Rapport Kjerneområde landbruk

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Rapport Kjerneområde landbruk"

Transkript

1 Rapport Kjerneområde landbruk Førde kommune Ei drivkraft med menneska i sentrum

2 Føreord Rapporten Kjerneområde landbruk peiker ut dei beste areala i Førde kommune for sentrale samfunnsoppgåver for landbruket; matproduksjon og vedlikehald av kulturlandskap. Kjerneområde landbruk er eit samleomgrep for kjerneområde matproduksjon, det vil sei større samanhengande jordbruksareal med jordsmonn som er spesielt eigna for produksjon av mat, og kjerneområde kulturlandskap som omfattar spesielt verdifulle kulturlandskap. Rapporten er utarbeidd av avdeling for Byggesak og arealforvaltning i Førde kommune, og val av områder er tufta på lokalkunnskap, arealressurskart og eksterne fagutredningar. Det er sett ein høg kvalitativ terskel for areala som er med i rapporten. Registrerte kjerneområde matjord utgjer om lag 30 % av det totale fulldyrka arealet som er i drift i kommunen. Det vil sei at det er «indrefileén» vi vil kaste lys på her. Hovudmålet med rapporten er å få bringe dokumentert kunnskap om arealkvalitetar tidleg inn i ulike planprosessar. På den måten vil ein få best mogleg avgjerdsgrunnlag for å redusere moglege konfliktar mellom landbruket og andre samfunnsinteresser. Men det er viktig å presisere at også jordbruksareal som ikkje er registrert i rapporten, er sterkt beskytta for omdisponering gjennom jordlova og plan- og bygningslova. Med håp om å få eit lettlest og praktisk verktøy er rapporten kortfatta, der kartutsnitt og vedlagd oversiktskart vil vere det sentrale arbeidsdokumentet. Førde Leiar Byggesak og arealforvaltning Odd Harry Strømsli Innhald 1. Innleiing s Mål, strategi og tiltak s Metode s Definisjonar og kriterium s Utvalde kjerneområder matproduksjon s Utvalde kjerneområder kulturlandskap s Kjelder s Oversiktskart Vedlegg Førde kommune Side 2

3 1 Innleiing Klimaendring, større etterspurnad etter mat og produksjon av energi på jordbruksareal, er faktorar som har ført til ein situasjon med usikker global matforsyning. Med matmangel i delar av verda og med ein norsk sjølvforsyningsgrad på om lag 50 %, har vi eit ansvar å ta vare på jordressursane våre. I lys av at det gjerne tar 1000 år å danne eit matjordlag på 10 cm, er det urovekkande at i landet vårt er meir enn 1 mill. daa. dyrka og dyrkbar jord omdisponert dei siste 50 åra. Eldre kulturlandskap er også under sterkt press. Verdifulle kulturlandskapstypar er mange stader i ferd med å forsvinne på grunn av endra driftsformer i landbruket eller andre omfattande inngrep. Med tap av slike områder mister vi naturmiljø som speglar vår kulturarv og identitet, og som er viktige for reiseliv, rekreasjon og det biologiske mangfaldet. For Førde kommune sin del er utfordringane store når det gjeld jordvern. Kommunen vart i 1965 utpeikt som vekstsenter og er i dag fylkessenter for Sogn og Fjordane. Denne utviklinga har ført til eit stort press på gode jordbruksområder for å skaffe areal til næringsverksemd, busetnad, idrettsanlegg og infrastruktur. Vern av dyrka og dyrkbar jord, samstundes som ein skal utvikle viktige sentrumsfunksjonar og styrke posisjonen som fylkessenter, er og vil bli ei stor utfordring. 2 Mål, strategi og tiltak For å bremse utviklinga med tap av dyrka og dyrkbar jord har stortinget slutta seg til målsettinga om å styrke jordvernet, og følgjande mål er uttrykt i St.meld. nr 26 ( ): Regjeringa vil: Halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane innan Stimulere kommunane til å utpeike kjerneområde for landbruk som grunnlag for kommunale planavklaringar. Stimulere til regionale planprosessar i by- og tettstadsområder der det blir trekt langsiktige jordverngrenser. Arbeide for å redusere avgangen av dyrka mark til samferdselstiltak. Som ein oppfølging av dei nasjonale føringane utarbeidde Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ein strategi for arbeid med arealforvaltning og jordvern, Jordvernstrategien i Sogn og Fjordane. I sak 091/08 vart høyringsutkastet til strategien samrøystes støtta av Formannskapet i Førde kommune. Med dette bakteppe vedtok Planutvalet i sak 019/12 at det skal gjennomførast ei registrering av kjerneområde for landbruk i Førde. Registreringa skal ende opp i ein rapport som skal dokumentere og kartfeste spesielt gode arealkvalitetar. Målet er å få eit godt planverkty som i tillegg til jordlova og plan og bygningslova, sikrar jordressursar og vernar om verdifulle kulturlandskap. På den måten vil ein få best mogleg avgjerdgrunnlag for å redusere mogelege konfliktar mellom landbruket og andre samfunnsinteresser. Førde kommune Side 3

4 3 Metode Rapporten er utarbeidd av avdeling for Byggesak og arealforvaltning i Førde kommune. Landbruks- og matdepartementet sin rettleiar for registrering av kjerneområde landbruk er brukt som rettesnor for arbeidet. I tillegg har Oddgeir Årdal frå landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, gitt oss generelle råd og tips ved oppstart. Grunnlaget for registreingane av kjerneområde matproduksjon er tufta på lokalkunnskap og tilgjengelege areal- og ressurskart. Utvalde kjerneområde kulturlandskap er i hovudsak henta og kvalitetssikra gjennom utredningane Biologisk mangfald i Førde kommune og Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Førde kommune (sjå kjelder s. 25). Truleg er det ein del viktige lokalitetar som ikkje er fanga opp her, og nye kartleggingar bør prioriterast. 4 Definisjonar og kriterium Kjerneområde landbruk er eit samleomgrep for kjerneområde matproduksjon og kjerneområde kulturlandskap. Uttrykket vart i sin tid presentert av landbruksminister Sponheim under ein stor jordvernkonferanse i Stavanger i Kjerneområde matproduksjon vil sei gode større samanhengande jordbruksareal som er spesielt godt eigna for matproduksjon. Kriteria for areal som er registrert i rapporten er lik den som er sett i Fylkesdelplan for arealbruk for dyrka jord klasse A, dvs fulldyrka og lettdriven jord som er i aktiv drift og som samanhengande utgjer meir enn 100 daa til grasproduksjon, og 50 daa dersom det er nytta til hagebruk. For å bli klassifisert som kjerneområde matproduksjon blir det såleis lagd vekt på jordsmonnet sitt innhald og samansetning, terrenget sin hellingsgrad og arealet sin storleik og arrondering. I tillegg inkluderer ein del av områda sikringssoner med andre markslag enn fulldyrka A jord. Sjølv om arealet er delt av eigedomsgrenser, driftsvegar eller opne grøfter/bekker, blir dei i rapporten rekna som samanhengande. Jordbruksareal som er regulert til anna føremål enn landbruk, natur og friluftsliv (LNF), er ikkje tatt med som kjerneområde matproduksjon. Kjerneområde kulturlandskap er områder som representerer natur og kulturhistoriske verdiar som er eit resultat av allsidig matvareproduksjon over lang tid, gjerne fleire tusen år. Dei største kulturlandskapsverdiane er gjerne knytt til tungdrivne småbruk der dei disponible naturressursane over tid er godt utnytta på ein berekraftig måte. Utvalde kjerneområde kulturlandskap er som tidlegare nemnd henta frå tilgjengelege fagutredningar. Ein har lagd vekt på areal med element som viser historisk interessante driftsformer, verdifullt biologisk mangfald, fornminner og særprega tun- og bygningsmiljø. Førde kommune Side 4

5 5 Utvalde kjerneområder matproduksjon Hafstad kartref.1 Innanfor området som omfattar 274 daa, er det 191 daa fulldyrka jord av særs høg kvalitet. Arealet er i aktiv drift og er truleg noko av det beste arealet vi har for jordbruksproduksjon i Sogn og Fjordane. Førde kommune Side 5

6 Bruland kartref.2 Området omfattar 390 daa der 326 daa er fulldyrka jord klasse A. Jordbruksteigane er godt arrondert, høveleg for drift med moderne jordbruksmaskiner. Lengst mot vest finn ein areal som er vanskeleg å drenere på grunn av høgtståande grunnvatn. Førde kommune Side 6

7 Vie kartref.3 Kjerneområde Vie utgjer totalt 289 daa der 225 daa er godt arrondert fastmarksjord med høg produksjonsevne. Arealet er i aktiv drift og truleg noko av det mest veleigna areal for jordbruksproduksjon vi finn i Sogn og Fjordane. Førde kommune Side 7

8 Løland kartref.4 Lokaliteten omfattar 177 daa der 139 daa er fulldyrka jord med særs god produksjonsevne. Her finn vi også kjerneområde kulturlandskap kartref. I (sjå side 24), og må i lys av dette definerast som spesielt verdifullt. Førde kommune Side 8

9 Mo kartref.5 I hovudsak omfattar kjerneområde Mo produksjonsareala til Mo og Jølster vgskule. Godt arronderte teigar som stort sett må reknast som lettdrivne. Innanfor området er det totalt 520 daa der 323 daa er fulldyrka jord klasse A. Førde kommune Side 9

10 Gjerland kartref.6 Arealet omfattar totalt 482 daa der 254 daa er fulldyrka jord klasse A. Gjerland ligg i Haukedalen om lag 300 moh. På grunn av normalt seine vårar er det gjerne noko kort vekstsesong her. Men teigane er lettdrivne og godt arrondert, så til tross for lang vinter er det naturleg at Gjerland må definerast som kjerneområde matjord. Dette gjeld også kartref. 7, 8, 9 og 10, som ligg i same dalføret. Førde kommune Side 10

11 Frøysland kartref.7 Kjerneområde omfattar 222 daa der 156 daa er fulldyrka jord klasse A. I hovudsak fastmarksjord med god produksjonsemne Foto: Frank Frøysland Førde kommune Side 11

12 Årskaug kartref.8 Innanfor området som omfattar 184 daa, finn vi 114 daa med fulldyrka jord av høg kvalitet. Foto: Ivar Frøysland Førde kommune Side 12

13 Grøneng kartref.9 I kjerneområde Grøneng med sine 598 daa, finn vi 400 daa fulldyrka jord klasse A. Med unntak av nokre teigar med organisk jord, finn vi lettdriven moldrik sandjord her. Førde kommune Side 13

14 Myren/Sørebøen kartref.10 Arealet er avgrensa med 174 daa der 118 daa er fulldyrka jord klasse A. Arealet er ein del av driftseiningar som ligg i område kartref. 9. Førde kommune Side 14

15 Tefre kartref.11 Området omfattar 840 daa der 398 daa er fulldyrka jord klasse A. Arealet er prega av intensiv drift med store gode avlingar som resultat. Førde kommune Side 15

16 Furebø/Ramstad kartref.12 Kjerneområde omfattar totalt 268 daa der 205 daa er fulldyrka jord klasse A. Lettdriven fastmarksjord i aktiv drift. Arealet ligg i Angedalen som er kjend for store snømengder som gjerne fører til sein vårvinne. Til tross for dette blir det tatt ut to gode slåttar med normalt gode avlingar. Dette gjeld også kartref. 13, 14 og 15 som ligg i same dalføret. Førde kommune Side 16

17 Tjønneland kartref.13 Arealet er avgrensa med 402 daa der 231 daa er fulldyrka jord klasse A. 43 % av den fulldyrka jorda er organisk jord. Jordbruksteigane er intensivt drivne med føretak som har investert i nye moderne driftsbygningar. Førde kommune Side 17

18 Grimeland kartref.14 Her finn vi 568 daa der 313 daa er fulldyrka jord klasse A. Kjerneområde ber preg av aktiv jordbruksdrift med jamt over store avlingar av god kvalitet. Førde kommune Side 18

19 Indrebø kartref.15 Arealet er avgrensa med 239 daa der 160 er fulldyrka jord klasse A. På Indrebø finn vi det største produksjonsmiljøet for svineoppdrett i kommunen. Rikeleg med tilgjengeleg spreieareal er ein føresetnad for slik produksjon. Førde kommune Side 19

20 6 Utvalde kjerneområder kulturlandskap Heilevang kartref. A Området ligg lengst vest i kommunen og representerer kystkulturlandskapet. Her finn vi urterik slåtteng av jordnøttypen som i dag er ein sterkt trua vegetasjonstype. Slåtten kartref. B Velhaldne slåtteenger med raudlista beitemarksoppar. Førde kommune Side 20

21 Fossen/Kleiven kartref. C Lokalitet med gamalt tradisjonelt bygningsmiljø plassert i eit landskap med steingardar, bakkemurar og rydningsrøyser. Masdalsgjerde kartref. D Gardsbruk med tydlege spor etter gamle driftsformer som hagemark med styvingstre. Førde kommune Side 21

22 Kusslid kartref. E Vakkert kulturlandskap der gamle grove almestyvingar gjev eit parkliknande preg. Tradisjonen med styving er teke opp att på Kusslid. Lokaliteten har høg nasjonal verneverdi. Åsane kartref. F Beite- og slåttemark der ulike steinstrukturar som bakkemurar og gamle veganlegg pregar lokaliteten. Førde kommune Side 22

23 Holsen kartref. G Heilskapleg jordbrukslandskap i god drift med fleire element frå eldre tider som steingardar og styvingstre. Flugedalen kartref. H Innanfor området er det eit særprega eldre bygningsmiljø med ei velhalden slåttemyr omgitt av furuskog. Førde kommune Side 23

24 Løland kartref. I Jordbrukslandskap med gravhaugar frå forhistorisk tid, avgrensa med fine steingardar. Kvål kartref. J Lokalitet med tradisjonelt bygningsmiljø med kulturlandskapselement som steingardar og rydningsrøyser. Slåttemark med store mengder beitesoppar, enkelte av dei er registrert på raudlista. Førde kommune Side 24

25 Kjelder: Landbruks- og matdepartementet. Kjerneområde landbruk, veileder for registrering og prioritering av viktige områder for jordbruk og kulturlandskap. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Jordvernstrategi i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Kjerneområde landbruk, kort rapport om registreringsarbeidet i åtte pilotkommunar. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Registrerte område av naturverninteresse i Førde kommune, EDNA. Camilla Mohr. Plan for vern av kulturminne i Førde kommune. Miljøfagleg utredning ans. Biologisk mangfald i Førde kommune, rapport 2005 : 15. Sogn og Fjordane distriktshøgskule. Kulturlandskap og kulturlandskapstypar i Førde kommune Rapport nr. 20. Sogn og Fjordane distriktshøgskule. Lauv som ressurs, ny bruk av gammal kunnskap, HSF rapport nr. 4/03. Direktoratet for naturforvaltning. Supplerande kartlegging av biologisk mangfald i jordbrukets kulturlandskap, inn og utmark, i Sogn og Fjordane, utredning Skog og landskap. Markslagsklassifikasjon i økonomisk kartverk, 2007 utgåve. Skog og landskap. Gardskart. Førde kommune Side 25

Kjerneområde Landbruk. Stryn kommune. Registrering av viktige kjerneområde for landbruk og kulturlandskap i Stryn

Kjerneområde Landbruk. Stryn kommune. Registrering av viktige kjerneområde for landbruk og kulturlandskap i Stryn Kjerneområde Stryn kommune Registrering av viktige kjerneområde for landbruk og kulturlandskap i Stryn Desember 2006 1 Kjerneområde og Kulturlandskap. Dei siste 50 åra er meir enn 1 million da dyrka og

Detaljer

Registrering av Kjerneområde landbruk i Lærdal kommune

Registrering av Kjerneområde landbruk i Lærdal kommune Registrering av Kjerneområde landbruk i Lærdal kommune Lærdal kommune landbrukskontoret januar 2007 Innhald: 1. Innleiing bakgrunn og formål side 2 2. Organisering og gjennomføring side 2 3. Landbruket

Detaljer

Landbruk og jordvern i plansaker

Landbruk og jordvern i plansaker Landbruk og jordvern i plansaker KOSTRA- tal for omdisponering av dyrka jord i 2012 Kva vi som sektorstyresmakt legg vekt på i plansaker Kjerneområde landbruk og bruk av omsynssone Erfaring med registrering

Detaljer

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi 2017-2020 1 INNHALD side 1. Innleiing 3 2. Prosess og lokal forankring 3 3. Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) 3 3.1 Mål med ordninga 3 3.2 Verdiar

Detaljer

KOMMUNEPLAN

KOMMUNEPLAN LEIKANGER KOMMUNE KOMMUNEPLAN 2008 2016 - KOMMUNEDELPLAN LEIKANGER - VEDLEGG 2 KJERNEOMRÅDE LANDBRUK Jordbrukssjef Jens Øyrehagen, 2008 Innhald Innhald... 1 Kjerneområde landbruk... 2 Kriterium for utveljing

Detaljer

Fagdag for folkevalde i landbruks-, areal- og miljøsaker. Jordvern og jordlova

Fagdag for folkevalde i landbruks-, areal- og miljøsaker. Jordvern og jordlova Fagdag for folkevalde i landbruks-, areal- og miljøsaker Jordvern og jordlova Christian Rekkedal Nordfjordeid 5. april 2016 1 Sterke statlege føringar om at jordvern er viktig Dyrka og dyrkbar jord har

Detaljer

Saksbehandler: Alf Einar Fornes Deres ref.: Vår dato: Tlf. direkte: E-post: Vår ref.: 2009/5816 Arkivnr: 422.

Saksbehandler: Alf Einar Fornes Deres ref.: Vår dato: Tlf. direkte: E-post: Vår ref.: 2009/5816 Arkivnr: 422. Fylkesmannen i Nord-Trøndelag Saksbehandler: Alf Einar Fornes Deres ref.: Vår dato: 21.12.29 Tlf. direkte: 74 16 82 13 E-post: aef@fmnt.no Vår ref.: 29/5816 Arkivnr: 422. Landbruks- og matdepartementet

Detaljer

%%%Trykk F11 for å plassere markøren der du skal begynne å skrive%%% SAKSFRAMLEGG

%%%Trykk F11 for å plassere markøren der du skal begynne å skrive%%% SAKSFRAMLEGG %%%Trykk F11 for å plassere markøren der du skal begynne å skrive%%% SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Jørn A. Haugen Arkiv: V61 &13 Arkivsaksnr.: 09/5713-3 Saken skal sluttbehandles av: Formannskapet HØRING

Detaljer

Landskapsovervåking utfordringer. Avd. dir. Geir Dalholt

Landskapsovervåking utfordringer. Avd. dir. Geir Dalholt Landskapsovervåking utfordringer Avd. dir. Geir Dalholt Mål Landbrukspolitiske mål Prop 1 S (2009-2010) Opprettholde et levende landbruk over hele landet Sikker tilgang til nok og trygg mat Bærekraftig

Detaljer

Saksbeh.: Merete Glorvigen Arkivkode: V60 &13 Saksnr.: Utvalg Møtedato 82/09 Hovedutvalg for landbruk, miljø og teknisk

Saksbeh.: Merete Glorvigen Arkivkode: V60 &13 Saksnr.: Utvalg Møtedato 82/09 Hovedutvalg for landbruk, miljø og teknisk v NORDRE LAND KOMMUNE SÆRUTSKRIFT - Y -. (.,Sjlelav7 Saksbeh.: Merete Glorvigen Arkivkode: V60 &13 Saksnr.: Utvalg Møtedato 82/09 Hovedutvalg for landbruk, miljø og teknisk 09.12.2009 Lnr.: 9591/09 Arkivsaksnr.:

Detaljer

Jordverngrep i pbl. b) sikre jordressursene, kvaliteter i landskapet og vern av verdifulle landskap og kulturmiljøer

Jordverngrep i pbl. b) sikre jordressursene, kvaliteter i landskapet og vern av verdifulle landskap og kulturmiljøer Pbl og landbruk Jordverngrep i pbl 3-1 Oppgaver og hensyn i planleggingen b) sikre jordressursene, kvaliteter i landskapet og vern av verdifulle landskap og kulturmiljøer Regional plan Regional planbestemmelse

Detaljer

Strategisk plan for jordvern i Nordland

Strategisk plan for jordvern i Nordland Strategisk plan for jordvern i Nordland 2016-2020 Vedtatt 12.04.2016 Versjon 2016 Om denne planen Stortinget vedtok 08.12.2015 en nasjonal jordvernstrategi. Dette dokumentet bygger videre på denne. Planen

Detaljer

Tema 3 Jordvern. Vedlegg:

Tema 3 Jordvern. Vedlegg: REGULERINGSPLAN FOR LANDBASERT FISKEOPDRETTSANLEGG MED TILHØRENDE SLAKTERI OG INFRASTRUKTUR KONSEKVENSUTREDNING Tema 3 Jordvern Konsekvensutredning for: Tiltakshaver Kommune Konsulent Prosjekt nr. / navn

Detaljer

Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Rapport for Hoddevik Liset. Grinde Engjasete

Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Rapport for Hoddevik Liset. Grinde Engjasete Utvalde kulturlandskap i jordbruket Rapport for 2011 Hoddevik Liset Grinde Engjasete Oppsummering av arbeidet med forvaltning av dei utvalde kulturlandskapa i Sogn og Fjordane i 2011 Mål og utfordringar

Detaljer

Jordvernstrategi (høyringsutkast)

Jordvernstrategi (høyringsutkast) Jordvernstrategi (høyringsutkast) Foto: Liv Astrid Nordheim Kusslid Strategi for fylkeslandbruksstyret og Fylkesmannen sitt arbeid med arealforvaltning og jordvern i Sogn og Fjordane Føreord Jordvern handlar

Detaljer

Levende landbruk og levende kulturlandskap i bærekraftig bruk i hele landet

Levende landbruk og levende kulturlandskap i bærekraftig bruk i hele landet Levende landbruk og levende kulturlandskap i bærekraftig bruk i hele landet Nasjonal konferanse om forvaltning av biologiske og genetiske verdier i kulturlandskapet 12. juni 2007 Per Harald Grue Landbruket

Detaljer

Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar for perioden

Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar for perioden Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar for perioden 2016-2019 Radøy Kommune Ordningen skal fremme ivaretakelsen av natur- og kulturminneverdiene i jordbrukets kulturlandskap og redusere forurensningen

Detaljer

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden 2013-2015 Korleis fungerer SMIL-ordninga? Frå og med 1/1-2004 vart SMIL-ordninga overført frå fylkesmannen til kommunane. Dette inneber

Detaljer

Ny nasjonal jordvernstrategi Plan, bygg og landbruk Plansamling Stavanger

Ny nasjonal jordvernstrategi Plan, bygg og landbruk Plansamling Stavanger Ny nasjonal jordvernstrategi Plan, bygg og landbruk Plansamling Stavanger 28.04.16 v/dagfinn Hatløy seniorrådgivere i arealforvaltning Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga 1 Arealressursar i Matfylket

Detaljer

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK Vassforvaltningsseminar på Skei 28.-29. mars 2017 Trude Knutzen Knagenhjelm Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, landbruksavdelinga Kva utfordringar

Detaljer

LANDBRUKETS SÆRLOVER OG JORDVERNET. Jan Terje Strømsæther Seniorrådgiver - Landbruksdirektoratet

LANDBRUKETS SÆRLOVER OG JORDVERNET. Jan Terje Strømsæther Seniorrådgiver - Landbruksdirektoratet LANDBRUKETS SÆRLOVER OG JORDVERNET Jan Terje Strømsæther Seniorrådgiver - Landbruksdirektoratet JORDVERN Jordvern: Sikre jorda som ressurs for fremtidig matproduksjon Mye gjengroing og nydyrking uansett

Detaljer

Kommunedelplan for Sveio sentrum. Motsegn

Kommunedelplan for Sveio sentrum. Motsegn Sveio kommune Postboks 40 5559 SVEIO Vår dato: 20.10.2008 Vår referanse: 200828920-/366.10 Dykkar dato: Dykkar referanse: Vedlegg: Kopi til: Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 BERGEN Postadresse:

Detaljer

Fagnemnd for landbruk

Fagnemnd for landbruk Fagnemnd for landbruk Innkalles med dette til møte 11.12.2009 kl. 09.30 på Rådhuset, Brurskanken, Mosjøen. Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 18/09 09/2341 HØRING - VERNEHJEMMEL I JORDLOVEN Forfall

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland JORDVERNSTRATEGI FOR OPPLAND

Fylkesmannen i Oppland JORDVERNSTRATEGI FOR OPPLAND Fylkesmannen i Oppland JORDVERNSTRATEGI FOR OPPLAND 2007-2011 www.fylkesmannen.no/oppland www.oppland.no www.planoppland.no Innleiing Jordvernstrategi for Oppland er laga i eit samarbeid mellom fylkeskommunen,

Detaljer

Planloven og jordvern

Planloven og jordvern Planloven og jordvern 2 Lovens formål 1-1: Loven skal fremme bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjoner. Planlegging etter loven skal bidra til å samordne statlige,

Detaljer

Jordvernstrategi i Sogn og Fjordane

Jordvernstrategi i Sogn og Fjordane Jordvernstrategi i Sogn og Fjordane Strategi for Fylkesmannen sitt arbeid med arealforvaltning og jordvern i Sogn og Fjordane Januar 2010 Føreord Jordvern handlar om å sikra etterkomarane våre høve til

Detaljer

NASJONALT JORDVERN OG HÅNDTERING AV LANDBRUKSINTERESSER

NASJONALT JORDVERN OG HÅNDTERING AV LANDBRUKSINTERESSER NASJONALT JORDVERN OG HÅNDTERING AV LANDBRUKSINTERESSER Plan- og byggesakskonferansen 21.11.2016 Jan Terje Strømsæther Seniorrådgiver Landbruksdirektoratet iverksetter landbrukspolitikken og handelspolitikken

Detaljer

ENEBAKK KOMMUNE Natur, areal og b esak

ENEBAKK KOMMUNE Natur, areal og b esak ENEBAKK KOMMUNE Natur, areal og b esak 40oØlv«I 3 Landbruks- og matdepartementet Postboks 8007, Dep 0030 Oslo AS14tAjE. iti-3 -i i o Deres dato: Deres ref.: Vår ref.: Arkivkode: Dato: 2009/705/HEOS V60

Detaljer

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» Deres ref: «REF» Vår ref: MARHOV 2016/9068 Dato: 18.04.2017 Sakstype: Delegert landbrukssjefen Eiendom:

Detaljer

Grasfôra husdyr bærer jordbruket i nord

Grasfôra husdyr bærer jordbruket i nord Grasfôra husdyr bærer jordbruket i nord De naturgitte forutsetningene for jordbruk synker med breddegraden. I Nordland, Troms og Finnmark er andelen av landets jordbruksareal henholdsvis 7, 3 og 1 prosent.

Detaljer

Stranda kommune Næring og teknisk

Stranda kommune Næring og teknisk Stranda kommune Næring og teknisk Saksbehandlar: Asle Johan Bergseth Konnerth Rovvilt i region 6 Postboks 2600 7734 STEINKJER Vår ref.: 16/1057-3 Dykkar ref.: Arkiv: K2 - K47 Dato: 21.09.2017 Høyringsuttale

Detaljer

Utvalde naturtypar - status i Sogn og Fjordane

Utvalde naturtypar - status i Sogn og Fjordane Utvalde naturtypar - status i Sogn og Fjordane Plansamling i Førde 14.-16. november 2012 Truls H. Folkestad naturforvaltar Fylkesmannen i Sogn og Fjordane landbruksavdelinga Slåttemark, Årdal i Selje,

Detaljer

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 Framlegg til offentleg ettersyn Vedteke: Saks nr: 14/1065 Dato: 10.06.2014 Innhald 1. Innleiing... 2 2. Bakgrunn for planarbeidet... 2 3. Mål for

Detaljer

FINNØY KOMMUNE Næring- miljø og teknikk (NMT-etaten)

FINNØY KOMMUNE Næring- miljø og teknikk (NMT-etaten) FINNØY KOMMUNE Næring- miljø og teknikk (NMT-etaten) Landbruks- og Matdepartementet Postboks 8007 Dep. 0030 OSLO Dykkar ref.: 201000067- Vår ref.: 10/262-3 /IAA Arkiv: K2-V30 Dato: 23.04.2010 HØYRiG -

Detaljer

Gnr 2 bnr 26 - Søknad om omdisponering og deling etter jordloven 9 og 12.

Gnr 2 bnr 26 - Søknad om omdisponering og deling etter jordloven 9 og 12. Dato: 15.07.15 Administrativ sak Gnr 2 bnr 26 - Søknad om omdisponering og deling etter jordloven 9 og 12. Kultur, næring, idrett og kirke/etat for landbruk GELI ESARK-5351 201521661-3 Hva saken gjelder:

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

Omdisponering og deling

Omdisponering og deling LANDBRUKSAVDELINGEN Omdisponering og deling Jordloven 9 og 12 v/ellen Nitter-Hauge Ellen Nitter-Hauge Deling - Jordloven 12 Vesentlig endret ved lov 10. juni 2013 Forbudet og vilkårene som fulgte av loven

Detaljer

Jordlovsbehandling - søknad om deling av grunneiendom gbnr 12/98 med driftsbygninger

Jordlovsbehandling - søknad om deling av grunneiendom gbnr 12/98 med driftsbygninger Deanu gielda - Tana kommune Arkiv: Arkivsaksnr: 2016/2171-0 Saksbehandler: Terese Nyborg Saksfremlegg Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskapet 25.08.2016 Jordlovsbehandling - søknad om deling av grunneiendom

Detaljer

Jordvern i den kommunale hverdagen

Jordvern i den kommunale hverdagen Jordvern i den kommunale hverdagen innlegg på KOLA-VIKEN samlingen 21.10.09 Bakgrunn Omdisponering er en irreversibel prosess Dyrka/dyrkbar jord er en ikke fornybar ressurs Politisk mål om halvering av

Detaljer

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT TYSVÆR KOMMUNE SÆRUTSKRIFT Dato: 15.12.2014 Saksnr.: 2014/1893 Løpenr.: 35062/2014 Arkiv: V00 Sakshandsamar: Anne Berit Hauge HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT Saksnr Utval Møtedato 6/15

Detaljer

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE. Potensiale for auka matproduksjon i Sogn og Fjordane

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE. Potensiale for auka matproduksjon i Sogn og Fjordane Potensiale for auka matproduksjon i Sogn og Fjordane Nasjonal matproduksjon fra land og sjø skal være et fundament for nasjonal matsikkerhet. Produksjonen skal skje på en miljømessig bærekraftig måte,

Detaljer

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) 2018-2022 Bakgrunn Ordninga med SMIL-midlar (Spesielle Miljøtiltak I Landbruket) er etablert for å ta vare på kultur-

Detaljer

Melhus kommune - innsigelse til Kommuneplanens arealdel 2013-2025 - næringsområde på Øysand

Melhus kommune - innsigelse til Kommuneplanens arealdel 2013-2025 - næringsområde på Øysand Statsråden Fylkesmannen i Sør-Trøndelag Postboks 4710, Sluppen 7468 TRONDHEIM Deres ref Vår ref Dato 2012/9517 15/817-5 02.10.2015 Melhus kommune - innsigelse til Kommuneplanens arealdel 2013-2025 - næringsområde

Detaljer

Førde kommune Byggesak og arealforvaltning

Førde kommune Byggesak og arealforvaltning Førde kommune Byggesak og arealforvaltning Mottakere ifølge liste Dykkar referanse: Sakshandsamar: Oddbjørn Sellevoll Tlf. 57612723 Vår referanse: 16/4695-4-OSE- GBNR - 43/7, GBNR - 43/63 Dato: 09.03.2017

Detaljer

NOTAT AURLAND BARNEHAGE VURDERING KULTURMINNE. Aurland kommune Asplan Viak v/kjell Arne Valvik Dato: Oppdrag: Aurland barnehage

NOTAT AURLAND BARNEHAGE VURDERING KULTURMINNE. Aurland kommune Asplan Viak v/kjell Arne Valvik Dato: Oppdrag: Aurland barnehage Til: Aurland kommune Frå: Asplan Viak v/kjell Arne Valvik Dato: 2016-05-10 Oppdrag: 605659 Aurland barnehage AURLAND BARNEHAGE VURDERING KULTURMINNE Alternativa for ny barnehage i Aurland ligg på matrikkelgardane

Detaljer

Vassdrag og ureining frå jordbruket aktuelle tiltak og støtteordningar

Vassdrag og ureining frå jordbruket aktuelle tiltak og støtteordningar Vassdrag og ureining frå jordbruket aktuelle tiltak og støtteordningar Seminar om landbruket og vasskvalitet i elvane, Vik kommune Trude Knutzen Knagenhjelm Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, landbruksavdelinga

Detaljer

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 Vedteke: 18.10.2014 i F-sak 163/14 Saks nr: 14/1065 Dato: 17.10.2014 Innhald 1. Innleiing... 2 2. Bakgrunn for planarbeidet... 2 3. Mål for planarbeidet...

Detaljer

Møteinnkalling for Formannskapet

Møteinnkalling for Formannskapet Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Formannskapet Møtedato: 26.06.2013 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 09.00 Synfaring sak 053/13. Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den

Detaljer

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Dyrking av myr- regelverk og erfaringar Loen- samling 2017

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Dyrking av myr- regelverk og erfaringar Loen- samling 2017 Dyrking av myr- regelverk og erfaringar Loen- samling 2017 Nydyrking Nasjonal politikk Endring av nydyrkingsforskrifta Omfang av nydyrking og omdisponering (KOSTRA) Søknad og sakshandsaming Forskrift om

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30 MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: 11.04.2011 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 8/11 11/339

Detaljer

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD LINDÅS KOMMUNE KVERNHUSMYRANE 20 5914 ISDALSTØ Bergen, 6. juli 2015 SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD På vegne av Anders Myking Fammestad, søker as i samarbeid

Detaljer

Jordlova. Lov om jord, 12 mai 1995 Sist endret: LOV fra , LOV fra

Jordlova. Lov om jord, 12 mai 1995 Sist endret: LOV fra , LOV fra Jordlova Lov om jord, 12 mai 1995 Sist endret: LOV-2013-06-21-100 fra 01.01.2016, LOV-2015-06-19-65 fra 01.10.2015 Føremålet med lova 1.1Føremål Denne lova har til føremål å leggja tilhøva slik til rette

Detaljer

SAMORDNINGSFORSØKET. Rennesøy Knut Harald Dobbe

SAMORDNINGSFORSØKET. Rennesøy Knut Harald Dobbe SAMORDNINGSFORSØKET Rennesøy 07.10.2016 Knut Harald Dobbe 1 Føremål (frå invitasjonsbrevet) effektiv og målretta behandling av plansaker og eit betre samarbeid mellom kommunane og statlege styresmakter

Detaljer

Dukkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato /IAA 2010/705-3 Per Eldar Nakken Høyring - forslag om endringar i Forskrift om nydyrking

Dukkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato /IAA 2010/705-3 Per Eldar Nakken Høyring - forslag om endringar i Forskrift om nydyrking Fræna kommune Landbruk Landbruks- og matdepartementet Postboks 8007 Dep 0030 OSLO Melding om vedtak Dukkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato 201000067-/IAA 2010/705-3 Per Eldar Nakken 23.04.2010 Høyring

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunvor Synnøve Green Arkiv: GNR 148/1,2 Arkivsaksnr.: 11/854

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunvor Synnøve Green Arkiv: GNR 148/1,2 Arkivsaksnr.: 11/854 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Gunvor Synnøve Green Arkiv: GNR 148/1,2 Arkivsaksnr.: 11/854 SØKNAD OM DISPENSASJON OG FRADELING AV BOLIGTOMT FRA HOVLAND GNR 148 BNR 1 MFL Rådmannens forslag til vedtak: Med

Detaljer

Deres ref. Vår ref. Dato «REF» 26381/2014/10/020/BERSTR

Deres ref. Vår ref. Dato «REF» 26381/2014/10/020/BERSTR «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» Deres ref. Vår ref. Dato «REF» 26381/2014/10/020/BERSTR 27.11.2014 Svar på søknad om fradeling/ arealoverføring mellom "Haugvika" gnr 10 bnr 20 og ""Haugvika"

Detaljer

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 09/ /13/ HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRING AV 12 I JORDLOVA

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 09/ /13/ HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRING AV 12 I JORDLOVA Hjelmeland kommune Det kongelige landbruks- og matdepartement Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 09/1581-40/13/3805 000 04.03.2013 HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRING AV 12 I JORDLOVA Areal- og forvaltningsutvalet

Detaljer

Jordvern og bygningsbruk

Jordvern og bygningsbruk Jordvern og bygningsbruk Dagsseminar for kommunene i Rogaland om bruk av ledige driftsbygninger Stavanger 16. februar 2012 Seksjonssjef Geir Grønningsæter Nasjonale mål for jordvern og kulturlandskap -

Detaljer

TILLEGGSLISTE III FOR FORMANNSKAPET

TILLEGGSLISTE III FOR FORMANNSKAPET Aurskog-Høland kommune TILLEGGSLISTE III FOR FORMANNSKAPET TID: 27.10.2014 kl. 10:00 STED: EIDSVERKET, BJØRKELANGEN Eventuelle forfall meldes til politisk sekretariat på mail til rune.holter@ahk.no Varamedlemmer

Detaljer

Ferie- og turistformål FT5 Løkstad gard, Jomfruland

Ferie- og turistformål FT5 Løkstad gard, Jomfruland Landbruks- og matdepartementet Postboks 8007 Dep 0030 OSLO Vår dato: 27.01.2016 Vår referanse: 15/69966-3 Deres dato: 06.01.2016 Deres referanse: Uttalelse - innsigelse til kommuneplanens arealdel 2014

Detaljer

FUNKSJONSEVNE 18/004 ELDRERÅDET

FUNKSJONSEVNE 18/004 ELDRERÅDET NAUSTDAL KOMMUNE Arkiv: K2 - C50 JournalpostID: 17/5143 Sakshandsamar: Ørjan Stubhaug Dato: 27.02.2018 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 18/004 KOMITE FOR OPPVEKST OG KULTUR 08.03.2018 18/012 KOMMUNESTYRET

Detaljer

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen Torbjørn Skei Gottåsvegen 85 7623 RONGLAN Deres ref: Vår ref: MARHOV 2015/4538 Dato: 01.03.2016 Sakstype: Delegert landbrukssjefen Eiendom: /// Saksnr:

Detaljer

Landbruk i arealplaner Anette Søraas

Landbruk i arealplaner Anette Søraas Landbruksavdelingen Landbruk i arealplaner Anette Søraas Tema Jordressurser og omdisponering KOSTRA tall Viktige oppgaver og hensyn PBL 3.1 Samfunnsbidrag av arealer og landbruk LNFformålet Konsekvensvurderinger

Detaljer

Uttale landbruk Reguleringsplan Moskog.

Uttale landbruk Reguleringsplan Moskog. Uttale landbruk Reguleringsplan Moskog. Drifts- og miljømessige konsekvensar for landbruket. Reguleringsplanen røyver ved 6 landbrukseigedomar, gnr. 51, bnr. 1, gnr. 51, bnr. 2, gnr. 52, bnr. 2, gnr. 51

Detaljer

Om ny delingsbestemmelse etter jordloven. Fagsamling i Trondheim v/seniorrådgiver Anne Pernille Asplin

Om ny delingsbestemmelse etter jordloven. Fagsamling i Trondheim v/seniorrådgiver Anne Pernille Asplin Om ny delingsbestemmelse etter jordloven Fagsamling i Trondheim 12.11.2013 v/seniorrådgiver Anne Pernille Asplin Endring av jordloven 12 Ny 12 i jordloven gjelder fra 1. juli i år. Regelen er ment å gi

Detaljer

Kulturminne og kulturmiljø

Kulturminne og kulturmiljø Kulturminne og kulturmiljø TEMATISK KOMMUNEDELPLAN Foto: Steinar Bleken Planprogram MÅLSETJINGAR FOR PLANARBEIDET Hovudmål Betre forvaltning og bruk av kulturminna i kommunen. Delmål Auka kunnskap om og

Detaljer

Skallan-Rå, Borkenes, Kvæfjord

Skallan-Rå, Borkenes, Kvæfjord Skallan-Rå, Borkenes, Kvæfjord Fagsamling UKL Miljødirektoratet 5.april 2017 Cathrine Amundsen, seniorrådgiver Fylkesmannen i Troms Hvorfor Skallan-Rå? Troms fylkeskommune, avd. for kulturarv, Sametinget

Detaljer

Saksnr. utval Utval Møtedato 050/16 Planutvalet

Saksnr. utval Utval Møtedato 050/16 Planutvalet Førde kommune Arkiv: FE - 123 JournalpostID: 16/16554 Sakshandsamar: Østenstad, Ole John Dato: 12.09.2016 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 050/16 Planutvalet 15.09.2016 Avgrensa rullering av Fylkesdelplan

Detaljer

Klage på avslag på søknad om omdisponering og fradeling av tomt til boligformål på eiendommen 124/1 i Stjørdal kommune tas ikke til følge

Klage på avslag på søknad om omdisponering og fradeling av tomt til boligformål på eiendommen 124/1 i Stjørdal kommune tas ikke til følge John Marius Nielsen Bangvegen 137 7514 STJØRDAL Vår dato: 07.12.2017 Deres dato: Vår ref.: 2017/5462 Arkivkode:422.5 Deres ref.: Klage på avslag på søknad om omdisponering og fradeling av tomt til boligformål

Detaljer

Nærøyfjorden landskapsvernområde - uttak av torv til torvtak på Skogastova

Nærøyfjorden landskapsvernområde - uttak av torv til torvtak på Skogastova Postadresse Njøsavegen 2 6863 Leikanger Besøksadresse Fjordsenteret 5745 Aurland Kontakt Sentralbord: +47 57 64 30 00 Direkte: +47 57643129 fmsfpost@fylkesmannen.no www.nasjonalparkstyre.no/naroyfjorden

Detaljer

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan Bykle kommune -Bykle ser langt Planprogram for kulturminneplan 2016-2026 Høyringsutkast med frist for innspel 20.11.2015 1 Innhald: 1. Innleiing 2. Bakgrunn for kulturminneplanen 3. Føringar, rammer og

Detaljer

Arealpolitikk og jordvern

Arealpolitikk og jordvern Arealpolitikk og jordvern Kommunekonferanse Bergen, 28-29- oktober 2008 Seniorrådgiver Erik Anders Aurbakken, SLF Statens landbruksforvaltning Forvalter virkemidler gjennomfører landbrukspolitikken Jordbruksavtalen

Detaljer

Ta vare på matjorda driveplikt og jordleie i Troms

Ta vare på matjorda driveplikt og jordleie i Troms Ta vare på matjorda driveplikt og jordleie i Troms Fagsamling Alta 19. - 20. mars 2019 21. mar 2019 Jordvern og matjord Dyrka mark er en knapp ressurs. 3% av Norges landareal er i dag dyrka mark 1 % av

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Klage Behandling av søknad om frådeling - 145/22 - Sunde -Gundesø/ Svein Røssland

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Klage Behandling av søknad om frådeling - 145/22 - Sunde -Gundesø/ Svein Røssland Saksframlegg Saksmappe 2016/1341-10 Saksbehandlar Karin Thauland Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen Klage Behandling av søknad om frådeling - 145/22 - Sunde -Gundesø/ Svein Røssland Innstilling

Detaljer

Vurdering av LNF områda. Tematisk utgreiing til arealdelen av kommuneplanen

Vurdering av LNF områda. Tematisk utgreiing til arealdelen av kommuneplanen Vurdering av LNF områda Tematisk utgreiing til arealdelen av kommuneplanen Balestrand 25.03.2008 Vurdering av LNF-områda LNF-områda (landbruk- natur og friluftsområde) er hovudkategorien for arealbruk

Detaljer

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» Deres ref: «REF» Vår ref: MARHOV 2016/8157 Dato: 18.04.2017 Sakstype: Delegert landbrukssjefen Eiendom:

Detaljer

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene Seminaret Kulturlandskap i fare! - Geiranger 15. mai 2017 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane,

Detaljer

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1 MODALEN KOMMUNE Teknisk etat Anders Steinsland Modalevegen 2326 5729 MODALEN Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Kjell Langeland 14.10.2016 Vår: 16/31-16/1813 kjell.langeland@modalen.kommune.no Løyve

Detaljer

Om ny delingsbestemmelse etter jordloven

Om ny delingsbestemmelse etter jordloven Om ny delingsbestemmelse etter jordloven Fagsamling om jordloven i Stavanger 26.11.13 v/seniorrådgiver Anne Pernille Asplin En mer liberal delingsbestemmelse Utgangspunktet skal nå være at deling kan tillates

Detaljer

Områdenavn: FO 5 Øystese Gnr/bnr: 44/9 mfl. -Busdalen- Tilrådd

Områdenavn: FO 5 Øystese Gnr/bnr: 44/9 mfl. -Busdalen- Tilrådd Områdenavn: FO 5 Journalpost innspel: Noverande planstatus: Områdeskildring: Innspel til ny arealbruk: Rådmannen sin konklusjon frå KU og ROS: Kart over innspel: Øystese -Busdalen- Gnr/bnr: 44/9 mfl. Vedtak

Detaljer

Deanu gielda - Tana kommune Arkiv: 15/55 Arkivsaksnr: 2016/ Saksbehandler: Merete Sabbasen Helander

Deanu gielda - Tana kommune Arkiv: 15/55 Arkivsaksnr: 2016/ Saksbehandler: Merete Sabbasen Helander Deanu gielda - Tana kommune Arkiv: 15/55 Arkivsaksnr: 2016/2109-2 Saksbehandler: Merete Sabbasen Helander Saksfremlegg Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskapet 39/2017 08.06.2017 Søknad om deling gnr 15

Detaljer

Regional plan for bærekraftig

Regional plan for bærekraftig Regional plan for bærekraftig arealpolitikk - RPBA Bakgrunn for retningslinjen om disponering av matjord Kompetansesamling 1. desember 2015 Karl-Otto Mauland, Regionalavdelingen VFK Ordførerkollegiet i

Detaljer

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» Deres ref: «REF» Vår ref: MARHOV 2016/5504 Dato: 08.12.2016 Sakstype: Delegert landbrukssjefen Eiendom:

Detaljer

Rekonstruksjon av husmannsplass i Kringlevikjo. Gnr. 232 bnr. 5.

Rekonstruksjon av husmannsplass i Kringlevikjo. Gnr. 232 bnr. 5. Innspel til kommuneplanarbeidet Rekonstruksjon av husmannsplass i Kringlevikjo. Gnr. 232 bnr. 5. Kvinnherad kommune Versjon Dato Skildring Utarbeidd av Kontrollert av 27.03.2015 Innsending av planforslag

Detaljer

2 av 14 Kva saka gjeld: Saka gjeld søknad om frådeling av ein parsell (på 4500m2) på gbnr. 34/3. Planstatus: Tiltaket ligg i eit område som er avsett

2 av 14 Kva saka gjeld: Saka gjeld søknad om frådeling av ein parsell (på 4500m2) på gbnr. 34/3. Planstatus: Tiltaket ligg i eit område som er avsett SAMNANGER KOMMUNE 1 av 14 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jana Sandvik Arkivkode: GBNR-34/3 Arkivsaksnr: 14/279 Løpenr: 14/2661 Sakstype: Politisk sak SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh.

Detaljer

GJERDRUM KOMMUNE SAKSFRAMLEGG FORSLAG TIL VERNEHJEMMEL I JORDLOVEN - HØRING. Utv.saksnr Utvalg Møtedato Kommunestyret

GJERDRUM KOMMUNE SAKSFRAMLEGG FORSLAG TIL VERNEHJEMMEL I JORDLOVEN - HØRING. Utv.saksnr Utvalg Møtedato Kommunestyret GJERDRUM KOMMUNE Løpenr/arkivkode Dato 11468/2009-V00 08.12.2009 Saksbehandler: Hans Petter Langbakk SAKSFRAMLEGG FORSLAG TIL VERNEHJEMMEL I JORDLOVEN - HØRING Utv.saksnr Utvalg Møtedato Kommunestyret

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: skogbrukssjef Arkiv: GNR 101/30 Arkivsaksnr.: 15/

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: skogbrukssjef Arkiv: GNR 101/30 Arkivsaksnr.: 15/ SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: skogbrukssjef Arkiv: GNR 101/30 Arkivsaksnr.: 15/1688-12 KLAGE - BODIL SINNES - SØKNAD OM FRADELING AV BOLIGTOMT FRA GNR 101, BNR 30 Ferdigbehandles i: - Formannskapet - Dersom

Detaljer

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen May Helen H og Tomas Alstad Ytternesset 226 7607 LEVANGER Deres ref: Vår ref: MARHOV 2017/1992 Dato: 15.05.2017 Sakstype: Delegert landbrukssjefen Eiendom:

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Fjordsenteret, Aurland Dato: 30.09.2014 Tidspunkt: 11:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR )

Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR ) Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR- 2017-06-21-854) Detaljreguleringsplan for Dingemoen skule Dato: 27.09.2018 Vurdering etter 6 Planar og tiltak som alltid skal konsekvensutgreiast

Detaljer

JOB ing REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 78 BNR. 22 I VESTNES. PLANBESKRIVELSE Plan- og bygningslova av 6

JOB ing REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 78 BNR. 22 I VESTNES. PLANBESKRIVELSE Plan- og bygningslova av 6 JOB ing REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 78 BNR. 22 I VESTNES PLANBESKRIVELSE Plan- og bygningslova 4-2 05.12.2010 1 av 6 GENERELT Plan- og bygningslova 4-2 krev at det skal utarbeidast ein planbeskrivelse

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2017/787-3 Karin Thauland Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke Innstilling frå rådmannen:

Detaljer

Skaun kommune - innsigelser til kommuneplanens arealdel

Skaun kommune - innsigelser til kommuneplanens arealdel Statsråden Fylkesmannen i Sør-Trøndelag Statens Hus 7468 TRONDHEIM Deres ref Vår ref Dato 200802804-/HDA Skaun kommune - innsigelser til kommuneplanens arealdel Miljøverndepartementet viser til brev fra

Detaljer

FORMANNSKAP KOMMUNESTYRE

FORMANNSKAP KOMMUNESTYRE LEKA KOMMUNE Dato: 31.01.13 SAKSFRAMLEGG Referanse Vår saksbehandler Lisa Grenlund Helgesson Unntatt offentlighet: Offentlighetslovens Kommunelovens Saksgang: Utvalg Møtedato FORMANNSKAP 12.02.13 KOMMUNESTYRE

Detaljer

Midtre Namdal samkommune

Midtre Namdal samkommune Midtre Namdal samkommune Miljø og landbruk Saksmappe: 2009/9348-2 Saksbehandler: Elin Skard Øien Saksframlegg Høringsuttalelse - forslag til vernehjemmel i jordloven Utvalg Utvalgssak Møtedato Midtre Namdal

Detaljer

Landbruksavdelingas rolle i plansaker og jordlovsaker

Landbruksavdelingas rolle i plansaker og jordlovsaker Landbruksavdelingas rolle i plansaker og jordlovsaker klimaskifte for jordvernet by og land spennende planleggingsutfordringer Kirsten Indgjerd Værdal landbruksdirektør Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» Deres ref: «REF» Vår ref: MARHOV 2016/5950 Dato: 25.10.2016 Sakstype: Delegert landbrukssjefen Eiendom:

Detaljer

Retningsliner for tilskot til Utvald kulturlandskap (UKL) Fjellgardane i Øvre Sunndal

Retningsliner for tilskot til Utvald kulturlandskap (UKL) Fjellgardane i Øvre Sunndal Retningsliner for tilskot til Utvald kulturlandskap (UKL) Fjellgardane i Øvre Sunndal - 2019 for å ivareta og fremje eit aktivt, ope og opplevingsrikt kulturlandskap: Regelverket er utarbeidd på grunnlag

Detaljer

Forvaltnings- og føretakskontroll av tilskotsordningar i landbruket

Forvaltnings- og føretakskontroll av tilskotsordningar i landbruket Forvaltnings- og føretaks av tilskotsordningar i landbruket RISIKOBASERT KONTROLLPLAN For året: 2016 Godkjent Christian Rekkedal Fylkesmannen i: Sogn og Fjordane Dato: 30.03.2016 Landbruksdirektør 1. Risikovurdering

Detaljer

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om Side 1 av 6 K SAMNANGER KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: John Inge Sandvik Arkivsaksnr: 12/186 Sakstype: Politisk sak SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Naturutvalet Arkivkode: GBNR-16/4 Løpenr: 12/4346

Detaljer