Å leve av og med naturen.



Like dokumenter
Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

«Ny Giv» med gjetarhund

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Hallo i nedslagsfeltet!

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Til deg som bur i fosterheim år

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Jon Fosse. For seint. Libretto

mmm...med SMAK på timeplanen

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Egil Christophersen til minne.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Brukarrettleiing. epolitiker

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1


JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Plassebakken Barnehage

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Hallo i nedslagsfeltet!

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Med god informasjon i bagasjen

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

FANTASTISK FORTELJING

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Frå novelle til teikneserie

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Plassebakken Barnehage BA

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Månadsbrev for Rosa september 2014

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Brannsår, rus eller friheit?

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Brødsbrytelsen - Nattverden

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Setring ved Håbakkselet Hareid

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Ei av dei mange hengebruene

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Plassebakken Barnehage

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Med tre spesialitetar i kofferten

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Kom skal vi klippe sauen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsplan for Hare November

Motivasjon for læring og meistring. Volda Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy ivar.orstavik@heroy.kommune.

Transkript:

Vilt, vakkert og vått. Eidfjord og Hardanger var eit naturleg utgangspunkt for the Dale Oen Experience sin første tur. Tolv utvalde skuleungdomar frå Hordaland fekk ei oppleving heilt i Alexander og Robin Dale Oen si and. Å leve av og med naturen. Som då ein la seg i soveposen på leirplassen ved Tinnhølen på Hardangervidda laurdag kveld, etter ein ni timar lang fjelltur og middag tilberedt på primus. Ei fantastisk kjensle, var alle einige om, men kanskje enno viktigare var innsikta om at ein ikkje skal ta noko for gjeve. Dale Oen Experience handlar om råskap - men alltid med kontroll. Viljen til å presse grenser skal aldri gå så langt at det går utover sikkerheita. Sikkerheitsinstruksjonar blei gjennomgått og poengtert før ungane fikk sette i gong med klatring, padling og å lage mat på primusen. Grunnlaget for meistring var gjeve. Då ein hadde gjort unna 2,5time og 700 høgdemeter av den planlagte turen til Rembedalskåka turisthytte tok ein også i bruk ein fjellvettregel: Det er ingen skam å snu. På den skarpe stigninga opp til Skytjedalsvatnet hadde ein allereie opplevd alle årstider. Ein starta i vårleg frisk luft som igjen blei avløyst av sol og varme sommaren verdig. Lenger opp i fjellet ville det sedvanlige septemberveret også vise seg fram, og då regn blei til hagl der snøen framleis låg på bakken hadde turdeltakarane fått ein smak av vinteren òg. Men veret knekte ikkje viljen til dei tolv ungdomane. Sjølv med sekker som for dei fleste vog 20 kilo eller meir på ryggen (for somme auka det kroppsvekta med sikkert 50%), og trass i småskavankar som overtråkk og gnagsår kom dei seg opp alle som ein. At ein måtte gå ned att derifrå, istaden for fram til det opprinnelege målet, hindra ikkje at meistringskjensla vaks fram i både den eine og den andre. Sjølv dei som var mest skeptisk då stien tilsynelatande gjekk rett opp frå første steg til ein stod ved Skytjedalsvatnet tre timar seinare var strålande nøgde då ein til slutt hadde kome seg ned ein annan veg enn den ein gjekk opp.

Totalt tok toppturen ni timar, og med ein topp på omtrent omtrent 900 meter over havet var det dei færraste av turens deltakarar som kunne sei dei hadde vore med på liknande i spektakulær vestnorsk natur. Meistringskjensla hadde dei allerede fått oppleve tidlegare under dagane i Hardanger. Som då fleire av ungane klatra til topps i klatrefjellet i nærleiken av Hardanger Natursenter i Øvre Eidfjord, utan å ha drive noko med klatring tidlegare. Samtlige kom seg mykje lenger opp i fjellsida enn dei hadde ga uttrykk for dei kunne før dei starta. Somme var sikre på at dei ikkje skulle flytte seg ein meter oppover fjellsida dei var sikre på at klatring det var for vanskelig for dei. Sjølv dei som ikkje kom seg heilt til topps fann fotfeste der dei aldri tidlegare hadde hatt. Alle er seg sjølv nærast, og alle er dyktige på ulike ting. I teamet tilknytt Dale Oen Experience har ein ekspertar på friluftsliv, klatring, symjing og padling. Slik er det også for ungane. Somme meistrar enkelte ting betre enn andre heilt naturlig.

For enkelte var padlinga langt meir spanande enn klatringa. Dels fordi ein meistra det betre, dels fordi bølgjene gjorde det heile til ei ekstra utfordrande reise på Eidfjordvatnet. I stadig tiltakande vind guida padleeksperten (tidlegare topp-padlar Mats Møller Christensen) dei unge ut i grøne tomannskajakkar. Til slutt blei vinden så sterk, og bølgene så store, at om dei unge skulle padle måtte det vere med ein leiar i båten. For dei som kom med Mats i kajakken var det ikkje så farlig, han er ekspert. Verre var det for Sofie som sat i båt med Terje. Terje er ein habil friluftsmann og har padla mykje, men i det dei skulle padle bort dit det var mest bølgjer kom det ei bølgje som var nok til å sende dei to rundt og ned i vatnet. Det var då ein såg kvifor det skulle vere med ein vaksen, som har erfaring med kajakkpadling i ein viss sjø. Terje sørga for å få den unge turdeltakaren i kajakken att, medan han styrte seg sjølv og kajakken til land. Flytevestane var på, og andre var heller ikkje langt unna så det var aldri reell fare på ferde. Det var likevel ikkje den einaste hendinga utanom det vanlige. Å møte bilar på dei smale vegane opp Hjølmodalen til Hjølmoberget er ikkje berre berre, i alle fall ikkje når vegkanten gir etter, og bilen brått står fast i grøfta. At Robins Land Rover Defender har kraft nok til å dra bilen ut av grøfta eksemplifiserer førebuingane til turen: ein var klar for det meste. Om alle ungdomane var klare for å bære telt, soveposar, primusar og kasseroller til leirplassen ein halvtime unna er litt meir usikkert, men også her kom meistringskjensla snikande.

Å lage eigen mat ved hjelp av primus krev planlegging og forsiktigheit, men alle dei tre telta, to jentetelt og eit gutetelt skjøna raskt korleis primusen fungerte, og korleis nytte seg av hjelpemidla dei hadde til å lage ein smakfull rett. Med berre ei varmekjelde måtte det balanserast: skal ein koke risen først eller steike kjøtdeigen? Og når kjem grønsakene inn i bilete? Våte tilhøve prega heile helga. Sjølv om ein var relativt sett heldig med været, kom det ei og anna byge som sette tøy og humør på prøve. Å kle seg i fjellet, og å ha tørt skift var noko dei fleste lærte tydinga av rett raskt. Det å få i gong bål var heller ikkje berre-berre då alt som var av ved og andre ting å fyre med var gjennomvått. Etter lange og iherdige forsøk, tålmod må til også her, fekk ein tilslutt eit skapeleg bål. Trikset å byrje med tørr bjørkebark, såkalla never, på små kvister og greiner og så bygge opp til eit større bål sakte men sikkert sit nok støypt i minnet på alle dei som måtte vente på å kjenne varmen frå flammane, i den kalde våte haustkvelden. For somme blei det å få fyr på eit bål eit mål i seg sjølv noko dei mest ihuga meistra. Ein skal ikkje ta det for gjeve at ting går lett. Og sjølv om dei fleste tykte at det å kome i soveposen kvar kveld var varmt, godt og deilig reflekterte nok dei fleste over at kor heldige ein er med ei god seng heime til vanlig. Eller det å kunne bruke eit toalett istaden for villmarka sine fasilitetar.

Kor heldig vi er som har det vi har, og kva vi eigentlig kan få til om vi bestemmer oss for det og hjelper kvarandre. Kor mykje kos som er i eit nytend bål, og kor mykje selskap som er i tre andre i eit lite telt. Allereie første kvelden gjekk praten livlig mellom dei 12 deltakarane, som med unntak av to var heilt ukjende for kvarandre før reisa. Ein av dei uttalte følgjande til ein anna i lavvoen alle ungdomane sov saman i siste kvelden: Det er sjukt kor godt kjend ein blir med kvarandre på ein slik tur. Det verkar som eg har kjend deg heile livet. Deltakarane på Dale Oen Experience sin første tur fekk ei rekke aha-opplevingar. Dei er berre dei første av mange.