Kommunevalprogram 2015-2019 Øystre Slidre Arbeidarparti - vi tek Øystre Slidre vidare!
Kjære INNBYggarar i øystre slidre! Vi er heldige som bur i Øystre Slidre. Vi har Noregs mest aktive stølsmiljø, nærleiken til fjell og natur som Jotunheimen, Langsua og Øystre Slidre statsallmenning. Vi har levande bygdesamfunn og ein av landets fremste fjelldestinasjonar: Beitostølen. Dette er viktig å ta vare på og vidareutvikle. Eg vil difor at Øystre Slidre Kommune skal vere ein god hjelpar for næringslivet. Her i Øystre Slidre er landbruk, bygg og anlegg, reiseliv, servica og varehandel særs viktige. Men vi må og halde augo oppe for nye moglegheiter og våge å gi grobotn for nye næringar. Den viktigaste utviklinga skjer der folk bur. Difor vil eg fortsette arbeide med å bidra til å gi våre innbyggjarar eit trygt og godt liv. Gode barnehage- og skuletilbod og legge til rette for eit mangfaldig fritidstilbod. Samstundes vil eg fortsette å bidra til at vi har blant landets beste helsetilbod. Slik at vi alle er trygge på at vi får den hjelpa vi treng når vi treng det. Det neste store løftet i Øystre Slidre er styrking og vidareutvikling av pleie og omsorg. Eg vil at vi skal utvikle eit meir allsidig omsorgstilbod der pensjonistar og pleietrengande vert sett i sentrum. Difor ønskjer eg at vi komande periode startar opp bygging av nye omsorgsplassar i Heggenes sentrum. Denne utviklinga skal vere ein del av i sentrumsutvikling som tilbyr attraktive buplassar for alle generasjonar. Eg er svært takknemleg for den tillit eg har hatt i fire år. Eg er klar på startstreken for å kjempe for at Øystre Slidre fortsatt skal være ein av Norges beste bu- og besøkskommunar, der innbyggjarane og lokalt næringsliv står i fokus. Uansett håper eg du bruker røystretten din, ha eit godt val! Kjell Berge Melbybråten Ordførarkandidat Øystre Slidre AP
PARTIPROGRAM FOR ØYSTRE SLIDRE ARBEIDERPARTI 2015-2019 HELSE OG OMSORG: Øystre Slidre Arbeidarparti vil drive ei heilskapleg og framtidsretta eldreomsorg med ei god heimeteneste der alle får den hjelpa dei treng. Vi vil bygge nytt omsorgstun i Heggenes sentrum. Vi ønskjer å vere med på å utvikle Valdres Lokalmedisinske Senter til å bli eit kraftsenter innan helsetenester i Valdres. Vi skal ta vare på og vidareutvikle kunnskap og kompetanse innan Helse og omsorg, og drive førebyggande helsearbeid. Vi vil arbeide for eit betre tilbod innan mental helse og styrka psykologtenester i samarbeid med dei andre Valdres kommunane.
SKULE, OPPVEKST OG BUMILJØ: Øystre Slidre Arbeidarparti vil oppretthalde og vidareutvikle kvaliteten i skule og barnehage gjennom full barnehagedekning, tidleg innsats og trygge oppvekstmiljø. Vi vil støtte opp om meir praktisk, variert og relevant undervisning, der ein har god og tydelig klasseleiing. Vi vil at rammevilkåra for kulturskulen vert oppretthalde slik at barn og unge skal verte gjevne eit best mogleg tilbod. Vi ønskjer å ta vare på og styrke det gode ungdomsarbeidet ved å sikre eigna og gode lokale, og ressursar til ungdomsklubben. Vi vil ha auka fokus på lærlingplassar og fagarbeidarar, og leggje til rette for at ungdom kan få arbeid som dei interesserer seg for, og som samfunnet i Valdres treng. Vi skal aktivt stimulere lag og organisasjonar. Vi ønskjer å vera med på å oppretthalde og vidareutvikle nettverk og møteplassar for unge vaksne. Vi vil jobbe for å kunne tilby eit variert butilbod i heile kommunen. Dette gjennom å leggje til rette for fyrstegangsbustadar, leilegheiter og einebustader i bustadområde tilrettelagt for friluftsliv, idrett, leik og aktivitet. Vi vil arbeide for å sikre at innbyggarane opprettheld dei same rettane dei har i statsallmenningen i framtida. Vi skal aktivt arbeide for å få fortgang i utviklinga av gang- og sykkelveg gjennom heile kommunen. Vi vil bruke kommunale midlar for å gjera ferdig turvegen frå Beitostølen til Lidar, samt få til eit samarbeid med fylkeskommunen for å skape sikker skuleveg til alle skulane.
NÆRINGSLIV: Øystre Slidre Arbeidarparti ønskjer å støtte opp om og leggje til rette for nytt og eksisterande næringsliv, samt sjå til at kommunale arbeidsplassar vil bli ivaretatt. Vi skal; med basis i våre fortrinn som Langsua, Jotunheimen, Beitostølen, Nasjonal turistveg, Beitostølen Helsesportsenter, samt arrangement og festivalar, skape større aktivitet og fleire arbeidsplassar i kommunen. Vi ønskjer at rammevilkåra for landbruket vert lagt på eit nivå som stimulerer til ytterligare drift med eit variert husdyrhold. Det er særleg viktig å hjelpe beitenæringa med å ta ut rovdyr i beiteprioriterte områder. Vi skal ta vare på gründerar og stimulere til vidareutvikling Vi vil arbeide for nye næringstomter i kommunen og stimulere til vidareutvikling i alle bransjar. REGIONALT SAMARBEID: Øystre Slidre Arbeidarparti skal halde fram med å vere ein pådrivar for godt regionalt samarbeid. Vi vil arbeide for at E 16 skal ha fyrste prioritet som stamveg i aust/vest sambandet. Vi vil arbeide for å oppretthalde Fagernes Lufthamn. Dette er avgjerande for at reiselivsnæringa skal kunne ta nye steg i den internasjonale marknaden. Vi vil saman med andre Valdres kommunar arbeide vidare med kommunereforma for å sikre gode tenester og ei samfunnsutvikling for framtida.
POLITISK REGNSKAP 2011-2015 Oppvekst og kultur: Nye Rogne barnehage Ingen ventelister i barnehagar Nye lokale for ungdomsklubben Rause med støtte til frivillige lag og organisasjonar Gode skular med høg lærartettleik Elevane gjer det betre på nasjonale prøver Samfunnet Øystre Slidre: Universell utforming av stig frå Garli til Knaushøgde Stig og løypeplan Kommunal planstrategi; samfunnsdel og arealdel Gangveg Rogne skule - Moane Øystre Slidre har gjennom fleire år vore ein av landets beste kommunar med omsyn til bu og levevilkår (Kommunal Rapport / Kommunebarometeret) Livskraftig lokalsamfunn med eit breitt fritidstilbod for alle aldrar Helse og omsorg: Valdres Lokalmedisinske Senter Nye omsorgsbustader i Heggenes Helse- og omsorgsplan Auka bemanning i heimetenesta Eit svært godt helsetilbod Næringsutvikling: Stor tomtereserve for bustad og hyttebygging Viktig pådrivar og motivator for næringsutvikling i heile kommunen Ferdigstilling av reguleringsplaner Påbyrja arbeidet med VA Lidar Sæle Parkering på Valdreflye Sentrumsprosjektet på Beitostølen Ein pådrivar i fordeling av bygdeutviklings midlar Regionalt samarbeid: Pådrivar for gode regionale løysingar Storhall på Leira Opning av Valdres Lokalmedisinske senter
Våre kandidater 1. Kjell Berge Melbybråten 2. Marit Synnøve Opheim Østli 3. Svein Høgsnes 4. Mari Rabben Lundby 5. Frode Hagali 6. Stine Schlytter 7. Per Arne Nerstad 8. Rannveig Hovi 9. Pål Andvord 10. Sissel Gulbrandsen 11. Bjørn Gunnar Myhre 12. Bente Alice Rakstad 13. Berit Holtermann Flåten 14. Gaute Rydland Nilsen 15. Marita Hovdenakk-Hagali 16. Erik Østli 17. Mette Gro Onstad 18. Svein Oddvar Moen 19. Jorun Onstad