Vaksdal Sosialistisk Venstreparti



Like dokumenter
Program for Vaksdal SV

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Politisk program for Jølster KrF

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Program OSTERØY HØGRE

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Frivilligpolitisk plattform

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Utkast til program Meland Høgre 2015

Barnehageplan for Vinje kommune

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Program for Masfjorden Venstre

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

ETNE VENSTRE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

SOGN driftig raus ekte

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Hemsedal KRF Program

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

Til veljarane i Tysnes

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Frivilligpolitisk plattform

Program for. Sykkylven Venstre

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

Ei god framtid for alle!

Program for. Årdal Venstre

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Samnanger. der du vil leva og bu Kommuneplan

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Arbeidsprogram

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Sogndal arbeidarparti - Endå betre saman. Visjon

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Sandeid skule SFO Årsplan

Ulvik Arbeiderparti Program

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Program for Bømlo Venstre

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Prosjekteigar: Flora kommune.

Kommunevalprogram Bremanger Arbeidarparti

Kommunedelplan for oppvekst

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gjera folk trygge og styrka tilhøyrsle og identitet.

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Informasjonshefte Tuv barnehage

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

For å nå dette må tiltak, verkemedel og tenester organiserast slik at dei fremmer dette og motverkar segregering og stigmatisering.

Transkript:

Program for Vaksdal Sosialistisk Venstreparti 2011 2015 DEL GODENE Vaksdal SV sitt kommunevalprogram for 2011 2015 er også denne gongen ei mobilisering for velferd, rettferd og miljø. Det er ei mobilisering for å bry seg om kvarandre, skape gode og trygge møteplassar mellom menneske og gjere kommunen til eit inkluderande fellesskap. SV kan sjølvsagt ikkje løyse alle utfordringane åleine eller i løpet av dei komande fire åra, men vi skal vere godt i gang. Det er rom for ei solidarisk omfordeling, ein må bare finne viljen. SV er tufta på deling av godene med dei innbyggjarane som treng det mest i fokus. I dette kan SV aldri gå på akkord. SV er utålmodige, vi ynskjer ein kommune med sjølvtillit, kreativitet og kvalitet for innbyggjarane. Vaksdal er ein unik kommune med god infrastruktur, nærleik til by og til natur, og sist, men ikkje minst mange engasjerte innbyggjarar som ynskjer å gjere ein innsats og forskjell for heimstaden sin. SV meiner (framleis) at kommunen si hovudsatsing må vere fleire vaksdølar. Folketalsauke er den viktigaste vegen til utvikling av dei mange store og små lokalsamfunna i kommunen. Klok og effektiv tettstadsutvikling er bare mogleg om kommunen sjølv er aktiv i å leggja til rette og bygga ut nye bustadfelt. SV vil ha full barnehagedekning, gode skular og gode samferdsleløysingar. Kommunen treng meir politisk styring. Privatisering og marknadsløysingar i det offentlege vil aldri kunna løysa dei utfordringane Vaksdal kommune har i åra som kjem. Fridom, rettferd og solidaritet må skapast gjennom global, nasjonal, regional og lokal innsats. SV vil delta i kampen mot marknadsliberalismen og for folkestyre på alle plan. Viss du er einig med oss i dette kan du gje oss din stemme 12. september. Godt val. 1

Born og unge SV vil skapa ein oppvekst med gode offentlege tilbod til alle born og unge. SV vil arbeide mot alle former for minimumsløysingar. SV vil arbeida for ei reell full barnehagedekning, det vil sei tilbod om heildags barnehageplass innan 1 månad. barnehageplass i grenda der borna bur barnehageåret må gå frå 01.08 31.07 småbornsgrupper med maks 9 born og storbornsgrupper med maks 18 born fleire vaksne i barnehagane. Sikre naudsynt pedagogisk kompetanse ferdigstille nye barnehagar på Vaksdal og Stanghelle oppretthalda skulane i kommunen kartlegge behov for ny skule på Vaksdal og ny ungdomsskule på Dale. forsøk med gratis skulemat SFO får same opningstid som barnehagane og makspris 2000 kr i månaden opent symjebasseng heile skuleåret og styrka symjeopplæringa i skulen. Tettstadsutvikling God infrastruktur for pendling, positiv bustadbygging og sosiale møteplassar, vil betre attraktiviteten til alle bygdene. Vakker natur kan ikkje stimulera verken til busetting eller besøk utan god infrastruktur. SV vil arbeida for opprusting av kommunesenteret Dale. Samstundes vil SV ha fokus på bygdesentra Vaksdal, Stanghelle og Stamnes og leggja til rette for desentraliserte offentlege tenester. legekontor og helsestasjon på Vaksdal ordinært postkontor på Dale skapa møteplassar for alle innbyggjarar politiet har døgnvakt i kommunen ei økonomisk forpliktande vedlikehaldsplan for offentleg eigedom aktive program for tettstadutvikling i kommunen auka fokus på omdømme og identitet for heile Vaksdal historisk vern av bygningar som har stor verdi for trivnad og identitet oppgradera Vaksdal Senter som eit framtidsretta og representativt samlingspunkt ved å utvida kommunens eigarrolle og engasjement 2

Bustadpolitikk Vaksdal kommune skal verta ein attraktiv kommune å busetja seg i. Kommunen skal dra nytte av nærleiken til storbyen Bergen. Kommunen må leggja til rette for nyetablering i ytre del av kommunen der etterspurnaden er størst, og aktivt bidra til at alle bygdene kan ta imot innflyttarar og reisa nye bustader. avvikla Vaksdal Næringspark slik at kommunen sjølve styrer bustadutviklinga aktiv bruk av Husbanken ein meir variert bustadmasse for ungdom og eldre utbygging av nedre Boge med kommunal deltaking for å sikra tilkomst til jernbane og sjø gjennomgangsbustader på Lavik i Eksingedalen aktiv marknadsføring mot Bergen og Voss på bustader, tomter og eit godt oppvekstmiljø. Samferdsle SV vil fylla visjonen Bynært bygdeliv med innhald. Den viktigaste forutsetninga for dette er at kommunikasjonen mot Bergen og Voss vert betra radikalt. fleire avgangar og fleire pendlartog nattog frå Bergen fleire dagar i veka kombinert med kulturbillett alle stasjonar og plattformar skal ha universell utforming Oppretthalda alle stasjonar og haldeplassar for tog trafikk- og støyskjerming på E 16 ma. gjennom Vaksdal. rassikre E16 100% trygge skulevegar. 30 km fartsgrense og fartsdumper på Vaksdal, Dale og Stanghelle. fleire gang og sykkelvegar tilfredstillande veg frå Dalseid til Eidslandet gratis servicelinjer frå grendene til kommunesenteret rehabilitera kommunekaien på Vaksdal 3

Kommunikasjon Vaksdal er ein vidstrakt kommune. Dette krev eit godt utbygd kommunikasjonstilbod. Kommunen må leggja til rette for at alle skal ha god tilgang til breiband. SV vil i perioden arbeida for å: modernisera kommunen sine heimesider realisera internettportal for Vaksdal som digital møteplass sikre dekning for mobiltelefon, TV-signal og breiband i heile kommunen etablera servicesenter med tilgang og bistand til internett - i første rekkje i tilknyting til frivilligsentralen praktisere meiroffentlegheit i all kommunal sakshandsaming gjere kommunen kjent i Bergensregionen gjennom ei me finst kampanje Etablering av arbeidsplassar Vaksdal kommune er ein stor pendlarkommune. Men kommunen er og heilt avhengig av å oppretthalda og skapa nye arbeidsplassar. SV vil utvikle og utvide det offentlege tenestetilbodet og at kommunen tar på seg pådrivarrolla i å etablere nye arbeidsplassar. SV vil i perioden arbeide for å: avvikle kommunens engasjement i Vaksdal Næringsselskap gi kommunal støtte til etablering, og oppretthalda infrastruktur i grendene Utvide det offentlege tenestetilbodet, til dømes å gjenopna kjøkkena på institusjonane behalde IKT kompetansen i kommunen redusera handelslekkasjen til Arna gjennom aktiv eigarskap i Vaksdal senter Ein verdig alderdom Alle eldre som treng det skal ha rett til eit verdig omsorgstilbod i offentleg regi. Tilbodet til eldre menneske må vera tilpassa den einskilde sine behov. SV vil at alle som treng det skal få tilbod om heimehjelp, tilpassa bustad eller plass på sjukeheim. Heile omsorgskjeda må fungera i samanheng for å sikra eldre tryggleik og verdigheit. utvikla Vaksdal sjukeheim til eit kompetansesenter for demens utvikla Daletunet omsorgssenter til eit senter for rehabilitering oppretthalda sjukeheimsplassane i Modalen av omsyn til innbyggjarane i området Eksingedalen/Eidsland anstendige ressursar til heimetenesta for å sikra dei eldre heimebuande eit fullverdig tilbod 4

utbygging av mindre bustader/eldretun for å gje eit betre sosialt tilbod til heimebuande eldre Kommunen som arbeidsgjevar For SV er det viktig med deltaking i arbeidslivet og at alle skal ha ei lønn å leva av. Heile stillingar gjev økonomisk tryggleik og sjølvstende for den einskilde, både som lønnstakar og seinare som pensjonist. Kommunen er største arbeidsgjevar og må gå føre ved å tilby lærlingeplassar med målsetjing om rekruttering i alle sektorar. tilsette i Vaksdal kommune skal ha rett til full stilling, og moglegheit for deltidsstilling mottakspakkar for å sikra kvalifisert arbeidskraft i alle sektorar leggja til rette for at folk som får arbeid i kommunen vil busetja seg her kommunen skal ikkje nytta seg av private vikarbyrå. forsøk med 6-timars dag utan tap av løn. kvinnerepresentasjon på minst 40 % i alle kommunale organ samt i selskap der kommunen er medeigar i radikal kvotering av kvinner til leiande stillingar i kommunen likelønnspott ved lokale lønnsforhandlingar. Kvinner og likestilling SV sitt mål er å styrkja kvinnene sin stilling på alle felt i samfunnslivet, og gje kvinner meir makt og påverknad. Kampen for kvinnefrigjering skal gjennomsyra all politikk i SV. eit sjølvstendig Kvinneutval som skal arbeida med likestilling i heile kommunen. implementera tilrådingane frå Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæringen 2008-2010 meir helsesøster i skulen med betre ungdomsretta tilbod kommunen skal aktivt førebygga vold mot kvinner gjennom styrka opplæring i kjønn, kropp, seksualitet mm Solidaritet Vaksdal kommune skal vere ein open, inkluderande kommune utan rasisme og framandfrykt. SV vil i perioden arbeide for: Vaksdal kommune tek i mot og buset flyktningar etter tilrådingane frå IMDI. kommunen og tek mot einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar 5

alle framandspråklege born vert gjeven morsmålsundervisning i barnehage og skule. Fattigdom Vaksdal skal i 2015 vere ein kommune utan fattigdom. SV vil arbeide for at kommunen etablerer varig tilrettelagde arbeidsplassar og at kommunen sikrar individuell sakshandsaming i høve økonomisk sosialhjelp. Miljø og friluftsliv Vaksdal kommune har ein særprega og mangfaldig natur med nærleik til fjell og sjø. SV vil sikra alle tilgang til naturopplevingar, og hindra privatisering av strandsona og fjellet. adkomst og parkering for etablering av småbåthamn på Boge ny småbåthamn på Stanghelle med gjestekai og marina kommunen aktivt nyttar seg av medlemskapen i BOF opparbeida turstiar i nærområda ta sentrumsparken tilbake på Vaksdal frå parkeringsplass til møteplass setja i stand området ved Gåsedammen gangbru over E16 til Nordafjellet ein fjord fri for oppdrettsanlegg av omsyn til villaksestamma. verna mindre vassdrag frå kraftutbygging nei til kraftutbygging i alle verna vassdrag ta klimatrusselen på alvor ved å setja av 1% av årlege budsjettmidlar til klimatiltak. Kultur SV ynskjer eit stort kulturelt mangfald der smalare kulturaktivitetar og uorganisert verksemd særskilt for ungdom har gode kår. Vaksdal Kommune har mange mindre kulturhus. Desse må ivaretakast i staden for å satsa på eit nytt stort sentralt kulturhus. Kulturen må ut til folket der folket bur. full oppgradering av Dalehallen som storstove til kulturføremål verne og utvikla Dale Forsamlingshus vidareutvikla og oppgradera samfunnshusa i Vaksdal Senter og Stanghelle skule auka satsing på biblioteket på Dale og Vaksdal Reetablere bokbussen kommunen aktivt skal stø dei mindre private kulturhusa 6

behalda og ivareta nedlagte skulebygg som kulturelle samlingsplassar i grendene sikre og utvikle tilbodet i ungdomsklubbane dei føresette sin økonomi skal ikkje vere til hinder for barn og unges deltaking i det kommunale kulturtilbodet desentralisert undervisning i kulturskulen Idrett Kommunen skal vere ein aktiv støttespelar og tilretteleggjar i det frivillige idrettsarbeidet. sikra born og unge eit breitt mangfald av aktivitetar,. sikreuorganiserte same prioritet til bruk av fleirbrukshallen. kommunen og ikkje idrettslaga skal drifte fleirbrukshallen opprusta fotballbanen i Eksingedalen ballbinger på Stanghelle og i Eksingedalen kommunen saman med idrettslaga inviterer til open hall i vinterhalvåret. kommunen saman med idrettslaga etablerer eit forsøk med trening i arbeidstida for dei tilsette i kommunen. 7