DEN UNIVERSELLE TRUA. Preike Molde Domkirke : Aposteldagen. Tekst: Mark 3, 13-19

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "DEN UNIVERSELLE TRUA. Preike Molde Domkirke : Aposteldagen. Tekst: Mark 3, 13-19"

Transkript

1 Preike Molde Domkirke : Aposteldagen Tekst: Mark 3, DEN UNIVERSELLE TRUA Det er Aposteldagen i dag. Det er ein raud dag i kyrkja, ein farge vi berre brukar nokre få gongar i året: I pinsa, på Stefanusdagen og Olavsdagen, altså 2. juledag og olsok, ved ordinasjon, og altså i dag, på aposteldagen. Alle desse dagane blir vi gjennom den raude fargen minte på Anden og blodet, som på ein eller annan måte ser ut til å henge saman. Vi har ein kort preiketekst i dag. Og ved første gjennomlesing kan verke som det berre er ei oppramsing av namna til dei 12 som Jesus valde ut til apostlar. Men det er berre ved første gjennomlesing. For her ligg det svært mykje skjult. Og vi burde kanskje ane det allereie i den første setninga. For teksten startar slik: Så gjekk han opp i fjellet. Det finst mange måtar å gå opp i fjellet på. Nokre gongar går ein langs trygge og kjende stiar. Andre gongar søkjer ein eventyret og det ukjende. Nokre gongar går ein opp i fjellet for å få utsikt, for å kjenne vind i ansiktet og puste inn frisk luft. Og andre gongar søkjer ein innsikt, for å klarne tankane og sjå ting i eit større perspektiv. I fjor kom det ut ei veldig spennande bok av ein norsk geolog som handlar om fjellet og fasinasjonen for det opphøgde. For fjell som møteplass mellom Gud og menneske har alltid vore eit tema i religiøs samanheng. Og eg trur at følelsen av ærefrykt og det å kjenne seg liten framfor noko stort er erfaringar som fleire har gjort i møte med fjellet. Det finst mange måtar å gå opp i fjellet på. I Bibelsk samanheng er fjellet staden for viktige openberringar. Fjellet er ofte forbunde med eit spesielt gudsnærvær, ofte med teofaniar, syn der Gud opeberrar seg. På Sinaifjellet viste Gud seg for Moses og han mottok boda. Elia konkurrerte med Baalprofetane på Karmelfjellet, og han vart kalla ut av ei fjellgrotte på Horeb for å møte Gud. På Taborfjellet fekk nokre av læresvinane sjå Jesus forvandla. Og på Oljeberget, sjølv om det etter vår målestokk vel neppe kan kallast eit fjell, steig Jesus opp til himmelen. Og med alt desse fjella som esn mektig grunntone bak forteljinga, så forstår vi at det Markus eigentleg seier, er: Følg med. No skjer det noko viktig.

2 Eg vil hoppe litt i teksten. Eg skal kome tilbake, men akkurat no vil eg hoppe over dei to neste linjene og gå til namna på desse 12. Ei slik liste over dei 12 læresveinane vert kalla ein disippelkatalog, og vi finn fire slike lister Det nye testamentet. Alle startar med Peter, og alle har i ei eller anna rekkjefølgje Andreas, Jakob og Johannes etterpå. Så er det mindre variasjonar i rekkjefølgja på dei neste åtte, men Judas er alltid sist. Desse listene, som trass mindre variasjonar er såpass konstante, viser oss at dei 12 tidleg var ein slags institusjon i den tidlege kyrkja. MEN: der er noko som er like interessant. Sjølv om mange kyrkjer har eit rikt legendestoff om apostlane, spesielt den katolske, så er det påfallande kor lite vi får vite om desse 12 ut ifrå dei nytestamentlege tekstane. Faktisk er det fleire av dei vi ikkje veit noko som helst om, og som gruppe er dei heller ikkje nemnde så mange gongar og dei forsvinn gradvis ut av tekstane. Det kan tyde på at viktigheita av dei 12 som institusjon og gruppe i kyrkja har døydd ut relativt tidleg. Så kva er det då som gjer denne forteljinga viktig? Kvifor skjer det på eit fjell dersom det ikkje nødvendigvis er utveljinga av dei 12 som er det avgjerande poenget? Eg eg synest å ane nokre større linjer her, og eg vil prøve å gje dette ei retning som eg meiner i alle fall er ei mogeleg retning å gå i. Denne episoden skjer heilt i starten av Jesu offentlege virke. Det skjer på eit fjell, og det er gode grunnar til å tru at Markus kommenterer det nettopp fordi han kjenner tradisjonen. Kan det tenkjast at det som skjer her oppe handlar om noko universelt? At vi her oppe på fjellet nærmar oss kjernen i all etterfølgelse av Kristus? Eg skal prøve å ikkje la dette bli for skjematisk. For verkelegheita er ikkje skjematisk, og det er heller ikkje trua. Men poenget er at det i denne korte teksten, som i utgangspunktet ser ut som ei oppramsing av ei rekkje namn, ligg ei slags programerklæring om kva det vil seie å vere ein læresvein. Markus skriv: Han pekte ut tolv, som han også kalte apostler, for at de skulle være sammen med ham, og for at han kunne sende dem ut for å forkynne og ha makt til å drive ut de onde åndene.» Dei skulle være saman med han. Han skulle sende dei ut. Og dei skulle ha makt til å drive ut dei vonde åndane. Aposteldagen handlar om misjon. Og dette misjonsoppdraget dei 12 fekk har på mange måtar vore svært vellukka. Det som starta som ein liten jødisk

3 bevegelse i det første århundret, spreidde seg raskt utover, og ein annan apostel, ein som aldri møtte den jordiske Kristus, men som møtte han i eit syn på vegen til Damaskus, hadde ei heilt sentral rolle i dette. Og fordi vegnettet i Romarriket på ein heilt annan måte enn tidlegare la til rette for å forflytte seg raskt over store avstandar, så nådde forteljinga om den krossfesta og oppstadne Kristus svært raskt store delar av den kjende verda, og etter kvart også den ukjende. Og stadig vart kallet og oppdraget overlevert til nye etterfølgjerar og ført til nye stadar på jorda. Og dette kallet var altså først å være saman med han. Og så gå ut og forkynne og drive ut vonde åndar. Eg er nøydd til å stogge no. Kanskje har nokon allereie reagert, eg håpar nesten det. For dei to første delane av kallet, å vere saman med han og å gå ut og forkynne, er klassiske og kjende og allment aksepterte innanfor kyrkja. Men viss det å drive ut vonde ånder også var ei av kjerneoppgåvene til apostlane, på linje med dei to andre, så må det også vere kyrkja sitt oppdrag, for den er bygd på den apostoliske lære, og kallet gjeld framleis. Kva gjer vi i tilfelle med det? Sjølv ikkje i dei kyrkjene som praktiserer eksorsisme er dette spesielt vanlege fenomen. Kva har skjedd? Kvifor har noko i fylgje Markus så sentralt blitt så perifert? Eller er det eigentleg så perifert? Heller enn å svare, vil eg ta ein omveg. Og eg vil gjere det på bakgrunn av GT-teksten vi las. Eg sa at det heile starta med ein liten jødisk bevegelse i det førse århundre. Sett utanfrå kan ein beskrive det slik. Men sett innanfrå var grunnen førebudd lenge, lenge før. Det starta nemleg hundrevis av år tidlegare. Med trua på Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Og den trua hadde heilt frå starten noko universelt i seg. Sjå opp mot stjernene, sa Gud til Abraham. Så tallaus skal ætta di bli. Og i Jesajateksten som vi las, seier Gud gjennom profeten at han skal samle alle folkeslag og tungemål, og at han skal sende folk til dei fjerne kystane som ikkje har høyrt ryktet om han og ikkje kjenner hans herlegdom. Omvegen eg vil ta, tek utgangspunkt i dette universelle i trua, og går via ein modell som Göran Bergstrand skriv om og som er utvikla av teologen og religionspsykologen James Fowler. Den skildrar ulike stadium av tru i eit menneske si utvikling frå barn til vaksen, og han beskriv prossessen frå ei mytisk og bokstaveleg tru til ei samanbunden tru som kan leve med

4 paradoksa. Denne siste, den samanbundne trua, er det ikkje alle som når, eller ein kan nå den på svært ulike stadium i livet, og svært sjeldan før ein er 30 år. Men så kjem det siste stadiet. Og det kallar Bergstrand den altomfattande, totale trua, eller også den universelle trua. Dette stadiet er det berre nokre få menneske som når, og som eksempel frå vårt århundre nemner han Martin Luther King, mor Theresa, Ghandi, Thomas Merton og svensken Dag Hammarskiöld. Det er ei tru som har overvunne splittaheita og blitt heil, ein sjølv er ikkje lenger sentrum i eins eigen eksistens, ein har blitt ført vidare og søkjer sin grunn i sjølve tilværet eller i Gud. Og med denne forandringa så forandrast også synet deira på alle andre skapningar og alt som finst i verda. Dei vert fylte av ein kjærleik til alt som lever, og dei ser ikkje på seg sjølve som del av ei spesiell gruppe, men som ein del av ein større heilskap, ein del av menneskeheita, av noko som overskrid dei sjølve. Trua deira er med andre ord blitt UNIVERSELL. Og i dette når dei ein ny slags ny fridom. Dei vier seg ofte heilt og fullt til ein visjon. Og desse menneska reiser seg nesten uunngåeleg mot urett, mot det som bryt ned eller fangar menneske og gjer dei ufrie, anten det er system eller regimer. Dei er på ein måte berarar av det messianske håpet i ei såra verd, fordi dei skaper soner av fridom og forsoning og lever som om det etterlengta allereie var kome. Men det kostar også i dei fleste tilfelle dyrt. For det er påfallande kor mange av desse menneska som har blitt drepne for visjonen sin og det dei kjempa for og det dei prøvde å forandre. * * * Det er Aposteldagen i dag. Og vi blir minte om det universelle i trua vår. Jesus vel ut dei 12, og oppdraget dei får er å være saman med han, å gå ut og forkynne, og å drive ut vonde ånder. I dag har fortellinga om Jesus Kristus nådd dei fleste folkeslag på jorda. Det kunne vere freistande å seie at oppdraget på mange måtar er fullført, og vekkforklare den siste delen, det med dei vonde åndane, som refleksar av ein annan kultur og eit anna verdsbilete. Men kva om vi snur det på hovudet? Og seier at den siste delen av oppdraget er aktuell som aldri før? I alle fall dersom vi brukar litt andre ord? Om vi seier at vondskapen framleis eksisterer i beste, eller verste velgåande, og at vårt og kyrkja sitt kall er å reise oss mot urett og alt som bryt menneske ned? Slik desse som når den altomfattande og totale trua gjer?

5 I tradisjonen vart alle dei 12 apostlane drepne for si tru. Blodet og Anden er på ein merkeleg måte bundne saman. Og slik ser det ut til at det framleis er. At det å vie seg fullstendig til Gud er det same som å vie seg fullstendig til menneska og til jorda, og at det kostar. Ein læresvein er ikkje større enn meisteren, sa Kristus ein gong, og kanskje burde vi ikkje vere så overraska over at gribbane samlast. Men det er likevel noko ekstremt tiltrekkjande med desse menneska og denne trua. Den som er komen forbi splittaheita og kompromissa og blitt heil. Den har ei dragning i seg, slik fjellet kanskje har for den som står på sletta. Av fridom. Av klarare luft og vind i ansiktet. Og samstundes ei kjensle av ærefrykt og av å stå framfor noko større, som ein berre så vidt anar over skylaga. Ære være Faderen

I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot.

I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot. Preike Molde Domkirke 16. Mars 2014 KAMP Har du nokon gong kjempa for noko? Noko du trudde på, noko du var overtydd om? Eller har du kjempa inne i deg, mot krefter inne i deg sjølv? Krefter som vil bryte

Detaljer

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet. Preike Matt 18, 12-18 Molde Domkirke 5.s i treenigheitstida, 23.06.2013 DEN GODE HYRDEN Eg vil starte med å vise eit bilete i dag. Det er eit bilete som i ein eller annan variant heng i mange heimar og

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei Mosby 17.01.2017 2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som kan gjera deg

Detaljer

Helgatun / Danielsen

Helgatun / Danielsen Helgatun / Danielsen 03.02.2017 frelst av Sola ved Solus i Sola ifølge Soli til GRATIA Nåden åleine FIDE Trua åleine CHRISTUS Kristus åleine SCRIPTURA Skrifta åleine DEO GLORIA Guds ære åleine frelst av

Detaljer

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik)

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik) Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik) Lukas 24:44-49 «44 Så sa han til dei: Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det måtte oppfyllast alt det som er skrive

Detaljer

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Ei høyring om Justering av hovudgudstenesta vart sendt ut 10. januar med høyringsfrist til 10. april. Høyringsforslaget ligg føre berre på bokmål,

Detaljer

Ulsteinvik Bibelen

Ulsteinvik Bibelen Ulsteinvik 02.09.2016 Bibelen 2Tim 3:14-17 14 Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som

Detaljer

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen, Hald fokus! Lukas 24:44-49 «44 Så sa han til dei: Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det måtte oppfyllast alt det som er skrive om meg i Moselova og profetane og salmane.

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid. Preike Molde Domkirke 4. s i advent 2015 Josef Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid. Denne søndagen har nettopp vore Maria sin søndag. Vi brukar å høyre

Detaljer

Bjellandsvegen 51. Tlf Me er også å finna på Facebook.

Bjellandsvegen 51. Tlf Me er også å finna på Facebook. Påska handlar om Guds store kjærleik til oss menneskebarn, den kjærleiken som motiverte han til å ofra Sonen sin, den einborne, for at me, ved å tru på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Det

Detaljer

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine Lindås 17.02.2017 frelst av Sola ved Solus i Sola ifølge Soli til GRATIA Nåden åleine FIDE Trua åleine CHRISTUS Kristus åleine SCRIPTURA Skrifta åleine DEO GLORIA Guds ære åleine frelst av GRATIA Nåden

Detaljer

Guds rike - 3. Skjermbilde på imf.no/erik

Guds rike - 3. Skjermbilde på imf.no/erik Guds rike - 3 Skjermbilde på imf.no/erik Alle gjenfødde kristne er døypt med Den Heilage Ande. «For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin kropp, anten vi er jødar eller grekarar, slavar eller

Detaljer

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv Kalvåg 09.06.2017 Sola frelst av Sola ved Solus i Sola ifølge Soli til GRATIA Nåden åleine FIDE Trua åleine CHRISTUS Kristus åleine SCRIPTURA Skrifta åleine DEO GLORIA Guds ære åleine Skrifta sitt vitnemål

Detaljer

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt Preike Molde Domkirke 11.10.2015 20.s i treeiningstida Dei harde hjarta Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt Slik startar ein av Kari Bremnes sine songar. Songen heiter «Nord i landet»,

Detaljer

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Velkomsthelsing. Leiar: Forsamlinga skal i dag ta imot dette barnet (bruk gjerne namnet). Vi gjer dette med glede og i bevissthet om det ansvaret dette legg på

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

Apg 9:11 «For sjå, han ber!» Mosby 18.01.2017 Luk 18:1-8 1 Han sa ei likning til dei om at dei alltid skulle be og ikkje trøytna. 2 I ein by var det ein domar som ikkje hadde frykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske. 3 Og

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Preike 4. s i treeiningstida Molde Domkirke 21. juni 2015

Preike 4. s i treeiningstida Molde Domkirke 21. juni 2015 Preike 4. s i treeiningstida Molde Domkirke 21. juni 2015 Ta opp din kross Det er endeleg blitt sommar. Og dersom ein framleis skulle vere usikker, så forsvinn i alle fall dei siste restane av tvil når

Detaljer

Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd. Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra og

Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd. Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra og DEN NORSKE KIRKE KR 49/15 Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd Bodø, 16.-18. september 2015 Referanser: KR 24/14 Saksdokumenter: Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra 2017-2018 og 2018-2019

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria Utgangspunkt 1 Ein roman er ei lang forteljing som er ofte delt inn i kapittel. Den kan ha fleire handlingar og hovudpersonar. Hilde Hagerup har skreve tre bøker

Detaljer

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke 31.05.2015

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke 31.05.2015 Ståle Aklestad Preike Molde Domkirke 31.05.2015 Treeiningssøndag Det er treeinigssøndag. Og vi skal langt bort. Og djupt ned i jorda. For i Roma, nede i ei av katakombane, som er tidlege, kristne gravplassar,

Detaljer

2 - Dei oldkyrkjelege symbola

2 - Dei oldkyrkjelege symbola Fellesskapskyrkja Sandane er ein sjølvstendig kyrkjelyd som vedkjenner Jesus Kristus som Frelsar og Herre, og trur og forkynner at heile Bibelen er Guds ord. 1 - Skrifta 1 / 23 Fellesskapskyrkja Sandane

Detaljer

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert ORDNING FOR Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Innsetjingshandlinga byggjer på ordinasjon. Til tenesta med Ord og sakrament (hyrdingtenesta)

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss? Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss? Tekst: Olaug Nilssen, e-post: olaugnilssen@gmail.com Artikkelen ble først trykket i Morgenbladet 24.-30. august 2015 s.24 Når D, min son med autisme

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

DEN ORTODOKSE KYRKJA. Kap. 2

DEN ORTODOKSE KYRKJA. Kap. 2 DEN ORTODOKSE KYRKJA Kap. 2 s. 44-45 «Ortodoks»: frå gresk, tyder å halde seg til den rette trua og læra. Halde seg til den rette lovprisinga og tilbedinga av Gud. - Ortodokse kristne meiner at dei har

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV. BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV. Hensikten med denne artikkelen er å visa kva Bibelen lærer om kor lenge det er sidan Adam og Eva levde og kva tid me kan forventa Jesu gjenkomst. Dette seier Bibelen: år e.

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden Ulsteinvik 03.09.2016 Brødsbrytinga / nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss

Detaljer

om å holde på med det.

om å holde på med det. j Livet som Gud har kallet oss til, er ikke et vanlig eller naturlig liv. Det er overnaturlig, fylt med kraft, tegn, under, mirakel og andre mektige gjerninger. Jesus, som gikk på vannet, gjorde vann om

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Har du nokon gong vore i kamp? Kjempa for noko du trudde på? Eller kanskje kjempa med krefter inne i deg sjølv? Krefter som vil bryte deg ned?

Har du nokon gong vore i kamp? Kjempa for noko du trudde på? Eller kanskje kjempa med krefter inne i deg sjølv? Krefter som vil bryte deg ned? Preike Molde Domkirke 6.mars 2016 4. søndag i fastetida JAKOBS KAMP Det er 4. søndagen i fastetida i dag. Og vi har merka det lenge, for heile fastetida er ei slags nedstigning. Men i dag blir det ekstra

Detaljer

L Med takk og glede kjem vi i dag med dette barnet/desse borna til Gud i den heilage dåpen. I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss

L Med takk og glede kjem vi i dag med dette barnet/desse borna til Gud i den heilage dåpen. I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss Ordning for Dåp i hovudgudstenesta Vedteke av Kyrkjemøtet 2017 1 Mottaking til dåp L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. ELLER L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande: Vår skapar,

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK for born 1 NYNORSK Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. DENNE BOKA TILHØYRER Her

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK Minnebok for born 1 NYNORSK Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. Når vi

Detaljer

Program for Stord kyrkjeakademi hausten På kyrkjeveg frå Vistvik til Fitjar. Sundag 3. september kl frå Vistvik

Program for Stord kyrkjeakademi hausten På kyrkjeveg frå Vistvik til Fitjar. Sundag 3. september kl frå Vistvik Program for Stord kyrkjeakademi hausten 2017 Sundag 3. september kl. 08.30 frå Vistvik På kyrkjeveg frå Vistvik til Fitjar Me går den gamle kyrkjevegen frå Vistvik til Fitjar, under kyndig leiing av Johannes

Detaljer

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Ordning for dåp i hovudgudstenesta Vedlegg til KR-sak 41/15 Revisjon av dåpsliturgien KR 41.2/15 Omsetjing til nynorsk av NFGs framlegg til revidert Ordning for dåp i hovudgudstenesta, vedteke i møtet 18.juni 2015 Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Er Jesus den einaste vegen til frelse? 1 Er Jesus den einaste vegen til frelse? Innleiing på opningsseminaret på Misjonsveka, MF, 5. Februar 2008 Munntleg form, Anne Anita Lillebø Takk for invitasjonen! Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Detaljer

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet kan vera ope ei stund før gudstenesta, med høve til å tenna lys og sitja stille,

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Last ned Tidebøn. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tidebøn Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Tidebøn. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tidebøn Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi Last ned Tidebøn Last ned ISBN: 9788292922101 Antall sider: 115 Format: PDF Filstørrelse:39.23 Mb Tidebøn har opphavet sitt i bønetidene frå den jødiske tradisjonen og vart vidareført av den tidlege kyrkja.

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag. Fra: [Guro.Hoyvik@sfj.no] Til: Rivedal Yndestad (kryndestad@gmail.com) [kryndestad@gmail.com] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må

Detaljer

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag Saman Foto: Håvard Bjelland/Kirkens Nødhjelp Høggravide Siti Abbas og resten av storfamilien måtte flykte til Sinjar-fjellet. Der vart dei innhenta av IS

Detaljer

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22 Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22 Bakgrunn I dåpen vert ein, ved vatn og Den Heilage Ande fullt og heilt innlemma i kyrkja samfunnet av dei heilage. Sjølve ritualet dreg både fortid

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse) ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse) I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Vigsling av evangelist

Vigsling av evangelist ORDNING FOR Vigsling av evangelist Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga vert bruka ved vigsling til teneste som evangelist i kyrkja vår. 2. Vigslinga går føre seg i ei gudsteneste

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

RLE2 5-10, 3. året, 4RLE25-10 A + LVUT8041 A

RLE2 5-10, 3. året, 4RLE25-10 A + LVUT8041 A Skriftlig skuleeksamen i Religion, Livssyn og Etikk (RLE) RLE2 5-10, 3. året, 4RLE25-10 A + LVUT8041 A 30 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 07.05.14 Sensur fell innan 28.05.2014. NYNORSK Resultatet vert tilgjengeleg

Detaljer

KRISTUSKRANSEN. med perler for. Bokmål. Håp Oppstandelse. Stillhet. Gud. Stillhet. Jeg Dåp Omvendelse. Stillhet. Stillhet. Natt. Ørken.

KRISTUSKRANSEN. med perler for. Bokmål. Håp Oppstandelse. Stillhet. Gud. Stillhet. Jeg Dåp Omvendelse. Stillhet. Stillhet. Natt. Ørken. Bokmål med perler for Stillhet Gud Stillhet Håp Oppstandelse Stillhet Jeg Dåp Omvendelse Natt Stillhet Ørken Hemmeligheter Godhet Offer Kjærlighet Stillhet Stillhet Glede Bekymringsløshet Nynorsk med perler

Detaljer

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme ORDNING FOR Vigsling av misjonær Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga vert bruka ved vigsling til teneste som misjonær i kyrkja vår. 2. Vigslinga går føre seg i ei gudsteneste

Detaljer

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står. Kvardagsmesse Kapellet, Domus Theologica L: Liturg leiar, ML: Medliturg, K: Kyrkjelyd, A: Alle Samling Inngangssalme. Alle står. Inngangsord L: I namnet til den treeinige Gud: vår Skapar, Frigjerar og

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

Menighetens oppdrag. John. 20, Han sa da atter til dem: Fred være med eder! Likesom Faderen har utsendt mig, sender også jeg eder.

Menighetens oppdrag. John. 20, Han sa da atter til dem: Fred være med eder! Likesom Faderen har utsendt mig, sender også jeg eder. Menighetens oppdrag John. 20, 19-22 Han sa da atter til dem: Fred være med eder! Likesom Faderen har utsendt mig, sender også jeg eder. Skien, 28. august 2016 Matt. 28, 18 20: Og Jesus trådte frem, talte

Detaljer

Jesus taler om sin død

Jesus taler om sin død Den rare loven i Guds Rike Teksten: Johannes 12.20 36 Jesus taler om sin død 20 Det var noen grekere blant dem som var kommet for å tilbe under høytiden.21 De gikk til Filip, som var fra Betsaida i Galilea,

Detaljer

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga Norsk Den hellige Messe Innledende riter I Faderens og Sønnens og Den Hellige Ånds navn. Vår Herres Jesu Kristi nåde, Guds kjærlighet og Den Hellige Ånds samfunn være med dere alle. Og med din ånd. Nynorsk

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt Å skrive brev Oppgåve 10 og I mål-oppgåve i kapittel 1 «Send ei helsing» Å skrive kort og brev Skrive stad, tid, opningshelsing og underskrift Skrive ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning Eg greier

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Ordning for dåp i hovudgudstenesta Revidert Ordning for dåp i hovudgudstenesta (nn) - KM 05/17. Ordning for dåp i hovudgudstenesta 1 Mottaking til dåp L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. L Med takk og glede kjem vi i dag

Detaljer

1. Kva fortel vers 3 og 4 om intensjonen, meininga,bak det som er skapt (inkludert deg)?

1. Kva fortel vers 3 og 4 om intensjonen, meininga,bak det som er skapt (inkludert deg)? meining Joh 1,1-5 og 14-17 Spørsmål til teksten: 1. Kva fortel vers 3 og 4 om intensjonen, meininga,bak det som er skapt (inkludert deg)? 2. Korleis kan vers 14 fortelje oss om ein Gud som kjem oss i møte

Detaljer

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog Visthus 14.09.2019 Skjermbilder: imf.no/blog Når ein unngår kvarandre Når ein irriterer seg på kvarandre Det vert stille Ein byggjer alliansar Ein utøver «terror» Ignorere Angripe person i staden for sak

Detaljer

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd. Møtestad Oslo Oslo Oslo

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd. Møtestad Oslo Oslo Oslo DEN NORSKE KYRKJA KR 35/10 Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd, 27.-29. mai 2010 Sakshandsamar: Åge Haavik Referansar: Råd, nemnder m.v. Nemnd f. gudstjenesteliv Kyrkjerådet Bispemøtet Møtestad

Detaljer

Sofies hemmelegheit.

Sofies hemmelegheit. Sofies hemmelegheit. Emma og Sofie går i 1. klasse på Soltun skule. Dei er bestevennar og er alltid saman. 2 Ein dag blir Emma med Sofie heim etter skulen. Det er ikkje så langt, berre forbi det store

Detaljer

Vigsling av tilsynsmann

Vigsling av tilsynsmann ORDNING FOR Vigsling av tilsynsmann Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Når ein synode eller eit presbyterium vel nye tilsynsmenn, vigslast desse til teneste for kyrkjelydane og fellesvirket

Detaljer

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar Godøya 23.02.2014 Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror Brotne relasjonar Vi kan gjere det verre Ignorere Angripe person i staden for sak Manipulere Involvere feil menneske Snakke

Detaljer

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas 1,6 Kristi himmelferd: Jesus reiste frå jorda og opp til himmelen. Han skal koma att på same måten som han reiste. 2,1 Anden kjem pinsedagen: Læresveinane vart fylte

Detaljer

Bibelmeditasjonar om bøn

Bibelmeditasjonar om bøn Bibelmeditasjonar om bøn Om å vera uthaldande i bøn og ikkje gje opp BIBELTEKSTAR OM BØN TIL BRUK I Personleg bibelstudium Bibelstudium i grupper Side 2 Side 11 Notatar Side 10 Notatar Innhald Side 3 Forord

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste ORDNING FOR Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Til tenesta med Ord og sakrament (hyrdingtenesta) kallar og ordinerer

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September 2011 www.hkrf.net

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September 2011 www.hkrf.net Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September 2011 www.hkrf.net Kommentarar til innhald Presentasjonen er skrive på nynorsk, men bibelsitata er

Detaljer

Vigsling til andre tenester

Vigsling til andre tenester ORDNING FOR Vigsling til andre tenester Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga kan brukast ved vigsling til tenester i kyrkjelyd og kyrkje, ulike typar stillingar eller frivillig

Detaljer

bli i stand til å fatte bredden og lengden, høyden og dybden, Preken i Stavanger domkirke onsdag 3.oktober 2018

bli i stand til å fatte bredden og lengden, høyden og dybden, Preken i Stavanger domkirke onsdag 3.oktober 2018 Preken i Stavanger domkirke onsdag 3.oktober 2018 Tekstlesing Ef 3,14-21 14 Det står skrevet i Paulus brev til efeserne: Derfor bøyer jeg mine knær for Far, 15 han som har gitt navn til alt som kalles

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer