VERDISETJING AV NATURGODER I VOSSOVASSDRAGET
|
|
|
- Bo Brekke
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 VERDISETJING AV NATURGODER I VOSSOVASSDRAGET EIN SAMFUNNSØKONOMISK ANALYSE Lokallag i Naturvernforbundet 1
2 SAMANDRAG Det har vore etablert ei oppfatning av at det ikkje er mogeleg med flaumførebyggjande tiltak i Vossovassdraget utan at dei er finansiert gjennom inntekter frå kraftproduksjon. Kraftproduksjon har i mange tilfelle ein regulerande effekt og er truleg mogeleg også i dette vassdraget, men vert å sjå på som ein siste utveg sidan Vossovassdraget er eit verna vassdrag. Andre interessentar har fremja eit motsett syn, at naturverdiane i vassdraget er så store at dei med god margin overstig det som måtte kome av inntekter av kraftproduksjon. Deira argument fell i store trekk saman med grunngjevinga i Verneplan for vassdrag (St.prp. nr.89 ( )) Utgangspunktet for denne studien har vore å kartleggje og å konkretisere naturverdiar som finst i Vossovassdraget, for betre å synleggjere desse verdiane sett opp mot eventuelle inntekter frå kraftproduksjon. Det vert her bygd på lokale undersøkingar som tidlegare er gjennomført på Voss og i regionen omkring, for å synleggjere folk sin vilje til å betale for å unngå inngrep i naturen ved utbygging av vasskraft. Resultata frå undersøkinga vert knytt opp mot dagens situasjon i Vossovassdraget i samsvar med aksepterte og etablerte metodar. Ein kostnadseffektivitetsanalyse, jfr. kap. 5.1 har vore gjennomført der kostnadene for fire alternative løysingar for flaumregulerande tiltak er valt ut, to alternativ med kraftproduksjon og to alternativ utan. Den samfunnsøkonomiske analysen etter kostnadseffektivitetsmetoden viser følgjande resultat: Rangering Alternativ Prosjektbeskriving Samfunnsøkonomisk kostnad (mill. kr.) 1 6A Flaumtunellar Lilandsosen- Seimsvatnet og Evangervatnet-Bolstadfjorden B Flaumtunellar Lilandsosen Evangervatnet og Evangervatnet-Bolstadfjorden Tunell Reime-Granvin og kraftstasjon i Granvin Tunell Reime-Bjørke med kraftstasjon på Bjørke og flaumtunell Bjørke Granvin Tabell: Rangering av alternative løysingar etter samfunnsøkonomisk kostnad. I komitéinnstillinga til energimeldinga (Meld. St. 25 ( )) om flaumsikring i verna vassdrag har fleirtalet i komitéen vist til at det ikkje vert gjeve konsesjon til større kraftprosjekt i verna vassdrag. Komitéen meiner at konsesjonshandsaming for kraftutbygging over 1 MW i verna vassdrag må leggjast fram for Stortinget og berre vurderast i dei tilfelle der andre flaumdenpande tiltak er utprøvd, liv og helse står på spel og verneverdiane ikkje vil påverkast nemneverdig. Denne rapporten viser at det finst gode løysingar til flaumregulerande tiltak som ikkje omfattar kraftproduksjon og at dei to alternativa som ikkje rokkar ved vernestatusen for Vossovassdraget er klart gunstigast sett frå ein samfunnsøkonomisk synsstad 2
3 INNHALD Samandrag 2 Innhald 3 Forord 4 1. Innleiing 5 2. Naturverdiar i Vossovassdraget Vernegrunnlag Naturverdiar 8 3. Bakgrunn 8 4. Økosystemtenester 9 5. Metode og grunnlag Ulike typar samfunnsøkonomiske analysar Utrekning av naturverdiar generelt Studiestad Dagens bruk Rafting og ekstremsport Laks Verdifastsetjing Kostnadseffektivitetsanalyse Vurderingar og konklusjon Referansar 24 Vedlegg I Økosystemtenester 26 Vedlegg II CV-metoden brukt på Rasdalen/Geitåniutbygginga. 27 Vedlegg III Innspel om flomvern i Voss kommune 32 Av Frode Solbakk, dagleg leiar i Voss Active AS Vedlegg IV Overføringsfunksjonar 34 3
4 FORORD. Rapporten er skriven som eit resultat av dei pågåande diskusjonane om flaumførebyggjande tiltak i Vossovassdraget. Det har ved nokre høve vorte sagt at denne saka vert den viktigaste som Voss kommune skal arbeide med i 2017, og rapporten er utarbeidd som eit bidrag til å synleggjere dei verdiar som naturen representerer i ei slik vurdering, verdiar som tidlegare i noko grad har vore vurdert kvalitativt, men ikkje kvantifisert. Multiconsult (Sælthun et al. 2016) har i rapporten «Mogelegheitsstudie for flaumdempande tiltak i Vosso» sett på alle mogelege flaumregulerande tiltak og i nokon grad vurdert dei prismessige konsekvensane av tiltaka slik dei fungerar i ein regulert marknad. I denne rapporten vert det sett nærare på verdisetjing av dei naturgoder som finst i vassdrag, slik at også desse vert vurdert og teke med i det endelege reknestykket slik det kjem fram i m.a. Navrud et al. (2003). Naturverdiar er beskrive og kvantifisert basert på kunnskap og metodar utvikla dei siste tiåra, ikkje minst innanfor rammene av det delvis FN finansierte TEEB-prosjektet (The Economics of Ecosystems and Biodiversity). I ei vidareføring av utrekningane av økonomisk verdi ligg det til rette for å gjennomføre ein kostnadseffektivitetsanalyse, ein type samfunnsøkonomisk analyse som vert brukt til å samanlikne tiltak som alle oppfyller det same målet. I dette tilfellet er målet å førebyggje mot framtidige skadeflaumar, og å finne det tiltaket som løyser oppgåva til lågast samfunnsøkonomisk kostnad. Voss, januar 2017 Voss Naturvernlag Kåre Flatlandsmo 4
5 1. INNLEIING Verdifull natur er under aukande press på grunn av planlagde og gjennomførde utbyggingsprosjekt. Med Naturmangfaldlova og endringane i Plan- og bygningslova, som no har vore i bruk nokre år, har kommunane fått nye verktøy til å ta vare på naturområde som er særskilt verdifulle. Kva som er verdifulle naturområde er likevel ikkje lett å bestemme når kartlegging av naturtypar og kunnskap om verdigrunnlaget i naturen har vore avgrensa. I kommunale vedtaksprosessar har dette ofte vore medverkande til at naturverdiane ikkje har kome til syne og dermed tapt. Dette var ikkje intensjonen då dei nye lovene vart vedtatt i Dei siste tiåra har det vore gjennomført omfattande internasjonale studiar for å kartleggje og lage struktur på dei tenester som naturen yter til menneska si velferd. Det første var Millennium Ecosystem Assessment (MA) som konkluderte med at menneskeleg aktivitet har ein klar og aukande negativ effekt på det biologiske mangfaldet og økosystema. Etterfølgjaren til MA var TEEB-prosjektet (The Economics of Ecosystems and Biodiversity) der det vart gjort greie for den økonomiske verknaden av biologisk mangfald og økosystemtenester. Som ei oppfølging av TEEB-prosjektet la eit norsk ekspertutval i 2013 fram rapporten «Naturens goder verdier av økosystemtjenester», NOU 2013:10. I rapporten vert det peika på ein del område der verdisetjing eller prissetjing av dei tenester som naturen yter er mogleg og nyttig. Dagens norske naturforvaltning er dominert av juridiske verkemiddel, og i NOU 2013:10 vert det vidare understreka at det kan vere nyttig å supplere dagens verkemiddel med fleire økonomiske. Det må vere ei målsetjing at økonomisk verdisetjing skal bidra til å betre forvaltninga av økosystema. 5
6 2. NATURVERDIAR I VOSSOVASSDRAGET Figur 1. Oversiktskart over Vossovassdraget oppstraums og nedstraums Vossevangen. 2.1 Vernegrunnlag Om vernegrunnlaget seier NVE på sine heimesider følgjande om vernegrunnlaget for Vossovassdraget: Tilrådd typevassdrag. Storleik og beliggenhet. Vassdraget er viktig del av eit variert og kontrastrikt landskap frå høgfjell, ned dalsider, gjennom dalar og til lågland. Stort naturmangfald knytt til formen av elveløpet, geomorfologi, botanikk, landfauna og vassfauna. Store kulturminneverdiar. Friluftsliv er viktig bruk. Vassdraget ligg mellom indre del av Sognefjorden og Hardangerfjorden. Vosso har utløp til Veafjorden, nordaust for Bergen. Vernet gjeld til Vosso sitt utløp i Vangsvatnet ved tettstaden Vossevangen. Vernet av Vossovassdraget omfattar Strandaelva i nord, Raundalselva i aust og Bordalselva i sør, dvs. Vossovassdraget ovanfor Vangsvatnet. Strandaelva og Raundalselva renn saman ved Voss like før utløp i austenden av Vangsvatnet. Strandaelva kjem frå Vikafjellet og Oppheimsvatnet (330 moh.). Frå Vikafjellet renn elva bratt ned i Kvassdalen, ein smal v-forma dal med bratte dalsider. Elva renn vidare inn i den opnare Myrkdalen med Myrkdalsvatnet (230 moh.). Nedanfor Vinje er dalføret ope og elva renn roleg via det 3 km. lange Lønavatnet, som er den største innsjøen i feltet, til Vangsvatnet (47 moh.). Rett før vatnet kjem eit sidevassdrag frå vest, med den kjende Tvindefossen, lett synleg frå riksvegen. 6
7 Raundalselva kjem frå fjelltraktene ved Mjølfjell. Her ligg det fleire små fjellvatn og fjelltoppar. Herifrå renn det fleire sideelvar frå relativt flate dalføre som Rjoandalen, Ljosandalen, Uppsetedalen og Slondalen. Raundalen er trong med bratte dalsider. Elva renn for det meste i fossar og stryk, ofte gjennom tronge gjel. Bordalselva drenerar fjellområda mellom Voss og Hardangerfjorden. Dalen er hengande til hovuddalføret, og det meste av området ligg høgare enn 350 moh. Vossovassdraget er geofagleg verdifullt. Topografisk er nedbørfeltet variert med høgfjell og lågland, med breie dalar der elva renn roleg og gjennom fleire større og mindre vatn, og tronge dalar der elva går i fossar og stryk. Til dei største elvane renn det fleire sideelvar som er verdifulle bidrag til mangfaldet i vassdraget. Berggrunnen er samansett av omdanna fyllitt og skyvedekkebergarter og det er stor variasjon i kvartære avsetjingar og former. Avsetjingane spenner over eit langt tidsrom og bidrar til store variasjonar i dagens landskap. I Vinjadalen er det for eksempel funne sediment som vart avsett under siste mellomistid, og fleire stader ligg det avsetjingar som bidrar til å rekonstruere issmeltinga frå siste istid. Mellom anna finst det sediment og strandnivå frå ein bredemt sjø ved Vinje, og setenivå frå bredemde sjøar i Stordalen. Nedbørsfeltet viser eit stort mangfald knytt til alle fagfelt. Naturlandskapet er svært variert. Mellom anna finst det store fjordsjøar som Vangsvatnet omkrinsa av jordbruksland, små næringsrike låglandsvatn og kalde næringsfattige høgfjellsvatn. Figur 2. Fossestryk i Raundalsvassdraget. Foto: Jon Arne Eie Vosso har lang lakseførande strekning, og var lenge mellom dei beste lakseelvane i Hordaland. I Vangsvatnet er det kommersielt fiske etter røyr. Store faglege interesser er knytt til delta- og våtmarkssystem i Strandavassdraget. Fuglelivet høyrer til det rikaste på 7
8 Vestlandet. Gjennom mange år har det frå Universitetet i Bergen og Oslo vore drive omfattande undersøkingar, særleg av fisk og anna liv i ferskvatn. Fleire funn frå jernalderen viser at menneske har hatt opphald i nedre delar av nedbørsfeltet langt attende i tida. Vassdraget er rikt på gamle bygningmiljø. I dag er dalbotnane i vassdraga sterkt kulturpåverka og tettleiken i folkesetnaden er relativt stor. Vossovassdraget er eit av dei få tilnærma uregulerte større vassdraga på Vestlandet. Øvre delar er lite påverka av tekniske inngrep. Vassdraget grensar til dei vassdragsverna nedbørsfelta Nærøydalselvi og Undredalselvi i nord, Flåmselvi i aust og Granvinsvassdraget i sør. I nordaust ligg Nærøyfjorden landskapsvernområde, og ein liten del av Stølsheimen landskapsvernområde går inn i feltet i nordvest. I aust ligg Grånosmyrane naturreservat. Ved innløpet til Lønavatnet ligg Lønaøyane naturreservat og sør for vatnet ligg Håmyrane naturreservat. I St.prp. nr 89 ( ) tilrår Olje- og energidepartementet varig vern av vassdraget og uttalar at «vassdraget har store verneverdiar både for vilt- og fiskeinteresser, friluftsliv, kulturminne og naturvitskap. Ved å gje både Vosso, Flåm og Undredalsvassdraget varig vern, vil ein bevare eit større samanhengande natur- og friluftsområde». 2.2 Naturverdiar Hovudpoenget her er at vassdraget er verna og at ei potensiell utbygging av vassdraget per definisjon har stor negativ verknad på naturverdiane i heile regionen. 3. BAKGRUNN Bakgrunnen for at spørsmålet om flaumregulerande tiltak i Vossovassdraget no har kome opp er at fleire vassdrag på Vestlandet i oktober 2014 vart råka av storflaum. Folk flest opplevde det som skræmande medan det stod på, og det var omfattande skader på bygningar og infrastruktur. M.a. vart tettstadane Aurland, Flåm, Odda og Voss hardt råka. Klimaprognosar viser at slike flaumar vil bli større og kome oftare i framtida. På denne bakgrunn vart Multiconsult i første omgang engasjert av Voss kommune og NVE for å sjå på «alle mogelege tiltak» for å redusere omfanget av framtidige skadeflaumar. Etter ein prosess der interesserte aktørar kunne kome med innspel til Multiconsult vart i alt om lag 20 innspel registrert. Multiconsult valde å arbeide vidare med 10 av desse innspela som i sluttrapporten vart presentert som alternative løysingar på flaumproblema. Desse alternativa vart vurdert i forhold til flaumdempande evne og i nokon grad prissett. «I nokon grad» peikar attende på at i dei innspela som inneheldt element av kraftproduksjon, var korkje inntekter eller kostnadene med sjølve kraftdelen av prosjektet tatt med. I denne rapporten er det difor gjort eit grovt estimat av kostnader og inntekter ved kraftproduksjon i dei alternativa der det er relevant. 8
9 4. ØKOSYSTEMTENESTER. Som det alt har vore nemnt ovanfor byggjer delar av denne rapporten på det grunnleggjande arbeidet som dei siste tiåra har vore gjort for å synleggjere og å konkretisere dei verdiane som naturen yter til menneska gjennom dei tenestene som kvar dag kjem oss menneske til gode. I denne prosessen har omgrepet økosystemtenester vorte utvikla og definert. Økosystemtenester er goder og tenester som vi får frå naturen og det er fire hovudkategoriar av økosystemtenester. Vi skil mellom forsynande, regulerande, kulturelle og støttande tenester. Dei støttande tenestene er også i ein del samanhengar kalla for grunnleggjande livsprosessar. Grunnleggjande livsprosessar (økosystemfunksjonar / støttande tenester) Fotosyntese Primærproduksjon Jord- og sedimentdanning Næringsstoffkretsløp Vasskretsløp Evolusjonære prosessar og økologiske interaksjonar Forsynande tenester Mat Ferskvatn Fiber Bioenergi Genetiske ressursar Biokjemikaliar og medisinressursar Pynte- og dekorasjonsressursar Regulerande tenester Luftkvalitetsregulering Klimaregulering Vasstraumsregulering Erosjonsbeskytting Naturskadebeskytting Vassrensing og avfallsbehandling (nedbryting og avgifting) Sjukdomsregulering Skadedyrregulering og biologisk kontroll Pollinering Vedlikehald av jordsmonn Opplevings- og kunnskapstenester (kulturelle tenester) Rekreasjon, friluftsliv og naturbasert reiseliv Velvære og estetiske verdiar Stadidentitet Åndeleg beriking Religiøse verdiar Inspirasjon og symbolske perspektiv Kunnskap og læring Naturarv Figur 3. Oversikt over forskjellige typar økosystemtenester Ei nærare beskriving av økosystemtenester er funne i vedlegg I 9
10 5. METODE OG GRUNNLAG 5.1 Ulike typar samfunnsøkonomiske analysar. Generelt vert samfunnsøkonomiske analysar gjennomført for å finne ut kva tiltak eller alternativ som gjev den beste samfunnsøkonomiske nytten når større prosjekt skal gjennomførast og store økonomiske verdiar står på spel. Det er ulike typar samfunnsøkonomiske analysar (Direktoratet for økonomistyring(2014)): 1. Nytte- kostnadsanalyse 2. Kostnadseffektivitetsanalyse 3. Kostnadsverknadsanalyse I ein nytte-kostnadsanalyse vert alle positive og negative verknader av eit tiltak verdsett i kroner så langt det let seg gjere. Hovudprinsippet er at ein konsekvens er verd det befolkninga til saman er viljuge til å betale for å oppnå eller unngå han. Dersom betalingsviljen for alle nytteverknader av tiltaket er større enn summen av kostnadene, vert tiltaket definert som samfunnsøkonomisk lønsamt. Kostnadene ved eit prosjekt skal i prinsippet spegle verdien av det ein må forsake av andre ting (dvs. verdien som ressursane kan skape i den beste alternative løysinga) for å gjennomføre prosjektet, medan nytten skal spegle kor mykje ein er viljug til å betale (folk sin samla betalingsvilje). Dersom dei ulike tiltaka som skal samanliknast har like nytteverknader, er det ikkje naudsynt å verdsetje nytten i kroner for å rangere den samfunnsøkonomiske lønsemda av tiltaka. Rangeringa vil uansett berre vere avhengig av kostnadene ved tiltaka. Dette vert kalla ein kostnadseffektivitetsanalyse. I ein slik analyse vert tiltaka rangert etter kostnader og å finne det tiltaket som vil realisere målet til lågast kostnad. I ein del tilfelle vil det vere vanskeleg eller ikkje ønskjeleg å verdsetje nyttesida i kroner, samstundes som ulike tiltak har ulike nytteverknader. Ein kan då rekne ut kostnadene ved tiltaka på vanleg måte, medan nytteverknadene vert beskrive best mogleg, men ikkje i kroner eller på ein felles skala. Dette vert kalla kostnadsverknadsanalyse. Kostnadsverknadsanalysar gjev ikkje grunnlag for å rangere tiltaka etter samfunnsøkonomisk lønsemd, men gjev likevel verdfull informasjon til dei som skal fatte avgjerd. Val av type samfunnsøkonomisk analyse kostnadseffektivitetsanalyse. 4 alternativ Basert på informasjon lagt fram av Sælthun et al i rapporten «Mogelegheitsstudie av flaumdempande tiltak i Vosso» er det valt ut 4 alternativ til vurdering i ein kostnadseffektivitetsanalyse. Under den føresetnad at dei vurderte alternativa «gjer nytten», dvs. tilfredsstiller kravet om god nok flaumsikring, er det ein situasjon der dei ulike tiltaka har lik nytteverknad, og ei rangering mellom tiltaka vil berre vere avhengig av kostnadene ved tiltaka, dvs. ein kostnadseffektivitetsanalyse kan nyttast. Følgjande alternativ er valt ut i ei vidare vurdering: : 10
11 1. alt. 2. Tunell Reime-Granvin og kraftstasjon i Granvin 2. alt. 3. Tunell Reime-Bjørke med kraftstasjon på Bjørke og flaumtunell Bjørke - Granvin 3. alt. 6A Flaumtunellar Lilandsosen-Seimsvatnet og Evangervatn-Bolstadfjorden 4. alt. 6B Flaumtunellar Lilandsosen-Evanger og Evangervatn-Bolstadfjorden Dei to første (alt.2 og alt.3 i Sælthun et. al 2016) er basert på kraftutbyggingsprosjekt, medan dei to siste er rein flaumregulering ved bruk av flaumtunellar i og nær noverande elveløp. Figur 4. Oversikt over dei 4 alternativa til flaumførebyggjande tiltak som er vurdert i denne rapporten I ein greitt fungerande marknad er kostnadssida i eit utbyggingsprosjekt i ein kostnadseffektivitetsanalyse meir eller mindre rett fram og tatt frå Sælthun et. al (2016). Ved ei eventuell utnytting av vatnet i Raundalsvassdraget til kraftproduksjon vil store naturverdiar gå tapt. Det er difor behov for å rekne ut storleiken på desse naturverdiane som vil auke kostnadssida på dei alternativa til flaumførbyggjande tiltak som inneheld kraftproduksjon. Ved utrekning av slike naturverdiar finst det ikkje ein perfekt marknad, og det må m.a. nyttast metodar som er utvikla innan velferdsøkonomien som gjer seg nytte av sokalla parallelle og/eller hypotetiske marknader. 5.2 Utrekning av naturverdiar - generelt Naturverdiar er dei tenestene som naturen yter til oss menneska gjennom økosystema, økosystemtenester. Økosystemtenester medverkar med ei rekkje ulike verdiar som frå ein 11
12 økonomisk synsstad kan sjåast på som total samfunnsøkonomisk verdi, sjå vedlegg I. Det er utvikla fleire metodar som kan brukast til å rekne ut endringar i heile eller delar av den totale økonomiske verdien. Mange viktige økosystemtenester som jordbruksprodukt (mat), fisk (mat), tømmer (fiber) osv. vert omsett i marknader, og i slike situasjonar kan marknadsprisar og informasjon om åtferd og transaksjonar i vanlege marknader nyttast til å rekne ut verdien av tenestene. Slik er det likevel ikkje for alle økosystemtenester, og der det ikkje er tilgjenge til slik informasjon må den økonomiske verdien reknast ut på annan måte. Dei mest brukte metodane for å rekne ut økosystemtenestene sin økonomiske verdi når det ikkje finst marknadsprisar er enten å nytte informasjon om transaksjonar i ein marknad som har nær tilknyting til tenesta av interesse, eller å etablere ein hypotetisk marknad for ei økosystemteneste og spørje folk om korleis dei ville handle i ein slik marknad. Desse tre måtane å få fram verdiar på samsvarar med dei tre hovudkategoriane av metodar for økonomisk verdisetjing, (1) Marknadsbaserte metodar (faktiske marknadsprisar) (2) Parallelle marknader, ein marknad som har nær tilknyting til den tenesta ein er interessert i (metodar basert på avdekkande preferansar) (3) Hypotetiske marknader, etablere ein hypotetisk marknad for ei økosystemteneste og spørje folk korleis dei vil handle i ein slik marknad (metodar basert på uttrykte preferansar) Marknad Type tilnærming Type verdi Vanlegaste verdsetjingsmetode Faktiske marknader Marknadsbasert Bruksverdiar Marknadsprisar Parallelle marknader Avdekkande preferansar Bruksverdiar Reisekostnadsmetoden Eigedomsprismetoden Hypotetiske marknader Uttrykte preferansar Bruks- og ikkjebruksverdiar Betinga verdisetjing Figur 5 : Tre hovudkategoriar økonomiske verdsetjingsmetodar Figur 5 oppsummerar kven av metodane for økonomisk verdisetjing som kan nyttast til å rekne ut verdianslag for ulike typar verdiar. Ved å bevege seg frå bruksverdiar til ikkjebruksverdiar, og frå marknadsbaserte metodar til metodar som tek utgangspunkt i uttrykte preferansar, skjer det noko både med kva verdiar som vert omfatta og med kor sikre anslaga er. Når det finst marknadsprisar for ei økosystemteneste er det naturleg å ta utgangspunkt i desse prisane ved ei økonomisk verdsetjing av tenesta. Figur 5 illustrerer likevel at metodar som er basert på marknadsprisar berre fangar opp bruksverdiar, og at for økosystemtenester som berre har eller har eit stort innslag av ikkje-bruksverdiar, er det berre metodar basert på uttrykte preferansar som kan nyttast. Sidan ikkje-bruksverdiar og mangel på marknadar er noko av det som er typisk for mange økosystemtenester, er det relativt få tenester som kan verdsetjast ved hjelp av metodar som nyttar seg av data frå marknader der økosystemtenester 12
13 vert omsett eller marknader som er nært knytt til økosystemtenester som det er ønskjeleg å setje verdi på. Det tyder i mange tilfelle at metodar som nyttar seg av uttrykte preferansar er einaste moglegheit til å prissetje. Slike verdsetjingsstudiar er både tids- og ressurskrevjande, og det er i dag avgrensa kapasitet og røynsle med gjennomføring av økonomisk verdisetjing i miljøforvaltninga i Noreg. Eit avgrensa tal relevante eksisterande studiar reduserer også moglegheita for overføring av verdianslag frå andre stader. (NOU 2013:10, s.218) Det er difor interessant og relevant i denne samanhengen at nokre av dei mest omfattande og grundige studiane som i nyare tid har vore gjennomført nettopp er frå vårt nærområde. Og at studiane nettopp tek for seg potensiell utbygging av vasskraft i elvar der det var varsla motstand mot utbygging som, rett nok i noko mindre skala, kan samanliknast med dei påemna planane for vasskraftutbygging i Raundalselva. 5.3 Studiestad Bakgrunnen for den opphavelege studien som her vert brukt som studiestad, jfr. vedlegg IV, ligg nokre år attende i tid, og er kalla «Miljøkostnadsprosjektet, Trinn 2», Navrud (2003). Miljøkostnadene ved norsk vasskraft var då tidlegare dokumentert gjennom verdsetjingsundersøkingar av Sauda-utbygginga og full utbygging av Øvre Otta. Trinn 1 i Miljøkostnadsprosjektet tok utgangspunkt i planane for desse to utbyggingane og deira delfelt. Saman med teknikkar for geografisk overføring/generalisering (sokalla «benefit transfer, sjå vedlegg IV) av miljøkostnadsanslag, vart miljøkostnad pr. kwh for ein nasjonal portefølje av utbyggingsprosjekt anslått. Porteføljen var antatt å vere representativ for norsk vasskraft. Miljøkostnader for denne porteføljen vart m.a. uttrykt i kroner frå utrekningane av miljøkostnader basert på Sauda og Øvre Otta-prosjekta. Desse verdiane var likevel ikkje representative for mindre opprustings- og utvidingsprosjekt. Hovudmålet for neste trinn, trinn 2, var då å dokumentere miljøkostnader pr. kwh av eit representativt prosjekt for denne type utbyggingar. Av i alt aktuelle utbyggingsprosjekt på landsbasis vart den planlagde Rasdalselva/Geitåni-utbygginga i Voss og Vaksdal kommunar valt ut. Utbyggjar var BKK. Utbyggingsplanen bestod av fire delutbyggingar, Rasdalselva, Geitåni, Skårdalselva og Fossegjelet med årleg medelproduksjon på høvesvis 20.0, 21.0, 1.8 og 0.7 GWh ved full utbygging kvar for seg, eller ein realisert energigevinst på 42.5 GWh ved ei samla utbygging. Følgjande kriteria vart lagt til grunn når prosjekt skulle veljast: 1) Utbygginga må vere planlagd, og det må vere realistisk at utbygginga kan kome, men endeleg vedtak må ikkje vere gjort før verdsetjingsstudien er gjennomført 2) Konsekvensutgreiing (KU) må vere gjennomført basert på dei endelege utbyggingsplanane 3) Representativt for komande utbyggingsprosjekt i Noreg. Prioritere oppgraderings- /utvidingsprosjekt framfor elvekraftverk 4) Lokalbefolkninga bør ha relativt god kjennskap til prosjektet for eksempel gjennom nyleg avslutta KU-prosess 13
14 Metode Basert på eit spørjeskjema med detaljerte, illustrerte beskrivingar av effektane på naturvern, kulturminne og friluftsliv/jakt/fiske av utbygginga av kvart av dei fire delfelta vart eit utval på 360 husstandar i mai 2002 spurde om si haldning til utbygginga, betalingsvilje i form av ei ekstra straumavgift for å unngå desse effektane, og ei rekkje bakgrunnsvariable. Beskrivinga av miljøeffektane var på førehand godkjende av alle partane; dvs. utbyggjar (BKK), kommunar, grunneigarar og protestaksjonen mot utbygging. Miljøkostnadsanslaget pr. kwh er rekna ut som gjennomsnittleg betalingsvilje pr. hushald pr. år multiplisert med talet på hushald det gjeld, dividert med den årlege middelproduksjonen av utbygginga. «Hushalda det gjeld» er teoretisk sett definert som dei som kan tenkjast å få redusert si velferd/livskvalitet ved miljøeffektane av utbygginga. I dette tilfellet vart dei definert som hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen og elles alle husstandar i dei to kommunane der utbygginga var planlagd, Vaksdal og Voss kommunar i Hordaland. Sidan det kunne tenkjast at hushald i andre kommunar i Hordaland også kunne ha betalingsvilje for å unngå miljøeffektane av denne utbyggingsplanen, vart det også gjort intervju med eit utval av desse. Det var likevel stor risiko for at desse hushalda overfokuserte på denne eine utbygginga, og «gløymde» at det også var fleire andre utbyggingsprosjekt av same storleik i fylket ( som dei synest var like viktige eller viktigare å unngå). Denne risikoen var spesielt stor ved studiar av betalingsvilje av slike relativt små opprustings-/utvidingsprosjekt, medan det var mindre risiko for fokuseringseffektar for dei to tidlegare studiane av miljøkostnader i Øvre Otta (full utbygging) og Sauda-utbyggingane på høvesvis og GWh. Desse to prosjekta var på det tidspunktet undersøkingane vart gjennomført dei desidert største aktuelle utbyggingsprosjekta i sine heimfylke, og «hushalda det gjeld» omfatta for desse studiane også alle husstandar i dei fylka det gjeld. Sjølv om resultat frå alle tre delutval (hytteeigarar/grunneigarar Rasdalen, hushald i Voss/Vaksdal kommunar, hushald i Hordaland fylke) vart presentert, vart det difor som eit «beste» resultat brukt anslaget på miljøkostnader som er basert på at berre hytteeigar/grunneigar og Vaksdal/Voss-utvala utgjer «folkesetnaden det gjeld». Resultat Intervjuarane si evaluering av innsatsen til dei som tok del i undersøkinga viste at heile 91% av dei spurde vart vurdert til å ha tatt undersøkinga alvorleg. Utrekninga av betalingsvilje var basert på oppdatert teknikk for Uttrykte preferansar (Contingent Valuation CV), men undersøkinga var elles konstruert så lik undersøkinga av Sauda- og Øvre Otta CVundersøkinga som mogleg. Dette var for å få til ei så konsistent samanlikning av desse ulike typane utbyggingsprosjekt som mogleg. Resultata stadfesta at betalingsviljen minkar med avstand ( og grad av påverknad av folk si velferd), slik at betalingsviljen var størst for hytteeigarar/grunneigarar, deretter hushalda i Voss og Vaksdal kommunar, og så hushalda i dei resterande kommunane i Hordaland. Årleg miljøkostnad for den folkesetnaden det gjeld, dvs. hushalda i Voss og Vaksdal kommunar i tillegg til hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen, vart utrekna som hushaldet sin gjennomsnittlege betalingsvilje pr. år for å unngå miljøeffektane av utbygging, multiplisert med talet på hushald det gjeld. Tilsvarande utrekningar for kvart delfelt bygde på deltakarane si fordeling av oppgjeven betalingsvilje for å unngå effektane i kvart enkelt av dei fire 14
15 delfelta. Årleg miljøkostnad og tilhøyrande miljøkostnad pr. kwh for kvart av dei fire delfelta vart samansett slik: Delfelt Årleg miljøkostnad (for den omhandla folkesetnaden») i 2002 kroner Årleg middelproduksjon GWh/år Miljøkostnad øre pr. kwh i 2002 kr Rasdalselva ,0 8 Geitåni ,0 5 Skårdalselva ,8 29 Fossegjelet ,7 70 Figur 6. Årleg miljøkostnad for utbygginga samla var ca. 3,5 millionar kroner. Med ein samla årsmiddelproduksjon på 42,5 GWh, om alle fire delutbyggingane vart realisert, tilsvara dette ein miljøkostnad på 8 øre pr. kwh. Miljøkostnadene pr. kwh var som venta ut frå Sauda-undersøkinga, størst for dei aller minste delfelta. Resultata viste vidare at miljøkostnaden for Rasdalselva var klart større enn Geitåni, trass i at førstnemnde hadde ein lågare årsmedelproduksjon. Dette gav uttrykk for at denne type undersøkingar klart fekk fram kva som var det mest kontroversielle delfeltet. Basert på indikatoren «miljøkostnad pr. kwh» syntest dei store utbyggingane å vere favorisert på kostnad av dei mindre, sjølv om årleg miljøkostnad var stor. Resultat frå denne undersøkinga viste difor at det ut frå miljøkostnadene var betre å byggje ut færre, større opprustings- og utvidingsprosjekt heller enn mange små som gav tilsvarande samla elproduksjon. Dette resultatet har også vorte stadfesta i seinare forskingsarbeid (Bakken et al. 2014). 6. DAGENS BRUK AV VASSDRAGET 6.1 Rafting og ekstremsport Frå tidlegare utbyggingar og utbyggingsplanar flyttar me så fokus til dagens situasjon i eit anna vassdrag i same kommune, Vossovassdraget. Dagens bruk av vassdraget generelt, Raundalselva spesielt og samspelet med dei andre elvane i Vossovassdraget er gjort greie for i eit innspel om flaumdempande tiltak frå Frode Solbakk, dagleg leiar i Voss Active. Innspelet er tatt inn i vedlegg III, men nokre overordna synspunkt er tatt med i teksten her: Omgrep og definisjonar (forenkla versjon, sjå vedlegg III for full versjon): Rafting: padling i elv med flåtar som tek 6-7 gjestar kvar, opptil 14 båtar 2 gongar om dagen. Ideell vassføring i Raundalselvi er m3/s. Familierafting: padling i elv med flåtar som tek inntil 8 gjestar kombinert med små oppblåsbare kanoar som tek 2 personar. Juving: vandring/symjing i elva når det ikkje er nok vatn til rafting. Aldersgruppe 15+. Juving skjer Raundalselvi i området ovanfor Bjørke mot Selheim. Vassføring 5-14 m3/s 15
16 Vasstand under ideell vassføring gir dårlegare produkt, og når det nærmar seg nedre grense byrjar det å bli direkte vanskeleg å kome seg ned pga av grunner og steinar. Vi opplever kvart år at vasstanden kjem under nedre grense og turar blir kansellerte. Det har aldri skjedd kanselleringar av rafting på Voss pga høg vassføring. Voss Active AS er Vestlandets største aktivitetsbedrift og eit av Noregs aller største raftingselskap med omsetnad på 12,5 mill og 15 årsverk. Søsterselskapet Norway Active AS har omsetnad på 5 mill og er gjensidig avhengig av det andre selskapet. Voss Active AS har ei rekkje ulike aktivitetar for turistar, vennegjengar og bedrifter, men rafting/elvesport er sjølve kjernen i vårt virke. Raftingsesongen er ca 6 månadar frå mai til november og skjer i Strandaelva og Raundalselvi. Dei snillare familieturane går i Vosso. Til saman har vi ca gjestar i elvane pr sesong og vi er avhengig av alle tre elvene. Strandaelva og Raundalselvi utfyller kvarandre på ein fin måte der vi raftar i den fyrstnemnde når vassføringa er stor og flyttar turane til Raundalselvi når vassmengda i Strandaelva blir for låg, vanlegvis i juli/august. Dersom vassføringa i Raundalselvi kjem under 14 m3/s kan vi ikkje lengre rafte men vi tilbyr juving som alternativ. Vi mister da ca 50% av førehandsbookinga sidan rafting er meir populært og tapet av nye bookingar er endå større. Vi kan juve heilt ned til 5 m3/s, deretter blir all elvesport kansellert. Vosso, som er den største elva, nyttast til familierafting heile sesongen så lenge der er nok vatn. I førre runde om kraftutbygging i Raundalselvi, blei det etter møter med Voss Energi og BKK klart at ei utbygging av Raundalselvi vil gjere elva uinteressant for kommersiell rafting for oss fordi ho blir farbar berre dei dagane vi likevel kan nytte Strandaelva. Raundalselvi har relativt stor vassføring og er difor særs viktig i tørrare periodar når Strandaelva ikkje har nok vatn. Fast redusering av vassføringa på 50 m3/s gjer altså at sesongen og tal på dagar der vi kan tilby normal rafting på Voss blir bortimot halvert. Vi vil miste ca 90 moglege raftingdagar i eit normalår, enda fleire eit tørt år. Tapet av Raundalselvi som raftingelv vil bli ei særs stor utfordring for selskapet og vil slå beina under sjølve fundamentet for drifta. Vi trur ikkje det er mogleg å drive ei lønsemd bedrift om sesongen blir korta ned eller om produktet blir vesentleg dårlegare. Ekstremsportveko er ein magnet for Voss. Veko har vore tema i fleire forskingsprosjekt som omhandlar m.a. samarbeidet mellom kommunen og Veko og undersøkingar som tek for seg kva ringverknader 16
17 Veko skapar i lokalsamfunnet m.a. NIBR (2012) og Vestlandsforsking (2013). Veko omsette i 2015 for 16,4 mill. kroner (avisa Hordaland ). For dei ansvarlege i Veko er det heilt uaktuelt å svare på spørsmål om kor stor del av denne omsetnaden som er knytt opp mot Vossovassdraget. I Veko-programmet kjem det stadig til nye aktivitetar som byggjer på tidlegare røynsle. Alle aktivitetar er avhengige av kvarandre, fell ein aktivitet bort smuldrar det heile opp. Det er likevel ikkje til å leggje skjul på at ein medverkande årsak til at Veko vart etablert var dei unike mogelegheitene til vassport som låg i Vossovassdraget. Slik sett har vassporten vore med å bære fram Vekosuksessen til det den er i dag. Kva bonuskroner som ligg i den goodwill Veko har skapt for bygda kan ein berre drøyme om, og er ikkje vidare omhandla i denne rapporten. 6.2 Laks Vossovassdraget har lenge vore kjent som eit godt laksevassdrag med mykje stor laks. Basert på historiske tal for oppfiska laks i vassdraget og lokalhistorisk kunnskap om det omfattande sjøfisket ved Stamnes like utanfor elva, er det grunn til å tru at potensialet for oppgang av laks i Vosso årleg kan vere mellom kg og kg om ein får kontroll med dei ulike miljøfaktorane som har ført til den negative utviklinga dei seinaste åra (Hordaland Fylkeskommune, (2004)). Den storvaksne laksen, med sjanse for å fange laks over 20 kg, har gjort elva godt kjent i sportsfiskar- og forskarmiljø over heile verda. Vossolaksen er unik og har vore nytta som stamme til oppdrett og til réetablering i vassdrag der laksen har vore utrydda. Med laksen attende i Vosso kan ein vente stor interesse for fiske i elva i framtida. Det finst utrekningar for kva økonomiske ringverknader ein kan få av sportsfiske i eit godt vassdrag. For enkelte vassdrag i Storbritannia er verdien rekna til kr/kg sportsfiska laks. Norske tal varierar frå kr/kg sportsfiska laks, litt avhengig av kor godt ein greier å utnytte ressursen og kva fiskekortordningar som er etablert. For Namsen i Nord- Trøndelag med om lag kr/kg sportsfiska laks utgjer dette 50 mill. kroner årleg. Overført til Vosso kan ei restituert laksestamme representere verdiar på mill. kroner årleg. Det vil også vere stor grad av internasjonal og nasjonal goodwill å hente om ein får på plass igjen vossolaksen. 17
18 7. VERDIFASTSETJING Det teoretiske grunnlaget for å utleie overføringsfunksjonar frå ein studiestad ( Rasdalen /Geitåni-utbygginga) til ein beslutningsstad (Vossovassdraget/Raundalselva) er drøfta i vedlegg IV. Ser me på tala frå den lokale undersøkinga i kap 5.3 (Navrud 2003) som omhandlar tal frå den lokale Rasdalen/Geitåni-utbygginga ser me at miljøkostnaden pr kwh spriker mykje, frå 5 til 70 øre pr kwh. Dette er relativt små utbyggingar med ein samla energiproduksjon på 42,5 GWh årleg. Det synest vere ein trend at miljøkostnaden pr kwh for store vasskraftprosjekt jamt over er lågare enn den same kostnaden for mindre utbyggingar. Held me oss difor til den lågaste av miljøkostnadene for Rasdalen/Geitåni utbygginga, dvs 5 øre pr kwh i 2002, vil ei framføring til 2015-verdiar verte 8,35 øre pr. kwh (SSB 2003) i Raundalselva (beslutningsstad). Dette er altså betalingsviljen for å behalde eit vassdrag urørt (damage cost). Etter ei samla vurdering er det i dette tilfellet funne å vere grunnlag for å bruke ei justert einingsoverføring der hovudskilnaden er at det er 13 år mellom studien og den noverande utrekninga. Studiestad og beslutningsstad er nær den same. Det er difor vurdert slik at ei justering for å reflektere opplagde skilnader på prisnivå eller inntekt gjev det beste biletet på utviklinga. Denne tilnærminga føreset at viktige parametrar som gjeld kultur, folkesetnad, næringsutvikling og bygda sitt image elles er like ved dei to tidspunkta. Ei anna tidlegare undersøking der den same metoden om betinga verdisetjing i ein hypotetisk merknad vart brukt, var den heller kontroversielle utbygginga av Øvre Otta (1000 GWhplanen) der det vart funne årlege kostnader (damage cost) på 0,6 Eurocent pr. kwh (Hansesveen og Helgås 1997) sitert i (Navrud 2001). Basert på ein omrekningskurs på 1 euro= NOK 7.99 i 1997 gjev dette ein miljøkostnad på 4,8 øre pr kwh i 1997-kroner. Den tilrådde einingsoverføringa til 2015-nivå er forholdet mellom lønsnivå på dei to tidspunkta som i følgje Statistisk Sentralbyrå er 1,91, dvs. lønsnivået i Noreg er 91% høgare i 2015 enn i Dette gjev ein tidskorrigert miljøkostnad på 9,17 øre pr kwh. Synleggjering av naturverdiane i Vossovassdraget og Raundalselva er altså gjort med basis i ei større undersøking som har vore omtala ovanfor og i kap. 5.2, 5,3 og vedlegg II. Studien som den gong vart gjennomført var basert på ei mogeleg kraftutbygging i Rasdalen heilt vest i Voss kommune, og såleis er dette to typiske vestlandsdalføre som ligg i den same kommunen. Delar av dei to dalføra liknar kvarandre, medan Raundalen i deler har ein meir dramatisk natur. Raundalen er eit hovuddalføre mellom aust og vest og har i tillegg til dei same kvalitetane som Rasdalen, eit større potensiale når det gjeld turisme ved at Bergensbanen går gjennom dalføret og er eit viktig element i konseptet «Norway in a Nutshell» og nedre del av rallarvegen går gjennom dalføret. Den periodevis dramatiske naturen gjer sitt til at m.a. desse aktivitetane har stort omfang og opplevingsverdien av attraksjonane grunngjev at ei evt. utbygging vil få store konsekvensar, inngrepa vert større og forsvarar at ei evt. utbygging av dalføret vil ha ein miljøkostnad som er proporsjonal med antal kwh produsert. Middelverdien av studiestadane (Rasdalen/Geitåni og Øvre Otta) er 8,76 øre pr kwh eller tilsvarande ein miljøkostnad på 43,8 mill kroner årleg for ei utbygging på 500 GWh slik det no er planlagt i Raundalen for både alternativ 2 og alternativ 3.Utrekninga er gjort etter dei standardar og normer som galdt i lokalsamfunnet på Voss ved årtusenskiftet. 18
19 Men det har skjedd mykje på Voss etter årtusenskiftet, ikkje minst bygda sitt «image» som staden for ekstremsportmiljøet og for naturbaserte opplevingar for alle. Ekstremsportveko var ved årtusenskiftet i ein heilt annan divisjon, Voss Active AS (tidlegare Voss Rafting AS) var knapt påtenkt og andre etableringar og aktivitetar med naturbasert næring som grunnlag har sidan den gong vakse fram. Ekstremsportveko og Voss Active (inkl. Norway Active) omsette i 2015 for i overkant av 33 mill kroner.(avisa Hordaland ). No er ikkje alt dette direkte knytt til elvesportmiljøet, men for Voss Active sin del hadde verksemda i dag knapt eksistert utan det grunnlaget som aktivitetane i elva gjev. Dette er i følgje dagleg leiar i verksemda som legg til at heile omsetnaden i verksemda kjem bygda til gode. (Frå samtalar ) For Ekstremsportveko sin del er biletet noko meir samansett, men for dagleg leiar er det heilt uaktuelt å knyte deler av omsetnaden opp mot einskilde aktivitetar. Her gjeld alle for alle ein for ein. Ekstremsportveko har bygd opp fleire bein å stå på, men fell noko av grunnlaget bort, smuldrar det heile opp. Og Raundalselva er ein viktig del av deira aktivitet. Også for Ekstremsportveko kjem heile omsetnaden bygda til gode. (Frå samtalar ). Analysar gjort av Transportøkomisk Institutt (Dybedal et al, 2008) viser at av kvar krone omsett på primærmarknaden vert det generert ein ringverknad på 30 øre til det lokale næringslivet. Dei to verksemdene genererar difor verdiar på 33,14 x 1,3 = 43,1 mill kroner årleg til lokalsamfunnet. I tillegg til dette kjem verdien av ei restituert lakseelv som i kapitel 6.2 er verdsett til mill. kroner årleg. Ei bortføring av vassmengdene i Raundalselva til andre dalføre vil i følgje representantar for det lokale Jæger og Fiskarlaget definitivt vere kroken på døra for Vossolaksen. Sidan bortføring av vatn frå hovudvassdraget er noko ulikt for dei to alternativa med kraftproduksjon (alt 2 og alt 3 i Sælthun et al (2016)) er denne verdien ikkje rekna med i den vidare analysen. Det som førebels kan oppsummerast er difor ein miljøkostnad ved kraftutbygging på (43,8+43,1) mill. kroner = 86,9 millionar kroner årleg. Dei to alternativa som inneheldt kraftproduksjon ber altså med seg ein kostnad ved at naturverdiar i Raundalsvassdraget frå Reime og nedover går tapt ved at vatnet som skulle gått i det naturlege elveløpet vert ført gjennom tunellar Dette fører til sterkt redusert vassføring i det naturlege elveløpet, og elveløpet vil i periodar framstå som nær tørrlagt. Vidare kan det argumenterast i mot at heile omsetnaden frå aktiviteten til Voss Active og Ekstremsportveko vert tatt med som ein miljøkostnad ved kraftprosjekta. For Voss Active sin del er heile omsetnaden tatt med fordi denne aktiviteten er kome i gang på grunn av folk som har flytta til Voss på grunn av elva og naturen knytt til den. Og verksemda vert driven av folk med den same bakgrunnen og dei same motiva. Fell driftsgrunnlaget bort flyttar dei truleg, det er ikkje lenger noko her som knyter dei til bygda. For Ekstremsportveko gjeld det sameleis at leiinga ser på aktiviteten som ei eining, fell delar av grunnlaget bort, smuldrar det heile opp. Og det heile begynte med elvesport! 19
20 8. KOSTNADSEFFEKTIVITETSANALYSE Dersom dei ulike alternativa for flaumførebyggjande tiltak som skal samanliknast har like nytteverknader, er det ikkje naudsynt å verdsetje nytten i kroner for å rangere den samfunnsøkonomiske lønsemda av tiltaka. Rangeringa vil uansett berre vere avhengig av kostnadene ved tiltaka. Dette vert som tidlegare nemnt kalla ein kostnadseffektivitetsanalyse. I ein slik analyse vert tiltaka rangert etter kostnader og å finne det tiltaket som vil realisere målet til lågast kostnad. Denne type analyse høver godt til prosjektet «Flaumdempande tiltak i Vossovassdraget» fordi alle alternativa i prinsippet skal løyse oppgåva som går ut på å førebyggje flaum og sikre verdiar langs vassdraget. Det er altså valt ut 4 av alternativa i Multiconsult sin rapport (Sælthun et al. 2016), 2 alternativ med kraftutbygging og 2 alternativ utan: Alt.no. Tiltak 2. Tunell Reime-Granvin og kraftstasjon i Granvin 3. Tunell Reime-Bjørke med kraftstasjon på Bjørke og flaumtunell Bjørke- Granvin 6A Flaumtunellar Lilandsosen-Seimsvatnet og Evangervatnet-Bolstadfjorden 6B Flaumtunellar Lilandsosen-Evangervatnet og Evangervatnet-Bolstadfjorden I presentasjonsmøtet på Voss den kom det fram at dei tiltaka som fører vatnet ut av vassdraget ved Reime ikkje vil hindre at flaumvatnet trengjer inn over Vossevangen og at det difor i tillegg trengs ein låg flaumvoll der. I tillegg vart det stilt spørsmål ved kapasiteten ut av Evangervatnet ved dette alternativet, dersom tunell-løysing ikkje vert valt også her. Tilsvarande spørsmål vart ikkje reist ved alternativet der vatnet vert ført ut av vassdraget ved Bjørke. I begge alternativa med flaumtunnellar nedstraums Vangsvatnet er det rekna som sannsynleg at tunell Evangervatnet Bolstadfjorden er nødvendig. Multiconsult uttrykte usikkerheit om dette fordi data for denne delen av vassdraget ikkje er så gode som for oppstraums Vangsvatnet. I Multiconsult sin rapport vert inntekter ved kraftproduksjon rekna for å vere så usikkert at det ikkje er rekna på, korkje inntekter eller kostnader ved sjølve kraftstasjonen med tilhøyrande anlegg og installasjon. Opplysningar som er innhenta frå konsulentar tyder på at kostnadene med å etablere ein kraftstasjon med tilhøyrande infrastruktur ligg i storleiksorden 2 kroner pr. kwh og at ein kraftstasjon i den storleiken det her er tale om, om lag 500 GWh produksjon på årsbasis, dermed kan estimerast til om lag 1 mrd. kroner. Sidan det både for alternativ 2 og 3 er skissert ein årleg kraftproduksjon på om lag 500GWh vert denne kostnaden lik for alternativ 2 og 3. Det er likevel i dette tilfellet valt å setje kostnaden med å etablere kraftstasjon til 800 mill. kroner både for alternativ 2 og 3. Kostnader alt 2, kapasitet tunell 400 m 3 /s: Tunell Reime-Granvin Kraftstasjon m/infrastruktur Låg flaumvoll Vossevangen 610 mill kroner 800 mill kroner 25 mill kroner 20
21 Tunell Evangerv.-Bolstadfj. SUM 170 mill kroner ( liten, kapasitet 200m 3 /s) mill kroner Kostnader alt 3, kapasitet tunell 400m 3 /s: Tunell Bjørke-Granvin Tunell Reime-Bjørke inkludert kraftstasjon ++ SUM mill kroner mill kroner mill kroner Evt. ekstra kostnader med infrastruktur for overføring av straum er ikkje medrekna for alt 2 og 3. Kostnader alt 6A, kapasitet 400 m 3 /s begge tunellar: Tunell Lilandsosen-Seimsvatnet Tunell Evangervatnet-Bolstadfj. SUM 250 mill kroner 340 mill kroner 590 mill kroner Kostnader alt 6B, kapasitet 400 m 3 /s begge tunellar: Tunell Lilandsosen-Evangervatnet Tunell Evangervatnet-Bolstadfj. SUM 705 mill kroner 340 mill kroner mill kroner Tidsperspektiv. Sett på bakgrunn av at mange av dei store vasskraftkonsesjonane vart gjevne for omlag 100 år sidan, er det kanskje relevant å sjå på tidsperspektivet når desse konsesjonane no står framføre fornying. Endringar skjer utan tvil fortare enn for 100 år sidan, så på den bakgrunn kan det vere ønskjeleg med kortare konsesjonsperiodar. På den andre sida må dei som skal investere ha ein viss langsiktig tryggleik for sine investeringar. Å sjå noko lenger fram i tid enn 80 år er likevel ikkje funne tilrådeleg i denne samanhengen, og dette tidsperspektivet er difor valt når framtidige inntekter og kostnader skal diskonterast til noverdi. Inntektene frå elkraftproduksjon er frå enkelte kjelder tidlegare vurdert til å vere 20 øre pr kwh. Dette estimatet kan synast noko høgt, med den utryggleiken som ligg i framtidige kraftprisar, kan eit like realistisk alternativ vere 10 øre pr. kwh. Her er det valt ei løysing midt på treét, 15 øre pr kwh. ÅRLEGE INNTEKTER OG KOSTNADER Inntekter kraftsal: kwh x 0,15 kroner/kwh = 75,0 mill kroner Noverdi av denne inntektsstraumen i 80 år, diskonteringsrente 4% dei første 40 åra, deretter 3% dei neste 35 åra og 2% dei siste 5 åra i samsvar med Rundskriv R-109/14 (2014) og Direktoratet for økonomistyring (2014). 21
22 Neddiskontert til noverdi utgjer kraftinntektene: kroner. Årlege miljøkostnader som tidlegare utrekna = 86,9 mill. kroner (også her i 80 år). Neddiskontert til noverdi utgjer miljøkostnadene kroner Miljøkostnader kraftinntekter i berekningsperioden: = kroner. Med utgangspunkt i ein årleg kraftproduksjon på 500GWh er kraftinntektene i alt.2 og alt.3 dei same. Miljøkostnadene for dei 2 alternativa er også rekna å vere dei same. SAMLA KOSTNADER ALT 2: Investeringskostnader Miljøkostnader-kraftinntekter. Samla kostnader kroner kroner kroner SAMLA KOSTNADER ALT.3: Investeringskostnader Miljøkostnader-kraftinntekter Samla kostnader SAMLA KOSTNADER ALT 6A: SAMLA KOSTNADER ALT 6B: kroner kroner kroner kroner kroner. Ein samfunnsøkonomisk analyse etter kostnadseffektivitetsmetoden viser difor følgjande resultat: Rangering Alternativ Prosjektbeskriving Samfunnsøkonomisk kostnad (mill. kr.) 1 6A Flaumtunellar Lilandsosen- Seimsvatnet og Evangervatnet-Bolstadfjorden B Flaumtunellar Lilandsosen Evangervatnet og Evangervatnet-Bolstadfjorden Tunell Reime-Granvin og kraftstasjon i Granvin Tunell Reime-Bjørke med kraftstasjon på Bjørke og flaumtunell Bjørke Granvin Tabell: Rangering av alternative løysingar etter samfunnsøkonomisk kostnad. 22
23 9. VURDERINGAR OG KONKLUSJON Det har vore etablert ei oppfatning av at det ikkje er mogeleg med flaumførebyggjande tiltak i Vossovassdraget utan at dei er finansiert gjennom inntekter frå kraftproduksjon. Kraftproduksjon har i mange tilfelle ein regulerande effekt og er truleg mogeleg også i dette vassdraget, men vert å sjå på som ein siste utveg sidan Vossovassdraget er eit verna vassdrag. Andre interessentar har fremja eit motsett syn, at naturverdiane i vassdraget er så store at dei med god margin overstig det som måtte kome av inntekter av kraftproduksjon. Deira argument fell i store trekk saman med grunngjevinga i Verneplan for vassdrag (St.prp. nr. 89 ( )) Utgangspunktet for denne studien har vore å kartleggje og å konkretisere naturverdiar som finst i Vossovassdraget, for betre å synleggjere desse verdiane sett opp mot eventuelle inntekter frå kraftproduksjon. Det vert her bygd på lokale undersøkingar som tidlegare er gjennomført på Voss og i regionen omkring, for å synleggjere folk sin vilje til å betale for å unngå inngrep i naturen ved utbygging av vasskraft. Resultata frå undersøkinga vert knytt opp mot dagens situasjon i Vossovassdraget i samsvar med aksepterte og etablerte metodar. Ein kostnadseffektivitetsanalyse, jfr. kap. 5.1, har vore gjennomført der kostnadene for fire alternative løysingar for flaumregulerande tiltak er valt ut, to alternativ med kraftproduksjon og to alternativ utan. I komitéinnstillinga til energimeldinga (Meld. St. 25 ( )) om flaumsikring i verna vassdrag har fleirtalet i komitéen vist til at det ikkje vert gjeve konsesjon til større kraftprosjekt i verna vassdrag. Komitéen meinar at konsesjonshandsaming for kraftutbygging over 1 MW i verna vassdrag må leggjast fram for Stortinget og kun vurderast i dei tilfelle der andre flaumdenpande tiltak er utprøvd, liv og helse står på spel og verneverdiane ikkje vil påverkast nemneverdig. Resultata frå denne analysen viser at dei to alternativa for flaumregulerande tiltak som ikkje rokkar ved vernestatusen for Vossovassdraget er klart gunstigast sett frå ein samfunnsøkonomisk synsstad. 23
24 10. REFERANSAR 062/1 Vossavassdraget. Venstremarg: Vann, vassdrag og miljø. Verneplan for vassdrag. 062/1 Vossavassdraget. Avisa Hordaland Bakken et al Barton et al Diverse artiklar, m.a. «Ekstremsportveko er blitt millionbutikk», Demonstrating a new framework for the comparison of environmental impacts from small- and large-scale hydropower and wind power projects. Journal of Environmental Management., vol. 140 (2014) David N. Barton, Henrik Lindhjem, NINA. Kristin Magnussen, Sweco Norge and Silje Holen, NIVA. Valuation of Ecosystem services from Nordic Watersheds from awareness rising to policy support? Nordic Council of Ministers. Copenhagen Direktoratet for økonomistyring(2014)veileder i Samfunnsøkonomiske analyser. Direktoratet for Økonomistyring Dybedal et al 2003 Dybedal et al Hansveen, H and Helgås A.G. Hordaland Fylkeskommune (2004) Steinar Johansen, Frode Kann og Petter Dybedal. Regionaløkonomiske virkninger av reiseliv. Utvikling av en analysemodell. NIBR rapport Norsk institutt for by- og regionforskning, Oslo. Eiving Farstad og Petter Dybedal. Økonomiske virkninger av reiseliv på Voss TØI rapport 950/2008. Transportøkonomisk Institutt, Oslo. Estimating Environmental cost of Hydropower Development in Øvre Otta. A Contingent Valuation Study. Agricultural University of Norway Høyringsuttale i samband med etablering av nasjonale lakseelvar. Meld.St.25( ) Melding til Stortinget. Kraft til endring. Energipoltikken mot Det kgl Olje- og Energidepartement. Navrud S. (2003) Miljøkostnadsprosjektet. Trinn 2. Sluttrapport 5. februar 2003, rev. 8. oktober Navrud S. (2001) Environmental cost of hydro compared with other energy options. Hydropower & Dams, Issue Two p. 24
25 NIBR 2012 Festivalkommunar. Samhandling mellom kommunar og festivalar. Guri Mette Vestby, Roar Samuelsen og Ragnhild Skogheim. Norsk institutt for by- og regionforskning. NIBR-rapport 2012:7. NOU 1983:42 NOU 2013:10 Naturfaglige verdier og vassdragsvern. Objekt no 80. Vossovassdraget Naturens goder om verdier av økosystemtjenester. Departementenes servicesenter, Oslo. Rundskriv R-109/14 (2014). Prinsipper og krav ved utarbeidelse av samfunnsøkonomiske analyser mv Det Kgl. Finansdepartement. SSB 2003 Statistisk sentralbyrå, Lønsindeks og St.prp.nr.89 ( ) Stortingsproposisjon nr. 89 ( ).Verneplan III for vassdrag. Objekt no. 80 Vossovassdraget. Vassdrag no 254. Sælthun et al.2016 Nils Roar Sælthun, Kristine Lilleeng Walløe, Randi Olsen, Hilde Johnsborg, Morten Kraabøl, Jon Magnus Amundsen m.fl. Mogelegheitsstudie for flaumdempande tiltak i Vosso og Opo. Multiconsult rapport RiVass-RAP-01. Desember Vestlandsforsking 2013 Verdiskapning frå natubaserte aktiviter. Halvor Dannevig, Eiving Brendehaug og Morten Simonsen. Vestlandsforsking-rapport 10/
26 VEDLEGG I ØKOSYSTEMTENESTER. TOTAL SAMFUNNSØKONOMISK VERDI. Tabell: Verdikategoriar og metodar for økonomisk verdisetjing av økosystemtenester TOTAL SAMFUNNSØKONOMISK VERDI BRUKSVERDI IKKJE-BRUKSVERDI DIREKTE INDIREKTE EKSISTENSVERDI ARVEVERDI Marknadsverdiar Forebyggings- og erstatningskostnader Avdekkande preferansar TCM/HP Uttrykte preferansar CV/CE (etter NOU-2013:10) TCM- Travel Cost Method (Reisekostnadsmetoden) HP- Hedonic pricing (eigedomsprismetoden) CV-Contingent Valuation (Betinga verdisetjing) CE-Choise experiments (Valgeksperimentmetodar) Total samfunnsøkonomisk verdi (engelsk: total economic value - TEV) vert brukt for å beskrive verdien for samfunnet av ei endring i kvaliteten eller mengda av eit miljøgode eller ei økosystemteneste. Omgrepet «total» viser her til eit ønskje om å inkludere fleire typar økonomisk verdi, ikkje berre verdien av den direkte bruken av tenester frå økosystema, men også verdiar knytt til indirekte bruk og ikkje-bruksverdiar. Det dreiar seg altså ikkje om den totale verdien av eit økosystem eller ei økosystemteneste, eller av alle økosystem eller økosystemtenester, noko som er lite meiningsfullt å prøve å anslå verdien av. Ved økonomisk verdsetjing vert det til vanleg prøvd å anslå verdien av ei endring i kvaliteten eller mengda av økosystemtenester som følgjer av eit tiltak, ein politikk etc., og det er også dette som til vanleg vert målt ved total samfunnsøkonomisk verdi. Vidare er det denne type verdianslag som er relevant å bruke i samfunnsøkonomiske analysar. Total samfunnsøkonomisk verdi kan sjåast på som eit konsept eller tilnærming som kan medverke til å auke forståinga om korleis naturen medverkar med verdi til oss menneske på mange ulike måtar. Tiltak, politikk etc. som endrar kvalitet eller mengde økosystemtenester vil omhandle fleire verdikomponentar, og det er summen av desse verdiendringane som til saman utgjer samfunnet sin totale kostnad eller nytte av eit tiltak eller ein politikk. Men det er ikkje sikkert at det er mogleg å rekne ut ein økonomisk verdi for alle dei tilknytte økosystemtenestene og/eller verdikategoriar. Total samfunnsøkonomisk verdi kan då vere eit godt utgangspunkt for ei systematisk vurdering av kva verdiar som skal takast med i eit økonomisk verdianslag og kva som må synleggjerast på andre måtar.(nou 2013:10, s.216) Total samfunnsøkonomisk verdi er samansett av bruks- og ikkje-bruksverdiar, som begge har fleire undergrupper og verdikomponentar. 26
27 VEDLEGG II CV-METODEN BRUKT PÅ RASDAL/GEITÅNI-UTBYGGINGA 1 CV-scenario I det følgjande er det gitt ei beskriving av CV (Contingent Valuation eller uttrykte preferansar) metoden brukt på miljøeffektar av vasskraftutbygging. CV-metoden er ei intervjuundersøking av eit tilfeldig, representativt utval av dei interessegruppene som er berørt (dvs. folkesetnaden i dei kommunane det gjeld, folkesetnaden i resten av fylket og hytteeigarar.) Sentralt i CV-metoden står ei scenario-beskriving som er samansett av følgjande steg. 1. Beskriv mengde/kvalitet av miljøgoder med og utan prosjektet. Dette er ein fagleg korrekt samanstilling av effektane av den planlagde utbygginga (inklusive avbøtande tiltak) ut frå Konsekvensutgreiinga (KU), som samstundes er forståeleg for folk flest. Denne beskrivinga må utarbeidast i samarbeid med fagfolk involvert i KU, og testast på folkesetnaden, utbyggjar og lokale miljøstyresmakter og -organisasjonar. Effektane kan illustrerast med: - Kart som framhevar lokalisering og talet på ulike typar miljøeffektar (dvs. fokuserer på verknadene (dvs. ei revidering av «utbyggingskartet», som framhevar tekniske aspekt slik som tunellar, bekkeinntak og kraftstasjonar)). - Verknadstabell som beskriv effektane på naturvern, kulturminne og friluftsliv/fiske/jakt - Bilete, som viser dagens situasjon, utan utbygging, og simulerte «med-utbygging»- bilete som viser ulike venta effektar av utbygginga, for eksempel, redusert vassføring i elvar og fossar, landskap med og utan steintippar og korleis dei ser ut når dei gror til (dvs. vise effektar over tid). 2. Beskriv prosjektet, her: utbyggingsplan med dei effektane som er beskrivne (dvs. endringar i gjeldande miljøgoder). 3. Beskriv ein realistisk og rettferdig betalingsmåte For eksempel ei ekstra avgift på hushaldet si straumrekning (som kan gå til å dekkje meirkostnadene ved å utvikle alternative og meir kostbare energikjelder eller enøktiltak dersom ein ikkje byggjer ut eitt eller fleir av delfelta i utbygginga) 4. Betalingsvilje (BV) spørsmålet Dette spørsmålet kan stillast på to ulike måtar: 1) Ope BV-spørsmål: - Kva er det meste ditt hushald er viljug til å betale pr. år. som ei ekstra avgift på straumrekninga for å unngå utbygginga og dei beskrivne miljøeffektane 2) Lukka BV-spørsmål: - Dersom alle hushald i Hordaland måtte betale ei ekstra avgift på straumrekninga lik kr. XX pr. hushald pr. år for å unngå utbygginga og dei beskrivne miljøeffektane. Ville ditt hushald då vere for eller imot utbyggingsplanen? (Beløpet XX vil variere noko frå hushald til hushald (for eksempel vert nokon 27
28 spurt om 100 kroner, nokon om 500 kroner, nokon om 1000 kroner osv.) for å kunne dokumentere kor stor prosentdel av hushalda som svara ja til å betale ved ulik storleik på beløpet. Med statistiske metodar kan ein så ut frå deira svar rekne ut middels betalingsvilje pr hushald pr. år). Det er her valt opne BV-spørsmål for å sikre best mogeleg samsvar med dei to tidlegare CVundersøkingane av effektar av vasskraftutbygging i Noreg; Sauda (Navrud 1993) og Øvre Otta (Hansveen og Helgås 1997). Opne spørsmål gjer det dessutan mogeleg å få eit anslag for respondentane sin maksimale BV for å unngå effektar for kvar av delfelta (ved at dei fordeler sin oppgjevne BV for delfelta samla for dei fire delfelta). Respondentane vert minna om budsjettrestriksjonane sine (dvs. netto disponibel inntekt), gjennom utsagnet: «Når du svarar, tenk på kvar du vil ta pengane frå, og at du må bruke mindre pengar på andre ting.» I denne CV-undersøkinga vart respondentane først spurt om dei ville byggje ut eller bevare kvart av dei fire delfelta i utbygginga. Deretter vart alle (uansett om dei ville byggje ut eitt eller fleire delfelt eller ikkje) spurt om hushaldet sin betalingsvilje (BV) for å unngå effektane av heile denne utbygginga. Deretter vart dei som gav opp null BV spurt om årsaka til dette, for å kunne identifisere fordelinga mellom sokalla «réelle nullsvar» og «protest nullsvar» (som har réell BV større enn null, men protesterar mot eitt eller fleire aspekt av BVspørsmålet og gjev opp null BV» Dei som gav opp BV større enn null vart spurt om kor sikkert det var at dei faktisk ville betale beløpet dei gav opp (slik at ein i tillegg til den oppgjevne BV kunne rekne ut ein BV med eit spesifisert (høgt) sikkerheitsnivå. Til slutt vart dei bedt om å fordele BVèn sin for å unngå effektane av heile utbygginga på kvart av dei fire delfelta. 2 Oppbygging av spørjeskjemaet. Spørjeskjemaet vil i så stor grad det er mogeleg/forsvarleg ha den same oppbygginga som tidlegare CV-undersøkingar i Sauda og Øvre Otta ( for å lette samanlikninga med resultata frå desse studiane), vere ein høg-kvalitetsstudie som følgjer gjeldande retningsliner for CVstudiar (jfr. NOAA-panelet sine retningsliner for CV-studiar, NOAA 1993, og seinare forsking på metoden). Spørjeskjemaet har følgjande 6 hovuddelar: i) Setje temaet for spørjeundersøkinga inn i ein større samanheng for å unngå overfokusering på effektar av denne spesielle vasskraftutbygginga, ved at respondenten vert bedt om å tenkje over kva fellesgoder dei ville bruke meir eller mindre pengar på og kor viktige dei ulike samfunnsspørsmål var. ii) Kartleggje respondenten sin kunnskap og haldning til ulike energikjelder, samt kunnskap og haldningar til Rasdal/Geitåni-utbygginga, og utbygging av det som er att av uutbygd vasskraft i Noreg og Hordaland. 28
29 iii) CV-scenario (prosjekt, effektar, haldning til utbygging av kvart av dei fire delfelta, betalingsmåte, BV-spørsmåla); sjå kapitel 1 ovanfor (framvising av eit kart som viser effektane, 17 bilete og ein verknadstabell (som beskriv verknadene på naturvern, kulturminne og friluftsliv/jakt/fiske i kvart delfelt.)) iv) Respondentane si vudering av CV-scenario v) Respondenten sin bruk av området til friluftsliv, haldning til miljøvern, kor ofte sett naturprogram, kven dei trur står bak undersøkinga, og sosio-økonomiske variable (dvs. alder, born over 18 år i hushaldet, utdanning, kor lenge budd i kommunen, kjønn, personleg og hushaldsinntekt. vi) Intervjuaren si vurdering av respondenten sin innsats (inkl. registrering av utval), samt registreringsdata (tid, og lengde på intervju, intervjunr.) 1. Gjennomføring av undersøkinga, definisjon av folkesetnaden det gjeld og kor representative utvala er Spørjeskjemaet vart pilottesta ved å intervjue eit tilfeldig utval på 30 respondentar i Bergen og Voss/Vaksdal i mars/april Spørjeskjemaet, verknadstabell og biletmaterialet vart noko revidert etter møtet med intervjuarane, og møtet med miljørådgjevarane i Voss og Vaksdal, representantar frå vernegrupper, grunneigarar og protestaksjonen mot utbygging.10. april. Kart, verknadstabell og biletmateriale vart også godkjent av utbyggjar (BKK). Dette betyr at beskrivinga av effektane av den planlagde utbygginga var godkjend på førehand av alle interessegrupper (utbyggjar, kommunane(v/miljøvernrådgjevarar), grunneigarar/hytteeigarar samt miljø- og protestaksjonar). Dette er noko ein bør prøve å få til ifølgje retningslinene for CV (NOAA 1993), men som i praksis er vanskeleg å oppnå. Ei slik samla forståing av effektane gjer resultata meir pålitelege. Når ein skal rekne ut miljøkostnadene må ein først identifiserer folkesetnaden det gjeld, dvs. folkesetnaden som vil kunne få si velferd (livskvalitet) redusert ved utbygginga. Utvalet som vert intervjua vert trekt i frå denne folkesetnaden det gjeld, og middels betalingsvilje pr. hushald i utvalet vert multiplisert med antal hushald det gjeld for å rekne ut samla miljøkostnad. Sidan denne utbygginga utgjer ein liten del av det som er att av utbyggbart potensiale i Hordaland, vil ikkje folkesetnaden «det gjeld» omfatte alle hushald i Hordaland (Dette i motsetnad til tilsvarande CV-undersøkingar av Sauda- og Øvre Otta-utbygginga, der prosjekta var store og utgjorde ein stor del av det som var att av utbyggbart vasskraftpotensiale i høvesvis Rogaland og Oppland fylke, og at det dermed var naturleg å rekne med at folkesetnaden også utanom kommunen der utbygging fann stad også fekk sin velferd/livskvalitet påverka.) For Rasdal/Geitåni-utbygginga vil dei husstandar som er sterkast berørt vere hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen og hushalda i dei to kommunane der dei fire delfelta ligg, dvs. Voss og Vaksdal kommunar. Det kan sjølvsagt tenkjast at også nokon hushald i dei resterande kommunane i Hordaland kan få si velferd påverka, og dermed har betalingsvilje for å unngå utbygginga. Ved at desse hushalda vert halde utanfor vil miljøkostnadsestimatet såleis kunne vere eit nedre anslag på miljøkostnadene. Ved å ta dei med i utvalet er risikoen stor for at miljkostnadene ver overestimert., då desse hushalda lett 29
30 kan overfokusere på denne eine utbygginga, og «gløymer» at det også er fleire andre utbyggingsprosjekt av same storleik i fylket (som dei synest er like viktige eller viktigare å unngå). Sjølv om hushalda i Hordaland fylke utanom Voss og Vaksdal kommunar vil kunne ha lågare betalingsvilje pr. hushald (då dei ikkje er så direkte påverka som hushalda i Voss/Vaksdal og hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen), vil dei sterkt kunne påverke samla betalingsvilje/miljøkostnad. Denne er jo rekna ut som betalingsvilje pr. hushald multiplisert med talet på husstandar det gjeld., og talet på hushald aukar drastisk om ein tek med alle kommunar i Hordaland. I denne undersøkinga er difor «folkesetnaden det gjeld» definert som hushalda i Voss/Vaksdal og hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen, og dette vil verte lagt til grunn ved utrekning av samla miljøkostnad. Me vil likevel gjerne også teste hypotesen om at betalingsviljen vert redusert med avstand frå miljøeffekten, sokalla «distance decay» effekt på betalingsviljen. Eit representativt utval av hushald frå kommunar i Hordaland utanom Voss/Vaksdal(i det vidare kalla «Rest Hordaland») er difor også undersøkt. Hovudundersøkinga vart gjennomført i mai 2002, og Tabell 1 viser samansetjinga av utvalet. Voss/Vaksdal og Hordaland-utvala vart intervjua personleg i heimen, medan utvalet av hytteeigarar per telefon (CATI; Computer Assisted Telephone Interview), då dei kom frå ulike delar av landet. Gjennomgåande er utvalsprosenten akseptabel, spesielt for hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen (for denne gruppa var stor utvalsprosent nødvendig for å få eit utval av nokolunde storleik for dei statistiske utrekningane). Skjema frå pilotundersøkinga er ikkje tatt med i datamaterialet for hovudundersøkinga på grunn av dei opprettingane som vart gjort etter pilottesten. Resultatet for utvalet samla er eit vegt gjennomsnitt, der kvart delutval er vekta med talet på sine observasjonar. Middels intervjutid var 35 minutt. Tabell 1 Storleiken på delutvala. Totalt utval er n=360 husstandar Tilfeldig utval av ein person (over 15 år) per hushald, som representerar hushaldet Delutval Voss/Vaksdal Hushald i Voss og Vaksdal kommunar Rest Hordaland Hushald i andre kommunar i Hordaland Hytteeigarar/Grunneigarar Talet på hushald Populasjonen (N) Talet på hushald Utvalet (n) , ,9 Utvalsprosent (%) i Rasdalen Merknad: det er antatt 2.22 personar per hushald på Voss og i Vaksdal, dvs. det same som i Hordaland generelt. Folketal pr frå Statistisk Sentralbyrå: Hordaland totalt: personar ( derav over 15 år). Av desse har Voss (derav over 15 år) og Vaksdal (derav over 15 år). Dette betyr at delutvalet «Rest Hordaland» har ein populasjon på (derav over 15 år). 30
31 Kor representativt utvalet er, kan testast for Voss/Vaksdal- og Hordalands-utvala ved å samanlikne med SSB sin tilgjengelege statistikk over alder, utdanning og kjønn. Sidan utvalet omfattar personar over 15 år, er populasjonen alle personar i delutvalet over 15 år. I det vidare vert det presentert 23 tabellar som samanstiller svara frå spørjeundersøkinga. Heile undersøkinga kan lesast i (Navrud, S. 2003). Det er likevel tatt med eit utdrag frå den siste tabellen her Tabell 23 (Utdrag) Årleg miljøkostnad for den folkesetnaden det gjeld( dvs. hushald i Voss og Vaksdal kommunar og hytteeigarar/grunneigarar i Rasdalen) samla (kroner) og per kwh (øre /kwh) for kvart av dei fire delfelta. Delfelt Årleg miljøkostnad (for den omhandla folkesetnaden») i 2002 kroner Årleg middelproduksjon GWh/år Miljøkostnad øre pr. kwh i 2002 kr Rasdalselva ,0 8 Geitåni ,0 5 Skårdalselva ,8 29 Fossegjelet ,
32 VEDLEGG III INNSPEL OM FLOMVERN I VOSS KOMMUNE Omfanget av bruken av Raundalselva og samspelet med dei andre elvane i Vossovassdraget er best framstilt i følgjande innspel frå Frode Solbakk, dagleg leiar i Voss Active: Innspel om flomvern i Voss Kommune Eg vil poengtere at fylgjande innspel er tufta på reint forretningsmessige og objektive vurderingar knytt til drifta til Voss Active AS. Eigarane og leiinga har meir prinsipielle og dyptgåande oppfatningar av spørsmålet omkring flomvern, kraftverk og vern av vassdrag og natur - det er ikkje omhandla her. Omgrep og definisjonar: Rafting: padling i elv med flåtar som tek 6-7 gjestar kvar, opptil 14 båtar 2 gongar om dagen. Er i elva ca 2,5 timar pr tur. Vanskegrad 3-4+, aldersgruppe 15+. Raftar i Strandaelva i området Kroken-Humlebrekke-Taulen- Åsbrekke-Tvinne-Grotland. Vassføring m3/s ref målestasjon Myrkdalsvatnet. Ideell vassføring m3/s. Raftar i Raundalselvi i hovudsak i området Skiple-Øyaflaten, men strekkjet ned til Meringen er også eit ynskje men i dag ikkje mogleg pga manglande løyve på tilkomst. Vassføring m3/s ref målestasjon Kinne. Ideell vassføring m3/s. Familierafting: padling i elv med flåtar som tek inntil 8 gjestar kombinert med små oppblåsbare kanoar som tek 2 personar. Turfølge inntil 70 gjestar pr tur 2 gongar om dagen. Er i elva ca 1,5 timar pr tur. Vanskegrad 2, aldersgruppe 5+. Raftar i området Geitle-Evanger. Vassføring over 20 m3/s ingen øvre grense, ideell vassføring 40 m3/s- 200 m3/s. Kan også nytte området Bjørke-Palmafossen i Raundalselvi på vassføring m3/s om Vosso skulle vere stengt pga vegarbeid eller anna arbeid som involverer elva. Juving: vandring/symjing i elva når det ikkje er nok vatn til rafting. Aldersgruppe 15+. Juving skjer Raundalselvi i området ovanfor Bjørke mot Selheim. Vassføring 5-14 m3/s Vasstand under ideell vassføring gir dårlegare produkt, og når det nærmar seg nedre grense byrjar det å bli direkte vanskeleg å kome seg ned pga av grunner og steinar. Vi opplever kvart år at vasstanden kjem under nedre grense og turar blir kansellerte. Det har aldri skjedd kanselleringar pga høg vassføring. Voss Active AS er Vestlandets største aktivitetsbedrift og eit av Noregs aller største raftingselskap med omsetnad på 12,5 mill og 15 årsverk. Søsterselskapet Norway Active AS har omsetnad på 5 mill og er gjensidig avhengig av det andre selskapet. Voss Active AS har ei rekkje ulike aktivitetar for turistar, vennegjengar og bedrifter, men rafting/elvesport er sjølve kjernen i vårt virke. Raftingsesongen er ca 6 månadar frå mai til november og skjer i Strandaelva og Raundalselvi. Dei snillare familieturane går i Vosso. Til saman har vi ca gjestar i elvane pr sesong og vi er avhengig av alle tre elvene. Strandaelva og Raundalselvi utfyller kvarandre på ein fin måte der vi raftar i den fyrstnemnde når vassføringa er stor og flyttar turane til Raundalselvi når vassmengda i Strandaelva blir for låg, vanlegvis i juli/august. Dersom vassføringa i Raundalselvi kjem under 14 m3/s kan vi 32
33 ikkje lengre rafte men vi tilbyr juving som alternativ. Vi mister da ca 50% av førehandsbookinga sidan rafting er meir populært. Vi kan juve heilt ned til 5 m3/s, deretter blir all elvesport kansellert. Vosso, som er den største elva, nyttast til familierafting heile sesongen så lenge der er nok vatn. I førre runde om kraftutbygging i Raundalselvi, blei det etter møter med Voss Energi og BKK klart at ei utbygging av Raundalselvi vil gjere elva uinteressant for kommersiell rafting for oss fordi ho blir farbar berre dei dagane vi likevel kan nytte Strandaelva. Raundalselvi har relativt stor vassføring og er difor særs viktig i tørrare periodar når Strandaelva ikkje har nok vatn. Fast redusering av vassføringa på 50 m3/s gjer altså at sesongen og tal på dagar der vi kan tilby normal rafting på Voss blir bortimot halvert. Vi vil miste ca 90 moglege raftingdagar i eit normalår, enda fleire eit tørt år. Tapet av Raundalselvi som raftingelv vil bli ei særs stor utfordring for selskapet og vil slå beina under sjølve fundamentet for drifta. Vi trur ikkje det er mogleg å drive ei lønsemd bedrift om sesongen blir korta ned eller om produktet blir vesentleg dårlegare. Moglegheiter ved regulering og overføring av vatn: Dersom det blir bygd elvekraftverk i Raundalselvi/Strandaelva eller overføring av vatn, er det i teorien berre utslepp av vatn i elva 2 gongar kvar dag som kan oppretthalde vår bruk av elva. Dersom det blir bygd magasin kan ein i teorien lage betre forhold for oss enn dagens situasjon, da man kan sleppe ut vatn i elva når det er særs låg vassføring. Slik kunne sesongen bli lengre og meir føreseieleg. Vi må poengtere at desse moglegheitene ikkje er eit ynskje frå Voss Active AS. Dessutan blir slike teoretiske løysingar fort lite reelle sett opp mot eventuell kraftproduksjon som ein mister. Ta gjerne kontakt om det er noko de lurer på! Frode Solbakk Dagleg leiar [email protected] mob:
34 VEDLEGG IV OVERFØRINGSFUNKSJONAR Auka bruk av økonomiske analysar i avgjerdsprosessar som gjeld natur og miljø har ført til ein auke i etterspurnaden etter verdianslag for endringar i økosystem og økosystemtenester. Det er både tidkrevjande og kostbart å gjennomføre verdisetjingsstudiar. For å gjere avgjerdsprosessar som nyttar seg av denne type data meir kostnadseffektive er det difor utvikla metodar for å overføre verdianslag (benefit eller value transfer) frå studiar som har vore gjennomført ein stad (studiestad) til andre stader der det er ønskjeleg med eit verdianslag (beslutningsstad) (NOU 2013:10 s.223, Navrud 2004, Barton et al 2012). Det er to hovuddtypar av teknikkar for overføring av verdianslag som kvar har to underkategoriar (Navrud 2004): 1. Einingsoverføring (unit value transfer) som inkluderer (i) enkel einingsoverføring og (ii) justert einingsoverføring 2. Funksjonsoverføring ( function transfer) som inkluderer (i) overføring av funksjonen for betalingsvilje (benefit function transfer) og (ii) metaanalyse (meta-analysis) Enkel einingsoverføring er den enklaste forma for overføring og tyder at verdianslag for gjennomsnittleg betalingsvilje for ei økosystemteneste vert overført frå ein opphaveleg studiestad til ein annan beslutningsstad. Justert einingsoverføring tyder at verdianslaga vert justert for å reflektere opplagde skilnader mellom studiestad og beslutningsstad. Det vert til vanleg justert for skilnader i inntekter og/eller prisnivå. Denne type justeringar vil likevel ikkje ta høgde for skilnader i preferansar, opphaveleg miljøkvalitet eller kulturelle og institusjonelle tilhøve mellom land (Navrud 2004). Overføring av funksjonar for betalingsvilje tyder at det vert brukt ein funksjon for betalingsvilje frå ein studiestad til å anslå verdiar av økosystemtenester på ein anna beslutningsstad. Variablar i funksjonen som kan vere med på å forklare skilnaden kan for eksempel vere kunnskap om økosystemtenesta, inntekt og utdanning mellom dei som tek del i undersøkinga. For at overføring av funksjonar for betalingsvilje skal gje verdianslag som kan nyttast på beslutningsstaden, må variablane som forklarar skilnaden og endringane i økosystemtenester kunna samanliknast mellom studiestaden og beslutningsstaden. Og deltakarane i undersøkinga sine preferansar må vere like på dei to stadane. Det bør difor leggjast vekt på å finne ein studiestad som størst mogeleg grad liknar på beslutningsstaden. Det kan ofte by på problem. I staden for å overføre funksjonen for betalingsvilje frå ein einskild verdsetjingsstudie, kan resultatet frå fleire verdsetjingsstudiar kombinerast i ein meta-analyse for å rekne ut ein felles funksjon for betalingsvilje. Dette gjer det mogleg å analysere korleis betalingsviljen for ei økosystemteneste varierer med ulike eigenskapar ved tenesta, særdraga ved folkesetnaden eller med den metoden som har vore nytta ved verdsetjinga. Ei viktig avgrensing ved metaanalysar er at det trengs relativt mange gjennomførde studiar for å kunne køyre ein regresjonsanalyse. For mange økosystemtenester finst ikkje desse studiane. Funksjonsoverføring verkar i mange tilfelle å vere meir tiltalande enn berre å overføre einingsanslag fordi det er tatt omsyn til meir informasjon i overføringa (Navrud 2004). Det er likevel ikkje alltid at dette gjev det beste verdianslaget. Bateman mfl. (2011) gjennomførde fleire studiar med same design på fleire, både relativt like og relativt ulike stader. Dei konkluderte med enkel einingsoverføring gjev meir pålitelege resultat når verdiar knytt til 34
35 relativt like endringar i same gode vert overført innanfor same kontekst. Dersom nokon av desse parametrane ikkje er særleg like vil funksjonsoverføring gje meir pålitelege verdianslag. Det er difor eit passande spørsmål i kva tilfelle det er relativt like situasjonar. 35
VERDISETJING AV NATURGODER I VOSSOVASSDRAGET
VERDISETJING AV NATURGODER I VOSSOVASSDRAGET Kåre Flatlandsmo Oversikt over vassdraget oppstraums- og nedstraums Vossevangen VOSSOVASSDRAGET ER EIT VARIG VERNA VASSDRAG. Korleis har denne situasjonen oppstått
Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant
Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant Av Anders Stub og Ottar Haugen Anders Stub og Ottar Haugen er begge prosjektleiarar og rådgjevarar på Landbruks avdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland.
FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen
Korleis sikra berekraftig flaumsikring på Voss? Synnøve Kvamme Leiar av Naturvernforbundet Hordaland
Korleis sikra berekraftig flaumsikring på Voss? Synnøve Kvamme Leiar av Naturvernforbundet Hordaland Eit tilbakeblikk: Kva er bakgrunnen for dagens situasjon? Busetnad for tett inntil vassdrag og elvedelta
NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE
NVE, Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Dykkar dato: 12.01.2015. Vår dato: 18/4.2015 FLEIRE SØKJARAR- SØKNADER OM LØYVE TIL Å BYGGJE 7 SMÅKRAFTVERK I AURLAND,VIK, HØYANGER OG BALESTRAND KOMMUNAR Merknad
Oppgradering av 300 kv-kraftledning Mauranger Samnanger
Oppgradering av 300 kv-kraftledning Mauranger Samnanger 1 Mauranger Samnanger Dette er ein kortversjon av Statnett si melding til styresmaktene om planane for fornying av den eksisterande kraftleidningen
Beskrivelse av Vossavassdraget
VEDLEGG A Beskrivelse av Vossavassdraget OPPDRAGSGIVER NVE OPPDRAG Mulighetsstudie for flomdempende tiltak i Vossavassdraget DATO / REVISJON: 5. desember 2016 / 0 1.1 Viktige punkt i vassdraget Kartet
2014/
Notat Til: Frå: Hovudarbeidsmiljøutvalet Administrasjonsutvalet Fylkesdirektør organisasjon Referanse 2014/12154-1 17.02.2014 Dato Sjukefråvær i Hordaland fylkeskommune 2013 Samandrag Samla sjukefråvær
3)Q. Ti1N V E Pb.5091 Maj Oslo. Dyk. ref. Inger Staubo
3)Q Ti1N V E Pb.5091 Maj 0301 Oslo Dyk. ref. Inger Staubo Vedlagde høyringsuttale vedk. Øyane Kraftverk og Illvatnet pumpekraftverk vart forlagt men høyrer og til fråsegn av 29.oktober d.å sendt frå advokat
Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.
Førde, 24.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014
// Notat 1 // tapte årsverk i 2013
// Notat 1 // 214 656 tapte årsverk i 213 656 tapte årsverk i 213 Av Jorunn Furuberg og Ola Thune Samandrag I 213 gjekk 656 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte
FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 2. september 2013 NVE FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs mesteparten av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Vi har ei klart anna oppfatning
Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk
NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo 26.06.2019 Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk Grøvla Kraft AS ønskjer å auke slukeevna ved eksisterande anlegg elva Grøvla i Førde kommune
Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins
Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN TF-notat nr. 1/2018 Tittel: Innbyggarhøyring
Kraftverk i Valldalen
Småkraft AS er et produksjonsselskap som vart etablert i 2002. Fem selskap i Statkraftalliansen eig Småkraft: Skagerak Energi, Trondheim Energiverk, Agder Energi, BKK og Statkraft. Målet til Småkraft er
FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 3. september 2013 NVE FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått ein mindre bit av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Sjølv om vi ikkje gikk så
KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG
KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,
LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane
LOV 2012-06-22 nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane DATO: LOV-2012-06-22-44 DEPARTEMENT: FIN (Finansdepartementet) PUBLISERT: I 2012 hefte 8 IKRAFTTREDELSE:
Tilleggsoverføring til Evanger kraftverk og utbygging av Tverrelva og Muggåselva
Tilleggsoverføring til Evanger kraftverk og utbygging av Tverrelva og Muggåselva Utbyggingsplan og framlegg til konsekvensutgreiingsprogram Folkemøte Voss kulturhus, 20. januar 2011 Ingvill Stenseth, prosjektleiar
Høyringsuttale flaumsikring Vossavassdraget
Til Voss Kommune Postboks 145 5701 Voss Høyringsuttale flaumsikring Vossavassdraget Voss Utferdslag har nedfelt i sine vedtekter at laget skal arbeida for å verna om naturen slik at komande generasjonar
Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2013 var 492 (snittvekt 5,1 kg). I 2013 vart det fanga 977 laks (snittvekt 5 kg), eit av dei aller beste resultata
BREMANGER KOMMUNE Sakspapir
BREMANGER KOMMUNE Sakspapir Styre, råd, utval Behandlingsdato Saksnr. Sakshands. Formannskapet 27.08.2015 069/15 IH Avgjerd av: Saksansv.: Inger Hilde Arkiv: K2-S11, K3-&13 Arkivsaknr.: 15/1236 Sigdestad
Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune
29.05.2016 Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune RØYRVIK KRAFT SUS NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo Dykkar ref.:
Produksjon og ringverknader i reiselivsnæringane
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Analyse, utgreiing og dokumentasjon NOTAT Til: Arbeidslag for reiseliv Dato: 14. august 2008 Frå: Analyse, utgreiing og dokumentasjon Arkivsak: 200705160-4/RSTR Produksjon og ringverknader
Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre
Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre JONE Avgjerd av: Saksh.: Jon Nedkvitne Arkiv: Objekt: N-101.1 Arkivsaknr 2004002075 Fylkesplanen for
Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting
Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: [email protected] Tlf: 57 65 62 45 Vår ref. Sak nr.: 11/5776-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 34646/11
Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder
Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder Fylkesmannen i Aust-Agder, landbruksavdelinga. Kjelde: Statistisk Sentralbyrå. Arbeidsinnsats og årsverk: Jordbruksteljinga 1999 og Landbruksteljinga 2010. Jordbruksareal:
Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet
DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis
STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2017 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017 ARKIVSAK: 2017/1175 STYRESAK: 130/17 STYREMØTE: 14.12. 2017
Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden
Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden Kraftverk eksisterande, planar og potensial Biologisk mangfald Sårbart høgfjell Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk
Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2
FANGST OG SKJELPRØVAR I SOKNA Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1995-2016 var 775 laks (snittvekt 2,4 kg) og 240 sjøaurar (snittvekt 0,9 kg). I 2016 vart det fanga 918 laks og 134 sjøaure, begge delar
Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.
Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/382-16 Asbjørn Skår Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Formannskapet Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.
EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv
EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv Arve Tokvam, Aurland Prosjektteneste AS Tradisjonsnæringar som verkemiddel for å skape meir attraktive lokalsamfunn! Tradisjonsnæringar?
Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -
Framandspråk i ungdomsskulen: Er fransk i fare? Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa Notat 1/2014 1 Utdanningsdirektoratet har publisert elevtal frå ungdomsskulen for skuleåret 2013 2014, sjå
DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 14.03.2018 SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF ARKIVSAK: 2017/4386 STYRESAK: 020/2018
Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten
01.01.2017 Setesdal regionråd Kartlegging Offentleg innkjøp Eli Beate Tveiten Forord Innholdfortegnelse Innhold Innleiing... 2 Avgrensingar... 3 Setesdal:... 4 2016:... 4 Historikk - 2015:... 6 Historikk
Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.
KU Geithei Naturmangfaldlova tredde i kraft 1. juli 2009. Sentrale prinsipp i lova skal leggast til grunn ved utøving av mynde etter naturmangfaldlova og annan lov, slik som lov om motorferdsel i utmark
St.meld. nr. 9 ( )
St.meld. nr. 9 (2000-2001) Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark Tilråding frå Olje- og energidepartementet av 27. oktober 2000, godkjend i statsråd same dagen Kapittel 1 St.meld. nr. 9 2 1 Bakgrunn
Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring
// Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval
Elevtalsframskriving
Vaksdal kommune Elevtalsframskriving - Justert framskriving med utgangspunkt i SSB sitt hovudalternativ (MMMM) frå Dato: Oppdragsgjevar: Vaksdal kommune Oppdragsgjevars kontaktperson: Magne Eikeland Rådgjevar
Vindkraft i Noreg. Næringsinteresser, fagrørsla, politikarar. Lønsamt for kven?
Vindkraft i Noreg Lønsamt for kven? Klaus Mohn, Professor Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger http://www.uis.no/mohn Twitter: @Mohnitor Presentasjon for Den Norske Turistforening og Naturvernforbundet
Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0
Samandrag Norconsult har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune vurdert dagens modell for organisering av vidaregåande opplæring, og utarbeida framlegg av tre anbefalte modellar for framtidig organisering.
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017
Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over
Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel
Kommuneplan for Radøy delrevisjon 2018 konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel Bustader spreidd Område: Areal: Heile kommunen Opp til 5 Da Eksisterande planstatus: LNF Planlagt ny arealbruk:
E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing
Statens vegvesen NOTAT E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing Fagtema - Støy Dato: Juni 2016 Innhald Støy-KU E39 Stord-Os... 2 Prissett konsekvens... 7 Støy ved realisering av prosjektet...
FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201101622-5 Arkivnr. 146 Saksh. Imset, Øystein Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 19.05.2011 FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011 SAMANDRAG
Risiko- og sårbarheitsvurderingar
Risiko- og sårbarheitsvurderingar Hensikta med risiko- og sårbarheitsanalysar er å utarbeide eit grunnlag for planleggingsarbeidet slik at beredskapsmessige omsyn kan integrerast i den ordinære planlegginga,
Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2012 var 206 (snittvekt 0,9 kg). Etter eit par år med bra fangstar var det kraftig reduksjon i 2012 og 2013, då det berre vart
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG
Innbyggjarundersøking Kommunereforma
Innbyggjarundersøking Kommunereforma Undersøkinga er gjennomført for kommunane Fjell, Øygarden og Sund Gjennomført april-mai 6 Overlevert. mai 6 Kort om undersøkinga Prosjektbeskrivelse Bakgrunn og mål:
12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen
12/11 NOTAT Hallgerd Conradi og Kåre Heggen dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstudiet 11 Forord Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i barnevernspedagogikk
Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2014 var 201 (snittvekt 0,9 kg). Det har vore ein avtakande tendens sidan årtusenskiftet, med unntak av bra fangstar i 2010
NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201208607-8 Arkivnr. 025 Saksh. Jon Rune Smørdal Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 25.09.2013-26.09.2013 15.10.2013-16.10.2013 NY PENSJONSORDNING
Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule
Utviklingsplan 2016-2017 Skule: Vigrestad storskule Status læringsresultat og læringsmiljø. Utgangspunktet for analysen er dei nasjonale og Jærskulen sine mål; Alle elever skal mestre grunnleggende ferdigheter
// Notat 2 // tapte årsverk i 2016
// Notat 2 // 2017 687 000 tapte årsverk i 2016 NAV August 2017 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: [email protected]
S1-eksamen hausten 2017
S1-eksamen hausten 017 Tid: timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillatne. Oppgåve 1 (6 poeng) Løys likningane a) x x 80, a 1, b, c 8 b b 4ac 4 1 ( 8) 4 6
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018
Rapport om målbruk i offentleg teneste 18 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over
Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.05.2015 35299/2015 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ung i Møre og Romsdal - rapport Bakgrunn Som eit ledd i UNG-programmet
SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komité for kultur, miljø og /15
GISKE KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komité for kultur, miljø og 23.04.2015 036/15 tekniske saker Saksbehandler Arkiv Arkivsaknr Bjarte Friis Friisvold K2 - L12, PlanId - 13/217-56
Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne
Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring
Tabellar for kommunane
Tabellar for kommunane Tabell 1-k Tabell 2-k Tabell 3-k Tabell A-k Tabell B-k Tabell C-k Tabell D-k Tabell E-k Tabell F-k Tabell 1-k Rammetilskot til kommunane 2020 Kommunane sitt rammetilskot blir løyvd
Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00
Møteinnkalling Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: 02.05.2017 Tidspunkt: 09:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post [email protected]. Vararepresentantar
INTERNASJONAL STRATEGI
INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,
RAPPORT SPØRJEUNDERSØKING FERJESAMBANDET KVINNHERAD STORD. Undersøkinga er gjennomført i juni-august
RAPPORT SPØRJEUNDERSØKING FERJESAMBANDET KVINNHERAD STORD Undersøkinga er gjennomført i juni-august 2017 Bakgrunn Regionen Sunnhordland deltek i Byregionprogrammet med prosjektet Byen og regionsenteret
Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort
Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort 2016-2018 Vedteken på skipingsmøte 4 april 2016 Leiar :Morten Torvund [email protected] Områdeavgrensing Bestandsplanen har
Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11
Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11 Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) 2011 1 2 Metode Undersøkinga er gjennomført av AUD på oppdrag frå, og i samarbeid med Opplæringsavdelinga. Gjennomføringsperiode:
Stortinget.no Regjeringa.no Ulike massemedia. Stortings- og sametingsvalet Historie: Kap 1. Kald krig ei todelt verd
Årsplan i samfunnsfag 10.klasse 2017-18 Veke Kunnskapsløftet Emne: Læremiddel: Lærebok: Kosmos 10(2014 utgåva) 34-36 -gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og deira rollefordeling (og samanlikne
Fuglestadelva, Hå kommune
Fuglestadelva, Hå kommune Fuglestadelva drenerer sørlege deler av Høg-Jæren og renn ut i sjøen ved Brusand. Elva er naturleg lakseførande opp til fossen ved Åsane (,8 km). Elva er ei av dei faste overvakingselvane
Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det
Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande
Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog
Saman om å skape Strategi for innbyggardialog Vedteken i Ulstein kommunestyre 21. juni 2018 INNLEIING Kvifor gjer vi dette? Ulstein kommune vil styrke innbyggardialogen og lokaldemokratiet. Det er tre
IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?
IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil
Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers
Dilemma ved ei folkerøysting Oddvar Flæte og Jan Øhlckers 29.10.2015 1. Bakgrunn Kommunane gjennomfører no opinionsmåling blant eit representativt utval innbyggjarar. For kvar av kommunane er det lista
PLANOMTALE. Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID Nordbohus Sogn as
PLANOMTALE Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID 1421-2010003 1 Bakgrunn og føremål Nordbohus Sogn AS har utarbeida framlegg om endring for del av reguleringsplan for Smiebakken,
Sogn og Fjordane Bondelag
Utarbeidet av Merete Støfring Til Anja Fyksen Lillehaug, Næringspolitisk Fråsegn Kopi til Lausdriftskravet 2024 svar på intern høyring Styret i Sogn og Fjordane Bondelag ser på denne saka som den viktigaste
3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ
15 3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ Alternativ 0 (Bømlopakken) Ekornsæter Vegutbetringar spesifisert i Bømlopakken: Utbetring av dagens vegar på strekningar med dårleg standard på : - 3,0 km - Ekornsæter
Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2014 var 506 (snittvekt 5,1 kg). I 2014 vart det fanga 1153 laks (snittvekt 5,4 kg), det nest beste resultatet som
Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU
Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Fjordsenteret, Aurland Dato: 30.09.2014 Tidspunkt: 11:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post [email protected].
