Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kontaktinformasjon Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239185 eksp. Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239187 fylkeskonservator Rapport 15 2 0 0 9 Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k.
FORORD Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart ansvaret for automatisk freda kulturminne i plansaker overført til fylkeskommunane. I Hordaland fylkeskommune er det Seksjon for kulturminnevern og museum ved Kultur- og idrettsavdelinga som utfører det kulturminnefaglege arbeidet. Planområda vert sjekka ut i høve til arkivopplysningar om kjente automatisk freda kulturminne. Det vert og gjort ei kulturminnefagleg vurdering om det skal gjerast arkeologiske feltregistreringar. Feltarbeidet har som mål å finne ut om eit planlagd tiltak vil komma i konflikt med automatisk freda kulturminne (eldre enn 1537). Feltregistreringane omfattar overflateregistrering, prøvestikking og maskinell flateavdekking avhengig av mellom anna terrengtype, høgd over havet og nærleik til kjende kulturminne. I den grad tiltaket vil verka inn på nyare tids kulturminne vil desse bli kort omtalte. Denne rapporten er utarbeidd på bakgrunn av utført arkeologisk feltarbeid. Rapporten gjev opplysningar om arbeidsomfang, utstrekning og karakter av registrerte kulturminne, og skildrar om framlagde planar er i konflikt med kulturminne. I fylgje Kulturminneloven 10 må tiltakshavar bera kostnadene med gransking av automatisk freda kulturminne som nemnd i 8 og 9.
INNHALD Samandrag side 3 Bakgrunn for saka side 3 Området side 5 Metode side 5 Undersøkinga side 7 Konklusjon side 7 Vedlegg: Fotoliste 2
SAMANDRAG Den kulturhistoriske registreringa på Kuventræ 54/11 og 54/26, Os kommune var utført i perioden 7.-11. mai 2009. Registreringa vart utført av arkeologane Heidi Handeland og Anne Drageset på vegne av Kultur- og idrettsavdelinga ved Hordaland fylkeskommune. Etterarbeid og rapport vart utført av Anne Drageset 12-13. mai 2009. Det vart nytta 60 timersverk på saka. Dette inkluderer køyring til/frå, arbeid i felt og etterarbeid. Det vart grave 10 sjakter med maskin. Maskinførar var Even Tjøtta frå Øystein Bøe Maskin AS. Det vart ikkje påvist funn som kjem innunder Lov om kulturminne 4. BAKGRUNN FOR SAKA Bakgrunnen for den kulturhistoriske registreringa er melding den 30.10.2008 frå ByggConcept AS., på vegne av Os kommune, om oppstart av planarbeid på Kuventræ 54/11 og 54/26 Os kommune. Føremålet med den vesentlege reguleringsendringa er å regulera området til bustader med tilhøyrande felles uteareal/leikeareal og parkerings-/trafikkareal. Der var tidlegare ikkje kjend automatisk freda kulturminne innanfor planområdet. Kuventræ vart vurdert som interessant med tanke på kulturminne etter ei synfaring som synte at det hadde intakte areal. I dei areala som i dag er beite-/slåttemark vil det i undergrunnen kunne finnast spor etter førhistorisk aktivitet. Kultur- og idrettsavdelinga ved Hordaland fylkeskommune meinte derfor at det her var naudsynt med ei kulturhistorisk registrering for å få klarlagt om planområdet inneheldt automatisk freda kulturminne, og dermed kom i konflikt med kulturminnelova. 3
Kuventræ 54/11 og 54/26 Askøy 13.5.2009, AD Osterøy HORDALAND FYLKESKOMMUNE Besøksadresse: Postadresse: Agnes Postboks 7900 Mowinckelsgate 5 5020 Bergen N Målestokk = Telefon: 55 23 90 00 Telefaks: 1:300 000 Fjell Bergen Samnanger Sund Os #S Fusa Austevoll Fitjar Tysnes Kvi Figur 1. Planområdets plassering i Os kommune. 4
OMRÅDET Kuventræ ligger søraust i Os kommune, vel 1 km nord for tettstaden Osøyro. I nord grensar planområdet til bustadar. I sør ligg det også bustadar, samt ein veg med ein del anleggstrafikk. Planområdet kan med omsyn til funksjon delast i tre; vestre, midtre og austre del. Den vestre delen av planområdet er i dag i bruk som produksjonsstad for ferdigbetong. Denne delen er åtskilt frå planområdets midtre del av ein bratt skråning kor det veks blandingsskog. I aust ligg eit bruk (gnr./bnr.: 54/26) kor det haldast hest i ei innhegning. Den midtre delen av området utgjer i dag for det meste graskledd beite-/slåttemark. Høgaste punktet på denne marka ligg i sør. Det finnest og ei lita forhøgning i nord. I midtre del av marka går det seg ein liten veg som fører til eit hus med tilhøyrande hage. METODE Ved denne undersøkinga vart det nytta maskinell sjakting. Dette er ein metode som går ut på å forsiktig fjerne matjorda ned til den sterile undergrunnen. Arkeologane går etter med krafse og reinsar undergrunnen skikkeleg fram. På denne måten vil ein kunne få fram spor etter menneskeleg aktivitet i form av fyllskifte som visar seg i undergrunnen. Anlegga kan til dømes vere kokegroper, stolpehol frå hus, eldstader, graver og restar etter førhistoriske dyrkingslag. Sjaktene ein grev på denne måten er ca. 3-4 m breie, og blir lagt med 10-15 meters mellomrom. Alle sjaktene i registreringa vart kartfesta med GPS, og dokumenterte med fotografi, samt ein skildring av undergrunnen. 5
Figur 2. Kart over planområdet med sjaktene markert i grønt. 6
UNDERSØKINGA Det vart i alt opna 10 maskinelle søkesjakter av varierande lengde. Bare det midtre området på Kuventræ vart undersøkt. Då alle sjaktene her var funntomme vart det ikkje rekna som naudsynt å opne sjakter i hesteinnhegninga. Undergrunnen på Kuventræ var fin, og for det meste urøyrd. Den var ljos gulbrun og veksla mellom sand/silt og grus. I sørvestre del fans det ein del kompakt, grå leire blanda med sanden. Det låg mykje stein i undergrunnen, for det meste småstein. Matjordlaget var grunt, frå 30 50 cm, noko som forklarar dei mange plogspora i undergrunnen. Figur 3. Den austre delen av planområdet med sjakter, mot søraust. KONKLUSJON Det vart ikkje gjort funn under søket etter automatisk freda kulturminne innanfor planområdet Kuventræ 54/11 og 54/26 i Os kommune. 7
FOTOLISTE 8
9
10
11