Studieplan Lærarspesialistutdanning i kroppsøving 8. 13. trinn Studiepoeng 60 Normert studietid 15 studiepoeng per semester Innleiing Utdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet si satsing "Lærarspesialist". Dette er ein ny karriereveg i skulen som gir deg som lærar moglegheit til fagleg vidareutvikling med eigen skule som utgangspunkt. Vidareutdanninga er på masternivå, og kvalifiserer til funksjonen lærarspesialist i norsk grunnskule og vidaregåande skule (8. 13. trinn). Læringsutbytte Kunnskap Kandidaten har inngåande kunnskap innanfor sentrale fagspesifikke emne i kroppsøving som profesjon og i utvalde kroppsøvingsfaglige tema inngåande kunnskap om funksjonen lærarspesialistrolla i kroppsøving på 8. 13. trinn inngåande kunnskap om forskingsmetode og utviklingsarbeid med spesiell relevans for kroppsøvingsundervisning på 8. 13. trinn Inngåande kunnskap om digitale verktøy, læreplanar, læreplananalyse, rettleiingsformer kroppsleg læring i danningsperspektiv og utviklingsarbeid innan vurdering for læring og djupnelæring Ferdigheiter Kandidaten kan analysera og ta i bruk og vurdere pedagogisk og forskingsbasert kunnskap til å analysere og drøfte faglige problemstillingar i kroppsøving på 8. 13. trinn analysere, planlegge, implementere og gjennomføre undervisningssekvensar i arbeid med rettleiing i profesjonsfellesskap bruke relevante design og metodar innan forsking og faglig utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte kommunisere om og rettleie kollegaer i utvikling av læreplanar, undervisning og vurdering for læring i kroppsøving på 8. 13. trinn bruke ny og relevant fagleg kunnskap i kroppsøvingsundervisning og presentere ny kunnskap innan faglege tema i kroppsøving Generell kompetanse Kandidaten kan anvende sine kunnskapar i eit profesjonsfellesskap for å bevisstgjere og vidareutvikle profesjonsfeltet gjennom å nytte sentral og relevant kunnskap og teori bidra til relevant forsking og utviklings formidling og anvende sin kunnskap til innovasjon knytt til kroppsøving kunne utvikle forskingsbaserte utviklingsprosjekt og formidle fagdidaktiske problemstillingar med spesialistar og ålmenta
gjennomføre læreplananalysar og kunne vere ein pådrivar ved implementering av læreplanar og profesjonsutvikling Opptakskrav Lærarutdanning. I tillegg 60 stp i kroppsøving/idrett, eller tilsvarande, og minimum 3 år relevant yrkespraksis etter fullført grunnutdanning. Deltidsarbeid blir omrekna til heiltid. Innhald/ oppbygging Målet er at studenten gjennom studiet skal utvikle kunnskap i kroppsøving og kroppsøvingsdidaktikk, tileigne seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i leiing og rettleiing i eit profesjonsfellesskap. Fagleg vidareutvikling innafor det å undervise i kroppsøving med utgangspunkt i ulike bevegelsesaktiviter, friluftsliv og elevar si motoriske og kroppslege læring, utvikling og danning er sentralt. Studentane skal arbeide med vitskapsbasert utvikling av undervisning, i studiet og på eigen skule. Studentane skal vere ressurspersonar i arbeid med kompetanseheving og samarbeid, noko som inneber profesjonsutvikling, forsking og utviklingsarbeid i kroppsøving, læreplananalyse og djupnelæring. Studiet skal gi studentane kompetanse i og erfaring med å vidareutvikle lærarspesialistrolla. Studiet er samlings og nettbasert med fire emne på 15 stp., til saman 60 stp. over fire semester. Samlingar og arbeidskrav i dei ulike emna er obligatoriske. Oppbygging av studie 1. Lærarspesialisten, skule og profesjonsutvikling 2. Lærarspesialistrolla i kroppsøving 3. Læreplananalysar og djupnelæring 4. Forsking og utviklingsarbeid i kroppsøving Undervisnings og læringsformer Studentane vil få varierte og studentaktive arbeidsformer som forelesingar med diskusjonar (i grupper og på tvers av grupper) på samlingar og på nett; arbeid med oppgåver (individuelt og i gruppe) og drøfting av kvarandre sine oppgåver. På samlingane vil det bli studentpresentasjonar (munnleg og skriftleg) der respons på medstudentar sine faglege bidrag vert sentralt. I eige miljø vil studentane gi undervisning til elevar 8. 13. tinn etter oppgitt tema, med påfølgande småskalaforedrag/speedpresentasjon og presentasjon av mindre vitskapelege undersøkingar i frå eigen skule knytt til eiga praktisk undervisning. Studentane vil måtte motta og gi respons på analysar av data og bidra i profesjonsfellesskap gjennom samarbeid med kollegaer på eigen og andre skular. Arbeidskrav Arbeidskrava for kvart av studiets fire emne er beskrive i emneplanane. Sluttvurdering Vurderingsform for kvart av studiets fire emne er beskrive i emneplanane.
LSKRØ3-301 (1): Lærerspesialisten, skole- og profesjonutvikling Emne LSKRØ3-301 Emneinfo Innhold og oppbygning Nynorsk: Emnet er første 15 stp. av 60 stp. Lærarspesialistutdanning i kroppsøving 8.-13. trinn. Emnet er bygd opp av tema med fokus på lærarspesialisten si faglege utvikling og kunnskap som kroppsøvingslærar. Studiet tek opp sentrale tema innenfor fag- og forskningsfeltet, og lærerprofesjonen. Sentralt i emnet er tema som profesjonsutvikling og undervisingsdesign, bevegelse i ulike kontekstar, motorikk og friluftsliv. Emnet er bygd opp rundt obligatoriske samlingar og nettundervisning med førelesingar, seminar, nettgruppearbeid, studentframlegging, eksemplarisk læringsarbeid, diskusjonsgrupper og individuelt fordjupingsarbeid. Studentane møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet, og får fleire framleggingsog innleveringsoppgåver som skal stimulera til studentaktive læringsformer. Læringsutbytte Nynorsk: Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale lærngsutbytte: Kunnskapar Studenten har inngåande kunnskap om profesjonsutvikling og undervisningsdesign som kan gi refleksjon kring skuleutvikling inngåande kunnskap om korleis val av utføring bevegelse varierer i ulike kontekstar og om kroppen som eit sjølvorganisert heilskapleg system inngåande kunnskap om friluftsliv i kroppsøving og uteskule som arbeidsform inngåande kunnskap om korleis rørsle og motoriske ferdigheiter utviklar seg og ha avansert kunnskap om rørsleutvikling Ferdigheiter drive profesjonsutvikling på eigen arbeidsstad planlegge, gjennomføre og evaluere kroppsøvingsundervisning basert på observasjon og analyse bruke kunnskap om dynamiske system i si undervisning og organisering av eigen rolle som lærarspesialist i kroppsøving planlegge og gjennomføre friluftsliv og uteskuleaktiviteter med sikte på faglig utvikling, læring og tilpassa opplæring gjennomføre undervisning basert på korleis motoriske ferdigheiter utviklar seg Generell kompetanse kommunisere om fag og bidra til profesjonsutvikling i skule- og utdanningsfeltet Krav til forkunnskaper 60 stp i kroppsøving/idrett, eller tilsvarande, og minimum 3 år relevant yrkespraksis etter fullført side 1
LSKRØ3-301 (1): Lærerspesialisten, skole- og profesjonutvikling grunnutdanning. Undervisnings- og læringsformer Emnene i Lærarspesialistutdanninga nyttar eit mangfald undervsings- og læringsformer: Førelesingar med diskusjonar (i grupper og på tvers av grupper) på samlingar og på nett; arbeid med oppgåver (individuelt og i gruppe); drøfting av kvarandre sine oppgåver; studentpresentasjonar (munnleg og skriftleg); respons på medstudentar sine faglege bidrag; undervisning av elevar 8.-13. tinn etter oppgitt tema; småskalaforedrag/speedpresentasjon, presentasjon av mindre vitskapelege undersøkingar i frå eigen skule; respons på analyse av data; bidra i profesjonsfellesskap gjennom samarbeid med kollegaer på eigen og andre skular. Arbeidskrav Fem mindre skriftlege arbeid knytt til ulike tema i emnet. Vurderingsform 8 timers individuell skriftleg heimeeksamen side 2
LSKRØ3-302 (1): Lærarspesialistrolla i kroppsøving Emne LSKRØ3-302 Emneinfo Innhold og oppbygning Nynorsk: Emnet er andre 15 stp. av 60 stp. Lærarspesialistutdanning i kroppsøving 8.-13. trinn. Emnet drøfter kroppsøvingsdidaktikk, leiing og kollegarettleiing, samt profesjonsidentitet og profesjonsfellesskap. Emnet tar opp vitskapsbasert utvikling av undervisning, i studiet og på eigen skule. Studiet skal gi studentane kompetanse og erfaring med å vere i og vidareutvikle lærarspesialistrolla. Emnet er bygd opp rundt obligatoriske samlingar og nettundervisning med førelesingar, seminar, nettgruppearbeid, studentframlegging, eksemplarisk læringsarbeid, diskusjonsgrupper og individuelt fordjupingsarbeid. Studentane møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet, og får fleire framleggings- og innleveringsoppgåver som skal stimulera til studentaktive læringsformer. Læringsutbytte Nynorsk: Kunnskapar Studenten har inngående kunnskap om kroppsøvingsfagets posisjon i skule og samfunn inngåande kunnskap til å analysere og reflektere kring utvikling av profesjonsidentitet kunnskap til å analysere og reflektere over rørsleaktivitetar og kroppens språk avansert kunnskap i å analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar og lærar kunnskap om utvikling og leiarskap i endring av lærarrolla gjennom utvikling av lærarspesialistrolla i kroppsøving Ferdigheiter vurdere forholdet mellom teoretisk og praktisk kunnskap knytt til kroppsøving i skule og samfunn gjere relevante analysar og utvikle undervising med utgangspunkt i forskingsintervensjonar som koplar kognisjon, bevegelsesaktiviteter og motoriske ferdigheiter nytte relasjons- og kommunikasjonskompetanse for å motivere elevar på 8.-13. trinn og tilretteleggje for eit inkluderande læringsmiljø i ei mangfaldig elevgruppe Generell kompetanse bruke kunnskap og ferdigheiter i funksjonen lærarspesialist i kroppsøving på 8.-13. trinn bidra til å analysere og reflektere over leiarskapets betyding for sosiale læringsprosessar vere nytenkande og innovativ og kunne dele kunnskap med kollegaer på eigen arbeidsplass Krav til forkunnskaper Lærarutdanning. I tillegg 60 studiepoeng kroppsøving/idrett eller tilsvarande, og minimum 3 år relevant yrkespraksis etter fullført grunnutdanning. side 1
LSKRØ3-302 (1): Lærarspesialistrolla i kroppsøving Undervisnings- og læringsformer Emnene i Lærarspesialistutdanninga nyttar eit mangfald undervsings- og læringsformer: Forelesingar med diskusjonar (i grupper og på tvers av grupper) på samlingar og på nett; arbeid med oppgåver (individuelt og i gruppe); drøfting av kvarandre sine oppgåver; studentpresentasjonar (munnleg og skriftleg); respons på medstudentar sine faglege bidrag; undervisning av elevar 8.-13. tinn etter oppgitt tema; småskalaforedrag/speedpresentasjon, presentasjon av mindre vitskapelege undersøkingar i frå eigen skule; respons på analyse av data; bidra i profesjonsfellesskap gjennom samarbeid med kollegaer på eigen og andre skular. Arbeidskrav Obligatorisk deltaking på samlingar. Fem skriftlege arbeidskrav. Vurderingsform Mappe med tre av fem obligatoriske arbeidskrav Hjelpemidler ved eksamen Alle side 2
LSKRØ3-303 (1): Læreplananalysar og djupnelæring Emne LSKRØ3-303 Emneinfo Innhold og oppbygning Emnet er første 15 stp. av 60 stp. Lærarspesialistutdanning i kroppsøving 8.-13. trinn. Emnet er bygd opp av tema med vekt på læreplanar, læreplananalysar, djupnelæring og fagleg kunnskapsbase i arbeidet som lærarspesialist i kroppsøving. Emnet er bygd opp rundt obligatoriske samlingar og nettundervisning med førelesingar, seminar, nettgruppearbeid, studentframlegging, eksemplarisk læringsarbeid, diskusjonsgrupper og individuelt fordjupingsarbeid. Studentane møter varierte og yrkesrelevante arbeidsog læringsformer i emnet, og får fleire framleggings- og innleveringsoppgåver som skal stimulera til studentaktive læringsformer. Læringsutbytte Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: Kunnskapar Studenten har kunnskap om djupnelæring i lys av ulike læringsteoretiske ståstader inngåande kunnskap om læreplanutvikling og læreplanar som styringsreiskap kunnskap til å reflektere over kroppsøvingslæraren si formidling av og forståing av skjult kunnskap inngåande kunnskap i kroppsøving om forholdet mellom undervisning, læring og danning kunnskap om ulike digitale verktøy kunnskap om korleis ein kan studera, definera og vurdera bevegelse frå subjektive og objektive perspektiv inngåande kunnskap om ulike former for vurdering i forhold til elevar, lærarar og skule kunnskap om lover og forskrifter som regulerer vurdering i skulen Ferdigheiter bruke ulike digitale verktøy i undervisning og læring analysere og forstå bevegelsers variabilitet og bruke pedagogiske teoriar og didaktiske arbeidsformer som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i kroppsøving analysere læreplanar som utgangspunkt for planlegging og vurdering bruke og kritisk reflektere over ulike vurderingsformer i kroppsøving Generell kompetanse analysere og bruke kunnskap og ferdigheiter om undervisning, læring og danning kommunisere om fagdidaktisk kunnskap, og kroppsøving i eit danningsperspektiv med spesialistar og med ålmenta Krav til forkunnskaper 60 stp i kroppsøving/idrett, eller tilsvarande og minimum 3 år relevant yrkespraksis etter fullført side 1
LSKRØ3-303 (1): Læreplananalysar og djupnelæring grunnutdanning. Undervisnings- og læringsformer Emnene i Lærarspesialistutdanninga nyttar eit mangfald undervsings- og læringsformer: Forelesingar med diskusjonar (i grupper og på tvers av grupper) på samlingar og på nett; arbeid med oppgåver (individuelt og i gruppe); drøfting av kvarandre sine oppgåver; studentpresentasjonar (munnleg og skriftleg); respons på medstudentar sine faglege bidrag; undervisning av elevar 8.-13. tinn etter oppgitt tema; småskalaforedrag/speedpresentasjon, presentasjon av mindre vitskapelege undersøkingar i frå eigen skule; respons på analyse av data; bidra i profesjonsfellesskap gjennom samarbeid med kollegaer på eigen og andre skular. Arbeidskrav Fire til seks arbeidskrav som mellomliggande arbeid og gruppediskusjonar Vurderingsform Individuell skriftleg 6 dagars heimeeksamen side 2
LSKRØ3-304 (1): Forskning og utviklingsarbeid i kroppsøving Emne LSKRØ3-304 Emneinfo Innhold og oppbygning Emne er fjerde15 stp., i Lærarspesialistutdanninga i kroppsøving på 60 stp. Emnet er bygd opp av tema med vekt på forsking og utviklingsarbeid i bevegelseslæring og utvikling i kroppsøving. Tema som vert teke opp er vitskaplege metodar, ulike forskingsdesign og vurderingsarbeid sett i eit vitskapleg perspektiv. Emnet er bygd opp rundt obligatoriske samlingar og nettundervisning med førelesingar, seminar, nettgruppearbeid, studentframlegging, eksemplarisk læringsarbeid, diskusjonsgrupper og individuelt fordjupingsarbeid. Studentane møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet, og får fleire framleggings- og innleveringsoppgåver som skal stimulera til studentaktive læringsformer. Læringsutbytte Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: Kunnskapar Studenten har generell kunnskap om kvalitativ og kvantitativ metode i kroppsøvingsforsking inngåande kunnskap i analyse og vurdering av motoriske ferdigheiter og motorisk utvikling på ulike læringsnivå inngående kunnskap om profesjonsutvikling og metodar for styrking av profesjonskunnskap i skolen Ferdigheiter analysere og kritisk vurdere kollektiv tilnærming til utvikling og forbeting av undervisningspraksis med utgangspunkt i relevante modellar planlegge og gjennomføre profesjonsutvikling i eige praksisfelt med bruk av relevante forskingsdesign og metodar Generell kompetanse analysere og bruke relevante design og metodar innan forsking og faglig utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte analysere og kritisk vurdere kollektiv tilnærming til utvikling og forbedring av undervisningspraksis Krav til forkunnskaper 60 stp i kroppsøving/idrett, eller tilsvarande og minimum 3 år relevant yrkespraksis etter fullført grunnutdanning. side 1
LSKRØ3-304 (1): Forskning og utviklingsarbeid i kroppsøving Undervisnings- og læringsformer Emnene i Lærarspesialistutdanninga nyttar eit mangfald undervsings- og læringsformer: Forelesingar med diskusjonar (i grupper og på tvers av grupper) på samlingar og på nett; arbeid med oppgåver (individuelt og i gruppe); drøfting av kvarandre sine oppgåver; studentpresentasjonar (munnleg og skriftleg); respons på medstudentar sine faglege bidrag; undervisning av elevar 8.-13. tinn etter oppgitt tema; småskalaforedrag/speedpresentasjon, presentasjon av mindre vitskapelege undersøkingar i frå eigen skule; respons på analyse av data; bidra i profesjonsfellesskap gjennom samarbeid med kollegaer på eigen og andre skular. Arbeidskrav Obligatorisk deltaking på samlingar. Utarbeide plan for utvikling av lærarspesialistrolla og delta i vurdering av andre studentar sine utviklingsplanar. Vurderingsform Individuell munnleg eksamen side 2