SAKSDOKUMENT. Lokal forskrift om forbodssone for oppskyting av privat fyrverkeri - Straume

Save this PDF as:

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "SAKSDOKUMENT. Lokal forskrift om forbodssone for oppskyting av privat fyrverkeri - Straume"

Transkript

1 Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2017/ /2017 Sakshandsamar: Trine Marlen Wang Øren Dato: SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Lokal forskrift om forbodssone for oppskyting av privat fyrverkeri - Straume Samandrag av saka: Politisk leiing i Fjell kommune har bede rådmannen om å utarbeide eit forslag til lokal forskrift om forbod mot privat oppskyting av fyrverkeri på angjevne soner i Straumeområdet. Heimelen til ei slik lokal forskrifta er "Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff" 2-10a. Etter ei risikovurdering har kommunen sjølv tilgang til å leggje ned forbod mot fyrverkeri på nærare angjevne soner. Kommunen kan ikkje vedta eit totalforbod mot fyrverkeri i heile kommunen. Det er gjort ei risikovurdering av beredskapsleiar i Fjell kommune. Risikovurderinga viser at det generelt sett er låg frekvens for uønskte hendingar med fyrverkeri i Fjell kommune, men at det er ein generell risiko for ulukker i det området kor det vert føreslege forbod. Eit forbod vil bidra til å redusere risikoen for ulukker og betre kunne ta vare på liv, helse, miljø og materielle verdiar. Det har vore testa ut offentleg oppskyting av fyrverkeri på Straume i regi av Sartor Storsenter. Dette er i gangavstand for dei fleste innbyggjarane som vil bli berørte av eit eventuelt forbod mot privat oppskyting av fyrverkeri. Det vil vere naturleg at kostnadane med eit slikt fyrverkeri vert finansiert gjennom eit spleiselag mellom næringslivet og kommunen. Saka må ut på offentleg høyring i 2 månader før endeleg vedtak kan gjerast. Dersom det er politisk ønskje at ei forskrift skal vere gjeldande frå , må formannskapet sende saka på høyring i slutten av august. Saka kjem deretter tilbake til formannskapet for endeleg tilråding til kommunestyret,

2 Innstilling: Formannskapet vedtek: Formannskapet legg høyringsframlegg om lokal forskrift om forbod mot fyrverkeri ut til høyring i to månadar. Straume, den Steinar Nesse Rådmann Dokument vedlagt saka: Brev frå DSB Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff: Brann- og eksplosjonsvernlova: Politivedtektene for Fjell kommune: Risikovurdering Kart over forbodssone Forslag til ny lokal forskrift Saksopplysningar: Rådmannen har fått i oppdrag frå politisk leiing å utgreie eit forslag om forbodssone for oppskyting av privat fyrverkeri i Straumeområdet. I denne saka vil det bli lagt fram eit forslag til ei lokal forskrift som er heimla i «Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff» 2-10a. Innleiing På nyttårssaftan vert det i Fjell kommune skote opp mykje fyrverkeri. Talet på ulukker er ikkje høgt, det er snakk om éin skadd i gjennomsnitt kvar nyttårssaftan. Likevel er det slik at oppskyting av fyrverkeri alltid vil utgjere ein risiko for liv, helse, miljø og materielle verdiar. Bergen kommune er eitt eksempel på ein kommune som har forbod mot oppskyting av fyrverkeri i delar av sentrumskjerna. Bakgrunnen for forbodet i Bergen er at det er tett trehusbusetnad. Erfaringane frå Bergen har så langt vore svært gode, og forbodssona har i stor grad blitt overhalde. I samsvar med eksplosivforskrifta skal oppsetting og avfyring av fyrverkeri klassa II, III og IV, illuminasjon med faklar og liknande, ikkje finna stad i tettgrend eller nær tørr skog eller andre brannfarlege omgivnader utan løyve frå leiar av brannvesenet, jf femte ledd. Unntak er gjort for avfyring av fyrverkeri klasse II og III på nyttårssaftan mellom kl og 02.00, med mindre anna er avgjort i eller i medhald av forskrifta, jf tredje ledd.

3 Med verknad frå 4.oktober 2013 vart det tatt inn ein ny føresegn i 2-10 a i forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff (eksplosjonsforskrifta), som gir kommunen heimel til å gje lokale forskrifter om bruk av fyrverkeri. I forskrifta, som må fastsetjast av kommunestyret, kan det etter ei risikovurdering knytt til lokale forhold, leggjast avgrensingar på bruk av fyrverkeri i spesifikt angjevne område i kommunen, der det erfaringsmessig vil oppstå fare for liv, helse, miljø og materielle verdiar. Forbodssone Føresegna 2-10 A krev ei risikovurdering av lokale tilhøve, og eit eventuelt forbod skal vere knytt til eit spesifikt område. Som grunnlag for denne føresegna er området definert til å vere det same som kommunedelplanen for Straume. Sjå vedlagde kart. Grunngjevinga for val av Straumeområdet er den fortettinga som skjer i samband med byutvikling og som igjen vil auke risikoen for skadar og uønskte hendingar i samband med oppskyting av privat fyrverkeri. Samstundes finst det i dette området eit tilbod om offentleg oppskyting av fyrverkeri, som kan vege opp for det tapet innbyggjarane får dersom forskrift om forbodssone vert vedteken. Juridiske rammer Det er ikkje lov å skyta opp fyrverkeri når som helst, og kvar som helst. Politivedtektene i Fjell kommune regulerer bruk av fyrverkeri på offentleg stad. Etter vedtektene er det forbode å skyta opp fyrverkeri på offentleg stad. Det vil difor vere tale om forbod på private stadar i den lokale forskrifta. Føresegna seier i 2-10, 3. ledd om generell bruk av fyrverkeri: "Forbrukere kan avfyre fyrverkeri klasse II og III på nyttårsaften mellom kl og 02.00, med mindre annet er bestemt i eller i medhold av denne forskriften." Politivedtektene for Fjell kommune seier i 5 (Farleg eller skremmande verksemd): "På, ut over, eller like attmed offentleg stad er det forbode: 2. å brenne av krutt, fyrverk eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve " I nokre tilfelle må ein og søke lokalt brannvesen om løyve, jfr. Brann- og eksplosjonsvernføresegna. Heimel for å kunne utarbeide ei lokal forskrift for forbod mot oppskyting av fyrverkeri lyder: 2-10A. Fullmakt for kommunen til å fastsette regionale begrensninger i bruk av fyrverkeri «Etter en risikovurdering knyttet til lokale forhold, kan kommunestyret selv fastsette forskrifter om begrensninger i bruk av fyrverkeri i spesifikt angitte områder der det erfaringsmessig vil oppstå fare for liv, helse, miljø eller materielle verdier. Det kan herunder opprettes lokale forbudssoner i kommunen.»

4 Med heimel i forskrifta kan Fjell kommune utarbeide ei lokal forskrift for å sikre liv, helse, miljø og materielle verdiar. Risikovurderinga Utgangspunkt for risikovurderinga Før lokal forskrift kan fastsetjast må det finnast ei risikovurdering knytt til dei lokale tilhøva i Fjell kommune. Lokale tilhøve i område der kommunen erfaringsmessig opplever store utfordringar, vil kunna vektleggjast. Vurderingar av lokalbefolkninga sine eigenskapar til å handtere fyrverkeri, vil likevel ikkje kunna leggjast til grunn. Kommunen kan heller ikkje totalforby bruk av fyrverkeri i kommunen, men det kan opprettast lokale forbodssoner i kommunen. Avgrensingane kommunen vil kunne gje gjennom ei lokal forskrift, skal knytast opp mot ei risikovurdering av faren ved oppskyting av fyrverkeri på den enkelte stad, men vil gjelde uavhengig av om det er snakk om ein offentleg stad eller ikkje. Avgrensingar for bruk av fyrverkeri kan dermed i teorien setjast for ein kvar stad i kommunen, så lenge det kan dokumenterast at det vil kunna oppstå fare for skade på liv, helsa, miljø eller materielle verdiar. Risikovurderinga Risikovurderinga er ei objektiv vurdering av området som vert vurdert å inngå i forskrifta om forbod mot fyrverkeri. Risikovurderinga gjev ikkje noko spesielt utslag anten for eller i mot eit forbod i det angjevne området. Etter vurderinga er det ikkje noko som tyder på at det er stor fare for liv, helse, miljø og materielle verdiar. Det som skil seg ut i vurderinga er «Nr 7: Vald fyrverkeri vert medvite retta mot andre personar». Etter vurderinga er det ikkje noko statistikk som viser at dette skjer. På den andre sida tyder røynsle på at det finst, og at dette skjer kvart år. Sjølv om statistikken viser lågt skadetal, kjem det fram i vurderinga at det truleg er små marginar som avgjer om det endar i skade eller ikkje. Andre hendingar som det er sett på i risikovurderinga: «Nr. 4: Brann i bil, båt, eigedom, eigedelar mm: Nr. 5: Personskade Nr. 6: Skadeverk» Risikovurderinga viser at det generelt er låg frekvens for uønskte hendingar med fyrverkeri i Fjell kommune. Dei hendingane som førekjem, fører oftast til mindre skadar på materiell og personskadar. Hendingar som fører til større skadar på materiell, eigedom, bygningar og personar er relativt sjeldne. Sjå elles vedlagde risikovurdering. Høyring Utarbeiding av forskrift følgjer normale forvaltningsrettslege regler, jfr. forvaltningslova kapittel 7. Forslaget til ny forskrift må sendast til rørde verksemder og organisasjonar for utsegn, jfr. forvaltningslova 37, 2.ledd.

5 Kommunen avgjer sjølv korleis høyringa skal gjennomførast, jfr. forvaltningslova 37, 3.ledd. Høyringsfristen er to månader. Gjennom høyringa skal offentlege og private organisasjonar som vert berørte av forskrifta få høve til å uttale seg om framlegget. I utarbeiding av risikovurderinga vart det henta informasjon frå kommunelega, brannvesenet og politiet. Det er naturleg at høyringsframlegget vert sendt til desse for ein formell uttale. I tillegg vil kommunen annonsera høyringa i lokalavisa og på eigne heimesider slik at også innbyggjarar som vert berørt av forbodet, får høve til å uttale seg. Offentleg oppskyting av fyrverkeri på Straume På Straumeområdet ved Sartor senter, har det blitt prøvd ut oppskyting av offentleg fyrverkeri i regi av Sartor senter. For at innbyggjarar i den føreslegne forbodssona også skal ha eit tilbod om fyrverkeri på nyttårsaftan, vil det vere ein føresetnad at eit offentleg fyrverkeri held fram. Det vil vere naturleg at kostnadane med eit slikt fyrverkeri vert finansiert gjennom eit spleiselag mellom næringslivet og kommunen. Rådmannen vil i så fall innarbeide den offentlege andelen av fyrverkeriet i kommunen sitt budsjett. Vurdering: Noverande politivedtekter førebygger ikkje i tilstrekkelig grad risiko som gjeld fare for liv, helse, miljø eller materielle verdiar på erfaringsmessig utsette område i Fjell kommune i samband med oppskyting av privat fyrverkeri. Rådmannen støttar seg til Ot.prp. nr. 65 ( ) der departementet meiner at bruk av lokale politivedtekter for å regulere oppskyting av fyrverkeri er uheldig. Lokale politivedtekter gjeld oppskyting på offentleg stad og dekker difor berre delvis behovet for forskriftsregulering på någjeldande område. Det må difor utarbeidast særskilte lokale vedtekter dersom kommunestyret ønskjer å få redusert risiko ved oppskyting av fyrverkeri, då med heimel i «Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff» 2-10a. Risikovurderinga som er laga i samband med saka viser ikkje heilt tydeleg at det er ein risiko for skade ved oppskyting av fyrverkeri på det aktuelle området, slik som t.d. i Bergen som har tett trehusbusetnad som lett tek fyr. Vi kan ikkje finne dei same argumenta i Fjell kommune for det angjevne området. Rådmannen finn det likevel føremålstenleg å formalisere eit forbod gjennom ei lokal forskrift. Risikovurderinga viser at det finst ein risiko ved oppskyting av fyrverkeri. Det er ikkje eit krav i lova at risikoen skal vere av ein viss storleik. Det vert berre kravd at det finst ein erfaringsmessig risiko. Rådmannen meiner at risikovurderinga for Straumeområdet viser at det finst ein erfaringsmessig risiko ved oppskyting av fyrverkeri i det angjevne området. Lovkravet er difor etter rådmannen si meining dekka. Det må også takast omsyn til at fyrverkeri er viktig for mange innbyggjarar på nyttårsaftan. Det er viktig at folk, særleg dersom ei forbodssone vert vedteken, har ein stad å samlast og sjå på fyrverkeri når klokka slår tolv. Rådmannen meiner at eit offentleg fyrverkeri på Straume v/sartor storsenter, vil vere eit godt alternativ til privat oppskyting av rakettar i dette området, og som bør finansierast som eit spleiselag mellom næringslivet og kommunen.

HØRING - LOKAL FORSKRIFT OM FYRVERKERIFORBUD I RÅKVÅG, RISSA KOMMUNE

HØRING - LOKAL FORSKRIFT OM FYRVERKERIFORBUD I RÅKVÅG, RISSA KOMMUNE Kultur og Fritid «MOTTAKERNAVN»«MOTTAKERNAVN» «KONTAKT» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» Deres ref. Vår ref. Dato «REF» 16648/2015//3006INRO 04.06.2015 HØRING - LOKAL FORSKRIFT OM FYRVERKERIFORBUD I RÅKVÅG,

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Årsbudsjett Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt

SAKSDOKUMENT. Årsbudsjett Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt Fjell kommune Arkiv: 102.1 Saksmappe: 2018/1457-30990/2018 Sakshandsamar: Heine Kleppe Dato: 26.11.2018 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 37/18 Formannskapet 27.11.2018 Kommunestyret Årsbudsjett

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/2046-26014/2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: 24.11.2015 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 17/15 Komité for drift og forvaltning 01.12.2015 Høyringsuttale

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS) Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør Fjell kommune Arkiv: 504 Saksmappe: 01/03051-14 Sakshandsamar: Einar Lunde Dato: 15.11.01 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 313/01 Hovudutval for teknikk, natur og miljø 04.12.01 106/01 Kommunestyret

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 541 Saksmappe: 2015/ /2016 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 541 Saksmappe: 2015/ /2016 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 541 Saksmappe: 2015/665-4417/2016 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 23.02.2016 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 17/16 Formannskapet 09.03.2016 47/16 Kommunestyret 28.04.2016

Detaljer

Lokal forskrift om forbudssoner for avfyring av fyrverkeri i den tette trehusbebyggelsen i Bergen kommune

Lokal forskrift om forbudssoner for avfyring av fyrverkeri i den tette trehusbebyggelsen i Bergen kommune BERGEN KOMMUNE Byrådsleders avdeling/bergen brannvesen Fagnotat Til: Fra: Byrådsleders avdeling - Felles v/ Robert Rastad Bergen brannvesen Saksnr.: 201403004-44 Emnekode: ESARK-6550 Saksbeh: TRKO Kopi

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 000 Saksmappe: 2017/ /2017 Sakshandsamar: Aud Raknem Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 000 Saksmappe: 2017/ /2017 Sakshandsamar: Aud Raknem Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 000 Saksmappe: 2017/5516-28979/2017 Sakshandsamar: Aud Raknem Dato: 28.11.2017 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 63/17 Formannskapet 06.12.2017 Sentrumsvedtekter for Straume

Detaljer

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad Austrheim kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret 1.1.011 187/11 Olav Mongstad. Saksansv.: Olav Mongstad Arkiv: FA-B11 Arkivsaknr: 11/981 - Høring - forslag

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030 SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE 08.11.2011 Steinar Hole Arkivsaknr. 11/313 Arkiv: FE-030 Rapport etter forvaltningsrevisjon vedk. internkontroll i Austevoll kommune

Detaljer

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat 0ve Skjønhaug Hetlevikvegen 65 5304 HETLEVIK Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2013/1636 10521/2014 WANGEN 107/1 20.08.2014 MELDING OM VEDTAK I SAMFUNNSUTVALET

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet AVTALAR MED TILTAK SOM GJELD OVERGREP, VALD OG LIKNANDE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet AVTALAR MED TILTAK SOM GJELD OVERGREP, VALD OG LIKNANDE VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Runa Bakke Arkivsak nr.: 2010/1374 Arkivkode: Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet AVTALAR MED TILTAK SOM GJELD OVERGREP, VALD OG LIKNANDE Administrasjonen

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 31/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 31/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 31/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 29.05.2019 34/2019 Kommunestyret PS 17.06.2019 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Tore Henrik Øye FA-K40, TI-&00

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/2181-25368/2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 16.11.2015 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 16/15 Komité for drift og forvaltning 01.12.2015 Uttale til høyringa

Detaljer

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HARAM KOMMUNE Sakspapir HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 13.12.2012 055/12 Per Langnes Avgjerd av: Fast utval for plansaker Arkiv: L12 Arkivsaknr 12/806 Fv. 659 - Nordøyvegen - Delområde

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/1164-10350/2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 27.04.2016 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 50/16 Komité for drift og forvaltning 10.05.2016 Høyringsuttale

Detaljer

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd Servicetorgsjefen Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet postmottak@bld.dep.no Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/2792-2652/2015 Unni Rygg - 55097155 05.02.2015 Høyringsuttale - Tolking

Detaljer

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN Staben Det kongelige kommunal- og moderniseringsdepartement Dykkar ref.: 14/3975 Vår ref.: 14/858-4 Dato: 27.06.2014 STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA

Detaljer

Sørheim -utvalet sin gjennomgangav inntektssystemet - høyringsuttale

Sørheim -utvalet sin gjennomgangav inntektssystemet - høyringsuttale FJELL KOMMUNE Økonomisjefen DET KONGELIGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT Postboks 8112 Dep 0032 Oslo Dykkar ref. Vår ref. Saksh. - tlf. Dato 2007/3650-1586/2008 Lillian Torsvik - 56 32 65 76 23.01.2008

Detaljer

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering Torbjørn Flo Flo 6783 STRYN Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/2314-3/ GBNR-7/16 BOG 31.10.2016 Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel - frådeling

Detaljer

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) 1. Val og samansetjing (kommunelova 77 nr. 1,2 og 3) Medlemane i kontrollutvalet i Selje kommune

Detaljer

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG Høyringsnotat Lovavdelinga Juni 2014 Snr. 14/3811 OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit utkast til

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet 29.01.2015 007/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/638-15/326 K1-024 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet 26.01.2017 002/17 Kommunestyret 09.02.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 16/155-17 Kommunal planstrategi 2016-2020,

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1 OS KOMMUNE Utval: OS ELDRERÅD Møtestad: Luranetunet - merk staden! Møtedato: 13.09.2004 Tid: 14.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/1404-11187/2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: 14.11.2011 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 52/11 Formannskapet 21.11.2011 Framlegg til planprogram: Kommunedelplan

Detaljer

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2019/2185-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 12.03.2019 Uttale - Høyring forslag til endring i

Detaljer

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget. Høyanger kommune Politisk sekretariat Det Kongelige Kulturdepartementet Postboks 8030 Dep 0030 OSLO Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF 19.06.2012 Høyringsframlegg - endring

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Ingunn Hestnes Arkivsak: 2017/1414 Løpenr.: 8482/2017. Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/65 Ulstein formannskap

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Ingunn Hestnes Arkivsak: 2017/1414 Løpenr.: 8482/2017. Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/65 Ulstein formannskap ULSTEIN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Ingunn Hestnes Arkivsak: 2017/1414 Løpenr.: 8482/2017 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/65 Ulstein formannskap 27.06.2017 NY REVISJON AV REGLEMENT FOR HANDEL UTANOM

Detaljer

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Alf Magnar Strand FA - B09, TI - &35 18/410 Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS 11.06.2018 034/2018 Kommunestyret PS 18.06.2018 Samanslåing av ungdomsskular

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/1944-23816/2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: 03.10.2016 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 99/16 Komité for drift og forvaltning 18.10.2016 Uttale

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2012/1169 Løpenr.: 10878/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2012/1169 Løpenr.: 10878/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2012/1169 Løpenr.: 10878/2014 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet GNR/BNR 22/6 - PÅLEGG ETTER PLAN- OG BYGNINGSLOVA KAPITTEL

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 022.3 2011/2114-5467/2012 Unni Rygg 13.03.2012 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 15/12 Un dommens kommunest re 17.04.2012 18/12 Komite for drift

Detaljer

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE Austevoll kommune MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG BYGGESAK Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 29.07.2013 Kl. Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor. Varamedlemmar

Detaljer

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 08.09.2016 071/16 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Roar Bævre PlanID - 201402, N - 504 15/1726 2. gongs handsaming for del av detaljregulering

Detaljer

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd. Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 25.11.2015 Tidspunkt: 12:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til

Detaljer

Vik kommune Plan/forvaltning

Vik kommune Plan/forvaltning Vik kommune Plan/forvaltning Landbruks- og Postboks 8007 Dep 0030 OSLO Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Direktenr Arkiv Dato: 13/255-9 Veronika Seim K2-V20 25.03.2013 Bech melding om vedtak 21.03.2013

Detaljer

Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/ /2014 Unni Rygg

Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/ /2014 Unni Rygg Servicetorgsjefen Kunnskapsdepartementet postmottak@kd.dep.no Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/272-4978/2014 Unni Rygg - 55097155 06.03.2014 Høyringsuttale - Forslag til endring i privatskulelova

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 23.10.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 08:30 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 30.04.2015 Tid: 10.00. Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 30.04.2015 Tid: 10.00. Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling MØTEINNKALLING Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Rådhuset : 30.04.2015 Tid: 10.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling Styringsgruppa for kommunereforma skal ha møte kl. 09.00 10.00 Formannskapsmøtet

Detaljer

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld: MASFJORDEN KOMMUNE Rådmannen Rådgjevarar Kunnskapsdepartementet Dato: 22.12.2009 Vår ref. 09/776-3/N-210/AMS Dykkar ref. Høyringsfråsegn frå Masfjorden kommune Viser til vedlagt utskrift av vedtak KS-084/09

Detaljer

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 BREV MED NYHENDE 06/02/2015 Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 Av advokat Anders Elling Petersen Johansen Bakgrunn Regjeringa har, etter eiga utsegn, ei målsetjing om å gjere

Detaljer

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Møtestad: Sol-li barnehage AS Møtedato: 20.11.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no.

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 81/08 08/440 PORTEFØLJESTATUS JUNI 2008 960

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 81/08 08/440 PORTEFØLJESTATUS JUNI 2008 960 OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 26.08.2008 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Forfall: Nils-Olav Nøss (Ap) Vara som møter: Norvald Skåtøy (Ap) SAKLISTE

Detaljer

HØYRING - ORGANISERING AV EIGEDOMSOPPMÅLING. FORSLAG TIL ENDRING I MATRIKKELLOVA ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.:

HØYRING - ORGANISERING AV EIGEDOMSOPPMÅLING. FORSLAG TIL ENDRING I MATRIKKELLOVA ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: Åseral kommune HØYRING - ORGANISERING AV EIGEDOMSOPPMÅLING. FORSLAG TIL ENDRING I MATRIKKELLOVA ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: L30/&00 2016/451 Jørn Trygve Haug UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO:

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING UTVAL: Råd for funksjonshemma Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: 20.01.2014 Tid: 10:00 Medlemar som er ugilde i ei sak, vert bedne om å gje melding,

Detaljer

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan Kviteseid kommune Arkiv: 150 Saksmappe: 2011/1147-10 Sakshand.: Hans Bakke Dato: 07.11.2011 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 121/11 16.11.2011 Sektorutvalet for service og utvikling

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 8/13 13/344 Søknad om løyve til utviding av skjenkeareal - Det gylne hus

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 8/13 13/344 Søknad om løyve til utviding av skjenkeareal - Det gylne hus MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: Rådhuset Møtedato: 07.05.2013 Tid: 16.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 8/13 13/344

Detaljer

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova) Adressatar ifølgje liste Deres ref Vår ref Dato 15/140-28.01.2015 Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova) 1. Kva høyringsbrevet gjeld Ny jordskiftelov blei fastsett 21.

Detaljer

KRAV OM LOVLEGHEITSKONTROLL AV K-SAK

KRAV OM LOVLEGHEITSKONTROLL AV K-SAK SKODJE KOMMUNE Tilleggsinnkalling Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 10.02.2015 Tid: 17:00 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 70 24 40 00. Varamedlemmar møter etter nærare avtale.

Detaljer

Austevoll kommune. Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Sakliste

Austevoll kommune. Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Sakliste Austevoll kommune Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresal Møtedato: 23.04.2015 Møtetid: 12:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret

Detaljer

Saksnr. Arkivkode Saksh. Dykkar ref. Dato 17/31-5 / P50/ &13 Aina Tjosås

Saksnr. Arkivkode Saksh. Dykkar ref. Dato 17/31-5 / P50/ &13 Aina Tjosås OS KOMMUNE STAB, PLAN OG UTVIKLING Det Kongelige klima- og miljødepartement P.b. 8013 0030 OSLO Saksnr. Arkivkode Saksh. Dykkar ref. Dato 17/31-5 / P50/ &13-56 57 50 43 15.02.2017 Høyringssvar frå Os kommune

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

For meir informasjon på nett, sjå

For meir informasjon på nett, sjå Postboks 83 5418 Fitjar STATENS VEGVESEN Askedalen 4 6863 LEIKANGER Høyring - framlegg til plan for E39 Stord-Os Vedlagt følgjer eit brev frå. sender posten digitalt. Posten blir distribuert til innbyggjaren

Detaljer

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll 2016-2019 Innleiing Kontrollutvalet er kommunestyret sin reiskap for kontrollarbeid med heile den kommunale verksemda. Utvalet sine oppgåver kan forenkla

Detaljer

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi?

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi? Kontrollutval rådmann - revisor Korleis samarbeider vi? Innleiing SEKOM-sekretariat yter tenester for 15 kommunale kontrollutval. Det er sjølvsagt ein del ulikskapar i korleis ein jobbar i alle desse kommunane.

Detaljer

Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 17.12.2015 Dykkar dato Vår referanse 2015/16043 331.2 Dykkar referanse Kommunane i Hordaland Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Postboks 13,5902

Detaljer

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Tilleggsinnkalling av Formannskapet MODALEN KOMMUNE Tilleggsinnkalling av Formannskapet Møtedato: 31.01.2017 Møtestad: Formannskapsrommet Møtetid: 09:00-12:00 Det vert eit kort møte i valstyret før lunsj - sjå eiga møteinnkalling. Eventuelle

Detaljer

MØTEBOK Tysnes kommune

MØTEBOK Tysnes kommune MØTEBOK Tysnes kommune Utval Møtedato KOMMUNESTYRET 16.12.08 Arkivsak : Arkivkode: 08/453 111 - Sakshandsamar: Audun Hovland/Helge Drange Handsamingar: Utval Møtedato Saksnummer FORMANNSKAPET 02.12.08

Detaljer

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 058/2017 Formannskapet PS /2017 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 058/2017 Formannskapet PS /2017 Kommunestyret PS Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Sveinung Toft FA - L12 17/506 Saknr Utval Type Dato 058/2017 Formannskapet PS 13.06.2017 032/2017 Kommunestyret PS 22.06.2017 Endring av reguleringsplan for Einestrand

Detaljer

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet 28.01.2009 005/09 TRUBUE Avgjerd av: Saksh.: Trude Birknes Buene Arkiv: N-585, JNR-

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/2350-21542/2014 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 09.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Drøftingssak - Eigarskapsmelding 2015 Samandrag

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak: Stab FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL Postboks 2520 6404 MOLDE Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2017/549 B00 DOK 16.05.2017 K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2016. Vedlagt følgjer

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI MØTEINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 25.09.2008 Tid: 16.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane LOV 2012-06-22 nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane DATO: LOV-2012-06-22-44 DEPARTEMENT: FIN (Finansdepartementet) PUBLISERT: I 2012 hefte 8 IKRAFTTREDELSE:

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato 054/14 Formannskapet /14 Kommunestyret

Saksnr Utval Møtedato 054/14 Formannskapet /14 Kommunestyret Årdal kommune Sakspapir Saksnr Utval Møtedato 054/14 Formannskapet 03.06.2014 038/14 Kommunestyret 19.06.2014 Sakshandsamar: Stine Mari Måren Elverhøi Arkiv: K2-L12 Arkivsaksnr. 12/834 Detaljreguleringsplan

Detaljer

Plan for forvaltningsrevisjon

Plan for forvaltningsrevisjon Bjerkreim Kommune Plan for forvaltningsrevisjon 2017-2020 Vedtatt av kommunestyret 2016 Rogaland Kontrollutvalgssekretariat IS INNHALD INNHALD... 1 PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON BJERKREIM KOMMUNE... 3

Detaljer

Innleiing. Obligatoriske planar

Innleiing. Obligatoriske planar Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll 2016-2019 Innleiing Kontrollutvalet er kommunestyret sin reiskap for kontrollarbeid med heile den kommunale verksemda. Utvalet sine oppgåver kan forenkla

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 220 Saksmappe: 2017/ /2017 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 220 Saksmappe: 2017/ /2017 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 220 Saksmappe: 2017/772-1588/2017 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 20.01.2017 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 13/17 Komité for drift og forvaltning 07.02.2017 Uttale til høyringa

Detaljer

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 037/15 Bystyret PS /15 Plan- og Miljøutvalet PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 037/15 Bystyret PS /15 Plan- og Miljøutvalet PS Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 037/15 Bystyret PS 09.06.2015 028/15 Plan- og Miljøutvalet PS 26.05.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Liliana Ramsing ARP - 20140101, K2 - L12 14/1369 Godkjenning

Detaljer

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/917-9 Berit Lundeberg,

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/917-9 Berit Lundeberg, Ordføraren Justis- og beredsskapsdepartementet Postboks 8005 Dep 0030 OSLO Melding om vedtak Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/917-9 Berit Lundeberg,35 06 81 07 K24 17.02.2014 berit.lundeberg@kviteseid.kommune.no

Detaljer

Skodje kommune Teknisk avdeling

Skodje kommune Teknisk avdeling Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 63/15 Arkivsak nr: 14/445 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 105/15 Formannskapet 01.09.2015 63/15 Kommunestyret 22.09.2015 FORSLAG TIL KOMMUNEPLAN

Detaljer

MASFJORDEN KOMMUNE. Vedtaksprotokoll for Teknisk utval

MASFJORDEN KOMMUNE. Vedtaksprotokoll for Teknisk utval Vedtaksprotokoll for Teknisk utval Møte nr 3 den 15.10.2013 Side 1 av 12 MASFJORDEN KOMMUNE Vedtaksprotokoll for Teknisk utval Den 15.10.2013 kl 16:00 18.15, heldt Teknisk utval møte på Kommunehuset. Følgjande

Detaljer

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE INNKALLING TIL MØTE I KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE Tid: Måndag 28. mai 2018 kl. 14.00-15.00 Stad: Fjell Rådhus, møterom 107 SAKER: 11/2018 Innkalling og saksliste 12/2018 Orientering om GDPR-prosjekt

Detaljer

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 032/15 Plan- og Miljøutvalet PS /15 Bystyret PS /15 Bystyret PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 032/15 Plan- og Miljøutvalet PS /15 Bystyret PS /15 Bystyret PS Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 032/15 Plan- og Miljøutvalet PS 26.05.2015 042/15 Bystyret PS 09.06.2015 058/15 Bystyret PS 18.06.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Catherin Secher ARP - 20130101,

Detaljer

VEDTEKT av februar 2007

VEDTEKT av februar 2007 IKS VEDTEKT av februar 2007 Vedteken i følgjande kommunar: Bokn Etne Haugesund Tysvær Vindafjord Vedtekt av februar 2007 Side 1 av 5 INNHALD Side 1. Heimel... 2 2. Deltakarar... 2 3. Føremål... 2 4. Hovudkontor...

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Justis- og beredskapsdepartementet postmottak@id.dep.no Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref Avd/Saksansvarleg Dato 2013/713 4220/2013 / X30 SER / SANGUD 04.09.2013 MELDING OM

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet 09.06.2015 044/15 Kommunestyret 18.06.2015 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 14/709-14 Reguleringsplan masseuttak Torvmo

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 031/16 Formannskapet Vedtak om bruk av utbyggingsavtaler etter 17 i plan og bygningsloven

Saksnr. Utval Møtedato 031/16 Formannskapet Vedtak om bruk av utbyggingsavtaler etter 17 i plan og bygningsloven Årdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 031/16 Formannskapet 05.04.2016 Sakshandsamar: Johannes Henrik Myrmel Arkiv: K2 - L10 Arkivsaksnr. 16/505-16/3395 Vedtak om bruk av utbyggingsavtaler etter

Detaljer

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 096/2014 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 096/2014 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 096/2014 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS 17.12.2014 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Kjersti Flatråker 14/2938 14/13202 Plansak 12602014000600

Detaljer

SAKSPAPIR. SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet /12 ANSA Kommunestyret

SAKSPAPIR. SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet /12 ANSA Kommunestyret VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet 24.01.2012 004/12 ANSA Kommunestyret 07.02.2012 005/12 ANSA Avgjerd av: Saksansv.: Anne Sofie Sandvik

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0009/03 03/00002 34/4, REGULERINGSPLAN - SKEISFLATEN

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0009/03 03/00002 34/4, REGULERINGSPLAN - SKEISFLATEN OS KOMMUNE Os kommune MØTEINNKALLING Utval: RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA Møtestad: Luranetunet Møtedato: 07.04.03 Tid: 16.00 SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0009/03 03/00002 34/4, REGULERINGSPLAN -

Detaljer

Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1. SAKSFØREBUING TIL KOMMUNESTYRET Administrasjonssjefen skal sjå til at dei saker

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE Helge Andre Njåstad

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE Helge Andre Njåstad SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE 18.06.2013 Helge Andre Njåstad Arkivsaknr. 13/498 Arkiv: FE-140 Kommuneplanen for Austevoll 18.06.2013 KOMMUNESTYRE Handsaming i møtet:

Detaljer

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato: MASFJORDEN KOMMUNE Rådmannen Rådgjevarar Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep Dato: 29.01.2014 0032 OSLO Vår ref. 13/350-6/N-212/AMS Dykkar ref. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Strategi- og utviklingsleiar Guttorm Rimstad Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2014/365 8004/2016 / Q66 SER / NORAND 16.11.2016 MELDING OM VEDTAK Fiber

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 028/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 028/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 028/17 Formannskapet 09.02.2017 012/17 Kommunestyret 09.02.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/150-3 Reguleringsplan for hamn i Erdal

Detaljer

Vik kommune Rådmannen

Vik kommune Rådmannen Vik kommune Rådmannen Det kongelige Helse og Omsorgsdepartement Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Direktenr. Dato 14/28-6 Oddbjørn Ese 57 69 82 56 04.03.2014 MELDING OM VEDTAK Reservasjonordning for fastlegar

Detaljer

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE Justert som følgje av vedtak i fylkestinget i sak T-88/02 og T-8/03. INNLEIING Etter vedtak i fylkestinget i sak T-38/90 har fylkeskommunen

Detaljer

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15 å SUND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 22.06.2015 050/15 Saksansvarleg Arkiv Arkivsaknr Knut Ove Ekren N - 21 1 15/1094 - HØYRING - FINANSIERING AV PRIVATE BARNEHAGAR

Detaljer

Melding om vedtak. Saka vart drøfta

Melding om vedtak. Saka vart drøfta «MottakerNavn» «Adresse» «Postnr» «Poststed» 2017/364-51 Rita Regbo Rita.Regbo@bykle.kommune.no 06.11.2017 Melding om vedtak Endring av detaljregulering Hovden høyfjellshotell og Hovdestøylen (planid 201502)

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval for tekniske saker og næring

MØTEINNKALLING. Utval for tekniske saker og næring HÅ KOMMUNE Møtestad: Hå rådhus Møtedato: 17.04.2007 Tid: Kl. 09.00 MØTEINNKALLING Utval for tekniske saker og næring Eventuelt forfall må meldast til telefon 51793114/51793012. Vararepresentantar får eiga

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Planleggar Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/24 1872/2014 / 141 SER / AARRAN 31.03.2014 MELDING OM VEDTAK Kommuneplan til 2020 - Arealdelen. Vurdering

Detaljer

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn! SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn! Representantskapet Representantskapet for Medlemmer: Medlem: Eli Årdal Berland (forfall) Fjell kommune Medlem: Ove Bernt Trellevik Sund kommune

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet 22.06.2017 051/17 Kommunestyret 22.06.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/535-2 Områderegulering for Erdal - oppstart

Detaljer

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll Vedteke av kommunestyret i sak 61/16 den 29.9.16 Innleiing Kontrollutvalet er kommunestyret sin reiskap for kontrollarbeid med heile den kommunale verksemda.

Detaljer

Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet /17 MF Kommunestyret /17 MF

Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet /17 MF Kommunestyret /17 MF Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet 30.01.2017 003/17 MF Kommunestyret 08.02.2017 004/17 MF Saksansvarleg: Maria Fremmerlid Arkiv: K2-L00 Arkivnr.: 15/548

Detaljer