NOTAT Til Bustadutvalet Frå Juristgruppa 22. juni 2001

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "NOTAT Til Bustadutvalet Frå Juristgruppa 22. juni 2001"

Transkript

1 NOTAT Til Bustadutvalet Frå Juristgruppa 22. juni 2001 Lov om kommunens oppgåver? Samle sentrale bustadlover? Ei portallov? BUSTADLOV 1 Ei ny bustadlov? Juristgruppa har i eit tidlegare notat drøfta tanken om å lovfeste kommunens oppgåver på bustadområdet. Spørsmålet om å samle nokre sentrale bustadlover til ei lov har vore drøfta i andre samanhengar. Lovstrukturutvalet gjorde i si tid framlegg om å samle dei dagjeldande lovene om husleige, husleigeregulering, burettslag, bustadbyggjelag, eigarseksjonar og kommunal forkjøpsrett (NOU 1992:32 s. 238). Burettslovutvalet vurderte same spørsmålet og kom til at ulempene med ei slik samling ville bli større enn fordelane (NOU 2000:17 s ). Det vart mellom anna peikt på at ein ikkje ville få nemnande færre paragrafar. Det ein kunne vinne på samskriving i nokre tilfelle, kunne føre til dårlegare oversyn over reglane for kvar bustadform. Dessutan er dei fleste reglane i husleigelova og eigarseksjonslova sams for bustader og lokale. Juristgruppa legg til at ein ikkje i noko tilfelle kunne få med alle lovføresegner som har med bustader å gjera, til dømes føresegner om pantsetjing eller om planlegging. Notatet her tek opp tanken om ei bustadlov av ein annan karakter, nemleg ei lov som i første rekkje skal gje eit oversyn over anna lovgjeving og over bustadpolitiske verkemiddel. I tillegg kan ein ta inn i lova nokre materielle reglar som passar betre her enn i andre lover. Ei lov som i første rekkje skal gje oversyn på denne måten, kan ein kalla ei portallov eit uttrykk som vel å merke ikkje er innarbeidd frå før. 1 Ei slik lov kan tene fleire føremål: Lova kan vera ein vegvisar for styresmakter og for publikum til lovgjeving som har med bustad å gjera (2). Lova kan gje ei samanstilling av bustadpolitiske verkemiddel (3), og lova kan vera til påminning og stønad for kommunane i arbeidet med bustadoppgåvene (4). Vi skal også nemne nokre innvendingar 1 I nokre lover, til dømes kjøpslova, har ein føresegner som skal gje oversyn over dei følgjande føresegnene i eit kapittel eller underkapittel, og desse har til dels vore kalla portalføresegner. Eit døme av litt annan karakter er den nye folketrygdlova, der det er mange oversikter både innleiingsvis og i dei einskilde kapitla; føremålet er å gjera lova lettare tilgjengeleg. Uttrykket portal har elles fått auka bruk dei seinare åra i form av internettsider som gjev oversyn over og inngang til andre sider.

2 Bustadlov 2 av 7 Tydeleggjering. Samanheng Plattform for ordskifte. Innsikter som kan reisast mot ei slik lov (5). Som illustrasjon har vi teke med ei skisse til ei slik lov (6). 2 Vegvisar i lovgjevinga Ei bustadlov med tilvisingar til andre lover kan gjera det lettare å orientere seg i lovgjevinga om bustader. På det viset kan ei slik lov eit stykke på veg ta vare på dei omsyna ligg attom tanken om å samle fleire sentrale bustadlover. Oversynet kan vera til hjelp for både publikum og styresmakter. Inntrykket er at det somtid kan vera tidkrevjande også for kommunalt tilsette og for tilsette i ansvarlege departement å skaffe seg oversyn over lovgjeving med innbyrdes samanheng og med løysingar og konsekvensar som påverkar kvarandre. Kanskje bør ein også ha i tankane at mange etter kvart nyttar nettet til å slå opp i lover; samla og ajourført lovgjeving er gratis tilgjengeleg på sidene til Lovdata. Gjennom lenking (hypertekst) kan ei lov med tilvisingar til andre lover verkeleg bli ein portal, og føresegnene blir like lette å finne fram til anten dei er samla i ei lov eller spreidde på fleire lover. 3 Samanstilling av verkemiddel Ei bustadlov kan gje eit oversyn over dei viktigaste bustadpolitiske verkemidla. Verkemidla er samansette, og inntrykket er at det ikkje alltid er lett å sjå samanhengen mellom dei. Bustadpolitikken og verkemidla har endra seg mykje gjennom åra. I nokon grad kan det kanskje seiast at bustadpolitiske tiltak er mindre markerte og tydelege enn før. Prisregulering, bygging av kommunale utleigebustader, tildeling av bustader og tomter etter behovsprøving, kommunal byfornying osb. var godt synlege. Kanskje er det meir krevjande å skaffe seg oversyn over låne- garanti- og tilskotsordningar, statleg og kommunal bustønad, bygging og drift av omsorgsbustader, kommunal bustadplanlegging, individuelle bustadløysingar for vanskelegstilte personar, osb. Ei samanstilling av viktige verkemiddel (som lovgjeving, finansiering, planlegging, sosiale tenester) kan gje ei betre plattform for det bustadpolitiske ordskiftet. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at samanstillinga i seg sjølv kan skapa og halde ved like verdifulle innsikter for dei som har ansvaret for ein samla bustadpolitikk. 4 Påminning og stønad for kommunane I notatet vårt om ei lovfesting av kommunens oppgåver på bustadområdet peikte vi på at lovforma kunne brukast for å formidle informasjon og målformuleringar til kommunane. Ei slik bustadlov som vi her drøftar, har eit vidare føremål, men vil òg kunne ha dei nemnde funksjonane med omsyn til informasjon og målformuleringar. For staten kan det vera ønskjeleg å nå ut til kommunane på dette viset, men lova kan

3 Bustadlov 3 av 7 Lov berre der lovforma trengst? Tolkingstvil? Uvand form? Ikkje avgjerande Skisse som illustrasjon Innhald i skissa også vera til hjelp for kommunane i deira planlegging og prioritering. 5 Ulemper med ei bustadlov Den viktigaste innvendinga mot ei lov som i første rekkje skal vera ei portallov, er at lovforma ikkje bør brukast der ho ikkje trengst: Lov trengst der ein skal leggje rettslege plikter på private og kommunar, eventuelt der ein skal leggje plikter på staten som ikkje skal kunne endrast utan nytt lovvedtak. Det er nok så at ein finn mange lovføresegner alt i dag som meir er programfråsegner enn grunnlag for rettslege plikter, men det har uheldige sider. Særleg uryddig er det med lovføresegner som synest gje større rettar til private enn det som er realiteten. Nokre sider av det var vi inne på i notatet om lovfesting av kommunens plikter. Vidare kan det seiast at ei lov der mange av føresegnene berre viser til andre lover, kan skapa tolkingstvil: Ein må avgjera i det einskilde tilfellet om det gjeld ei rein tilvising, eller om føresegna har eit sjølvstendig innhald. Det er ei innvending i seg sjølv at denne forma for lovgjeving er uvand. Ein kan få diskusjonar om kor mykje som skal leggjast i denne lova i høve til dei lovene det blir vist til, kor fullstendig ein skal krevje at ei slik lov skal vera dersom ho først skal lagast, osb. Vi meiner at desse innvendingane ikkje treng vera avgjerande. Mykje vil avhenge av korleis ein greier å forme lova. Er ein medviten om skiljet mellom målformuleringar, reine tilvisingar og føresegner med sjølvstendig materielt innhald, kan ein nok ta omsyn til dei fleste innvendingane, og fordelane kan bli dominerande. 6 Skisse til innhald Her skal vi skissere nokre kapittel og paragrafar i ei eventuell bustadlov. Føremålet er berre å gje ein idé om korleis ei slik lov kan sjå ut. Den nærare utforminga må skje etter ei vanleg grundig lovførebuing. Det er ikkje sikkert innhaldet i føresegnene skal vera slik vi har skissert her, og vi har ikkje lagt arbeid i ei utforming med den presisjonen ein skal krevje av ein lovtekst. Vonleg kan skissa likevel illustrere kva slags lov vi har sikta til ovafor. Her har vi tenkt oss at lova kan opne med generelle føresegner om retten til bustad og om mål for bustadpolitikken. Kor konkret ein kan vera her, er eit politisk spørsmål. Vidare har vi tenkt oss at statens og kommunens oppgåver kan reknast opp dels gjennom tilvisingar til lover, dels gjennom tilvisingar til andre verkemiddel (løyvingar, planlegging, forsking m.m.). Vi har tenkt oss at dagens lovgjeving om Den norske stats husbank, som legg grunnlag for låne- og tilskotsordningar og bustønad, kan takast direkte

4 Bustadlov 4 av 7 inn i ei bustadlov. Men ein kan sjølvsagt velje tilvisingar her òg. LOV OM BUSTADER 1 Retten til bustad 1-1 Retten til bustad 2 Stat og kommune skal leggje til rette for at alle skal kunne disponere ein god og rimeleg bustad i eit godt bumiljø. 1-2 Plikt til å skaffe mellombels husrom 3 Kommunen har plikt til å skaffe mellombels husvære for dei som ikkje klarar det sjølv. 2 Statens oppgåver på bustadområdet 2-1 Lovgjeving 4 Staten skal sjå til at omsynet til bustadinteressene blir vurderte i 1 lovgjevinga om leige av husrom, først og fremst i a) lov om husleieavtaler 5 b) lov om husleieregulering c) føresegnene om tvangsfravikelse i lov om tvangsfullbyrdelse. 2 lovgjevinga om eige av bustad, først og fremst i a) lov om eierseksjoner b) lov om tomtefeste c) lov om borettslag. 2 Dette er eit døme på korleis ein kunne tenkje seg ei føresegn som har meir preg av politisk mål enn grunnlag for rettslege krav. Liknande føresegner er tekne inn i grunnlova (retten til arbeid, samisk kultur, miljø, menneskerettar). Føresegnene er ikkje utan rettsleg innhald; dei kan ha vekt ved tolking av lover, vurdering av forvaltningsskjøn m.m. (det er samansette spørsmål som ikkje skal takast opp her). Formuleringa er (tilnærma) henta frå St.meld. nr. 34 ( ) s Dette er henta frå sosialtenestelova 4-5. Eit alternativ til å flytte føresegna hit, er å ta med ei tilvising. 4 Dette underkapittelet har to funksjonar: Det gjev ein katalog over lover og delar av lover som er viktige for bustadforholda, og det gjev ei påminning om at bustadinteressene må vegast mot andre interesser i slik lovgjeving. Det siste er ikkje meir enn det som gjeld frå før, men tilhøvet blir meir synleg. Det kan vera fleire lover som bør nemnast, og det kan vera at opprekninga skal vera meir presis eller disponert annleis. 5 Her kunne ein tenkje seg å ta inn nokre stikkord om kva lovene omhandlar, men vi har ikkje gjort det i denne skissa.

5 Bustadlov 5 av 7 3 lovgjevinga om avtalar om kjøp eller oppføring av bustad og lovgjevinga om formidling av bustader, først og fremst i a) lov av avhending av fast eigedom b) lov... om avtalar med forbrukar om oppføring av bustad m.m. c) lov om boligbyggelag d) lov om eiendomsmegling e) lov om kommunal forkjøpsrett til leiegårder. 4 lovgjevinga om pant, dekningsrett, tvangsfullføring og gjeldsordning, i første rekkje a) føresegnene om pantsetjing av fast eigedom og av heimelsdokument til bustad og utlegg i slike formuesgode i lov om pant b) føresegnene om vern av bustad i lov om fordringshavernes dekningsrett c) føresegnene om tvangsdekning i lov om tvangsfullbyrdelse d) lov om gjeldsordning for privatpersoner. 5 lovgjevinga om planlegging, bygging og bygningar, i første rekkje a) plan- og bygningslova. 6 lovgjevinga om sosiale tenester, i første rekkje a) lov om sosiale tjenester. 7 lovgjevinga om skatt og avgifter, i første rekkje a) føresegnene om skatt på fordelen ved å bu, skatt på tap eller vinst ved avhending av bustad og skatt på formue i form av bustad i lov om skatt på formue og inntekt b) lov om dokumentavgift c) lov om merverdiavgift Finansiering (1) Staten skal leggje til rette for tenlege ordningar for finansiering av bygging av bustader og erverv av bustader. 6 Fleire lover kan vera aktuelle. Ein bør formulere meir detaljert kva reglar som er aktuelle for bustader i desse lovene, men vi har ikkje gjort det i denne skissa.

6 Bustadlov 6 av 7 (2) Føresegner om Den norske stats husbank er gjevne i kapittel 4 nedafor. 2-3 Bustønad (1) Etter retningsliner som Stortinget fastset, skal staten gje bustønad til personar som bur i bestemte grupper av bustader, og som buutgiftene verker særleg tyngjande for. 7 (2) Nærare føresegner om bustønad er gjevne i kapittel 4 nedafor. 2-4 Forsking og utvikling 8 (1) Staten skal fremje forsking- og utviklingsarbeid som gjeld bustadbygging og bustadspørsmål, medrekna spørsmål kring 1 planlegging og bygging av bustader 2 bukostnader 3 bumiljø 4 buforholda for vanskelegstilte grupper 5 bustadmarknaden 6 bustadlovgjeving 7 drift og forvaltning av bustader. 3 Kommunens oppgåver på bustadområdet Bustadplanlegging (1) Kommunen skal til kvar tid ha ein bustadplan som mellom anna inneheld 1 utrekningar for bustadbehovet 2 byggjeplanar 3 investeringsoversikt. 7 Dette svarar til husbanklova 16 første ledd. 8 Ein kan vurdere å nemne meir om korleis tilrettelegginga kan skje, til dømes ved løyvingar gjennom forskingsrådet, stønad til og samarbeid med særlege institutt (Byggforsk m.m.), forskingsprogram i departements regi m.m. Vidare kan ein detaljere forskingstema etter behov. Det er ikkje nødvendig med lovreglar om dette, men ved å nemne forskinga her, får ein fram at dette også er eit verkemiddel i bustadpolitikken. 9 Det som står her om kommunale oppgåver, byggjer dels på den nyaste bustadmeldinga, men formuleringane er reint førebels. Føremålet er i første rekkje å gjera kommunens ansvar meir synleg, dernest å laga ei hugseliste. Føresegnene kan sikkert vera meir detaljerte, til dømes ved at ein nemner kommunens ansvar for utbygging av tekniske anlegg, skular, barnehagar osb.

7 Bustadlov 7 av 7 (2) Bustadplanen skal samordnast med kommunens planarbeid etter plan- og bygningslova og lov om kommuner og fylkeskommuner. 3-2 Tomteforsyning (1) Kommunen skal leggje til rette for at det til kvar tid er tilstrekkeleg med byggjeklare tomter, mellom anna gjennom 1 planarbeidet 2 kjøp, utvikling og vidaresal av tomter, anten gjennom kommunen eller selskap som kommunen eig åleine eller saman med andre 3 samarbeid med andre kommunar eller med private. 3-3 Sosiale tenester (1) Kommunen skal leggje til rette for at dei som på grunn av sjukdom, funksjonshemming, økonomi eller livssituasjon elles ikkje sjølve kan skaffe ein høveleg bustad, likevel kan få ein verdig busituasjon, til dømes ved 1 utleige av bustad i kommunale eigedommar eller i eigarseksjonar eller burettslagsbustader som kommunen disponerer 2 lån, garanti eller tilskot til kjøp av bustad 3 tilskot til bukostnader 4 lån eller tilskot til bustadbyggjelag, stiftingar eller andre som skal skaffe høvelege bustader. (2) Nærare føresegner om sosiale tenester finst i lov om sosiale tjenester. 4 Husbanken Organisering 4-2 Lån 4-3 Tilskot 4-4 Bustønad ooooooooo 10 Her kan ein ta inn dagens husbanklov, eller ein kan revidere reglane; vi rår til det siste. I denne skissa er det nok å nemne dei mest aktuelle emna.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968 Kommunale utleigebustader - Status Gaupne og bygging Indre Hafslo og Veitastrond. Rådmannen si tilråding: 1)Kommunestyret har ikkje

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32 Kjøp av husvære Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSOPPLYSNINGAR Behov Kommunstyret

Detaljer

Forskrift om bustøtte

Forskrift om bustøtte Forskrift om bustøtte DATO: FOR-2012-11-29-1283 DEPARTEMENT: KRD (Kommunal- og regionaldepartementet) PUBLISERT: I 2012 hefte 14 s 2412 IKRAFTTREDELSE: 2013-01-01 ENDRER: FOR-2009-06-19-699 GJELDER FOR:

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Fast eigedoms rettsforhold

Fast eigedoms rettsforhold Fast eigedoms rettsforhold Våren 2010 Kåre Lilleholt Emnet Rettsreglar som gjeld fast eigedom eigedomsrett og avgrensa rettar til fast eigedom inndeling av fast eigedom erverv av rett til fast eigedom

Detaljer

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter Bustønad 2008 Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter 2 Denne brosjyren gir eit oversyn over bustønadskontoret. Brosjyren byggjer på gjeldande reglar per 1. januar 2008. Vi gjer

Detaljer

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE 2013-2025 Innleiing Bø kommune treng som vekst- og skulekommune ein plan for bustadpolitikk. Formålet med planen er å beskrive kva for behov og utfordringar kommunen

Detaljer

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015) LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015) 1 LAGSFØREMÅLET Laget vil samla norsklyndt bondeungdom til samvære på heimleg grunn og gjeva landsungdom i hovudstaden

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

Lov om endringer i lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova) mv.

Lov om endringer i lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova) mv. Lov om endringer i lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova) mv. Ot.prp. nr. 52, Innst.O. nr. 122 og Besl.O. nr. 105 (2004-2005). Odels- og lagtingsvedtak hhv. 9. og 14. juni 2005. Fremmet

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013 Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013 til prosjektgruppene dagsett 20.mars Delprosjekt 1 Administrativ organisering Administrative arbeidsprosessar 1. Delprosjektet skal ta utgangspunkt i den administrative

Detaljer

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver Bustadplan og-utvikling i Sogn Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver Husbankens rolle er å supplere Ikkje en generell bustadbank Regjeringens viktigste reidskap til å oppnå målsetningar

Detaljer

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF 2014-2017 1 Innhold Innleiing... 3 Organisering i dag... 3 Ulike bustadar... 3 Tomtar... 4 Økonomi... 4 Antal ledige leilegheiter pr. september 2013

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger Bustadmarknaden i Sogn Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger Bakgrunn Mangel på adekvate bustader for sal eller leige er i stigande grad dei siste åra trekt fram som ein viktig

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune.

Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune. Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune. Heimel: Denne forskrifta er fastsett av Fitjar kommunestyre 19\12 2012 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) 21,

Detaljer

Helhetlige planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken

Helhetlige planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken Helhetlige planer og strategier for boligetablering Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken Nasjonale føringar for bustadpolitikken 2 Bustadpolitikk i praksis Kommunen som samfunnsutviklar Alle

Detaljer

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet SPRÅKRÅDET Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006 Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret 19. juni 2014 Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no

Detaljer

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan Lærdal kommune Prosjektplan for utarbeiding av Bustadpolitisk handlingsplan 2018-2027 Prosjektfase: Hovudprosjekt Ein bustadpolitisk plan er er eit politisk styringsverktøy som fastset mål, tiltak og prioriteringar

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap) Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap) I K K E A J O UR FØ R T I K K E A J O UR FØ R T I K K E A J O UR FØ R T I K K E A J O UR FØ R T Dato LOV 2013 06 21 64 Departement Barne, likestillings

Detaljer

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07 Privat forslag til reguleringsplan ANGELTVEIT VEST Gnr/Bnr - 23/ 4 og 6 m.fl. Fjell Kommune FØRESEGNER 1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: I II III

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Startlån. ei gunstig låneordning frå kommunen

Startlån. ei gunstig låneordning frå kommunen Startlån ei gunstig låneordning frå kommunen Startlån Her finn du informasjon om kommunen sitt startlån. Du finn òg kortfatta informasjon om andre ordningar som kan vere aktuelle i samband med bustadsituasjonen

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd Servicetorgsjefen Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet postmottak@bld.dep.no Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/2792-2652/2015 Unni Rygg - 55097155 05.02.2015 Høyringsuttale - Tolking

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015 Leikanger kommune BUSTADGRUPPA Sluttrapport 28 mai 2015 1 Innhold Tilbakeblikk... 3 Oppfølging i 2015... 4 Vurdering av dei ulike behova... 5 Samla behov for nye bustader... 9 Framtidsbilde-folketalsframskriving

Detaljer

BUSTADPOLITISK PLAN FOR MIDSUND

BUSTADPOLITISK PLAN FOR MIDSUND 30.01.07 BUSTADPOLITISK PLAN FOR MIDSUND 2007 2011 Godkjent i kommunestyret den 15.02.07 sak 07/12 1 1 FORORD...2 2 FAKTA OM MIDSUND KOMMUNE...3 2.1 STATISTISKE NØKKELDATA FOR MIDSUND KOMMUNE / ( MØRE

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 09/1467-19413/09 Saksbeh.: Jofrid Fagnastøl Arkivkode: PLAN soneinndeling Saksnr.: Utval Møtedato 109/09 Formannskap/ plan og økonomi 05.11.2009 SAMLA SAK - DETALJREGULERINGSPLAN

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyret 19 juni 2014 FORORD Hovudoppdraget for alle som arbeider i Masfjorden kommune er å yte kommunale tenester av beste kvalitet. Den einskilde sin

Detaljer

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane LOV 2012-06-22 nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane DATO: LOV-2012-06-22-44 DEPARTEMENT: FIN (Finansdepartementet) PUBLISERT: I 2012 hefte 8 IKRAFTTREDELSE:

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2015 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg 06.02.18. Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss Innhold KAPITTEL 1. INNLEIANDE REGLAR... 2 1. Formål... 2 2. Virkeområde...

Detaljer

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1 FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1. OMFANG Denne forskrifta gjeld for dei studieprogramma som institusjonen vedtek å opprette. 2. DEFINISJONAR 2.1.

Detaljer

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG Stikkord for innhald Retningsliner for behandling av anleggsbidrag og botnfrådrag er eit dokument som skal vere underlaget for likebehandling

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Styresak. Bakgrunn: Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 25.10.2006. Saka gjeld: Retningsliner for selskapsetablering

Styresak. Bakgrunn: Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 25.10.2006. Saka gjeld: Retningsliner for selskapsetablering Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 25.10.2006 Sakhandsamar: Ivar Eriksen Saka gjeld: Retningsliner for selskapsetablering Arkivsak 2006/351/011 Styresak 103/06 B Styremøte 08.11.

Detaljer

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE 1. INNLEIANDE REGLAR 1 Føremål Retningslinene skal leggje til rette for at personar som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser i bustadmarknaden,

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Tilleggsinnkalling til Formannskapet Tilleggsinnkalling til Formannskapet Møtedato: 27.10.2015 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 09:00 - Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Bystyret 02.10.2012 Sakshandsamar: Terje Heggheim Arkiv: K1-614, K3-&50 Objekt: Arkivsaknr 09/1411 KJØP AV FLORØ SJUKEHUS Kva saka gjeld: Flora kommune må ta stilling

Detaljer

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn Årdal kommune Telefon: 57 66 50 00 E-post: postmottak@ardal.kommune.no Hjemmeside: http://www.ardal.kommune.no ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn Rettleiing Opplysningar om kjøpar: Er det fleire som

Detaljer

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997 Hovden del2 reguleringsplan frå 1997 Kvifor Utgangspunktet var behovet for revisjon av Hovden del 2 (1997) Målsetting for planarbeidet. Føremålet med planen er å disponere areal og ressursar på Hovden

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Synspunkter på Bygningsmeldinga

Synspunkter på Bygningsmeldinga Synspunkter på Bygningsmeldinga Boligprodusentenes forening 7. nov 2012 ved stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter (FrP) Bygningsmeldinga Meld. St. 28 (2011 2012) Melding til Stortinget Gode bygg for

Detaljer

Bustadarbeid Ullensvang herad. Kjellrun Tveisme

Bustadarbeid Ullensvang herad. Kjellrun Tveisme Bustadarbeid Ullensvang herad Kjellrun Tveisme Fakta om Ullensvang herad Innbyggjarar: ca 3.400 Areal: 1.392,7 km 2 Husbanken Rådgivar og samarbeidspart Startlån og tilskudd til enkteltpersonar Grunnlån

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom

Detaljer

FINANSIERING AV BYGGJEPROSJEKT

FINANSIERING AV BYGGJEPROSJEKT FINANSIERING AV BYGGJEPROSJEKT Informasjonsmøte om bustadbygging i Tørvikbygd Lars Kristian Vikøy Banksjef i DNB Bank ASA Tema Bustadmarknaden i Tørvikbygd Byggja i eigen regi eller nøkkelferdig hus? Krav

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/ OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/ OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/1992-2 Planlagt behandling: Hovudutval for helse og velferd Formannskapet OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/2350-21542/2014 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 09.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Drøftingssak - Eigarskapsmelding 2015 Samandrag

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/14 05.06.2014 Kommunestyret 41/14 19.06.2014

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/14 05.06.2014 Kommunestyret 41/14 19.06.2014 Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 202 2012/1256-7 Jan Arvid Setane 26.05.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/14 05.06.2014 Kommunestyret 41/14 19.06.2014 Prinsipp

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Retten til spesialundervisning

Retten til spesialundervisning Retten til spesialundervisning Elevens individuelle rett til spesialundervisning Gunda Kallestad OT/PPT Opplæringslova 5-1, første ledd Elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Ny strategiplan for Høgskulen

Ny strategiplan for Høgskulen Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla

Detaljer

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015 Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO Gjeld frå 1. januar 2015 1 Innhald Innleiing... 3 Del 1: Reglar om inhabilitet... 4 1.1. Automatisk

Detaljer

Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar. Bustadseminar Sogn Regionråd

Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar. Bustadseminar Sogn Regionråd Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar Bustadseminar Sogn Regionråd Bidra til utvikling av attraktive stader samle og formidle forskings- og erfaringsbasert kunnskap om bustad og bustadmiljø

Detaljer

ehandel og lokalt næringsliv

ehandel og lokalt næringsliv ehandel og lokalt næringsliv Kvifor ehandel? Del av regjeringas digitaliseringsarbeid det offentlege skal tilby digitale løysingar både til enkeltpersonar og næringsliv Næringslivet sjølve ønskjer ehandel

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto TILSYNSRAPPORT første halvår 2012 - ei evaluering av marknadsføring frå januar til og med juni månad 2012 Tilsynsrapport marknadsføring nr. 2012-12 Lotteritilsynet

Detaljer

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest Oppgradering av eksisterende boligmasse Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest Husbankens mål og arbeid Oppgradering av eksisterande bustadar Fleire bustadar og bygg skal

Detaljer

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Internasjonal vidaregåande skule

Internasjonal vidaregåande skule Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing

Detaljer

VEDTEKT av februar 2007

VEDTEKT av februar 2007 IKS VEDTEKT av februar 2007 Vedteken i følgjande kommunar: Bokn Etne Haugesund Tysvær Vindafjord Vedtekt av februar 2007 Side 1 av 5 INNHALD Side 1. Heimel... 2 2. Deltakarar... 2 3. Føremål... 2 4. Hovudkontor...

Detaljer

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE postmottak@skodje.kommune.no Kva er ein dispensasjon? Ein dispensasjon er eit vedtak som innber at det blir gitt eit unntak frå føresegner

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

FJELL KOMMUNE Rådmannen Dato: 08.07.2013 Vår ref.: 2013/1832-15537/2013 Ark.kode:

FJELL KOMMUNE Rådmannen Dato: 08.07.2013 Vår ref.: 2013/1832-15537/2013 Ark.kode: FJELL KOMMUNE Rådmannen Dato: 08.07.2013 Vår ref.: 2013/1832-15537/2013 Ark.kode: Notat Til: Kommunestyret Frå: Rådmannen Saksbehandlar: Lillian Torsvik Gjeld: Oversyn over ikkje pålagte kommunale oppgåver

Detaljer

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE Vedteke i kommunestyre 20.06.2013 1 Drift: Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift. Barnehagane skal drivast

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert 26.03.2014

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert 26.03.2014 Vedtekter for barnehagane i Austrheim Oppdatert 26.03.2014 Innhald: side 1. Føremål 4 2. Forvaltning 4 3. Opningstider/barnehagerute 4 4. Ferieavvikling for barn 5 5. Areal 5 6. Betalingssatsar 5 7. Opptak

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG Høyringsnotat Lovavdelinga Juni 2014 Snr. 14/3811 OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit utkast til

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer