Vi viser til høyringsbrevet dykkar og til Melding og brosjyre om utbygginga lasta ned via internett.
|
|
- Annar Ingvaldsen
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Førde, NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Melding med forslag til utgreiingsprogram for overføring av Vestsideelvane og heving av dam Tunsbergdalsvatnet, Luster kommune i Sogn og Fjordane Statkraft Vi viser til høyringsbrevet dykkar og til Melding og brosjyre om utbygginga lasta ned via internett. Om Sogn og Fjordane Turlag: Sogn og Fjordane Turlag (sjå er eitt av Den Norske Turistforening sine 56 medlemslag, og fylkeslag for 14 lokale lag spreidd over heile fylket. Siste medlemstal: Det melde vasskraftanlegget ligg i Luster Turlag sitt arbeidsområde, sjå: Kort om friluftsliv i det aktuelle området: Jostedalen og Jostedalsbreen er nasjonalt og internasjonalt viktige friluftsområde. I det aktuelle utbyggingsområdet er det Krundalen og Tunsbergdalen/-breen som har aller størst verdi. Krundalen har ikkje mindre enn 3 viktige, mykje brukte, og tradisjonsrike opp-/nedgangar til breen. Av desse er utbygginga i størst konflikt med ruta opp Røykjedalen. Tunsbergdalsbreen, fastlands-noreg sin lengste og mektigaste brearm med mellom anna det spesielle naturfenomenet Store Brimkjelen, var tidlegare også eit viktig og tradisjonsrikt turmål nasjonalt og internasjonalt, men dessverre har oppdemminga av Tunsbergdalsvatnet stort sett sperra tilgangen både til fots og på ski. No er ein i praksis avhengig av båt for å få tilgang til Tunsbergdalsbreen. Det er ille! Dei andre delane av utbyggingsområdet har ulik grad av lokal og/eller regional verdi. Vassdalen er svært viktig lokalt. Dei to dalføra oppover frå Sagarøy er også ganske viktige. Truleg er alle dei 8 elvane som utbygginga omfattar godt synlege frå ulike stadar på innsida av den nyoppretta Breheimen nasjonalpark. I tillegg til det heilt uorganiserte friluftslivet og det friluftslivet som vert organisert gjennom medlemslaga i Den Norske Turistforening og andre organisasjonar, vert det i Jostedalen også drive eit svært omfattande kommersielt friluftsliv. Det har etter kvart kome ei rekkje verksemder som driv med dette. Jostedalen Breførarlag er den første og største, men det er mange fleire. For meir informasjon om den i sum svært omfattande friluftslivsbaserte verksemda, sjå desse linkane: og Desse verksemdene, overnattingsverksemdene, Breheimsenteret og butikken har i ganske stor grad felles kundegrunnlag, og representerer ein svært viktig del av næringsgrunnlaget og dermed grunnlaget for busetnaden, i Jostedalen. Det skulle vere ganske klårt at enda fleire naturinngrep i tillegg til dei ganske omfattande inngrepa som er i Jostedalen frå før, kan få uheldige/svært uheldige verknader for denne omfattande naturbaserte reiselivsverksemda. At reiselivet i Jostedalen til no har greidd seg godt trass i dei noverande inngrepa, er ingen garanti for at ikkje nye omfattande inngrep kan får store skadeverknader.
2 Det er også eit poeng at i nærområdet til 2 store og viktige nasjonalparkar bør ein vere varsame med enda fleire naturinngrep. Randsonene er også viktige! Som ny nasjonalparkkommune har Luster eit spesielt stort ansvar for å ta vare på naturverdiane sine, og andre aktørar i kommunen, både utbyggarar og vi i Turlaget, har eit ansvar for å hjelpe dei med det! Kommentarar til utbyggingsplanane: Statkraft ser på prosjektet som et typisk opprustnings- og utvidelsesprosjekt (O&U) står det i konsesjonssøknaden. Det er sjølvsagt mogleg å sjå det slik. Men vi ser meir på dette som ein søknad om å tørrlegge (så å seie) 8 av dei største sideelvane til Jostedøla langs store delar av den frå før mest urørte delen av Jostedalen. 6 av elvane ligg på strekninga mellom Vigdøla og Vanndøla i Jostedalen der det er lite kraftutbyggingsinngrep frå før. (Ein har tipp og portalbygg for Jostedal kraftstasjon og inntak av ein liten del av Gravdøla.) Dei to siste inntaka ligg i den både vakre og ville Krundalen, der det før ikkje er eit einaste slikt inngrep. Vi synest det er svært uheldig med nye skjemmande inngrep i den mest urørte delen av dalsidene, og synest sumverknadane av dei eksisterande utbyggingane er store nok som dei er! Jostedalen treng ikkje fleire store utbyggingar! Viss det skulle bli utbygging, ser vi bruk av tunnelboremaskin som det klårt mest miljøvenlege med berre eitt tverrslag og ein tipp. Vi ber derfor NVE om å krevje at det berre er eit slikt utbyggingsalternativ som vert utgreidd. Alternativ med sprengd tunnel gir altfor store inngrep! Dam: Etter vårt syn er Tunsbergdalsdammen rikeleg både høg nok, stor nok og dominerande nok som den er. Dyr blir den også, viss den skal byggast på. 60 mill. kr. for 5 GWh ekstra produksjon er ikkje særleg lønsamt! Men Figur 4.7 viser at overløpsterskelen har ei svært uheldig form, noko som i verste fall kan føre til nærast heilt ukontrollerbare flaumar. Vi ber derfor NVE krevje at det i konsesjonssøknaden vert utgreidd Flomdempningsmagasin ved hjelp av V-overløp. sjå øvst på side 41 i Meldinga, for å redusere sjansen for slike ukontrollerbare flaumar. Tippar: Som alt nemnt, er det heilt uakseptabelt med meir enn ein tipp i Jostedalen, og den bør vere så liten som mogeleg! Vi ber NVE krevje at fleire alternativ for plassering av tippen vert utgreidde. Dessverre er vi ikkje så lokalkjende at vi har konkrete framlegg, men det håpar vi folk som bur i Jostedalen har viss dei ikkje skulle synest at den plasseringa Statkraft går inn for, er den ideelle då. Men det tvilar vi eigentleg på, sjølv om vi ikkje har fått heilt konkrete signal om det. Vegar: Også for vegar må det leggast vekt på at dei som er mest lokalkjende får uttale seg om val av vegtrase på eit tidlegast mogeleg tidspunkt. Alternative utbyggingsløysingar: Vi ber NVE krevje at alle dei 3 alternativa som er nemnde i punkt 4.6 vert utgreidde. I tillegg ber vi om at eit D-alternativ, med berre dei 4 inntaka i midten vert utgreidde. (Både Hompedøla, Kvernelvi, Røykjedøla og Tverradøla vert tekne ut av prosjektet.) Etter vårt syn er også småkraftutbygging eit aktuelt alternativ, men det gjeld ikkje Krundøla. Krundøla med sideelvar er etter vårt syn så viktig, at den bør ikkje byggast ut verken på den eine eller den andre måten! Småkraftutbygging der straumen kan førast ut via ei oppgradert 22 kv-line (sum utbyggingar ca. 20 MW) vert truleg ikkje så problematisk. Men viss det må byggast ei ny 66 kvline, vert det fort konfliktfylt, jf. Veitastrond. Kommentarar til verknadane av utbygginga: Vassføring: Viss det skulle bli gitt konsesjon til utbygginga, ber vi om at det vert sett fram krav om minstevassføring i Leirdøla, og vi ber NVE krevje at ulike storleikar på minstevassføringa vert utgreidde!
3 Flaum og erosjon/sedimentasjon: Det er sjølvsagt heilt rett at vestsideelvane i flaum tidlegare har gjort stor skade. Men etter dette har det vorte gjort store tiltak for å hindre nye skadeflaumar. Vi har fått opplyst (og håpar det er rett) at omkring månadsskiftet august/september no i 2009, var det ein storflaum der dei utbyggingsaktuelle elvane ikkje gjorde nemneverdig skade fordi dei tiltaka som var sette i verk, hadde vore vellukka. Sjansen for at det blir skadeflaumar er altså vesentleg redusert, slik at dette ser ut til å ikkje lenger vere eit viktig argument for utbygging. Dessutan: I Meldinga står det mellom anna at: Forutsatt åpne inntak (rene grinder), vil overføringstunnelen ha en kapasitet på m3/s,. Dette er ein føresetnad som heilt opplagt ikkje held. Dess større ein flaum blir, dess meir stein, busker og kratt, kanskje heile tre, vil elva dra med seg. Inntaka vil meir eller mindre tette seg til i løpet av svært kort tid, og flaumen vil truleg vere så stor at det vil vere uråd å kome til og reinske før etter at flaumen er over. Derfor: Dess større flaum, dess mindre kapasitet vil overføringstunnelen reelt sett få! Fisk og ferskvassbiologi: Det er i Meldinga opplyst at vasstemperaturen i Jostedøla er så låg at laksen har store problem med å reprodusere seg, og at det er kaldt også for sjøauren. Vidare er det i Meldingane opplyst at utbyggingane av først og fremst Vestsideelvane, men også i mindre grad den melde utbygginga av Vigdøla, vil kunne føre til lægre temperaturar i Jostedøla. Viss temperaturane alt i dag er i grenseland for om laks og sjøaure greier seg, kan sjølv små temperaturfall få store verknader. Vi har dessverre altfor lite kunnskap til å seie noko sikkert om dette. Men det er heilt klårt at i konsekvensutgreiingane må det nyttast dyktige fagfolk som både når det gjeld vurdering av temperaturkonsekvensane og fiskekonsekvensane ikkje kan mistenkast for å vere utbyggarvenlege. NB! Når det gjeld vurdering av desse konsekvensane, må alle aktuelle utbyggingsalternativ, A, B, C og D (D har vi gjort framlegg om) vurderast kvar for seg! Tilsvarande utgreiing av konsekvensane for temperatur og fisk må også gjerast for fisken i Tunsbergdalsmagasinet. I tillegg må konsekvensane for næringstilgangen vurderast både for Jostedøla og for Tunsbergdalsmagasinet. Landskap: Konsekvensane for landskap må ikkje berre vurderast sett nede frå Jostedalen, men også sett frå ulike aktuelle stadar i Breheimen nasjonalpark på motsett side av dalen. Derfrå kan mange av elvane vere enda meir synlege enn frå nede i Jostedalen. I tillegg må konsekvensane vurderast sett frå aktuelle turruter på begge sider av Jostedalen og Krundalen. Informasjonen vi har fått, indikerer at Hompedøla og Kvernelvi er viktigare for landskapet enn det ein får inntrykk av når ein les Meldinga. Figur 6.6 indikerer dette. Figur indikerer også negative landskapskonsekvensar, mellom anna i den urørte sørsida av Krundalen. Brukarinteresser/friluftsliv: Vi viser til side 1 i fråsegna, og føreset at konsekvensutgreiinga om friluftsliv er meir omfattande enn det som står i meldinga. Ei problemstilling vil vi ta opp spesielt: Oppdemminga av Tunsbergdalsvatnet har ført til at tilgangen til Tunsbergdalsbreen i praksis er sperra viss ein ikkje har båt. Som avbøtande tiltak for dette meinar vi at NVE må pålegge utbyggarane å stille gratis til disposisjon 3 robåtar til folk som ønskjer å gå på tur innover til breen og/eller oppover mot/til fjellet, til dømes til/via Tverradalen. For å halde orden på utlånet av båtar, må nok båtane vere låste, og det må vere ei ordning med betaling av depositum for dei som lånar nøklar. Kommentarar til framlegget til konsekvensutgreiingsprogram: NB! I tillegg til det som står her, viser vi også til det vi har skrive om dette tidlegare i fråsegna. Influensområdet: Det er i kulepunkt 2 opplyst at det skal etablerast adkomstveg fram til kvart einaste av dei 8 inntaka. Dette er heilt uakseptabelt, og vi håpar det som står er feil!
4 Friluftsliv: Alle turruter i/i nærleiken av influensområdet for utbygginga må kartfestast. Det same må turruter der det blir visuell konflikt med utbygginga. Dette inkluderer ruter på motsett side av dei aktuelle dalane. I den grad det er mogeleg, må det skaffast informasjon om bruken av turrutene. Tilgangen til Tunsbergdalsbreen og den Tverradalen som er i nærleiken av den, er i praksis sperra. Dette var tidlegare eit ganske mykje nytta turområde. Døme: Tørvis Hotell i Marifjøra hadde skiturar til Store Brimkjelen. Vi meinar å hugse at Luster Turlag hadde det same. Sperringa av turrutene er klåre brot på det som no er standard konsesjonsvilkår for kraftutbyggingar. Om det også er brot på dei vilkåra som var gjeldande for 30 år sidan, veit vi ikkje. Men vi veit at ei ytterlegare oppdemming av Tunsbergdalsvatnet vil gjere tilhøva om mogeleg enda verre enn i dag. Vi ber om at utbyggarane vert pålagde å kome med framlegg til tiltak for at vanlege turgåarar igjen får akseptabel tilgang til nordenden av Tunsbergdalsvatnet. Vi har skissert eitt tiltak med båtar tidlegare i fråsegna, men det kan sjølvsagt vere andre alternativ. Dette må utgreiast! Reint generelt vil vi peike på at det at Jostedalen frå før er prega av store kraftutbyggingsinngrep, gjer at dei delane som framleis er stort sett urørde, til dømes Krundalen, får auka verdi både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Og det skal mindre til før dalen si toleevne vert overskriden. Natur-/friluftslivsbasert reiseliv: Slikt reiseliv er som alt nemnt på side 1 i fråsegna, svært viktig i Jostedalen og i Luster kommune. Denne delen av reiselivet har dessutan store ringverknadar til andre delar av reiselivet/næringslivet i kommunen, spesielt i Jostedalen, men også i andre delar av Luster. Det er etter vårt syn viktig at det i konsekvensutgreiingane vert laga eit skikkeleg oversyn over heile det naturbaserte reiselivet som brukar Jostedalen i si verksemd! Dessutan oversyn over ringverknadar dette har på resten av næringslivet i kommunen. Vi ber om at: Det vert laga oversyn over alle verksemder, både innanbygds og utanbygds, innanfor naturbasert reiseliv som brukar Jostedalen som del i sitt tilbod. Breheimsenteret må vere med her. For kvar verksemd innanfor Luster kommune ber vi om at det blir gitt opplysningar om omsetning, tal årsverk, type aktivitet, og kva område i Jostedalen dei brukar. For verksemder utanfor Luster bør vel opplysningar om omsetning og tal årsverk kunne sløyfast, men opplysningar om omfanget på aktiviteten må skaffast. Det må også lagast sumtal. Det vert laga oversyn over ringverknadane det naturbaserte reiselivet har på anna næringsverksemd i Luster kommune, med spesiell vekt på Jostedalen. Vi tenkjer her spesielt på overnattingsverksemder og butikkar, men det kan også gjelde andre delar av næringslivet. Alle aktuelle verksemder må opplistast. Omsetning og tal årsverk dei einskilde verksemdene har, må dokumenterast, og, i den grad det er mogeleg, bør det anslåast kor stor del av omsetninga som har samanheng med det naturbaserte reiselivet. Det må lagast sumtal. Når det på side 47 i Meldinga står: Virkninger av kraftanleggene for reiseliv og turistnæringen i Jostedalen vil også bli kort vurdert i utredningen., så vil vi seie det så sterkt som at det er ein fullstendig ubrukeleg måte å gjennomføre denne delen av konsekvensutgreiinga på. I Jostedalen er denne næringa så til dei grader viktig, og så sterkt knytt til naturen i dalen, at konsekvensane for denne næringa må utgreiast verkeleg skikkeleg!! Kommentar: Når vi er opptekne av det naturbaserte reiselivet, er det fordi vi i stor grad har felles interesser med dei når det gjeld å ta vare på naturen. Dessutan opparbeider dei seg i denne delen av reiselivet ein kompetanse, mellom anna som instruktørar, som vi i det ikkje-kommersielle friluftslivet, eller medlemane våre, ofte kan dra nytte av. INON: Vi ber om at INON-tap vert spesifisert for alle utbyggingsalternativ, også vårt D-alternativ!
5 Kulturmiljø og kulturminne: Ikkje berre kulturminne som vert fysisk berørte, men også meir eller mindre vasstilknytte kulturminne nedstrøms inntaka, til dømes kvernhus, må registrerast. Turlaget sitt syn på utbygginga: Sogn og Fjordane Turlag sitt endelege syn på utbygginga vil vi legge fram etter at konsekvensutgreiingane er ferdige og konsesjonssøknaden ligg føre. Men det er klårt at Jostedalen er så viktig for oss, at vi vil sjå på alle nye kraftutbyggingsinngrep med eit kritisk blikk. Det vi alt no kan seie, er at vi går sterkt mot alle slags typar kraftutbyggingsinngrep i Krundalen. Det dalføret så verdfullt for oss, og for mange andre opplever vi, at det må bli verande fritt for alle slags slike inngrep også i framtida! Sakshandsamar hos oss er underskrivne, tlf , E-post: alvarm@online.no. Venleg helsing SOGN OG FJORDANE TURLAG Naturvernutvalet Alvar Melvær (sign.) leiar
Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.
Førde, 24.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014
DetaljerHøyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.
Førde, 23.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014
DetaljerHøyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.
Førde, 26.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av
DetaljerFørde, NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO
Førde, 10.07.2013 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Småkraft AS Søknad om løyve til bygging av Steindal kraftverk i Flora kommune, Sogn og Fjordane, og Høyringsfråsegn:
DetaljerNATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE
NVE, Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Dykkar dato: 12.01.2015. Vår dato: 18/4.2015 FLEIRE SØKJARAR- SØKNADER OM LØYVE TIL Å BYGGJE 7 SMÅKRAFTVERK I AURLAND,VIK, HØYANGER OG BALESTRAND KOMMUNAR Merknad
DetaljerHøyringsfråsegn: Småkraft AS Søknad om løyve til bygging av Fossevika småkraftverk i Askvoll kommune.
Førde, 18.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Småkraft AS Søknad om løyve til bygging av Fossevika småkraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev
DetaljerHøyringsfråsegn: Langedal Kraft (SUS) Søknad om løyve til bygging av Langedal kraftverk i Flora kommune, Sogn og Fjordane
Førde, 04.07.2013 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Langedal Kraft (SUS) Søknad om løyve til bygging av Langedal kraftverk i Flora kommune, Sogn og Fjordane Vi
DetaljerKraftutbygging i relasjon til andre interesser i Luster kommune
Kraftutbygging i relasjon til andre interesser i Luster kommune Kraftproduksjon i Luster kommune I Luster kommune vert det produsert ca 3300 gwh årleg, Luster er ein stor kraftkommune i nasjonal samanheng
DetaljerKARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER
Indre Sogn Vassområde Gaupne 31.01.2014 Aurland kommune v/ Bjørn Sture Rosenvold 5745 Aurland KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER Me har fått opplyst at miljøproblem knytt til vassdragsutbygging
DetaljerTenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
DetaljerLønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke
Lønnsame næringar Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke Litt historikk, og om verksemda. Våre produkt i dag. Kven er våre kundar? Nokre av våre utfordingar? Korleis ser
DetaljerStyresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
DetaljerNei til Statkraft sine utbyggingsplanar for vestsideelvane og Vigdøla
Aksjonsnemnda Vestsida Vigdøla.no v/ Bjørn André Skjæret 6871 Jostedal Jostedalen, 9. oktober 2011. Til Luster kommune Nei til Statkraft sine utbyggingsplanar for vestsideelvane og Vigdøla Me vil sterkt
DetaljerR A P P O R Vassdekt areal og vassføring i Jølstra Grunnlag for konsekvensutgreiingane
Jølstra kraftverk, Jølster kommune, Sogn og Fjordane fylke R A P P O R Vassdekt areal og vassføring i Jølstra Grunnlag for konsekvensutgreiingane T Rådgivende Biologer AS 1807 Rådgivende Biologer AS RAPPORTENS
DetaljerFRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen
Detaljerehandel og lokalt næringsliv
ehandel og lokalt næringsliv Kvifor ehandel? Del av regjeringas digitaliseringsarbeid det offentlege skal tilby digitale løysingar både til enkeltpersonar og næringsliv Næringslivet sjølve ønskjer ehandel
DetaljerEndringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane
Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Frå 1. juli i år vert det innført eit nytt regelverk for regionalstøtte i EØS-området, noko som krev
DetaljerKlage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune
Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland fmnopost@fylkesmannen.no 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den
DetaljerVIERMYR OG AUSTDØLA KRAFTVERK. Austdølvatnet sett mot nord BROSJYRE FOR ORIENTERING OM VIERMYR- OG AUSTDØLA KRAFTVERK
VIERMYR OG AUSTDØLA KRAFTVERK Austdølvatnet sett mot nord BROSJYRE FOR ORIENTERING OM VIERMYR- OG AUSTDØLA KRAFTVERK November 2010 INNLEIING Statkraft er eit statseigd kraftselskap som er Noregs største
Detaljer«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG
DetaljerNASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL 2016-2019
NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN Adresseliste SAKSBEHANDLAR: KARI SVEEN ARKIVKODE: 2015/6152 - DATO: 22.10.2015 NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE
DetaljerHøyringsfråsegn: Melding med forslag til konsekvensutgreiingsprogram for Fardalen kraftverk i Årdal kommune, Sogn og Fjordane fylke
Førde, 31.05.2010 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Melding med forslag til konsekvensutgreiingsprogram for Fardalen kraftverk i Årdal kommune, Sogn og Fjordane
Detaljer- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD
- Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland
DetaljerBrukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229 Arkiv: 631 A2 IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommunestyre vedtek, med tilvising
DetaljerKonsekvensvurdering. av nye potensielle utbyggingsområde i kommuneplanen, arealdelen
Konsekvensvurdering av nye potensielle utbyggingsområde i kommuneplanen, arealdelen Tilleggsvurderingar til 2. gongs høyring Balestrand den 19.11.2009 Innhald Konsekvensutgreiing for utbyggingsområde..
DetaljerKorleis skrive ei god høyring? Vindkraftseminar 1. mars 2014. Alvar Melvær Sogn og Fjordane Turlag
Korleis skrive ei god høyring? Vindkraftseminar 1. mars 2014. Alvar Melvær Sogn og Fjordane Turlag Nokre viktige hovudpunkt: Kunnskap: Les konsesjonssøknaden og viktige fagutgreiingar. Skaff/bruk lokalkunnskap.
DetaljerSaksnr Utval Møtedato 056/10 Formannskapet /10 Kommunestyret
Årdal kommune.. Sakspapir Saksnr Utval Møtedato 056/10 Formannskapet 18.05.2010 036/10 Kommunestyret 27.05.2010 Sakshandsamar: Stine Mari Måren Elverhøi Arkiv: K2-S10 Arkivsaksnr. 08/1064 Uttale til melding
DetaljerHøyringsfråsegn til meldinga om 420 kv kraftleidning Ørskog-Indre Sogn
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Epost nve@nve.no 21. juni 2006 Høyringsfråsegn til meldinga om 420 kv kraftleidning Ørskog-Indre Sogn Vi viser til brev frå
Detaljersekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.
Vi takkar for mulegheita til å vere til stades og kommentere nye og spennande tal. For oss som interesseorganisasjon er det naturleg å gå rett på operasjonalisering av ny kunnskap. Bør funna vi har fått
DetaljerKappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk
Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar
DetaljerMØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: Møtestad: Tingsalen Møtedato: 17.02.2015 Tid: 15:00. Tittel
Møtestad: Tingsalen Møtedato: 17.02.2015 Tid: 15:00 MØTEPROTOKOLL Kommunestyret SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/15 11/803 NVE si innstilling for bygging av Leikanger kraftverk - merknader frå Leikanger
DetaljerArbeidsverkstad fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging
Arbeidsverkstad fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Gruppe 3 og 4 Landskap reiseliv og friluftsliv: Spørsmål til vurdering: A. Skal fylkesdelplanen peike ut område der det ved handsaming
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Samarbeidsavtale om felles barnevernteneste
Detaljer----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Sakshandsamar, innvalstelefon Magnus Johan Steinsvåg, 5557 2325 Stein Byrkjeland, 5557 2114 Vår dato 16.09.2015 Dykkar dato Vår referanse 2010/48811 432.0 Dykkar referanse Til grunneigarane Stopp i arbeid
DetaljerOpning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg
Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap
ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Saka gjeld: LENGING AV TORVMYRVEGEN - ALTERNATIV TRASE TILRÅDING
DetaljerVelkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord
Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav
DetaljerTil deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
DetaljerOm utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1
Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen
DetaljerMøteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00
Møteinnkalling Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Eventuelt forfall må meldast snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.
DetaljerUttale vedr. ferjesamband i Hardanger
Samferdselsutvalet i Hordaland 5020 BERGEN Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Hardangerrådet iks sender slik uttale vedr. ferjesamband i Hardanger, og ber om at denne uttalen vert teke omsyn til i budsjetthandsamingsprosessen
DetaljerPå tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv
På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv Kart i Google earth Bø 19. april 2012 Arne Hjeltnes, Bø Turlag Bøelva-Gvarvelva, Breisås, Bryggefjell, Folkestadåsane, Gygrestolen, Høyslass-Bruskor,
DetaljerBustadområde i sentrum. Vurdering
Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar
DetaljerÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
DetaljerPressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)
Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte
DetaljerSpørsmål frå leiar i tenesteutvalet:
Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til
DetaljerTilleggsoverføring til Evanger kraftverk og utbygging av Tverrelva og Muggåselva
Tilleggsoverføring til Evanger kraftverk og utbygging av Tverrelva og Muggåselva Utbyggingsplan og framlegg til konsekvensutgreiingsprogram Folkemøte Voss kulturhus, 20. januar 2011 Ingvill Stenseth, prosjektleiar
DetaljerKonsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni 2011. AUD-rapport nr. 12-11
Konsekvensanalyse Vegomlegging Etnesjøen Juni 2011 AUD-rapport nr. 12-11 Utgivar: Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Tittel: Konsekvensanalyse
DetaljerVurdering av allianse og alternativ
Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no
DetaljerTilleggsuttale til 4 søknadar om småkraftutbygging i Fjaler, Sogn og Fjordane.
NVE Leikanger 06.06.2016 nve@nve.no Tilleggsuttale til 4 søknadar om småkraftutbygging i Fjaler, Sogn og Fjordane. Tjøredalselva og Svartefoss Alternativ 3 med Coandainntak, smal røyrgate på 3-4 meter
Detaljer26 sept 07 oktober 2009. Lima Machu Picchu Cusco Amazonas
26 sept 07 oktober 2009 Machu Picchu Cusco Amazonas PROGRAM Laur. 26. sept. avreise med K L M Søn. 27. sept. Mån. 28. sept. Tirs. 29. sept. Ons. 30. sept.. Tors. 1. okt. Fred. 2. okt. Laur. 3. okt. Søn.
DetaljerFylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet
Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet 28.10.2009 Mål og avgrensing Innhald Aktuelle problemstillingar Innspel og spørsmål (joar.helgheim@sfj.no el. Idar.sagen@sfj.no)
DetaljerHovden del2 reguleringsplan frå 1997
Hovden del2 reguleringsplan frå 1997 Kvifor Utgangspunktet var behovet for revisjon av Hovden del 2 (1997) Målsetting for planarbeidet. Føremålet med planen er å disponere areal og ressursar på Hovden
DetaljerMed god informasjon i bagasjen
Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10
DetaljerJuvet Landskapshotell
ei norsk oppleving Juvet Landskapshotell I tunet Burtigard på Alstad i Norddal kommune blir det etablert ei reiselivsbedrift utanom det vanlege; eit landskapshotell som tilbyr eit kortferiekonsept basert
DetaljerUNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
DetaljerRegulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning
Sakshandsamar: Martine Bjørnhaug Vår dato Vår referanse Telefon: 57655151 29.11.2010 2010/2186-443.2 E-post: mab@fmsf.no Dykkar dato Dykkar referanse Direktoratet for naturforvaltning Postboks 5672 Sluppen
DetaljerHøyringsfråsegn: Traudalen Kraftverk AS Søknad om bygging av Traudalen kraftverk i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane
Førde, 04.04.2016 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Traudalen Kraftverk AS Søknad om bygging av Traudalen kraftverk i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane Vi viser
DetaljerUngdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland
Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland Februar 2007 Om undersøkinga Undersøkinga er gjennomført av arbeidslaget AUD (Analyse, utgreiing og dokumentasjon) på oppdrag frå Europakontoret. Datainnsamlinga
DetaljerSaksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 028/15 26.08.2015
Arkiv: K2 - H11, K3 - &13 Vår ref: 15/1496-3 Journalpostid: 15/20633 Saksbeh.: Tord Anton Haaland HØYRINGSUTTALE - SJUKEHUSUTBYGGING Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 028/15 26.08.2015 Framlegg
DetaljerKva kompetanse treng bonden i 2014?
Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter
DetaljerMøteprotokoll. Utval: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - arbeidsutvalet (AU) Møtestad: E-postmøte Dato: 30.04.2015 Tidspunkt: 09:00
Møteprotokoll Utval: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - arbeidsutvalet (AU) Møtestad: E-postmøte Dato: 30.04.2015 Tidspunkt: 09:00 Følgjande faste medlemmer møtte: Funksjon Ivar Kvalen Leiar Sven Flo Nestleiar
DetaljerBARNEHAGETILBODET I BALESTRAND
MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: rådhuset Møtedato: 01.04.2009 Tid: 15.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 4/09 09/254
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Torbjørn Hasund Arkivsaksnr.: 06/1301
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Torbjørn Hasund Arkivsaksnr.: 06/1301 Arkiv: S10 SOGNEKRAFT AS-132 KV KRAFTOVERFØRING FRÅ FJÆRLANDSFJORDEN TIL GRINDSDALEN. HØYRING AV TILLEGGSUTGREIING * INNSTILLING: Kommunestyre
DetaljerFINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2.
Detaljer3)Q. Ti1N V E Pb.5091 Maj Oslo. Dyk. ref. Inger Staubo
3)Q Ti1N V E Pb.5091 Maj 0301 Oslo Dyk. ref. Inger Staubo Vedlagde høyringsuttale vedk. Øyane Kraftverk og Illvatnet pumpekraftverk vart forlagt men høyrer og til fråsegn av 29.oktober d.å sendt frå advokat
DetaljerKraftverk i Valldalen
Småkraft AS er et produksjonsselskap som vart etablert i 2002. Fem selskap i Statkraftalliansen eig Småkraft: Skagerak Energi, Trondheim Energiverk, Agder Energi, BKK og Statkraft. Målet til Småkraft er
DetaljerSaksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.05.2016 35308/2016 Åge Ødegård Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015
DetaljerMØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: rådhuset Møtedato: 06.06.2007 Tid: Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling
MØTEINNKALLING Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: rådhuset Møtedato: 06.06.2007 Tid: Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 16/07 07/710 MØTEPLAN FOR 2. HALVÅR
DetaljerHøyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd
Servicetorgsjefen Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet postmottak@bld.dep.no Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/2792-2652/2015 Unni Rygg - 55097155 05.02.2015 Høyringsuttale - Tolking
DetaljerBreheimen nasjonalparkstyre hadde møte 3.6.2014. I møte vart søknaden handsama.
BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Strynefjellet landskapsverneområde Mysubytta landskapsvernområde Høydalen landskapsvernområde Mørkridsdalen landskapsvernområde Vigdalen landskapsvernområde Høyrokampen naturreservat
Detaljer4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ... 1. 4.1. Overordna mål... 2. 4.2. Førebels mål for vasskvalitet... 3
4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ... 1 4.1. Overordna mål... 2 4.2. Førebels mål for vasskvalitet... 3 4.2.1. Område 1. Stranda... 3 4.2.2. Område 2. Liabygda... 4 4.2.3. Område 3. Sunnylvsfjorden... 5 4.2.4.
DetaljerMøteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Hotell Scandic Byparken, Bergen Møtedato: 26.02.2015 Tid: 12:00-16:30. A.
Sogn regionråd Postboks 153-6851 SOGNDAL Møteprotokoll Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Hotell Scandic Byparken, Bergen Møtedato: 26.02.2015 Tid: 12:00-16:30 A. Desse møtte Faste medlemmar Harald N. Offerdal,
DetaljerMØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI
MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: 24.08.2010 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596
DetaljerMolde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike
Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue
DetaljerTeam Hareid Trygg Heime
Team Hareid Trygg Heime Hareid i fugleperspektiv fotografert frå Holstad-heia. Hareid er ein kystkommune med litt i overkant av 5000 innbyggarar. I areal er det ei lita kommune, med kommunesenteret Hareid,
DetaljerVestlandet ein stor matprodusent
Vestlandet ein stor matprodusent Halvparten av sjømatproduksjonen i Norge skjer på Vestlandet Hordaland Vestlandet 2001 Mill. kr % av landet Mill. kr % av landet Jordbruk 499 4,7 3 084 29,2 Fiske og fiskeoppdrett
DetaljerFRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 2. september 2013 NVE FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs mesteparten av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Vi har ei klart anna oppfatning
DetaljerGLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr MULTEK-utvalet 04.02.2016 023/16 MULTEK-utvalet 09.02.2016 038/16 Kommunestyret 22.02.2016 025/16 Avgjerd av: Kommunestyret
DetaljerRettleiing for revisor sin særattestasjon
Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige
DetaljerTilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste
Tilleggsinnkalling for Kommunestyret Møtedato: 10.05.2016 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: 18:00 Dersom du av tvingande grunnar ikkje kan møte, eller er ugild i noko sak, gi beskjed snarast til politisk
DetaljerInformasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Ungdomsskolane i Møre og Romsdal Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 63838/2010/A49 Jane Anita Aspen,71 25 87 75 21.12.2010 - Informasjon
DetaljerStoråna, Sandnes kommune
Storåna, Sandnes kommune Storåna er eit låglandsvassdrag i Sandnes kommune. Vasskvaliteten er ein del påverka av jordbruk, men er god med omsyn til forsuring. Det er truleg ikkje naturleg laksebestand
DetaljerRAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS
S-200504339-4/135.3 RAMMEAVTALE og Som del av denne avtalen følgjer: Vedlegg l: Samarbeidavtale med spesifikasjon av tilskot. 1. Definisjonar Tenestar knytt til tilskot: Som nemnt i punkt 3.1 og vedlegg
DetaljerSøknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk
NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo 26.06.2019 Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk Grøvla Kraft AS ønskjer å auke slukeevna ved eksisterande anlegg elva Grøvla i Førde kommune
DetaljerSENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL
DetaljerAust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate 34 4608 Kristiansand. Førde, 14.
Partilovnemnda v/leiar Ørnulf Røhnebæk Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Postboks 14 6801 Førde Kontaktpersonar: Turid Digernes Eikås Tlf. 57 72 32 33 Sylvi Hjelmeland Lone Tlf. 57 72 32 52 E-post: olitiske
DetaljerRapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010
Rapport Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010 Sak: Jotunheimen nasjonalpark. Rydding av gamalt søppel i Fannaråken-området. Rapport. Frå oppsynsmann:
DetaljerSkjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune
Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det
DetaljerEvaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing
Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere
DetaljerKlage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule
Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Rogaland fmropost@fylkesmannen.no 19. desember 2014 Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule Vi viser til vedtak gjort av Fylkesmannen i Rogaland 17.11.2014,
DetaljerVedtak i klagesak som gjeld dispensasjon frå reguleringsplan for deling av hyttetomt frå gbnr. 54/34 i Sogndal kommune
Sakshandsamar: Signe Rauboti Vår dato Vår referanse Telefon: 57643188 10.10.2014 2014/2531-423.1 E-post: fmsfsra@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 26.05.2014 Tone Kristin Urheim Fæsteråsen 182
DetaljerKommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune
29.05.2016 Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune RØYRVIK KRAFT SUS NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo Dykkar ref.:
DetaljerRiksregulativet for ferjetakstar - høyring
Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen
DetaljerFIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.
FIBER TIL HEIMEN Utbygging av fiber Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga til din bustad. Fiber til heimen F Ø L G J A N D E V I L S K J E F R A M O V E R Entreprenøren legg ned fiberkabel
DetaljerMarknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto
Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto TILSYNSRAPPORT første halvår 2012 - ei evaluering av marknadsføring frå januar til og med juni månad 2012 Tilsynsrapport marknadsføring nr. 2012-12 Lotteritilsynet
Detaljer21.08.2012 28.08.2012
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201200217-6 Arkivnr. 644 Saksh. Skaar, Ronny/Haugland, Tone Stedal Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 21.08.2012 28.08.2012
DetaljerDet regulerte område, som er synt på planen med grenseline, er nytta til:
Reguleringsbestemmelser: Reguleringsføresegner til reguleringsplan for deler av Våge, g.nr. 38, b.nr 145. Rennedalen, g.nr 39, b.nr. 1,2,3,4,5,7,9,10,12,13,22,23,25,26,27,28, og Knarrevik, g.nr. 40, b.nr.
Detaljer