Distriktspsykiatriske tenester likeverdige tilbod?

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Distriktspsykiatriske tenester likeverdige tilbod?"

Transkript

1 Oppsummering av landsomfattande tilsyn i 2008 og 2009 med Distriktspsykiatriske tenester likeverdige tilbod? Rapport fra Helsetilsynet 3/2010 Mars 2010

2 Rapport fra Helsetilsynet 3/2010 Distriktspsykiatriske tenester likeverdige tilbod? Oppsummering av landsomfattande tilsyn i 2008 og 2009 med spesialisthelsetenester ved distriktspsykiatriske senter Mars 2010 ISSN: (elektronisk utgåve) ISBN: (trykt utgåve) ISBN: (elektronisk utgåve) Denne publikasjonen finst elektronisk på Helsetilsynets nettstad Design: Gazette Trykk og elektronisk versjon: 07 Gruppen Statens helsetilsyn Postboks 8128 Dep, NO-0032 OSLO, Norway Telefon: Faks: E-post:

3 Innhald Samandrag Innleiing Kva er eit DPS? Bakgrunn for landsomfattande tilsyn med DPS Område som tilsynet har undersøkt Metode for å gjennomføre og oppsummere tilsyn Funn og vurderingar Vegen for pasienten inn i DPS vurdering og prioritering av tilviste pasientar Krav til vurdering og prioritering av tilviste pasientar Funn Vurderinga til Statens helsetilsyn Utgreiing, behandling og oppfølging Krav til utgreiing, behandling og oppfølging Funn Godt planlagd og forsvarleg utgreiing Behandling og oppfølging Vurderinga til Statens helsetilsyn Andre, gjennomgåande tema Brukarmedverknad Samhandling Tilgjenge Førebygging og bruk av tvang Styring og leiing av DPS-a Krav til internkontroll i DPS-a Funn Vurderinga til Statens helsetilsyn Samla vurdering og tilrådingar...25 Vedlegg 1 Oversyn over DPS-a som har hatt tilsyn...27 Čoahkkáigeassu...29 English summary

4 Samandrag I 2008 og 2009 blei det gjennomført tilsyn med spesialisthelsetenester ved distriktspsykiatriske senter (DPS) til vaksne med psykiske lidingar. Helsetilsynet i fylka har vitja 56 av DPS-a i landet, 28 i 2008 og 28 i Tilsynet blei utført av regionale tilsynslag som systemrevisjon. Kvart tilsynslag var styrkt med to eksterne fagrevisorar: ein psykologspesialist og ein psykiater. Tilsynet undersøkte korleis nye pasientar blei vurderte og prioriterte, og korleis dei blei utgreidde, behandla og følgde opp. Tilsynet såg også på om internkontrollen i verksemdene sikrar kvalitet og forsvarleg verksemd innanfor kvart område. Statens helsetilsyn oppsummerte tilsyna som var gjennomførte i 2008, i ein «midtvegs»-rapport (4/2009). Denne endelege rapporten gir ei samla framstilling av funna vi gjorde i det toårige landsomfattande tilsynet, av korleis vi vurderte desse funna, og av tilrådingane til Statens helsetilsyn. Vi gir også ei samla oppsummering av dei fire gjennomgåande tema som ikkje blei omtalte i «midtvegs»-rapporten: brukarmedverknad, samhandling, tilgjenge, førebygging og reduksjon i bruken av tvang. Vi påpeikte svikt på eitt eller fleire område i 44 av dei 56 DPS-a vi undersøkte. I 2008 blei det ved 22 av 28 tilsyn funne brot på lovkrav og påpeikt eitt eller fleire avvik. Ved tre av dei seks DPS-a der vi ikkje påpeikte avvik, gav vi merknader. I 2009 blei det funne brot på lovkrav i 23 av 28 tilsyn. Informasjon frå tilsynslaga kan tyde på at sjølv om det ikkje er færre påpeikte avvik i 2009, er alvorsgraden redusert. Vurdering og prioritering av tilviste pasientar Mange DPS mangla system for å sikre at søknader og tilvisingar blei fanga opp og vurderte av ein spesialist etter kvart som dei kom inn. Det blei påpeikt manglar ved vurdering av retten til nødvendig helsehjelp og helsehjelp utan behandlingsfrist, og når det gjaldt å halde vurderings- og behandlingsfristar. I nokre DPS blei det sett behandlingsfristar og sendt tilbakemeldingar som ikkje tok nok omsyn til dei individuelle behova pasienten hadde. Nærare halvparten av dei undersøkte DPS-a avslo tilvisingar og avviste pasientar på feil grunnlag, oftast fordi tilvisinga var mangelfull og ikkje inneheldt nødvendige opplysningar for å vurdere om pasienten trong nødvendig helsehjelp. Statens helsetilsyn vurderer det som alvorleg at enkelte DPS ikkje sikrar at vaksne med alvorleg psykisk liding har godt nok tilgjenge til tenestene. Svikt i måten tilvisingar blir handterte og vurderte på, kan føre til at somme pasientar ikkje får vurdert kva behov dei har for helsehjelp. Pasientane må få informasjon om at dei har fått rett til nødvendig helsehjelp, og om kva rettar dei har ved eventuelle brot på den oppsette behandlingsfristen. Det må vere godt tilgjenge til tenestetilbodet når det hastar for pasienten å få nødvendige tenester. Statens helsetilsyn vurderer det som alvorleg at enkelte verksemder ikkje 4

5 sikrar at pasientar som er vurderte til å ha størst behov for helsehjelp, og såleis er priorterte, blir fanga opp og får nødvendig behandling innanfor den fastsette fristen. Utgreiing, behandling og oppfølging Usystematisk og ufullstendig utgreiingsarbeid er det området med svikt som oftast er omtalt i samband med utgreiing av nye pasientar. Fleire stader fanst ikkje nokon fastsett praksis for kva som skulle kartleggjast, eller kva for diagnostiske verktøy ein skulle bruke. Andre stader hadde ein utarbeidd prosedyrar, men dei var ikkje følgde i praksis. Helsepersonell med ulik fagkompetanse var involverte i utgreiingsarbeidet, og fleire stader mangla ein innarbeidd praksis som sikra at ein spesialist kvalitetssikra utgreiingsarbeidet. I hovudsak ser det ut til at DPS-a har vurdert risikoen for sjølvmord, men tilsynet avdekte manglar ved vurderingane og dokumentasjonen. Leiinga gjekk ikkje systematisk gjennom arbeidsprosessane for å vurdere kritiske steg i utgreiingane og for å fange opp kvar det var fare for svikt. Konsekvensen av dette kan vere at prosessen med å stille diagnose blir forseinka, eller at han blir ufullstendig og feilaktig, og at pasientane ikkje får den hjelpa dei treng. Det kan i sin tur påføre pasientar unødvendig liding og få uheldige konsekvensar for prognosane for pasienten. Svikt som oftast blei påpeikt i samband med behandling og oppfølging, var mangelfull systematikk, planlegging og fagleg leiing. Eit typisk sviktområde var manglande dokumentasjon av og plan for behandlinga. I fleire DPS fann tilsynet inga samanhengande framstilling av og ikkje nokon dokumentasjon i journalen på korleis behandlinga var planlagd og gjennomført. Ansvaret for behandlinga kunne vere lagt til ein behandlar utan spesialistkompetanse, utan at ein spesialist vurderte pasienten, eller utan at det blei gitt rettleiing til behandlaren. I nokre tilfelle avdekte vi ein grunnleggjande mangel på forankring av ansvar for faglege avgjerder. Leiinga hadde i fleire tilfelle ikkje tilstrekkeleg gode rutinar for å halde oversikt over kva praksis DPS-et hadde for å greie ut, behandle og dokumentere. Fleire DPS mangla prosedyrar og retningslinjer, eller dei hadde utarbeidd prosedyrar som dei tilsette ikkje kjende til, og som såleis ikkje var innarbeidde i praksis. Når ein ikkje i tilstrekkeleg grad har kvalitetssikra gangen i utgreiinga og behandlinga, er det over tid ein fare for svikt i kvaliteten på behandlinga og tryggleiken til pasienten. Det kan føre til at pasientar med alvorleg psykisk liding ikkje får oppfylt retten til nødvendig helsehjelp ved behov. Styring og leiing I dei aller fleste DPS-a der dei avdekte avvik, påpeikte tilsynslaga manglar og svikt ved styring og leiing. Funna tyder på at det framleis er eit stykke att til DPS-a har ei systematisk tilnærming til lærings- og betringsarbeid. Leiinga ved DPS-a og helseføretaka har ikkje god nok kontroll og følgjer ikkje godt nok opp til å sikre forsvarlege tenester som gjer dei mindre sårbare og reduserer faren for svikt. Fleire DPS mangla rutinar eller system for å melde frå til leiinga om svikt og fare for svikt i tenestene. Det var også eksempel på DPS som hadde system på plass med elektroniske system for avviksmeldingar utan at dei var kjende og følgde i praksis. Ein del DPS gjorde seg nytte av erfaringar som tilsette og pasientar hadde gjort, men det var ikkje etablert ein praksis som sikra at slik kunnskap blei brukt systematisk. Det er leiinga for kvart enkelt helseføretak og regionalt helseføretak som har ansvaret for å fange opp og lære av forhold som blei påpeikte ved eitt DPS, og bruke dei desse erfaringane systematisk i arbeidet med å betre heile verksemda. Leiinga må sørgje for å etablere robuste system som sikrar forsvarleg verksemd over tid. 5

6 1 Innleiing Statens helsetilsyn gjennomførte i 2008 og 2009 landsomfattande tilsyn med spesialisthelsetenester ved distriktspsykiatriske senter (DPS) til vaksne med psykiske lidingar. Område som tilsynet undersøkte, var konsentrerte om ulike fasar i behandlinga av vaksne med alvorlege psykiske lidingar: vurdering og prioritering av nye pasientar utgreiing behandling og oppfølging Innanfor desse områda blei det undersøkt om internkontrollen i helseføretaka sikrar at tenestene som DPS yter, er forsvarlege og har god kvalitet. Dette er første gongen tilsynsorgana har gjennomført landsomfattande tilsyn over to år. Formålet var mellom anna å bidra til lærings- og erfaringsoverføring i tenestene ved å rette merksemda mot eitt tenesteområde over lengre tid. Tilsynet blei utført som systemrevisjon av regionale tilsynslag. Kvart tilsynslag blei styrkt med to eksterne fagrevisorar: ein psykologspesialist og ein psykiater. Formålet med å bruke fagrevisorar i dette landsomfattande tilsynet er nærare utgreidd i eigen artikkel i Helsetilsynets Tilsynsmelding for 2009 (www.helsetilsynet.no). Statens helsetilsyn oppsummerte tilsyna som blei gjennomførte i 2008, i ein «midtvegs»-rapport (www.helsetilsynet. no) (Rapport fra Helsetilsynet 4/2009). Vi meinte at rapporten kunne gi nyttig informasjon om nasjonale funn som verksemdene kunne bruke i internt lærings- og betringsarbeid. Denne endelege rapporten samanfattar resultat frå tilsyna som var gjennomførte i 2008 (28 DPS) og 2009 (28 DPS) etter same strukturen som «midtvegs»-rapporten. Han gir ei samla framstilling av funna i det toårige landsomfattande tilsynet vårt, vurderingane vi har gjort, og tilrådingane våre. I denne rapporten presenterer vi også dei fire gjennomgåande tema som ikkje var omtalte i «midtvegs»-rapporten: brukarmedverknad, samhandling, tilgjenge, førebygging og reduksjon i bruken av tvang. Kvar enkelt tilsynsrapport og dei regionale oppsummeringsrapportane greier meir detaljert ut om funna i dei verksemdene som er undersøkte (www.helsetilsynet.no). Mange av dei avvika som er påpeikte, er utbetra når denne oppsummeringsrapporten blir publisert. Helsetilsynet i fylka følgjer opp avvik til verksemdene har retta opp forholda. Rapporten er bygd opp på følgjande måte: Kapittel 2 greier ut om måten tilsynet er gjennomført på, og kva vi byggjer oppsummeringa av funna på. Kapittel 3 presenterer områda som er undersøkte, funn frå tilsynet og Statens helsetilsyn sine vurderingar av funna. I kapittel 4 gir vi ei samla framstilling av vurderingar og tilrådingar som 6

7 1) Distriktspsykiatriske sentre med blikket vendt mot kommunen og sentralisere sykehusfunksjoner i ryggen. Veileder 2006/9. Oslo: Sosial- og helsedirektoratet, vp/multimedia/archive/00011/is- 1388_11512a.pdf ( ) 2) Rapportar frå alle tilsyna finst i fulltekst på Statens helsetilsyn kjem med for korleis verksemder og styringsorgan skal følgje opp og setje i verk tiltak. I perioden da dette landsomfattande tilsynet blei gjennomført, har det vore utført fleire andre undersøkingar av tenestene som DPS-a yter. Aktuelle undersøkingar og kartleggingar er mellom anna: Riksrevisjonens undersøking av spesialisthelsetenesta sitt tilbod til vaksne med psykiske problem. Dokument nr. 3:5 ( ) Muusmann/Agenda: Kartlegging av de distriktspsykiatriske sentrene i Norge 2008 (DPS-kartlegginga) Sintef Helse: rapport SAMDATA sektorrapport for det psykiske helsevernet Evaluering av Opptrappingsplan for psykisk helse 1.1 Kva er eit DPS? Eit DPS er ei fagleg sjølvstendig eining med ansvar og oppgåver på spesialistnivå innanfor psykisk helsevern for vaksne i eit gitt geografisk område. Etableringa av DPS har vore ein viktig del av målsetjinga i Opptrappingsplanen om eit meir desentralisert hjelpetilbod. I 2006 gav Sosial- og helsedirektoratet (no Helsedirektoratet) ut ein eigen rettleiar 1 der formålet var å gi tydelege føringar for korleis det desentraliserte psykiske helsevernet skulle utviklast vidare, og å fokusere på dei utfordring ane som er særleg aktuelle for å kunne innfri intensjonane i Opptrappingsplanen. Etter rettleiaren er kjerneoppgåvene i DPS-a: Akutt- og krisetenester Vurdering og utgreiing av tilviste pasientar Differensiert behandling i form av: poliklinisk undersøking og behandling til enkeltpasientar, par eller familiar ambulant behandling og rehabilitering til personar med alvorlege psykiske lidingar strukturert dagbehandling krise- og korttidsbehandling i døgneining døgnbehandling over lengre tid Opplæring av pasientar og pårørande Rettleiing til psykisk helsearbeid i kommunen Forsking og kvalitetsutvikling Utdanning av helsepersonell Ein bør i størst mogleg grad behandle psykiske lidingar poliklinisk, ambulant og som dagbehandling, slik at ein best mogleg kan tilpasse tilbodet til behandlingsbehovet i befolkninga. Rettleiaren peiker på at leiinga har ansvaret for å leggje til rette for ei funksjonell oppgåveløysing og koordinering på tvers av einingar og innanfor DPS-et som heilskap, og at DPS-a skal ha tydelege leiings- og ansvarsforhold og klare rapporteringslinjer. Befolkningsgrunnlaget for opptaksområda til dei 75 DPS-a varierer frå om lag til om lag Når det gjeld talet på DPS, endrar det seg over tid, mellom anna på grunn av organisatoriske endringar i helseføretaka. Somme einingar blir slått saman, andre blir delte. Per januar 2008 var det 75 DPS, per desember DPS. 1.2 Bakgrunn for landsomfattande tilsyn med DPS Statens helsetilsyn har dei siste åra gjennomført fleire landsomfattande tilsyn med tenestetilbodet i kommunane og spesialisthelsetenesta til menneske med psykiske lidingar 2 : 2002: Tilsyn med helsetenester til barn og unge med psykiske problem (kommunale helsetenester og barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar) 7

8 3) Statusrapport om tjenester til mennesker med psykiske lidelser. Brev frå Statens helsetilsyn til Helse- og omsorgsministeren templates/letterwithlinks 7172.aspx ( ). 4) Tjenestetilbudet til personer med psykiske lidelser. Rapport fra Helsetilsynet 8/2007. Oslo: Statens helsetilsyn aspx ( ). 2003: Tilsyn med spesialisthelsetenester til vaksne med psykiske problem (akuttavdelingar og distriktspsykiatriske senter) 2005: Tilsyn med kommunale helseog sosialtenester til personar med langvarige og samansette behov 2006: Tilsyn med tverrfaglege spesialiserte tenester til rusmisbrukarar 2007: Tilsyn med kommunale helseog sosialtenester til vaksne med psykiske lidingar I same perioden gav Statens helsetilsyn også ut to større rapportar om tenestetilbodet til menneske med psykiske lidingar 3,4. Kunnskapsgrunnlaget i desse rapportane var i hovudsak dei samla erfaringane våre frå tilsyn i periodane og På bakgrunn av tilsynserfaringane meinte Statens helsetilsyn at det var viktig å framleis rette merksemda mot tenestetilbodet til menneske med psykiske lidingar, mellom anna gjennom ulike typar av tilsynsaktivitet når det gjaldt det desentraliserte tenestetilbodet. Det blei derfor gjennomført tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til vaksne med psykiske lidingar i 2007, og Helsetilsynet avgjorde å gjennomføre eit landsomfattande tilsyn med spesialisthelsetenestene ved distriktspsykiatriske senter i Distriktspsykiatriske senter blei valde for å undersøkje desentraliserte tenester innanfor spesialisthelsetenesta (psykisk helsevern). Eit forsvarleg desentralisert tilbod var eit viktig mål i Opptrappingsplanen ( ) for psykisk helse, og DPS er sentrale for måla i Opptrappingsplanen om å utvikle desentraliserte, tilgjengelege og samanhengande tenester av høg fagleg kvalitet, tilpassa behova for tenester i befolkninga. Den siste av dei to rapportane inneheldt ei oppsummering av samtalar med eit utval av Helsetilsyna i fylka og fylkesmenn om lokalkunnskapen og erfaringane deira frå helse- og sosialtenestene retta mot menneske med psykiske lidingar. Samtalane omtalte omstende som vi ut frå ei vurdering av risiko og sårbarheit meinte det var viktig å følgje opp i DPS-tilsynet. Fleire av dei same omstenda blei påpeikte som problemområde i oppsummeringsrapporten frå det landsomfattande tilsynet i Mellom anna handla det om at DPS-a praktiserte regelverket knytt til inntak av pasientar ulikt, at det mange stader var lang ventetid for å komme til behandling, og at det var store forskjellar når det gjaldt å kvalitetssikre utgreiing og behandling, å evaluere tiltak som var sette i gang, og å dokumentere desse prosessane. Eit anna tema som gav grunn til uro var den mangelfulle samhandlinga internt i spesialisthelsetenesta og mellom spesialisthelsetenesta og det kommunale tenestetilbodet. Samla sett viste erfaringane at det var stor variasjon i kvaliteten på tenestene, og på kor langt ein var kommen i arbeidet med å leggje om til eit desentralisert spesialisthelsetenestetilbod. 1.3 Område som tilsynet har undersøkt Tilsynet i 2008 og 2009 var retta mot helsetenester som blir gitt ved DPS til vaksne med alvorlege psykiske lidingar. Personar med alvorleg psykisk liding er ikkje ei tydeleg avgrensa pasientgruppe, men omfattar personar som er ramma av psykoselidingar, alvorlege depressive tilstandar og alvorlege personlegdomsforstyrringar. Dersom dei pasientane som treng helsehjelpa mest, ikkje blir prioriterte og får nødvendig hjelp til rett tid, eller dersom tilbodet dei får, ikkje er tilpassa tilstanden deira eller blir gitt av personell med rett kompetanse, kan det føre til at helsetilstanden og livskvaliteten til pasientane blir redusert. For pasientar med alvorlege psykiske lidingar kan det få særleg alvorlege konsekvensar og vere potensielt livstruande. Vi valde derfor å ta med tilhøve knytte til det tilgjenget som pasienten har til tenestene, det vil seie til vurdering og prioritering av tilviste pasientar, og til tilhøve knytte til dei tenestene som DPS-et gir som utgreiing, behandling og oppfølging. 8

9 I tillegg til å undersøkje om dei generelle krava til forsvarleg utgreiing var tekne vare på, fokuserte vi særleg på pasientar med nyoppdaga symptom som kunne knytast til psykoseliding, og på pasientar med alvorleg depresjon. Vi valde desse to gruppene fordi det kan vere avgjerande for prognosen til pasientane at ein raskt set i gang og gjennomfører utgreiingsprosessen. For begge sjukdomskategoriane låg det føre ei rimeleg nasjonal semje om kva ei slik utgreiing 5 skulle innehalde, og kor stort omfanget skulle vere. vurdert. Prioriteringsforskrifta utdjupar vilkåra for vurdering av den retten pasienten har til nødvendig helsehjelp. DPS-a må sikre at dei oppfyller plikta til å føre journal etter krava i forskrift om pasientjournal. Tilsynet ser på krava til fagleg verksemd og styring i samanheng. Internkontrollen må etter forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta vere tilstrekkeleg for å ta vare på oppgåvene som DPS-a skal utføre. Når det gjaldt behandling og oppfølging, sjekka tilsynet om DPS sikra at behandlingstilbodet generelt sett var forsvarleg, og spesielt om pasientar med alvorleg depresjon blei sikra forsvarleg behandling og oppfølging. Dette er ei velavgrensa pasientgruppe der det er fagleg konsensus om kva element som må vere med i behandlinga. Pasientar med nyoppdaga psykose er derimot ei meir heterogen pasientgruppe der ein må rette behandlinga inn etter grunnlidinga til pasienten. Innanfor desse områda retta vi også merksemda mot brukarmedverknad, samhandling med aktuelle samarbeidspartnarar, tilgjenge til tenestetilbodet når behova tilseier at det hastar med å få nødvendige tenester, og å førebyggje og redusere bruken av tvang. Til siste punktet høyrer også gjennomføringa av tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald der DPS-a var ansvarlege for å gjennomføre vernet. 5) Etter at tilsynet var ferdig planlagt og startet opp, gav helsedirektoratet i desember 2008 ut ein prioriteringsrettleiar for psykisk helsevern for vaksne (IS-1582) Dei krava som styresmaktene stiller for tilsynsområda som er omtalte i denne rapporten, er i hovudsak avleidde frå lov om spesialisthelsetjenesten m.m. (spesialisthelsetenestelova), lov om pasientrettigheter (pasientrettslova) og lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernlova). Hovudregelen om at tenestene som DPS-a gir, skal vere forsvarlege, er lovfesta i spesialisthelsetenestelova 2-2. Føresegnene i pasientrettslova og psykisk helsevernlova er med på å konkretisere kravet om at tenestene skal vere forsvarlege. Alle pasientar som er viste til DPS, har etter pasientrettslova 2-2 rett til å få helsetilstanden sin 9

10 2 Metode for å gjennomføre og oppsummere tilsyn 6) templates/articlewith- Links_5130.aspx Helsetilsynet i fylka har gjort tilsynet på oppdrag frå Statens helsetilsyn. Tilsynet har vore gjennomført av regionale tilsynslag. Laga var leidde av ein revisjonsleiar og hadde medarbeidarar med helsefagleg og juridisk kompetanse frå Helsetilsynet i fylka frå kvar helseregion. Vi har i tillegg supplert tilsynslaga med psykologspesialistar og psykiatrar for å styrkje den faglege kompetansen til tilsynsorgana på dei områda vi har undersøkt. Totalt har 13 slike fagrevisorar vore med i 56 tilsyn dei siste to åra. Ekstern fagleg bistand sikrar dei vurderingane og konklusjonane tilsynet gjer av forsvarleg praksis på dei fagområda vi har undersøkt. Dette styrkjer også legitimiteten til tilsynsorgana overfor verksemdene vi fører tilsyn med. Fagrevisorane vi har brukt, har god og relevant klinisk erfaring og kunnskap om det som i dag blir rekna for forsvarleg praksis. Fagrevisorane fekk opplæring i Helsetilsynet sin generelle tilsynsmetodikk og innføring i opplegg og tematikk for tilsynet. Tilsynet blei utført som systemrevisjon etter Statens helsetilsyns Prosedyre for tilsyn utført som systemrevisjon 6. Prosedyren gjer mellom anna greie for korleis ein skal planleggje, utføre og gjennomføre systemrevisjonar, med ein kort omtale av hovudelementa som høyrer med til denne forma for tilsyn. Systemrevisjonen er ein velkjend og internasjonalt godkjend revisjonsmetode som er godt eigna til å undersøkje om praksisen i verksemdene er systematisk styrt, og han viser at det er ein samanheng mellom dei faglege utfordringane og utfordringane ved å styre ei verksemd. Ved landsomfattande tilsyn utarbeider Statens helsetilsyn eit internt arbeidsdokument, ein rettleiar, som Helsetilsynet i fylka bruker når dei planlegg og gjennomfører tilsyna. Rettleiaren konkretiserer mellom anna det aktuelle regelverket som tilsynet bruker. Rettleiaren er eit arbeidsdokument for tilsynsorgana, og er skriven for at Helsetilsynet i fylka og fylkesmennene skal gjennomføre mest mogleg einsarta tilsyn over heile landet. Etter at tilsyna er gjennomførte, blir rettleiaren offentleggjord for at grunnlaget for tilsynet skal vere offentleg tilgjengeleg, og for at dei som har ansvaret for tenester, og andre kan gjere seg nytte av innhaldet. Rettleiaren kan mellom anna eigne seg for verksemder som ønskjer å følgje opp tema frå tilsynet med interne revisjonar. For dei som ønskjer meir detaljert informasjon om grunnlaget for tilsynet, medrekna regelverket, er rettleiaren for tilsynet tilgjengeleg på For kvar systemrevisjon blir det utarbeidd ein skriftleg rapport som gjer greie for det tilsynslaga har undersøkt, og for kva konklusjonar tilsynet har gjort ut frå opplysningane dei har henta inn. Rapporten er ei tilbakemelding til verksemdene når systemrevisjonen er avslutta. Når tilsynet avdekkjer tilhøve som ikkje svarer til krava i lovgivinga, blir dette peikt på som avvik. Tilsynet underbyggjer dette med fakta og 10

11 observasjonar som er knytte både til sjølve tenesteytinga og til styringa. Helsetil synet i fylket følgjer opp avvika. Tilsyns organet kjem med merknader når dei ønskjer å peike på område for betring utan at det ligg føre brot på lovkrava. Når landsomfattande tilsyn i spesialisthelsetenesta er avslutta, utarbeider Helsetilsynet i dei aktuelle fylka også regionale rapportar som blir sende ut til det regionale helseføretaket. Rapportane er tilgjengelege på i lag med oppsummeringsrapporten etter halvgått løp (4/2009) og denne oppsummeringsrapporten. Materialet som denne oppsummeringsrapporten byggjer på, er rapportane som er skrivne etter at det er gjennomført tilsyn med kvart DPS. Det ligg ved ei oversikt over kva DPS det har vore tilsyn i, og kva helseføretak dei til høyrer (vedlegg 1). Nedanfor følgjer ei oversikt over kor mange DPS som blei undersøkte i dei ulike helseregionane i 2008 og 2009: Helse Nord: 11 av totalt 14 DPS 7 Helse Midt-Noreg: 8 av totalt 11 DPS Helse Vest: Helse Sør-Aust: 9 av totalt 19 DPS 28 av totalt 34 DPS 7) Tala som er oppgjevne for Helse Nord, Helse Midt-Noreg og Helse Sør-Aust er dei same for 2008 og I Helse Vest er talet på DPS endra frå 2008 til 2009 (Helsedirektoratet, desember 2009) Helsetilsynet i fylka har hatt tilsyn med godt over 70 prosent av DPS-a i landet. Kunnskap om lokale tilhøve og risikovurderingar har vore med på å avgjere kva DPS som er valde, og utvalet er dermed ikkje tilfeldig. Funna gir ikkje eit heilt dekkjande bilete av korleis det står til på det aktuelle tenesteområdet på landsbasis, men dei gir ei samla framstilling av funna i dei undersøkte DPS-a på undersøkingstidspunktet. Helsetilsynet meiner at funna gir eit relevant bilete av tilhøve som pregar tenestene som DPS gir, og informasjon om sentrale utfordringar som DPS-a, helseføretaka og dei regionale helseføretaka står overfor. 11

12 3 Funn og vurderingar Funna vi presenterer i dette kapitlet, bygger på gjennomgang og vurdering av dei tilsynsrapportane som blei utarbeidde etter kvart tilsyn. Totalt blei det gjennomført tilsyn med 56 av DPS-a i landet i 2008 og Funn frå tilsyna viser at det blir peikt på avvik på eitt eller fleire område i 44 DPS, det vil seie tre firedelar av dei undersøkte DPS-a. Til saman har 16 helseføretak hatt tilsyn i to eller fleire DPS i både 2008 og 2009 (jf. vedlegg 1). Talet på påpeikte avvik og merknader i kvart DPS varierer både mellom helseføretaka og delvis innanfor same helseføretaket. I 2008 blei det ved 22 av 28 tilsyn funne brot på lovkrava og påpeikt eitt eller fleire avvik. Det vil seie at det i seks DPS ikkje blei påpeikt avvik, men ved tre av desse blei det gitt merknader det vil seie at tilsynsorgana påpeikte at det var behov for betring. I 2009 blei det funne brot på lovkrava i 23 av 28 tilsyn og påpeikt eitt eller fleire avvik. I fem DPS blei det ikkje påpeikt avvik, men ved fire av desse gav tilsynet merknader. Informasjon frå tilsynslaga kan tyde på at sjølv om det ikkje er færre påpeikte avvik i 2009, er alvorsgraden blitt redusert. 3.1 Vegen for pasienten inn i DPS vurdering og prioritering av tilviste pasientar Krav til vurdering og prioritering av tilviste pasientar Når eit DPS får ei tilvising, gir det pasienten rett til å få helsetilstanden og behovet for helsehjelp vurdert av spesialisthelsetenesta. Retten til å bli vurdert gjeld alle tilviste pasientar. Regelverket er utforma for at pasientar som har størst behov for helsehjelp, skal prioriterast og få nødvendig hjelp innan ein forsvarleg frist. Spesialisthelsetenesta skal reelt vurdere fagleg kva behov pasienten har for helsehjelp. Når det er bestemt at ein pasient har rett til nødvendig helsehjelp, skal det setjast ein tidsfrist for når det er medisinsk forsvarleg at hjelpa blir gitt. Dei andre tilviste pasientane kjem i to grupper: Pasientar som ein meiner har nytte av hjelp frå spesialisthelsetenesta, men utan at det er nødvendig å setje ein behandlingsfrist; og pasientar som ein meiner ikkje har behov for helsehjelp frå spesialisthelsetenesta, men som ofte har behov som kan eller bør takast hand om innanfor ramma av tenestetilbodet i førstelinja. Desse vurderingane skal det vere mogleg å finne att i pasientjournalen. DPS-a må sørgje for at vurdering og prioritering sikrar alvorleg sjuke pasientar rask behandling, og sjå til at dei gir rask tilbakemelding til pasient og tilvisar om korleis ein vil ta hand om pasienten. 12

13 Dersom tilvisinga ikkje er tilstrekkeleg til at DPS-et kan vurdere pasienten, skal slike søknader ikkje avvisast, men DPS-et må hente inn supplerande opplysningar eller kalle pasienten inn til undersøking. Ordninga med fritt sjukehusval inneber at eit DPS pliktar å vurdere tilvisingar av pasientar utanfor sitt eige opptaksområde. DPS-et kan heller ikkje avvise tilvisingar som handlar om problemstillingar som DPS-et ikkje har fått i oppgåve å handtere, men pliktar å sende tilvisinga vidare til rett instans raskast mogleg, slik at ein følgjer fristane som regelverket set Funn I 2008 påpeikte tilsynslaga eitt eller fleire avvik i 15 av 28 undersøkte DPS fordi vurderingane og prioriteringane av tilvisingar ikkje svarte til lovkrava på dei undersøkte områda. I 2009 påpeikte tilsynslaga eitt eller fleire avvik i 18 av 28 undersøkte DPS. Begge åra var det DPS der tilsynslaga ikkje fann manglar på dette området: ni DPS i 2008 og seks DPS i Ved somme DPS fekk nesten alle pasientane rett til nødvendig helsehjelp. Ved andre DPS viste det seg at dei forsømte å vurdere om pasienten kunne ha rett til helsehjelp utan behandlingsfrist når dei først hadde avslått retten til nødvendig helsehjelp. Vidare peikte tilsynet på at nokre DPS ikkje følgde krava i regelverket om å setje ein behandlingsfrist. Det var eksempel på at pasientar som fekk rett til nødvendig helsehjelp, ikkje fekk ein fastsett frist for når behandlinga skulle ta til. Det var også eksempel på at enkelte pasientar fekk ein behandlingsfrist som låg langt fram i tid, utan at det var teke omsyn til tilstanden, alderen eller situasjonen til pasienten. Somme av dei undersøkte DPS-a hadde mangelfull oversikt over produksjonsdata om fristar for vurdering og behandling, om prioriterte pasientar med rett til nødvendig helsehjelp, og om ventetider til første behandling. Til dømes fann tilsynet brot på individuelle behandlingsfristar i 7 av 17 pasientjournalar i eitt DPS. Mange DPS mangla system for å sikre at søknadene og tilvisingane blei fanga opp og vurderte av ein spesialist etter kvart som dei kom inn. Dei manglane som tilsynslaga rapporterer om, gjaldt særleg tilgangen til og bruken av spesialistar til å identifisere tilvisingar som føresette rask vurdering og oppfølging, til dømes ved alvorleg og livstruande sjukdom. Tilsynet vurderte også kva forhold som låg føre der det var gitt avslag på tilvisingar. Nærare halvparten av dei undersøkte DPS-a avslo tilvisingar og avviste pasientar på feil grunnlag. Den vanlegaste grunnen var at tilvisinga var mangelfull og ikkje inneheldt dei opplysningane som var nødvendige for å vurdere om pasienten hadde behov for nødvendig helsehjelp. I desse tilfella sørgde ikkje DPS-et for å hente inn nødvendige tilleggsopplysningar slik det har plikt til. Nokre DPS brukte standardiserte avslag eller tilbakemeldingar utan å gi individuelle vurderingar eller informere om grunnlaget for avslaget/avvisinga. I somme tilfelle var pasientane avviste på feil grunnlag, til dømes fordi pasienten ikkje tilhøyrde det geografiske opptaksområdet til DPS-et, eller fordi det ikkje var kapasitet. Funn frå tilsynet viste vidare at pasientar ikkje fekk tilbakemelding frå DPS-et, til dømes om avslag på tilvising. Dermed fekk ikkje pasienten informasjon om vurderinga som var gjord, om grunnlaget for avslaget, eller om klageretten. Eitt eksempel på ein observasjon var at fastlegen fekk grunngivinga, mens pasienten sjølv berre fekk beskjed om avslaget og råd om å vende seg til tilvisande lege for nærare orientering. Det blei også peikt på manglar ved dokumentasjon og journalføring av dei individuelle vurderingane som låg til grunn for avgjerder om rett til nødvendig helsehjelp, og om eventuell oppstart av behandling. Manglar knytte til dokumentasjon og journalføring er påpeikte også når det gjeld utgreiings- og behandlingsprosessen (kapittel 3.2). I 33 DPS der det blei avdekt avvik ved handteringa av tilvisingar, fann tilsynet 13

14 manglar ved styring og leiing av denne delen av oppgåvene til DPS-a. Tilsynet avdekte at leiinga ikkje vurderte risikoen, sikra handteringa av avvik eller systematisk gjekk gjennom rutinar og praksis for å sikre at pasientane blei forsvarleg vurderte og prioriterte. I nokre DPS var det utarbeidd rutinar for å sikre forsvarleg handtering av tilvisingar, men dei var ofte lite kjende og ikkje innarbeidde i praksis. Vi har gjort greie for manglar knytte til styring og leiing i eige kapittel (kapittel 3.3) Vurderinga til Statens helsetilsyn Statens helsetilsyn vurderer det som svært alvorleg at enkelte DPS ikkje sikrar godt nok tilgjenge til tenestetilbodet for vaksne med alvorleg psykisk liding. Svikt i måten tilvisingar blir handterte og vurderte på, kan hindre enkelte pasientar i å få vurdert behovet sitt for nødvendig helsehjelp eller for helsehjelp utan behandlingsfrist. Eit anna alvorleg omstende er at pasientar som har fått rett til nødvendig helsehjelp, ikkje får hjelp innan fastsett frist. Funna tyder på at fleire DPS har utfordringar knytte til å halde kontinuerleg oversikt over prioriterte pasientar med rett til nødvendig helsehjelp, og dei manglar tiltak som sikrar at dei held fristane for å vurdere og behandle pasientane. Pasientane må få informasjon om retten dei har til nødvendig helsehjelp og om rettane dei har ved eventuelt brot på den oppsette behandlingsfristen. Tenestetilbodet må vere tilgjengeleg når det hastar for pasienten å få nødvendige tenester. Får eit DPS ei tilvising som til dømes ikkje inneheld nok opplysningar, skal praksis vere at DPS-et hentar inn desse opplysningane, ikkje at det sender tilbake tilvisinga. Statens helsetilsyn ser på det som alvorleg at enkelte verksemder ikkje sikrar at pasientar som er vurderte til å ha størst behov for helsehjelp og dermed er prioriterte, blir fanga opp og får nødvendig behandling innan fastsett frist. vere med på å svekkje helsetilstanden deira. DPS-a må sørgje for å gi tilbakemelding til pasienten og fastlegen, og eventuelt også til annan tilvisar, om korleis pasienten skal greiast ut og behandlast vidare. Statens helsetilsyn er uroa av at tilbakemeldingar til pasientane sviktar enkelte stader. Det er få klager frå pasientar som får tenester frå psykisk helsevern. Det å vere godt informert om rettar og retten til å klage kan vere ein føresetnad for å bruke høvet til å klage. Det er viktig at DPS-a følgjer med på og sikrar at rettane til pasientane blir tekne vare på. Statens helsetilsyn fryktar at samhandlinga mellom DPS-et og tilvisande instansar som fastlegar og andre delar av helsetenesta blir svekt ved at DPS-et ikkje klarer å fange opp akutte behov. Samarbeid med representantar for hjelpeapparatet i kommunen der pasienten bur, er ofte ein føresetnad for å kunne gi pasienten eit forsvarleg og koordinert tenestetilbod. Dette er alvorlege tilhøve som verksemdene sjølve må rette opp. Funna er alvorlege særleg fordi tidlegare tilsyn har påpeikt svikt i retten til nødvendig helsehjelp og svikt i priorieringa i spesialisthelsetenesta. Det kan også tyde på at dei regionale helseføretaka og helseføretaka ikkje undersøkjer om svikt som blir avdekt innanfor éi eining, også kan finnast i andre einingar i føretaket, og at dei ikkje gjer noko for å korrigere eller førebyggje slik svikt. Statens helsetilsyn ønskjer å leggje til at tilsynet også har vist at mange DPS handterer tilvisingar på ein systematisk og god måte. Det viser at det er godt mogleg å få til ein fagleg forsvarleg praksis som tek vare på rettane til pasientane. Tilvisingar skal alltid vurderast av ein spesialist, anten det skjer i første kontakt, eller som kvalitetssikring i ettertid. Sviktar dette, kan det føre til at alvorleg sjuke pasientar ikkje får nødvendig helsehjelp raskt nok, og det kan 14

15 3.2 Utgreiing, behandling og oppfølging Krav til utgreiing, behandling og oppfølging DPS-a må ha brei kompetanse når det gjeld utgreiing, behandling og rehabilitering av pasientar med psykiske lidingar, og oppgåvefordelinga mellom DPS-a og andre delar av psykisk helsevern i føretaket må vere avklarte. Ansvar, oppgåver og mynde må vere tydeleg fordelte, og det må vere kjent kven som har ansvaret for å sikre forsvarleg utgreiing, behandling og oppfølging av kvar enkelt pasient. Ugreiings- og behandlingstilbodet må vere i tråd med nasjonale retningslinjer og godkjend praksis. DPS-et må sørgje for at behandlingstilbodet er fleksibelt nok til å møte behova for oppfølging som hastar, og for å kunne tilby oppfølging av pasientar også utanom lokala til DPS-et. Ein må også ha avklart samhandlingsrutinar med fastlegar og kommunale tenester i opptaksområdet og med aktuelle delar av spesialisthelsetenesta innanfor psykiatri og somatikk. DPS-et må leggje til rette for at samarbeidet rundt kvar enkelt pasient blir sett i gang og gjennomført, om nødvendig allereie når pasienten blir utgreidd. Dette gjeld samarbeid om mellom anna handtering av akutte kriser, utskriving av legemiddel, utarbeiding og oppfølging av individuell plan og opplegg for pasientar som er underlagde tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald. DPS må sørgje for at personell med tilstrekkeleg kompetanse greier ut og behandlar pasientane. Det vil seie at ein må ha etablert ordningar som sikrar at ein spesialist (psykiater/psykologspesialist) kvalitetssikrar arbeidet med å stille diagnose og behandle pasientane. Dersom pasienten blir utgreidd og behandla av personell utan formell kompetanse i diagnostisk arbeid, som helsearbeidar med treårig høgskuleutdanning og helsearbeidar under spesialistutdanning, må DPS dokumentere korleis forsvarleg diagnostisk arbeid skal utførast, og korleis behandling og evaluering vil bli gjennomført. DPS-et må gjere risikovurderingar for å identifisere kritiske steg i utgreiings- og behandlingsarbeidet og sørgje for å fange opp informasjon om svikt og rette opp feil. DPS-et må ha etablert nødvendige tiltak som sikrar forsvarleg utgreiing og behandling av kvar enkelt pasient. DPS-et må også sørgje for at alle er kjende med korleis desse prosessane skal gå føre seg, kva dei skal innehalde, korleis dei skal dokumenterast, og at dei blir følgde i praksis. I utgreiingsprosessen skal DPS-et kartleggje og dokumentere relevante forhold. Utgreiinga skal munne ut i ei diagnostisk avgjerd. DPS-et må sikre at standardiserte diagnostiske hjelpemiddel er kjende og tilgjengelege for dei som greier ut pasientane. Å vurdere sjølvmordsrisikoen skal gå inn som standard ved alle førstegongsvurderingar, og om nødvendig takast opp att når pasienten blir behandla. Ein skal ta konkret stilling til faren for sjølvmord og vurdere høvelege tiltak. Vurderingar og konklusjonar skal dokumenterast, og DPS-et må sørgje for at desse blir kvalitetssikra av spesialist. Det er også nødvendig å vurdere om enkelte pasientar kan vere ein fare for andre. DPS-et må sikre at ein gjer nødvendige somatiske undersøkingar, og at det finst personell som kan vurdere resultata. Pasientane må kunne vente å møte eit målretta og strukturert behandlingstilbod i DPS. Dette føreset at det blir utarbeidd ei gjennomtenkt oversikt over behandlinga som også skal liggje i journalen til pasienten. Ein må også ta vare på den retten pasienten har til informasjon og medverknad i alle ledd av behandlinga, medrekna informasjon om rett til individuell plan dersom dette er aktuelt. Samhandling med tenesteytarar til pasienten og eventuelle andre, til dømes pårørande, er også viktig i behandlings- og oppfølgingsfasen. Forholda må så langt som råd leggjast til rette for at pasienten skal vere med på behandlinga frivillig. For dei pasientane som er under tvunge vern utan døgnopphald i institusjon, må DPS-et sørgje for at vernet blir forsvarleg gjennomført. Det må også liggje føre tiltak som sikrar at pasienten får ei 15

16 forsvarleg avslutning på behandlinga, og at epikrisar blir kvalitetssikra Funn Begge åra påpeikte tilsynet i over halvparten av DPS-a eitt eller fleire avvik på grunn av mangelfull utgreiing, behandling og oppfølging. I 2008 gjaldt dette 16 av 28 DPS, i 2009 i 19 av 28 DPS. I nokre få DPS fann tilsynslaga ingen svikt eller manglar i nokon av dei undersøkte områda. I 2008 gjaldt det tre DPS, i 2009 eitt DPS. I fleire DPS peikte tilsynet på at leiinga ikkje hadde gjennomført risikovurderingar for å fange opp svikt og fare for svikt i utgreiings- og behandlingsprosessane. Funna viser også at det i fleire DPS ikkje fanst ei felles forståing for kva som skulle meldast av avvik, sjølv om det var utarbeidd heilskaplege kvalitetssystem, mellom anna med elektroniske avviksmeldingar. Det fanst heller ikkje gode nok rutinar for å sikre at informasjon om svikt og fare for svikt nådde leiinga. Det varierte også i kva grad DPS-a hadde systematiske tiltak som sikra at erfaringane til dei tilsette og til brukarane blei henta inn og brukte til betringsarbeid Godt planlagd og forsvarleg utgreiing Usystematisk og ufullstendig utgreiingsarbeid var det området med svikt som oftast blei trekt fram i samband med utgreiing av nye pasientar. Fleire stader fanst ikkje fastsett praksis for kva som skulle kartleggjast som ein del av utgreiinga, eller praksis for kva diagnostiske verktøy som skulle brukast, og i tilfelle kva verktøy. Det var eksempel på at somatiske tilhøve ikkje alltid blei greidde ut når det var relevant, og det var påpeikt mangel på fastsett praksis ved utgreiing av svært alvorlege lidingar, som psykoselidingar og alvorleg depresjon. Tilsynet fann eksempel på at det fanst fastsette standardar og praksisar, men utgreiingane blei ikkje nødvendigvis gjennomførte etter desse, og dei var såleis ikkje utførte på ein tilstrekkeleg systematisk måte. Ulike faggrupper kan vere involverte i utgreiingsarbeidet, men fleire stader avdekte tilsynet at arbeidet ikkje alltid blei tilstrekkeleg kvalitetssikra av ein spesialist før diagnose blei stilt og behandlinga sett i gang. Eit eksempel frå ein tilsynsrapport: «I enkelte DPS var det i stor grad opp til den enkelte behandler å fastsette hvilken utredning og behandling som skulle gjennomføres, uten at dette ble fulgt opp av spesialist og/eller diskutert i tverrfaglige møter.» Mangelfull styring og systematikk kom også til uttrykk ved at det i fleire DPS ikkje fanst retningslinjer eller ein fast praksis for korleis ein skulle journalføre vurderinga, og for kva delar som skulle dokumenterast i journalen. Eit anna område for svikt som blei avdekt, var at utgreiingsprosessen kunne strekkje seg over svært lang tid, slik at det varte lenge før diagnose blei stilt og behandlinga kunne ta til. Funna tyder på at hovudutfordringa for mange av verksemdene er å gjere retningslinjer og rutinar kjende for tilsette, og å sørgje for at dei blir innarbeidde og etterlevde i praksis. Nedanfor ser vi nærare på funn knytte til vurderingar av risikoen for sjølvmord og farleg framferd. Vurdering av sjølvmordsfare Vurdering av risiko for sjølvmord skal høyre med som standard i alle førstegongsvurderingar og utgreiingar i psykisk helsevern, jf. nasjonale retnings linjer for forebygging av selvmord i psykisk helsevern. Dersom ein avdekkjer at det er risiko for sjølvmord, må ein gjere nye vurderingar av sjølvmordsrisikoen i løpet av behandlinga. Faren for sjølvmord er eit kjent risikoområde med store og alvorlege konsekvensar, og med heilt utvitydige retningslinjer. Sjølv om dei aller fleste DPS-a vurderer sjølvmordsrisikoen og kvalitetssikrar desse vurderingane, avdekte tilsynet svikt eller manglar på dette området i fleire enn eitt av tre DPS. Fleire stader observerte tilsynet at 16

17 ein ikkje alltid vurderte sjølv mordsrisikoen; ikkje for alle, ikkje alltid ved første kontakt, ikkje alltid ved førstegongsvurdering, ikkje alltid når tilvisingsdiagnose var depresjon. I ein rapport kan vi lese: «at det i for stor grad varierer hvorvidt man gjennomfører selvmordsfarevurderinger for pasienter med selvmordslidelser.» Som for utgreiingar generelt, jamfør ovanfor, kunne det vere mangel på systematikk og varierande kvalitet på vurderingane. Fleire rapportar peikte på mangelfull kompetanse til å gjere slike vurderingar. Fleire stader avdekte tilsynet at verksemdene ikkje sikra at personalet fekk nødvendig opplæring. Det var også eksempel på at helsepersonell utan spesialistkompetanse gjorde kartleggingar som ledd i utgreiinga, men utan at det overordna ansvaret var tydeleg plassert. Somme stader var det fulle ansvaret lagt til helsepersonell utan spesialistkompetanse. Enkelte tilsynslag rapporterte at det var vanskeleg å spore gjennomførte vurderingar av sjølvmordsfare i pasientjournalen. Det var eksempel på at dokumentasjonen var ufullstendig. Konklusjonen på vurderingane av sjølvmordsfare kunne gå fram av journalen, mens premissane og dermed også risikofaktorane ikkje var dokumenterte. Vidare peikte tilsyna på mangelfull dokumentasjon på at tidlegare vurderingar av sjølvmordsfare blei følgde opp med nye vurderingar ved behov seinare i behandlinga. Manglande og mangelfulle vurderingar av farleg framferd Det er rapportert få funn på dette området, men dei observasjonane som er gjorde greie for, gjaldt uklare retningslinjer eller manglar med omsyn til når ein skal vurdere risiko for farleg framferd, korleis ein skal gjere det, kven som skal gjere det, kva kompetanse den skal ha som gjer det, og korleis ein gjer dette til eit tema i behandlinga. Gjennomgåande for det mindretalet av tilsyn som handla om korleis DPS-a praktiserte det å vurdere farleg framferd, var at dei verken hadde r etningslinjer eller etablert praksis for når slike vurderingar skulle gjerast, og heller ikkje hadde sørgd for å vurdere kva slags kompetanse dei trong, eller hadde sørgd for å byggje opp nødvendig kompetanse. Dei hadde altså ikkje sikra at slike vurderingar faktisk blei gjorde når det var behov for det Behandling og oppfølging Avvik som blei påpeikte når det gjaldt behandling og oppfølging av pasientar i DPS, var i stor grad knytte til manglande systematikk, planlegging og fagleg leiing av tilbodet. I dei fleste av dei undersøkte DPS-a avdekte tilsyna svikt eller veikskap i eitt eller fleire ledd, men det var også tilfelle der dei avdekte brest i nær sagt alle ledd i behandlingstilbodet ved DPS-et. Eit typisk sviktområde var at det anten heilt mangla ein plan for behandlinga, eller at det var vanskeleg å finne behandlingsplanen i pasientjournalen. I fleire DPS fanst elementa i behandlingsplanar spreidde på fleire stader i journalen, men det blei ikkje funne noka samanhengande framstilling av behandlingsgangen. I nokre DPS mangla heilt dokumentasjon på kva behandlingsformer pasienten hadde fått tilbod om. Dersom det ikkje finst ein dokumentert plan for behandlinga, er det heller ikkje mogleg å følgje opp eller evaluere behandlinga, verken for behandlar eller for leiinga. Slike manglar kunne også gjelde pasientar med alvorlege diagnosar. I fleire tilfelle avdekte tilsynet at det ikkje var mogleg å lese av journalen kva behandlingsformer som pasientar med alvorleg depresjon fekk tilbod om, og at behandlingsplanar for desse pasientane ikkje var dokumenterte. Fleire tilsyn konkluderte med at det var for stor variasjon i kvaliteten på behandlinga av depresjonar. Gode faglege retningslinjer og interne prosedyrar og praksis for behandlingstilnærming og behandlingsopplegg skal vere med og sikre kvaliteten på tenestene. Fleire tilsyn observerte at det anten mangla retningslinjer og prosedyrar eller at slike fanst, men at dei ikkje var 17

18 kjende og i bruk. Der det ikkje fanst prosedyrar, og det heller ikkje var nokon etablert praksis for kva tilnærming ein skulle bruke overfor ulike pasientgrupper, konstaterte ein at det kunne vere usikkerheit om kva som var god behandling. I stor grad var det opp til kvar enkelt behandlar å strukturere behandlingsinnhaldet sjølv. Ved utskifting av personell skaper det ein risiko for skifte av tilnærming utan at det er planlagt, og det medfører fare for liten kontinuitet i behandlinga av pasienten. Meir vanleg var det likevel at det fanst prosedyrar og retningslinjer for det faglege arbeidet, men at dei ikkje var i bruk. Det var eksempel på at prosedyrane var kjende, men at dei tilsette ikkje visste om dei berre var retningsgivande eller styrande dokument. Eit anna sviktområde som blei avdekt, var manglande eller lite systematisk kvalitetssikring av behandlingstilbodet. Fleire tilsyn påpeikte at der behandlingsansvaret var lagt til behandlar utan spesialistkompetanse, blei det ikkje sørgd for spesialistvurdering eller at behandlar fekk rettleiing under behandlinga. Det var eksempel på at det blei skrive ut legemiddel til pasientar utan at legen hadde sett eller vurdert pasienten sjølv. I nokre DPS blei det konstatert at det mangla rutinar for fagleg kvalitetssikring, men det var også fleire DPS som hadde dårleg tilgang til spesialistkompetanse. Eit eksempel: «DPS har ikke psykologspesialist. Psykiater er til stede to dager i uken ved poliklinikken, 3 4 timer to dager i uken ved sengeavdeling.» I nokre DPS var det ikkje tilstrekkeleg sikra at ein spesialist kontrasignerte diagnosar dersom epikrisen var skriven av personell utan spesialistkompetanse. Kvaliteten på epikrisane varierte somme stader. Dei kunne mellom anna mangle diagnose og vurderingar som inneheldt sentrale funn og råd om vidare oppfølging. I nokre tilfelle avdekte tilsyna ein grunnleggjande mangel på forankring av ansvaret for å ta faglege avgjerder, og at leiinga heller ikkje hadde gode nok rutinar for å halde oversikta over kva praksis som fanst i DPS-et for utgreiing, behandling og dokumentasjon Vurderinga til Statens helsetilsyn Dette tilsynet avdekte svikt i godt over halvparten av dei undersøkte DPS-a når det gjaldt å sikre ein forsvarleg utgreiings- og behandlingsprosess. Statens helsetilsyn ser alvorleg på at verksemdene ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar at prosedyrar og retningslinjer som er tekne i bruk, er gjorde kjende for tilsette og innarbeidde i praksis. Det er heilt avgjerande at leiinga kontrollerer at desse blir følgde. Når utgreiings- og behandlingsgangen ikkje blir godt nok kvalitetssikra gjennom systematiske tiltak, skaper det ei sårbarheit som over tid utgjer ein fare for svikt i kvaliteten på pasientbehandlinga, og såleis også ein fare for pasienttryggleiken. Det kan føre til at pasientar med alvorleg psykisk liding ikkje får oppfylt retten til nødvendig helsehjelp når dei har behov for det. Statens helsetilsyn ser alvorleg på dei manglane som tilsyna har påpeikt ved korleis DPS-a greier ut og vurderer risikoen for sjølvmord. Pasientar med alvorlege psykiske lidingar er særleg utsette for sjølvmordsfare. DPS-a må sikre at vurdering av sjølvmordsfare går inn som standard i alle førstegongsvurderingar og utgreiingar i psykisk helsevern. Dersom ein avdekkjer at det er fare for sjølvmord, må ein setje i verk tiltak og ved behov følgje opp pasienten med nye vurderingar i løpet av behandlinga. Dokumentasjon er viktig i heile utgreiings- og behandlingsgangen. Leiinga må sikre at retningslinjene til Helsetilsynet om førebygging av sjølvmord blir gjorde kjende og innarbeidde i praksisen ved DPS-et. Forsvarleg praksis inneber mellom anna at ein kartlegg faren for sjølvmord, og at ein vurderer informasjonen frå kartlegginga. Det vil seie at ein tek konkret stilling til sjølvmordsfaren og til om det er behov for å setje i verk tiltak. Statens helsetilsyn meiner at funna frå tilsynet tyder på at mange DPS har utfordringar knytte til tilgangen på og bruken av spesialistkompetanse. 18

19 Påpeikte manglar kan komme av at det er for lite spesialistkapasitet til å utføre oppgåver på ein forsvarleg måte, men dei kan også komme av svikt i måten DPS-et organiserer og bruker tilgjengeleg spesialistkompetanse på. Fleire av verksemdene har ei mangelfull kvalitetssikring av utgreiings- og behandlingsprosessen. Det vil ikkje nødvendigvis seie at enkeltpasientar får uforsvarleg behandling, men det skaper ein fare for svikt. Leiinga må sørgje for å etablere robuste system som sikrar forsvarleg verksemd over tid. Statens helsetilsyn ser alvorleg på at det så mange stader blei påvist mangelfull dokumentasjon og journalføring. Dokumentasjon av utgreiings- og behandlingsprosessane er ein nødvendig føresetnad for kontinuitet og kvalitet. Manglande dokumentasjon treng ikkje å bety at pasienten har fått mangelfull behandling, men det er ofte ein indikasjon på det, og det svekkjer grunnlaget for godt fundert behandling vidare. Når det i så stor grad blir påpeikt svikt på dette området, kan det innebere at det i for stor grad er opp til kvar enkelt behandlar å planleggje, gjennomføre og dokumentere behandlingsgangen. Når behandlingsplanar er i bruk i varierande grad, og elementa i desse er spreidde på ulike stader i journalen, tek det tid å leite etter informasjon i journalen som er viktig for behandlinga vidare. Statens helsetilsyn framhevar at eit målretta og strukturert behandlingstilbod føreset at det blir lagt ein plan for behandlinga, og at dette blir gjort i samarbeid med pasienten. Manglande dokumentasjon av behandlingsgangen gjer situasjonen sårbar dersom ein annan behandlar må ta over for personell som har fråvær eller sluttar. Utan nødvendig dokumentasjon kan det vere vanskeleg for ein ny behandlar å ta opp tråden der den førre behandlaren slutta. Det kan føre til at pasienten over tid møter ulike behandlingstilnærmingar utan at det har grunnlag i at pasienten har behov for eller ønske om endring. Konsekvensar av dette kan vere dårleg kontinuitet i behandlinga og mindre høve for å evaluere behandlingsresultatet. Pasi enten får også mykje dårlegare høve til å påverke utgreiings- og behandlingsgangen. Statens helsetilsyn peikar på at slike manglar kan få alvorlege konsekvensar for samarbeid med andre behandlarar og hjelpeapparatet elles. Samhandling med kommunen som skal ta over ansvaret for pasienten etter avslutta behandling, kan også bli dårlegare dersom ikkje DPS-a i tilstrekkeleg grad sikrar utgreiings- og behandlingsgangen. Svingingar i sjukdomsgangen er vanleg hos menneske med alvorlege psykiske lidingar. Det er derfor viktig å leggje ein plan som sikrar forsvarleg behandling og oppfølging. Tilsynet har påvist klare manglar i utgreiing, behandling og oppfølging av tenester til menneske med alvorleg psykisk liding. Dette er noko Statens helsetilsyn ser svært alvorleg på. Det handlar om ei utsett og sårbar pasientgruppe som kan ha vanskar med å ta vare på eigne interesser og rettar dersom helsetenesta sviktar. 3.3 Andre, gjennomgåande tema «Midtvegs»-rapporten presenterte funn frå dei mest sentrale tilsynsområda. Der formidla vi at den endelege oppsummeringsrapporten skulle presentere funn og vurderingar frå andre tema i tilsynet. Desse tema var brukarmedverknad, samhandling, tilgjenge og førebygging og reduksjon i bruk av tvang. Etter at vi har oppsummert funn for begge åra, har vi konstatert at det er påpeikt lite svikt innanfor desse andre, gjennomgåande tema. Det kan ha fleire årsaker. Den mest nærliggjande for klaringa på manglande funn på områda er at dette stort sett var område der DPS-a hadde tilstrekkeleg kvalitet. Vi trur likevel at forklaringa kan vere noko meir samansett. Tilsynet hadde eit breitt undersøkingsområde, og informasjon frå tilsynslaga kan tyde på at det ikkje alltid var mogleg å undersøkje alle tema like grundig på den tida som var sett av. Eit anna omstende er at lovkrava ikkje er like klare på dei gjennomgåande temaområda. Det gir stort rom for skjønn, slik at det kan vere vanskeleg å konkludere med at det ligg føre avvik 19

20 frå lovkrava. Til dømes kan det vere vanskeleg å få eit godt nok bilete av korleis kvar pasient medverkar i eiga behandling, utan å snakke med pasientane. Vi har valt å seie noko om krav på områda og å trekkje fram enkelte observasjonar for å illustrere tilhøve tilsynslaga har gjort greie for. DPS-kartlegginga (Muusmann/Agenda) undersøkte somme av dei aktuelle områda. Dersom det ligg føre relevante resultat derfrå som kan kaste lys over våre tema, presenterer vi også desse Brukarmedverknad Brukarmedverknad er regulert fleire stader i helse- og sosiallovgivinga. DPS-et skal leggje til rette for at pasientar og brukarar får reelle høve til å verke inn på korleis tenestene blir forma ut. For det første inneber brukarmedverknad at kvar einskild tek del i alle fasar i eigen behandlingsgang. For det andre ligg det i omgrepet brukarmedverknad at verksemda systematisk skal hente inn erfaringar frå brukarar og pårørande. Dette skal verksemda bruke i det pågåande kvalitetsfremjande arbeidet sitt. På individnivå føreset brukarmedverknad god kommunikasjon som sikrar at pasienten, og eventuelt pårørande i den grad pasienten samtykkjer, er godt informert. Informasjonen må vere gitt på ein måte som pasienten forstår, på eit tidspunkt når pasienten har bruk for informasjonen, og med målsetjinga om at pasienten skal setjast i stand til å ta vare på eigne interesser. Ein må gjere det mogleg for pasienten å ta aktivt del i eiga behandling i ein god relasjon til behandlar. Ein skal også spørje etter dei erfaringane pasienten har, og pasienten skal få høve til å velje behandling og tenestetilbod der det finst fleire moglege val. Individuell plan, behandlingsplan og ansvarsgruppemøte der pasienten tek del, kan vere viktige verktøy for å sikre brukarmedverknad. Nokre av tilsynsrapportane formidlar at det er sett søkjelys på brukarmedverknad, blant anna ved at det er etablert brukarråd på systemnivå (klinikknivå). Andre stader er det avdekt manglar med omsyn til å bruke pasienterfaringar systematisk i forbetringsarbeid. DPSkartlegginga viste store variasjonar i måten brukarpåverknad var organisert på, og brukarane sjølve var opptekne av variasjonar i reell brukarpåverknad. Kartlegginga konkluderte med at det var stort medvit rundt brukarmedverknad og brukarpåverknad blant brukarane sjølve og i hjelpeapparatet, men at det er behov for å auke innsatsen og å betre strukturen i arbeidet både på system- og individnivå. For ein del DPS kom det fram at verksemda arbeidde med å leggje til rette for at brukarar og pasientar skal medverke i eiga behandling, men det var også eksempel på at dette er eit område som bør prioriterast høgare Samhandling Mange med alvorlege psykiske lidingar treng hjelp frå ulike delar av hjelpeapparatet. Samarbeid og samhandling med både tilvisande instans, kommunalt hjelpeapparat, andre delar av spesialisthelsetenesta og med pasienten sjølv og eventuelt pårørande, er ofte nødvendig allereie frå det tidspunktet da pasienten blir tilvist til eit DPS. Aktuelle samarbeidspartnarar må kartleggjast, og ein må tidleg nok opprette kontakt slik at ansvar og oppgåver kan fordelast og koordinerast. Viktige verktøy for å få til samarbeid og samhandling kan vere individuell plan og ansvarsgrupper. DPS-a skal vere ein del av ei heilskapleg behandlingskjede innanfor spesialisthelsetenesta. Det må vere avklarte samhandlingsrutinar med dei psykiatriske sjukehusavdelingane. Dette gjeld pasientar som har vore lagde inn i sjukehus, og som treng vidare oppfølging frå DPS-a, kronisk psykisk sjuke og pasientar som treng hjelp med ein gong. Samarbeid med kommunen der pasienten bur, er ofte ein føresetnad for å gi pasienten eit koordinert og forsvarleg tenestetilbod. DPS-a må planleggje og setje av nok ressursar til dette. Informasjon frå tilsynsrapportane viste at fleire DPS hadde etablert systematisk 20

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Voss sjukehus, Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Voss sjukehus, Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss Sakshandsamar, innvalstelefon Anne Grete Robøle, 731 Vår dato 9.7.1 Dykkar dato Vår referanse 1/3 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Voss sjukehus, Psykisk helsevern for barn og unge,

Detaljer

HELSETILSIMET I HORDALAND

HELSETILSIMET I HORDALAND HELSETILSIMET I HORDALAND Helse Fonna HF Postboks 2170 5504 HAUGESUND DYKKAR REF VAR REF (TA MED VED SVAR) DATO: 2011/3404 734.1 23.06.2011 Oversending av rapport frå tilsyn med Helse Fonna HF, Kirurgisk

Detaljer

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.01.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Differensierte ventetider ARKIVSAK: 2015/1407/ STYRESAK: 012/15 STYREMØTE: 04.02.

Detaljer

Notat. Dato skriven: 06.10.2008 Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Notat. Dato skriven: 06.10.2008 Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen Notat Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: 06.10.2008 Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen Sakshandsamar: Ivar Eriksen Saka gjeld: Oversikt over tilsyns-, kontroll- og

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma. Fylkesmannen i Oppland Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma i Skjåk kommune Samandrag Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007 Sakhandsamar: Kristine Enger Saka gjeld: Behandlingstilbodet til pasientar i legemiddelassistert rehabilitering i Rogaland Arkivsak

Detaljer

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF Tenesteavtale 3 Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF Samarbeid om ansvar og oppgåvefordeling i tilknyting til innlegging av pasientar som treng tilbod om behandling og/eller vurdering i spesialisthelsetenesta

Detaljer

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 17.02.2012 Sakhandsamar: Hans K. Stenby Saka gjeld: Revidert fastlegeforskrift - høyring Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03.

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Psykiatrisk divisjon, Bjørgvin DPS, Avdeling allmennpsykiatri Tertnes

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Psykiatrisk divisjon, Bjørgvin DPS, Avdeling allmennpsykiatri Tertnes Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Psykiatrisk divisjon, Bjørgvin DPS, Avdeling allmennpsykiatri Tertnes Adressa til verksemda: Postboks 1, 5021 Bergen Tidsrom for tilsynet: 27.-28.april 2010 Kontaktperson

Detaljer

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte 08.02. 2006

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte 08.02. 2006 Styresak Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato: 30.01.2006 Sakbehandlar: Saka gjeld: Hilde Rudlang Fokusområde 2006 Styresak 014/06 B Styremøte 08.02. 2006 Bakgrunn Formålet med fokusområde

Detaljer

Styresak. Forslag til regional opptrappingsplan for psykisk helse legges til grunn for utvikling av det psykiske helsevernet i Helseregion Vest.

Styresak. Forslag til regional opptrappingsplan for psykisk helse legges til grunn for utvikling av det psykiske helsevernet i Helseregion Vest. 1 Styresak Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: 24.02.05 Sakshandsamar: Hans Stenby Saka gjeld: Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999 2008 DPS- Strukturen i Helse Stavanger

Detaljer

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte 01.06. 2011

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte 01.06. 2011 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 11.05.2011 Sakhandsamar: Carina Paulsen Saka gjeld: Psykisk helsevern for barn og unge - ventetider og fristbrot Arkivsak 2008/351/ Styresak

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, avdeling poliklinikkar, BUP Øyane

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, avdeling poliklinikkar, BUP Øyane Sakshandsamar, innvalstelefon Anne Grete Robøle, 731 Vår dato 9.7.1 Dykkar dato Vår referanse 1/3 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, avdeling

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF Tid: Måndag 28. februar 2005, kl 1100 kl 1400 Stad: Scandic Bergen Airport Hotell, Bergen Styremøtet var ope for publikum og presse Saker: Sak 16/05 B Godkjenning

Detaljer

Styresak. Ingeborg Aas Ersdal Utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med kronisk utmattingssyndrom CFS/ME i Helse Vest

Styresak. Ingeborg Aas Ersdal Utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med kronisk utmattingssyndrom CFS/ME i Helse Vest Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 11.03.2014 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ingeborg Aas Ersdal Utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med kronisk utmattingssyndrom CFS/ME

Detaljer

Utskriving innan psykisk helsevern/rus

Utskriving innan psykisk helsevern/rus Delavtale mellom XX kommune og Helse Førde HF Tilvising Utskriving innan psykisk helsevern/rus Avtale om tilvising utskriving innan psykisk helsevern/rus 1. Innleiing Delavtale om rutinar for tilvising

Detaljer

NOTAT om familiehuset

NOTAT om familiehuset Vedlegg til budsjett 2012 Psykisk Helsevern NOTAT om familiehuset I Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011 2015) legg myndigheitene føringar for korleis tilbodet innan psykisk helsevern skal gjevast i perioden.

Detaljer

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester Framlegg, 16.05.12 Delavtale mellom Balestrand kommune og Helse Førde HF Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Tenesteavtale5. Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF. Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av

Tenesteavtale5. Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF. Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av Tenesteavtale5 Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av pasientar frå spesialisthelsetenesta Innhald i Partar 3 2 Bakgrunn og lovgrunnlag 3 2.1

Detaljer

Informasjon til pasientar og pårørande

Informasjon til pasientar og pårørande HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus Informasjon til pasientar og pårørande ReHabiliteringsklinikken Haukeland universitetssjukehus Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering Innhold Velkommen

Detaljer

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid Tenesteavtale 10 Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid Innhald 1 Partar 3 2 Bakgrunn og lovgrunnlag 3 2.1 Avtalen byggjer på Feil! Bokmerke er ikke

Detaljer

Svar på førespurnad om journalføring og utlevering av journalar

Svar på førespurnad om journalføring og utlevering av journalar Dykkar ref.: Vår dato: 26.02.2014 Vår ref.: 2013/12033 Arkivnr.: 733.0 Svar på førespurnad om journalføring og utlevering av journalar Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1 FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1. OMFANG Denne forskrifta gjeld for dei studieprogramma som institusjonen vedtek å opprette. 2. DEFINISJONAR 2.1.

Detaljer

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 16. januar 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2 Prosjekt Sogn lokalmedisinske senter, Lærdal. Rapport forstudie og vidareføring TILRÅDING: Leikanger kommunestyre gjer

Detaljer

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen) Tenesteavtale mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen) Partar Denne avtalen er inngått mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Bakgrunn og omfang av

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

1. Mål med samhandlingsreforma

1. Mål med samhandlingsreforma 1. Mål med samhandlingsreforma I april 2010 vedtok Stortinget Samhandlingsreforma, som var lagt fram som Stortingsmelding 47 i juni 2009. Meldinga hadde som undertittel Rett behandling på rett sted til

Detaljer

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle? Barn som pårørande i Helse Fonna Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle? Ved barneansvarleg Vigdis Espenes, koordinatorar Christense Eileraas Ek og Kari Vik Stuhaug Barne- og familieprogrammet

Detaljer

Program for pasienttryggleik 2015 - halvårsrapport

Program for pasienttryggleik 2015 - halvårsrapport Program for pasienttryggleik 2015 - halvårsrapport TIL: Styringsgruppa for «Program for pasienttryggleik i Helse Vest 2013-2018» FRÅ: ANNE GRIMSTVEDT KVALVIK OG SYNNØVE SERIGSTAD DATO: 22.06.15 SAK: 19/15

Detaljer

Rapport til Helse Vest RHF. Oppsummering etter landsomfattande tilsyn 2003

Rapport til Helse Vest RHF. Oppsummering etter landsomfattande tilsyn 2003 Hel Helsetilsynet i Sogn og Fjordane Helsetilsynet i Hordaland Helsetilsynet i Rogaland Rapport til Helse Vest RHF Oppsummering etter landsomfattande tilsyn 2003 Helsetenester til vaksne med psykiske problem

Detaljer

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal» Notat Til: Kopi: Frå: Kommunestyret og kontrollutvalet Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato 216 13/1449-13 10263/15 28.01.2015 Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Detaljer

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT Presentasjon Politisk dag 12.11.13 ved omsorgstenesta Elisabeth Norman Leversund & Anja Korneliussen BAKGRUNN FOR ORDNINGA OG LOVHEIMEL Ideane bak ordninga kjem frå independent

Detaljer

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i Policydokument/ felles strategi t status 09.05.1105 Status Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i det som det var semje om der utarbeidd ett utkast til policydokument både til

Detaljer

Riksrevisjonens undersøking av spesialisthelsetenesta sitt tilbod til vaksne med psykiske problem

Riksrevisjonens undersøking av spesialisthelsetenesta sitt tilbod til vaksne med psykiske problem Dokument nr. 3-serien Riksrevisjonens undersøking av spesialisthelsetenesta sitt tilbod til vaksne med psykiske problem Dokument nr. 3:5 (2008 2009) Denne publikasjonen er tilgjengeleg på Internett: www.riksrevisjonen.no

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Tenesteavtale 8. Mellom Utsira kommune og Helse Fonna HF. Avtale om svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorgsteneste for

Tenesteavtale 8. Mellom Utsira kommune og Helse Fonna HF. Avtale om svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorgsteneste for Tenesteavtale 8 Mellom Utsira kommune og Helse Fonna HF Avtale om svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorgsteneste for gravide og fødande InnhaId 1 Partar 3 2 Formål og virkeområde 3 3 Bakgrunn og lovgrunnlag

Detaljer

Styresak. Forslag til vedtak. Føretak: Helse Vest RHF Dato: 03.02.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval

Styresak. Forslag til vedtak. Føretak: Helse Vest RHF Dato: 03.02.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 03.02.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval Styresak 009/12 B Styremøte 01.02. 2012 Forslag til

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/01630-2 Ane Gjerde 11. desember 2013

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/01630-2 Ane Gjerde 11. desember 2013 BARNEOMBODET Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 OSLO Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/01630-2 Ane Gjerde 11. desember 2013 Høyring - forslag til endringar

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 22.04.2015 SAKSHANDSAMAR: Gina Beate Holsen SAKA GJELD: HMS strategi i Helse Vest

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 22.04.2015 SAKSHANDSAMAR: Gina Beate Holsen SAKA GJELD: HMS strategi i Helse Vest STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 22.04.2015 SAKSHANDSAMAR: Gina Beate Holsen SAKA GJELD: HMS strategi i Helse Vest ARKIVSAK: 2015/1600 STYRESAK: 047/15 STYREMØTE: 06.05. 2015

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med sosiale tenester til personar mellom 17 og 23 år i Eid kommune Adressa til verksemda: Rådhusvegen 11, 6771 Nordfjordeid Tidsrom for tilsynet: 21.01.2016

Detaljer

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL RUSVERNTENESTER 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å oppnå rusmeistring hos brukaren og fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i

Detaljer

Notat. Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: 25.08.2005 Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Notat. Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: 25.08.2005 Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen Notat Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: 25.08.2005 Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen Sakshandsamar: Ivar Eriksen Saka gjeld: Oversikt over tilsyns-, kontroll- og

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Kva er godt tilsyn? Utprøving av ulike tilsynsformer

Kva er godt tilsyn? Utprøving av ulike tilsynsformer ARTIKKEL 3 Kva er godt tilsyn? Utprøving av ulike tilsynsformer I denne artikkelen presenterer vi ulike metodar som fylkesmennene har prøvd ut under satsinga på tilsyn med tenester til eldre i 2009 2012.

Detaljer

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid Tenesteavtale 7 Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid Innhald 1 Partar 2 2 Bakgrunn og lovgrunnlag 2 2.1 Avtalen byggjer på 2 3 Formål og virkeområde

Detaljer

Styresak. Styresak 51/05 B Styremøte 27.05. 2005. I føretaksmøtet 17. januar 2005 er det stilt følgjande krav til internkontroll i Helse Vest RHF:

Styresak. Styresak 51/05 B Styremøte 27.05. 2005. I føretaksmøtet 17. januar 2005 er det stilt følgjande krav til internkontroll i Helse Vest RHF: Styresak Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato: 11.05.2005 Sakshandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Internkontroll i Helse Vest Styresak 51/05 B Styremøte 27.05. 2005 Bakgrunn I føretaksmøtet

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Desse sakene vil me arbeide med frå 2014-18:

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Desse sakene vil me arbeide med frå 2014-18: KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Handlingsplan for 2014 18: Utifrå det som er utarbeidd i kommunedelplanen for Helse, omsorg og sosial er det laga følgjande handlingsplan. Handlingsplanen

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

T I L S Y N S M E L D I N G 2 0 0 5

T I L S Y N S M E L D I N G 2 0 0 5 T ILSYNSMELDING 2005 Innhald side Å lære av seg sjølv og andre... 3 Blir minst mogleg tvang brukt?... 4 5 Har langvarige og samansette behov får eit stykkevis og delt tenestetilbod?... 6 7 Alvorlege manglar

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

TABELLOVERSIKT. Kapittel 3. Mål og utfordringar. Kapittel 4. Tenester til barn og unge. Vedlegg 1. Endring 2010 2020.

TABELLOVERSIKT. Kapittel 3. Mål og utfordringar. Kapittel 4. Tenester til barn og unge. Vedlegg 1. Endring 2010 2020. Vedlegg 1 TABELLOVERSIKT Kapittel 3. Mål og utfordringar Tabell 1a Venta befolkningsutvikling 2010 2025 etter helseføretak Endring 2010 2015 Endring 2010 2020 Endring 2010 2025 Helseføretak 2010 2015 2020

Detaljer

STYRESAK. DATO: 31.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Hilde Rudlang SAKA GJELD: Høyring innføring av fritt rehabiliteringsval ARKIVSAK: 2015/2016 STYRESAK: 084/15

STYRESAK. DATO: 31.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Hilde Rudlang SAKA GJELD: Høyring innføring av fritt rehabiliteringsval ARKIVSAK: 2015/2016 STYRESAK: 084/15 STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 31.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Hilde Rudlang SAKA GJELD: Høyring innføring av fritt rehabiliteringsval ARKIVSAK: 2015/2016 STYRESAK: 084/15 STYREMØTE:

Detaljer

Vedlegg 1 til sak, handlingsplan for Internkontroll. Handlingsplan for styrking av kvalitet og internkontroll. Helse Bergen

Vedlegg 1 til sak, handlingsplan for Internkontroll. Handlingsplan for styrking av kvalitet og internkontroll. Helse Bergen Handlingsplan for styrking av kvalitet og internkontroll Helse Bergen 2015 Innhald 1 Organisatorisk forankring... 2 2 Lovkrav... 2 3 Føremål... 3 4 Tiltak... 3 5 Referansar:... 6 1 Organisatorisk forankring

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 06.10.2014 SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Høyring - Stønad til helsetenester mottatt i eit anna EØS-land- Gjennomføring av pasientrettighetsdirektivet

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde Landro, Sund kommune 1. Sund kommune, organisering rus

Detaljer

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise - 01.10.2013

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise - 01.10.2013 Helse Førde Kompetanse og rekruttering Næringsreise - 01.10.2013 Region Helse Vest Om Helse Førde Helse Førde har ansvar for spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane Består av Psykisk helsevern, Kirurgisk

Detaljer

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid Tenesteavtale7 Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid Innhald 1 Partar 3 2 Bakgrunn og lovgrunnlag 3 -.1 3 Formål og virkeområde 4 4 Aktuelle samarbeidsområde

Detaljer

Programområde for helsesekretær - læreplan i felles programfag Vg3

Programområde for helsesekretær - læreplan i felles programfag Vg3 Programområde for helsesekretær - læreplan i felles programfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. desember 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

II. Tiltak II-A: Tiltak for å hindre brot på vurderingsgarantien, fristbrot og at det oppstår langtidsventande

II. Tiltak II-A: Tiltak for å hindre brot på vurderingsgarantien, fristbrot og at det oppstår langtidsventande II. Tiltak II-A: Tiltak for å hindre brot på vurderingsgarantien, fristbrot og at det oppstår langtidsventande Vedlikehald av ventelister er ein del av dei daglege administrative rutinane HFa skal ha på

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Handlingsplan for 2014 18: Utifrå det som er utarbeidd i kommunedelplanen for Helse, omsorg og sosial er det laga følgjande handlingsplan. Handlingsplanen

Detaljer

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune I. INNLEIING Formål I Hordaland fylkeskommune er det ønskjeleg at tilsette seier frå dersom dei får kjennskap til kritikkverdige forhold i fylkeskommunen.

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010 2012

Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010 2012 ARTIKKEL 2 Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010 2012 Tilsyn er risikoinformerte. Tilsynsorganet leitar der det er mest sannsynleg at det finst svikt som får alvorlege

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret Vinje kommune Vinje helse og omsorg Arkiv saknr: 2014/516 Løpenr.: 8125/2014 Arkivkode: G10 Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Kari Dalen Friskliv i Vinje

Detaljer

Risikomatrise Helse Fonna HF 1. tertial 2012. Det skal ikkje vere fristbrot

Risikomatrise Helse Fonna HF 1. tertial 2012. Det skal ikkje vere fristbrot Styringsmål 1 Delmål 1 Kritisk suksessfaktor 1A Risikoelement 1A Pasienten skal få tilgang til spesialisthelsetenester i høve til lov og forskrift Det skal ikkje vere fristbrot Tilstrekkelig lege/behandlardekning

Detaljer

Helsetilsynet i Nord-Trøndelag Sør-Trøndelag Møre og Romsdal

Helsetilsynet i Nord-Trøndelag Sør-Trøndelag Møre og Romsdal Helsetilsynet i Nord-Trøndelag Sør-Trøndelag Møre og Romsdal Samlerapport til Helse Midt-Norge RHF etter gjennomført tilsyn med helsetjenesten til voksne med psykiske problemer og ivaretakelsen av sentrale

Detaljer

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk GSI'09 Voksenopplæring (Vo) rettleiing nynorsk Datert 01.10.2009 Side 1 av 11 Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) GSI09, Vo-eining Generelt A. Deltakarar i vaksenopplæring på grunnskoleområdet. Alle

Detaljer

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd Servicetorgsjefen Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet postmottak@bld.dep.no Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/2792-2652/2015 Unni Rygg - 55097155 05.02.2015 Høyringsuttale - Tolking

Detaljer

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre Utviklingsprosjekt: Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre Nasjonalt topplederprogram, kull 10 Mona Ryste Volda, april 2011 1. Bakgrunn og organisatorisk forankring for prosjektet

Detaljer

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester 31.01.13 Særavtale mellom Sogndal kommune og Helse Førde HF Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester Avtale om svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester 1. Partar Avtalen er inngått mellom

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Innhold Om rapporten... 2 Forklaring til statistikken... 2 Resultat... 2 Nettsider... 2 Statistikk... 2 Korte tekstar 1 10 sider og tekstar over 10 sider...

Detaljer

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat Framlegg til endring i forskrifter til spesialisthelsetenestelova og folketrygdlova eigendel ved poliklinisk helsehjelp hjå fysioterapeut, ergoterapeut, og

Detaljer

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 28. mai 2015 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Styresak. Dato: 13.05.11 Administrerande direktør Sakshandsamar: Saka gjeld:

Styresak. Dato: 13.05.11 Administrerande direktør Sakshandsamar: Saka gjeld: 1 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Fonna HF Dato: 13.05.11 Frå: Administrerande direktør Sakshandsamar: Saka gjeld: Tomas Jonson Pasienttryggleikskampanjen «I trygge hender» Status for Helse

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE INFORMASJON OM HJELPEINSTANSANE for barnehage og skule Ål kommune I dette heftet er det samla informasjon om hjelpeinstansar som samarbeider med barnehage og skule. Desember 2014 PPT FOR ÅL OG HOL Pedagogisk-psykologisk

Detaljer

Postboks 2170, 5504 Haugesund. Klinikkdirektør Kenneth Eikeseth

Postboks 2170, 5504 Haugesund. Klinikkdirektør Kenneth Eikeseth Sakshandsamar, innvalstelefon Anne Grete Robøle, 55 57 22 31 Vår dato 15. mai 2013 Dykkar dato Vår referanse 2013/1455 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med psykisk helsevern barn og unge - Helse Fonna

Detaljer

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte 04.09.

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte 04.09. Notat Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Fonna HF Dato: 17.08.2012 Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld: Administrerande direktør Kjetil Lunde Utvikling av kostnadar til gjestepasientar Styresak 58/12 O

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK 1. Formål med instruksen Denne instruksen beskriv rammene for administrerande direktør sitt arbeid og omhandlar ansvar, oppgåver, plikter

Detaljer

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging. Handlingsplan for Pasientreiser, Helse Fonna Ved Margareth Sørensen, funksjonsleiar Pasientreiser, Svanaug Løkling, seksjonsleiar akuttmottak Haugesund og Anne Hilde Bjøntegård, klinikkdirektør. Oversikt

Detaljer

Styresak. Forslag til vedtak

Styresak. Forslag til vedtak Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 5.1.2012 Sakhandsamar: Carina Paulsen Mæland Saka gjeld: Høyring - NOU 2011: 9 «Økt selvbestemmelse og rettssikkerhet. Balansegangen mellom

Detaljer

Styresak. Forslag til vedtak: Styret tar rapporteringa til orientering. Dato: 15.11.2011 Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Styresak. Forslag til vedtak: Styret tar rapporteringa til orientering. Dato: 15.11.2011 Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld: Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Fonna HF Dato: 15.11.2011 Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld: Administrerande direktør Tomas Jonson Kvalitet og pasienttryggleik. Rapport 2. tertial 2011 Arkivsak

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 5. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Retningslinjer og Rutineskildring Oktober 2015 INNHALD Innleiing... 2 Lovgrunnlag... 3 Opplæringslova... 3 Elevane sitt fysiske skulemiljø...

Detaljer