Jon Fosse. Andvake. Forteljing



Like dokumenter
Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. For seint. Libretto

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman


EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Til deg som bur i fosterheim år

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Brannsår, rus eller friheit?

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Tormod Haugland MØRK MATERIE

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo


Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Tor Arve Røssland. Oslo

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

OK, seier Hilde og låser.

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Kom skal vi klippe sauen

Med tre spesialitetar i kofferten

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

mmm...med SMAK på timeplanen

FANTASTISK FORTELJING

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

«Ny Giv» med gjetarhund

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!


Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Rom ved havet, rom i byen

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

/

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Det Norske Samlaget Boka er omsett frå svensk av Gunstein Bakke. Omslag: Markup Lantto

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

MEDLEMSINFO. august 2009

Ragnar Hovland. Stille natt. Roman

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Tor Arve Røssland. Oslo

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Mini-skodespel om Lars Skrefsrud ( ) SCENE II: I Tjuvhøla. SCENE lll: Dina og Anna.

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Setring ved Håbakkselet Hareid

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole Kart: Wikimedia Commons Atlas of the World, Wikimedia Foundation

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Sigrid Merethe Hanssen. Roman

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Transkript:

Jon Fosse Andvake Forteljing

2007 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 978-82-521-7663-6 2. utgåva

Baksidetekst No har dei klart å koma seg til Bjørgvin og no skal deira liv byrja og han ser Alida reisa seg opp og ho står veldig der i framskuten og Asle kjenner at slik han er laga, så er ikkje han sjølv så viktig, det er det store svevet som er viktig, det har spelinga lært han, det er vel spelemanns lagnad å vita slikt, og for han heiter det store svevet Alida. Alida og Asle er komne til Bjørgvin for å finne arbeid og ein stad å bu. Alida ventar barn, men ingen vil gi henne og kjærasten rom. Andvake er ei lysande vakker skildring av kjærleiken mellom dei to unge, og ei historie som peiker langt ut over seg sjølv.

Jon Fosse Andvake Forteljing

I

A sle og Alida gjekk kringom i Bjørgvins gater, over skuldra bar Asle to byltar med alt det dei åtte og i neven bar han feleskrinet med fela han hadde ervd etter far Sigvald, og Alida bar på to nett med mat, og no hadde dei gått kringom i Bjørgvins gater i fleire timar og prøvd å finna seg husvære, men det var som umogeleg å få leigd seg hus nokon stad, nei, dei sa, me har diverre ikkje noko å leiga ut, nei, dei sa, det me har til utleige er alt utleigd, slikt sa dei og så måtte Asle og Alida halda fram med å gå kringom i gatene og banka på dører og spørja om dei ikkje kunne få leiga seg rom der i huset, men ikkje i nokon av husa var det rom å få leiga, så kvar skulle dei vel gjera av seg, kvar kunne dei vel finna ly for kulden og mørkret no seinhaustes, einkvan staden måtte dei vel kunna få leiga seg rom, og det var då endå godt det ikkje regner, men snart byrja det vel å regna òg, og dei kunne ikkje berre bli gå ande slik, og kvifor ville ingen hysa dei, kunne det kanskje vera fordi alle godt kunne sjå at Alida snart skulle føda, det kunne jo skje kva dag som helst, slik ho såg ut, eller var det fordi dei ikkje var vigde og dimed ikkje var for skikkelege ektefolk, og for skikkelege folk, å rekna, men kunne vel nokon sjå det på dei, nei det gjekk vel ikkje, eller kanskje var det mogeleg likevel, for noko måtte det vera som gjorde at ingen ville gje dei hus, og det var jo ikkje fordi Asle og Alida ikkje ville gifta seg at dei ikkje alt hadde fått prestehanda på seg, korleis kunne dei vel hatt tid og høve til det, ikkje meir enn godt og vel sytten år gamle var dei, så sjølvsagt hadde dei ikkje det som kravdest for

å halda bryllaup, men så snart dei det hadde, skulle dei giftast på skikkeleg vis med prest og kjøkemeister og bryllaupsfest og spelemann og alt som til høyrde, men til så lenge fekk det vera, det fekk vera som det var og det var jo eigentleg godt som det var, men kvifor ville ingen hysa dei, kva var gale med dei, kanskje kunne det hjelpa viss dei tenkte at dei var vigde folk og mann og kone, for om dei det tenkte vart det sikkert vanskelegare for andre å merka på dei at dei gjekk rundt i livet som synd arar og no hadde dei banka på mange dører og ingen dei hadde spurt om kunne gje dei hus hadde vilja hysa dei og dei kan ikkje berre gå vidare slik, det er ved å kveldast, det er sein haustes, det er mørkt, det er kaldt og snart byrjar det vel å regna òg Eg er så trøytt, seier Alida og dei stansar og Asle ser mot Alida og han veit ikkje kva han kan seia til trøyst, for alt mange gonger hadde dei trøysta seg med å snakka om det komande barnet, vart det ei jente, eller ein gut, det snakka dei om, og Alida meinte at jenter var greiare å ha med å gjera, og han meinte det motsette, at gutar var lettast å vera saman med, men vart det gut, vart det jente, glade og takk same skulle dei same kva vera for barnet dei om ikkje så altfor lenge skulle bli foreldre til, det sa dei og trøysta seg med å tenkja på barnet som om ikkje så lenge skulle bli fødd. Asle og Alida gjekk der i Bjørgvins gater. Og til no hadde dei vel eigentleg ikkje teke det så tungt, dette at ingen ville hysa dei, til sist ordna det seg nok, snart var det nok einkvan som hadde eit lite rom å leiga ut, der dei kunne bu ei tid, det måtte jo ordna seg, for det

var jo så mange hus i Bjørgvin, små hus og store hus, og ikkje som i Dylgja, der det berre var nokre gardar og så nokre små strandsitjarhus, ho, Alida, var dotter til mor Herdis i Brotet, dei sa, og kom frå eit lite bruk i Dylgja, der var ho oppvaksen saman med mor Herdis og syster Oline, etter at far Aslak vart borte og aldri kom att då Alida var tre og syster Oline fem år, og ikkje hadde vel Alida eingong noko minne om faren, berre av røysta hans, for enno kunne ho høyra røysta hans for seg, den store kjensla som i røysta hans var, det klåre skarpe og breie laget, men det var vel òg alt ho hadde att etter far Aslak, for ingenting kunne ho vel minnast om korleis han såg ut, og ikkje noko anna mintest ho heller, berre røysta hans når han song, det var alt ho hadde att av far Aslak. Og han, Asle, var oppvaksen i eit naust i Dylgja der det var innreidd som eit lite husvære på lemmen, der voks han opp saman med mor Silja og far Sigvald, heilt til far Sigvald ein dag då hauststormen kom brått på vart borte på havet, han fiska utanfor øyane vest i havet og båten sokk der utom øyane, utom Store steinen. Og så var då mor Silja og Asle att der i Naustet. Men ikkje lenge etter at far Sigvald vart borte, tok mor Silja til å sjukna, ho vart tynnare og tynnare, ho vart så tynn at det var som råd å sjå igjennom andletet hennar og inn på berre beina, dei store blåe augo hennar vart som større og større og fylte til sist mesta heile andletet, slik såg det ut for Asle, og det lange brune håret hennar vart tynnare enn før, og meir pistrut, og så, då ho ikkje stod opp ein morgon, fann Asle henne daud i senga. Mor Silja låg der med dei store blåe augo sine opne og såg til sides, mot der far Sigvald skulle ha lege. Det lange tynne brune håret hennar dekte

til det meste av andletet hennar. Mor Silja låg der og var daud. Dette var for vel eitt år sidan, då Asle var på lag seksten år. Og då var det einaste han hadde i livet seg sjølv og dei få tinga der i Naustet, og så fela etter far Sigvald. Asle var åleine, mottens åleine, hadde det ikkje vore for Alida. Alt han tenkte på då han såg mor Silja liggja der så endelaust daud og bortkomen, det var Alida. Det svarte lange håret hennar, dei svarte augo hennar. Alt ved henne. Han hadde Alida. No var Alida det einaste som var att for han. Det var det einaste han tenkte. Asle tok handa si bort til den kalde kvite kjaken til mor Silja og strauk over kinnet hennar. No hadde han einast Alida att. Det tenkte han. Og så hadde han fela. Det tenkte han òg. For far Sigvald hadde ikkje berre fiskar vore, han hadde òg vore ein dugande spelemann, og i kvart einaste bryllaupet i heile ytre Sygna var det han som spelte, slik var det i mange dei åra, og skulle det dans vera, ein sommarkvelden, var det far Sigvald som spelte. Han hadde då òg i si tid kome austanfrå til Dylgja for å spela i bryllaupet til bonden på Leite, og slik var det at han og mor Silja hadde trefst, ho var tenestetaus der og serverte i bryllaupet, og far Sigvald spelte. Slik treftest far Sigvald og mor Silja. Og mor Silja vart med barn. Og ho fødde Asle. Og for å forsørgja seg og dei sine tok far Sigvald seg hyre hjå ein fiskar uti øy ane i havet, fiskaren budde på Storesteinen, og som del av løna skulle han og Silja få bu i eit naust fiskaren åtte der i Dylgja. Slik vart spelemannen far Sigvald fiskar òg, busett i Naustet på Dylgja. Slik var det. Slik gjekk det. Og no var både far Sigvald og mor Silja borte. For alltid borte. Og no gjekk Asle og Alida kringom der i Bjørgvins gater, og alt dei

åtte bar Asle i to byltar over skuldra, og så hadde han feleskrinet og fela etter far Sigvald med seg. Det var mørkt, og det var kaldt. Og no hadde Alida og Asle banka på mange dører og spurt etter hus og berre fått til svar at det ikkje gjekk, dei hadde ikkje noko å leiga ut, det rommet dei hadde å leiga ut var alt utleigd, nei dei leigde ikkje ut, det trongst ikkje, slikt hadde dei fått til svar, og Asle og Alida går, dei stansar, dei ser mot eit hus, kanskje kan vel der vera husvære å leiga, men skulle dei våga seg til å banka også på den døra, dei fekk vel berre endå ein gong nei til svar, same kva, men dei kunne då ikkje berre gå kringom i gatene slik heller, så dei måtte vel våga seg til å banka på og spørja om der var rom å få leiga, sjølvsagt, men korkje Asle eller Alida var mota på nok ein gong å skulla leggja fram ærendet sitt og så nok ein gong å få høyra at nei, det gjekk nok ikkje, det var fullt nok som det var, slikt noko, og kanskje gjorde dei feil då dei tok alt det dei åtte med seg og segla inn til Bjørgvin, men kva skulle dei vel elles ha gjort, skulle dei ha vorte buande der i huset til mor Herdis i Brotet, endå ho ikkje ynskte å ha dei buande der, for hadde det vore noko framtid i det, og hadde dei berre fått halda fram med å bu i Naustet, så hadde dei nok vorte bu ande der, men ein dag såg Asle at einkvan, om lag på hans alder, kom segl ande mot Naustet og firte segl og la til i fjøra nedanfor Naustet og fortøygde der og så byrja han å gå opp mot Naustet og etter ei stund høyrdest banking på luka og då Asle hadde opna og då karen opp var komen og hadde kremta ferdig sa han at det var han som no åtte Naustet, no etter at faren kom bort på sjøen saman med far til Asle, og no trong han Naustet sjølv og då kunne