) Ordninga med skuleskyssbåt frå Askvoll til Dale vidaregåande skule må vidareførast. b) Ønskjer ein ekstra avgang frå Atløy mellom kl. 0915 og kl. 1020. c) Ønskjer å flytte ferjeavgangen frå Askvoll til Atløy kl. 0855 til kl. 0905/0910. d) Ønskje om å få flytte avgangen frå Askvoll kl. 0635 til kl. 0645. Vurdering a) Sjå 15.5.3 a). b) I dette tidsrommet ligg ferja i ro i Askvoll og har tid til ekstra avgang. Å sette opp ein ekstra avgang er kostnadskrevjande. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert sett opp ekstra avgang frå Askvoll til Atløy. c) Det er ønskjeleg å flytte ferjeavgangen for å få betre tid til å laste om varer i Askvoll. Tidsmessig er det vanskeleg å få tid til dette i dag. Flytting av ferjeavgangen 10-15 minutt vil hjelpe mykje. I høve ruter seinare i området og korrespondansar med buss let det seg gjere å endre ferjeavgangen utan auka kostander. Fylkesdirektøren rår til at ferjeavgangen frå Askvoll vert endra frå kl. 0855 til kl. 0905/0910. d) I dag ligg ferja i Gjervik frå kl. 0635 til avgang kl. 0700. Dersom avgangen vart utsett til kl. 0645 vert ikkje «tomgangstida» i Gjervik så lang. Det vil vere ein føremon om avgangen kl. 0635 vert justert til kl. 0645. Fylkesdirektøren rår til at avgangen frå Askvoll kl. 0635 vert endra til kl. 0645. 15.5.5 Solund kommune m/fleire a) Ønskjer avgang frå Daløy kl. 2250 kvar dag. b) Ønskjer at avgangen frå Haldorsneset vert flytta frå kl. 0720 til kl. 0710. c) Nordgåande ekspressbåt må få stopp på Vardetangen. Vurdering: a) Ferje frå Daløy kl. 22.50 kvar dag vil koste om lag 0,5 mill. kr. Per i dag går denne turen fredag kveld. Den gjekk tidlegare om søndagane, men vart flytta til fredag kveld i fjor. 28

Fylkesdirektøren rår til at det ikkje sett opp avgang frå Daløy kl. 2250. b) Ferja Haldorsneset kan flyttast frå kl. 0720 til kl. 0 710. Konsekvensen er at turen frå Daløy kl. 0710 må flyttast til kl. 0700. Endringa har ingen økonomiske konsekvensar. Fylkesdirektøren rår til at avgangen frå Haldorsneset kl. 0720 vert flytta til kl. 0710. c) Ekstra stopp på Vardetangen vil medføre minst 5 minutt ekstra i ruta. Endra rutetider for båten og korresponderande ruter er vanskeleg å få til utan negative konsekvensar. Fylkesdirektøren rår til at det ikkje vert stopp på Vardetangen for nordgåande ekspressbåt. 15.5.6 Vik kommune a) Nattferje eller utvida opningsferje mellom Vangsnes og Hella/Dragsvik. b) Når det er usikkert over Vikafjellet bør «Sylvarnes» starte i Vik. c) Skulerute frå Vik til Sogndal vidaregåande. Vurdering: a) Ferjene frå Vangsnes startar kl. 0530 og stoppar kl. 2330. Ferja ligg på Vangsnes med beredskap om vinteren. Sambandet er eit riksvegsamband. Fylkesdirektøren sender innspelet over til Statens vegvesen. b) Nattstasjonert «Sylvarnes» kan gje noko raskare reiseveg til Bergen på morgon. Gevinsten er likevel marginal sidan første ferje ut frå Vangsnes er kl. 0530. Fylkesdirektøren rår til at Sylvarnes ikkje vert nattstasjonert i Vik. c) Skulerute mellom Vik og Sogndal vart gjort greie for i eit notat til hovudutval for samferdsle hausten 2011. Skuleruta vart ikkje prioritert inn i budsjettet for 2012. 29

16 TILRÅDING 1 Det fylkeskommunale rutetilbodet frå 1. mai 2012 vert fastsett i samsvar med vedtak i denne saka. Ruteperioden gjeld frå 01.05.2012 til 30.04.2013. 2 Fjord1 Fylkesbaatane vert tildelt ei godtgjersle på kr 94 652 000 til drift av personruter. 3 Norled vert tildelt ei godtgjersle på kr 14 453 000 til drift av personruter 4 Nor Lines AS vert tildelt ei godtgjersle på kr 1 066 000 drift av godsbåtrute til Gulen, Solund og Værlandet/Bulandet fram til 01.05.12 5 Kyst1 vert tildelt kr 2 062 000 for drift av godsbåtrute til Gulen, Solund og Værlandet/Bulandet frå 01.05.12. 6 Bygderuter med båt vert tildelt ei godtgjersle for 2012 på kr 7 419 000 med følgjande fordeling: Selje kommune (Barmen-Barmsund) kr 2 257 000 Selje kommune (Selje-Seljeøya) kr 124 000 Flora kommune kr 4 037 000 Helse Førde HF (Askvoll-Alden) kr 230 000 Luster kommune (Solvorn Urnes) kr 450 000 Solund kommune (Austrefjordvegen) kr 321 000 7 Godtgjersle til båt-tilbod veglause grender kr 1 500 000. 8 Rutebilselskapa vert tildelt følgjande godtgjersle for drift av personruter og kombinerte person- og godsruter: Firda Billag Buss kr 96 182 000 Nettbuss Sogn Billag kr 67 894 161 Nettbuss Nordfjord-Ottadalen kr 35 684 120 Rutebilane i Bremanger kr 4 161 000 9 Godtgjersle til Nettbuss Sogn Billag på ruter som vi må køyre om ruta Sogndal Bergen kl. 1610 og Bergen Sogndal kl. 0640 ikkje går. 10 Rutebilane i Bremanger vert tildelt ei godtgjersle for drift av godsruter for 2012 med kr 300 000. 11 Desse endringane i rutetilbodet vert gjennomført frå 01.05.12: a) Skuleruta frå Vadheim vert endra til kl. 0800. b) Skuleruta frå Arnafjord vert endra til kl. 0750. c) Ferjeavgangen frå Askvoll kl. 0855 vert endra til kl. 0905/0910. d) Ferjeavgangen frå Askvoll kl. 0635 vert endra til kl. 0645. e) Ferjeavgangen frå Haldorsneset kl. 0720 vert endra til kl. 0710. Desse innkomne innspela vert ikkje i møtekomne: 30

a) Korrespondanse frå båt i Rysjedalsvika med ekspressbuss i Førde. b) Avgangen frå Askvoll kl. 1745 vert ikkje endra til kl. 1905 søndagar. c) Arbeidsrute frå Askvoll kl. 0715 til Eikenes, retur kl. 1615. d) Ny rute frå Askvoll kl. 1905 til Eikenes. e) Ny rute frå Gjelsvik kl.0630 til Førde, og retur. f) Ny rute frå Førde kl. 2015 mot Sande. g) Utviding av skuleruta til å starte i Lavik. h) Ruta frå Høyanger kl. 0650 via sjukehuset. i) Ny rute frå Vadheim kl. 1545 til Lavik. j) Ny rute frå Førde kl. 2200 til Skei. k) Ny rute frå Skei kl. 2000 til Førde. l) Endre skulestart ved Vassenden skule til kl. 0850. m) Forlenging av skuleruta Fjærland-Sogndal og Årdalen-Sandane. n) Ny rute frå Skei kl. 2255 til Førde laurdag. o) Fleire avgangar mellom Florø/Førde Sogndal. p) Ny rute frå Sogndal kl. 2220 til Leikanger. q) Ny rute frå Fortun kl. 1600 til Sogndal, og retur. r) Auke i tal avgangar mellom Gaupne/Sogndal Leikanger. s) Ny avgang mellom Hersvik vegkryss og Leknessund. t) Ny rute mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. u) Endringar i bussrutene til Kaupanger kai om sommaren. v) Utviding av ruta frå Luster til Skjolden. w) Endring i køyremønsteret til bussen i Eivindvik i korrespondanse med båt. x) Ny rute til Dingja fredag og søndag. y) Endringar i skulebussen frå Måløy vidaregåande skule. z) Ekspressbåtstogg på Mjømna. æ) Endre avgangen frå Kjelkenes midt på dagen til kl. 2145. ø) Ny ferjeavgang frå Askvoll til Atløy. å) Avgang frå Daløy kl. 2250. aa) Ekspressbåtstogg på Vardetangen. bb) Stasjonere «Sylvarnes» i Vik. Desse rutetilbod vert starta opp frå 01.05.12: a) Ruta frå Førde kl. 2030 vert forlenga til Vågesvingen dersom passasjerar. b) «Nattbuss» til Kaupanger torsdag og laurdag i samarbeid med fleire. 12 Fylkesdirektøren rår til at det vert omdisponert innanfor samferdslebudsjettet i tertialrapport 1/12 eller 2/12 til nye ruter over Kvivsvegen.. 13 Fylkesdirektøren får fullmakt til å godkjenne mindre rutejusteringar. 31

VEDLEGG 1 HOVUDOVERSYN SELSKAPSVISE TINGINGAR 2012 SELSKAP: FIRDA BILLAG BUSS Samla kostnad pr. km i 2012 kr 24,70 Andre inntekter pr. km i 2012 kr 0,08 Ruteproduksjon ut frå dagens tilbod 5 146 458 km 1 Kostnader eigne vogner kr 127 117 513 2 Kostnader undertransportørar kr 14 429 000 3 Samla kostnader ut frå dagens tilbod kr 141 546 513 4 Passasjerinntekter utanom skule: kr 26 581 000 5 Kommunal del skuleskyss kr 16 400 000 6 Godsinntekter kr 1 126 000 7 Andre inntekter kr 411 717 8 Samla inntekter ut frå dagens tilbod kr 44 518 717 9 Reduksjon tilskot lange ruter: kr - 71 271 Stryn-Førde 47 514 km *1,50 10 Reduksjon kostnader differensiert arbeidsgjevaravgift kr - 775 000 11 Trong for godtgjersle for 2012 ut frå dagens tilbod/drift kr 96 181 525 12 Trong for godtgjersle ut frå dagens tilbod/drift i punkt 11 vert justert for endringar i produksjonen i løpet av året. 32

SELSKAP: NETTBUSS SOGN BILLAG Samla kostnad pr. km i 2012 kr 24,70 Andre inntekter pr. km i 2012 kr 0,08 Ruteproduksjon ut frå dagens tilbod km 3 715 394 1 Kostnader eigne vogner kr 91 770 232 2 Kostnader undertransportørar: kr 12 042 730 3 Samla kostnader ut frå dagens tilbod kr 103 812 962 4 Passasjerinntekter utanom skule kr 25 530 000 5 Kommunal del skuleskyss kr 7 777 000 6 Godsinntekter kr 900 000 7 Andre inntekter kr 297 232 8 Samla inntekter ut frå dagens tilbod kr 34 504 232 9 Skyss vidaregåande elevar ekspressbuss kr 229 330 10 Reduksjon tilskot langruter: kr - 1 042 900 11 Reduksjon kostnader differensiert arbeidsgjevaravgift kr - 601 000 12 Trong for godtgjersle for 2012 ut frå dagens tilbod kr 67 894 161 13 Trong for godtgjersle ut frå dagens tilbod/drift i punkt 12 vert justert for endringar i produksjonen i løpet av året. 33

SELSKAP: NETTBUSS NORDFJORD OTTADALEN Samla kostnad pr. km i 2012 kr 24,70 Andre inntekter pr. km i 2012 kr 0,08 Ruteproduksjon ut frå dagens tilbod km 1 930 242 1 Kostnader eigne vogner kr 47 676 977 2 Kostnader undertransportørar: kr 4 650 054 3 Samla kostnader ut frå dagens tilbod kr 52 327 031 4 Passasjerinntekter utanom skule kr 8 048 027 5 Kommunal del skuleskyss kr 7 648 856 6 Godsinntekter kr 864 038 7 Andre inntekter kr 154 419 8 Samla inntekter ut frå dagens tilbod kr 16 715 340 9 Skyss vidaregåande elevar ekspressbuss kr 594 806 10 Reduksjon tilskot langruter: kr -72 000 Stryn Førde * kr 1,50 11 Reduksjon kostnader differensiert arbeidsgjevaravgift kr - 480 000 12 Trong for godtgjersle for 2012 ut frå dagens tilbod kr 35 684 120 13 Trong for godtgjersle ut frå dagens tilbod/drift i punkt 12 vert justert for endringar i produksjonen i løpet av året. 34

SELSKAP: RUTEBILANE I BREMANGER Samla kostnad pr. km i 2012 kr 24,70 Andre inntekter pr. km i 2012 kr 0,08 Tillegg for korte ruter pr. km kr 0,71 Ruteproduksjon ut frå dagens tilbod 217 394 km 1 Kostnader eigne vogner kr 5 396 600 2 Kostnader undertransportørar kr 235 600 3 Samla kostnader ut frå dagens tilbod kr 5 605 200 4 Passasjerinntekter utanom skule kr 800 000 5 Kommunal del skuleskyss kr 555 600 6 Godsinntekter kr 150 000 7 Andre inntekter kr 17 400 8 Samla inntekter ut frå dagens tilbod kr 1 523 000 9 Tillegg for korte ruter kr 154 500 10 Reduksjon kostnader differensiert arbeidsgjevaravgift kr -75 000 11 Trong for godtgjersle for 2012 ut frå dagens tilbod/drift kr 4 161 600 12 Trong for godtgjersle ut frå dagens tilbod/drift i punkt 11 vert justert for endringar i produksjonen i løpet av året. 35

VEDLEGG 2 INNSPEL FRÅ KOMMUNAR OG ANDRE 1 Fjaler kommune, sjå 15.2.1 2 Askvoll kommune/førdefjorden Vel/Holmedal Vel, sjå 15.2.2 3 Balestrand kommune, sjå 15.2.3 4 Gaular kommune, sjå 15.2.4 5 Høyanger kommune, sjå 15.2.5 6 Jølster kommune, sjå 15.2.6 7 Sogndal vidaregåande skule m/fleire, sjå 15.2.7 8 Privatperson, sjå 15.2.8 9 Gulen kommune, sjå 15.3.1 10 Luster kommune/ungdommens kommunestyre, sjå 15.3.2 11 Solund kommune, sjå 15.3.3 12 Årdal kommune, sjå 15.3.4 13 Sogndal kommune, sjå 15.3.5 14 Reisemål Sogndal og Luster, sjå 15.3.6 15 Privatperson Luster, sjå 15.3.7 16 Eivindvik og Omegn Bygdeutvikling, sjå 15.3.8 17 Arnafjord Bygdeutviklingslag, sjå 15.3.9 18 Vågsøy kommune, sjå 15.4.1 19 Hornindal kommune, sjå 15.4.2 20 Selje kommune, sjå 15.4.3 9 Gulen kommune, sjå 15.5.1 21 Bremanger kommune, 15.5.2 1 Fjaler kommune, 15.5.3 2 Askvoll kommune, sjå 15.5.4 11 Solund kommune m/fleire, sjå 15.5.5 22 Vik kommune, sjå 15.5.6 36

23 Eid kommune, ingen kommentar 24 Aurland kommune, ingen kommentar 37

FJALER KOMMUNE Ordførar Sogn og Fjordane fylkeskommune Vår ref. Dykkar ref. Arkiv Dato: 11/1031-2/AHE K2-N02 08.12.2011 11/9553 Innspel til ruteplanarbeid 2012 Viser til dykkar skriv ang. ruteplanarbeidet for 2012. Fleire innbyggarar opplever mangelen på korrespondanse på ruta frå Rysjedalsvika via Dale til Førde i samband med ekspressbåten frå Bergen som eit problem. Vi er klar over at dette er utfordrande i samband med korrespondanse med avgang for ekspressbussane frå Førde, men vi ber likevel om at de ser på dette. Ei viktig sak for Fjaler og HAFS-regionen er skuleskyssordninga for elevar frå Atløy til Dale vidaregåande skule. Vi ber på det sterkaste om at denne blir vidareført etter at kontrakt med skyssbåten går ut når inneverande skuleår er slutt. Dette er eit svært viktig tilbod for elevane på Atløy og er samstundes også av stor betydning for Dale vidaregåande skule i høve rekruttering av elevane. Vi nemner også denne gongen behovet for ekspressbåtstopp i ytre Fjaler. Vi står framfor ei svært spennande utvikling på Lutelandet dei næraste åra. Det vil gje eit heilt anna trafikkgrunnlag i ytre deler av kommunen vår. I tillegg vil ei industriutbygging på Lutelandet også skape eit behov for arbeidsruter for folk i Solund og Askvoll. For Solund og øyane i Askvoll sin del kan desse også kombinerast md behovet for pendlarruter inn mot den vidaregåande skulen i Dale. Ein ser også føre seg behov for eit rutetilbod mellom Florø og Lutelandet når planane om industrietablering er realiserte. Fjaler kommune meiner det er viktig at ein er førebudd på dette og ber fylkeskommunen ta med innspelet vårt i sitt arbeid. Eit anna moment som ein allereie no bør gjere seg konkrete tankar om er kollektivtilbodet som følgje av at Dalsfjordsambandet opnar i slutten av 2013. Sjølv om dette først blir aktuelt for ruteperioden 2013-14 er det viktig å komme i gang med tenking rundt korleis rutetilbodet bør sjå ut når trafikkmønsteret blir endra. Med helsing Arve Helle ordførar Postadr.: Telefon: Telefaks: Org.nr Bankgiro: Innbetaling skatt Postboks 54 57 73 80 00 57 73 80 01 864968422 3741 07 10103 6345 06 14299 6961 DALE I SUNNFJORD E-post: post@fjaler.kommune.no

INNSPEL TIL ENDRING AV RUTEPLAN Ved førre ruteplanmøte på fylkesnivå vart det bestemt å fjerne ruta som gjekk 0630 frå Gjelsvik skule til Førde og i retur til Askvoll med ankomst 0900. Dette var eit stort tap for bygda. Vi mista muligheita til å nytte offentleg transport til jobb og til ekspressbåten si morgonrute sørover til Bergen. Ved skulefri (sommar, jul og påskeveker) kjem første bussen til Førde 1030 og i retur til Askvoll 1400. Dette er heilt uhaldbart for ein kommune med 3000 innbyggjarar. Førdefjorden Vel ber om at morgonruta vert starta opp att. Vert ikkje dette gjennomført må skuleruta som går frå Askvoll 0645 og i retur frå Førde 0835 gå også om sommaren og i høgtider. Vi ynskjer også om at ein utset bussruta frå Askvoll til Førde på søndagar frå klokka 1745 til klokka 1905, slik at bussen også denne dagen korresponderer med ekspressbåten på veg nordover frå Bergen. Vidare ber vi om at bussruta som går frå Førde klokka 2030 på tysdagar og fredagar går heilt til Vågesvingen i staden for å stoppe på Høgda slik den gjer i dag. Dette vil gje ungdom frå heile bygda større muligheit til å delta på fritidsaktivitetar i Førdeområdet. Med helsing Førdefjorden Vel v/tormod Selvik

GULEN KOMMUNE Ordføraren Sogn og Fjordane Fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER Referanse Saksansvarleg Direkte telefonnr. Dato 10/1789 - JP 11/9374 HHO 57 78 20 02 08.12.2011 Rutetilbod 2011 Innspel frå Gulen kommune., Sender over innspel til rutetilbodet som vi har motteke inn til kommunen. Med helsing Hallvard Oppedal Ordførar Vedlegg: Forslag til endringar i ruteproduksjonen i Gulen.doc Adresse Telefon Telefax Bankgiro Org.nr. E-post Eivindvikvegen 1119 5966 Eivindvik 57 78 20 00 57 78 20 99 3817.07.01051 938497524 postmottak@gulen.kommune.no

Forslag til endringar i ruteproduksjonen i Gulen. 14-315 Byrknes Mjømna Ånneland Sløvåg/Sløvåg Dalsøyra Pkt 1. forslag frå Odd Endestad 1.3.5 v/skulefri føreslåast teke bort. gjeld ruter merka med svart-markert 1-tal. Ref. Odd Endestad Pkt 2. forslag frå Arve Mj Dx7 frå Byrknes kl 0955 Mjømna kl 1015 Til Byrknes kl 1030x (dersom passasj) Ref. Arve Mjømen Pkt 3. endrings forslag frå Arve Mjømen og Astrid Uthaug For rute til/frå VGS Austrheim. Dagens rute: Tilførsel frå Brandanger kl. 0710 Furenes kl 0715 til Sløvåg kl. 0745. Nytt forslag: Følje vanleg skulerute frå Brandanger kl 0735 - Furenes kl 0740 til Fivelsdal vegkryss kl. 0745. Korrespondanse der med buss frå Sløvåg kl. 0740 mot Mjømna kl. 0810 (Tornerose mot Austrheim til VGS) buss vidare til Byrknes kl. 0825. Spart skulereise med om lag 25 minutt. Rute for øvrige passasjerer kan fortsatt være på bestilling. Normalt vil då ein bil kunne gå ut av produksjonen om morgonen. VGS skulerute på ettermiddag mot Furnes Brandanger frå Sløvåg kan utførast slik: Frå Byrknes kl 1500 via Mjømna kl 1520 (Tornerose frå Austrheim) via Ånneland til Fivelsdal vegkryss kl 15.40, til Furenes kl. 1545 og Brandanger kl. 1550. (buss kan fortsatt gå til Sløvåg for henting av passasj om ønskeleg.) Dagens rute: VGS elevane til Furnes og Brandanger kjem over Sløvåg i dag kl. 15.40 og reiser via Eidsbotn med overgang til Furnes og Brandanger, dette vil nødvendigvis ta 25 til 30 minutt meir reisetid. Det er mulig å spare reisetid for desse elevane med tett innpå ein time/dag. Det er mulig at ein bil også på ettermiddag kan gå ut av produksjonen, litt u-sikker dersom andre reisande enn skule frå Eidsbotn. NB: i forhold til dette må korresponderings metoden vurderast. Direkte med overgang buss til buss eller venteskur med tilrettelegging. Minner også om at venteskur som fortsatt står i Skipavik var føreslått flytta til Sande (sving )etter at skulerutene vart endra.

Pkt 4. forslag frå Inge Sandnes og Odd Endestad Rute frå Sløvåg kl 15 40 mot Rutledal og korrespondanse med ferge. Ruta føreslåast å slutte/snu i Nordgulkrysset med muligheit for korrespondanse m/ferge i Rutledal dersom passasjerar. Untaket er fredag då ruta må korrespondere (VGS-elevar frå Dale) Pkt 5. forslag frå Astrid Uthaug. Sognebåten frå Sogn på ettermiddag og formiddag må ha stogg på Mjømna dersom passasjerar. Mange etterspør denne ordningen då dei elles vil få 3.5 til 5.5 timer ventetid i Sollibotn før vidare reise mot ytre Gulen. Det er også ei svakheit at div. korrespondansar mellom båt og buss i Lavik ikkje lenger er på plass. I det minste bør eit slag informasjonssystem være mulig å få på plass mellom buss, ferjer og båt. Viktig i samenhengen med at Mjømna er ei viktig ekspressbåtstogg i Gulen Kommune, er at det blir tilrettelagt for trygg og sikker korrespondanse på staden. Det er i tidlegare samenheng sendt brev til dette til kommunen i forbindelse med nytt ruteoppsett i forhold tilopning av fastlandssambandet for Ytre-Gulen. I den henvendelsen låg også tilrettelegging av parkeringsplass ved kaien på Mjømna for nettopp å redusere risiko og samtidig gje nødvendig tilbud til alle reisande over kaien på Mjømna som betjener reisande frå og til Bergen, Nordfjord og Sogn og lokale båtruter Solund og Gulen med overganger til buss for vidare transport til Dalsøyra og Masfjorden over Sløvåg. NB Det kan også være mulig å sjå på skuleruta Dinja til Eivv. Og retur. Dersom den går med båt kan dette falle dyrt samanlikna med buss. Pkt. 6 forsl. Frå Astrid Uthaug. Sparte kilometer kan gå inn i ny rute som bør betjene Dalsøyra søndagar frå/til Ekspressbåt på Mjømna. Frå Dalsøyra kl 17.10 via Sløvåg Ånneland og til Mjømna kl. 1750. og retur. (vil betjene passasjerar Frå Bergen til Dalsøyra og Solund - Sogn og Nordfjord.) vil bli ei noko trang rute. Alternativt kan avreise vere kl. 18.10 Dalsøyra via Sløvåg, Ånneland og til Mjømna kl. 1850. (betjener passasjerar frå Dalsøyra, Nordfjord Solund og til Bergen.) Retur så langt passasjerar. Pkt 7. forsl. Frå Arve Mj Bør sjå nærare på dag 7 ang fiv.d vegx 1950.. jfr. Ruteheftet????!! Eventuelle innsparingar i desse forslaga bør kome andre reisande i Gulen til gode.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune Samferdselsavdelinga Askedalen 2 6863 Leikanger Innspel til planlegging av rutetilbodet frå 1. mai 2012 Viser til brev av 24. oktober 2011 frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune. For Reisemål Sogndal og Luster AS er det svært viktig at Jostedalsbrebussen som køyrar frå Sogndal til aktivitetstilboda i Jostedalen tur/retur vert oppretthalden. I tillegg bør det være slik at kvar ferjeavgang frå Kaupanger til Gudvangen og tilbake har ein korresponderande buss frå/til Sogndal. Dette er ikkje tilfellet per i dag. Vennleg helsing Lene Wiese Reisemål Sogndal og Luster AS Kopi til: Sogn Billag. Reisemål Sogndal & Luster, Pyramiden Kontorfellesskap, 6868 Gaupne Tel: 976 00 443, E-post: info@visitsogn.info, Web: www.sognefjord.no

BREMANGER KOMMUNE «SOA_NAVN» Sogn og Fjordane Fylkeskommune Fylkeshuset askedalen 2 6863 LEIKANGER Vår ref. Dykkar ref. Dato: 11/1811-2/K1-//KVF Eva Hamre 10.12.2011 Sak nr. 11/5450-1 Planlegging av rutetilbod frå 01.mai 2012 S&FJ FK. Bremanger Kommune ved formannskapet behandla overnevnte sak i Formannskapsmøte 30.11.2011 under sak 184/11-Referatsaker. Vi har følgande innspel vedr. rutetilbodet frå 01.mai 2012: Kopi av vedtak: FSK-184/11 Vedtak: 1a. Ordførar tek kontakt med Fjord 1 for å undersøkje om det er mogeleg, med det trafikkgrunnlaget som er i dag, å endre ei ferjerute på strekninga Kjelkenes-Smørhamn midt på dag, til kveldstid kl. 21.45. Det er ynskjeleg med denne endringa kvar dag, men viktigast på fredag og sundag, korrespondanse med buss. 1b. Bremanger formannskap ynskjer betre koordinering mellom rutetidene på ferjestrekninga Isane- Stårheim / Lote -Anda Underteikna har prøvd å få kontakt med kontaktperson i Fjord 1 vedr. trafikkgrunnlag/statistikkar utan å lukkast. Fint om De tar kontakt med underteikna vedr. saka. Med helsing Karl Vidar Førde ordførar mobil 95982950 Kontoradresse: Postadresse: Telefon / telefaks: E-post / web: Bankgiro: «Soa_Adr2» «Soa_Adr» «Sbr_Tlf» «Sbr_Email» 3776.07.50035 «Soa_Postnr» «Soa_Poststed» «Soa_Postnr» «Sse_Poststed» «Soa_Fax» www.bremanger.kommune.no

EID KOMMUNE RÅDMANNEN Sogn og Fjordane Fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER Vår ref. Dykkar ref. Dato: 111938-5 K2-N02 ELE 07.12.2011 PLANLEGGING AV RUTETILBODET FRÅ 1. MAI 2012 Eid kommune har handsama sak om rutetilbodet, og Utval for samfunnsutvikling ha gjort følgjande vedtak: SU-013/11 VEDTAK: 1. Eid kommune ønskjer a melde fra om at vi er godt nøgde med dagens rutetilbod. Samstundes finn kommunen det rett å streke under at det er svært viktig a oppretthalde rutetilbodet i Eid slik det er i dag. Eid kommune ønskjer å komme i dialog med Sogn og Fjordane fylkeskommune i høve til å få iverksatt prøveprosjekt med Timeekspressrute Nord/Sør i Sogn og Fjordane. Viser elles til vedlagde saksutgreiing Med helsing Elin Leikanger ~1 Kommunalsj ef 57885861 Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: E post: Ràdhusvegen 11 57 88 5800 57 88 5801 3790.07.00130 post~eid kommune no 6770 Nordflordeid 5398.05.01120 Heimeside: Kontoradr Radhusvegen 11 http://www.eid.kommune.no Org.nr..938521816 Side I av I

EID KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Utval for samfunnsutvikling 24.11.2011 013/11 ELE Avgjerd av: Saksbehandler: Elin Leikanger Arkiv: Objekt: N02 Arkivsaknr 11/1938 Planlegging av rutetilbodet frå 1. mai 2012 uttale frå Eid kommune Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 26.10.2011 Sogn og Fjordane Fylkeskommune Planlegging av rutetilbodet frå 1. mai 2012 Kva saka gjeld: Eid kommune har motteke skriv frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, der dei ber om innspel til rutetilbodet frå 01.05.12. Det vert samstundes invitert til det årlege rutemøtet på Skei i januar. Bakgrunn for saka: Fylkeskommunen går kvar haust ut med skriv til kommunane, der dei vert oppmoda om å kome med innspel til rutetilbodet. Det går fram av årets skriv at det ikkje er rom for nye ruter, berre endringar i eksisterande ruter. Dersom kommunen kjem framlegg om nye ruter, må ein samstundes vise til ruter som kan leggjast ned. Saksutgreiing:

Ansvaret for lokale og regionale bussruter ligg til fylkeskommunen si samferdsleavdeling. Dei kommersielle rutene (ekspressbussrutene) vert planlagde av ruteselskapa sjølve. Rutebilseskapa får avgrensa støtte til ekspressbussrutene og selskapa står fritt til å gjere endringar i ekspressbussrutene, men dei skal informere fylkeskommunen om endringar som vert gjort. Einaste offisielle arena for drøftingar kring bussrutetilbodet er det såkalla rutemøtet som vert halde på Skei i januar kvart år. Kommunen har kvart år sendt si fråsegn til rutetilbodet, og elles delteke i rutemøtet. Dei siste åra har det ikkje vore endringar i lokale og regionale bussruter gjennom Eid. Siste år vart det derimot gjort endringar i rutetilbodet på Fjordekspressen via Stryn redusert. Tidlegare var det mogeleg å reise frå Nordfjordeid 7.20 om morgonen, og kome til Bergen etter busskifte til Fjordekspressen. Slik sett vart det samla rutetilbodet dårlegare. Samstundes vart det og gjort endringar i rutetilbodet frå Bergen om ettermiddagen kl 16.20. Denne ruta går kun til Sandane, men dersom det er passasjerar lenger går ruta til Anda og så vert det sett opp drosje frå Lote til Eid for bussbillettpris. Dette har ikkje vore godt kunngjort frå Fjord1. Fylkeskommunen førebur no anbod på bussrutekjøp som vil kome kring 2015. I dag eig og driv Fjord1 rutebilstasjonen på Nordfjordeid. I framtida er det fylkeskommunen som skal stille til disposisjon terminalfunksjon til aktuelle ruteoperatørar. Fylkeskommunen kan velje å kjøpe eller leige dagens rutebilstasjon, alternativt kan også ny lokalisering verte aktuelt. Det er viktig at kommunen engasjerer i dialogen om kva funksjonar og plassering som er ynskjeleg i Eid Opninga av Kvivsvegen vil heilt klart medføre endringar i rutetilbodet i regionen. I tidlegare møte har fylkeskommunen stadfesta at dei var i dialog med Fjord1 om rutetilbod etter opning av Kvivsvegen. Det vart då sagt at dei ville ha klart eit ruteoppsett i august/september, men at det truleg berre var Møreekspressen (nattbussen) som kom til å køyre over Kvivsvegen. Ei slik omlegging har lite å seie for Eid kommune, men det er vesentleg at rutetilbodet Eid- Volda ikkje må verte svekka. Vurdering: Administrasjonen har ikkje registrert ønskje om endringar i rutetilbodet (lokale og regionale ruter). I ein region med desentralisert busetnad er det vesentleg at rutetilbod er tilpassa behov for transport til og frå skule og arbeid. Konsekvensar av Kvivsvegopninga og anbodsutlysing av rutetilbodet vert viktige politiske tema i tida framover. Det er difor viktig at representantar frå Eid er til stades på dei arenaer der samferdsle og kollektivtrafikk er tema. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Eid kommune ønskjer å melde frå om at vi er godt nøgde med dagens rutetilbod. Samstundes finn kommunen det rett å streke under at det er svært viktig å oppretthalde rutetilbodet i Eid slik det er i dag.

24.11.2011 UTVAL FOR SAMFUNNSUTVIKLING Framlegg frå Siv Rotevatn: Tilleggspunkt til rådmannen si tilråding: Eid kommune ønskjer å komme i dialog med Sogn og Fjordane fylkeskommune i høve til å få iverksatt prøveprosjekt med Timeekspressrute Nord/Sør i Sogn og Fjordane. Ved alternativ røysting over rådmannen si tilråding og Siv Rotevatn sitt framlegg, vart Rotevatn sitt framlegg samrøystes vedteke. SU-013/11 VEDTAK: 1. Eid kommune ønskjer å melde frå om at vi er godt nøgde med dagens rutetilbod. Samstundes finn kommunen det rett å streke under at det er svært viktig å oppretthalde rutetilbodet i Eid slik det er i dag. 2. Eid kommune ønskjer å komme i dialog med Sogn og Fjordane fylkeskommune i høve til å få iverksatt prøveprosjekt med Timeekspressrute Nord/Sør i Sogn og Fjordane. Ørjan Raknes Forthun -rådmann-

Aurland kommune Rådmannen Sogn og Fjordane Fylkeskommune Askedalen 2 Aurland, 12.01.2012 6863 LEIKANGER Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Arkiv 09/1429-7 Haakon Skjerdal, 57 63 29 71 K2-N06, K2-N30 Innspel til rutehefte 2012-2013 frå Aurland kommune Me viser til brev frå dykk, datert 24.10.2011, der fylkeskommunen ber om tilbakemelding frå kommunane i høve planlegging av ruteheftet som skal gjelde frå 01.05.2012. Aurland kommune viser til skulebåtruta Flåm - Aurland - Undredal Sogndal, som etter vedtak i Aurland kommunestyre skal gå minimum til og med skuleåret 2012/2013. Det er frå vår side ingen forslag til endringar i denne båtruta. I samband med båtruta over, har Aurland kommune avtale med Fjord 1 om busstransport på strekninga Sogndal kai Ingafossen. Dersom kommunen ikkje høyrer noko meir, reknar me med at denne avtalen blir vidareført frå 01.05.2012. Ruta er i dag finansiert av Aurland kommune med tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune tilsvarande kostnad med buss. Aurland kommune meiner framleis at Sogn og Fjordane fylkeskommune bør finansiera ein betydeleg større del av drifta på denne skuleskyssen. Aurland kommune tillet seg elles å nemne Vik kommune sitt framlegg i fjor (veit ikkje om dette blir fremja i år), om skulebåt/pendlarrute. Aurland kommune meiner framleis at dette kan danna grunnlag for eit pilotprosjekt som kan omfatta: 1. Tilbod om dagleg skuleskyss til vidaregåande skule. 2. Pendlarrute 3. Vintertilbod på Sognefjorden for turistar Dagleg skuleskyss er positivt for elevane og dei lokalsamfunna dei kjem frå. Tiltaket reduserer fråfallet i vgo. Ungdommen kan bu på heimstaden og delta i lokale aktivitetar. Staten sparer utlegg til bortebuarstipend. Dagpendling fremjar regionen som eitt bu- og arbeidsområde. Tilbod til turistar er ein tilleggseffekt som kan vera viktig for å fremja heilårstrafikk. Eit slik pilotprosjekt må gå over 3 år og fylgjast opp med årleg evaluering. Postadresse: Telefon: 57 63 29 00 Bankgiro: 3745.07.00046 E post: post@aurland.kommune.no 5745 AURLAND Telefaks: 57 63 29 01 Konto skatt:: 7855 05 14213 Heimeside: www.aurland.kommune.no