SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Hilde Flotve Mo Arkivsak: 2014/283 Løpenr.: 1144/2016. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta kommunestyre

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Hilde Flotve Mo Arkivsak: 2014/283 Løpenr.: 1144/2016. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta kommunestyre"

Transkript

1 ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Hilde Flotve Mo Arkivsak: 2014/283 Løpenr.: 1144/2016 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta kommunestyre Saka gjeld: SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE - OPPSUMMERING OG RESULTAT ETTER PROSJEKTET TILRÅDING TIL VEDTAK: Kommunestyret tek sluttrapporten for prosjektet Saman om ein betre kommune og orienteringa om arbeidet til vitende.

2 Saksvedlegg: Sluttrapport i excel-skjema til Kommunal- og moderniseringsdepartementet 1. november 2015 Saksopplysningar: Ørsta kommune tok del i Saman om ein betre kommune i treårsperioden Namnet på prosjektet vårt er Omdømmebygging med kommunikasjon som verkemiddel. Eit godt omdømme vert bygt innanfrå! Visjon, verdiar og Arbeidsgjevarstrategi for Ørsta kommune ligg i botnen for arbeidet. Sluttrapporten skal syne utvikling, og i kva grad me har nådd måla våre. Den skal også syne læring og ny praksis, og peike på utfordringar som me har møtt. Dei rapportane som me har sendt inn har vorte vurderte av fagmiljø (Agenda Kaupang, FAFO og RO (Ressurssenter for omstilling i kommunene). I sluttfasen har me levert sluttrapport som excel-skjema, og har i tillegg vorte intervjua på telefon. Den endelege sluttrapporten basert på rapportar frå alle dei 110 kommunane som har vore med kjem med det aller første. Felles verdiar og arbeidsgjevarstrategi som plattform for sterk organisasjonskultur og VI-kjensle Ørsta kommune har gjort grep for å gå frå å vere ein Robek-kommune til å verte ein helsefremjande arbeidsplass. Korleis skulle kommunen gå frå å møte omstilling med uro til å møte nye utfordringar og omstilling med vilje og evne? Etter skifte i leiinga og omorganisering tok kommunen fatt på prosessen med felles verdiar våren Alle dei om lag tusen tilsette vart inviterte, og mange møtte opp til verdiverkstader med kreative prosessar med idemyldring og utveljing. Alle vart involverte og deltok med stort engasjement og var like viktige. Verdiane som vart valde, og som har lagt grunnlaget for arbeid med arbeidsgjevarstrategien og for leiarutviklingsprosessen vår er: Tillit gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd Energi gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede Løysingsvilje gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver Utvikling gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap Visjonen til Ørsta kommune er: Saman mot nye høgder. Visjonen uttrykkjer vidsyn og målretta samarbeid om utvikling og dei gode løysingane. Arbeidsgjevarstrategi for Ørsta kommune er eit felles verdifundament for folkevalde, leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde. Arbeidsgjevarstrategien peikar på innsatsområde for kommunen og for oss som medarbeidarar, og gir oss felles retning. Den er ei felles forpliktande referanseramme for folkevalde, leiarar, tillitsvalde og medarbeidarar, med særleg fokus på leiaren si rolle. Den slår fast at det skal ha konsekvensar for ein leiar i kommunen som ikkje utøver leiarskap i tråd med kommunen sitt verdigrunnlag og prinsippa som ligg i arbeidsgjevarstrategien. På same måte skal strategien vere forpliktande for medarbeidarane.

3 Som felles verdifundament har arbeidsgjevarstrategien vorte eit grunnlag for å skape samsvar mellom haldning og handling. Den legg grunnlag for refleksjonar og prosessar på arbeidsplassane og for politiske prinsipp og vedtak. Organisasjonskultur, VI-kjensle, kommunikasjon, den einskilde sitt ansvar for arbeidsmiljøet og kommunen sitt omdømme har vore tema på felles personalseminar. Utfordringa er å gjere verdiane våre til etablerte haldningar. Ørsta kommune har gjennomført abeidsmiljøundersøkingar tre år på rad. Resultata syner ei gradvis betring av trivselsfaktoren i heile organisasjonen frå 61% i 2013 til 67% i Oppslutning om undersøkinga har auka frå 67% til 86% i det same tidsrommet. Omdømmemålingar som har vorte gjennomført på personalseminar i 3013 og 2015, syner også at dei tilsette er meir stolte av arbeidsplassen sin i 2015 enn i Frå forhandlingskultur til samskapingskultur gjennom forpliktande samarbeid Ein av føresetnadene for å ta del i Saman om ein betre kommune, var at kommunen etablerte og formaliserte eit trepartssamarbeid. Ørsta kommune etablerte trepartsgruppa Kveik i Ordet kveik tyder etter Ivar Aasen si ordbok "opfriskelse", "nye Kræfter", "Opmuntring" og "Nyt Mod. Trepartsgruppa Kveik har seks medlemmer: Ordføraren, ein kommunestyrerepresentant, rådmannen, leiar for personalstaben og to tillitsvalde. Gruppa har oppsett møteplan, har sakliste og referat, men skal ikkje vere eit vedtaksført organ. Trepartgruppa skal vere ein motor for kontinuerleg forbetring og er styringsgruppe for kommunale utviklingsprosjekt. Trepartssamarbeidet skal ikkje kome i staden for den avtalefesta medråderetten. Kommunen ynskjer å skape reell involvering; frå medråderett til medskaping, og frå forhandling til samskaping. Trepartsgruppa Kveik har vore styringsgruppe for alle dei store prosjekta i denne perioden. Dei partssamansette gruppene på einingsnivået heiter Gneistgrupper. Her skal einingsleiaren (t.d. barnehagestyraren eller avdelingsleiaren) møte saman med verneombodet og tillitsvalde på eininga. Gneistgruppene skal vere forum for utvikling og kreativitet. Dei skal medverke til å utvikle gode arbeidsplassar ved å vurdere, planleggje og setje i verk tiltak som kan auke nærvær og skal kome med innspel og vurdere framlegg til nye måtar å organisere arbeidet og tenesta på. Desse gruppene skal medverke til leiarstøtte. Leiarar som går først og viser veg Leiarutviklingsprosessen har stått sentralt i omdømmeprosjektet vårt. Arbeidsgjevarstrategien fastset leiarprinsipp for Ørsta kommune: Leiarar som går først og viser veg gjennom involverande og ansvarleggjerande dialog. Leiarar på alle nivå i Ørsta kommune skal få fram det beste i medarbeidarane gjennom: Å involvere, fremje meistring, stiller krav og utfordre og støtte. Leiarane uttrykkjer at leiarutviklingsprosessen har gitt dei auka kompetanse og tryggleik i leiarrolla. Dei opplever seg som ein del av ein heilskap, det er skapt ein ny kultur mellom leiarar. Leiarutviklingsprosessen held fram med to samlingar i året, det gjeld å halde kokeplata varm. Nye leiarar har komne til og nye utfordringar står for døra. Det gjeld å halde på grunnlaget for prosessen og gje den nytt innhald i tråd med utfordringane.

4 Leiarane opplever Tett på-samtalen som svært positiv. Trygge og kompetente leiarar er nøkkel til trygge og kompetente medarbeidarar. Rådmannen kallar inn seksjonsleiarane til Tett-på-samtale kvar månad. Fleire av seksjonsleiarane gjer det same i høve til einingsleiarane. Dette er ein 1 1-samtale basert på tillit, dialog, oppfølging og tilbakemelding. Samtalen har ei uformell form utan sakliste eller referat. Ein attraktiv arbeidsgjevar som rekrutterer medarbeidarar med kompetanse og erfaring Kommunestyret vedtok Strategisk plan for kompetanse og rekruttering i september Denne strategien legg vekt på å fremje meistringskapasitet. Prioriterte mål og oppgåver som Strategisk plan for kompetanse og rekruttering skal byggje på er: o Skape tillit i møte med brukarar og innbyggjarar o Yte gode og tilgjengelege tenester til innbyggjarane o Møte nye utfordringar og behov med løysingsvilje og innovasjon o Vere ein attraktiv arbeidsgjevar med etterspurde kompetansearbeidsplassar Arbeidsgjevarstrategien legg vekt på å verdsetje, ta i bruk og utvikle kompetansen blant dei tilsette i organisasjonen. Dette har fått stor merksemd i arbeidet med strategisk plan for kompetanse og rekruttering. Kjernen i alt me gjer handlar om å utvikle og bruke kompetansepotensialet vårt på best mogleg måte. Systematiske arbeidsmiljøundersøkingar har gitt svar på noko av dette på gruppenivå. Utviklingssamtalen skal sikre kunnskap om kompetansemobilisering på individnivået. Linda Lai (2013) viser til at funn frå ei rekkje norske organisasjonar viser at leiaren si åtferd er heilt avgjerande for i kva grad medarbeidarane får mobilisert kompetansen sin på ein god måte. Meistringsorientert leiing er fellesnemnaren på leiaråtferd som best medverkar til kompetansemobilisering, indre motivasjon, gode haldningar og gode resultat over tid. Ørsta kommune har sett fokus på dette gjennom arbeidsmiljøundersøkingar, og vil no ta i bruk den nye 10-faktor-undersøkinga som Linda Lai har utarbeidd i samarbeid med KS. Arbeidsmiljøundersøkingar har lite verdi utan gode og involverande prosessar blant medarbeidarane. Kommunen vil ha medarbeidarar som ynskjer å ta aktivt del i utvikling av ein helsefremjande arbeidsplass. Den nye utviklingssamtalen som kommunen har utvikla, skal også handle om meistringsorientert leiing, og danne grunnlag for kartlegging av kompetanse og kompetansemobilisering. Ein tydeleg, open og tilgjengeleg organisasjon som skaper tillit blant innbyggjarane Arbeidsgjevarstrategien skal vere plattform for kommunen som ein konkurransedyktig og attraktiv arbeidsgjevar. Kommunen skal vere ein tydeleg, open og tilgjengeleg organisasjon som skaper tillit blant innbyggjarane. Skal me oppnå denne tilliten, må me ha tilsette og folkevalde som snakkar godt om kvarandre og om kommunen som arbeidsgjevar, tenesteytar og samfunnsaktør. Då vert eit godt omdømme bygt innanfrå. I oktober 2015 vedtok kommunestyret Kommunikasjons- og mediestrategi for Ørsta kommune. Målet for Ørsta kommune sitt kommunikasjonsarbeid er at målgruppene skal: o Få korrekt og tydeleg informasjon om eigne rettar, plikter og moglegheiter

5 o Ha tilgjenge til informasjon om verksemda i kommunen o Inviterast til å medverke i utforminga av politikk, ordningar og tenester. Som del av dette arbeidet har kommunen også fått på plass ein eigen visuell profil med profilhandbok. Ein felles visuell profil er viktig for å skape VI-kjensle og felles identitet. I samband med arbeidet med visuell profil vart slagordet vårt endra frå Ørsta i hjartet av Sunnmørsalpane til Ørsta hjartet av Sunnmørsalpane. Frå å plassere oss på kartet ynskjer me å stå fram med verdiar og som eit pulserande kraftsenter. Hausten 2015 vedtok kommunestyret nye Etiske retningslinjer for Ørsta kommune. Her er også omsyn til kommunen sitt omdømme og kva tilsette og folkevalde skal vere medvitne om i høve til sosiale medium. Frå prosjekt til helsefremjande arbeidsplass Prosjekt tek slutt og nye tek til. Organisasjonshelse handlar om evna vår til å samhandle, gjennomføre og fornye oss for å prestere berekraftig over tid. Resultat er det me leverer til innbyggjarar, brukarar oppdragsgjevarar og samarbeidspartar, og som vert målt i kvalitet, tid og ressursar. Me har lært at organisasjonar som har eit samtidig fokus på resultat og skaper ei god organisasjonshelse, vil lukkast 3 gonger betre enn dei som fokuserer på resultat åleine. 50% av kommunen sin langsiktige suksess er driven av kulturelementa. Når me ser at kommunen skårar vesentleg betre på kvalitet på leiing, indikator for trivsel og for engasjement i organisasjonen, er dette fordi me har arbeidd med kultur og struktur på same tid. Kvalitetsleiing og meistringsorientert leiing må sjåast i samanheng og ikkje som motsetnader. Arbeidsgjevarstrategien og verdigrunnlaget vårt har danna grunnlag for ei god organisasjonshelse, og gode strukturar byggjer opp under kulturen. Det gjeld å halde kokeplata varm! Ørsta kommune oppretta arbeidsmiljøpris i Den første mottakaren av prisen var Hjørundfjordheimen, året etter var det Barnas Vel barne barnehage som mottok prisen. På dette kommunestyremøtet skal ei ny eining verte heidra som ein stolt og verdig mottakar av prisen. På dei einingane som har motteke prisen ser me medarbeidarar som i endå større grad har vorte stolte ambassadørar for arbeidsplassen sin. Dette smittar! I 2015 vart Hjørundfjordheimen nominert og fekk tildelt arbeidsmiljøprisen i Møre og Romsdal. Denne prisen vart utdelt på grunnlag av høg trivsel, at dei viser at dei lever etter verdigrunnlaget, at alle tek del og at dei kan vise til god samanheng mellom godt arbeidsmiljø og god tenestekvalitet. I grunngjevinga vart det også vist til eit godt og systematisk arbeid frå kommunen si side. Vurdering og konklusjon: Rådmannen viser til saksutgreiinga og rår kommunestyret til å ta sluttrapporten for prosjektet Saman om ein betre kommune og orienteringa om arbeidet til vitende. Ørsta, Wenche Solheim rådmann Idun Lee Hofset stabsleiar personal

Saman mot nye høgder!

Saman mot nye høgder! Saman mot nye høgder! Omdømmebygging med kommunikasjon som verkemiddel Eit godt omdømme kjem innanfrå! Foto: Janne Dagfinrud Hilde Flotve Mo Prosjektleiar og personalrådgjevar Ørsta kommune Ligg sentralt

Detaljer

Saman for heiltidskultur i Ørsta kommune

Saman for heiltidskultur i Ørsta kommune Saman for heiltidskultur i Ørsta kommune Kongsberg 30. januar 2019 Ørsta kommune Areal: 805 km² Innbyggjarar: 10 900 https://www.ssb.no/kommunefakta/orsta Næringsvegar: industri, handel, jordbruk, fiske

Detaljer

Kommunepresentasjoner

Kommunepresentasjoner Kommunepresentasjoner 3 nettverkssamling - omdømme Trondheim 5-6-mai 2014 Sørreisa - sammen om et godt omdømme. Satsingsområdet i prosjektet: Vi har delt satsingsområdet i tre: De ansatte Innbyggerne/brukere

Detaljer

Helsefremjande leiarskap i Ørsta kommune 2012

Helsefremjande leiarskap i Ørsta kommune 2012 Rapport Helsefremjande leiarskap i Ørsta kommune 2012 Bakgrunn: Ørsta kommune hadde hatt eit relativt høgt sjukefråvere, og har vore gjennom ein krevjande periode, både med skifte i toppleiing og ved at

Detaljer

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:00

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:00 SKODJE KOMMUNE Møteinnkalling Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 23.04.2014 Tid: 16:00 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 70 24 40 00. Varamedlemmar møter etter nærare avtale.

Detaljer

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI 1 INNLEEING... 3 1.1 Rådmannen sitt forord... 3 1.2 Lov og forskrift... 3 2 ARBEIDSGJEVARSTRATEGI... 4 2.1 Etikk og samfunnsansvar:... 5 2.2 Politikk og administrasjon:...

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI FOR ØRSTA KOMMUNE

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI FOR ØRSTA KOMMUNE ARBEIDSGJEVARSTRATEGI FOR ØRSTA KOMMUNE Ørsta i hjartet av Sunnmørsalpane Saman mot nye høgder INNHALD 1 FØREORD 5 2 INNLEIING 7 3 VISJON, VERDIAR OG ETIKK 9 4 IDENTITET OG OMDØMME 11 5 HELSEFREMJANDE

Detaljer

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023 Vestnes kommune MIDT I BLINKEN Arbeidsgjevarpolitikk 2019-2023 Arbeidsgjevarstrategi mot 2023 Vedtatt av Vestnes kommunestyre 23. mai 2019 VESTNES KOMMUNE ARBEIDSGARSTRATEGI MOT 2023 Innleiing Vestnes

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi

Detaljer

Saman for heiltidskultur i Ørsta kommune

Saman for heiltidskultur i Ørsta kommune Saman for heiltidskultur i Ørsta kommune KS Møre og Romsdal 1. november 2018 Prinsippvedtak i kommunestyret Hausten 2017 gjorde kommunestyret eit prinsippvedtak: Kommunestyret vedtek at det skal arbeidast

Detaljer

Arbeidsgjevarstrategi Jobb med meining - skodd for framtida jobb i kommunen!

Arbeidsgjevarstrategi Jobb med meining - skodd for framtida jobb i kommunen! Attraktiv arbeidsgjevar og nyskapande organisasjon Periode 2014-2018 Innhald Arbeidsgjevarstrategi Jobb med meining - skodd for framtida jobb i kommunen! Meland kommune - Eit samfunn for alle - Innhald

Detaljer

Møre og Romsdal fylkeskommune regional utviklar og ein tydeleg medspelar til samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune regional utviklar og ein tydeleg medspelar til samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal Møre og Romsdal fylkeskommune regional utviklar og ein tydeleg medspelar til samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal Velkommen til introduksjonsdag 20. september 2017 www.mrfylke.no 21.09.2017 3 Pause til

Detaljer

Kommunikasjonsplan. Sunnfjord kommune

Kommunikasjonsplan. Sunnfjord kommune Kommunikasjonsplan Sunnfjord kommune Innleiing I løpet av dei neste to åra skal Sunnfjord kommune etablerast. Dette er ein prosess som involverer innbyggjarar, tilsette, folkevalde og andre aktørar i dei

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet 29.01.2015 007/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/638-15/326 K1-024 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63

Detaljer

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud (31 40 88 31) eller tenestetorget (31 40 88 00). Saker til behandling

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud (31 40 88 31) eller tenestetorget (31 40 88 00). Saker til behandling MØTEINNKALLING Administrasjonsutvalet Dato: 20.01.2015 kl. 9:00 Stad: Kommunestyresalen Arkivsak: 14/01622 Arkivkode: --- Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud (31 40 88 31) eller tenestetorget (31

Detaljer

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst Oppvekstsektoren 12.05.2015 FORORD KOMPETANSE OG ETIKK Barn som veks opp i Sula skal få lære det dei treng og vil kort sagt bli gitt gode vilkår for

Detaljer

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s. Innhald Innleiing s. 4 Formål s. 6 Språk, kultur og natur s. 8 Leik og læring s.10 Barnehagen som lærande organisasjon s.12 Sluttord s.15 Innleiing Lov om barnehager 2: Barnehagens eier kan tilpasse rammeplanen

Detaljer

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE 1. Mål og rammer 1.1 Bakgrunn Den 21.11.2012 fekk Stord kommune melding om opptak i programmet Saman om ein betre kommune, og får støtte med kr 300 000 per år til

Detaljer

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - Arbeidsgivarpolitikk for framtida saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 09.03.2009 MR 8051/2009 Marianne Hojem Bye Saksnr Utval Møtedato U-43/09 Fylkesutvalet 27.03.2009 T-07/09 Fylkestinget 21.04.2009 Møre og Romsdal fylke

Detaljer

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for Gol kommune Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato 400 04/00137-001 - AKV 16.01.04 ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM for GOL KOMMUNE 2000 2003, vedteke i Kommunestyret, sak 0051/00, 24.10.00 2004 2007, vedteke

Detaljer

Arbeidsgjevarstrategi Gloppen kommune

Arbeidsgjevarstrategi Gloppen kommune 2018 Arbeidsgjevarstrategi Gloppen kommune Administrasjonutvalet 31.05.2018 ArkivID: 18/766 0 Arbeidsgjevarstrategi for Gloppen kommune 2018-2022 Innhald: Arbeidsgjevarstrategi for Gloppen kommune 2018-2022...

Detaljer

AGP - vegen vidare. Medarbeidarskap og tydeleg kultur for læring og utvikling

AGP - vegen vidare. Medarbeidarskap og tydeleg kultur for læring og utvikling AGP - vegen vidare Medarbeidarskap og tydeleg kultur for læring og utvikling Arbeidsgivarpolitikk for framtida vedtatt i fylkestinget april 2009 14.09.10 Leiarskap/medarbeidarskap i ein organisasjon med

Detaljer

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar? Her vil de finne forslag på ulike refleksjonsoppgåver. Desse er meint som inspirasjon. Plukk nokre få. Kvar avdeling/eining kan med fordel tilpasse desse slik at dei er spissa mot deltakarane sin arbeidsdag.

Detaljer

Kommunikasjonsstrategi

Kommunikasjonsstrategi Kommunikasjonsstrategi Jølster kommune 2015 2020 Vedteke av kommunestyret sak 028/15 28.04.2015 INNLEIING Jølster kommune har definerte mål i overordna planar vedtatt av Jølster kommunestyre. Dette er

Detaljer

Hovudavtalen Modul Djupare inn i avtaleverket

Hovudavtalen Modul Djupare inn i avtaleverket Hovudavtalen Modul 2 2015 Djupare inn i avtaleverket Innhald Internasjonal forankring i partsforholdet Kva er ein hovudavtale? Kvifor har me ein Hovudavtale? Hovudavtalen sitt innhald/oppbygging Forord

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding:

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding: VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Saksnr: Arkiv: 2012/571 002 Avd/Saksansv: RÅD/ANNLIA Utvalsaksnr Utval Formannskapet Kommunestyret Møtedato Midtvegsrapport for kommunereforma 2015 - Vanylven kommune sitt

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING

Detaljer

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/ Fræna kommune Arkiv: 026 Arkivsaksnr: 2014/2013-7 Sakshandsamar: Anders Skipenes Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/2014 03.11.2014 Kommunestyret i Fræna

Detaljer

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Arbeidsmiljøutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 13:00 Møtestad: Samnangerheimen

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Arbeidsmiljøutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 13:00 Møtestad: Samnangerheimen SAMNANGER KOMMUNE MØTEINNKALLING Utval: Arbeidsmiljøutvalet Møtedato 20.05.2019 Møtetid: Kl. 13:00 Møtestad: Samnangerheimen Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet må meldast

Detaljer

Trygg og framtidsretta

Trygg og framtidsretta Trygg og framtidsretta Innovasjonsstrategi Vedtatt av kommunestyret 9. desember 2014 Innhald 1 Innleiing 4 2 Kvifor innovasjon 5 3 Innovasjonsmetoden vår 5 4 Radikal innovasjon - prosjekt for innovasjon

Detaljer

Kommunikasjonsplan Voss herad 2020

Kommunikasjonsplan Voss herad 2020 Kommunikasjonsplan Voss herad 2020 Innleiing God og målretta informasjon til rett tid er viktig for å lukkast best mogleg med å slå saman Voss og Granvin til Voss herad. Dette er viktig både i prosjektet

Detaljer

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE 2013-2014 VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET Målekartet bygger på prinsippa i Balansen og kommunen sin visjon for barnehage, skule, kulturskule og

Detaljer

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog Saman om å skape Strategi for innbyggardialog Vedteken i Ulstein kommunestyre 21. juni 2018 INNLEIING Kvifor gjer vi dette? Ulstein kommune vil styrke innbyggardialogen og lokaldemokratiet. Det er tre

Detaljer

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune MØTEINNKALLING Tysnes kommune Utval : ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 27.01.2014 Tid : 11:00 SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 1/14 14/42 ÅRSRAPPORT OVER VERNE- OG MILJØARBEIDET

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset : 21.03.2013 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE

Detaljer

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Årsplan 2007 2008 ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Vi vardar vegen Varde er nemninga på ein haug med steinar som vert lødd opp som vegmerking. På veg til den store varden der målet er, passerer vi

Detaljer

Aurland kommune Rådmannen

Aurland kommune Rådmannen Aurland kommune Rådmannen Kontrollutvalet i Aurland kommune v/ sekretriatet Aurland, 07.10.2013 Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Arkiv 13/510-3 Steinar Søgaard, K1-007, K1-210, K3- &58 Kommentar og innspel

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 28.04.2017 SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035 ARKIVSAK: 2017/407 STYRESAK: 054/17 STYREMØTE: 11.05. 2017 FORSLAG TIL VEDTAK

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 6 MØTEINNKALLING Utval: Kommunestyret Møtedato: 12.02.2013 Møtetid: 17:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gro Anita Bårdseth Arkivsak: 2014/402 Løpenr.: 13818/2014

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gro Anita Bårdseth Arkivsak: 2014/402 Løpenr.: 13818/2014 ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gro Anita Bårdseth Arkivsak: 2014/402 Løpenr.: 13818/2014 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap 25.11.2014 Ørsta kommunestyre 11.12.2014 Saka gjeld: KOMMUNEREFORM

Detaljer

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune Kommunikasjonsplan Nye Øygarden kommune Fase 3: Fellesnemnda - oktober 2017 desember 2019 1 Innleiing Denne kommunikasjonsplanen skal vera ein reiskap for informasjon knytt til arbeidet med kommunereforma

Detaljer

Innovasjonsmetoden vår

Innovasjonsmetoden vår Innleiing Time kommune har sidan 2012 hatt mål i økonomiplanen om innovasjon i tenesteutviklinga. I 2013 gjennomførte kommunen åtte innovasjonsprosjekt og opplæring i innovasjonsmetodikk. I 2014 vart åtte

Detaljer

Etiske retningslinjer Jølster kommune

Etiske retningslinjer Jølster kommune Foto: Laila Ommedal Etiske retningslinjer Jølster kommune 2018-2020 Visjon Skaparkraft i verdas vakraste ramme Verdiar: Raus Inkluderande Modig Løfte til omverda: Reindyrka Ekte Innhaldsrik - Skapande

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI ARBEIDSGJEVARSTRATEGI Vedteken av kommunestyret 29.01.15, sak 007/15 Innhald 1. Verdigrunnlag... 4 1.1. Status... 4 1.2. Mål... 4 1.3. Strategi... 4 2. Ønska posisjon og omdøme... 5 2.1. Status... 5 2.2.

Detaljer

Fellesnemnda mndr 14 dagar til 1. januar 2020

Fellesnemnda mndr 14 dagar til 1. januar 2020 Fellesnemnda 17.06.19 6 mndr 14 dagar til 1. januar 2020 Agenda 1. Samanslåingsprosessen - Milepæler som er nådd og kva som står att 2. Verksemdsoverdraginga - Status før innplassering 21. juni 3. Andre

Detaljer

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat Stabsleiare og seksjonsleiare Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2014/402 1929/2015 BARDSETH 031 18.02.2015 Melding om vedtak i kommunestyret 12.2.2015, sak 7/15

Detaljer

IA-webinar. Systematisk arbeidsmiljøarbeid. NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. 24. Mai 2017 v/henny Oxholm

IA-webinar. Systematisk arbeidsmiljøarbeid. NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. 24. Mai 2017 v/henny Oxholm IA-webinar Systematisk arbeidsmiljøarbeid NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane 24. Mai 2017 v/henny Oxholm Innhald Systematisk arbeidsmiljøarbeid Kva er målet? Viktige prinsipp for alt arbeidsmiljøarbeid

Detaljer

Inkludering i arbeidslivet Strategikonferansen i Hordaland 2017

Inkludering i arbeidslivet Strategikonferansen i Hordaland 2017 Inkludering i arbeidslivet Strategikonferansen i Hordaland 2017 Anne Margrete Fletre fagsjef KS Arbeidsgivarpolitikk «Ein sjølvstendig og nyskapande kommunesektor» Kva skal eg seia noko om? Arbeidsgivarpolitiske

Detaljer

KOMMUNIKASJONSPLAN Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Norddal og Stordal kommunar.

KOMMUNIKASJONSPLAN Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Norddal og Stordal kommunar. UTKAST 05.02.18 KOMMUNIKASJONSPLAN 2018-2020 Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Norddal og Stordal kommunar. INNHALDSLISTE 1. Forord 2. Situasjonen i dag 3. Kommunikasjonsspørsmål og bodskap

Detaljer

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Side 1 av 5 Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Versjon : 1.0 godkjend i Kommunestyret 23.06.2005 Dato : 25.

Detaljer

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: Rådhuset Møtedato: 10.09.2013 Tid: 16.30 Kl. 1630-1700: Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang Varamedlemmer

Detaljer

Strategi Forord

Strategi Forord Forord Distriktssenteret sin Strategi 2020 skal vere eit praktisk verktøy til inspirasjon i vårt daglege arbeid. Strategi 2020 skal sikre oss god retning og måloppnåing. På den måten kan lokalt utviklingsarbeid

Detaljer

KOMMUNIKASJONSPLAN Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Hornindal og Volda kommunar.

KOMMUNIKASJONSPLAN Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Hornindal og Volda kommunar. KOMMUNIKASJONSPLAN 2017-2020 Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Hornindal og Volda kommunar. Vedteken i Fellesnemnda 14.09.2017 (sist rev. 14.09.2017) 1. FORORD Ei kommunesamanslåing er ei omstilling

Detaljer

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø. Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø. Visjon «Vi flyg saman» Vi støttar og utfordrar kvarandre, unner kvarandre suksess og vi jaktar på det beste i alle. Verdigrunnlag; «Respekt

Detaljer

Strategisk plan for kompetanse og rekruttering

Strategisk plan for kompetanse og rekruttering Ørsta hjartet av Sunnmørsalpane Strategisk plan for kompetanse og rekruttering for Ørsta kommune 2015-2019? 1 1. Føreord 2. Innleiing 3. Kompetanse ein avgjerande ressurs for Ørsta Kommune 4. Kompetanseleiing

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE 1. Mål og rammer 1.1 Bakgrunn Den 21.11.2012 fekk Stord kommune melding om opptak i programmet Saman om ein betre kommune, og får støtte med kr 300 000 per år til

Detaljer

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 14:00

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 14:00 SKODJE KOMMUNE Møteinnkalling Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 26.09.2014 Tid: 14:00 Eventueltforfall kanmeldasttil telefon70 24 40 00. Varamedlemmarmøteretternærareavtale. SAKLISTE

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret 19. juni 2014 Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger B Liadal Arkivsak: 2016/40 Løpenr.: 242/2016

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger B Liadal Arkivsak: 2016/40 Løpenr.: 242/2016 ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger B Liadal Arkivsak: 2016/40 Løpenr.: 242/2016 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Levekårsutvalet Ørsta formannskap Ørsta kommunestyre Saka gjeld: AUKE GRUNNBEMANNINGA

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. KS omdøme. Sluttrapport

Ein tydeleg medspelar. KS omdøme. Sluttrapport Ein tydeleg medspelar KS omdøme Sluttrapport Innhald Samandrag Samandrag 3 Bakgrunn 4 Gjennomføring 5 Mål 7 Kva har vi gjort? 8 Har vi nådd måla? 10 Aktivitet i gruppa 12 Sluttkommentar 13 I 2010 var Møre

Detaljer

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 24.01.2017 7841/2017 Øyvind Tveten Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 07.02.2017 Fylkesrådmannens tilråding 16.02.2017 Fylkesutvalet 27.02.2017

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,

Detaljer

Fagdag om rusmiddelførebygging og rusoppfølging 26. november 2014

Fagdag om rusmiddelførebygging og rusoppfølging 26. november 2014 Fagdag om rusmiddelførebygging og rusoppfølging 26. november 2014 Innleiing og refleksjon med utgangspunkt i Møre og Romsdal fylkeskommune sin arbeidsgivar- og rusmiddelpolitikk 27.11.2012 Ein tydeleg

Detaljer

Fjell kommune- arbeidstakarorganisasjonar Samarbeid, medverknad og medråderett. derett Kristin Nævdal Hodneland, Personalrådgjevar

Fjell kommune- arbeidstakarorganisasjonar Samarbeid, medverknad og medråderett. derett Kristin Nævdal Hodneland, Personalrådgjevar 1 Folkevalgtopplæring 02.02. 2012 - arbeidstakarorganisasjonar Samarbeid, medverknad og medråderett derett Kristin Nævdal Hodneland, Personalrådgjevar 2 Hovedavtalen Hovedavtalen(HA)-rammeverk for godt

Detaljer

S T R A T E G I D O K U M E N T

S T R A T E G I D O K U M E N T STRATEGIDOKUMENT VÅR FORRETNINGSIDÉ OG VISJON Selskapet sitt formål er drift av eit rehabiliteringssenter i spesialisthelsetenesta der auka arbeidsdeltaking er det overordna målet. Visjon: Med arbeid som

Detaljer

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde Eit oppdrag for heile organisasjonen Innhald Det er viktig å rekruttere ATV-ar 3 Arbeidsoppgåver på alle nivå 4 5 Konkrete tips i arbeidet 5 6 10 gode grunnar til

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Justis- og beredskapsdepartementet postmottak@id.dep.no Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref Avd/Saksansvarleg Dato 2013/713 4220/2013 / X30 SER / SANGUD 04.09.2013 MELDING OM

Detaljer

Gjesdal kommune ROBUST- meir eller mindre. Rådmannsrefleksjonar frå glastaket

Gjesdal kommune ROBUST- meir eller mindre. Rådmannsrefleksjonar frå glastaket Gjesdal kommune ROBUST- meir eller mindre. Rådmannsrefleksjonar frå glastaket Gjesdal kommune er ein fjell- og innlandskommune som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane ca. 30 km søraust for Stavanger.

Detaljer

Saman om Ørstabarnehagen

Saman om Ørstabarnehagen Saman om Ørstabarnehagen 2017-2019 26.09.2017 Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen - Ny rammeplan for barnehagen 13.09.17 Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage Ørsta 1 26.09.2017 Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen

Detaljer

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GJENSIDIG RESPEKT Verkeleggjere barnas menneskeverd Profesjonelle Leiken har ein eigenverdi

Detaljer

Arbeidsgiverstrategi mot 2020

Arbeidsgiverstrategi mot 2020 Arbeidsgiverstrategi mot 2020 Utfordringane: Evna til utvikling og nyskaping Tilgang til og forvaltning av eiga arbeidskraft Arbeidsgiverstrategi mot 2020 Innsatsområde for AGS 2020 Identitet og omdømme

Detaljer

HERØY KOMMUNE Barnehageavdelinga

HERØY KOMMUNE Barnehageavdelinga HERØY KOMMUNE Barnehageavdelinga SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: LKS Arkivsaknr: 2007/1406 Arkiv: 031 - Utvalsaksnr Utval Møtedato BRUKARUNDERSØKING I BARNEHAGANE VÅREN 2014 Tilråding: Resultatet av brukarundersøking

Detaljer

www.forde.kommune.no Visjon: Førde kommune ei drivkraft med menneska i sentrum Verdiar: I Førde kommune er vi engasjerte, inkluderande, tydelege og vi viser andre respekt. Førde kommune skal vere ein god

Detaljer

Kommunikasjonsstrategi for Ulstein kommune

Kommunikasjonsstrategi for Ulstein kommune Kommunikasjonsstrategi for Ulstein kommune - Eit godt omdømme kjem innanfrå - Godkjend i Ulstein kommunestyre 29.10.2015 (sak 2014/630) Innhaldsliste: 1.0 Innleiing. side 3 2.0 Ulsteinsamfunnet side 3

Detaljer

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017 Stab FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL Postboks 2520 6404 MOLDE Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2018/573 A20 DOK 28.05.2018 K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017 Vedlagt fylgjer

Detaljer

10-FAKTOR. Rådmannssamling Sandane, september Anne Margrete Fletre, fagsjef for leiing Avdeling for arbeidsgivarpolitikk

10-FAKTOR. Rådmannssamling Sandane, september Anne Margrete Fletre, fagsjef for leiing Avdeling for arbeidsgivarpolitikk 10-FAKTOR Rådmannssamling Sandane, 12.-13. september 2017 Anne Margrete Fletre, fagsjef for leiing Avdeling for arbeidsgivarpolitikk «Ein sjølvstendig og nyskapande kommunesektor» Agenda Kort om undersøkinga

Detaljer

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten 2014. Kurstilbod for IA-verksemder

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten 2014. Kurstilbod for IA-verksemder NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane IA-kurs hausten 2014 Kurstilbod for IA-verksemder // Kurskatalog høsten 2014 Velkomen til kurs med NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane Gratulere med ny IA-avtale!

Detaljer

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid: Godt samspel På dialogmøte 19. juni 2014 gjekk ein gjennom kva som skal vera grunnlaget for Godt samspel i Fusa kommune. Det var 3 grupper med politikarar, tillitsvalde og administrasjon utgjorde kvar

Detaljer

SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL

SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL Saksopplysning Som hovudmål i Strategisk plan for Hallingdal 2017 2020 er det sagt: Hallingdal skal bli ein meir attraktiv, positiv og produktiv region, der alle har mogelegheit

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Kristin Nåmdal FE - 144, TI - &76 17/194 Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS 07.02.2017 Temaplan for barn og unge- oppstartsmelding Saksopplysningar:

Detaljer

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Leiarsamtale utvikling og oppfølging Leiarsamtale utvikling og oppfølging Kva type samtale er det? Leiarsamtalen er ein styringsdialog med vekt på utvikling og oppfølging. Hovudmålet er auka læringsutbytte og auka fullføring. Som styringsdialog

Detaljer

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Saksframlegg Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2017/13 Overordna samhandlingsutval

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1 OS KOMMUNE Utval: OS ELDRERÅD Møtestad: Luranetunet - merk staden! Møtedato: 13.09.2004 Tid: 14.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017 Kommunikasjonsplan Fase 2: Førebuande fellesnemnd - desember 2016 juni 2017 Desember 2016 1 Innleiing Denne kommunikasjonsplanen skal vera ein reiskap for informasjon knytt til arbeidet med kommunereforma

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2015 Kommunestyret PS

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2015 Kommunestyret PS Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 08.06.2015 52/2015 Kommunestyret PS 22.06.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Trine Pettersen Grønbech FE

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 15.02.2016 016/16 Kommunestyret 22.02.2016 009/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring. ÅRSPLAN 2006-2007 Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.» Velkommen til barnehageåret 2006-2007!

Detaljer

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe Strategi og styring

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe Strategi og styring Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe 24.05.19 Strategi og styring Undergrupper: Budsjett, rekneskapssystem og kontoplan Rutinar, reglement og internkontroll Innkjøp Fakturering

Detaljer

Kommunepresentasjoner

Kommunepresentasjoner Kommunepresentasjoner 1-2. oktober 2013 Clarion hotell Kommunal- og regionaldepartementet Kommunal- og regionaldepartementet Sørreisa - sammen om et godt omdømme. Organisering: Opprettet styringsgruppe.

Detaljer

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 8 MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 08.02.2012 Møtetid: 13.00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet

Detaljer

ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I HJELMELAND KOMMUNE (KSAK 039/17)

ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I HJELMELAND KOMMUNE (KSAK 039/17) ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I HJELMELAND KOMMUNE (KSAK 039/17) Hjelmeland kommune er ansvarleg for grunnleggjande velferdstenester og forvaltar store ressursar på vegne av fellesskapet.

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Arbeidsmiljøutvalet

MØTEPROTOKOLL. Arbeidsmiljøutvalet MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet Møtestad: rådhuset Møtedato: 16.06.2010 Kl: 09.00 10.45 Medlemar: Forfall: Varamedlemar: Frå adm. (evt. andre): Dato for innkalling: 09.06.10 Merknader: Saker som vart

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE: MØTEPROTOKOLL Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 19.04.2016 Tid: 09:00-11:00 Funksjon Navn Forfall Møtt for SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet 27.03.2017 015/17 Kommunestyret 30.03.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/300-1 Etablering av ny kai/hamn i Lærdal

Detaljer

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Nye kommunar i Møre og Romsdal Nye kommunar i Møre og Romsdal INFO-skriv nr. 2/2017 Innhald 1. Krav til felles kommunestyremøte 2. Unntak frå krav om felles kommunestyremøte 3. Saksbehandling fram til kongeleg resolusjon 4. Nærare om

Detaljer

Kommunikasjons- og mediestrategi for Ørsta kommune

Kommunikasjons- og mediestrategi for Ørsta kommune Ørsta hjartet av Sunnmørsalpane Kommunikasjons- og mediestrategi for Ørsta kommune Gjeld frå 29. oktober 2015! 1 Føreord, innleiing og mandat 1. Visjon, verdiar og mål 2. Kommunikasjonsprinsipp 3. Informasjonsprinsipp

Detaljer