Golf Dans Tennis Fotball Fjelltrim Volleyball Bridge Årsrapport SØRAL bedriftsidrettslag 2469 SØRAL BIL 2009
STYRET Styret Samansetning i året har vore : Leiar Nestleiar Kasserar Sekretær Styremedlem Bjørn Heimvik Christian Nupen Kirsten Hals Bjørn Arholm Odd Arnold Hauge Det er i perioden halde eit ordinært årsmøte og 5 styremøter. Representasjon Einar Oppedal har sete som bedriftsidrettens representant i Idrettsrådet. Steinar Kleven er laget sin representant i Vardhaugselet. Leiar har sete i styret for Bedriftsidretten i Hordaland, samt ansvarleg for stedsutvalget i Sunnhordaland. Leiar er fram til Kretstinget gått inn i mosjonsutvalet i Hordaland. (sagt frå seg attval frå april 2009) Aktivitetar for alle kvar dag. Bedriftsidrettslaget sitt 43 arbeidsår har vore eit særs godt trimår med høg deltakelse på aktivitetane våre. I 25 års jubileum for SØRAL løpet vart det igjen ny rekord i antal deltakarar (1356). Siste 8 åra har deltakarantalet lege på rundt 1200 1300 personar. Frå fjelltrimmen har to av besøksmåla - Onarheimslia og Fenafjell fått ny besøksrekord. Desse turmåla i nærområdet er vorte ein fin treningsarena også vinterstid. I år vil ein få mellom 23-25 000 besøk i fjelltrimmen til bedriftsidrettslaget. Laget har dei siste året hatt ein stor auking i antal ulike aktivitetar, dei fleste deler av 2469 prosjektet. Vårtrimmen (sykle eller gå til/frå jobb), fotball, volleyball, innebandy, fjelltrim, SØRAL-løpet, dansetrim, felles trimturar, fotokurs, golf og trening på TrimX er aktivitetane som har flest personar i aktivitet. 2469. Prosjekt 2469 vart ein stor opptur, med oppstart 0 m.o.h hausten 2008. Prosjektet har arrangert nye og etablerte aktivitetar der målet bl. har vore å få fleire med på regelmessige trim/trening, dugnader og sosialt miljø. Mange av aktivitetane i 2469 har vore tilrettelagt som lavterskeltilbud, deltakinga på aktivitetane har hatt ei fin auking gjennom prosjekttida. Totalt har det vore arrangert ca 30 aktivitetar i 2469. Prosjektet vart avslutta med topptur til Galdhøpiggen i august 2009 med rundt 60 deltakarar. Styret og trimgruppa har vore ansvarlege for gjennomførelse av prosjektet, men alle gruppene har hatt aktivitetar med i 2469. Dugnadsånda. Bedriftsidrettslaga kan igjen sjå tilbake på eit godt dugnadsarbeidsår. Mange hundre timar vert lagt ned for å tilretteleggja og gjennomføra fotball, volleyball, innebandy, trening og turneringar, fellesturar, arrangement i bassenget, SØRAL-løpet pluss mykje, mykje meir. Det største dugnadsprosjektet dette året har vore skifting av tak på klubbhuset vårt. I tillegg har ein i lag med turstiprosjektet på Sunde hatt dugnader på kratt/skogreinsking og vedlikehald på merking av turstiane i Husnes- /Kaldestadåsen området, trimgruppa i lag med elevar frå KVV har og merka nokre fjell-løyper. Takk Styret vil få takka alle som har tatt på seg verv og oppgåver i meldingsåret, utan denne innsatsen ville ein ikkje kunna tilby ein så god og brei aktivitetsmeny, tilrettelagt for våre tilsette, deira familiar og for store og små i nærmiljøet. Stor takk til leiinga på SØRAL som aktivt arbeidar ilag med bedriftsidrettslaget om aktivitetane. Også stor takk til lærarar og elevar ved KVV, SØRAL-pensjonistar for hjelp med å arrangera SØRAL-løpet. Bjørn Heimvik Prosjekt 2469 vart avslutta med topptur til Galdhøpiggen
TRIM Trim Medlemer i gruppa har i år vore Tordis Sagstad (leiar), Bjørn Heimvik, Karina Isaksen, Steinar Kleven, Geir Berntzen, Geir Sigmund Saghaug, Rune Olsen og Hans Haukland. Året 2009 har vore eit travelt år for trimgruppa. Vi har ilag med styret i SØRAL B.I.L. arrangert prosjektet 2469. Det førte til ein stor auke av aktivitetar gjennom året. Spesielt på vårparten var det stor aktivitet med fleire trim-arrangement i veka. Første arrangement gjekk av stabelen 4. januar og det siste 27. desember. Fjelltrim. I 2009 fullførte ca. 165 personar fjelltrimmen. I løpet av året er det blitt rydda og merka mange løyper. Kvinnherad vidaregåande skule har også i år hjelpt oss med merking. Vi har også eit samarbeid med Kvinnherad kommune om merking av løyper i Husnesområdet. Totalt antal besøk på turmåla våre til fjells i 2009 var på over 23.000 Vårtrimmen: 87 personar innfridde kravet til premie for Vårtrimmen i 2009. På grunn av permitteringar har det i år ikkje vore konkurranse om beste skift/avdeling. 3 gåvekort á kr. 1000,- vart trekt ut blant alle som deltok. Tirsdagstrimmen /Torsdagstrimmen: Turtilbod til alle kvar tirsdag (torsdag hausten 2009) der ein starta frå adm.bygget og går ein tur på ca 1 time. På tur til Myrdalsvatnet der Bjørn Inge og Anny Mehl tok i mot oss med kaffi og vafler Skarverennet: 13 medlemmer av bedriftsidrettslaget deltok i årets Skarverenn. Nokre gjekk frå Finse medan andre gjekk frå Haugastøl. Ein fantastisk skitur i flott natur i vårsola. 7-fjellsturen: 7 personar fullførte på 7-fjellsturen i Bergen 24. mai. Tordis serverer kake ved Langlivatnet
SØRAL-løpet 10. og 13. september: Skuleløpet vart arrangert i samarbeid med idrettsklassen på KVV. Dei gjorde som vanleg ein strålande jobb. Det gjorde også alle pensjonistane og SØRAL-tilsette som var med å avvikla løpa både torsdag og søndag. Totalt 1356 deltakarar, og dermed vart rekorden frå i fjor slått. Aktivitetsdagar Det har dette året vorte arrangert 2 aktivitetsdagar. 4. januar var det aktivitetsdag i Søral-parken/båthavna/golfbana. Denne dagen vart arrangert ilag med Kvinnherad Golfklubb, Husnes Båtlag, Kvinnherad Røde Kors og B.I.L. 10. juni vart B.I.L sin aktivitetsdag arrangert i SØRALparken / Husnes Båthavn. Her var det stor aktivitet med golf, el-bil, dans, kano, kajakk, tennis, bading, fotball, havrafting, innebandy, sportsfiske, auresteiking, sportsdykking, sandvolleyball og stand med Røde Kors. Mykje folk (ca 250 personar) var i området denne dagen. Prosjekt 2469 sjå eiga omtale anna stad i årsrapporten. Andre arrangement: - Ruskaverstur til Bogsnesåsen - Ruskaverstur til Feto - Ruskaverstur til Aterstadvatna - Tur til Mjelkhaug - Overnattingstur til Nesjastølsvatnet ilag med Sportsfiskaren Kvinnherad - Tur til Myrdalen - Fisketur til fyret ved Bogsnes - Fotokurs - Tur til Gråskallen - Tur til Bondhusbreen - Tur til Langelivatnet - Tur til Bjellandsneset - Tur til Opsangerneset - Opptur ilag med 8. klassane i kvinnherad. Eit arrangement i regi av Den norske Turistforening/Kvinnherad turlag. Turen gjekk til Vardhaugselet, Nordefjell og Mjelkhaug. - Romjulstur på Sunde Aktivitetsdag i båthamna samla over 250 personar Ruskaverstur til Bogsnesåsen
SØRAL-LØPET
Volleyball VOLLEYBALL Volleyballgruppa har igjennom året hatt trening i Husneshallen kvar mandag frå kl. 20.00 til 22.00. Vil fortsette med same treningstidene fram mot våren. Det er stabilt frammøte på treningane, 8-12 menn/kvinner. Dette betyr at vi berre bruker ein av to disponible baner. Har derfor god plass til fleire spelarar. Og ønskjer nye spelarar/vennelag velkommen. Den årlege SØRAL-cupen vart arrangert laurdag 24. januar. Det var 7 lag som melde seg på. SØRAL stilte med 2 lag, og det eine laget kom på første plass. Ei stor takk til Trio volleyballgruppe som stod for den tekniske gjennomføringa. 6.-8. mars deltok vi med eit lag til Superhelg i Stavanger. Laurdag 24. oktober stilte vi med eit lag til Hobbyvolley på Stord. Bjørn Helle FOTOKURS Fotokurs Som eit nytt aktivitetstilbud har ein i 2009 knytt til seg Atle Helland for å auka kunnskapen om å bl.a fotografera ute i det fri. Fotokurset har tatt for seg turar ute i naturen med øving av å få det optimale blinkskot. Utekursa er vidare følgd opp med teori i bruk av Photoshop og PowerPoint. Våre husfotografar Hans Ordin og Geir har vore gode medarrangørar. Rundt 50 personar har vore med på eit eller fleire kurs. Den gode responsen og mange positive tilbakemeldingar gjer at ein også i 2010 vil ha desse kursa på aktivitetsplakaten.
BESØKJANDE Besøkjande M.o.h: Turmål: 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 1245 Ulvanosa 229 248 329 285 393 251 1200 Englafjell 180 147 118 152 1013 Manen 223 166 325 267 225 297 268 1005 Mjelkhaug 374 433 357 342 384 427 478 445 893 Handelandshorga 107 112 79 69 78 101 160 125 777 Svartavatnet 218 216 216 206 202 181 246 643 Vardhaugselet 2121 2071 1779 1280 1633 2037 559 Nordfjellet 4428 4023 3673 3739 4248 4025 4441 3994 460 Bremstølsvatnet 1668 1526 1792 1583 1971 1272 1803 271 Kaldestadåsen 6172 5198 6171 5223 7014 5117 6693 5798 265 Onarheimslia 1420 4818 5171 160 Fenafjell 3237 3499 3778 3161 3428 3928 4247 8491 Total 13599 17427 18512 17389 18956 18304 21843 19780 Mount Everest (8850 m.o.h)
Innebandy INNEBANDY I år har det vært eit godt oppmøte på trening, det har vært i snitt på 12 stk og andelen av dei som jobbar eller har jobba på SØRAL vore høgare enn på mangen år. Snitt alderen er og mykje høgare enn før. Den eldste som har vært med er 60 år. Har tatt i bruk både sms som me sender ut kvar mandag om påminning om trening og eigen gruppe på facebook (b.i.l søral innebandy) Ønskjer ein å få sms melding om trening send namn og nr til terje.nummedal@soral.no Målet er å stille lag i bedriftsidrettens superhelg i Stavanger til våren. Håper nye og gamle spelarar vil ta turen til Husneshallen kl 20:30 til Kl 22 i 2010 Leiar av Innebandygruppa Terje Nummedal BRIDGE Bridge Bridgegruppa BK Pensjonisten, SØRAL 12 til 16 persona møter opp kvar måndag frå kl 10.00 til kl. 13.30 gjennom vinterhalvåret. Ei trivselstund alle set pris på om ein blir litt høgrøysta ein gong i blant. Leif Thuland
DANS Dans Mellom 30 og 50 persona møtest kvar måndagskveld gjennom vinterhalvåret til dans. Langeland s orkester er vårt faste husorkester men og andre stiller opp og gjev oss friske tona å danse etter. Møteplassen er Kulturhuset Husnes men på haustparten møtast vi på Nå i Hardanger og om våren er det Røldal som er vertskap. Første helga i juni samlast vi frå begge sider av fonna og legg turen til et høgfjellshotell. Det er danselaget i Odda som er arrangør av desse samlingane som vi alle set stor pris på. Det er gamaldans som står i fokus når vi samlast, -ingen hipp-hopp! Leif Thuland KLUBBHUSET Klubbhuset Utskifting av tak og reparasjon av råteskader på Grevehytta er det prosjektet som har vore mest krevjande. Over hundre dugnadstima er fram til no registrert. Nytt tak er kome på plass, mindre arbeidsoppgåver venter på oss når våren kjem. Det er fleire mindre lag som dreg nytte av dette klubbhuset og er med å bidreg litt i reprasjonsarbeidet.
2469 SØRAL BIL Aktivitetsperiode: 2. september 2008-23. august 2009
FOTBALL Fotball Fotballgjengen har i sesongen trena fast 2 gonger i veka på Kvedabekken. Frammøte har vore bra med snitt på ca 15 personar. Dette året har ein ikkje deltatt i turneringar. Tore Sjo
Innebandy Ro/padling SØRAL-løp Treningssenter Vårtrimmen