UTDRAG FRÅ LANDET UNDER ISEN. DØDEBOKA 70 TIMAR FØR VINTERSOLKVERV BYEN

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "UTDRAG FRÅ LANDET UNDER ISEN. DØDEBOKA 70 TIMAR FØR VINTERSOLKVERV BYEN"

Transkript

1 UTDRAG FRÅ LANDET UNDER ISEN. DØDEBOKA 70 TIMAR FØR VINTERSOLKVERV BYEN Tida er ein rastlaus slange. Ho snor seg av garde i buktande svingar. Og alt du kan gjere, er å henge deg på henne. Så godt du kan. Magne Jerstad sukkar og grev hendene ned i frakkelommene. Han forsøker å riste av seg den tilbakevendande ormetanken, og ruslar ut frå stamkafeen med ein smak av sjokoladekjeks i munnen. Det er ein gryande morgon midt i desember. Nokre få solstrålar trenger seg inn mellom hustaka, og fell på skrå inn i dei smale gatestubbane mot dei små murhusa med bindingsverk. Det glimrar av lys mot avgrensa felt på brusteinen, og på murveggane bak, dei som er måla i så sterke fargar: turkis, oransje, raudt, kvitt. Jerstad trekker pusten, og vandrar vidare ned smuga i gamlebyen. Han elskar morgonstundane, desse få timane før byen vaknar til liv, før strøka i og omkring gamlebyen forvandlar seg til eit larmande mylder av menneske som kavar til og frå. Men i tida mellom klokka ti og elleve, har han byen så å seie for seg sjølv. Alle der ute er anten på jobb eller på skole. Aleinetid. Jerstad humrar av seg sjølv. Han veit godt kva kollegaane hans ville ha meint om dei nitide morgonrutinane hans. Dei tykte alltid han var sær og inneslutta, allereie den gongen han var sjefsetterforskar i Kripos. Sjølv føretrekk han riktignok orda særeigen og ettertenksam. Dei fleste menneske treng tid for seg sjølv. Men ikkje alle dyrkar roa, slik som han. Like fullt har han ikkje makta å finne ro. Ikkje fullstendig. For uroa kjem stadig krypande tilbake. Redsla sit som spikra i han, han maktar ikkje å riste henne av seg. Sanninga er at han har opplevd alt for mykje grufullt, og særleg under det som skulle bli hans siste oppdrag: Smalvik-saka. Magne Jerstad lukkar auga. Og setninga kjem krypande tilbake: Tida er ein rastlaus slange. *

2 Det er ikkje det. Etter at Jerstad pensjonerte seg frå jobben som politietterforskar, har han i prinsippet all verdas tid. Tid er alt han har. Men like fullt har han vore elendig til å utnytte tida han er tildelt. Mora er på gamleheim, og sjølv om han prøver å få besøkt henne eit par gongar i veka, blir det som oftast éin. Toppen. Dottera og barnebarna vil han òg halde kontakten med, i alle fall i større grad enn før. Men også der blir det med dei gode hensiktene. Han mistenker dessutan dottera og svigersonen for å halde han litt på avstand med vilje. Dei stoler ikkje på at han fiksar å passe sonesonen ordentleg, enda om han har vore politi og alt muleg. Dottera er mildt sagt nøye på alt, og ho anklagar han for å ikkje å ha lag med barn. Han klarer jo knapt å passe på seg sjølv, som ho ein gong anklaga han for. Innarst inne fryktar han at ho har rett. Han er håplaust reint praktisk, klarer knapt å koke spaghetti utan å kludre ting til. Jerstad sukkar og dreier inn i eit av sine favorittstrøk i gamlebyen, Fiolgata, ein liten, trong gatestubb, der antikvariata ligg på rad og rekke. Berre den tanken, det at det finst samlingar med eldgamle, sjeldne bøker her, fascinerer han. Tekstar og skrifter frå mange århundrer, sider på sider med nedteikningar der menneska for lenge, lenge sidan delte sine innarste tankar, refleksjonar som vi sjølv i dag kan lese og lære av. Favoritten hans blant antikvariata er Damgården. Det er ikkje det største av antikvariata, og på langt nær det mest ryddige. Damgården antikvariat er eit bittelite kjellarlokale fylt til randa av reoler, bøker i eit salig kaos av bunkar og stablar. Men det er her han, ofte heilt overrumplande, har funne dei aller største leseskattane. Damgården antikvariat har mellom anna ei stor avdeling med religiøse skrifter. Desse er trykt saman i eit hjørne, og tilsynelatande tilfeldig stuva bort. Eigaren av antikvariatet er elles eit kapittel for seg sjølv: Aurora Damgården framstår på mange måtar som ei grå mus. Ho er lita, og går ofte i slitte strikkejakker med skinnlapper på olbogene. Jerstad har aldri sett ho nokon annan stad enn bak skranken ved utgangsdøra, med auga mysande over brillekanten ned i ei eller anna bok. Dei første gongane Jerstad kjøpte bøker av henne, verka ho fjern og uinteressert. Han var berre ein kunde, ein av få, riktignok, men ho beit seg ikkje merke i han. Det var i alle fall det Jerstad trudde.

3 Kor feil han tok. Den tredje gongen han sto der framfor skranken med ei bok om pyramidene, vippa ho auga opp mot han. Så det er deg, sa ho. Jerstad skvatt. Han hadde innbilt seg at stemma hennar var tynn og forsiktig. Men i røynda var ho djup, sterk og malmfull, nesten som forteljarstemma i eit eventyr. Han må opplagt ha sett forvirra ut, for ho begynte å le. Skremde eg deg? Nei da, sa han den gongen. Det var ei løgn. Du vil komme igjen, sa ho så. Da han gjekk ut derifrå, var han fast bestemt på aldri å komme tilbake. Det var noko med blikket til Aurora Damgården. Det fraus seg fast i sjela hans. Men etter kvart har dei to utvikla ein slags stilltiande vennskap. Jerstad ser fram til samtalane med henne, sjølv om han framleis blir sett ut av det skarpe blikket hennar. Aurora Damgården er eit uhyre intelligent menneske. Ho utstråler noko sindig, klippefast. Han kjenner seg alltid litt underlegen i møta med henne. Ho veit liksom alltid meir enn han fleire detaljar, kunnskapen bora litt djupare, same kva for emne det gjeld. Og samtidig er det som om ho ser rett gjennom han, at ho les dei eigentlege hensiktene hans ja, som ei opa bok. * Det kling i dørbjella idet Jerstad stig inn. Aurora Damgården sit som vanleg fordjupa over ei bok ved skranken. Sakte løftar ho auga over brillekanten og møter blikket til Jerstad. Så, det er den karen? Kan ikkje nekte for det, smiler Jerstad. Ute etter noko spesielt i dag? Nå, sjølve jakta er jo noko av spenninga. Aurora Damgården smiler. God skattejakt! seier ho berre og vippar blikket ned i boka igjen. Jerstad går roleg innover i lokalet. Han har i grunnen ikkje noka plan, svinger berre inn mot reolen for skjønnlitteratur, skummar bokryggane på hyllene for nyheiter.

4 Ingenting. Han går vidare innover, forbi hyllene med dokumentarar, biografiar og leksikon, og ender opp ved seksjonen for verk. Kanskje han skulle investere i eit større verk for ein gongs skuld? Ein Samlede verker av ein av våre store diktarar? Men han veit eigentleg kvar føtene er på veg, og dei lever sitt eige liv no, flyttar seg raskt mot hjørnet, der bøkene om religion ligg og ventar med all sin mystikk. Vel framme bøyer han seg ned mot bokstablane. Han lar auga gli over bokryggane, kjenner kvar og ei bok ut og inn etter kvart. Jerstad må innrømme det: Han liker å setje seg inn i andre menneskes tru og førestillingar om verda. Ikkje minst kva dei meiner om tilvera etter døden. For dette er ei sentral førestilling ved alle religionar: Alle trusretningar tilbyr løysingar på dette, det mest meiningslause perspektivet ved liva våre: kva som skjer etterpå, når vårt jordlige liv er over. For finst det eit liv etter døden? Og korleis fortonar i så fall denne etter døden-tilvera seg? Ifølgje dei tre store religionane, jødedom, kristendom og islam, havnar du jo i paradis eller helvete, alt etter korleis du har oppført deg her i livet. Så irriterande banalt. Sjølvsagt er det meir samansett enn som så, tenker Jerstad. Det finst også meir vidløftige livssyn, naturlegvis, som forfektar at du blir gjenfødd til noko anna, til eit dyr eller eit menneske på eit lågare eller høgare nivå, etter at du dør. Det mest nådelause alternativet finn ein i det livssynet som ligg nærmast Jerstads eige, nemleg i human-etikken. Her er svaret kort og brutalt: Etter døden finst ingenting. Alt begynner og sluttar med den fattige tilvera og tida du er tildelt her på jorda. Mens religionane tilbyr oss håp om eit liv etterpå. Det er nettopp derfor så mange søker inn i dit, grunnar Jerstad. Alternativet er for grufullt, at det som ventar der framme når livet ebbar ut, rett og slett er: Ei stor og vedvarande tomheit. Men erfaringane frå Smalvik-saka har rokka ved Jerstads livssyn i alle fall. Han er ikkje ein like bombastisk humanetikar og ateist som før. Han måtte faktisk revurdere fleire aspekt ved tilvera i etterkant av saka. Plutseleg hører han eit klask bak seg. Han snur seg. Ei bok ligg på golvet, like bak han. Kva i? Har han skumpa borti hylla mens han sto her fordjupa i tankar? Men han kan da ikkje forstå det, heller?

5 Forsiktig plukkar han opp boka, og tar henne i augesyn. Ho er lita, innbunde i skinn, og opplagt svært gammal. Auga hans søker etter tittel og forfattar. Men på bokas framside står det ingenting, ikkje på bokryggen, heller. Han kan ikkje hugse å ha sett henne her i bokhaugane i det heile. Jerstad blar forsiktig opp på første side. Merkeleg. Det står ingenting. Men plutseleg skjer det noko. Ei skrift skriblar seg fram for han, som om ein sjølvlysande fyllepenn flyttar seg bortover arket. Bokstavane trer sakte fram. Hjelparens bok Så forsvinn bokstavane igjen. Det prikkar nedover ryggen til Jerstad. Han har jo hørt om dei gjømte og glømte protokollane. Skrifter som krafsar seg fram for auga til dei innhaldet er mynta på. Det var jo desse Leo Rubin måtte finne på reisa i riket under isbreen. Sju protokollar som skulle vise veg i kampen mot vondskapen. Leo har fortalt at dette ikkje er vanlege bøker, men skrifter som skriv seg sjølve. Men Leo Rubin hadde da funne dei sju? Kva er da dette? Denne boka kan vel ikkje vere ei av dei sju protokollane? Hjelparens bok? Han rekk ikkje å tenke meir over det. Nye bokstavar buktar seg fram på arket. Jerstad skjerpar sansane, og følgjer orda som formar seg framfor auga hans: Dette er skriftstykket som blir framført for hjelparen. Orda må stige fram for hjelparens auge og hans aleine. Hjelparen må òg vere yttarst varsam med å røpe innhaldet i boka. Ikkje alle venner er venner. Ikkje alle fiender er fiender. Hør! Dei mørke kreftene er på veg tilbake. Dei har lege i skjul i årtider. Men no er ting sett i rørsle. Herren frå urtida vil finne smutthòlet tilbake til livet. Han har lurt oss alle. Han er ikkje død. Han har berre stedt seg sjølv til kvile, i det innarste av kammer. Her har han lege og henta krefter, styrka seg på vår uvisse, for at han slik skal kunne tre tilbake til livet, enda mektigare enn før. Nuns barn vil pensle Herren fram. Saman med Den svarte engelen.

6 Slik går mysteriet frå urtidene: Den svarte engelen er Herrens hjelpar, men også Den utvaldes hjelpar. Engelen skal saman med Den utvalde vekke Herren til live, trekke føraren tilbake frå døden og inn blant dei levande. Menneska burde ha lært av historia, men dei har ikkje gjort det. Dei har undervurdert mørket. Igjen og igjen. Å stivne i freden er livsfarleg. I freden må ein ikkje slå seg til ro, men tvert imot stadig finne tilbake til uroa. I roa blir vi sløve, i uroa er sansane skjerpa. Berre i uroa kan vi førebu oss på alt. Også det verste. Hugs: Mørket styrkar seg på vår glømsel og vårt sløvsinn. Glømmer vi at det vonde finst, vil mørket straks vekse fram frå alle sprekker, som små, svarte blomster. Snart vil dei bugne over alt. Hør! Nuns barn samlar kappekattane. Og dei vil slå til når vi minst ventar det. Det einaste sikre, er at dei VIL angripe. Ein eller annan gong. Dei vil peile seg inn mot vår akilleshæl. Dei vil plante ei svart pil i hjartet til Den utvalde. Angrepet vil komme ut av det blå og gjennom det blå. Den utvalde sit igjen på nøkkelen. Han vil atter vere våpenet i kampen mot vondskapen. Den utvalde og Hjelparen må saman finne fire gjømte og glømte protokollar frå urtidene: Hymnen til solguden, Anis lære, Sarkofagtekstene og til slutt det viktigaste skriftet av dei alle: Dødeboka. Dei tre første gir anvisningar til den døde, rettleiingar til den som har trødd inn i dødens rike: råd, førebuingar, læresetningar. Den siste og viktigaste boka gir svar på det største spørsmålet av dei alle: kva som skjer etter at vi er døde. Korleis vi skal opptre når vi er i døden sjølv. Kva som må til for å kunne vandre uskadd gjennom dødens rike og ende opp som lysvesen. Innsiktene i Dødeboka skal lyse opp Det vonde sjølv, men også ryste Det vonde inn i grunnvollane. Hjelparens oppgåve er å stå Den utvalde last og brast i kampen, men det vil ikkje skje på den måten han forventar.

7 Når Hjelparen får høre om varselet skrive i blod, må han oppsøke Den utvalde. Berre med hjelparens bistand kan den evige flaumen bli avverga. Berre med Hjelparens vilje kan Nuns barn sprekke, og bli til luft. Skrifta tonar ut, og sløkkest til slutt heilt. Jerstad merkar først no at han skjelv. Heile kroppen ristar. Han har site og konsentrert seg intenst, og no er han plutseleg utmatta, som om alle kreftene er soge ut av han. Så det var verkeleg deg? Stemma rykker han ut av transen. Aurora Damgården står rett ovafor han og mønstrar han interessert. Det slår Jerstad at det er første gongen han har sett henne utafor skranken. Men no står ho her, i seksjonen for religiøse bøker, med armane i kors, og studerer han med eit gjennomtrengande blikk. Eg mistenkte det heile tida, held ho fram. Kva snakkar du om? spør han. Ikkje gjer deg til, seier Aurora Damgården. Eg fekk høre om denne boka for lenge, lenge sidan. Det gjekk eit rykte i antikvarmiljøet om at ho var sjeldan, at ho var skrive i urtidene, men at både opphavsmann- og stad var ukjent. Eg fekk kjøpt henne i ein vanvitig bodrunde. Men eg var viss på at det var ei god investering. Kvifor? Boka er eit av dei eldste skriftstykka vi kjenner. Kor gammal er ho? Antikvaren sender han eit skjelmsk blikk. Vi snakkar om tida da urfolket levde, lenge før vår moderne sivilisasjon. Men det var noko anna som fekk meg verkeleg nysgjerrig. Boka har nemleg ikkje nokon forfattar eller tittel ja, du veit kanskje kva det tyder på? Nei? lyg Jerstad. Aurora Damgården trekker på smilebandet. Det kan vere ei av dei gjømte og glømte protokollane, dei som blei forfatta av skriftlærde som kjente kunsten å plante skjult skrift. Trolldom? Aurora Damgården smiler. I grenselandet mot svartekunst, kanskje. I alle fall: Berre desse få skriftlærde kunne påverke skriftene slik at dei blei vekt til live når dei riktige blikka fell på boka. Og no har

8 boka ført skrifta fram for deg, Magne Jerstad, det er lett å sjå. Det ser ut som om du har ramla ned frå himmelen. Men Damgården legg ein finger over leppene. Ikkje sei meir. Eg veit om dei gjømte og glømte: Dei er til berre for dei utvalde auga, dei skal ikkje røpast til andre. Om du ikkje nettopp er bedt om å dele kunnskapen i skrifta, ber eg deg la vere. Jerstad stirer brydd mot henne. Eg skulle gjerne delt bodskapen eg fekk, seier han til slutt. Men eg forstår han ikkje. Sanninga vil nok gå opp for deg, før eller seinare, seier Aurora Damgården. Men eg er glad for å ha formidla denne opplagt viktige bodskapen. Det gjer det ekstra meiningsfylt å vere eit bokmenneske. Du får trø dine eigne stiar heretter, da, Magne Jerstad. Og følgje orda og råda du er gitt i gåve. Jerstad reiser seg. Så eg kan behalde boka? Om det er det du har fått beskjed om, har du ikkje noko val, seier Aurora Damgården. Vi må følgje dei vegane som er staka ut for oss alle saman. Magne Jerstad grip boka, ho som nyleg har skrive seg fram for han, og legg henne i frakkelomma. Han slår følgje med Aurora Damgården gjennom antikvariatet, og ho held opp utgangsdøra for han. Han nikkar kort til henne. Ho smiler berre lurt tilbake. Så vandrar han ut i verda. Idet døra lukkast, hører han det vesle klirret frå bjølla. Det første som lyser mot han ute i gatebiletet, er overskrifta på avisa i stativet like ved: EKSTRA! Nytt mysterium rammar Smalvik. Lammeblod smurd på alle dører Varselet skrive i blod, tenker Jerstad. Her er det. No er helvete laus igjen.

Det Norske Samlaget Kart: Mikkel Grüner. Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN

Det Norske Samlaget Kart: Mikkel Grüner. Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Kart: Mikkel Grüner Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8428-0 Om denne boka Leo Rubin, Den utvalde, får ei grufull utfordring:

Detaljer

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Nokon kjem til å komme (utdrag) Jon Fosse (f. 1959) Nokon kjem til å komme (utdrag) I Nokon kjem til å komme av Jon Fosse møter vi et par som nettopp har kjøpt seg et hus på en bortgjemt plass. De flytter dit for å få tid alene sammen,

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Eselbarnet Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Det var ei lita jente som først såg den mystiske skikkelsen i det fjerne. 2 Etter kvart som skikkelsen

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen, Hald fokus! Lukas 24:44-49 «44 Så sa han til dei: Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det måtte oppfyllast alt det som er skrive om meg i Moselova og profetane og salmane.

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur UNIVERSITETET I OSLO DET HUMANISTISKE FAKULTET ------------- Eksamen i NOR1302 - Nordisk barne- og ungdomslitteratur Høst/haust 2016 Tid: Onsdag 7. desember kl. 09:00 (4 timer). Sted: Seminarrom 3, 4 og

Detaljer

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei Mosby 17.01.2017 2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som kan gjera deg

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

2016 Det Norske Samlaget

2016 Det Norske Samlaget 2016 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Trine + Kim designstudio Skrift: Questa Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S Isbn: 978-82-521-9388-6 Forfatta ren har mottatt støtte frå Det faglitterære

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Helgatun / Danielsen

Helgatun / Danielsen Helgatun / Danielsen 03.02.2017 frelst av Sola ved Solus i Sola ifølge Soli til GRATIA Nåden åleine FIDE Trua åleine CHRISTUS Kristus åleine SCRIPTURA Skrifta åleine DEO GLORIA Guds ære åleine frelst av

Detaljer

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN Leseoppdrag Mens du les skal du skrive ned eller gule ut formuleringar om progresjon som du synest er annleis/overraskande i forhold korleis du tidlegare har oppfatta

Detaljer

Ulsteinvik Bibelen

Ulsteinvik Bibelen Ulsteinvik 02.09.2016 Bibelen 2Tim 3:14-17 14 Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som

Detaljer

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret Bok på 1-2-3 Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund Tverrfagleg opplegg for 1. 4. trinn i faga norsk, matematikk og naturfag. Tid: 90 minutt Utstyr og førebuing Kople opp pc med tilgang til

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

KVA BETYDNING HAR BALANSEN FOR TALEOPPFATNING HOS DEN ELDRE? Inger Anita Herheim Spesialist i psykomotorisk fysioterapi Landskonferanse NSF FGD 19.

KVA BETYDNING HAR BALANSEN FOR TALEOPPFATNING HOS DEN ELDRE? Inger Anita Herheim Spesialist i psykomotorisk fysioterapi Landskonferanse NSF FGD 19. KVA BETYDNING HAR BALANSEN FOR TALEOPPFATNING HOS DEN ELDRE? Inger Anita Herheim Spesialist i psykomotorisk fysioterapi Landskonferanse NSF FGD 19. april 2018.I Å høyre og å høyre til Å høyre og å høyre

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

Sofies hemmelegheit.

Sofies hemmelegheit. Sofies hemmelegheit. Emma og Sofie går i 1. klasse på Soltun skule. Dei er bestevennar og er alltid saman. 2 Ein dag blir Emma med Sofie heim etter skulen. Det er ikkje så langt, berre forbi det store

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Birger og bestefar på bytur til Stavanger Birger og bestefar på bytur til Stavanger Denne dagen var heilt spesiell, for i dag skulle Birger få lov å bli med bestefar frå Hjelmeland der dei bur, til Stavanger, for å selja plommer på torget. Kvelden

Detaljer

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag Saman Foto: Håvard Bjelland/Kirkens Nødhjelp Høggravide Siti Abbas og resten av storfamilien måtte flykte til Sinjar-fjellet. Der vart dei innhenta av IS

Detaljer

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog Visthus 14.09.2019 Skjermbilder: imf.no/blog Når ein unngår kvarandre Når ein irriterer seg på kvarandre Det vert stille Ein byggjer alliansar Ein utøver «terror» Ignorere Angripe person i staden for sak

Detaljer

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme Den største kjempa Ut over fjorden, ut mot havet der vest stima ei skute langs ein vestlandsfjord rak i ryggen, med eit fast grep om roret sette ei kjempe sjøbein der om bord Der stormar kasta saltråka

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN Det Norske Samlaget 2016 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN 978-82-521-9310-7 Om denne boka Kjærasten til Reiner døyr og han sørgjer slik over henne at

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK for born 1 NYNORSK Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. DENNE BOKA TILHØYRER Her

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK Minnebok for born 1 NYNORSK Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. Når vi

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet. Preike Matt 18, 12-18 Molde Domkirke 5.s i treenigheitstida, 23.06.2013 DEN GODE HYRDEN Eg vil starte med å vise eit bilete i dag. Det er eit bilete som i ein eller annan variant heng i mange heimar og

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

Arnfinn Kolerud Snillionen

Arnfinn Kolerud Snillionen Arnfinn Kolerud Snillionen Ein heilt vanleg kveld vinn Frank og Mor i Lotto. Dei sit i kvar sin ende av sofaen. På tv er det ei fin dame i fin kjole som smiler heile tida, sikkert fordi ho veit at ho er

Detaljer

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar Godøya 23.02.2014 Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror Brotne relasjonar Vi kan gjere det verre Ignorere Angripe person i staden for sak Manipulere Involvere feil menneske Snakke

Detaljer

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk SSB, Partifinansiering rapport for 2017, 10.04.2018, s. 1 Partifinansiering 2017, RA-0604. Rettleiing: Web-skjema Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk Innhald

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag. Fra: [Guro.Hoyvik@sfj.no] Til: Rivedal Yndestad (kryndestad@gmail.com) [kryndestad@gmail.com] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Jesus taler om sin død

Jesus taler om sin død Den rare loven i Guds Rike Teksten: Johannes 12.20 36 Jesus taler om sin død 20 Det var noen grekere blant dem som var kommet for å tilbe under høytiden.21 De gikk til Filip, som var fra Betsaida i Galilea,

Detaljer

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk SSB, Partifinansiering rapport for 2016, 27.03.2017, s. 1 Partifinansiering 2016, RA-0604. Rettleiing: Web-skjema Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk Innhald

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine Lindås 17.02.2017 frelst av Sola ved Solus i Sola ifølge Soli til GRATIA Nåden åleine FIDE Trua åleine CHRISTUS Kristus åleine SCRIPTURA Skrifta åleine DEO GLORIA Guds ære åleine frelst av GRATIA Nåden

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Hva gjør du? Er det mine penger? Nei, du har tjent dem. Behold dem.

Hva gjør du? Er det mine penger? Nei, du har tjent dem. Behold dem. Int, kjøkken, morgen Vi ser et bilde av et kjøkken. Det står en kaffekopp på bordet. Ved siden av den er en tallerken med en brødskive med brunost. Vi hører en svak tikkelyd som fyller stillheten i rommet.

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS. MÅNADSBREV FOR MARS. Frøet Eg ligger bare her og gror og drikker vatn og spiser jord. Her er så varmt og mørkt og vått. Her er så fredelig og godt. I natt kom regnet lett på tå og banka ganske sakte på.

Detaljer

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Lesarhistoria -ny veg til lesaren Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Kven er vi? Lesarhistoria Kverndokken den enkelte si historie som lesar ligg til grunn for vidare lesing. -interesser,

Detaljer

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland 26.10.16 først er det berre himmelen fjella, lyset først er det berre blått i blått grått i grått vått i vått først er det berre grøftegraset risleraslelauvet

Detaljer

Tunnellen til Kjelbygget

Tunnellen til Kjelbygget Den eigentlege historia om [tøft bilde med ein stengt dør der det står gang til kjelhuset og adgang forbudt ] Tunnellen til Kjelbygget Øvingar i programmering, hausten 2002 Dette kompendiet inneheld alle

Detaljer

I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot.

I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot. Preike Molde Domkirke 16. Mars 2014 KAMP Har du nokon gong kjempa for noko? Noko du trudde på, noko du var overtydd om? Eller har du kjempa inne i deg, mot krefter inne i deg sjølv? Krefter som vil bryte

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Ei høyring om Justering av hovudgudstenesta vart sendt ut 10. januar med høyringsfrist til 10. april. Høyringsforslaget ligg føre berre på bokmål,

Detaljer

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss? Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss? Tekst: Olaug Nilssen, e-post: olaugnilssen@gmail.com Artikkelen ble først trykket i Morgenbladet 24.-30. august 2015 s.24 Når D, min son med autisme

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs Om denne boka kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Magnus Osnes Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8839-4 Fire av dikta i denne boka var representert i Galleri Volt,

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg Lytting C1 Eg kan følgje eit munnleg innlegg eller ein samtale av noka lengd, sjølv når innhaldet er ustrukturert og det ikkje finst nokon tydeleg raud tråd. Eg kan forstå eit stort spekter av idiomatiske

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse aktivitetane. Revidert haust 2015 BRINGING OG HENTING Kva er

Detaljer

Å observere saman med barn

Å observere saman med barn Å observere saman med barn APRIL 2019 Omskrive versjon av originalteksten Å se sammen med barn av Anne Lea (2001) Det er verdifullt å ha evnen til å undre seg, og denne evnen kan både sløves og utvikles.

Detaljer

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger Læringsmål frå LK06: Gjennom arbeidet med heftet kjem du til å arbeide med følgjande læringsmål: Norsk: * delta i diskusjoner med begrunnede

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Kva kompetanse treng bonden i 2017? Kva kompetanse treng bonden i 2017? Spesialrettleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Bygd på kukontrolldata, rekneskap og samtalar med 186 mjølkebønder dei siste 8 åra, frå Østfold til Nordland Intervju

Detaljer

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

1982 Det Norske Samlaget  Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 1982 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 978-82-521-7686-5 Om denne boka Du som er slik ein språkekspert, sa eg. Det er noko eg har lurt på.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer