VEDLEGG TIL LØNSPOLITISK PLAN FOR SAMNANGER KOMMUNE
|
|
|
- Toril Eggen
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 VEDLEGG TIL LØNSPOLITISK PLAN FOR SAMNANGER KOMMUNE (Ajourført ) VEDLEGG A. OVERSIKT OVER LOKALE AVTALAR OG VEDTAK I dette vedlegget følgjer oversikt over lokale avtalar og vedtak knytt til løn for tilsette i Samnanger kommune. Kapitlet er delt inn vedtak som er gjort av politiske organ i kommunen, og avtalar/vedtak som er gjort av administrasjonssjef. A.1 Avtalar/vedtak gjort av politiske organ A.1.1 Løn til høgskulestudentar Vedteke av Administrasjonsutvalet Frå gjeld følgjande reglar for løn til høgskule-/universitetsstudentar som arbeider i assistentstillingar i Samnanger kommune: Studentar som arbeider innanfor nøyaktig det fagområdet dei tek utdanning i: Studentar med eitt år tilbakelagt relevant studium vert løna tilsvarande minsteløn for ufaglært med 8 års lønsansiennitet. Studentar med minst to år tilbakelagt relevant studium vert løna med årsløn på kr lågare enn minsteløn for stillingar med krav om høgskuleutdanning (med 0-4 års lønsansiennitet), for tida kr Desse reglane gjeld for studentar som ikkje er omfatta av reglar i hovudtariffavtalen som gir betre vilkår. Studentar som ikkje arbeider innanfor nøyaktig det fagområdet dei tek utdanning i, men der utdanninga er delvis relevant: Studentar med minst to år tilbakelagt relevant studium vert løna etter hovudtariffavtalen sin minstelønstabell for stillingar med krav om fagbrev/tilsvarande. Løna vert fastsett etter faktisk lønsansiennitet. A.1.2 Godtgjersle for flagging Vedteke av Administrasjonsutvalet : Flaggheising på dei kommunale bygga vert gjennomført av tilsette på avdeling for drift og vedlikehald. Det vert betalt godtgjersle for heising og firing av flagga på helge- og høgtidsdagar med til saman 4 timar pr. gong. Dei same personane får ansvar for firing av flagga på arbeidsdagar. Det vert her betalt godtgjersle for 2 timar. 1
2 Avdeling for bygg opphøyrde som eiga avdeling , i samband med omorganisering av teknisk eining. Ansvar for heising og firing av flagg ligg i dag til avdeling for drift og vedlikehald i teknisk eining. A.1.3 Godtgjersle for deltaking på personalmøte Vedteke av Administrasjonsutvalet : Alle personalmøte skal i hovudsak leggjast til den tida det høver best for drifta av eininga og kor flest mogleg er på jobb. Om nokon må møte fram utanom arbeidstida skal dette godtgjerast etter reglane i hovudtariffavtalen og i personalhandboka. A.1.4 Særavtale for leiarar løna etter HTA kap. 3 pkt Lokal særavtale for to leiarar løna etter HTA kap. 3 pkt vart inngått Følgjande leiarar er løna etter denne avtalen: Rådmann Assisterande rådmann A.1.5 Lokale reglar for utrekning av lønsansiennitet A Lønsansiennitet ved overgang til anna stilling i kommunen Administrasjonsutvalet fatta vedtak om lokale reglar for lønsansiennitet for tilsette i Samnanger kommune. For å unngå misforståingar om korleis vedtaket skal forståast har det vore nødvendig å utarbeida nokre forklaringar/presiseringa av vedtaket. Dette vart gjort i samarbeid med ordførar og Norsk Kommuneforbund Samnanger (no Fagforbundet Samnanger). Vedtaket var som følgjer: Lønsansiennitet for tilsette i Samnanger kommune skal fastsetjast ut frå reglane i hovudtariffavtalane. Lønsansiennitet vert fastsett ved tilsetting. Ved overgang til anna stilling i kommunen skal det fastsetjast ny lønsansiennitet dersom reglane for utrekning av lønsansiennitet er ulik for den nye stillinga enn for den gamle. Unntateke frå dette er omgjering av stilling som følgje av utdanning og/eller endra arbeidsoppgåver. I slike tilfelle skal den tilsette behalda tidlegare fastsett lønsansiennitet, jf. reglar i Hovudtariffavtalen Ved overgang til ny stilling i kommunen frå ufaglært til faglært beheld den tilsette tidlegare fastsett ansiennitet. I tillegg har me ei grå sone på 6 mnd. dvs. eit avbrekk på tilsettingstilhøve. Forklaring/presisering av vedtaket: Ved overgang til ny stilling i kommunen frå ufaglært til faglært beheld den tilsette tidlegare fastsett ansiennitet. Det er her tenkt på tilsette i stillingar utan krav til fagutdanning som tek fagutdanning medan dei er tilsett i kommunen. Dersom desse etter avslutta fagutdanning søkjer på og blir tilsett i utlyst stilling med krav til fagutdanning skal det ikkje reknast ny lønsansiennitet. Med omgrepet faglært meinest her tilsette i stillingar som er løna i gruppa Fagarbeidarstillingar/tilsvarande fagarbeidarstillingar i hovudtariffavtalen. Tilsette som tek høgskuleutdanning og på bakgrunn av det vert tilsett i utlyst stilling med krav til høgskuleutdanning kjem ikkje inn under dette punktet. D.v.s. at det skal reknast ny lønsansiennitet i slike tilfelle. I tillegg har me ei grå sone på 6 mnd. dvs. eit avbrekk på tilsettingstilhøve. Hovudregelen i hovudtariffavtalen er at lønsansiennitet skal fastsetjast ved tilsetting. Føremålet med dette punktet i vedtaket er å sikra at tilsette som sluttar i kommunen, men som kjem tilbake til stilling i kommunen innan 6 månader ikkje skal få rekna ny lønsansiennitet. D.v.s. at dei også skal behalda evt. tidlegare godskriven lønsansiennitet for arbeid i heimen og all privat og offentleg praksis frå fylte 18 2
3 år. Dette punktet må likevel sjåast i samanheng med resten av vedtaket, d.v.s. at 6-månadersregelen ikkje gjeld ved overgang til stilling med krav til høgskuleutdanning. A Lønsansiennitet for ekstrahjelp/mellombels tilsette Administrasjonsutvalet vedtok følgjande lokale reglar om lønsansiennitet for korttidsvikarar/ekstrahjelparar: Lønsansiennitet for ekstravakter/mellombels tilsette skal generelt fastsetjast ut frå reglane i hovudtariffavtalane, d.v.s. at lønsansiennitet skal fastsetjast ved tilsetjing. Av praktiske omsyn vert likevel følgjande presisering gjort gjeldande i Samnanger kommune med verknad frå : Lønsansiennitet skal reknast ut første gong det vert inngått avtale med ein person om ekstravakt/mellombels arbeid. Det skal seinare reknast ut ny lønsansiennitet dersom personen har ein pause i tilsetjingsforholdet sitt i kommunen på meir enn 1 månad. o D.v.s. at det skal reknast ut ny lønsansiennitet dersom det er meir enn 1 månad sidan personen hadde si forrige ekstravakt, eller sidan forrige mellombels arbeidsavtale vart avslutta. Når det vert rekna ut ny lønsansiennitet, er det dei vanlege reglane i hovudtariffavtalen som gjeld. D.v.s. at ekstravakter/timelønte må ha arbeidd i gjennomsnitt 14 timar eller meir over ein periode på ½ år for å få godkjent arbeid som ekstravakt i lønsansienniteten. Ved fast tilsetjing eller tilsetjing i vikariat over 6 månader skal det reknast ut ny lønsansiennitet etter reglane i hovudtariffavtalen. Einingane har ansvar for å rekna ut ny lønsansiennitet i dei tilfella dette skal gjerast, og melda denne inn til lønskontoret. A.1.6 Sjukeløn for ekstrahjelp/korttidsvikarar Administrasjonsutvalet vedtok følgjande lokale reglar om sjukeløn for ekstrahjelparar/korttidsvikarar: Følgjande reglar for sjukeløn for ekstrahjelp/korttidsvikarar vert gjort gjeldande i Samnanger kommune med verknad frå : Ein person har rett til sjukeløn for alle avtalte vakter frå den dagen ein tiltrer, d.v.s. når ein fysisk møter opp på arbeidet. Dersom det er mindre enn 14 kalenderdagar sidan førre ekstravakt/arbeidsdag i kommunen, og det vert inngått ny avtale om ekstravakt/ekstravakter (d.v.s. at pausen mellom vaktene er kortare enn 14 dagar), vil vedkomande ha rett til sjukeløn for dei avtalte vaktene. Denne retten gjeld sjølv om vedkomande vert sjukemeld før den første avtalte vakta i den nye perioden tek til. A.1.7 Vidareføring av lokale lønstillegg ved skifte av stillingsinnehavar Administrasjonsutvalet vedtok følgjande lokale reglar om vidareføring av lokale lønstillegg ved skifte av stillingsinnehavar: Nytilsette i ei stilling skal som hovudregel få same lokale lønstillegg som andre tilsette i stillingsgruppa har, dersom det er gitt eit generelt lokalt lønstillegg til denne stillingsgruppa. Eventuelt lønstillegg som vert gitt til nytilsette skal så langt som mogleg takast vekk dersom det generelle lønstillegget for stillingsgruppa fell vekk. Det vil seia at 3
4 lønstillegget må gjevast på same vilkår for nytilsette som for tilsette som allereie har tillegget. Vikarar: Fast tilsette som går i vikariat (i same type stilling) i tillegg til eller i staden for i den faste stillingsprosenten sin, skal ha det same lønstillegget i vikariatet som dei har i den faste stillinga si. Andre vikarar skal normalt ikkje ha lønstillegget for stillingsgruppa. Det kan gjerast unnatak frå dette dersom det av rekrutteringsmessige omsyn er nødvendig for å få tilsett kvalifisert vikar. For godtgjersle til vikarar som kjem inn under reglane om stadfortredargodtgjersle, vert det vist til 13 i Hovudtariffavtalen. A.1.8 Kompensasjon for bruk av privatbil i tenesta Administrasjonsutvalet vedtok følgjande reglar om økonomisk kompensasjon for bruk av privatbil i tenesta: Samnanger kommune innfører frå følgjande ordning for kompensasjon for bruk av privatbil i tenesta: Gruppe 1: Tilsette som i utføringa av arbeidet sitt må bruka privatbil i gjennomsnitt minst 3 dagar pr. veke og som i tillegg køyrer mellom 500 og 1500 kilometer tenestekøyring pr. år. Kompensasjon på 6000 kroner pr. år (endra til 7706 kroner frå ). Gruppe 2: Tilsette som i utføringa av arbeidet sitt må bruka privatbil i gjennomsnitt minst 3 dagar pr. veke og som i tillegg køyrer meir enn 1500 kilometer tenestekøyring pr. år. Kompensasjon på kroner pr. år (endra til kroner frå ). Kompensasjonen kjem i tillegg til vanleg kilometergodtgjersle. Ved vurderinga av kven av dei tilsette som kjem inn under ordninga, vert køyrde kilometer i 2010 lagt til grunn. Køyring i samband med kurs/konferansar utanfor kommunen skal ikkje telja med. Ved seinare vesentleg endring i køyrde kilometer pr. år, skal det gjerast ei ny vurdering. Einingsleiarane må vurdera kven av dei tilsette som i utføringa av arbeidet sitt i gjennomsnitt må bruka privatbil minst 3 gongar pr. veke. Både einingsleiarar og tilsette har ansvar for å melda frå til personalkontoret dersom omfanget av tenestekøyring endrar seg at den tilsette ikkje lenger har rett til kompensasjon, eller at den tilsette må skifta gruppe. Ordninga gjeld ikkje for tilsette som har andre ordningar/avtalar om kompensasjon for bruk av privatbil i arbeidet. 4
5 Det skal inngåast individuell avtale mellom arbeidsgjevar og kvar enkelt tilsett som vert omfatta av ordninga. Heimel for ordninga er 4 i Særavtale SGS 1001 Reiseregulativet. Administrasjonsutvalet vedtok å auka satsen for Gruppe 1 til 7074 kroner og satsen for Gruppe 2 til kroner. Endringane gjaldt frå Administrasjonsutvalet vedtok òg at etter skal satsane regulerast automatisk når det vert gjort endringar i maksimumssatsen i sentral særavtale SGS 1001 (Reiseregulativet). Satsane i SGS 1001 vart endra Som følgje av dett vart satsane i Samnanger kommune auka til 7706 kroner for Gruppe 1 og kroner for Gruppe 2 frå og med (Sjå også punkt A.2.7 nedanfor.) A.1.9 Satsar for omsorgsløn Kommunestyret vedtok følgjande reglar om betalingssatsar til personar med omsorgsløn: Omsorgsløn vert heva til kr i full stilling. Satsane vert vidare regulert i samsvar med generell lønsauke i off. sektor. Vedtaket for omsorgsløn vert gjeldande frå A.1.10 Lønstillegg til uorganiserte i lokale lønsforhandlingar Administrasjonsutvalet gjorde følgjande vedtak om lønstillegg til uorganiserte i lokale forhandlingar for tilsette løna etter kapittel 4 i Hovudtariffavtalen: Ved lokale lønsforhandlingar i Samnanger skal uorganiserte tilsette kun få tilbod om lønsauke i "første tilbodet" frå arbeidsgjevar. Resten av potten skal fordelast etter forhandlingar mellom dei fagorganiserte i kap 4. A.2 Avtalar/vedtak gjort av rådmannen Rådmannen har mynde til å reforhandla avtalar som er inngått mellom rådmannen og fagforeiningane i kommunen. Rådmannen har òg mynde til å endra administrative vedtak. A.2.1 Avtale for brannbefal Lokal avtale for brannbefal vart inngått Denne regulerer arbeids- og lønsvilkår for brannbefal i kommunen. Avtalen vart i mai 2009 supplert med vedtak om økonomisk godtgjersle til brannbefal for utrykkingsansvar på førsteresponderbil. A.2.2 Avtale for deltids brannmannskap Lokal avtale for deltids brannmannskap vart inngått Denne avtalen regulerer arbeids- og lønsvilkår for deltids brannmannskap i kommunen. 5
6 A.2.3 Avtale om snøbrøyting Lokal avtale om snøbrøyting vart inngått Avtalen regulerer arbeids- og lønsvilkår i samband med snøbrøyting utført av kommunalt tilsette. A.2.4 Avtale om arbeidstøy Lokal avtale om arbeidstøy vart inngått Avtalen er basert på sentral særavtale SFS 1002 og inneheld utdjupande lokale reglar om arbeidstøy for tilsette i kommunen. A.2.5 Avtale om teknisk heimvakt Lokal avtale om teknisk heimevakt vart inngått Avtalen regulerer arbeids- og lønsvilkår for tilsette i teknisk eining som deltek i ordninga med teknisk heimevakt. A.2.6 Avtale om heimevakt IKT Lokal avtale om heimevakt IKT vart inngått Avtalen regulerer arbeids- og lønsvilkår for tilsette i IKT-avdelinga som deltek i ordninga med IKT-heimevakt. A.2.7 Verknadsdato for kompensasjon for bruk av privatbil i tenesta Rådmannen (v/stabssjefen) gjorde følgjande vedtak om verknadsdato for kompensasjon for bruk av privtabil i tenesta (ref. Administrasjonsutvalet sitt vedtak i punkt A.1.8 ovanfor): Verknadsdato for kjøregodtgjersle vert fastsett slik: 1. Om den tilsette går inn i ei stilling der einingsleiar veit at det blir mykje kjøring i arbeidssamanheng, bør einingsleiar rapportera dette så snart som mogleg for at avtale kan inngåast med den tilsette så snart som mogleg etter tilsetjinga. Verknadsdato frå tilsetjingsdato. 2. Om det er tvil om stillinga kjem inn under ordninga, eller tvil om den tilsette kjem inn under Gruppe 1 ( km/år) eller Gruppe 2 (over 1500 km/år), bør einingsleiar rapportera dette etter ei tids erfaring. Verknadsdatoen kan då vera tilsetjingsdato eller eventuelt ein seinare dato om behovet for kjøring med privatbil aukar. I tilfelle vil det vera nødvendig å etterbetala frå avtaledato. A.2.8 Arbeidstid for einingsleiarar i Samnanger kommune Rådmannen vedtok reglement for arbeidstid for einingsleiarar i Samnanger kommune. I reglementet går det mellom anna fram at einingsleiarane er unnatekne frå dei fleste arbeidstidsreglane i kapittel 10 i arbeidsmiljølova. Reglementet inneheld også reglar om kompensasjon for møteverksemd/anna særskild belastning. 6
7 VEDLEGG B. LOKALE LØNSFORHANDLINGAR Lønspolitisk drøftingsmøte Ref. reglar i HTA kapittel 3, pkt og vedlegg om god forhandlingsskikk vedkomande innhaldet i møtet. Lønspolitisk drøftingsmøte skal gjennomførast minst 2 månader før første dato for lokale lønsforhandlingar etter HTA kapittel 3, 4 og 5. Lønspolitisk drøftingsmøte vert normalt gjennomført felles for tilsette løna etter kapittel 3, 4 og 5 i HTA. Alle fagforeiningar som har medlemmer i kommunen har høve til å delta på lønspolitisk drøftingsmøte. Arbeidsgjevar har ansvar for at alle fagforeiningane som ein veit har medlemmer i kommunen, blir innkalt. Dersom partane er samde om at det er behov for det, kan det gjennomførast fleire lønspolitiske drøftingsmøte i løpet av eitt år. På lønspolitisk drøftingsmøte skal partane avtala følgjande forhold i samband med lokale lønsforhandlingar: Dato(ar) for forhandlingane Frist for innlevering av krav frå foreiningane. Fristen skal vera minst 14 dagar før første forhandlingsdag. Val av to representantar frå fagforeiningane, som saman med kommuneadministrasjonen skal rekna ut forhandlingspotten for forhandlingar etter HTA kap. 4A pkt. 4.A.1. Val av to representantar frå fagforeingingane som saman med kommuneadministrasjonen skal trekkja kva rekkefølgje fagforeiningane skal forhandla i (dette vil vera dei same representantane som blir valt til å rekna ut forhandlingspotten). Fastsetjing av når forhandlingsresultatet skal gjerast offentleg. Normalt vil dette vera 2 3 arbeidsdagar etter siste forhandlingsdag. Bakgrunnen for dette er at fagforeiningane skal ha høve til å varsla medlemmer som har fått tillegg i forhandlingane før resultatet vert gjort offentleg. Fastsetjing av dato for evalueringsmøte etter forhandlingane. Normalt skal evalueringsmøte haldast innan 1 månad etter forhandlingane. Lokale forhandlingar etter HTA kapittel 4A, pkt. 4.A.1 Rammene for forhandlingane er som følgjer: Forhandlingane skal generelt gjennomførast etter reglar i HTA om god forhandlingsskikk (vedlegg til HTA), og etter dei føringar som er avtalt av dei sentrale tariffpartane. Arbeidsgjevar er representert med eit administrativt forhandlingsutval. Kommunestyret har delegert ansvaret for dei lokale forhandlingane til rådmannen. Rådmannen peikar ut medlemmene i forhandlingsutvalet I arbeidsgjevar sitt forhandlingsutval skal det normalt vera 2 personar, i tillegg til ein sekretær. Forhandlingane vert gjennomført som sentraliserte forhandlingar, d.v.s. at dei ikkje vert lagt ut på einingsnivå. Alle fagforeiningar som har medlemmer i kommunen har høve til å reisa krav i dei lokale forhandlingane, og dermed også til å forhandla. Fagforeiningane avgjer sjølve kven som skal representera dei i forhandlingane. Dersom fagforeiningane ønskjer det, kan dei la andre fagforeiningar forhandla for seg, for eksempel ved å ta i bruk forhandlingssamanslutningsmodellen. Personalkontoret må i så fall få melding om dette seinast 14 dagar før første forhandlingsdag. 7
8 Fagforeiningar med færre enn 10 medlemmer i kommunen har høve til å møta med 1 forhandlarar. Fagforeiningar med mellom 10 og 50 medlemmer har høve til å møta med 2 forhandlarar. Fagforeiningar med meir enn 50 medlemmer har høve til å møta med 3 forhandlarar. Fagforeiningane skal primært stilla med forhandlarar som er tilsette i Samnanger kommune. I ein del tilfelle kan dette vera vanskeleg å få til (primært for fagforeiningar utan tillitsvalde i kommunen). Foreiningar som vil stilla med forhandlarar som ikkje er tilsett i kommunen, må melda frå om dette til personalkontoret seinast 1 veke før første forhandlingsdag. Dersom spesielle årsaker tilseier det, kan det avtalast med personalkontoret at forhandlingane skal gjennomførast over telefon. Avtale må gjerast seinast 1 veke før første forhandlingsdag. Det er ikkje ønskjeleg at personar forhandlar for seg sjølve, i alle fall ikkje dersom lønskravet går på personlege vurderingar/individuelle forhold. Prosedyre for gjennomføring av forhandlingane. Seinast 10 dagar før forhandlingane skal kommuneadministrasjonen senda ut innkalling til fagforeingane, der forhandlingspotten/forhandlingspottane, tidsplan for første og andre forhandlingsdag, samt forhandlingsrekkefølgje skal framgå. Arbeidsgjevar har plikt til å vurdera også uorgansierte arbeidstakarar i samband med lokale lønsforhandlingar. Arbeidsgjevar skal orientera fagforeiningane om lønsendringar til uorganiserte arbeidstakarar i samband med lokale forhandlingar. Arbeidsgjevar presenterer og delar ut sitt første tilbod før forhandlingane tek til. Dette tilbodet skal ikkje omfatta meir enn 50% av forhandlingspotten. Tilbodet skal omfatta både organiserte og eventuelle uorganiserte arbeidstakarar. Det skal førast reelle forhandlingar om heile forhandlingspotten, ref. likevel punktet om uorganiserte arbeidstakarar. Partane har teieplikt under forhandlingane. Resultatet av forhandlingane er offentleg frå det tidspunktet partane vert einige om på lønspolitisk drøftingsmøte. Fagforeiningane avgjer sjølve om dei vil underskriva forhandlingsprotokoll før fordelinga av heile forhandlingspotten er klar. Sjå punkt A.1.10 om reglar for lønstillegg til uorganiserte i lokale lønsforhandlingar (vedtak i administrasjonsutvalet ). Ved brot i forhandlingane skal reglane om anke i HTA kapittel 4A pkt. 4.A.1 følgjast. Årleg lønsregulering etter HTA kapittel 5 pkt. 5.2 Årleg lønsregulering etter HTA kapittel 5 pkt. 5.2 vert gjennomført som forhandlingar mellom dei lokale partane. Prosedyren for desse forhandlingane vil i hovudsak vera identisk som for forhandlingar etter HTA kapittel 4A pkt. 4.A.1. Følgjande forhold er ulike for forhandlingane etter HTA kapittel 5 pkt. 5.2 i forhold til forhandlingar etter HTA kapittel 4A pkt. 4.A.1: Forhandlingane skal gjennomførast i løpet av ein dag. Det er ingen forhandlingspott Ved brot i forhandlingane gjeld reglane om anke i HTA kap. 5 pkt Samnanger kommune vil ikkje nytta seg av pendelvoldgift ved usemje i lokale lønsforhandlingar. Verknadsdato for forhandlingane er normalt 1. mai i forhandlingsåret Særskilte forhandlingar etter HTA kapittel 4A pkt. 4.A.2 Dei lokale partane er samde om at særskilte forhandlingar skal gjennomførast ein gong i året, seinast 20. juni. Fagforeiningane må senda inn krav til forhandlingane innan 1. mai. Krava skal primært 8
9 referera seg til endringar i arbeidstilhøve som har funne stad dei siste 12 månadane før fristen for innsending av krav. Rekruttera og behalda arbeidstakarar, HTA kapittel 4A pkt. 4.A.3 og HTA kapittel 5 pkt. 5.3 Ref. pkt. 2.2 i lønspolitisk plan. Krav om slike forhandlingar/drøftingar (forhandlingar for tilsette løna etter kapittel 4 og forhandlingar for tilsette løna etter kapittel 5) må fremjast av fagforeininga til den aktuelle tilsette. Eventuelle tillegg som vert gitt i slike forhandlingar skal generelt ikkje ha betydning for andre arbeidstakarar enn den/dei det vert forhandla for. Krav om forhandlingar for å rekruttera og behalda arbeidstakarar kan fremjast både for fast tilsette og vikarar. Lønsfastsetjing for leiarar løna etter HTA kapittel 3, pkt Følgjande leiarar i Samnanger kommune er løna etter HTA kapittel 3 pkt : Rådmann Assisterande rådmann/sektorleiar samfunn og utvikling Sektorleiar helse og omsorg Sektorleiar oppvekst og kultur Sektorleiar organisasjon Løns- og arbeidsvilkår for rådmann og assisterande rådmann er fastsett i eigen leiaravtale, sjå pkt i lønspolitisk plan. Formannskapet representer arbeidsgjevar ved lønsfastsetjing/ lønsforhandlingar for rådmann og assisterande rådmann. Lønsfastsetjinga skal gjerast seinast 1. desember. Rådmannen representerer arbeidsgjevar ved lønsfastsetjing/lønsforhandlingar for sektorleiar helse og omsorg, sektorleiar oppvekst og kultur og sektorleiar organisasjon. Lønsfastsetjinga skal gjerast seinast 1. desember. Verknadsdato for forhandlingane er normalt 1. mai i forhandlingsåret. Lønsfastsetjing for leiarar løna etter HTA kapittel 3, pkt Følgjande leiarar i Samnanger kommune er løna etter HTA kapittel 3 pkt : Rektor Samnanger barneskule Rektor Samnanger ungdomsskule Einingsleiar barnehage Kultursjef Teknisk sjef Einingsleiar teknisk drift Einingsleiar sørvissenter Einingsleiar helse Einingsleiar NAV Lønsfastsetjing for leiarar løna etter HTA kap. 3 pkt skjer ved lokale lønsforhandlingar ein gong pr. år, seinast 1. desember. Rådmannen representerer arbeidsgjevar ved lønsfastsetjing for leiarar løna etter HTA kapittel 3 pkt Verknadsdato for forhandlingane er normalt 1. mai i forhandlingsåret. 9
Lokale lønsforhandlingar i Førde kommune. 3. september 2014
Lokale lønsforhandlingar i Førde kommune 3. september 2014 Tema Korleis FK gjennomfører lønsforhandlingar innafor respektive kapitla Kap 4A1 lokale forhandlingar Kap 5.2 årlege lønsforhandlingar Kap 4A4
Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune
Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune Vedteken av arbeidsmiljøutvalet 03.11.2014 Innhald 1 INNLEIING OG MÅLSETTINGAR... 3 1.1 Innleiing... 3 1.2 Heimel for rutinen... 3 1.3 Målsettingar...
8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN
Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN 8.1 INFORMASJON / INTRODUKSJON AV NYTILSETTE Førsteinntrykket på arbeidsplassen vil prega oss i lang tid framover. Det er difor viktig
JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT
Vedteke i k-sak 24/05 den 14.6.05 Ref: ARH 04/01451-004 Løpenr: 002499/05 Arkivnr: 410 JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT I N N H A L D 1. OMFANG...1 1.1. Definisjon... 1 1.2. Tilhøve til lov, tariffavtale
4. TILSETJINGSVEDTEKTER
4. TILSETJINGSVEDTEKTER 4.1 FØREMÅL Målsetjinga med rekrutteringa er å få tilsett den best kvalifiserte medarbeidaren slik at kommunen kan gje sine innbyggjarar best moglege tenester. 4.2 OMFANG Desse
Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest
Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato 12/4098-2 112797/12 12.12.2012 Arbeidsreglement Vedteke i K.sak 95/48. Revidert av rådmannen 18.03.05. Oppdatert 01.07.10. Handsama i administrasjonsutvalet den 21.12.2012,
Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.
Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast
Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011
Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar
Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde
Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Vedteke i kommunestyret 12.12.2013, sak K 13/169 Endra i kommunestyret 27.8.2015, sak K 15/96 Gjeldande frå ny kommunestyreperiode 2015-2019 INNHALD:
Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009
1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at
LØNSPOLITISK PLAN FOR GRANVIN HERAD
LØNSPOLITISK PLAN FOR GRANVIN HERAD (TIDLEGARE : MÅL OG PRINSIPP FOR LØNSPOLITIKKEN I GRANVIN HERAD) vedteken i heradsstyret: 12.06.2006 endra i HS-sak 04/10 den 17.02.2010. 2 1.0 Bakgrunn Granvin herad
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar: 1-12 skal lyde: 1-12 Fritak frå opplæring i kroppsøving Rektor kan etter søknad gi elevar i vidaregåande opplæring
NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4
NAMN Side / av Vedlegg Reglement - rett til auke i stilling eller rett til fast tilsetjing etter 1-5 Deltid - HTA 2.3.1 Rett til fast tilsetting AML- 14-9 Rett til stilling for deltidstilsette faktisk
SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret 24.09.2014. Ajourført 04.02.2016.
SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE Vedteken av kommunestyret 24.09.2014. Ajourført 04.02.2016. Innhald Del I - Innleiing, definisjonar og målsettingar... 4 1 Innleiing... 4 2 Omgrepet seniorpolitikk...
ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE
VOSS KOMMUNE ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE Vedtekne i kommunestyret 30. november 1995, sak 93. Endra i kommunestyret 26. august 1999, sak 49 20. juni 2001, sak 53 27. november 2007, sak 78 (kursiv) og 29.
NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde
NORDDAL KOMMUNE Reglement for godtgjering til folkevalde Vedteke: Ksak 80/13 Gjeld frå: 01.12.2013 INNHALD: 1.0 Kven reglementet gjeld for... side 2 2.0 Formål... side 2 3.0 Møte... side 2 4.0 Godtgjering...
GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE
Balestrand kommune GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE Reglement for godtgjersle til folkevalde i Balestrand kommune Revidert og godkjent i Balestrand kommunestyre xxxxxx (sak xx/xxx) Gjeld frå kommunestyerperioden
Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret 23.6.2011, sak K 11/65
Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret 23.6.2011, sak K 11/65 INNHALD: 1 DEFINISJON... 3 2 OMFANG... 3 3 TILSETTING... 3 4 ARBEIDSAVTALE... 3 5 LEGEATTEST/ POLITIATTEST... 3 6 OPPLÆRING AV NYTILSETTE...
BARNEVERNET. Til beste for barnet
BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet
Arbeidsreglement Sund kommune
Dok.dato: 25.01.2013 Vår Ref: 2012001529-3 Arkiv: N- Arbeidsreglement Sund kommune Vedtatt i Administrasjonsutvalet i Sund kommune 23.01.2013 Side 1 av 7 Innhald: 1. Omfang 2. Tilsetjing 3. Tilsetjingsbrev/arbeidsavtale
Møteinnkalling for Administrasjonsutval
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 02.09.2009 Møtestad: Formannskapssalen, kommunehuset Møtetid: Kl. 12:00 (merk tida)!! Utvalsmedlemene blir med dette kalla
Lønspolitisk plan. Suldal kommune. Vedteke i kommunestyret Rullert i partsamansett utval
Lønspolitisk plan Suldal kommune Vedteke i kommunestyret 08.05.12 Rullert i partsamansett utval 26.09.14 1. Innleiing Hovudtariffavtalen (HTA) føreset ein lokal lønspolitikk som skal vera kjent for alle
Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:
Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.
REGLAR FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE, GJELDANDE FOR 2016
REGLAR FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE, GJELDANDE FOR 2016 1. DEFINISJONAR Møte Møte med skriftleg innkalling og sakliste/saksutgreiingar som medfører arbeid til førebuing. Vidare at det vert gjort vedtak
REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR
SUND KOMMUNE Dok.dato: 03.06.2013 Vår Ref: 2011002433-3 Arkiv: N-028 REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR Vedteke av kommunestyret 07. nov. 2006 sak K-104/06 gjeldande frå 01.01.2007 Oppdatert etter
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):
VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar
Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova
Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 27.01.2016 Ref. nr.: 15/43233 Saksbehandlar: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 07/16 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte torsdag 21.
Kommunen sin lønspolitikk må vere konkurransedyktig, og ta omsyn til den arbeidsmarknaden og dei behov kommunen til ei kvar tid har.
FOROD Masfjorden kommune vedtok lønspolitisk plan for 2012-2014 den 23 oktober 2012. I denne to-årsperioden har me gjennomført: Lokale forhandlingar i 2012 og 2013, der struktur og prioriteringar i lønspolitisk
RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes
RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes og Vestnes Kommune Om drift av legetenesta ved Vestnes Legesenter Gjeldande frå 1. juli 2011 til 30.06.2013. Tidsrom Denne avtalen
SOGNDAL KOMMUNE. Tilsetjingsreglement. Revidert i administrasjonsutvalet den 21.12.12, skal 2/12
SOGNDAL KOMMUNE Tilsetjingsreglement Revidert i administrasjonsutvalet den 21.12.12, skal 2/12 Innhaldsoversyn 1. Omfang... 3 2. Tilsetjingsmynde... 3 3. Før utlysing... 3 4. Utlysing... 3 5. Kvalifikasjonar
Utkast til forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure
Utkast til forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure Heimel: Fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet xxx med heimel i lov 17. juni 2005
REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført
REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre 27.09.2007. Sist ajourført 22.12.2017 Reglementet gjeld frå og med budsjettåret 2008. 1. Ordførargodtgjersle
Sel kommune Utskrift av møtebok
Sel kommune Utskrift av møtebok Arkivsak: 2006/638-6 Arkiv: A10 Saksbehandler: Ola Hage Dato: 19.11.2007 Utv.saksnr Utvalg Møtedato 51/07 Driftsutvalget 10.12.2007 128/07 Kommunestyret 17.12.2007 Endringar
2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.
Innhald 1. Omstillingsavtale... 2 1.1 Partane i avtalen... 2 1.2 Bakgrunn... 2 1.3 Einingar som vert overført samla til Alver kommune.... 2 2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen... 2 2.1
REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført
REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre 27.09.2007. Sist ajourført 15.11.2016. Reglementet gjeld frå og med budsjettåret 2008. 1. Ordførargodtgjersle
BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014
BARNEOMBUDET Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 OSLO Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 Høyring - forskrift om barn sin rett
10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013
INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter
Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn
Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule Jørn Kvinnherad kommune 2012/979-1 Våren 2012 INNLEIING Planen er det første steget mot ei systematisk rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule
PERSONALHANDBOKA ARBEIDSREGLEMENT FOR FØRDE KOMMUNE
Revisjonsdato: 7.4.2015 PERSONALHANDBOKA Revidert av: Personalsjefen Godkjent dato: 13.4.2015 Godkjent av Rådmannen og HTV/HVO KAPITTEL 1 ARBEIDSGJEVARPOLITIKK Side 1 av 5 ARBEIDSREGLEMENT FOR FØRDE KOMMUNE
PERMISJONSREGLEMENT FOR TILSETTE I RADØY KOMMUNE.
FOR TILSETTE I RADØY KOMMUNE. 1 ET - DELEGERING. ET - DELEGERING....2 UTGANGSPUNKT:...3 KAP 1.9. AVGJERDSINSTANS....3 Pkt...3 FOR RADØY KOMMUNE....4 1.1. OMFANG :...4 1.3 FORKORTINGAR :...4 1.4. BUDSJETT
SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)
Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013
Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den 21.6.2011. Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/298-13 460 22.07.2011
JØLSTER KOMMUNE Tenestekontoret Notat Permisjonsreglement Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den 21.6.2011 Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/298-13 460 22.07.2011 1. Generelt Gjeldande
LØNSPOLITISK PLAN GISKE KOMMUNE
LØNSPOLITISK PLAN GISKE KOMMUNE 2013-2016 1 Innhold 1. Formål med lønspolitisk plan...3 2. Lønspolitiske mål:...3 3. Rammevilkår:...3 4. Kva vert vektlagt ved lønsfastsetjing?...3 4.1 Lønsfastsetjing ved
SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE
SKODJE KOMMUNE SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE Til behandling i Kommunestyret 14.12.2010 Sak PS /10 Saksnr.: 06/521-9 Side 1 2 1. MÅLSETJING I Skodje kommune ønskjer alle tilsette å halde fram i
GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk
GSI'09 Voksenopplæring (Vo) rettleiing nynorsk Datert 01.10.2009 Side 1 av 11 Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) GSI09, Vo-eining Generelt A. Deltakarar i vaksenopplæring på grunnskoleområdet. Alle
Nedbemanning/ omstilling. Stranda kommune
Nedbemanning/ omstilling Stranda kommune Status ved utgangen av rekneskapsåret 2012 Lånegjeld inkl. KF: 888 mill. Lånegjeld pr. innbyggar: 193.000. Akkumulert meirforbruk på totalt 50.650.000,- (Skjerpa
REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE OG POLITISKE PARTI I FJALER KOMMUNE
REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE OG POLITISKE PARTI I FJALER KOMMUNE Vedteke av Fjaler kommunestyre i møte 05.09.2011, sak 067/11 Justert av Fjaler kommunestyre i møte 12.11.2012, sak 097/12 1.
EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE
EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE KAP. I SAKKUNNIG NEMND 1-1 I medhald av eigedomsskattelova 8 A-3 (4) vel kommunestyret ei sakkunnig nemnd til å verdsetje eigedomar i Eid kommune på bakgrunn av
HØYRINGSNOTAT VEDTEKTER ORGANISASJONSKART FRAMLEGG FRÅ:
HØYRINGSNOTAT VEDTEKTER ORGANISASJONSKART FRAMLEGG FRÅ: Norsk Folkemusikk og Danselag Landslaget for Spelemenn juni 2009 HØYRING NY ORGANISASJON Styra i Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) og Landslaget
18. RETNINGSLINJER FOR AKAN
Interkontrollhandbok Side: 1 av 10 18. RETNINGSLINJER FOR AKAN For å få klare reglar på området rusmiddelbruk og arbeid har arbeidsmiljøutvalet (AMU) i Samnanger kommune 24.04.01 vedteke ein AKAN-avtale
Lov- og avtalesystemet
Hovudtariffavtalen Lov- og avtalesystemet Stortinget Lover Partar Tariffavtalar Hovudavtalen Del A Del B Forhandlingsordningar Medråderett, rettar og plikter m.m. Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova
Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:
Vår ref. 15/537-2 033 /KASB Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015 Tokke kommune - kontrollutvalet Det vert med dette kalla inn til møte: Dato: 11.05.2015 Tid: kl 10.00 12.00 Sted: Møterom Kultur,
SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK
SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK Salsløyve Alkohollova 3: Med sal av alkoholhaldig drikk meinast overdraging av drikk med inntil 4.75 volumprosent alkohol til forbrukar mot vederlag for drikking
Vedtekter for Fusa Kraftlag
- 1 - Vedtekter for Fusa Kraftlag Gjeldane frå 01.01.2011 1 Namn Føretaket sitt namn er Fusa Kraftlag SA. 2 Føremål. Fusa Kraftlag SA er eit ålmennyttig samvirke med skiftande medlemstal og kapital. Føremålet
Permisjonsreglement Vedteke i kommunestyret 23.6.2011, sak K 11/66
Permisjonsreglement Vedteke i kommunestyret 23.6.2011, sak K 11/66 INNHALD: 1 Omfang, lønsansiennitet, feriepengar, pensjonsmedlemskap... 3 1.1 Omfang av reglementet... 3 1.2 Lønnsansiennitet... 3 1.3
Sakliste: MØTEPROTOKOLL
SAMNANGER KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 16.04.12 Kl.: 14.00 18.15 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 07/10 16/12 MØTELEIAR Jens Harald Abotnes (Krf) DESSE MØTTE Hans Solberg (Sp) Elin Dyrseth
FASTSETT AV KOMMUNESTYRET I SAK 87/15
Nissedal kommune Rådmann Vår ref. Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2015/1144-5 Jarle Bruun Olsen,35048403 C83 14.12.2015 Reglement for politikargodtgjering FASTSETT AV KOMMUNESTYRET I SAK 87/15 Reglement
PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE
Kultur og oppvekst PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE KAP. 1. SØKNADSRUTINER FOR SPESIALUNDERVISNING FOR SKULEN OG SPESIALPEDAGOGISK HJELP BARNEHAGEN. 1.0 INNLEIING Det er viktig å utvikle
Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.
Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar. Den 4.01.2011 vart det gjennomført forhandlingar om lokal særavtale for tilsette i kap 4C mellom Hjelmeland kommune og Utdanningsforbundet Hjelmeland
Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp
KVAM HERAD KVAM ELDRERÅD MØTEPROTOKOLL Dato: 25.04.03 Kl.: 10.00-13.00 Stad: Jondal nye aldersheim Saknr.: 004/03-007/03 Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg
Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.
1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal
VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE
VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution
FØRDE KOMMUNE. Lønspolitiske retningsliner GJELDANDE FOM 1. MAI 2015. Førde kommuneførde kommune
Førde kommuneførde kommune FØRDE KOMMUNE Lønspolitiske retningsliner GJELDANDE FOM 1. MAI 2015 Partane blei samde om dei reviderte retningslinjene på møte den 12.6.2015. Lønspolitiske retningslinjer av
Lønspolitiske retningslinjer
Lønspolitiske retningslinjer Gjeldande frå 17.12.2013. Sist oppdatert 27.11.13 1. FØREMÅL Føremålet med lønspolitiske retningslinjer er: - Bruke løn som ein aktiv del i kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk.
GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE
Balestrand kommune GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE Reglement for godtgjersle til folkevalde i Balestrand kommune Revidert og godkjent i Balestrand kommunestyre 18.06.2015 (sak 33/15) Gjeld frå kommunestyreperioden
Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord
Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord Sak til komité for levekår 05.10.04 1.0 Bakgrunn Komité for levekår vedtok 09.04.02 i sak 0008/02 å opprette eit prosjekt retta mot unge langtidsmottakarar
Lønnsundersøkinga for 2014
Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember
KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2
KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Volda Side : 1 Revisjon : 3 Erstatter : 2 Utarbeida av: Styrar i Oppigarden og styrar i Åsemyra barnehage Godkjend av direktør
Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune
Aukra kommune Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune Gjeldande i perioden 2016-2019 Vedteke i K-sak 74/15, 17.09.2015 ephortenr.: 15/560-6 kdfdksf Innhald 1 Møtegodtgjersle... 3
