VALPROGRAM FOR LUSTER ARBEIDARPARTI

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "VALPROGRAM FOR LUSTER ARBEIDARPARTI 2011-2015"

Transkript

1 VALPROGRAM FOR LUSTER ARBEIDARPARTI SKAPA og DELA Luster Arbeidarparti vil at Luster skal vera ein sterk og sjølvstendig kommune. Vi vil ha eit raust Lustrafellesskap med små sosiale forskjellar, der alle får ta del i dei gode offentlege velferdstenestene våre som vi skapar i fellesskap. Vi vil at Luster skal bli heimkommunen til stadig fleire, og vil difor bruke tid og ressursar på å leggja til rette for auka tilflytting, fleire arbeidsplassar, meiningsfylt fritid og gode buplassar. Desentralisert barnehage og skulestruktur er viktig for å få busetnad i heile kommunen. Vi vil styrkja marknadsføringa av Luster som framtidig buplass. Vi ynskjer å få fram kvalitetane og det unike med Lustrasamfunnet, og skapa ein felles Lustraidentitet og godt samhald bygder i mellom. Med hjarte for folk i Luster stem Luster Arbeidarparti! VÅRE 5 VIKTIGASTE SAKER I NESTE 4 ÅRS PERIODE ER: 1. Auka tilflyttinga til kommunen 2. Driva næringsutvikling og leggje til rette for stadsuavhengige arbeidsplassar 3. Arbeida for å fjerna ufrivillig deltid i kommunale stillingar 4. Byggja ut kommunale helse og velferdstenester innanfor råma til samhandlingsreforma og sikra nok sjukeheimsplassar og omsorgsbustad til dei som treng det 5. Sikra god kvalitet i barnehage og skuletilbodet vårt, og redusera fråfall i vidaregåande skule for Lustraungdomen 1

2 ARBEID til alle Luster AP vil at kommunen skal vera ein god arbeidsgjevar med gode arbeidsvilkår for sine tilsette. Vi vil sikra eit best mogleg offentleg tenestetilbod i kommunen. Vi vil bruka næringsfondet til å vidareutvikla og skapa nye attraktive arbeidsplassar, byggja ut IKT-infrastruktur og vera ein aktiv pådrivar for å utvikla ny næring i heile Luster kommune. Viktige satsingsområde for oss er reiseliv/turisme, auka vareproduksjon, og stadsuavhengige arbeidsplassar. Vi vil få dette til ved å: etablera NÆRINGSSATELLITT i Gaupne, eit arbeidsfellesskap med topp infrastruktur som høghastigheitsfiber og godt teknisk videokonferanseutstyr for utlån til privatpersonar og verksemder. Etter behov kan mindre satellittar etablerast i fleire bygdesenter. gje støtte til etablering av heimekontor ved flytting til Luster kommune syte for sterkt politisk engasjement for å utvikle fleire arbeidsplassar i kommunen vidareføra støtte til sysselsetningstilbod for ungdom (sommarjobb og lærlingeplassar) gje ekstra støtte til nyskapingar, unge etablerarar og gründerverksemder sikra at det er god samhandling mellom arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgjevar i Luster kommune for å utvikla gode tenester og sikra arbeidstakarane sine interesser arbeida for sysselsetningstilbod på sosialt grunnlag gje fleire kommunalt tilsette tilbod om faste tilsetjingar og større stillingsbrøkar. Vårt mål er at ingen skal ha ufrivillig deltidsarbeid i Luster kommune at kommunen skal føra ein aktiv seniorpolitikk for sine tilsette krevja at interkommunale og nye regionale arbeidsplassar også vert plassert i Luster kommune 2

3 LANDBRUKET i utvikling Luster er og skal vera ein stor landbrukskommune. Det er viktig å oppretthalda drifta på gardsbruka for å sikra busetnad, lokal matproduksjon og halda kulturlandskapet vårt i hevd. Vi ynskjer at dei store ressursane Luster har i natur og kultur skal gje auka verdiskapning og livskraft i bygdene. Nytenking og innovasjon er viktig for å sikra gode inntekter til garden i framtida, og vi vil støtte utvikling av tilleggsnæringar i landbruket, som hytteutleige, nisjeproduksjon og gardsturisme. Luster AP vil: stø opp om prosjektet Folk i fleire hus tillate frådeling av større fritidseigedom til grunneigar, mot at resten av landbrukseigedomen vert lagt ut for sal oppretthalda landbruksstøtteordningane, som tilskot til kjøp av mjølkekvote, vatningsanlegg, skogsvegar, tilskot til planlegging av driftsutviding mm leggja til rette for tilleggsnæringar ved å leggja ut fleire hyttetomter og spreidde næringsområde i ny arealplan arbeida for at det blir gjeve støtte til beitedyr for å oppretthalda kulturlandskapet spesielt innanfor verneområda gje ei rimeleg omrømmingstid ved eigarskifte av gardsbruk ikkje tillate ynglande rovdyr i vår region og raskt ta ut skadedyr stimulera til samdrift i jord og skogbruk og utvida samarbeid mellom næringar frukt og bær skal framleis vera eit satsingsområde for Luster gje støtte til marknadsføring og vidareutvikling av lokale matprodukt à la Lustramat vidareføra Fairtrade avtalen (rettferdig handel) 3

4 HELSE, tryggleik og trivsel Luster AP vil at alle i kommunen skal ha tilgang til eit godt offentleg helse- og omsorgs tilbod, som gjev tryggleik, trivsel og god fysisk og psykisk helse. Luster AP vil auka førebyggings- og rehabiliteringstilbodet i kommunen, og ha høgt kvalifisert akuttberedskap og ambulanseteneste i Luster, slik at den samla kommunehelsetenesta i Luster står fram som ein av dei beste i regionen. i samband med samhandlingsreforma jobba for å etablera nye og gode tilbod for førebygging, behandling og rehabilitering knytt til Luster Bad gje kvinnene i Luster ei kvalitetsmessig godt utbygd jordmorteneste og følgjeteneste som gjev dei ei trygg svangerskaps- og fødselshjelp. stø opp om sjukehuset og etablering av eit distriktsmedisinsk senter i Lærdal ha god kvalitet i eldreomsorga og halda fram med å byggja ut nye sjukeheim- og omsorgsplassar etter behov styrkja heimebasert omsorg vidareføra ordninga med serviceskyss for eldre heimebuande for handel og sosial kontakt arbeida for å sikra faste årlege løyvingar til krisesenteret i Sogn og Fjordane leggja til rette for små, sentrumsnære bueiningar på Hafslo og i Gaupne for ungdom, eldre og andre som ynskjer mindre og sentral bustad vidareføra helsestasjonen for ungdom, og tilby gratis prevensjon for ungdom og unge vaksne opp til 24 år styrkja rusmiddelomsorga gje tilskot til friviljuge organisasjonar som ynskjer å gå inn i besøksteneste for eldre og funksjonshemma som bur heime eller på institusjon arbeida for gode økonomiske tilskotsordningar for at funksjonshemma skal få eit betre og aktivt liv 4

5 OPPVEKST og OPPLÆRING Luster AP vil framleis ha ein desentralisert barnehage og skulestruktur for å gje born i Luster ei god og trygg oppvekst. Vi ser det som viktig å satsa på kvalitet i tilbodet vårt ved å auka kompetansen hjå dei tilsette i barnehage og skule og gjennom å styrkja samarbeidet mellom oppveksteiningane. Vi vil gjera grep for å hindre fråfall i vidaregåande skule og for å sikra ungdomen vår ei yrkesaktiv framtid. Tiltak vi vil gjera: oppretthalda ein desentralisert skule- og barnehagestruktur med god kvalitet og gode, kvalifiserte lærarar satsa på kvalitet i skule og barnehage sikre gode økonomiske råmer, satse på leiarutdanning av pedagogisk personale, fleire pedagogar og tilstrekkeleg tumleplass for borna arbeida for innføring av meir praktisk undervisning og praktiske valfag i ungdomsskulen arbeida for å sikra tid til samarbeid mellom barnetrinn, ungdomstrinn og vidaregåande opplæring arbeida for å styrkja og utvikla Luster vidaregåande skule ha nulltoleranse mot mobbing og arbeida engasjert med Manifest mot mobbing sikra at born får innsikt i kva som er god ernæring og arbeida for meir fysisk aktivitet i skuletida 5

6 MILJØ og KLIMA Luster AP er oppteken av klimautfordringane og vil ta vare på urørd og verna natur og forvalte det rike mangfaldet i Lustranaturen klokt for ettertida. Allemannsretten til naturen i Luster er viktig for oss, vi vil at alle skal ha høve til å nyte, vera aktive og finne rekreasjon i fjell og fjord. leggja til rette for eit aktivt friluftsliv i Luster, sommar og vinter byggja fleire gang- og sykkelstiar og få samanhengande tursti Hafslovatnet rundt satsa meir på kortreist og lokal mat merkja gamle turstiar i kommunen og gamle ferdselsårer mot nabokommunane våre støtta opp om næringsutvikling i samband med verneområda våre arbeida målretta mot ulovleg avfallshandtering og forsøpling i kommunen og ha ei sterkare og aktiv politisk styring av SIMAS støtte meir kraftutbygging der fordelane for grunneigarar og kommunen (inntekter, arbeidsplassar, næringsfond, flaumsikring, skatteinntekter, konsesjonskraft m.m.) er høgare enn ulempene med tap av naturverdiar 6

7 TILFLYTTING og FOLKETALSVEKST Det er og skal vera attraktivt å busetje seg i og skapa arbeidsplassar i Luster kommune. Vi har som mål å auka tilflyttinga og få fleire innbyggjarar i kommunen. Vi vil bli betre på merkevarebygging og marknadsføring av alle dei muligheitene ein har i Luster til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. leggja ut nye og varierte tomteområde fleire stader i kommunen stimulera til sal av tomme hus/landbrukseigedomar gjennom Folk i fleire hus prosjektet og sal av ledige tomtar i kommunale bustadfelt laga eigen nettportal for tilflytting på norsk og engelsk og vurdera eigen tilflyttingskontakt på servicetorget vera aktiv deltakar på fleire rekrutteringsmesser i inn og utland setja pris på nye lustringar og skapa ein sosial møteplass for nye innbyggjarar gjennom ei Ny i Luster markering kvart år skapa attraktive bumiljø ved å utvikla og rusta opp kommunesenteret og bygdesentra i kommunen gje støtte til aktivitetar og fleire sosiale møteplassar rundt om i Luster vurdera å fornya noko av den kommunale bustadmassen tilpassa dagens behov kommunen skal vera ein attraktiv arbeidsgjevar og arbeide aktivt med rekruttering av tilsette 7

8 KULTUR og FRITID Luster har ein rik og mangfaldig idretts-, handverks-, kunst- og kulturhistorie å ta vare på. Det er viktig å forvalta vår historie, gamal kunnskap og kulturarven vår slik at dei kan vera til glede for oss og komande generasjonar. Vi vil at alle innbyggjarar skal ha tilgang til eit godt kultur-, idretts- og aktivitetstilbod nær der dei bur og moglegheit for å leva eit utviklande, meiningsfylt og aktivt liv. sikra god drift av Luster Bad og samstundes oppretthalda bassengtilboda i Skjolden og Jostedal stø vidare utvikling av Sogn Skisenter arbeide for å etablere eit aktivitetshus for ungdom i Gaupne vidareutvikla tilbodet i den kulturelle spaserstokk og den kulturelle skulesekken stø opp om treningstilbod og andre rusfrie arrangement for ungdom som driv uorganisert aktivitet sikra god kvalitet i det regionale kulturskuletilbodet vurdera bygging av innandørs kunstgrasbane i kommunen eller kunstgrasbane med undervarme ta vare på vår kyrkjelege kulturarv jobba for å utvikla kommunen sine ordningar for støtte til friviljuge lag og organisasjonar arbeida for at det på sikt vert bygd eit kulturbygg for heile kommunen 8

9 SAMFERDSLE Luster AP vil ha eit godt utbygd og sikkert samferdselsnett i heile kommunen, til gode for folk i bygdene, næringsliv og tilreisande. Det er viktig at stader der folk ferdast er trygge både vinter og sommar. Kollektivtilbodet for skuleungdom og pendlarar må oppretthaldast og styrkast. arbeida aktivt med å få realisert tunnel under Sognefjellet og til Årdal arbeida for å utbetra riksveg 55 gjennom Luster med vegen mellom Nes og Luster som førsteprioritet vera aktiv pådrivar for å oppfylle regional rassikringsplan, der Veitastrondsvegen har høgste prioritet vedlikehalde og ruste opp eksisterande vegar i kommunen få til eit vegsamband/gangbru mellom Gjerde og Krekane oppretthalda ferjesambandet Urnes-Solvorn ha ein kost/nytte gjennomgang av drifta av kommunale vegar ha eit godt transport- og kollektivtilbod inn og ut av kommunen, og arbeida for ei etablering av pendlarrute mellom Gaupne og Leikanger arbeida for at skuleelevane som pendlar til vidaregåande på Hafslo og i Sogndal vert sikra ei rask og direkte skulerute utifrå reelle behov 9

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr. Kva meiner bygdemøte i Gaupne; 1) Kva er viktige område, tilbod/tiltak (3 stk) å satse på/prioritere for Lustrasamfunnet/ Luster kommune? 2) Kva er viktige område, tilbod/tiltak (3 stk) å satse på/prioritere

Detaljer

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN TA FOR KAMPEN EIT SVEIO FOR MED ET VARMT HØGE STAVANGER MILJØMÅL, UTAN KLASSESKILJE Valgprogram OG SOSIAL 2015-2019 URETT Stavanger Sveio SV Valprogram 2015-2019 SV har

Detaljer

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre SKAPA OG DELA Me er stolte av kommunen vår! Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre buforhold. Her kan nemnast ny barnehage, renovering av Lærdalsøyri skule og

Detaljer

Politisk program for Jølster KrF 2015-2019

Politisk program for Jølster KrF 2015-2019 Politisk program for Jølster KrF 2015-2019 Jølster har vakker og særmerkt natur; vatn og elv, daler og lier, fjell og bre. Jølster er strategisk plassert i fylket der Skei er eit naturleg knutepunkt for

Detaljer

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats. Fyresdal Senterparti stiller til val med ei liste av nye og tidlegare folkevalde som gjennom kontakt med innbyggjarane og gode demokratiske prosessar, ynskjer å kome fram til dei beste løysingane og best

Detaljer

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur SPØRSMÅL VED FOLKEMØTET 25.02.10 I planprogrammet inngår eit kapittel om medverknad frå innbyggarane. Kommunen valte å arrangera ein temakveld der 5 (hovudtema 1,2,3,6og7) av dei 8 hovudtema i planarbeidet

Detaljer

Programmet til Jølster Arbeidarparti 2015-2019 byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Programmet til Jølster Arbeidarparti 2015-2019 byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET Programmet til Jølster Arbeidarparti 2015-2019 byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET Jølster er ein kommune med særs rike tilhøve for oss som innbyggjarar. Det vi har

Detaljer

Luster KrF. Politisk program for 2015-2019

Luster KrF. Politisk program for 2015-2019 Politisk program for Luster KrF 2015-2019 Frå Skaparen si hand er Luster kommune rikt utrusta med ein storslegen natur, brear, fjell og fjordar, elvar og fossar som kastar seg nedover fjellsidene. Innimellom

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018 HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018 Vedteke i ungdomsrådet: 19.06.2018 UNG sak 042/18 Saksnummer: 17/479-14 Prioriterte tiltak: (rekkefølgja er ikkje prioritert) 1. Opplæring Mål: Fusa kommune skal

Detaljer

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI 2015 2019 www.sp.no 1 SENTERPARTIET SITT GRUNNSYN Senterpartiet vil byggja samfunnet nedanfrå. Me vil ha eit samfunn med frie, sjølvstendige menneske som har tru på eigne

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017 HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017 Vedteke i ungdomsrådet: 19.06.2017 UNG sak 047/17 Saksnummer: 17/479-10 1. Opplæring Mål: Fusa kommune skal tilby eit godt opplæringstilbod som sikrar alle unge ei

Detaljer

Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE

Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE OSTERØY Framtidas Osterøy Høgre vil at Osterøy skal vere ei god kommune å leve i og ei attraktiv kommune å busetje seg og etablere bedrifter i. Tryggleik for den einskilde

Detaljer

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019 VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019 VÅRE VERDIAR arbeide for ei trygg og forutsigbar framtid for innbyggjarar, næringsliv og lag/ organisasjonar. Vi engasjerer oss, jobbar for ansvarlege løysingar

Detaljer

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti PROGRAMMET VÅRT 2015-2019 Suldal Arbeidarparti 2 Kjære veljar! Suldal er ein god kommune å bu i. Me har god økonomi og gode inntekter frå store kraftutbyggingar i kommunen vår. Dette er midlar som kjem

Detaljer

Til veljarane i Tysnes

Til veljarane i Tysnes Til veljarane i Tysnes Tysnes er ein god kommune å bu i. Samfunnet vårt er stabilt og det er trygt å veksa opp og bu i Tysnes. Tysnes Senterparti vil arbeida for at Tysnes også i framtida skal vera ein

Detaljer

Ei god framtid for alle!

Ei god framtid for alle! Demokrati og politisk styring Ei god framtid for alle! * At kommunereforma skal tuftast på frivilligheit og fakta Senterpartiet har som grunnhaldning at samanslåing av kommunar skal vere frivilleg. Vi

Detaljer

Program for. Årdal Venstre

Program for. Årdal Venstre Program for Årdal Venstre for perioden 2015-2019 Venstre prioriterar Unge fyrst. Årdal Venstre vil vera eit tydeleg alternativ i kommune politikken. Vår visjon er å gjera Årdal meir attraktiv som vertskommune.

Detaljer

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM 2019-2023 Ynskje du vekst og utvikling for Eidfjord Stem Høgre! Eidfjord Høgre meiner at Eidfjord kommune og denne valperioden er best tent med å vera eigen kommune, men me ynskjer

Detaljer

Hemsedal KRF Program 2015-2019

Hemsedal KRF Program 2015-2019 Hemsedal KRF Program 2015-2019 HEMSEDAL KRF MEINER AT: - Hemsedal kommune skal bestå som eigen kommune, og ha gode samarbeidsavtaler med nabokommunane. - det må byggjast gangveg mellom Trøim sentrum og

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015 Dokumentnummer15/8971 HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015 Vedteke i ungdomsrådet: 2.06.2015 UNG sak 016/15 Saksnummer: 13/1125-16 1. Opplæring Mål: Fusa kommune skal tilby eit godt opplæringstilbod

Detaljer

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka vedlikehald av kommunale vegar og bygg Gode og brukartilpassa

Detaljer

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på

Detaljer

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre MASFJORDEN Foto: Gettyimages S E N T E R PA R T I Kommunen og innbyggjarane våre Masfjorden Senterparti Me i Senterpartiet er opptatt av nærleik, og at du skal få vere med å bestemme korleis kvardagslivet

Detaljer

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Venstre gjer Bjerkreim grønare. Bjerkreim Venstre Venstre gjer Bjerkreim grønare. Venstre er miljøpartiet. Me kjempar for fleire grøne lunger, reinare luft, og strakstiltak for å senka klimautsleppa. Det bør alltid vera enklast og billegast

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP Alle skal med Bremanger Arbeidarparti 2007 2011 Arbeidarpartiet sine mål er å sikre likeverdige levekår, slik at alle får størst mogleg fridom til å leve eit liv i samsvar med eigne ynskje og behov. Dette

Detaljer

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007 FUSA UNGDOMSRÅD Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007 KVEN ER VI? 7 medlemer 6 ungdomar 13-20 år: 2 frå elevråd på ungdomsskulen 2 frå elevråd Fusa vidaregåande 2 frie representantar 1 folkevald

Detaljer

SOGN driftig raus ekte

SOGN driftig raus ekte SOGN driftig raus ekte Regionalplan for splan 2013-2014 Næringsutvikling Fylkesgrenser grenser hinder eller utvikling? Sogn skal styrka seg som region og bli interessant for nye etableringar. må bli meir

Detaljer

Kommunen sin rolle i bygde- og næringsutvikling

Kommunen sin rolle i bygde- og næringsutvikling Kommunen sin rolle i bygde- og næringsutvikling Bygdeforum Stongfjorden 11.6.13 Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.:

Detaljer

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013 Lustrasamfunnet i framtida - i går? - i morgon? Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013 - Side 1 - Kommuneplanarbeidet er på gang. *********** Medverknad/ innspel er viktig. Difor bygdemøte. ***********

Detaljer

ETNE VENSTRE

ETNE VENSTRE ETNE VENSTRE 2015 2019 Vår visjon Etne endrar seg. Me møter nye utfordringar. Etne Venstre vil sikra eit godt lokalsamfunn ved å løysa morgondagens utfordringar i dag. Korleis Det gjer me ved å skapa fleire

Detaljer

Program for Masfjorden Venstre

Program for Masfjorden Venstre Program for Masfjorden Venstre for perioden 2015-2019 Verdiskaping for framtida. Masfjorden har ein variert og vakker natur som gjev alle høve til gode opplevingar. Kommunen har i dag gode oppvekstvilkår

Detaljer

Kommunestyrevalet 2015. Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Kommunestyrevalet 2015. Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF Kommunestyrevalet 2015 Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF Hyllestad KrF går til kommunevalet med et sterkt ynskje om å kunna bidra aktivt i kommunepolitikken i fireårsbolken 2015 2019.

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1 Program for Nesset Venstre for perioden 2011-2015 www.venstre.no 38196_Programmal 2011 A5 8s.indd 1 1 04.08.11 17:46 Eit liberalt Nesset Venstre sitt grunnsyn, sosialliberalismen, byggjer på demokratiet

Detaljer

Utkast til program Meland Høgre 2015

Utkast til program Meland Høgre 2015 Utkast til program Meland Høgre 2015 TRYGGE ARBEIDSPLASSAR Meland blei i fjor kåra til Noregs beste kommune på nyetableringar. Trygge arbeidsplassar er ein føresetnad for velferda i samfunnet vårt. Meland

Detaljer

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI MIDSUND ARBEIDERPARTI Kommunevalgprogram 2015 DETTE ER VIKTIG FOR OSS For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. https://www.facebook.com/midsund.arbeiderparti

Detaljer

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram 2015-2019

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram 2015-2019 MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram 2015-2019 GRUNNSYNET Meland Senterparti vil byggja framtida på dei kristne grunnverdiane og etter humanistiske levereglar. Målet for Senterpartiet sin politikk, er å skapa

Detaljer

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida Vestnes eit lokalsamfunn for framtida Foto: Roar Nerheim 2019 2023 Eit Lokalsamfunn for framtida Vestnes Arbeiderparti vil utvikle Vestnes til eit lokalsamfunn for framtida der sterke fellesskapsløysingar

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunedelplan for oppvekst Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 1 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune... 4 Målsetting... 4 Strategiar... 4 2 Innleiing Som ein kommune i vekst står

Detaljer

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden Program for Masfjorden Venstre for perioden 2011-2015 www.masfjorden.venstre.no 1 Masfjorden Venstre Ei positiv folketalsutvikling for Masfjorden kommune er eit overordna mål for Masfjorden Venstre Masfjorden

Detaljer

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti 2015-2019 Ut av vikariat - inn i fast arbeid Heiltid framfor Deltid Leksefri heildagsskule Døgnope helsetilbod for Ungdom Styrkja kollektivtilbod Rett

Detaljer

Program for. Sykkylven Venstre

Program for. Sykkylven Venstre Program for Sykkylven Venstre for perioden 2015-2019 Rett tilbod til der folk bur. Ein liten administrasjon, i konstant endring og i samsvar med behova. I dette programmet finn du Sykkylven Venstre sine

Detaljer

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

Kommunevalprogram. Vik Senterparti Kommunevalprogram 2011 Vik Senterparti GRUNNSYN Senterpartiet vil at Noreg skal byggja si framtid på dei kristne og humanistiske verdiar, den nasjonale arven og eit levande folkestyre. Målet for Senterpartiet

Detaljer

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD I samband med den pågåande kommunereforma i Noreg tek Odda kommune, Jondal kommune og Ullensvang herad sikte på å slå

Detaljer

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET TIME Grunnsyn Senterpartiet vil at Norge skal bygga framtida si på dei kristne grunnverdiane og vårt demokratiske styresett. Målet vårt er å skapa eit betre samfunn der rettferd, jamstilling og retten

Detaljer

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt. Kjære veljar! Ein politikar si hovudoppgåve er å vera til for folk der folk bur. Fusa kommune er ein flott kommune med eitt stort potensiale. Ei viktig sak for meg og Fusa Ap i kommande periode er å satsa

Detaljer

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling. Vedteken i Sogn regionråd 31. mars 2017 Handlingsplan 2017 1 Næringsutvikling Etablering av nye og vekst i eksisterande private og offentlege verksemder i regionen. Regionen skal ha eit samhandlande og

Detaljer

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat Side 1 Velferd i fellesskap Arbeiderpartiet trur på sterke fellesskapsløysingar, fordi vi får til meir saman enn kvar for oss. Det gir større tryggleik og fleire moglegheiter for den einskilde. Kommunen

Detaljer

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram Sogndal Arbeidarparti Valprogram 2015 2019 Valprogram Sogndal Arbeidarparti 2015-2019 Politikken til Arbeidarpartiet er tufta på den sosialdemokratiske grunnmuren. Målet til Sogndal Arbeidarparti er å

Detaljer

Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gjera folk trygge og styrka tilhøyrsle og identitet.

Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gjera folk trygge og styrka tilhøyrsle og identitet. Senterpartiet sitt verdigrunnlag: Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå. Vi vil ha eit samfunn med frie, sjølvstendige menneske som med tru på eigne evner tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskapet

Detaljer

Ål Venstre. Ål Venstre

Ål Venstre. Ål Venstre Ål Venstre Ål Venstre program 2007-2011 Betre Miljø Eit godt miljø skapar trivsel for fastbuande og tilreisande. Ei berekraftig utvikling vil vere avgjerande for livsgrunnlaget for dei som kjem etter oss.

Detaljer

Mellom bakkar og berg. Felles oppsummering

Mellom bakkar og berg. Felles oppsummering Mellom bakkar og berg Felles oppsummering Mål for seminaret Føremålet er å etablere ein arena for dialog om berekraftig og miljøtilpassa bustad- og stadutvikling i bygdemiljø. Seminaret skal auke kunnskapen

Detaljer

Frivilligpolitisk plattform

Frivilligpolitisk plattform Frivilligpolitisk plattform 2018-2021 1 Frå kafedialogen om samspel og samarbeid mellom frivillig kommunal sektor: «Kva kan di foreining bidra med i eit tettare samarbeid med kommunen Innhald: 1. Mål...

Detaljer

Valprogram Sel SV

Valprogram Sel SV Valprogram Sel SV 2019-2023 Sel Sosialistisk Venstreparti sv.no/innlandet/sel 1 Miljø Vi treng ein systemkritisk politikk for å nå målet om eit klimanøytralt samfunn. arbeide for ein offensiv klimaplan

Detaljer

Kommunestyrevalget i Tysvær 2003

Kommunestyrevalget i Tysvær 2003 Kommunestyrevalget i Tysvær 2003 Ta heile Tysvær i bruk! Tone Kringeland Tone Kringeland Tone Kringeland Tone Kringeland GRUNNSYN Senterpartiet byggjer politikken sin på eit menneskesyn med basis i det

Detaljer

Eit trygt og godt lokalsamfunn

Eit trygt og godt lokalsamfunn copyright: fotograf Bokn KrF 2019-2023 Eit trygt og godt lokalsamfunn INFORMASJON Saman for eit varmere samfunn Program for Bokn KrF 2019-2023 Kristelig folkeparti er i alt sitt politiske arbeid forplikta

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal Program 2019 2023 Hjartdal SP HEILE HJARTDAL HEILE HJARTDAL sp.no/hjartdal sp.no/hjartdal SP vil lytte til folket! Senterpartiet vil bygge samfunnet nedanfrå og opp. Ved større beslutningar er det viktig

Detaljer

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST. SULDAL VENSTRE PROGRAM 2015 2019 Veit du ein ven som vel du trur, og du hjå han fagnad vil få: gjev han heile din hug og gåva ei spar, far og finn han ofte. (Frå Håvamål) Folk først Venstre er eit parti

Detaljer

Saman for eit varmare samfunn

Saman for eit varmare samfunn Saman for eit varmare samfunn VALPROGRAM FOR AUKRA KrF 2019-2023 INFORMASJON Helge Kjøll jr. Ordførarkandidat Født 1961 Aukrasanden Kjære veljar! Aukra kommune er ein god kommune å leve og bu i. Eg er

Detaljer

heile VIK Program VIK HØGRE VISJON

heile VIK Program VIK HØGRE VISJON Program 2015 2019 VIK HØGRE heile VIK VISJON Vik kommune skal vere ein attraktiv kommune å bu i, kjenneteikna av trivsel, godt oppvekstmiljø med meiningsfylt fritid, betra tenestetilbod og eit offensivt

Detaljer

Arbeidsprogram 2007-2011

Arbeidsprogram 2007-2011 Arbeidsprogram 2007-2011 Grunnsynet til Senterpartiet Senterpartiet vil byggja framtida på dei kristne grunnverdiane og humanistiske verdiar i pakt med desse. Målet for Senterpartiet sin politikk er å

Detaljer

Austevoll Venstre. Program 2011-2015. www.austevoll.venstre.no. 73588_Programmal 2011 A5 8s.indd 1 30.06.11 09.25

Austevoll Venstre. Program 2011-2015. www.austevoll.venstre.no. 73588_Programmal 2011 A5 8s.indd 1 30.06.11 09.25 Austevoll Venstre Program 2011-2015 www.austevoll.venstre.no 1 73588_Programmal 2011 A5 8s.indd 1 30.06.11 09.25 Ein kommune for alle Austevoll Venstre ønskjer at me skal ha ein god og trygg kommune å

Detaljer

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Masfjorden, Gulen, og Solund kommunar. Vedteke i Masfjorden (xx.xx.2016), Gulen (xx.xx.2016) og Solund (xx.xx.2016) kommunestyrer. Innleiing Gulen, Solund og

Detaljer

Oversyn over økonomiplanperioden 2011 2014

Oversyn over økonomiplanperioden 2011 2014 - perla ved Sognefjorden - Oversyn over økonomiplanperioden 2011 2014 Arbeidsgrunnlag 06.10.10 Rådmannen Oversyn over økonomiplanperioden Rådmannen sitt arbeidsgrunnlag 06.10.10 Rekneskap Budsj(end) Budsjett

Detaljer

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi:

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Gol kommune Internt notat Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Årsmelding - Gol ungdomsskule Årsmelding Gol ungdomsskuleskule 2014 (Kultur

Detaljer

Program HØYANGER HØGRE

Program HØYANGER HØGRE Program 2015 2019 HØYANGER HØGRE eh ile r e g n a y ø h VISJONAR FOR HØYANGER KOMMUNE Me har ein visjon om at kommunen skal vere ein heilskapleg kommune, der omsyna til alle delar av kommunen vert ivaretekne.

Detaljer

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting Økt 1: Kvifor, lyst til å få til, utfordringar Kvifor Vil ha noke å seie lokalt Da hørtes interessant ut Påverke politikken Litt kjekt å prøve noko nytt

Detaljer

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram 2011 2015 Ei samla bygd Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram Den norske samfunnsmodellen er unik. Han skil oss frå dei fleste andre land. I Noreg er me med i eit solidarisk spleiselag som sikrar alle

Detaljer

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune «Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune 19. juni 2015 Innhald 1. Føremål 2. Prosessane 3. Verdiar i prosessen 4. Kvifor År 2040

Detaljer

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.» Valle Venstre «Menneska er viktigare enn systemet.» Dette er Valle Venstre: Venstre er eit liberalt parti. Ein liberal politikk tek utgangspunkt i det enkelte mennesket, samstundes med at alle har ansvar

Detaljer

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500 Saksprotokoll Formannskapet og næringsutvalet 13.02016 Sak: 37/16 Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500 Behandling: Rådmannen si tilråding; 1. Luster kommune skal ha gode

Detaljer

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum Høyanger 2015-2019 KrF Menneskeverd i sentrum KrF er eit kristendemokratisk parti som byggjer politikken sin på det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret. Alle menneske har den same

Detaljer

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE FÅ FART PÅ SVEIO KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE ME TEK SVEIO VIDARE Sveio.arbeiderparti.no SKULAR OG BARNEHAGAR I SVEIO SKAL

Detaljer

Program for 2015-2019

Program for 2015-2019 2015-2019 www.fjellkrf.no Program for 2015-2019 INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes / www.ganeshfoto.no Fjell KrF Fjell KrF ynskjer at Fjell skal vere ein kommune med gode oppvekstvilkår for barn

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Eit ord - ein stein i ei kald elv. Ein stein til eg må ha fleire steinar skal eg koma over. Olav H. Hauge

Eit ord - ein stein i ei kald elv. Ein stein til eg må ha fleire steinar skal eg koma over. Olav H. Hauge Eit ord - ein stein i ei kald elv. Ein stein til eg må ha fleire steinar skal eg koma over. Olav H. Hauge PROGRAM ULVIK VENSTRE Valbolken 2007-2011 INNHALD Fleire folk til Ulvik... 3 Arbeidsplassar og

Detaljer

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Vedteken i Kommunestyret, sak 14/82, 11.12.2014 Planen er eit overordna politisk vedteke dokument for barnehagane i Vinje kommune. Planen inneheld felles satsingsområde

Detaljer

SOGN driftig raus ekte

SOGN driftig raus ekte SOGN driftig raus ekte Regionalplan for splan 2015 Næringsutvikling Fylkesgrenser kommunegrenser hinder eller utvikling? Sogn skal styrka seg som region og bli interessant for nye etableringar. må bli

Detaljer

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling. Vedteken i Sogn regionråd 8.12.2017 Handlingsplan 1 Næringsutvikling Etablering av nye og vekst i eksisterande private og offentlege verksemder i regionen. Regionen skal ha eit samhandlande og koordinert

Detaljer

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Pål Farstad førstekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Stem

Detaljer

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune Visjon: Målsetting frå bygging av ny sjukeheim (Backertunet) 2005-2006:

Detaljer

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17)

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Innhald 1 Innleiing... 2 2 Satsingsområde... 2 3 Status 2014/15... 3 4 Innhald og tilbod... 4 5 Feriar... 4 6 Praktisk informasjon... 5 1 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE 2013-2015 Innhald 1. Bakgrunn 2. Visjon 3. Verdiar 4. Hovudfokus 5. Forbetringsområda 6. Satsingsområda Klepp kommune Vedteken av Hovudutvalet for

Detaljer

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014 Regional Næringsstrategi for Hardanger Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014 Bakgrunn Initiativ frå Hardanger Næringsråd Vedtak i Hardangerrådet Prosjektleiing frå Næringshagen i Odda Styringsgruppe

Detaljer

Program for Hå Venstre 2011.

Program for Hå Venstre 2011. Program for Hå Venstre 2011. Sentrale satsingsområde : Miljø, Småbedrifter, Sosialt ansvar og Skule. Generelt : Hå kommune er for tida ganske svake på miljøpolitikk. Etter at stillinga som miljøvernleiar

Detaljer

framtida. På lag med Tysvær Venstre

framtida. På lag med Tysvær Venstre framtida. På lag med Tysvær Venstre Med Tysvær inn i framtida. Venstre vil gje fridom til den enkelte, samtidig som vi skal ta vare på fellesskapet og miljøet. Vi trur på skaparkraft, frivillig innsats,

Detaljer

Gruppe 1. Kva er bra med Kvinnherad i dag? Kva er ikkje bra med Kvinnherad i dag? Kva gjer Kvinnherad attraktivt i framtida?

Gruppe 1. Kva er bra med Kvinnherad i dag? Kva er ikkje bra med Kvinnherad i dag? Kva gjer Kvinnherad attraktivt i framtida? K:\Kom_plan\Samfunn\Verkstad_KVV_20060406\Puncha_storark_20060406.doc Gruppe 1 Baroniet Fjell, sjø og natur Perlo Godt miljø Mykje karftproduksjon Fint fjordhotell Mange fine bygder Halsnøy Kloster Folkehøgskule

Detaljer

Sogndal arbeidarparti - Endå betre saman. Visjon

Sogndal arbeidarparti - Endå betre saman. Visjon Sogndal arbeidarparti - Endå betre saman Visjon Sogndal kommune er ein attraktiv kommune å bu og arbeida i, og som folk har lyst til å flytta til og besøke. Det er ein kommune der folk trivst og har det

Detaljer

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt. Grøn politikk er basert på rettferd og likskap for alle menneske, både for oss som lever i dag og for framtidige generasjonar. Målet er eit økologisk og sosialt berekraftig samfunn, slik at vi ikkje overlèt

Detaljer

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet 12.02.

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet 12.02. VINJE KOMMUNE Møteinnkalling Utval Stad Dato Kl. Rådet for eldre og funksjonshemma Formannskapssalen 12.02.2013 09:00 Saksliste Saksnr PS 13/2 PS 13/3 Tittel Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet

Detaljer

Program Årdal AP

Program Årdal AP Program Årdal AP 2019-2023 Årdal Arbeidarparti sitt verdigrunnlag For Arbeidarpartiet er det ei kjerneoppgåve å utjamne sosiale skilnadar. Difor vil Arbeidarpartiet utnytte ressursane og moglegheitene

Detaljer

Frå Fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Til Samferdsledepartementet v/statsråden Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Frå Fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Til Samferdsledepartementet v/statsråden Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget Samferdsledepartementet v/statsråden Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget Prioriter samferdsle i distrikta no! Samferdsle er ein føresetnad for busetnad og verdiskaping. I Sogn og Fjordane

Detaljer

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår) Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår) Kommuneplanen sin tekstdel om Gol barnehage: Barnehageplassar Alle barn har rett på barnehageplass, jf Lov om barnehagar. Utvikling Utviklinga i samfunnet krev

Detaljer

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR Hans-Erik Ringkjøb Ordførar, Voss kommune SLIDE 1 AGENDA Kva er kompetansearbeidsplassar? To framtidsbilder SAIL Port Northern Europe Attraktivitet gjennom kvalitetar

Detaljer

Ulvik Arbeiderparti Program 2011-2015

Ulvik Arbeiderparti Program 2011-2015 Ulvik Arbeiderparti Program 2011-2015 Program for Ulvik Arbeiderparti 2011-2015 Kjære sambygding Ulvik Arbeiderparti har dei siste 4 åra arbeidd målretta med måla me sette oss for perioden 2007-2011. Me

Detaljer

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim. Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM 2019-2023 For eit grønare Bjerkreim. Gode veljarar. Her er Venstre sitt program for perioden 2019 2023. Dette er eit ambisiøst og offensivt program for eit endå betre Bjerkreim

Detaljer

KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi.

KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi. Program for Flora KrF Program for bystyreperioden 2016-2019 GRUNNSYN KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi. Verdigrunnlaget vårt er forankra i det kristne

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg MØTEPROTOKOLL Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: rådhuset Møtedato: 19.05.2010 Kl: 12.30 15.30 Medlemar: Forfall: Varamedlemar: Frå adm. (evt. andre): Anne Margrethe Kråvik (KrF), leiar, Leif Grinde

Detaljer